Full konsentrasjon i aktivitetsklubben Lyspunkt

KyrkjeBakken
NR. 3 • DES. 2014 • 13. ÅRGANG
HELLANDSBYGD – SAUDA – SAUDASJØEN
Full konsentrasjon i aktivitetsklubben Lyspunkt
Foto: Knut Arne van Zijp.
Jul
Julestri og julestrev,
Julekort og julebrev,
Julebakst og julehandel,
Julegrøt med julemandel,
Julenisse, julehelg,
Julereinsdyr (ikke elg!),
Juleglede julerose,
Julegodt i julepose,
Julenek og juleved,
Julelys på juletre,
Julekveite, juletorsk,
Juleribbe (typisk norsk),
Julepynt og julestas,
Julestress og julemas…
Men plutselig så er det jul,
Og engler daler ned i skjul,
Med fred til store og til små,
For deilig er den himmelblå,
Så tennes lys i alle hjem,
Et barn er født i Betlehem.
Dagny Holm
2
KyrkjeBakken
Andakt
Håpet kom!
I juli sat eg i Stavanger Rådhus under leiing av varaordfører Bjørg Tysdal Moe, saman med jødar frå Netanya
og kristne palestinarar og muslimar frå Nablus, dei to
venskapsbyane til Stavanger. Det var midt i den spente
konflikten, og vi skulle leite etter teikn på håp ut frå
våre ulike trusutgangspunkt. Det var organisasjonen
Chefs for Peace, Kokker for fred, muslimske, kristne
og jødiske stjernekokkar, som hadde samla oss. Midt i
dei vanskelege forhandlingane seier ein av leiarane for
denne vesle fredsorganisasjonen til meg: Husk at Jesus
Kristus kom med håpet til vår jord! Det er derfor vi aldri
må gi opp arbeidet for fred!
Orda har sete i meg sidan, i eit år då terror og forferdeleg voldsutøving frå Syria, Irak og Ukraina har prega
nyheitene. Og eg er ikkje aleine om å vere rørd av dei
mange barneansikta på flukt frå terroren. Det er gonger
då vonløyse over krigens vondskap vil ta overhand. Då
må eg ta fram orda frå den armenske kristne fredsaktivisten: Husk at Jesus Kristus kom med håpet til vår
jord. Og eg ser djupet i Bjørn Eidsvågs vakre julesalme i
vår nye salmebok:
I en natt så klar og kald,
av en ung og tapper mor,
i en krybbe i en stall
fødtes håpet til vår jord.
KyrkjeBakken
Utgjevar: Sauda kyrkjelyd
I redaksjonen: Olaug Drarvik,
Knut Arne van Zijp og Kjetil Mæhle.
Foto side 1: Knut Arne van Zijp
Frist for innlevering til neste
KyrkjeBakken er:
Mandag 23. februar 2015
Gud bringer
håpet til oss
i eit sårbart,
lite menneskebarn, utlevert
til Maria og Josef sin omsorg
og kjærleik.
Han kom ikkje
med militær
makt, men i det
mest sårbare av alt: det nyfødde barnet. Derfor gjer eg
orda til Bjørn Eidsvåg til mi helsing i denne adventstida, der vi skal få lov til å tru på det trassige håpet:
I det stille, til de små
bringer Jesus håp og fred.
Og han kommer, da som nå,
fra sin himmel til oss ned.
Julenatt med lys og glede
minner oss om Gud som kom.
Evig er han her til stede.
Nå står grav og krybbe tom!
Velsigna advent og juletid!
Erling J. Pettersen
Stavanger biskop
Adventkafe med graut, salg av julebakst og utlodning
Laurdag 6.desember har du sjansen til å få ein god grauttallerken, kaker og kaffi
på Betel. Dessutan kan du kanskje få kjøpt litt godsaker med deg heim til jul.Planlegginga av adventkafe-dagen er godt i gong og det ser ut til å bli både lefser, krotekaker og kransekaker i vareutvalet. Kransekakene kan det henda du må ta lodd
på. Men tida vil vise kva som kan skaffast til veie. Pengane som du og dei andre
kafegjestene brukar på Betel denne laurdagen, blir sende uavkorta til Normisjon.
Velkommen til kafehygge og god handel.
Olaug Drarvik.
E-postadressa til Kyrkjebakken er:
kyrkjebakken@sauda.kirken.no
Vi er takksame for å få gåver til
bladet. Gåver kan sendast til bankgiro
3520.62.17810.
Merk innbetalinga med 8001.
Postadr: Postboks 162, 4201 Sauda
Sauda kyrkjekontor: 400 35 642
Hjelp ved gravferd: 478 10 717
Grafisk utforming og trykk:
Karmøy Trykkeri as
Mitt bibelvers
Efeserbrevet kap. 1 vers 7:
I HAN HAR VI FRIDOMEN, KJØPT MED HANS
BLOD, TILGJEVING FOR SYNDENE. FOR SÅ RIK ER GUDS NÅDE.
Helsing Johannes Øye
som utfordrar Martha Aartun
KyrkjeBakken
3
Kyrkjelege val i 2015
Samstundes med kommunevalet neste år vil det også verta halde fleire kyrkjelege val. Det skal veljast både sokneråd og
bispedømeråd/Kyrkjemøtet.
Gjennom kyrkjevalet blir det bestemt kven som skal styre
kyrkja. Det har mykje å seia for medlemar, kyrkjelydar, kyrkjeleg tilsette, bispedøme og rett og slett heile Den norske
kyrkja. Sauda sokneråd er valstyre i Sauda. Bispedømerådsvalet blir styrt av eit valråd i bispedømet. I kvart bispedøme
finst det ein eller fleire personar på bispedømekontoret som
jobbar spesifikt med val.
Dersom nokon har forslag til listekandidatar, kan ein kontakta Gunnar Løvaas, Olaug Drarvik, Asta H. Pettersen, Mari
Austarheim eller Torgeir O. Tveitane som utgjer komiéen.
Soknerådet har ansvar for å gjennomføra valet lokalt, og det
oppnemner i tillegg ein nominasjonskomité.
Kyrkjebakken vil i seinare nummer koma med utfyllande
stoff om kyrkjevalet.
Når det gjeld valet til bispedømeråd/Kyrkjemøtet skal ein
representant frå kvart sokneråd i prostiet møtast for å velje
prostiet sin representant til denne nominasjonskomitéen.
Komitéen i Sauda har allereie hatt sitt første møte, og er i
gong med å vurdera listekandidatar til soknerådsvalet.
Alle som er medlemar i Den norske kyrkja har høve til å
stilla som kandidat, og til å setja opp eigne kandidatlister,
uavhengig av nominasjonskomitéen.
Jon L. Grindheim
kyrkjeverje
TAKK FOR GÅVER TIL KYRKJEBAKKEN
Redaksjonsnemnda har fått opplyst at det er komme inn om
lag kr 34.000 i pengegåver til Kyrkjebakken. Vi vil gjerne få
takka alle som har sendt oss gåver og pengane vil bli nytta til
å dekka kostnader til trykking av bladet. Gåver kan framleis
sendast til konto 3520.62.17810 og merkast med talet 8001.
Likar du å gå på
juletrefest ?
Då skal du ikkje bli skuffa denne jula heller.
Betel opnar dørene for alle som har lyst å
feira Jesusbarnet med song og glede. Det
blir søndag 28.desember. Ein juletrefestarrangør med respekt for seg sjølv bør
pynta eit fint juletre med lys og glitrande
kuler. Det bør vera varmt og godt i lokalet,
fin musikk og mat som høyrer jula til. Ei
barnevenleg juleforteljing må det vera og
kanskje litt konkurranse, for ikkje å gløyma
gongen rundt juletreet.
Dette trur eg me kan lova. Kom og bli med
, så får du sjå om me kan by på ein skikkeleg fest av gamalt, godt merke. Velkomne
små og store.
Olaug Drarvik
Redaksjonsnemnda
Soknerådsleiaren
Då går me mot advent. Eg håper
me får ei fin advent-/ventetid fram
mot den store julehøgtida.
Me i soknerådet har mange saker å
arbeida med. Akkurat nå er det førebuingar til juletrefesten. Ellers er det jo soknerådsvalg til neste år. Me har
sett ned nominasjonskomite, og eg håper at saudabuen
svarer positivt på spørsmål om å vera med i soknerådet.
Kan også nemna at me har motteke ein del konfirmantkapper frå vår venskapskommune i San Juan del Sur.
Me var godt fornøgde med dei ,og det er allerede bestilt
nokre fleire.
I 2016 har Sauda kyrkje 150 års-jubileum. Her arbeider
me med å få til ein jubileumskomite. Dette vil me håpa
blir ei verdig markering.
Då vil eg ynskja alle ei God Jul og eit Godt Nytt År!
Med venleg helsing
Per Aksel Birkeland.
4
KyrkjeBakken
Glimt frå konfirmantweekend i Sveio
Også denne hausten samlast Sauda-konfirmantane på Solgry leirstad.
Mange forventningsfulle og spente
ungdomar var å sjå på bussen utover.
Og mykje leik og moro vart det, spesielt på bli-kjent-kvelden. Der gjorde
ungdomsleiarane og deltakarane på
MILK (minileiarkurset for fjorårets
konfirmantar) ein framifrå innsats.
Kvelden var eit fyrverkeri av livsglede,
futt og fart.
Seinare i helga var det bibelundervisning. Eitt av temaene var gudstenesta. Konfirmantane lærde om dei ulike
delane i gudstenesta og fekk sjølv
laga ei. Sentrale ledd vart dramtisert
med tanke på framføring på Solgry og
seinare på presentasjonsgudstenesta
i Sauda kyrkje.
Valfrie aktivitetar som bading, fotball,
go-cart osv er alltid like populære, og
slik også i år.
Seint kvar kveld var det små gruppesamlingar der ein oppsummerte korleis dagen hadde vore, og der vi fekk
med oss eit bibelvers som avslutning.
Tekst: ajg
Foto: Arne Austarheim
RING JUL! Julekonsert ved Sonor i Sauda kyrkje onsdag 10. desember klokka 19.00.
stemning med fine klangar til både høgtid og hygge.
På repertoaret står både kjende og litt uvanlege songar,
og det er både tradisjonelle og utradisjonelle arrangement. Dei fleste tekstane er på norsk, men me har funne
plass til eit par med engelsk tekst også. Denne gongen
kan de også få høyra tekstar frå lokale forfattarar. Ei lita
juleforteljing høyrer også med.
Nils Bjarne Vold tok i vår over som ny dirigent for Sonor.
Han hadde eit stort ønske om at det første prosjektet han
hadde med koret var ein eigen julekonsert i Sauda kyrkje.
Desse tankane likte medlemmene, så dette året har juleførebuingane starta tidleg for den songglade gjengen.
Saman med 3 unge jenter frå kulturskulen og musikklærar Inna Mazurova på piano, vil me prøva å skapa jule-
Og sjølvsagt skal publikum også få vera med å syngja!
Me har øvt heile hausten, men for å få den siste finpuss
av klang og fylde, har me søkt hjelp av operainstruktør
Anne Randine Øverby frå Bergen. Ho har også hjelpt
Sonor ved tidlegare høve.
Det blir billettsal ved inngangen. Prisen er kr 200 for
vaksne og kr 50 for barn i grunnskulen.
Styret i Sonor
Julestjerner
HANNE
SØRVAAG
BRITT-SYNNØVE
JOHANSEN
RANDI
TYTINGVÅG
SAUDA KYRKJE, 16. DESEMBER, 19.30
BILLETTER KAN KJØPES PÅ BIBLIOTEKET OG PÅ WWW.SAUDAKINO.NO
”Julestjerner”
Stemningsfull
julekonsert
med
Randi
Tytingvåg,
Britt
Synnøve Johansen og Hanne Sørvaag. Knut Aabø er kapellmester.
Hanne, Randi og Britt Synnøve velger
sine favoritter fra julerepertoaret, i tillegg til nye versjoner av perler fra hverandres sanger. Sammen, og hver for
seg, leker de seg gjennom et allsidig
program. Velkommen til en julekonsert
fylt med vakre trestemte vokalharmonier, leken musisering og en stor dose
sjarm og spilleglede!
KyrkjeBakken
5
TIL BOLIVIA IGJEN
GUNN OG BERNT EGIL STRØMME SVARAR PÅ SPØRSMÅL FRÅ REDAKSJONEN
Bolivianerne selv kaller gjerne landet sitt for Sør-Amerikas hjerte. Over nytt år setter Gunn
og Bernt Egil Strømme, etter over 20 år som aktive saudabuar, kursen sørover igjen. De har
bodd i Bolivia mange år tidligere. Nå er planen å være og arbeide sammen med tidligere
venner og kollegaer i den lutherske kirka i de sentrale delene av landet.
For nesten tjue år siden ble den ble den evangelisk lutherske kirka (ICEL) dannet. Den er et resultat av arbeidet
som vi fikk være med på de tolv årene vi bodde i Bolivia fra
1978 til 1993. Nå er mange av bolivianerne som vi jobbet
sammen med, blitt ledere og aktive kirkebyggere.
årene. På den måten kan vi holde kontakten med famile og
venner. Vi gleder oss til å følge utviklingen til de tre små
barnebarna våre. Og så kommer vi til å prøve følge med
på hva som skjer i Sauda, både i kirkeliv, poltikk og samfunnsliv.
Hvorfor tar dere på en ny arbeidsbolk i Bolivia nå?
Kirka ber om støtte fra oss fortsatt. På spørsmål fra kirka
og misjonen om vi kunne ta en ny periode, fant vi ut at nå
har vi anledningen til gå inn i oppgaver som kirka synes
er viktige. Vi synes også det er oppmuntrende at kirka har
spurt etter det de kaller seniormisjonærer med livserfaring
og bakgrunn fra Bolivia tidligere. Og så skal vi ikke legge
skjul på at vi fortsatt har en dragning mot dette landet og
folket som vi kjente oss ett med sist vi bodde der.
Hva skal du gjøre, Gunn?
Tidlig på året neste år starter kirka et prosjekt som er rettet mot foreldre og barn. Mange familier flytter fra landsbygda til byene. Endringene blir store, og belastningene
på familiene utfordrende. Her ønsker kirka å sette inn tiltak slik at disse familiene opplever støtte til å takle overgangene. Dette planlegger kirka å drive i samarbeid med
kommunale sentra som arbeider med familier, og fra egne
lokaler som stilles til disposisjon. Jeg vil bruke min utdanning som familieterapeut og den erfaringen jeg har som
familieveileder her i Sauda til å veilede ansatte og frivillige
i prosjektet. Prosjektet, som er støttet av Norad, starter i
Cochabamba, men etter hvert skal prosjektet utvides til å
omfatte flere byer.
Hva skal du Bernt Egil arbeide med?
Størstedelen av mi arbeidstid vil gå med til rådgivning i
kirka. Kirka har bedt om praktisk veiledning for pastorer
og andre ansatte, f.eks når det gjelder strukturering av
arbeidstid, hjelp til administrative oppgaver og pengebehandling. Noen trenger personlig veiledning. Og så skal
jeg ha noen administrative oppgaver for misjonen.
Gunn og Bernt Egil forteller at de har lovt å være to år i
Bolivia denne gangen. De skal bo i Cochabamba som er en
Bolivias tredje største by med over 800 000 innbyggere.
Byen ligger i en varm dal 2500 meter over havet.
Hovedkontoret til kirka og til misjonen, Norsk Luhthersk
Misjonssamband, er samlokalisert i et bygg i denne byen.
Her driver også kirka sammen med staten en skole med
alle klassetrinn og 1000 elever, et resultat av et tidligere
prosjekt sammen med Norad.
Gunn og Bernt Egil legger til: Med raske flyforbindelser blir
det anledning til ferieturer heim til Sauda i løpet av de to
Bolivia
• 1,1 mill km2
• 10,5 mill innbyggere fordelt på quechua- og aymarafolket, mestisbefolkningen og noen mindre folkegrupper.
• Demokratisk republikk, president er Evo Morales, nettopp gjenvalgt for tredje gang.
• Store geografiske variasjoner: stort lavland med jungel (Amazonas), daler og høyfjell (Andes).
• Cochabamba: stor by, 800000 inn. Klima: som en varm
sommer i Sauda.
• Næringsliv: store naturressurser (metaller, jordbruk),
voksende turisme
Det muntre hjørnet
Dør til dør
Den nye pastoren i menigheten dro ut en lørdag formiddag for å besøke sine sognebarn.
Alt gikk strålende inntil han kom til et hus
der døren forble stengt selv om han hadde
banket på en rekke ganger og han skjønte at
folk var hjemme.
Til slutt la han igjen et kort med påskriften
”Åpenbaringen 3:20”.
Neste dag fant han kortet sitt i offerkurven med tilføyelsen ”1.Mosebok 3:10”.
I Åpenbaringen 3:20 står det: ”Se, jeg står for døren og banker. Hvis noen hører min røst, og åpner døren, vil jeg komme
inn til ham, og holde nattverd med ham og han med meg.”
Mens ordene i 1.Mosebok 3:10 lyder: ”Og han sa, jeg hørte
stemmen din i hagen, og jeg ble redd for jeg var naken og
gjemte meg.”
Eg utfordre ein som har fortalt vitsar så lenge eg kan
hugse, nemleg min far Torgeir Austarheim.
6
KyrkjeBakken
BARNAS SKATTEKISTE
Bibelen er som ei skattekiste med mange historieskattar oppi. Denne hausten
har Barne- og Ungdomssutvalget i Sauda kyrkjelyd starta opp med «BARNAS
SKATTEKISTE» i utvalgte gudstenester . Då kan ungane kome fram til kista og
bli med på å finne dagens historieskatt i frå bibelen. Før vi kikkar opp i kista
syng vi sangen «Den største skatten». Oppi kista ligg det noko konkret som
kan vera med å synliggjera historien som skal fortellast. Dette er spennande,
og ungane – og dei vaksne – som er i kyrkja vert konsentrerte. På ein måte
kan me sei at me har eit mini søndagsskuleopplegg midt i gudstenesta. Neste
gong vi skal ha BARNAS SKATTEKISTE er 30.nov kl 11 i Saudasjøen Kapell. Kva
kjem det til å ligga i skattekista då, mon tru? Følg med i på gudstenesteannonsane, der vil BARNAS SKATTEKISTE bli nevnt når det er.
KONGESKATTEN – dåpsskule for 1.klassingar
Dåpsskule har me hatt i Sauda i mange år, og i 2015 skal med bruka tysdagane i veke 10 til veke 13 til dette. Dåpsskule er eit ledd i trusopplæringsarbeidet for dei døypte til Sauda kyrkjelyd. For å få fleire med, prøver me ut eit
nytt klokkkeslett i år; kl 13.30 til 15, og samlingane vert på Betel. Håpet er at
dette kan vera eit familievenleg tidspunkt for samlingane. Dei ungane som
melder seg på dåpsskulen blir henta etter på skulen og skyssa ned til Betel,
der opplegget startar kl 13.30 med fruktstund og leik. Om lag kl 14 vil vi ha eit
undervisningsopplegg med bibelhistorie, song, enkel bøn og aktivitet. Kl 15
er opplegget ferdig, og ungane kan hentast på BETEL av mor, eller far. Hovudoverskrifta for dåpsskulen dette året vert «KONGESKATTEN», og opplegget
vert avslutta på palmesøndag i kyrkja når Jesus rid som ein konge inn i Jerusalem… Olaug Drarvik og Grete Landa blir med som vaksenleiarar. Det kjem
invitasjon i posten når «KONGESKATTEN» nærmar seg.
HAR DU LYST Å VERA LEIAR I BARNE-/
UNGDOMSARBEID I SAUDA KYRKJELYD?
Kanskje du er ein av dei som har lyst å fortella bibelhistoriar til barna? Kanskje
du likar å pusle med hobby, eller matlaging, og på den måten laga ei koseleg
og meinigsfull stund for dei håpefulle som kjem på slike samlingar… ??? Ikkje
nøl, men ta kontakt med Grete Landa på telefon 40 03 56 47, eller mail: grete.
landa@sauda.kirken.no. SNAKKAST!
Alphakurset hausten 2014
Tysdag 9.november starta Alpha-kurset opp på Betel. Det var 12 påmelde
deltakarar.Etter eit par samlingar
minka deltakartalet til 10. Kurset har
halde fram kvar tysdag med unntak
av haustferien. Den siste samlinga
var tysdag 18.november.I månadsskiftet oktober-november blei det arrangert week-end på Minnehaugen.
Den som har deltatt på eit Alpha-kurs har fått gjernnomgått sentrale delar av den kristne trua. Det
har vore høve til å samtala i trygge
grupper og stilla spørsmål.
På Alpha-kurset er det og sosialt
samvær med mat.Det blir lagt vekt
på at lokalet skal vera triveleg,
maten litt ekstra god og at alle skal
kjenna seg velkomne og godt tatt
vare på. Etter kurset får dei deltakarane som ønskjer det, høve til å vera
med i ei bibelgruppe.
Alpha-komiteen i Sauda hausten
2014 har vore Gunvor Søndenaa,
Aud H Gya, Bernt Egil Strømme og
Olaug Drarvik.
Undervisarar har vore Aud V Hoftun,
Espen Gya, Arild Markussen, Anna
Jorunn Garvik og Bernt Egil Strømme.
Seks dugande damer har stelt i stand
nydeleg mat og tatt oppvasken.
Stor takk til alle som har bidratt til at
kurset blei vellukka.Komiteen håpar
og trur at deltakarane har fått med
seg noko verdifullt for livet.
For Alphakomiteen
Olaug Drarvik.
Pilegrimstur
I Suldal har dei lang tradisjon med
pilegrimsvandringar. I mellomalderen gjekk pilegrimane gjennom
Hylsskardet, rodde over Suldalsvatnet og gjekk over Suldalsskaret når dei skulle til Røldal stavkyrkje. Vandringane er tatt opp att
i moderne tid. Den årvisse vandringa frå Stavanger Domkyrkje til
Røldal går gjennom dalføret. Og i
Mokleiv ved Suldalsvatnet blir det
kvart år skipa til korte, men flotte
og innhaldsrike pilegrimsturar.
Mange har ønskt at ein også
kunne få til slike vandringar med
Sauda som utgangspunkt. Arild
Markussen og Anna Jorunn Garvik
fekk i oppdrag å planlegga ein tur
på ein ny pilegrimsveg.
6. september gjekk turen frå Nedre Sandvatn til Røldal. Store
delar av løypa gjekk i kring 1200
m.o.h. Trass i lett regn det meste
av dagen, fekk dei kring 20 deltakarane frå Sauda og Suldal ein
flott tur i storfelt natur. For mange var dette ukjent terreng, men
turleiaren, Helge Nilsen, var lommekjent og førte flokken sikkert
fram.
Arild Markussen innleidde vandringa med å lesa salme 121, den
som byrjar med desse orda:
Ein song til festreisene.
Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.
Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
Seinare var det fleire stoppar med
skriftlesingar og høvelege salmar
til styrke og ettertanke.
Ved målet, Røldal stavkyrkje, var
det omvising, og det var gudsteneste med sokneprest Arne Natås
som liturg.
Ingvar Olimstad
KyrkjeBakken
7
Gudstenester og møte i Sauda sokn
Søndag 30.november.
Saudasjøen kapell kl 11.00.
Familiegudst.
Laurdag 6.desember.
Betel kl.11.00-14.00. Adventkafe, Normisjon.
Julaftan onsdag 24.des.
Sauda kyrkje kl 15.00.
Familiegudsteneste.
Sauda kyrkje kl 16.15.
Familiegudsteneste.
Saudasjøen kapell kl.16.00.
Fam.gudst.
Søndag 7.desember.
Hellandsbygd kapell
kl.11.00. Gudsteneste.
Juledag torsd.25.desember.
Sauda kyrkje kl 12.00.
Gudsteneste.
Søndag 7.desember.
Sauda kyrkje kl 16.00. Julekonsert.Frelsesarm.
Søndag 28.desember.
Betel kl.17.00. Juletrefest.
Søndag 14.desember.
Saudasjøen kapell kl.11.
Familiegudsteneste.
Søndag 14. desember.
Sauda kyrkje kl.19.00.
Lysmesse.
Torsdag 18.desember.
Sauda kyrkje kl 19.00.
Open kyrkje.
Kveldsbøn kl.20.00-20.30.
Søndag 21.desember.
Sauda kyrkje kl 19.00
Vi syng jula inn.
Nyårsaftan onsdag 31.desember.
Sauda kyrkje kl 16.00.
Minnegudsteneste
Nyårsdag torsdag 01.januar 2015.
Sauda kyrkje kl 12.00.
Gudsteneste.
Søndag 04.januar.
Sauda kyrkje kl 11.00.
Gudsteneste.
Søndag 11.januar.
Saudasjøen kapell kl 11.00.
Gudsteneste.
Dette er gudstjenester og møter slik de er planlagt.
Det kan komme endringer, se annonse i Ryfylke hver fredag.
Søndag 18.januar.
Betel kl.17.00.
Generasjonsgudsteneste.
Torsdag 22. januar.
Sauda kyrkje kl 19.00.
Open kyrkje. Kveldsbøn
kl.20.00-20.30.
Søndag 25.januar.
Sauda kyrkje kl 11.00.
Gudsteneste.
Betel kl 19.00.
Årsmøte NLM.
Søndag 01.februar,
Hellandsbygd kapell
kl.11.00. Gudsteneste.
Betel kl.19.00.
Bibelfest.
Søndag 08.februar.
Sauda kyrkje kl.11.00.
Familiegudsteneste.
Søndag 15.februar.
Saudasjøen kapell kl.11.00.
Gudsteneste.
Oskeonsdag 18.februar.
Sauda kyrkje kl.19.00.
Skriftemålsgudsteneste.
Søndag 22.februar.
Sauda kyrkje kl 11.00.
Gudsteneste.
SLEKTERS GANG
DØYPTE
24.08.14 Thea Håheim
24.08.14 Tindra Ness
24.08 .14Nora Tangeraas
Birkeland.
07.09.14 Andor Hardeland
14.09.14 Jone Rasmussen Vikre
28.09.14 Linus Holger
Wahlman
28.09.14 Nora Aarthun Hansen
28.09.14 Iben Fatnes Foss
19.10.14 Brage Lofthus Østbye
19.10.14 Mikkel Helle Løvaas
26.10.14 Evine Hardeland
Thomassen
26.10.14 Lars Djuv Meling.
02.11.14 Filip Ljung Saua
VIGDE.
13.09.14 Kathrine Fristad og
Kjetil Knutsen.
GRAVLAGDE
21.08.14 Olav Johan Oftedal
22.08.14 Ingeborg
Thorbjørnsen
26.08.14 Olav Risvold
28.08.14 Olav Dybing
29.08.14 Bertha Johanne
Nilsen
03.09.14 Ingebjørg Amdal
11.09.14 Astrid Eikemo
23.09.14 Jensine Nilsen
24.09.14 Kåre Jostein Åbø
15.10.14 Borgny Solland
16.10.14 Haldis Bastlien
30.10 14 Stein Enlid
05.11.14 Magner Lorenz Ask
06.11.14 Aksel Kornelius Rød
11.11..14 Aase Fløgstad.
13.11.14 Astrid Marie Olsen.
Torsdag 26. februar.
Sauda kyrkje kl 19.00.
Open kyrkje. Kveldsbøn
kl.20.00-20.30.
Søndag 01.mars.
Sauda kyrkje kl 11.00.
Gudsteneste.
Betel kl.19.00. Årsmøte,
foreningen Betel.
Søndag 08.mars.
Saudasjøen kapell kl.17.00.
Generasjonsgudsteneste.
Torsdag 12.mars.
Betel kl.19.00
Inspirasjonssamling for
kvinner.
Søndag 15.mars.
Sauda kyrkje kl.11.00.
Gudsteneste. Kyrkjelyden
sitt årsmøte etter gudst.
Betel kl.19.00. Møte NLM.
Søndag 22.mars.
Saudasjøen kapell kl.11.00.
Gudsteneste.
Betel kl.19.00. Årsmøte,
Normisjon.
Har du lyst å vera med i bibelgruppe ?
Det kjem til å bli starta minst ei ny bibel/
samtalegruppe over nyttår.
Er du interessert, kan du få meir opplysningar ved å henvenda deg til Olaug Drarvik tlf.
41654701, olaudrar@online.no
Innsamling til nye salmebøker
Aksjonen med innsamling til kjøp av den
nye salmeboka held fram. Me har i første
omgang sett oss som mål å kjøpa inn 100
eks. Innkjøpsprisen vil då verta kr. 30.000.
Til nå har det kome inn gåver på i alt kr.
16.590. Vona er å greia å samla inn dei resterande kr. 13.410 før året er omme. Til dei
som har bidratt så langt: Tusen hjertelig
takk!
Dei som ennå ikkje har fått gitt, men ønsker
å gi ei julegåve til vår felles kyrkje, kan nytta konto nr: 3520.62.17810. Mrk: 8007.
8
KyrkjeBakken
GULLKONFIRMANTAR 2014
Bakerse rekkje frå venstre :
Knut Langholm, Paul Bjarne Nerheim, Oddbjørn Abotnes, Paul Ivar Jørgensen, Toralf Tveit, Bjarne Tveit, Einar Lunde,
Ingvar Høyland, Vigdis Tungesvik Astrid Åslaug Hauge, Gunn Elin Henriksen.
4.rekkje:
Asbjørn Hansen, Reidar Risvoll, Svein Dag Sørland, Thor Svendsen, Arild Fosstveit, OleLarsen, Alf Haugland, Njell
Fløgstad.
3. rekkje:
Bodil (Andersen) Olsen, Ingebjørg Løvaas, Torhild Maldal, Solfrid Birkeland, Elise Ljung, Anne Britt (Nilsen)Gudmundsen, Marit (Jensen) Årthun, Ane (Øvrebø) Opistov, Sissel(Dyrset) Totland, Inger Marie (Drarvik) Gundersen, Aslaug
(Svendsen) Sørensen, Marit (Ferkingstad) Løvaas, Randi (Sveen) Odland, Prest Arild Markussen
2.rekkje:
Haldis (Dahl) Ekkjestøl, Ågot (Olsen) Aabø, Edith (Dolmen) Gilje, Tove Jansson, Ellen Marie Saua, Torhild (Risvoll)
Sjøhus.
1.rekkje frå venstre:
Anne (Tafjord) Kirkebø, Else( Larsen)Eik Nes, Sissel (Dahl)Haug, Sylvi (Ingebrightsen).Hestad
Fotograf: Janne Kvanåli.
Redaksjonen bed om forståing for at det kan vera feil i namnelista.