18 reportasje torsdag 26. april 2012 torsdag 26. april 2012 reportasje Mat er utruleg viktig. Om ein ikkje gjev den delen av drifta stor nok merksemd, blir det skjebnesvangert. Det går i Gudrun Hesla, vertinne gleda (mat) Oset Høyfjellshotell er igjen med i kampen om bli Årets Matgledebedrift. Det inspirerer dei tilsette. Tone Merete Tho tmt@hallingdolen.no Bugnande: Delikat og freistande. Gudrun Hesla set fram dagens dessertar på lunsjbordet. Bak henne ordnar Sanna Nystrøm med I fjor vart Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet nummer to i Tines landsomfattande tevling, Årets Matgledebedrift. No er årets konkurranse i gang, og Oset er med. – Engasjementet blant dei tilsette har blitt større etter at me begynte å tevle i mat, seier vertinne Gudrun Hesla. – Målet vårt er å skape matglede hjå både dei tilsette og gjestene, legg salssjef Kolbjørn Stuvebakken til. Målet vårt er å skape matglede hjå både dei tilsette og gjestene. Raud tråd på matbordet Når Årets Matgledebedrift skal kårast kjem ein eigen jury til hotella og spisestadene for å teste produkta. I fjor var 160 aktørar med, og på Oset er dei svært stolte av andreplassen. Juryen trekte spesielt fram engasjementet blant dei tilsette, og presentasjonen av maten. I oktober skal ein ny vinnar kårast. – Me blir roste for å ha ein raud tråd og vera tru mot konseptet, fortel Hesla. For dei betyr det at maten skal vera genuin, laga frå botnen, fokus på pre- sentasjon og at det ser delikat ut. – Me dyrkar også vertskapsrolla blant heile personalet, seier Hesla. Ho har fem årsverk på kjøkkenet, og svingar ofte sleiva sjølv. Oset deltok i Årets Matgledebedrift for fyrste gong i fjor. Det heile starta med ein prosess med å utvikle kjøkkenet. Dei prøvde seg på nye trendar, men samstundes er vertinna svært oppteken av å ta vare på dei gamle tradisjonane. Hundre år gamle oppskrifter heng på veggen på kjøkkenet. Rummegraut og Kolbjørn Stuvebakken, salssjef bestikk. (Foto: Sigmund Krøvel-Velle). karamellpudding kan aldri fjernast frå menyen. Blir inspirerte av rosen – Folk er veldig opptekne av husmannskost, har Hesla erfart. Etter å ha vore eksperimentelle ein periode, har Oset gått meir attende til røtene. – Folk reiser så mykje og et så mykje mat at nye rettar er ikkje eksotiske lenger. No er det ferskt kjøtt som har kokt i tre-fire timar som har blitt eksotisk. Folk vil ikkje at me skal bli for trendy, meiner Hesla. – Kva betyr det å gjera det bra i ein matkonkurranse? – Det er ein viktig inspirasjon, og ei hyggjeleg stadfesting på at me gjer noko rett, seier Gudrun Hesla. Ho innrømmer at ros og merksemd i samband med Årets Matgledebedrift har betydd meir enn ho hadde trudd. Må innfri forventningane Gjestene er opptekne av at hotellet Matglade: På Oset Høyfjellshotell likar dei å tevle i mat. Sebastian Axelsson (f.v.), Bent Kjetil Lærum, Sanna Nystrøm, Gudrun Hesla, Kolbjørn Stuvebakken og Pavel Malkowsky er spente på utfallet av Årets Matgledebedrift etter at dei vart nummer to i fjorårets konkurranse. innfrir forventningane deira i matvegen. Saman med dei tilsette har ho innsett at gjæve plasseringar og gode ord blir lagt merke til. No er det ikkje berre hotellets eigne gjester som et middag på Oset, men også fleire og fleire hyttegjester. Målet er at også fleire lokale skal finne vegen til matbordet på Oset. – Mat er utruleg viktig. Om ein ikkje gjev den delen av drifta stor nok merksemd, blir det skjebnesvangert, seier Gudrun Hesla. Tevlinga er allereie i gang. Det blir kåra månadsvinnarar som får ein fin premie. Oset Høyfjellshotell har gått til finalen for mars, der temaet var kaffi og kaffikos. I april er dei også påmeldt, og temaet er ost. Her deltek Oset med eit prosjekt med barn som leikar med ost. Månadsvinnarane blir kåra gjennom ei avstemming på Tines nettsider, så her er det berre å stemme i veg. 19
© Copyright 2025