Årsmelding For Ferkingstad kyrkjelyd 2013 Erlend Dalaker Rådsleiar Ole Thomas Fidjeland Dagleg leiar Ferkingstad sokneråd Erlend Dalaker Tom Edgar Drengstig Kjell Ferkingstad Gunn Karin Lyng Torunn Haga Sissel Bakke Langåker Thor André Lindstad (SR-leiar) (SR-nestleiar) (KKF-rep) (KKF-rep vara) Oddbjørg Marie Nes Sissel Stien Sigmund Dyrland Aina Ferkingstad Kjellaug Marit Magnussen (sokneprest) SR: Sokneråd KKF: Karmøy kyrkjeleg fellesråd (1. vara) (2. vara) (3. vara) (4. vara) (5. vara) Soknerådet sitt arbeid i 2013 Ferkingstad sokneråd har i 2013 hatt 7 møter og har behandla 37 saker. Blant anna: Gudstenesteplan Tildeling av offer Møteplan for rådet Kyrkjebakken bhg Påskjønningsreglement Utvidinga av Kyrkjebakken Daglig leiar -delegasjon Ny salmebok Tomt og grenser til Kyrkjebakken/Kyrkja IT Gullkonfirmantfeiring Innspel til langtidsbudsjett Årsmøte Markering av nytt misjonsprosjekt Ny kateket Utleie av kyrkje ved vigsel Utvalsarbeidet i 2013 Arbeidsutvalet Har førebudd saker for soknerådet, og gjort vedtak på vegne av rådet i mindre sakar. Medlemmer: Rådsleiar Erlend Dalaker, rådsnestleiar Tom Edgar Drengstig og dagleg leiar Ole Thomas Fidjeland Byggjekomiteen Har gjennom 2013 sørgja for utvidinga av Kyrkjebakken. Etter fleire års med planlegging og arbeid kan kyrkjelyden gleda seg over nye areal. Møtesalen i fyrste etasje er utvida med 40 og fått nytt kjøkken. I andre etasje er det lagd grupperom og garderobe til kyrkjebakken barne av dei utvida areala. Kyrkjelyden kan takka byggjekomiteen og adle som har delteke på dugnad for at arbeidet som har blitt lagt ned. Utan deira innsats kunne det ikkje blitt noko av utvidinga. Kyrkjelyden skyldar særleg takk til Erling Nordbøe som har stått i spissen for arbeidet heilt frå starten til fullføringa av prosjektet. Medlemmer: Erling Nordbøe, Berit Toskedal Kvilhaug og Erlend Dalaker. Husstyret Har drive med dugnadsarbeid og elles arbeida med saker som angår bruken av kyrkjebakken. Medlemmer: Tor Karstensen, Sigmund Dyrland og Mette Midbøe. Barnehagestyret Har arbeida med saker som angår drift og tilrettelegging av drift for kyrkjebakken barnehage. Det er stadig spenning knyt til offentlige stønader. Utviklinga gjennom 2013 vil derimot gi økte stønader for 2014. Elles har barnehagen oppgradert utearealet med nye lekeapparat. Kyrkjelyden kan derfor også i år gle seg over at me har ein kyrkjelydsbarnehage som kan gi borna våre ein god start på livet! Medlemmer: rep.), Jan Henrik Høines (leder), Reidun Eikeland Grindhaug (styrer), Erlend Dalaker (SR- Redaksjon for kyrkjelydsbladet Tårnklang Medlemmer: Geir Dale (red.leder), Audhild Ekanger Stueland, Gunnar Stueland, daglig leder Ole Thomas Fidjeland. Høsten 2013 – våren 2014 har redaksjonen også fått god hjelp av konfirmantjournalistene; Kristine Eike, Linda Kathrine Soldal, Birgitte Kristoffersen Steinkjellå og Karina Bång Vikra. Diakoniutvalget I 2013 starta kyrkjelydane opp eit felles diakoniutval for kyrkjelydane Falnes og Ferkingstad. Utvalet har i 2013 hovudsakeleg drevet planarbeid, og staka ut kursen for korleis me vil jobbe saman. Medlemmene av utvalet: Mardon Eikeland, Sissel Stien, Berit Ådland, diakoniarbeidar Janne Kristine Eng. Fredtunstyret Det har vært godt belegg og stor aktivitet med besøkende og leirer. St. Hans feiringen var en stor suksess med rekordmange besøkende på tross av været. De fleste helgene er allerede utleid til langt ut på høsten. Nytt for 2013 er at vi har inngått et samarbeid med IOGT, Møteplassen i Kopervik. Møteplassen bruker Fredtun i et jobbtreningstilbud til sine brukere. De har gjort en flott jobb både utvendig og inne. Nå er de i gang med oppussing av kjelleren i aktivitetshuset. Ellers har det også vært et samarbeid med møteplassen og Åkrehamn videregående skole. Vi fikk også en flott gjeng fra Åkrehamn videregående skole som malte kapellet. Det er kjøpt inn nye komfyrer til hovedkjøkkenet og varmepumpe til aktivitetshuset. Vi har også fått laget to nye lekehytter til erstatning for de to gamle som var forfalt. Det er elever ved Åkrehamn videregående skole som har laget hyttene, men det gjenstår arbeid med å tekke tak, kle dem og å sette inn vinduer. Ellers har det også i 2013 vært en flott dugnadsinnsats av den faste gjengen, men vi ønsker alle som har lyst til å være med å bidra hjertelig velkommen. Vi har også i 2013 mottatt flotte gaver til Fredtun. Vi takker alle som har bidratt! Minner om hovedformålet med stedet, som det står i vedtektene: “Formålet med stedet er å gi ett tilbud til menigheter, Ferkingstad og Falnes sogn og andre kristne organisasjoner. Målsetning er å tilrettelegge for aktiviteter som fremmer kristenlivet og vinner unge og gamle for Kristus.” Medlemmer av styret 2013: Jan Stueland (styreleder), Randi Elin Nornes Sæle (sekretær), Bjørn Erik Mosvoll, Sølvi H. Røyland (Falnes MR-rep.), Tom Edgar Drengstig (Ferkingstad SR-rep.), Tor Inge Haugen, Per Odd Braut, Kai Trygve Endresen, Jacob Lie Simonsen. I tillegg til disse er Karin Janette Haugen med og tar seg av bookingen. I tillegg til å være I styret er også Bjørn Erik Mosvoll kontaktperson ovenfor brukerene, han tar seg av fakturering og er ellers altmuligmann. Jan Stueland Styreleder, Fredtun leirsted Kyrkjelydens tilsette i 2013 Sokneprest (50%): Vaktmestar Kyrkjebakken (10%): Thor André Lindstad Mette Midbøe Personale som deles med kyrkjelyden i Falnes: Adm.l./Dagleg leiar/kyrkjel.arb. (70%): Ole Thomas Fidjeland Kateket (100%): Solveig Eike Bringaker Permisjon i 60% januar – juni Sluttet 30.06.13. Elin Grindhaug Vikar for kateket i 60% januar – juni. Fast ansatt i 100% juni – desember. Diakoniarbeidar (100%): Janne Kristine Eng Permisjon i 60%, januar – august. Permisjon i 20%, august – desember. Elin Grindhaug Vikar for diakoniarbeider i 40% januar – juni. Kantor (80%): Lars Inge Tjøstheim (60%) Håvard Skaadel (20%) Kyrkjetenar/Kyrkjelydsarb. (100%): Jane Sandve Kyrkjetenar (10%): Tor Helge Tjøstheim Permisjon i 10% Personale som deles med mange kyrkjelydar: Kyrkjegardsarbeidar (100%): Edvar Kalstø Kontaktinformasjon Kyrkjelydskontoret har ikkje faste opningstider. Men det er vanlegvis folk å treffe tysdag – torsdag mellom kl: 09.00 – 15.00. Men for å være sikker på at en møter rett person er det mogleg å avtala tid ved å ta kontakt: Daglig leder* Ole Thomas Fidjeland ole.thomas.fidjeland@karmoykirken.no 97124103 Sokneprest Thor André Lindstad thor.andre.lindstad@karmoykirken.no 48154228 Kateket Elin Grindhaug elin.grindhaug@karmoykirken.no 41506781 Diakoniarbeider Janne Kristine Eng janne.kristine.eng@karmoykirken.no 48255674 Kirketjener /Men.arb. Jane Sandve jane.sandve@karmoykirken.no 90580413 Kantor Lars Inge Tjøstheim lars.inge.tjostheim@karmoykirken.no 95440869 Kyrkjebakken (booking) Mette Midbøe Fredtun leirsted (booking) 41336182 fredtun@karmoykirken.no Arbeidsleder kirkegård Edvar Kalstø 40213378 91306722 Uavhengig om kontoret er bemanna, kan ein alltid nå servicetorget på telefon 52 81 00 01 eller post@karmoykirken.no. Her kan en også legge igjen beskjedar til kyrkjelydens tilsette. Årsmelding frå dagleg leiar i Ferkingstad kyrkjelyd Administrasjonsleiar / Daglig leder har i 2013 hatt fyljande roller i Ferkingstad kyrkjelyd: Soknerådsekretær (saksførebuar for soknerådet) Dagleg leiar i staben på vegne av soknerådet Administrasjonsleiar på vegne av kyrkjeverja i Karmøy Kyrkjelydsarbeidar Her er det mange hattar å skilje mellom. For enkelheits skyld nyttast bare tittelen dagleg leiar heretter. Administrasjon og økonomiforvaltning Dagleg leiar har vært sekretær og saksførebuar for soknerådet og har dermed møteplikt på samelige rådsmøter. Dagleg leiar har hatt ansvar for oppfylging av saker som er behandla i soknerådet. Daglig leder har hatt det lokale ansvaret for oppfølging av fordelt budsjett frå Karmøy kyrkjeleg fellesråd og var kasserer for soknerådet. Det vises til fylgjande utdrag frå årsrekneskapen for kyrkjelyden 2013: SR-Kassen (generelt), utgifter: MR-Kassen (generelt), inntekter: kr 181 079 kr 202 119 = R-overskudd: kr 21 040 Kyrkjebakken, utgifter: Kyrkjebakken, inntekter: kr 679 512 kr 742 664 = R-overskudd: kr 63 153 Misjonsprosjektet, utgifter: Misjonsprosjektet, inntekter: kr 27 839 kr 27 839 = kr 0 (realisert kapital, realisert gjeld) Dette gir et samla regnskapsmessig overskot på kr 84 193. Elles kan ein visa til fylgjande finansiering av utvidinga av Kyrkjebakken: Kyrkjebakken investering, utgifter: Utbygg: Mva-komp: kr 1 815 264, her under: kr 1 644 310 kr 170 954 Kyrkjebakken investering, inntekter: kr 1 815 264, her under: Bruk av lån: kr 750 000 Bruk av disp.fond: kr 642 310 Overført frå driftsreg.: kr 422 954 Sjølv om regnskapet viser eit driftsoverskot i 2013, betyr ikkje dette at det er meir pengar i ”kassen” enn året før. Dette kjem av at det meste av det kyrkjelyden hadde av likvide midlar nå er plassert i nyinvesteringa av kyrkjebakken. Ved årsskiftet hadde kyrkjelyden derfor også gjeld på kr 739 480. Ved årsskiftet var derimot bankbehaldninga på 178 766 i SR-kassen og 150 546 på Kyrkjebakkenkontoen. Stab Daglig leder har hatt det daglige administrative ansvaret i kyrkjelyden og staben. De som er tilsett av Karmøy kyrkjelege fellesråd har også daglig leder som sin nærmaste overordna. Daglig leder står derimot ikkje i noko linjeforhold til prestane, som har prosten som nærmaste overordna. Sjølv om tenestevegen er som skissert over, er soknerådet det øvste strategiske organ for kyrkjelyden og alle tilsette, uavhengig av tenesteveg. Daglig leder handlar på vegne av soknerådet mellom rådsmøta. Sett i forhold til 2012, har 2013 vært et veldig stabilt år. Sjølv om Solveig Eike Bringaker valte å slutte sommaren 2013, har det ikkje vært noen utskifting i staben. Kateketstillingen ble bemanna av Elin Grindhaug som allereie har vært regnet som ”fast inventar” i en stund. Vi ønskjer derfor Solveig til lykke med arbeid og virke framover, samtidig som vi er trygge på å ha fått en verdig og fast etterfølgjar. Kyrkjelyden har også i 2013 kunna glede seg over den heimkomne kantoren Lars Inge Tjøstheim. Sjølv om kantorstillingen er blitt liten over de siste par årene, har Lars Inge vist at han kan utrette mye med de 60% som deles mellom Falnes og Ferkingstad. Utfordringa for staben i 2013 har derfor ikkje dreidd seg om hyppige stabsrelaterte hendingar. Vi har fått ro til å bli kjent; både personlig og profesjonelt. Stabens avgrensing er derimot at etter stadige kutt i personale over de siste årene opplever vi at vi er nå er en stab med små ressursar. For å forklare dette har underteiknande lagd ein illustrasjon som ein kan sjå over. Her ser du staben etter at vi har delt dei mellom kyrkjelydane Falnes og Ferkingstad. Her er det også forsøkt å synliggjøre kva for små deler dei større stillingane er satt samen av. Når en ser stillingane fordelt slik er det enklare å forstå korleis arbeidsdagen er for den enkelte tilsette som skal serve fleire kyrkjelydar og ivareta fleire oppgåver/ansvarsområde samtidig. Da er det mulig å sjå korleis staben vår eigentleg er eit puslespel av mange småstillingar. Dette er derimot en utfordring som neppe blir betre med tida. Tvert imot ser det ut til at Karmøy kyrkjeleg fellesråd heller vil få mindre pengar å rutte med i tida framover. Dersom kyrkjelyden ynskjar seg robuste stillingsressursar framover, kan en derfor være naud til å tenke annleis. Kanskje kyrkjelydsstillingar finansiert av givarteneste…? Det er kanskje en ambisiøs og radikal tanke, kanskje. Ole Thomas Fidjeland Daglig leder Årsmelding frå soknepresten i Ferkingstad kyrkjelyd ÅRSSTATISTIKKEN 2010 2011 2012 2013 Dåp 17 16 12 13 Vigsler 2 6 6 6 Konfirmantar 22 24 18 12 Gravferder 18 14 14 10 Innmelde i Den norske kyrkja 0 5 0 4 Utmeldte av Den norske kyrkja 1 2 0 0 Gudstenester 46 42 37 28 3177 3335 3054 2597 Gj.snittleg deltaking ved gudstenester 69 79 83 93 Talet på nattverdgjestar 487 662 565 648 Gj.snittstal på nattverdgjestar for kvar nattverdfeiring 32 47 47 43 Takkoffer i kyrkja i alt 93939 94036 81591 79074 Av det til kyrkjelydsarbeidet 22264 27217 29993 27307 23,7 28,9 36,8 34,5 19689 21763 24797 21507 Deltaking ved gudstenester Prosentdel til kyrkjelydsarbeidet Kirkens Nødhjelps dør-til-dør-aksjon I 2013 tok 93 personar del ved kvar av dei 28 gudstenestene som vart haldne i Ferkingstad kyrkjelyd. Tala for gudstenester og for deltakinga ved desse ser i skjemaet ut til å falle drastisk frå året før. Forklaringa er mellom anna at vi på Ferkingstad frå og med i 2013 ikkje lenger noterer jule- og påskevandringar som gudstenester, men i årsstatistikken som blir sendt inn til Statistisk sentralbyrå nyttar rubrikkane: ”Besøk i kyrkja utanom gudsteneste”. Derfor er rubrikkane for åra 2012 og 2013 ikkje samanliknbare når det gjeld gudstenester og -deltaking på desse. Alt tatt omsyn til er det nok likevel ein nedgang å spore totalt når det gjeld gudstenestedeltakarar. Det totale talet på nattverdgjestar er bra høgt, med 648. Når desse vert delte på nokre fleire nattverdgudstenester som blei haldne (15) i 2013 enn året før (12), går gjennomsnittstalet på nattverdgjestar for kvar nattverdfeiring likevel ned, frå 47 i 2011 og i 2012 til 43 i 2013. Talet på vigsler heldt seg heilt stabilt på 6 par både i 2011, 2012 og 2013, medan det var 4 personar som melde seg inn i kyrkja i fjor og ingen som melde seg ut. Elles ser vi tal for dåp og konfirmasjon som går noko opp og ned år om anna. Dei er ikkje heilt lette å meine så mykje om, all den tid dei jo alltid vil stå i nær rapport med storleiken på årskulla. Til dømes har vi i inneverande år (2014) igjen 18 konfirmantar, som venteleg er over 100% av potensialet av det medlemsregistrerte årskullet. Trass tal som kan forandre seg: Gløym aldri å takke og be Gud for kvar einskild som høyrer til og deltek i eigen kyrkjelyd. Må Han halde oss oppe i ei sann tru til det evige livet! Thor André Lindstad sokneprest Årsmelding frå kateketen undervisningsarbeidet i Ferkingstad kyrkjelyd Trusopplæring Kyrkjelyden har i oppgåve å utvikla ei systematisk og samanhengande trusopplæring for alle døypte mellom 0 og 18 år. Solveig Eike Bringaker og Elin Grindhaug har dette året hatt ulike prosent som kateket/kateketvikar. 1.august slutta Solveig i kateketstillinga og Elin overtok den i 100% stilling. Undretur og utdeling av barnebibel til 4- åringane. 5 fireåringar var med på skattejakt og undretur i kyrkja laurdagen før utdeling av «Bibelen for born». 11 born kom i kyrkja for å få Bibel. Dåpsskulen Dåpsskulen er for 6- åringar og har eit omfamn på 7 samlingar i tillegg til gudsteneste. Opplegget vi brukar er frå Stavanger bispedømme sitt prosjekt ”Stort er truas mysterium”. Borna på dåpsskulen mottek boka Forteljingar frå Bibelen. Det var 8 born som deltok på dåpsskulen. Tårnagent I mars blei det arrangert Tårnagenthelg for 8-åringane. På laurdag møtte 6 agentar klare til oppdrag. De utforska kyrkja med forstørrelsesglass og lommelykt, spiste pizza og hadde gudstenesteverkstad. På gudstenesta sundag viste dei noko av det dei hadde gjort på samlinga laurdag. Lys Vaken Dette året blei det ikkje arrangert Lys Vaken for 5.klassingane. Dette er eigentleg et opplegg som er berekna på 6. klassingar. For å endra dette måtte vi hoppa øve et år, sidan dei som jekk i 6.klasse i 2013 hadde vore på Lys Vaken i 2012. Kode B samling og utdeling av NT til 5.klasse. Laurdag 30.november inviterte vi 5.klassingane til Kode B samling på Kyrkjebakken. 10 stk. deltok. Kode B går ut på å bli kjende med bibelen og dermed få hjelp til å løyse «koden». Ellers laga vi ei julekrybbe, såg nokre filmar som høyrer til opplegget, koste oss med god mat og førebudde oss til gudstenesta. Det var fyste gongen vi arrangerte Kode B på Ferkingstad. Det var 13 stk. som tok i mot NT på sundagen. Konfirmantarbeidet Vi hadde 12 konfirmantar i Ferkingstad kyrkjelyd konfirmantåret 2012/2013. I juni 2012 reiste 23 konfirmantar frå Falnes og Ferkingstad på KonfAction i Bø i Telemark. Konfirmantane kunne, som tidligare år, velje mellom ulike grupper som dei ville delta på i tillegg til vanleg undervisning. Vi hadde konfirmantar som valde Krik Molin, Ungdomsmusikken og Kino konfirmant. Kino konfirmant var nytt av året. Gruppa såg ulike filmar og samtala omkring dei, med utgangspunkt i dei ulike temane som konfirmantane skal lære noko om. 1-2 september blei det arrangert konfirmantleir på Fredtun for Falnes og Ferkingstad konfirmantane. Her fekk vi anledning til å bli litt betre kjende før året starta for fult. Vi har 14 konfirmantar i Ferkingstad kyrkjelyd konfirmantåret 2013/2014. Det var 24 konfirmantar, frå Falnes og Ferkingstad, som reiste på Konf.Action i juni 2013. Konfirmantane skal ha 12 timar med ein aktivitet innan utgangen av året. Gruppene dei har kunna velje mellom dette året har vore: Hjelpeleiar i barnekoret «Jubel» på Skudenes bedehus, hjelpeleiar på søndagsskolen i Falnes, vere med i Tårnklangredaksjonen, Krik Molin, Krik Skudenes, Ungdomsmusikken og Ton Angelon. Tanken er at Tårnklangjournalister: Kristine Eike, Lina Kathrine Soldal, Birgitte Kristoffersen og Karina Bång Vikra konfirmantene skal få vere med på, oppleva og bli kjende med ein aktivitet som foregår i kyrkjelyden eller i Falnes kyrkjelyd. Nytt av året er det som har fått arbeidstittelen «undervisningsgudsteneste». Tanken har vore å flytte undervisninga inn i ein gudsteneste. Konfirmantene har også hatt oppgåver i gudstenesten, og på den måten trur vi det blir lettare for dei å bli kjende med alle elementa i ei gudsteneste. Vi håpar at kyrkjelyden også har satt pris på desse gudstenestane og blitt litt betre kjende med konfirmantane våre. Ellers har konfirmantane hatt ettermiddagsundervisning. Kyrkje-skulesamarbeid Det er gode tradisjonar for samarbeid mellom skule og kyrkje i Ferkingstad. Dei ulike tilboda som vi har hatt gjennom fleire år er blitt halde oppe. Vi har vidareført tradisjonen med julevandringar for 1.klasse og påskevandringar for 2. klasse. «Vandring gjennom Bibelen for born» har vi også hatt, som er eit godt opplegg utarbeida av Bibelselskapet for 5.klassene. Det blei, som tidligare år, gjennomført Skulegudstenestene i Ferkingstad kyrkje i byrjinga av desember. Elin Grindhaug Kateket Årsmelding frå diakoniarbeidar det diakonale arbeidet i Ferkingstad kyrkjelyd Andaktsamlinger på SBBH. (felles med Falnes) Samlinga vert arrangert siste fredag i månaden nede på dagavdelingen på SBBH. Det feires nattverd kvar gong, med unntak av juli. Soknepresten har andakten, kantor har ansvar for musikken, og nokre gonger bidrar diakoniarbeidar og. Jubilanthelsing Dei av kyrkja sine medlemmer som soknar til Ferkingstad og fylte 80, 85, 90, eller 95 år har fått ei blomsterhelsing av kyrkjelyden. Julehelsing Utdeling av blomar på SBBH vart i 2013 gjort på ein annan måte enn tidlegare år. I staden for at kyrkjelyden sine medlemmer fekk kvar sin blome, gav me ei blomstergruppe til kvar av stovene. Ved utdelinga hadde me ei lita samling med litt høgtlesing og julemusikk. Diakoniarbeidar, Jane Sandve, og ei handfull frivillige var med på dette. Takk for innsatsen! Føremiddagstreff Føremiddagstreffa har blitt gjennomførte siste tysdagen i kvar månad, og det har vore arrangert 10 treff. Det har vore ca. 35 personar kvar gong. 19 damer, fordelt på 5 grupper, utgjer kjøkkengjengen som gjer ein god innsats på den praktiske sida. På grunn av utbyggingane på kyrkjebakken i 2013, har treffet vore ein del på «reisefot». I juni hadde me treffet i Vea kyrkje, og fekk god omvisning her. I august hadde vi treffet på Sandve bedehus, og i september var me på Fredtun leirstad. Føremiddagstreffet er eit fint treffpunkt for mange «godt vaksne», og me håper at endå fleire kjem til i året som kjem. Påskefrukost I forkant av påskegudstenesta 1. påskedag vart det servert påskefrukost på Kyrkjebakken. Folk frå soknerådet og andre frivillige var med på å stella i stand. Det var godt oppmøte! Babysang (0-1år) I løpet av 2013 har me arrangert 3 babysangkurs.Vanlegvis byter vi på å ha kurset i Falnes og Ferkingstad annakvar semester, men pga utbyggjing av kyrkjebakken har alle kursa i 2013 vore på Falnes menighetshus. Til saman har me hatt 55 babydeltakarar (dvs. 55 babyar + mor). Fleire av desse har vore med på to kurs, og er derfor talde to gonger. På samlingane har me ei sangstund, og et lunch ilag. Tilbakemeldingane er veldig gode. Ton Angelon (ungdomskor på Skudenes bedehus) Ton Angelon er ein viktig arena for diakoniarbeidar med tanke på ungdomsdiakoni. Her knytes mange kontaktar mellom ungdom og vaksne leiarar. I november starta me her opp med samtalegrupper for ungdom, den fyrste torsdagen i mnd. (Korøvinga går då ut.) Her tek vi opp tema som er aktuelle for unge i dag, og veileder utifrå kristen lære. Både på korøvingar og samtalegrupper deltek ungdommar som soknar til Ferkingstad. Elin Grindhaug, Janne K. Eng og Hans Jakob Prestvik er med som gruppeleiarar. Fasteaksjonen Fasteaksjonen vart gjennomført den 19.mars til inntekt for Kirkens Nødhjelps arbeid. Vi samla inn kr 21 507, med god hjelp frå årets konfirmantar, deira føresette, stab og frivillige frå kyrkjelyden. Me hadde dessverre likevel ikkje nok folk til å få dekka alle rutene, så me håper at me i 2014 får mobilisert endå fleire til å vera med på denne flotte aksjonen! Sjelesorg- og veiledningssamtalar Sjelesorg- og veiledningssamtaler, og individuell oppfylgjing er ein viktig del av kyrkjelyden sitt diakonale arbeid. Familieleir på Stemnestaden Familieleiren på Stemnestaden vart arrangert helga 24.-26.mai. Dette var andre gong Falnes og Ferkingstad menigheter arrangerte denne leiren. 12 familiar reiste, og hadde ei flott helg saman. Tema for leiren var «Sammen forandre», og me avslutta med familiegudsteneste på sundagen. Me er allereie godt i gang med planlegginga av årets leir, og håper at det kjem nokre påmeldingar frå både Ferkingstad og Falnesmedlemmer. Janne Kristine Eng Diakoniarbeidar Elin Grindhaug Diakoniarbeidarvikar
© Copyright 2024