Gratis - Ryfylke

Påskeavis
Gratis
2015
2
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Påskehilsen
fra ordfører
Velkommen til påskeferie i vår lille, koselige by.
I Sauda har vi alt; friluftsliv, fjell, fjord, handel,
byliv, kaféliv og publiv med mer. I år har vi rikelig
med snø i fjellet og dalene våre. I Sauda kan
du velge om du vil gå i fjellet i velpreparerte
løyper, renne ned dalsider på puddersnø eller
velge vårt flotte, godt preparerte skianlegg i
Svandalen. Uansett får du en fin ferie. Gjør
deg kjent med løypene i dalførene, kart får
du i butikkene og hos Sauda Ferie & Fritid.
Der kan de anbefale akkurat den løypen som
passer for deg og dine, lett eller krevende. Meld
deg gjerne på det tradisjonsrike Fjellrennet
langfredag. Rennet går gjennom fem flotte
daler og er 22 kilometer langt. Start ved Jeskedalsbrua i Åbødalen, mål i Herheimsdalen.
Hvis du ikke liker ski kan du gjerne ta en times
bratt gåtur opp til vår populære Rondehauen,
480 moh. Her kan du sitte på benken og nyte
niste, sol og den flotte utsikten utover hele
byen og fjorden.
Påsken i Sauda har tradisjonelt vært et
reisemål for svært mange båtturister. I båthavna kan du slappe av og kose deg, de fleste
fasiliteter finnes. Nytt i år er at båtforeningen
også har etablert bobiloppstillingsplasser
med alle fasiliteter. Her holder båtforeningen
vakt over båter og bobiler og gir deg trygghet.
Båthavna er i umiddelbar nærhet av sentrum
med alle dets tilbud, både dag og kveld. Butikker, svømmebasseng, kino, kafé, restauranter,
torg og uteliv.
I Saudahallen kan du bade og leke deg i
vårt flotte innendørsbasseng. Her vil både
du og ungene garantert trives. Du kan også
velge å besøke et av våre museer eller gå på
vår fulldigitaliserte, moderne kino.
Hvis ingenting av dette frister kan du velge
å finne på noe helt annet, eller bare være på
hytta og slappe av og ikke gjøre noen verdens
ting.
Jeg håper på strålende påskesol og vil gjerne
ønske dere alle noen fine, avslappende fridager
i Sauda. Gå gjerne inn på www.saudaferie.no
og www.sauda.kommune.no for å bli enda
bedre kjent med oss. Skriv gjerne en påskehilsen om dine opplevelser i Sauda på våre
nye Facebook-sider.
NB! Husk fjellvettreglene.
God påske!
Hilsen ordfører
Frode Sulen
Sauda kommunale kino
Renovasjon påska 2015
NORGESPREMIERE!
ASTERIX:
BYPLANLEGGEREN
Alle , 85 min.
Fre 27/3 kl. 16.00 – 3D
Lør 28/3 kl. 13.00 – 2D
Man 6/4 kl. 18.45 – 2D
Ope 30. og 31. mars iht. tømmekalendar.
Stengt frå kl. 11.00 1. april.
Annie
Alle, 118 min.
Fre 27/3 kl. 17.45
Søn 29/3 kl. 16.00
Fre 3/4 kl. 16.30
Man 6/4 kl. 16.30
Into the Woods
11 år, 125 min.
Fre 27/3 kl. 20.15
Søn 29/3 kl. 18.45
Forskyvne henteruter pga. påske –
sjå tømmekalendar.
Alle, egnet U/V, 122 min.
Søn 29/3 kl. 20.45
Fre 3/4 kl. 18.45
Alle, 93 min.
Ons 1/4 kl. 16.30 - 3D
Alle, 105 min.
Ons 1/4 kl. 18.30
Fast & Furious 7
11 år, 140 min.
Ons 1/4 kl. 21.00
Fre 3/4 kl. 21.15
Man 6/4 kl. 20.30
Symjehallen
opningstider i påska 2015, veke 14
Familiebading:
Mån. t.o.m. fre.
Påskeaftan
kl. 16.00 – 20.00.
kl. 13.00 – 17.00.
morgonbading:
mån. & ons.
kl. 07.00 – 08.00.
Saudahallen held stengt 1. og 2. påskedag.
ikkje sol ute? vi har solarier!
Ryfylkebib lioteket
Kom og besøk Ryfylkebiblioteket Sauda.
opningstider i påska
Palmelaurdag 28. mars
Måndag
30. mars
Tysdag
31. mars
Onsdag
01. april
kl. 10.00 – 14.00
kl. 10.00 – 18.00
kl. 10.00 – 18.00
kl. 10.00 – 15.00
Påskeaftan stengt
Vi kan by på aviser, vekeblad, bøker, dvd,
digibøker, lydbøker, spel, 2 playstation, 5 PCar
med internettilgang og trådlaust nettverk
for dei som ønsker det.
Påskeavis
I påskehøgtida aukar
folketalet i Sauda kraftig.
Fredag 27. mars 2015
3
Påskedestinasjonen
Sauda
Arvid Horpestad
arvid@ryfylke.net
OPTIMIST: Ved Sauda Fjordhotell melder hotellsjef Caroline
Hustoft om godt belegg i siste del av påskehøgtida. Til
liks med sine kollegaer i bransjen har óg ho stor tru på at
Nasjonal turistveg-satsinga i Allmannajuvet skal gi positive
ringverknadar for sommar-Sauda.
PLASS TIL FLEIRE: Innehavar av Kløver Hotel, Jan Nordbø,
har framleis ledige rom å tilby for dei som ønsker å ta ein
spontantur til påske-Sauda når finvêret vonleg slår til.
PÅSKEKLAR: Aud Hege J. Hebnes ser fram til å ønska hyttegjester og bubilgjester velkommen til påske på Sauda
Fjord Camping.
Kort avstand frå fjord til fjell. Milevis med langrennsløyper i forskjellige dalar. Eit velutbygd
alpinanlegg. Ei båthamn med tradisjon for å
ta imot påskegjester som kjem på eigen kjøl.
Sauda har i hundre år trekt til seg påskeferierande. I tillegg kjem dei mange studentane
og utflyttarane som nyttar høvet til å ta ein
tur heim att for å helsa på familie og venner.
Ved årsskiftet hadde vår vesle fjordbygd 4
760 innbyggarar. Det er óg i år all grunn til
å rekna med at folketalet bortimot vil dobla
seg i påskehøgtida som står for døra. Folk vil
finna tak over hovudet i eigen fritidsbustad,
i bubil, i båt (mange karakteriserer båthamna
som Saudas største «hotell» i denne tida), hos
slekt og venner – og på hotell og campingplass.
Korleis har så bestillingane i år vore for dei
sistnemnde, og kor viktig er påskeomsetnaden
for dei? Ryfylke har teke ein spørrerunde.
Fullt siste del
Sauda Fjord Camping i Saudasjøen har 18 hytter,
100 bubil/caravanplassar og eit sportell med 20
rom. Eigar Aud Hege J. Hebnes fortel om nokre
ledige hytter første delen av påskehøgtida,
så sjansen er der om det etterlengta finvêret
innfinn seg og folk bestemmer seg for å setta
kursen mot Sauda. Siste delen, frå onsdag, er
hyttene vekkbestilte.
– Men me har litt ledig plass på sportellet,
peikar Hebnes på.
Bestillingane frå bubilfolket har ho óg sjølvsagt notert med glede. Når ein er mobil påskeferierande på eigne fire hjul står ein naturlegvis
fritt til å legga opp sin eigen ferieplan, så Aud
Hege J. Hebnes veit av erfaring at om finvêret
slår inn rullar bubilane inn på campingplassen.
Stor tru på turistveg
Påska og vintersesongen er, presiserer Aud
Hege J. Hebnes, naturlegvis viktig for Sauda
Fjord Camping.
– Dei to siste åra har det faktisk vore endå
betre om sommaren, opplyser ho.
Ho synest svært godt om at turistane meir og
meir får augo opp for fjord- og fjell-kvalitetane
sommar-Sauda har å by på.
– Og så har det sikkert litt med Nasjonal
turistveg å gjera, legg ho til om bakgrunnen
for sommarveksten.
Nasjonal turistveg og anlegget som er
under fullføring i Allmannajuvet er noko Aud
Hege J. Hebnes har stor tru på vil gi positive
ringverknadar for overnattingsbedrifter og
lokalsamfunn.
– Eg ser fram til opninga i Allmannajuvet,
konstaterer ho.
Kjem sola, kjem gjestene
Hos Kløver Hotel har innehavar Jan Nordbø
framleis ledige rom for dei som vil ta ein spontantur til påske-Sauda.
– Det er litt roleg med bestillingar så langt.
Litt nedgang frå i fjor, men slik er tida i heile
bransjen. I Stavanger, til dømes, er det ein
nedgang på 30 prosent, seier han.
Med rundt halvt belegg vekkbestilt per
tysdag i denne veka, er Jan Nordbø klar til å
ønska endå fleire gjester til hotellet og til Sauda.
– Det er berre å få folk inn hit, oppmodar han.
Men også han veit av erfaring at påskeSauda er avhengig av fint vêr.
– Når det vert meldt fint vêr kjem telefonane
både før og etter påska, fortel han.
Gullgjev veg
– Utsiktene for sommarsesongen er som normalt, opplyser hotelleigaren.
– Det gjeld å reklamera endå meir for å
trekka turistar til Sauda, ivrar han.
I så måte framhevar også han turistveganlegget som er under bygging i Allmannajuvet
som viktig for sommar-Sauda.
– Eg ser verkeleg fram til at anlegget i Allmannajuvet opnar. For oss i overnattings- og
serveringsbransjen er det gull verdt, framhevar
Jan Nordbø.
Han ser vidare med glede på at arbeida med
det nye utebadeanlegget ved Saudahallen
pågår for fullt.
– Og så har me eit flott sentrum. Sauda har
mykje å by på, konkluderer han.
I vekst
Hos ærverdige Sauda Fjordhotell har hotellsjef Caroline Hustoft mest fullt i aprildagane
av årets påskehøgtid og halvfullt den første
delen av høgtida. Til liks med sine kollegaer i
bransjen håpar óg ho på sol og skyfri himmel
den komande helga og veka, og at det vil lokka
endå fleire til å ta turen til Sauda – og fjordhotellet.
– Og så skal me ha ein kveld i komande
veke med orkester og torettars middag, det
vert triveleg, lokkar ho.
– Ja, det går oppover, det gjer det. Vidare får
me gode tilbakemeldingar om sundagsbuffeen vår som samlar godt med folk, er ho elles
glad for å kunna fortella om drifta av hotellet.
Turistbussar i vente
– Sommaren ser óg bra ut, framhevar ho.
Caroline Hustoft fortel at fleire utanlandske turistbussar alt nå har plotta inn Sauda
Fjordhotell på sommarens reiserute.
– Veldig gildt at gjester frå både Norge og
utlandet besøker Sauda, strekar ho under, også
ho med stor tru på at Nasjonal turistveg-satsinga i Allmannajuvet vil verta ei framtidig
turist-trekkplaster.
4
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Barcelona
- konfliktar under overflata
Mange reiser dit på storbyferie. Få kjenner
dei mange laga av konfliktar.
Barcelona er eit ynda feriemål, kjend for sangria
og tapas, La Rambla, flott arkitektur og dyre merkebutikkar. Men det ligg mykje under overflata i
denne byen som nordeuropearar på langhelg ikkje
merkar noko til.
Millionby
I det nordvestlege hjørnet av Spania, ikkje langt
frå den franske grensa, strekker Barcelona seg ut
mellom grøne bakkar og blått hav. Ein by dominert
av pastellgule og rosa tonar, med Antoni Gaudí sine
surrealistiske, kantlause byggverk plassert rundt i
sentrumsområdet. 1,6 millionar menneske bruker
kvardagen sin innanfor byens grenser, og dette talet
stig til 4,5 millionar om ein tel med forstadsområda.
Turistmagnet
Det er mykje som lokkar
utlendingar på besøk - blant
anna godvêret, lokal matkultur og avslappa stemning.
I tillegg er den koselege
hovudgata La Rambla ofte
tjukk med turistar som vil
kjøpe flamencodansande
suvenirar og kopivarevesker.
Den store trafikkåra gjennom
byen, Passeig de Grácia, har
skinande butikkvindauge
med designprodukt til
utstilling, som gjerne kostar
mangedobla månadsløner
for ein spanjol. Men gjer ein
som dei lokale og bruker ein
sykkel eller metro til å kome
seg vekk frå turiststraumen
i sentrum, oppdagar ein fort
ei anna side av hovudstaden
i Catalonia.
spreidde seg til alle delar av samfunnet. Ein stat med
enorm gjeld har ikkje pengar til noko, og når denne
staten óg har problem med korrupsjon og elitær
kontroll i politikken, er det lite å hente for folket.
Harde kår
Bestemødre som vert sett på gata når dei ikkje kan
betale leiga, barn som går svoltne til sengs og par
som ikkje vågar få born i frykt for at dei ikkje kan
forsørge dei, har vorte ein stygg del av kvardagslivet i
eit av Europas største land. Dette er ein realitet som
ligg langt frå det vesle rykket som kjentest i norsk
økonomi etter krakket. Det som har vore mest på
den internasjonale dagsordenen frå Spania etter
krisa er den enorme arbeidsløysa.
Vonlaust for unge
Halvparten av alle unge i Spania har ikkje jobb. Kvar
annan. Og ofte unge akademikarar med ei fersk universitetsutdanning bak seg. I
løpet av få år har dei som
skulle skape framtida for
landet, mista si eiga. Unge
frå Spania - og mange andre
søreuropeiske land - flyktar
frå vonløysa i heimlandet
for å søke jobb og eit betre
liv i andre land. Dette er ein
vond sirkel: såkalla “hjerneflukt”, der eit land mistar
ressursar og viktig arbeidskraft frå høgtutdanna personar, gjer berre utsiktene
for Spania endå dystrare.
Kontrast
På veg gjennom Barcelona
går omgivnadane raskt
frå blanke kontorbygg og
staselege bygg med travle
forretningsfolk i dress, til
områda der “vanlege” folk
forsøker å få endane til å møtast i kvardagen. Slitte
bygg med små altanar fulle av potteplantar, syklar,
kledestativ og plastposar ligg tett i tett oppover
bakkedraga som stig opp frå havet. Og frå svært
mange av desse altanane og vindauga heng eit
stykke stoff med ein ljomande bodskap; gule og
raude striper, ein blå trekant med ei kvit stjerne i
øverst - “Estelada”, det catalanske flagget.
PROTESTSTJERNE: På kvar einaste blokk i byen
heng det minst eitt “estelada”-flagg: eit tydeleg
signal om at nasjonalistar i Catalonia ikkje vil
underlegge seg den spanske staten. Om lag
1,8 millionar catalonarar stemte i november
for sjølvstende.
Eit land i krise
Som kontrast til den blankpolerte overflata i dei
største turistgatene har Barcelona, nett som resten
av Spania og mange andre land i euro-sona, lidd
mykje sidan verdsøkonomien krakka. I 2008 sprakk
den spanske bygge- og investeringsbobla, og økonomien kollapsa. Velferdstiltak som vart innført i
åra opp til krisa - barnetrygd, utdanningsstøtte,
pensjonsauke, medisintilskot - vart fjerna igjen,
samstundes med at mengder av spanjolar mista
arbeidet, hovudsakleg i byggebransjen. Effekten
Interne konfliktar
Sjølv om Spania har vore samla under éin konge
sidan 1714 - nokre tel frå 1492 har landet ikkje gjennomgått
den same “nasjonaliseringa”
som ein ser i mange andre
land. Heile 17 regionar utgjer
den store staten i sør-Europa,
og fleire av regionane har óg sitt
eige språk og distinkte kultur.
Catalonia er ein av desse, og
når innbyggarane i hovudstaden Barcelona henger ut det
stjernemerka banneret er det
meir enn til pynt; det er ein stille
protest mot den sentrale regjeringsmakta i Madrid.
FØREBUING TIL SESONGEN: Etter krisa har regjeringa kutta og kutta i velferdstilbod. Utbygging for turistar er det einaste som ikkje vert spart vekk
- det er dette som reddar økonomien.
Undertrykte kulturar
Galicia, Catalonia og Basker-
land er tre av dei spanske regionane som har
fått høg grad av politisk
fridom og kan til ei viss
grad styre seg utan vidare
innblanding frå Madrid.
Opp gjennom historia
har dei lokale språka og
kulturane tidvist vore
undertrykte, og noko av
sjølvstendekampen kjem
frå den kulturelle diskri- POPULÆR: Dei siste åra har i
reiser sørover for å nyte god
mineringa. Mange av dei dei politiske problema som
eldre spanske borgarane
med eit anna morsmål
enn kastiliansk (det me kjenner som spansk), har
opplevd forbod mot å bruke deira eige språk. Etter
at den økonomiske gjeldskrisa råka verda i 2008
gjekk spørsmålet frå å vere mest kulturelt og sosialt
til óg å vere økonomisk.
Betaler prisen
Catalonia er den rikaste regionen i Spania. Så når
krisa tvingar den jamne spanjolen til å strame beltet
mange hakk, synest mange catalonarar det er urettferdig at dei må betale så stor del av prisen for uklok
økonomisk politikk frå den spanske regjeringa i
åra før 2008. Dei tragiske konsekvensane av ein
kollapsa statsøkonomi er óg å sjå i Barcelona, men
dei er tydelegare i resten av Spania, og Catalonia
vil ikkje betale for dette. Samstundes lukkar den
spanske regjeringa demonstrativt auge og øyre
for protestane.
Protest og motstand
All protest i Barcelona er ikkje stille som flagga frå
verandaene. Sidan krisa starta i 2008 har spanjolane
ofte vore på gata i frustrasjon og desperasjon over
politikarane, det korrupte systemet og dei to store
partia som har dominert heilt sidan demokratiet
vart gjeninnført etter diktator Francisco Franco sin
død i 1975. Catalonia er ikkje noko unntak. Hausten
2014 forsøkte den catalanske regjeringa å arrangere
folkeavstemming om regionen skulle verte sjølvstendig. Regjeringa i Madrid har store interesser i å
forhindre dette; mykje av Spanias økonomi kjem frå
det nordvestlege hjørnet, og viss éin region får sjølvstende, går det nok ikkje lenge før andre forsøker seg.
Flest for
Folkeavstemminga vart erklært ugyldig - til og
med grunnlovsstridig - av den spanske
regjeringa, men regjeringa i Catalonia
gav seg ikkje. Det enda med ei “uformell” avstemming i november for å
sjå kva folk meinte om relasjonen til
Spania. Over to millionar møtte likevel
opp og stemte, og av desse stemte
80,76 prosent ja både til at Catalonia skal vere ein stat, og at denne
staten skal vere sjølvstendig. Ettersom
avstemminga ikkje vart godkjend som
offisiell, kan ein rekne med at dei som
valde å stemme var dei som verkeleg
gjekk inn for sjølvstende. Likevel er
det interessant at ein tredel av folket
tok seg bryet å markere haldninga
si, sjølv om det ikkje hadde nokon
direkte politisk verdi. I september er KULTURBY: Ved
det lokalvalg, og om koalisjonen av problem og ve
catalonske nasjonalistparti får fleirtal, stnaren Antoni
spår mange at regionen står overfor dimensjonar.
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
interessa for Barcelona som feriemål eksplodert, og mange
da i Spania. Flott beliggenhet kan likevel ikkje vege opp for
ulmar i bakgatene.
ei sjølverklært autonom framtid.
Meir enn fotball
Så når det står “Més que un club” på drakta til fotballaget FC Barcelona, ligg det meir i det enn utanlandske
supportarar trur. Her i nord tenker me gjerne “meir
enn ein fotballklubb - det er ein pasjon” og liknande
store lovord om idretten. I Spania er det verkeleg
meir enn berre ein fotballklubb det handlar om; der
er det politikk. Når FC Barcelona møter erkerivalen
Real Madrid i storkampen El Clásico, handlar det
ikkje berre om å vinne fotballkampen. Med FC Barcelona som symbol på catalansk kultur og språk, er
kvart einaste poeng vunne over laget frå den spanske hovudstaden ein liten politisk siger som viser at
Catalonia ikkje overgir seg til det sentrale Spania.
Under overflata
Når ein går på strandpromenaden langs overprisa
turistrestaurantar og nyt solsteiken, er det lite som
tyder på alle konfliktane som bruser under den velstelte overflata. Men om ein får høve til å oppsøke
ein lokal café, gå ein tur i bydelane i utkanten av
byen og prate med lokale, vil ein få eit innblikk i dei
kompliserte spenningane som trugar det etablerte
systemet: konflikten mellom Spania og regionane,
konflikten mellom folket og den politiske eliten og
konflikten mellom Spania og EU som pressar på for
å sikre euroen si overleving. I tillegg lærer ein meir
om eit fascinerande land enn prisane på paella og
lokal vin - og kunnskap er nøkkelen til forståing når
ein lever i eit stadig meir globalisert samfunn.
Helsingar frå
Julie Arnfred Bojesen
d eit nærstudie er Barcelona ein interessant miks av politiske
erdskultur. Parc Güell, designa av den surrealistiske kunGaudí, fortryllar turistar med fargar og former av uverkelege
Til Ryfylke
Rådhusgata 1
4200 Sauda
Norge
5
6
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Velkommen til
påskekos i sentrum
Foto: Bente Rasmussen
Barne
Program
Nilsemann
Mr. Podsoll
Mandag 30. mars:
Kl. 09.00 – 19.00
Kl. 12.00 – 17.00
Kl. 16.00 – 19.00
Butikkene byr på hyggelig påskehandel
Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning
Barnedisko og aktiviteter i teltet. GRATIS INNGANG
Tirsdag 31. mars:
Kl. 09.00 – 19.00
Kl. 12.00 – 22.00
Kl. 17.00
Kl. 18.00 – 22.00
Kl. 22.00
Butikkene byr på hyggelig påskehandel
Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning
Påskequiz i teltet
Allsang og afterski-stemning m/Nilsemann i teltet
Mr. Podsoll spiller på Kløver
PÅSKEQUIZ
Mer
påskeinfo:
Les dagens
Ryfylke.
ÅPNINGSTIDER
Fullbooket
Du er hjertelig velkommen
til å være publikum.
Her blir det servering,
allsang og afterski-stemning.
Mandag 30/3
Tirsdag 31/3
Onsdag 1/4
Påskeaften 4/4
Sentrum
Coop Marked
Kiwi og Coop Extra
09.00 - 19.00
09.00 - 19.00
09.00 - 17.00
09.00 - 15.00
09.00 - 18.00
09.00 - 18.00
09.00 - 17.00
09.00 - 15.00
08.00 - 22.00
08.00 - 22.00
08.00 - 22.00
08.00 - 16.00
Forbehold om enkelte ulike åpningstider
I SAUDA SENTRUM KAN DU OGSÅ KOSE DEG MED BL.A. DETTE:
• Klesbutikker
• Sko
• Bakeri
• Sport
• Elektro
• Apotek
• Kafeer
• Restauranter
• Frisører
• Velvære/pleie
• Leker
• Helsekost
• Dagligvare
• Optiker
• Overnatting
• Vinmonopol
• Byggevarer
• Bokhandel
• Møbler
• Foto
• Interiør
• Konditori
• Blomster
• Kjøkken
• Gatekjøkken
Påskeavis
7
Fredag 27. mars 2015
Butikken er full av flotte vårvarer.
Velkommen!
Tara skishop Sauda Skisenter
BALUBA
÷50%
Tara-teltet er fylt opp
med varer fra
Åpningstider:
Mandag - onsdag
Torsdag
Fredag
Lørdag
09.00
09.00
09.00
10.00
–
–
–
–
17.00
18.00
17.00
15.00
Åpent hver dag i påsken.
GAVE KORT
Sauda Handelsforening
Designsolbriller
T
GAVEKOR
Klokker
g
renin
Sauda Handelsfo
• Møbler til
hus og hytte
• Dyner
• Puter
• Interiør
Briller/linser
Klokker fra bl.a.
Hagemøbler og vårens trender
er på plass i butikken
HUSK!
Stor garnavdeling
Fagmøbler Sauda
Skulegata 6, Sauda, telefon 52 78 39 77
Tlf. 52 78 32 25
Åpent: mandag - onsdag + fredag 09.00 - 16.00,
torsdag 09.00 - 18.00, lørdag 10.00 - 15.00
www.fagmobler.no
8
Fredag 27. mars 2015
Påskeavis
KAN SITT FAG: Sterke resultat i nasjonale og internasjonale renn gjorde
sitt til at Jorunn Øye Rossebø mellom
anna var aktuell for å gå verdscuprenn
i langrenn i 2007. Sjølv om ho aldri
tok det berømte siste steget har ho
bevart interessa for og gleda over å
kunna gå på ski. Ei interesse ho gjerne
vil at fleire skal få glede av.
r
o
f
k
k
i
n
k
e
t
i
Sk
s
e
i
m
m
du
Tore Bastlien Dahl
tore@ryfylke.net
Tidlegare toppløpar
Jorunn Øye Rossebø viser
deg korleis du går frå å
vera eit fjolls til fjells til å
bli helten i løypa.
Påskeavis
D
et blir hevda at nordmenn er
født med ski på beina. Likevel,
ikkje alle blei født med desse treplankane festa til kroppen. Berre
spør nokre av dei som arbeider i
Ryfylke sin redaksjon. Medan nokre
har medaljar frå krinsmeisterskap
i langrenn, vel andre å utbasunera
sitt hat mot snø og si frykt for det
å gå på ski. Ja, enkelte har faktisk
problem med å ferdast på ski sjølv
på flataste marka. Men frykt ikkje. I
samarbeid med Jorunn Øye Rossebø
har Ryfylke laga ei lita innføring i
grunnleggande skiferdigheiter for
dei som måtte trenga det. Dermed
skulle årets påske vera redda for dei
fleste.
E
in føresetnad for å kunna finna
glede i naturopplevingane og
mosjonen langrenn og skiturar generelt kan gi, er sjølvsagt å gå til innkjøp av eit par ski, med tilhøyrande
skisko og stavar. Kva ski som passar
nett deg vil variera, men om ein har
tankar om å gå i oppkøyrde spor må
ein sjå til at skia ikkje er for breie.
– Du må sjølvsagt kjøpa deg eit
skipar som er berekna for deg. Lengd
og spenn i skia varierer, men ein tommelfingerregel er at ei klassisk-ski
skal vera omlag 20 centimeter lengre
enn høgda til personen. Toppen av
stavane skal vera i høgd med armhola di, forklarar Øye Rossebø, som
minnar om at dei fleste sportsforretningar har dyktige seljarar som
finn rett utstyr til kvar enkelt.
– Og så må ein hugsa på at dyrt
ikkje alltid er best. Ein må finna det
nivået som passar kvar enkelt både
når det gjeld ferdigheitnivå og kor
ofte ein skal bruka skia, framhevar ho.
F
ør me går nærare inn på dei konkrete tipsa for å bli betre på ski er
det naturleg å spørja saudakvinna,
som på byrjinga av 2000-talet var
mellom skiløparane som til tider
pusta dei norske landslagsutøvarane
i nakken, om kva som er så bra med
å gå på ski.
– Først og fremst er det jo veldig
bra for kroppen. Det er ei treningsform som ikkje utset kroppen for
unødig belastning i form av slag og
støyt, svarar Jorunn Øye Rossebø,
raskt og kontant.
– Dessutan er det ei flott mulegheit for å komma seg ut og oppleva
naturen, i staden for å sitta inne og
ergra seg over all den kvite massen,
supplerer ho.
O
m ein er lite van med å gå på
ski anbefalar ho folk å oppsøka
oppkøyrde løyper i slakt terreng i
byrjinga. Dette for at utfordringa
ikkje skal bli for stor.
– Ein må ha ei realistisk tilnærming til sitt eige nivå før ein byrjar
å gå på ski. Det er ingen vits i å
gå birkebeinaren eller springa til
høgaste nuten med ein gong. I starten handlar det om å finna følelsen,
balansen, på skia. Og ein må sjølvsagt
øva. Øving gjer meister, peikar den
tidlegare toppløparen på.
N
år ein så har fått på seg ski
og stavar og funne balansen
handlar det om å bruka kroppen
for å skapa fart på skia. Ein bruker
vekselvis høgre arm, venstre fot og
venstre arm og høgre fot, såkalla
diagonalgang. Når høgre bein sparkar frå, skyv ein frå med venstre stav,
samstundes som høgre stav førast
fram til nytt tak. Det same gjeld for
venstre bein. Her er det viktig å finna
ein god rytme og gli på skia for å få
flyt i framdrifta.
Eit godt tips her er, ifølge Øye Rossebø, å gå på skia som ein skulle ha
gått på beina.
– Fram med hofteleddet, opp
med overkroppen, litt knekk i knea
og tyngdepunktet skal vera over
tåballane. Då kjem ein over skia,
som me seier på fagspråket, og det
blir lettare å halda balansen både
bortover og ikkje minst nedover,
forklarer saudakvinna,
– Ein typisk feil er at mange blir
redde og stivnar i kroppen, då aukar
faren for at ein mistar balansen,
utdjupar ho.
Fredag 27. mars 2015
9
BALANSETRENING: Å trena utan stavar kan vera ein god måte for å bli
betre på ski. Om ein gjer øvinga rett vil ein kjenna korleis tyngdeoverføringa påverkar fråsparket og framdrifta på skia. Dessutan er det god
balansetrening.
E
in annan ting som er viktig både
for balanse, feste på skia og farten
ein oppnår, er tyngdeoverføring.
Dette er alfa og omega for dei vidarekomande innan sporten. Jorunn
Øye Rossebø fortel at ho ofte ser
folk som hamnar med tyngda midt
mellom skia, då blir både fråspark
og feste dårlegare enn om ein får
tyngda over på skia ein sparkar frå
med. Særleg gjeld dette i motbakkar der ein må få fram skia og vera
rett i overkroppen dersom ein skal
få godt feste.
– Poenget med festesona (smøresona, red.merk.) er at denne skal trykkast ned mot underlaget i fråsparket og såleis sørga for at skia festar
seg og ikkje berre glir rett bak når
ein sparkar frå. Då eg trente aktivt
hugsar eg at trenaren min fortalde
meg at eg måtte gå som om det var
hoftene som var beina mine. Ved å
bruka hoftepartiet aktivt, og rett
og slett vrikka litt på rumpa, vil ein
få mykje meir ut av kvart fråspark,
framhevar ho.
UTVIKLING: Langrennssporten har utvikla seg mykje opp gjennom åra.
Staketeknikken er eit godt døme på dette. Medan ein tidlegare strekte
armane ut i full lengd og bøygde seg ned mot skituppane for å skapa
kraft, har ein i dag stavane mykje meir inn mot sjølve overkroppen og
ein bruker raske, korte bevegelsar for å skapa mest muleg fart.
S
jølv på flataste marka, der ein
bruker staketeknikk for å ta seg
fram, kan mange ha mykje å henta
på å bruka rett teknikk.
– Eg ser mange som overdriv bevegelsane veldig i staking. Dei hiv seg
framover og bøyer seg mest ned
i snøen i iveren etter å skapa fart.
Faktum er at dette ikkje er den mest
optimale teknikken, forklarer ho.
Den tidlegare toppløparen fortel
at dei beste langrennsløparane i dag
bruker mykje kortare, men kjappare
stavtak når dei skal nå høg fart i staketeknikken.
– Dei set stavane i bakken omlag
30 centimeter frå brystkassen. Dette
gjer at ein skaper mykje meir kraft
og ein får brukt mykje meir av overkroppen og kjernemuskulaturen enn
tidlegare, utdjupar Øye Rossebø.
Ho samanliknar dei to teknikkane
med det å bera handleposar etter
armane. Dersom du held posane
langt framføre deg blir du raskt
sliten, du skaper lite kraft. Men
dersom du held dei nærare kroppen vil du skapa meir kraft og kunna
halda dei lenger.
M
ed desse tipsa i bakhand skulle
det med andre ord ikkje finnast
nokre unnskuldingar for å ikkje koma
seg ut på ski i påska. Uansett, det
viktigaste når ein går på ski er, ifølge
Jorunn Øye Rossebø, at ein har det
kjekt og kjem opp av sofaen.
– Skigåing er som med andre idret-
tar, du finn ditt nivå. Ein treng ikkje
å rasa rundt i løypenettet med 200
i puls. Gå deg ein tur som du synest
er passe og ta med deg litt godt i
sekken, så er det bare å setta seg i
solveggen og nyta turen, oppmodar
Jorunn Øye Rossebø.
10
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
God påske!
Kontakt oss
for blant annet:
Til alle som ferdes i Saudefaldene sitt reguleringsområde:
På grunn av tapping fra våre magasin og varierende vasstand er det
stor fare for usikker is, spesielt langs land og ved innløp og utløp av
magasina. Husk at snøen kan skjule store sprekker, groper og rasfarlige
isblokker.
Kraftliner: Dersom det er mye snø kan det være liten avstand til
strømførende kraftliner. Det er viktig å holde avstand.
Se nettportalen www.varsom.no for mer informasjon om usikker is og
andre farar ved ferdsel i naturen.
– Ferdigbetong
gjerne levert med pumpe
– Grus og jord
til gårdsplass og plen
– Betongarbeider
murer, trapper, fundament
– Graving og sprengning
til veier og tomter
ADVARSEL
Tlf. 52 78 54 00
www.brselvik.no
OBS! Det er tynn og snødekt is på regulerte vann. Holmavatnet har
spesielt dårlig is på grunn av tidlig tapping av magasinet.
GOD TUR!
LEILIGHET?
HYTTE?
HUS?
TOMT?
Ny hytte i Sauda?
Kontakt
Hellvik Hus Sauda har ALT!
Tlf. 52 78 59 20 - post@ryfylkebygg.no
www.ryfylkebygg.no
Møt oss på Gamle Torgplassen
mandag og tirsdag i påsken.
Hellvik Hus Sauda v/Ivar Johannes Handeland, telefon 479 06 276, hellvikhus.no
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Joggesko til jr.
Påsken på Sjøen 12
199,-
Fra
(Sauda Fjord Camping)
Fredag 27/03:
Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen
Ady’s Trio Band - Live music
Joggesko til sr.
Lørdag 28/03
Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen
Ady’s Trio Band - Live music
Fra
Tirsdag 31/03 - PIZZA-buffet
Kl. 14.00 – 18.00.
(125,- voksne, 65,- barn)
299,-
Swix
alpinhanske
Onsdag 01/04 - KOMLEMIDDAG
Kl. 14.00 – 18.00.
(125,- voksne, 85,- barn)
Nå
Torsdag 02/04 – FILIPINO-buffet
Kl. 14.00 – 18.00.
(215,- voksne, 115,- barn)
399,før 699,-
Adidas joggesko
Fredag 03/04 - TACO-buffet
Kl. 14.00 – 18.00.
(165,- voksne, 90,- barn)
Nå
Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen
Ady’s Trio Band - Live music
Lørdag 04/04
Kl. 21.00 – 02.00: Baren er åpen
Ady’s Trio Band - Live music
599,-
Head alpinski
m/binding sr.
Mandag 06/04 – GRILL-buffet
Kl. 14.00 – 18.00.
(215,- voksne, 115,- barn)
999,-
Nå
Alpinpakker
Freia
Fra
sjokoladedrikk
Saudasjøen
11
-30%
Utvalgte Sætre kjeks
1499,-
Diamant 24"
1999,-
Diamant 26"
-30%
Maarud chips
Cola og Fanta
1,5 ltr.
2 for 35,-
2 for 50,-
Håper du
stikker innom
Nå
3999,før 6999,-
r en vellykket
Vi har det meste fo
ifeller,
påsketur. Husk sk
universalbriller, gamasjer og
noe.
klister for å nevne
på
God påske fra oss
G-Sport Sauda.
T
GAVEKOR
forening
Sauda Handels
G-sport Sauda
Tlf. 52 78 23 92
Brugata
12
Fredag 27. mars 2015
Påskeavis
enkel
turmat
fylte lefser
Foto: Bente Rasmussen
ingrediensar
1.
Tortillalefser
Tine krydderost, chili og lime
Hjertesalat
Prior kyllingpålegg (grill)
Paprika
Vårløk
2.
Tortillalefser
Philadelphia smøreost, kvitløk og urter
Spekeskinke
Ruccolasalat
Rødløk (kan sløyfast)
Linne og Otilie´s pizzaboller
Smør lefsene med smøreost.
Legg på salat, pålegg, løk og paprika.
Rull saman lefsa og del ho opp
i fine, små bitar.
Fest med tannpirkar
(hugs, utan fluor).
2,5 dl vatn
2,5 dl mjølk (kan byttast ut med vatn)
6 dl kveitemjøl
2 dl byggmjøl (kan byttast ut med kveitemjøl eller annan mjølsort)
4 dl fibra fullkornskveitemjøl
2 ss kokosolje (kan byttast ut med olivenolje)
1 ts salt
1 pose tørrgjær
Du kan sjølv velge kva du ønsker
å fylle lefsene med, men ein god,
smaksrik kremost i botnen
er å anbefale.
Du vel det du har av
ingrediensar i kjøleskapet.
Eit godt alternativ til pålegg er
røykelaks.
Fyll:
1/2 boks creme fraiche skal blandast med litt salt, pepar, oregano og kvitløk etter ønske.
Skjer opp ein boks cherrytomatar.
Spekeskinke eller pepperoni skal skjerast opp.
Varm væska til ca. 37 grader. Ha olje, salt og tørrgjær i vatnet, rør til gjæren er oppløyst. Ha i mjølet,
litt om gongen (spar gjerne litt til utbakinga). Elt godt. Hev deigen i ca. 30 min. Kjevle ut deigen i
ein rektangulær leiv, ca. 2 cm tjukk. Smør creme fraiche-blandinga på. Strø deretter på spekeskinke/
pepperoni og ost. Rull saman deigen, skjer rullen opp i ca. 3 cm tjukke skiver. Sett pizzabollene på
steikebrett med bakepapir. Etterhev i ca. 15 min. Skal steikast ved 225 grader i ca. 15 min.
Håpar det smakar!
Lukke til og god tur!
Linne og Otilie Herheim Egge. (Foto: Monica Herheim)
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
13
Mat som
varmar
Kokk og innehavar av Ryfylke Mat,
Nicholas Guindani, gir deg nokre
enkle og lettvinte tips om kva du kan
ha med deg i tursekken og som garantert fell i smak hos både store og små.
Tore Bastlien Dahl
tore@ryfylke.net
Guindanis vintersuppe
Dette er ei suppe som er god å varma seg
på når du er ute på tur, samstundes som det
ikkje inneber for mykje arbeid. Eit godt tips
er å laga den ferdig heime og ha den med på
termos. Varm og god suppe som er klar til
servering på null komma niks. For dei meir
garva kan ein også klargjera mesteparten
av ingrediensane på førehand og koka suppa
på anten bål eller primus ute i skogen.
Ingrediensar
4-5 stk gode pølser.
3 stk gulrøter.
1/2 sellerirot.
4 stk pastinakk.
1/2 kålrot.
Timian.
Salt og pepar.
Kraft eller buljongterningar.
Skrell og del grønsakene i passe store
bitar. Kok dette opp i ei god kraft, eller
bruk buljongterningar og vatn.
La det småkoka i 8-10 minutt, før du tar
i timian og pølser skore i bitar. Smak til
med salt og pepar.
Varier gjerne med andre grønsaker, pølser,
kjøtbollar og urter!
Pølse med brød
Pølser grilla på bål er ein klassikar som aldri går av
moten og som barna elskar. Ta med deg ein pakke
grillpølser frå ei daglegvareforretning, men lag brødet
sjølv. Det set ein ekstra spiss på måltidet.
Ingrediensar, 15 pølsebrød:
6 dl kveitemjøl.
2 dl sammalt kveitemjøl.
1/2 pk tørrgjær.
1 ts salt.
2,5 dl kaldt vatn.
2 ss olje.
Bland alle ingrediensane til brødet saman i ein bolle
til du får ein fin deig. Juster med kveitemjøl. Ha deigen
i ein pose og ta den med på tur!
Det er lurt å steika pølsene litt før du snurrar deig
rundt, gjerne på ein pinne. Steik dei ferdig over bål,
men ver tålmodig så det ikkje svir seg. Når deigen
har fått ein jamn, gylden farge kan dei nytast rett frå
pinnen. Om ein ønsker ein ekstra piff på deigen kan
ein tilsetta litt urter eller raspa kvitløk.
God tur!
14
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Saudafjella - frå sør til
nord - i merka løyper
Svandalen
Bjødnahålene
Start frå nybegynnarheis og følg til
venstre ned mot bru. Ein rundtur mot
Hauane hyttefelt før den vender tilbake. Kan gåast begge vegar frå brua.
Lyngmyr skianlegg
Foto: Per Inge Fjellheim
Djuvsbotn
Start frå nybegynnarheis og følg til
venstre opp trasé i barneheisen. Deretter langs elva og kryssar over bru og
vidare opp mot hyttefelt i Djuvsbotn.
Herfrå kan ein følge merka løype rundt
Botnanuten eller følge same trasé
ned igjen.
Sauda Skisenter - Botnanutane
Start frå skisenteret og følg same trasé
til Djuvsbotn. Traséen går vidare oppover til venstre og rundar Botnanutane
i lett terreng tilbake til Djuvsbotn og
vidare i same trasé ned til baseområdet
i skisenteret.
Smalanuten (heis 2) - Tjuvanuten
Følger trasé til høgre og går i slak
motbakke til toppen av Tjuvanuten
og deretter koplar han seg på trasé
til Botnanuten rundt.
Frå Sauda følger du rv 520 til Saudasjøen, her tar du av til høgre like etter
tunnelen ved skilt mot Ivarsrød og
Tveittunet. Det er omlag sju kilometer
frå Sauda sentrum til parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet. Nordstøldalen er eit lunt og fint dalføre å gå i, og
skogen skjermar godt mot vêr og vind.
Frå parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet kan du følge vegen innover mot
Nordstølen og vidare mot Storevassbu.
(Her har Haugesund Turistforening
ei sjølvbetjent hytte). Vidare kryssar
ein elva og går på andre sida nedover
mot Lia, tilbake til Skeivaflåta og ned
att til Brekkestølsbråtet.
Rundturen er omlag åtte kilometer
og går unna på 1-1,5 time.
Parkering m.m.
Rimeleg god parkeringskapasitet.
Skiløypene i Nordstøldalen er knytta
saman med Lyngmyr skianlegg, slik
at ein kan følge merka løype mellom
desse to turområda, så sant det er snø
nok til dette.
Parkering
Svandalen har god kapasitet når det
gjeld parkering. Det går elles skibuss til
skisenteret kvar føremiddag og retur
om ettermiddagen.
Ta av mot Sauda Skisenter og følg
vegen oppover ca. ein kilometer. Ta
av til høgre (skilt Lyngmyr Skianlegg).
Lyngmyr byr på eit løypenett med tilsaman 7,5 kilometer med preparerte
løyper. Passar godt for småbarnsfamiliar. Anlegget har tre kilometer lysløype.
Usikre snøforhold seint på vinteren.
Løypene på Lyngmyr er knytta opp
mot løypene i Nordstøldalen.
Parkering
Gode parkeringsmulegheiter.
Rondehaugen
Utsiktspunktet ligg 480 meter over
havet og har utsikt over Sauda og
Saudafjorden.
Ligg i Brekkeheia. Ein kan gå opp frå
Brekke og frå Rød. Begge stader er løypa
godt skilta. Turen egnar seg best utan
ski på beina.
Foto: Oddvar Årthun
For tilreisande er Svandalen, omlag
fem kilometer frå Saudasjøen, best
kjent som utfartsstad for alpinistar og
snøbrett- og telemarkskøyrarar. Men
fjellheimen sør og aust for skisenteret
er òg eit eldorado for dei som svergar
til ”bortoverski”. Om snøforholda tillet
det, blir det merka/oppkøyrt fire løyper
i Svandalsfjella.
Nordstøldalen
Foto: Bente Rasmussen
Foto: Eilin Åbø Haglund
Skisport i Sauda dreier seg ikkje berre om alpine aktivitetar.
Fjella og dalføra i Sauda-traktene kan ôg by på ei mengd varierte
løyper for turskientusiastar.
Løypa opp frå Brekke er 1,3 kilometer
og er enkelte stader svært bratt.
Løyperekordane opp er 16.03 (menn)
og 18.11 (kvinner). Ein barnefamilie
treng nok ein times tid opp.
I topp-året 2014 blei det registrert
9 663 besøk.
”Åbødalen rundt”
Turen startar og endar ved Jeskedalsbrua. Følg vegen opp Nipbakkane inn til
Buer. Her viser løypestikkene den vidare
ruta over mot Bakkasida og nedover til
ein kjem inn på vegen som går nedover
til Jeskedalen att.
Løypa er omlag ti kilometer lang og
går, med unntak av Nipbakkane, i flatt og
småkupert terreng og blir karakterisert
som barnevennleg. Denne rundløypa
kan ein gå begge vegar!
På Knaggamyra eller på Buhidler kan
ein velje å forlenge turen ved å gå merka
løype innover Buerflatane og opp til
brua ved Takhidler. Her kryssar ein elva
og går nedover att på andre sida. Denne
rundturen er ca. fem kilometer lang.
Det er bok på Via der ein kan skrive
seg inn.
Nasjonalen
Følg oppkøyrt løype til Buer. Her dreier
ein kursen til høgre opp Moringdalsbrekka og Moringdalen til Fjotene, her
er løypa merka. Frå Fjotene er løypa
oppkøyrt/merka og går rundt Buernuten og Liasetnuten til Vatndalsvatnet.
Her har ein to val, anten å følge over
til Herheimsdalen og ned til Fiveland
(oppkøyrt løype) eller følge merka løype
vidare ned til Liaset og ta deg tilbake
til utgangspunktet i Jeskedalen (parkeringsplassen). Siste del ned mot Tråskår
er relativt bratt (ikkje å anbefale for
barn).
Myrane rundt
Start i samme trasé som Åbødalen
rundt. Løypa er oppkjørt og spora. Ta
til venstre ved Storemyr og følg trasé
inn langs elva i retning Buer. Følg trasé
ned mot Storemyr/parkering Jeskedalen. Alternativet er å følge motsett veg.
Parkering
Åbødalen: Gode parkeringsforhold i
Jeskedalen.
Herheimsdalen/Austarheimsdalen
mot Fjotene. Frå Fjotene og ned til
Buer (Åbødalen) er løypa merka.
Parkering
Liten, men grei parkeringsplass.
Foto: Linda Merethe Lie
Start frå Fiveland og følg veg innover til Herheimsdalen. Før Fetavatnet
dreier løypa til venstre i lett stigning
inn mot Austarheimsdalen. Her kan
ein følge merka løype over til Åbødalen
(Tråskår) eller vidare i oppkøyrt løype
Maldal
Reinsvatnet
Start frå parkeringsplassen i lett stigning oppover mot Maldalsstølane.
Vidare går løypa oppover til Reinsvatnet. Ved utløpet av vatnet snur
ein mot høgre i retning Vardanuten.
Foto: Kai Saua Årthun
Frå Sauda sentrum følger du skilt til
Åbødalen. Vegen går vinterstid til parkeringsplassen i Jeskedalen, ca. åtte
kilometer frå sentrum.
Løypa går i ein runde og snur ned mot
Maldalsstølane og same trasé ned til
parkeringsplassen.
Parkering
Gode parkeringsforhold.
15
Foto: Torunn Djuvik
Åbødalen
Fredag 27. mars 2015
Slettedalen
Følg rv 520 retning Røldal. Like før Hellandsbygd tar du av til venstre, vegen
er skilta til parkeringsplass ved skiarenaen i Slettedalen. Dalføret ligg omlag
23 kilometer frå Sauda sentrum. Delar
av løypa er opplyst kveldstid.
Slettedalen er også utgangspunkt
for lengre turar i fjellområdet mot
Seljestad og til Haugesund Turistforening sitt løypenett.
Slettedalen rundt/Torvøynå
Følg oppkøyrde spor frå parkeringsplass på venstre sida av vatnet mot
Indrejordet. Her er det lett og barnevennleg terreng. Her har du to alternativ; anten at du følger merka/oppkjørt
løype til venstre, ca. seks kilometer tur/
retur til Torvøynå, ca. ein times gange.
Det andre alternativet er å fortsette
vidare rundt vatnet. Her vil ein då møte
nokre fleire stigningar. 14 kilometer
rundt Slettedalsvatnet/ca. 2-2,5 time.
Det er bok på Indrejordet der ein
kan skrive seg inn.
Ønsker ein å ta seg fram utanfor oppmerka løype kan vi anbefale Kyrkjenuten (1 602 moh). Eit anna alternativ er
Nevroldsnuten, kor ein har ei fantastisk
utsikt over heile Ryfylke.
Minnehaugen
Start frå parkeringsplass på høgre
side (lysløype), følg vegen tilbake mot
Hellandsbygd og vidare rundt opp og
parallelt tilbake rundt turisthytta. Så
ei lita stigning mot Minnehaugen før
ein renn ned og tilbake til start. Lengde
omlag 1 400 meter. Lett terreng og
barnevennleg.
Parkering m.m.
Slettedalen skianlegg har fem kilometer lysløype, brytar er på idrettshytta.
Dusjmulegheiter og toalett i idrettshytta. Parkering til om lag 200 bilar.
NB! Slettedalsvatnet er regulert.
Foto: Per Inge Fjellheim
Foto: Jon Hansen
Påskeavis
Breiborg
Rv 520 frå Sauda, retning Røldal, ca.
20 kilometer frå Sauda. Breiborg har
mange fine mulegheiter for friluftsliv
både sommar og vinter og kan by på
variert skiterreng vinterstid.
Tverrdalsheia der ein kan skrive seg inn.
Herfrå går turen i lett og fint terreng
tilbake og ned mot fjellstova.
Turen er ei snau mil lang og tar ca.
1,5 time.
”Nasjonalen”
Nasjonalen må ikkje forvekslast med
turløypa med same namn i Åbødalen!
Dette er ei merka og oppkøyrt løype
som startar ved Breiborg Fjellstove
og går inn mot Breibotn. Vidare dreier
den til høgre (sørover) mot Tverrdalen
og over Tverrdalsheia. Det er bok på
Parkering
Langs vegen frå turisthytta til bommen
før Tverrdalen er det gode parkeringsmulegheiter.
Obs:
Nasjonalen er lagt noko om grunna
usikre vatn.
Fjellvettreglane
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
Legg ikkje ut på langtur utan trening.
Meld frå kor du går.
Vis respekt for vêret og vêrmeldingane.
Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar.
Lytt til erfarne fjellfolk.
Bruk kart og kompass.
Gå ikkje åleine.
Vend i tide, det er inga skam å snu!
Spar på kreftene og grav deg ned i snøen om nødvendig.
All ferdsle er på eige ansvar!
16
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Påskeferie
- i Sauda sentrum
I påsken gir vi
Green Tea Dusjsåpe
500ml. Verdi 425,-
÷20%
nå 149,-
på deilige
Klippan-pledd
Green Tea Honey Drops
500ml. Verdi 590,-
nå 299,-
Green Tea Bodylotion
500ml. Verdi 550,-
nå 149,-
Max Factor
Make Up og
L’Oreal Make Up
Ta
Følg oss på
3 betal for 2
PÅSKEKUPP
Rester av vintervarer
÷75%
Deksel:
• Ipad
• iPhone
• Mobilar
Tlf. 52 78 33 32
Apple TV
- leig film direkte til TV
Powerrocks;
ekstra batteri
til nettbrett og
mobil
Utvalgte utstillinger opptil
KUPP!!!
ng
Sauda Handelsforeni
Her kan du bruke
sentrumsgavekortet
(Alf Selvig a/s)
KUPP I KJELLEREN
iPad Air
Ryddesalg
- utruleg tynn, utruleg lett
Pinell DAB / Internett radio
Lytt til kva du vil, når du vil.
T
GAVEKOR
50%
Alle salgsvarer
÷70%
IT & SUPPORT
Fagmøbler Sauda
Tlf. 52 78 32 25 • www.fagmobler.no
Godt utval i det du treng av PC, Apple og
nettbrett. Treng du hjelp til data, overvaking,
eller IT-problem?
Elektrobutikken på kaien
Me har IT-teknikarar som kan hjelpe deg med
det meste innan data.
Me sel
parabol
og
abonnement.
• Kvitevarer
• Radio/TV
Velkommen
innom
yr
ilutstbutikkane
• Data/mob
våre
på
Sand
eller
• Småelektrisk i Sauda!
på alle
bålpanneprodukter
fra
Tilbudet varer f.o.m.
28.03.15 – 04.04.15
NB! Butikken i Sauda fører kvitevarer og TV
Ta turen innom for en
Felles telefon:
52 79 06 65
hyggelig påskehandel!
-20%
www.bok-it.no
Tlf. 52 79 06 67
sauda@bok-it.no
Sauda
Påskeavis
Kari Traa rose
Før 799.- Nå
499,-
Bukse
Før 699,- Nå
499,-
Knerten smørefrie ski m/binding
499,-
Fredag 27. mars 2015
17
e
• Jernvar
• Hytte
• Propan tid
ri
• Tur og f
G-sport Sauda
Tlf. 52 78 23 92
Butikken er full av vårens nyheter!
Velkommen til en
hyggelig påskehandel.
Toms Shoes
Line of Oslo
Barfota
Please
Elisa Cavaletti
Fitpflop
R&L Fashion
Vi kjører ut varer til deg i Sauda kommune.
Sjekk ut våre gode tilbud på vår nettside
www.leifmoe.no. Tlf. 52 78 21 75.
Tlf. 52 78 48 00
Green
Chemistry
Beauty
Fargerike feirer vårsola
med hete tilbud
VI KAN TILBY
Mat på tur? Hva med:
nistepakke m/valgfri drikke til 52,Napoleonskake
m/kaffe, te eller varm sjokolade til 55,Stort utvalg i påskemarsipan.
PÅSKEAFTEN 4/4:
varm frokost m/bacon, eggerøre,
liten juice, kaffe og valgfritt brød til 62,-
Rådhusgata 22 - tlf. 52 78 22 48
18
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
a
r
F
p
a
r
d
Kven
S
jølv om den pensjonerte etterforskaren Tore Sandberg i år
hadde bestemt seg for å dra til
varmare strøk i påska hadde han
ei underleg kjensle av at ikkje alt
kom til å gå som planlagt.Tidlegare
år hadde han slappa av i den bygda
han etterkvart hadde blitt kjent
med på godt og på vondt, Sauda.
Slappa av var vel å ta vel hardt i.
Han hadde måtta løysa fleire mordgåter i den vesle bygda dei siste
åra. Men sjølv om dette på ingen
måte var ferie var det avslapping
for Sandberg. Han nøyt at nokon
var avhengige av hans mangeårige kompetanse og ikkje minst
at han kunne bistå med kløkt og
kunnskap der dagens politi ikkje
strekte til. Medan han sat og tenkte
tilbake på dei siste åra tok han seg
sjølv i å undre på om han faktisk
ønska å reise nokon andre stader
enn til Sauda i påskehøgtida. Han
fekk ikkje avslutta tankerekka før
telefonen ringde.
E
i kvinnestemme høyrtest i andre
enden. Dialekta var noko kjent,
men stemmen hadde han ikkje
høyrt før. Kvinna presenterte seg
som Siri, lensmann i Sauda og
Suldal. Sandberg smilte.
– Dei treng meg, konkluderte han
nøgd inni seg.
Og han hadde rett. Eit nytt mysterium hadde råka Sauda.
B
illetten som skulle ta han til
sol og varme blei utsett. Sandberg var einig med seg sjølv om
at oppklaring av eit mord ville
varme han meir. Dessutan hadde
Sandberg registrert at Sauda var
inne i ein godvêrsperiode, då byen
hadde vore velsigna med sol i fleire
dagar. Seks timar seinare svingte
han opp foran hytta si. Der stod
alt lensmannen og venta på han.
Sandberg hadde ingenting imot
at ho var kvinne. Han bestemte
seg for å skru på sjarmen.
–J
avel, så de har behov for
hjelp? fiska han, svolten på
kompliment.
– Ja, eigentleg burde vi vere i
stand til å ordne opp i dette sjølv,
men i år har eg gitt fleire av dei
tilsette her påskeferie. Kven hadde
trudd at noko så forferdeleg skulle
skje...
Sandberg var skuffa. Han hadde
forventa at han var blitt kontakta
på grunn av sin ekspertise, ikkje for
at han var ein kven som helst pensjonert etterforskar som kunne trø
til i ein krisesituasjon. Han klødde
seg i hovudet. Det fekk vere greitt.
Han rekna med at pipa kom til å få
ein annan lyd etter at han hadde
løyst drapsgåta. For så sjølvsikker
var Sandberg. Gåter var til for å
løysast og han var rett mann på
saka. Dessutan var det å imponere
ei vakker kvinne motivasjon i seg
sjølv.
D
et viste seg at det var funne
ein død mann på eit hotellrom
i sentrum, nærmare bestemt på
Kløver Hotel. Innehavaren var ikkje
å sjå då Sandberg og lensmannen
entra lobbyen. Det tok imidlertid
ikkje lang tid før ein kortpusta,
halvstressa mann i kvit skjorte og
mørk bukse kom halsande gjennom svingdøra bak resepsjonen.
– Kan eg hjelpa dåkke med någe?
spurde mannen på stavangersk.
Sandberg betrakta mannen,
slik bare ekte etterforskarar har
eit blikk og ikkje minst talent for
å gjere. Siddisen, som etterkvart
viste seg å heite Jan, presenterte
seg som eigar av hotellet. Han fortalde at han sjølv hadde funne den
døde personen då han vaska eit
av romma.
– Vaska romma? Er ikkje du eigar?
ville Sandberg vite.
– Sånn e det. Ein må stå på. Det
jørr seg sje sjøl. Eg vaske, rydde, står
i resepsjonen, i baren, lage mad,
ja, det mesta, egentligt. Eg lige å
jobba, påstod Jan.
Sandberg var ikkje sikker. Var
denne mannen ei energibombe
av dei sjeldne eller hadde han blitt
så lei av storkrevande hotellgjester
at han hadde bestemt seg for å
markere eit poeng ein gong for alle?
J
an viste etterforskaren og lensmann Siri opp til hotellrommet der udåden skulle ha skjedd.
Ifølge hotelleigaren var ingenting i
rommet fjerna eller flytta på etter
at mordet blei oppdaga. For det
var eit mord. Det var det ikkje tvil
om. Mannen som låg på golvet
var blitt kvalt av eit laken, som nå
mangla i vindauget.
– Han va ein gjille mann, han
Frank, presiserte Jan.
– Å, du kjende han? spurde
Sandberg.
– Ja, Frank var innleigd konsulent
og med på starta opp Sauda Sentrumsutvikling. Det har vore behov
for å få litt mer liv og røre og isje
minst øga omsetningå i området
her, forklarte Jan, og la til at Frank
hadde særleg eitt ønske når han
overnatta på Kløver.
– Han sko alltid ha rom med
utsikt mod sentrumsgadene og
ønska alltid at det ikkje sko henga
gardine i vinduå. Han likte å sidda
i vinduet å pønska ud nye idear,
fortalde Jan.
I
følge lensmannen var den døde
mannen framleis varm då han
blei funnen i eitt-tida-dagen før.
Sandberg tenkte så det knaste i
dei små grå, både på innsida og
utsida av hovudet. Sentrumsutvikling... Var alle like begeistra for
det? Det var bare ein ting å gjere.
Han måtte ta seg ein tur opp i
sentrum. Han rynka på nasen av
tanken. Det å måtte bevege seg til
fots hadde aldri vore Sandberg si
største begeistring. Det fekk andre
ta seg av. Men, måtte han så måtte
han. Han hadde jo trass alt noko
å bevise.
I
nabobygget til hotellet var det ei
møbelforretning. Sandberg ville
høyre med dei tilsette der om dei
hadde sett eller høyrt noko mistenkeleg. Dama som helste på han då
han kom inn såg heilt forskrekka
ut då Sandberg forklarte kvifor han
var der.
– Eg hørte ditta. Det e jo heilt
forferdele! utbraut kvinna, som
heitte Vivian.
Sandberg heva det eine augnebrynet. Nok ei dialekt som ikkje
var lokal? Kva var det med Sauda
som gjorde at mange ville flytte hit
permanent? Han kunne forsåvidt
forstå det på ein dag som denne,
då sola skinte frå skyfri himmel.
– Kva var ditt syn på Frank, sentrumsutviklaren?
– Han var ein hyggeleg kar. Eg
hadde ingenting imot han, eg.
Men...
– Men, kva då?
Sandberg blei utålmodig.
– Nei, altså, det er jo litt skum-
Påskeavis
ank?
melt med nye ting. Frank hadde
ein del idear som var litt på sida
av det vi er vane med her inne, veit
du, sa Vivian.
S
andberg tenkte at det var på
tide å avlegge ein av dei mest
tradisjonsrike butikkane i sentrum
eit besøk. Det var jo nærliggande
å tru at drivaren der kunne vere
motstandar av det å gjere ting på
ein ny og annleis måte. Sandberg
trengte ikkje gå inn i butikken han
hadde kurs mot før eigaren møtte
han. Han stod nemleg på utsida og
prata med eit par eldre karar som
sat på ein benk. Latteren sat laust
og røvarhistoriene likeså. Sandberg
kremta for å få den merksemda
han meinte han fortente.
–E
r det du som er Steinar,
spurde han den yngste
mannen.
– Jo, det er vel det, svarte mannen,
som tydeleg hadde brukt litt tid
på å sette saman dagens antrekk
og ikkje minst fått lagt håret i ein
tilfredstillande sveis.
– Har du høyrt om at Frank Abelseth, konsulenten, har blir drept?
Steinar såg umiddelbart ned i
bakken.
– Det er det galnaste! Meiner
du det?
Sandberg blei brysk. Han gjekk
då ikkje rundt og spøkte om den
slags. Spøk var såvidt ikkje hans
sterkaste side uansett.
– Nei, det er sant. Var du i nærleiken av Kløver Hotel i dag føremiddag?
– Eg gjekk ein lengre tur med
hunden min, Egil. Eg hadde faktisk
tenkt å ete lunsj der, men eg fekk
ikkje tid. Så travelt på butikken,
informerte Steinar.
B
are tanken på lunsj gjorde Sandberg svolten. Men han hadde
dårleg tid. Det måtte skje fort. Han
hadde ikkje tid til å vente på å få
mat servert. Han såg at det låg ei
daglegvareforretning like ved klesforretninga til Steinar. Sandberg
gjekk inn på Kiwi og fann seg eit
par rundstykke og ei flaske cola.
Han hadde rett nok fått beskjed av
legen om å avgrense sukkerinntaket sitt, men det legen ikkje visste
burde han heller ikkje ha vondt av.
Då Sandberg skulle betale oppdaga
han at han hadde gløymt lommeboka si. Kvinna bak kassen såg noko
fortvila ut.
– Det er vanskeleg å hjelpe deg
Fredag 27. mars 2015
19
Linda Merthe Lie
linda@ryfylke.net
når eg ikkje kjenner deg, men la meg
høyre med sjefen. Butikksjefen er
eigentleg på ferie, men far hennar,
Ordin, er her. Han veit nok råd, sa ho.
Like etter viste ho ein høgreist
mann bort til Sandberg. Etterforskaren presenterte seg og la vekt
på yrkestittelen sin. At han var
pensjonert trengte ikkje Ordin å
vite. Sandberg var opptatt av at
han skulle sette seg i respekt og
ikkje minst få høve til å få med seg
maten nå, sjølv om han ikkje kunne
betale der og då.
– Det er du som er Sandberg, ja.
Eg har fått med meg kva som har
skjedd. Kven ville ha gjort noko slikt?
Og så mot Frank!
Ordin fortalde at han seinast
på føremiddagen dagen før hadde
prøvd å få kontakt med sentrums-
utviklaren, då han hadde noko han
ville ta opp med han.
– Då eg kom til hotellrommet
hans var døra ulåst, så eg gjekk inn,
men Frank var ikkje å sjå. Det var
bekmørkt i rommet. Eg venta litt,
men då han ikkje kom rekna eg med
at han hadde blitt hefta av i ein av
sentrumsbutikkane. Han har jo...
unnskuld, hadde jo, ein tendens
til å prate seg vekk, meinte Ordin,
og blei avbroten.
Ei kvinne stod bedrøva bak han.
– Eg kunne ikkje unngå å høyre
kva de snakka om og kven du er, sa
ho medan ho nikka mot Sandberg.
– Det var litt av ei snelle, tenkte
Sandberg i sitt stille sinn, før han
sette opp ei alvorleg mine.
– Solfrid, sa kvinna medan ho
rekte handa fram for å helse på
etterforskaren.
– Eg møtte Frank i går. Eg sit i
arrangementskomiteen i Sauda
Sentrumsutvikling og vi planla eit
opplegg i sentrum om eit par veker.
Han ville høyre nokre av ideane
mine, forklarte ho.
– Var dette på Kløver og kor lenge
snakka de saman?
– Det var like etter frukost i går.
Frank ville komme seg ut tidleg og
nyte godvêret ein time og to før
han skulle ha eit møte like etter
lunsj, fortalde Solfrid.
Sandberg kjente at det rumla i
magen. Men for ein gongs skuld
var ikkje svolten den kjensla som
var den mest dominerande hos den
overvektige etterforskaren. Han var
mest av alt tilfreds. For mordgåta
var løyst.
195
195
195
190
190
190
185
185
185
180
180
180
175
175
175
170
170
170
165
165
165
160
160
160
155
155
155
150
150
150
145
145
145
140
140
140
135
135
135
Mistenkte:
130
195
125
190
120
185
115
180
110
175
105
170
Jan
130
195
125
190
120
185
115
180
110
175
105
170
165
165
160
160
155
155
150
150
145
145
140
140
135
135
130
125
120
So lf ri d
130
125
120
115
115
110
110
105
105
Steinar
130
125
120
Vivian
115
110
105
Veit du kven som
drap Frank og
korleis veit du det?
Send oss ditt svar innan
mandag 6. april til:
linda@ryfylke.net eller
LL Ryfylke,
Rådhusgata 1
4200 Sauda
Ord in
Vi trekker ut tre
observante vinnarar!
20
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Frå dorull til påskepynt
Linda Merethe Lie
linda@ryfylke.net
KREATIVT: Antonio Oisin Woroniecki-Laiso (til høgre) og
Tiril Hoftun målar delar av eggekartongar. Med eit lite
tau som feste kan desse kunstverka pynta opp i vindauga.
Med enkle grep kan det du vanlegvis ville ha kasta bli til noko svært
dekorativt. Barna i Leabøen barnehage har tatt utgangspunkt i
material dei fleste har i
heimen.
egg
og l
g
n
n
allo a ka
in b ar tørk er
e
p
op
nh
r. H
Blås r gipse ønske lik
:
G
G
Nå ik ein eide s
RE E dt.
l
STO ips run han s samarb Ådne
g rere tt å
t
å
v eko
i
s og
d ere gre imsne
n
i
e
v åhe
det
kan Mina H
r.
som es gje
n
s
Ro
KONSENTRASJON: Å lage
påskepynt treng ikkje vere
avansert og er ein fin aktivitet for dei minste. Frå
venstre rundt bordet:
Tiril Hoftun, Antonio
Oisin Woroniecki-Laiso,
Lias Klementsen (delvis
skjult), Elvira Tjordal,
Sofie Solbakken, Mads
Rasmus og Ylva Stueland.
FUGLEHEIM: Ute i naturen finst
det mykje rart som kan nyttast
til å lage ulike ting. Trepinnar og
kvistar dannar eit godt utgangspunkt for eit fuglereir. For at det
heile skal henge godt saman
kan det vere lurt å spikre
eller skru det heile saman.
Her hjelper Barbro L. Njøten
Selma Eikevik Hauge med
drillen medan Øystein Rossebø ventar på tur.
KUNSTVERK: Sander Solbrekk (til venstre) og
Marius Gjuvsland målar og utstyrer dorullar
med blant anna øyre, auge og tenner. Resultatet
er flotte påskeharar.
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
21
Påske
meir enn bare godteri?
Medan nokre ser stort fram til eit velfylt påskeegg i neste veke er andre meir interessert i å vere på skulen
enn å ha fri. Førsteklassingane på Fløgstad skule har med andre ord eit litt variert syn på påskehøgtida.
Linda Merethe Lie
linda@ryfylke.net
L
ukas Dolmen Andersen, Bjørn Kosberg Sørensen og Tuva Strømmen Larson går alle i første klasse
på Fløgstad skule. Seksåringane veit godt at påsken er like rundt hjørnet, og det er særleg ein
ting Lukas ser fram til i den kommande veka.
– Eg gler meg til eg skal få påskeegg. Eg skulle ønske eg kunne få alle påskeegga på heile jordkloden! seier han, før han blir korrigert av Bjørn.
– Då trur eg du må reise ganske langt, meiner han.
– Og så får du veldig vondt i magen, minnar Tuva om.
– Hjelp! utbryt Lukas.
– Og hol i tennene, fortset Tuva.
P
åskeegg er tydeleg noko som engasjerer dei tre skuleelevane. Bjørn fortel at familien
hans har ein tradisjon som inneber at han må gå på skattejakt for å finne påskeegget. Men kva er det eigentleg oppi desse egga?
– Jafall godteri, fortel Bjørn.
– I mitt er det BÅDE sjokolade og godteri, informerer Lukas.
– Pappa liker ikkje at sjokoladen blir blanda med smågodtet, kjem det frå Tuva.
M
en, kva gjer eigentleg barna i påskeferien,
utanom å ete snop?
– Eg speler mest, eg, forklarer Lukas.
– Eg skal snart flytte, seier Bjørn.
– Eg gjer litt forskjellig, forklarer Tuva.
– Eg er ikkje på fjellet og sånn, understrekar Lukas.
– Det skal vi. Vi skal sove i ein lavvo, seier Bjørn.
– Lavvo, kva er det? undrar Lukas.
– Det er akkurat som eit telt, bare at det er spisst oppå toppen, utdjupar Bjørn.
– Å, ja, sånn som indianarane har? spør Lukas.
– Ja, svarar Bjørn.
– Eg er svolten, presiserer Lukas.
– Han er heilt vill etter godteri, han der, synest Tuva.
– Eg et jo ikkje godteri heile tida, da. Eg plar ha skive med sjokoladepålegg, seier
Lukas med eit lurt smil.
– Hugsar du ikkje det med hol i tennene, som eg sa? vil Tuva vite.
P
åsken inneber for mange ein del fridagar.
Men veit barna kvifor vi eigentleg feirar påske?
– Fordi vi skal få påskeegg, meiner Lukas.
– Det er fordi Jesus hang på korset, trur Bjørn.
– Å ja, han blei jo spikra der, han, hugsar Tuva.
– Ja, eg trur det. Vi har jo ikkje lært så mykje om det, men eg veit litt om det,
seier Bjørn.
– Eg elskar å ha fri i påsken! seier Lukas.
– Og å ete godteri og få hol i tennene, utfyller Tuva.
– Eg gler meg ikkje til påskeferie. Eg vil heller vere på
skulen og lære. Eg skal finne nokon som er einige
med meg så kan vi gå
i tog og demonstrere mot at skulen har
stengt i påska, har Bjørn bestemt
seg for.
L
ukas er tydeleg lynklar
for påske og ikkje minst
påskeegg. Han har til og med ein
plan for korleis han kan få endå fleire egg.
– Viss eg hadde vore sjef på skulen skulle
alle elevane hatt med seg påskeegg til meg.
– Då skulle eg iallfall ha gått i tog! understrekar Bjørn.
– Kvifor er de to så imot godteri, eigentleg? spør Lukas.
– Hol i tennene, presiserer Bjørn.
– Det er ikkje sunt, legg Tuva til, medan ho ler.
– Kvifor ler de? spør Lukas, medan han humrar sjølv.
– Du er bare SÅ morosam! seier Tuva og ler endå meir.
jørn
e), B .
r
t
s
n
rson
rå ve
en (f men La
s
r
e
And
trøm
lmen g Tuva S
o
D
no
kas
G: Lu Sørense
N
E
J
G G osberg
ARTI
K
22
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
PÅSKEKUPP!
Vårens nyheter
er på plass
fra alle våre leverandører til
dame - herre - ungdom
Alle bukser
÷30%
÷
30%
Puben
Palmehelga spiller
To På Trygd.
Mirek spiller i hele
påsken
God påske
Kløver Diskotek
spiller dj. Frank
i hele påsken.
KUN
129,KUN
199,-
Påsken 2015
fra alle oss
KUN
169,-
Kløver
Onsdag og
skjærtorsdag
spiller
Matti Røssland
med band.
på Selvig
Langfredag og
påskeaften
T
GAVEKOR
ng
Sauda Handelsforeni
399,-
Her kan du bruke
sentrumsgavekortet
PÅSKEN I SLETTEDALEN
Skulle du ha behov for forfriskingar før eller etter
turen sel parkeringsvaktene brus og sjokolade.
Eramet Norways
Bedriftsidrettslag
arrangerer ”Fjellrennet”
langfredag
3. april 2015 for 63. gang.
 Start fra Storemyr for aktive kl. 12.30,
etterfulgt av Åbødalens påskerenn.
 Målgang v/Krokane i Herheimsdalen.
Live-musikk, grilling av pølser og salg
av forfriskninger i målområdet.
 Buss med avgang fra skitrekket kl. 09.30,
via campingen og båthavna.
Kaien kl. 10.00 til Jeskedalen, med retur
fra Fiveland kl. 16.00. Pris kr 50,- pr. vei.
Vi ønsker alle en fin skitur gjennom 5 daler.
”Snø- og værforbehold.”
Eramet Norway BIL, styret
Søkeren må være over 18 år og ha førerkort kl. B
Og bør ha generelle datakunnskaper.
Arbeidet vil dreie seg om design og produksjon
av reklameartikler mm.
Søknaden eller spørsmål kan sendes til:
cardinal.reklame@gmail.com
Kontaktperson: Ivar Øvrebø, tlf. 959 93 922
Tlf. 52 78 69 99
Ha ein fin påske i Slettedalen i gode løyper!
Slettedalen skianlegg
- satser på Vestlandet
PÅSKEFEST
Helaften onsdag 1. april kl. 20.00.
2-retters middag
og dans m/Ady’s Trio
kun 395,- p.p.
Bordbestilling tlf. 52 78 12 11.
Åpningstider:
Man - ons: kl. 07.00 – 16.00
Tor: 07.00. – 17.00
Lør: 09.00 – 13.00
Påskeaften stengt
Følg oss på
Vi ønsker alle våre kunder
og forretningsforbindelser
en god påske!
Etter en økende ordre inngang søker
jeg nå en kreativ medarbeider
til en fleksibel deltidsstilling.
Vi ønsker våre
gjester en riktig
god påske.
Skjærtorsdag 2. april:
Andakt kl. 12.00 v/sokneprest Espen Gya.
 Startkontingent for alle klasser
kr 200,-.
Barn under 16 år er GRATIS.
Skjærtorsdag
Komler med tilbehør.
Skjærtorsdag
Langfredag
Påskeaften
Buffet i 2. etasje.
Parkeringsplassen er brøyta.
Parkeringsavgift kr 30,-.
Parkering for heile påsken kr 150,-.
Vakter ordnar trafikken.
 Maskinpreparert turløype på ca. 23 km.
 Start fra Jeskedalen for tur/kostymeklasse
kl. 10.30. Smørehjelp/tips i startområdet.
spiller
Roger Handeland
med band
(Alf Selvig a/s)
E. Janson Service
Blikkenslager og taktekking
Tlf. 970 32 801 / 918 80 256 - e.jans@frisurf.no
Sauda · Tlf. 52 78 58 20
www.byggeriet.no
Påskeavis
BO VED FJORD
OG FJELL I SAUDA
Fredag 27. mars 2015
23
God påske
til alle våre lesarar,
annonsørar og
påsketuristar.
Kr 3.990.000,-
Helsing Ryfylke
Nytt hus til sommeren
- innflyttingsklart
juni - 2015
Prosjektert enebolig på Teigen i Saudasjøen
Boligen ligger fint og solrikt til med flott utsikt over fjorden og
Saudasjøen, og med kort vei til skole og barnehage.
150 m2 - stor stue/ kjøkken, tre soverom, to bad og rikelig med bodplass.
Kr 3.190.000,-
KUN 1 IGJEN!
Få med deg
kva som skjer i Sauda...
Bestill abonnement på Ryfylke
eller kjøp avisa i laussal, i butikk
eller på nett!
Tlf. 52 78 68 00 - www.ryfylke.net
Sauda - Trivelig leilighet
Lettstelt og kjekk leilighet med kort vei til alt i Sauda. Lyst innredet med
hvitt kjøkken og eikeparkett. Hvitevarer inkludert i prisen.
BERGE SAG OG TRELAST AS
For mer informasjon og privatvisning av boligene,
ta kontakt med Nils Skålnes, tlf 98 22 93 09, nilss@bergesag.no
www.bergesag.no
24
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Tore og Ingvi
A. Tipp svaret på ting du ikkje visste at du ikkje
visste.
1. Kor mange toalett er det på Saudahallen?
2. Kor mange trappetrinn er det på Coop
Extra opp til Frisk & Rask treningssenter?
3. Kor mange kontorvindauge i Rådhuset vender
ut mot Rådhusplassen?
4. Kor mange treff har nettsida til Sauda
kommune i snitt per dag?
5. Kor mange kvinnelege medlemmer har
menigheten Salem Sauda?
6. Kven held hus i Rådhusgata 1?
7. Kor mange NM-medaljar har Kåre Rød?
8. Kva er adressa til Eramet Norway Sauda?
9. Kva var det første bilmerket Austerheim kjøreskule hadde då den blei
etablert i 1972?
10. Kor mykje veg alle dei sju tilsette på Ryfylke til saman?
11. Kor langt er det, i kilometer, mellom Saudahallen og Risvoll skule
(Fløgstadvegen-Kyrkjegata-Saudavegen)?
12. Kor mykje matavfall blir samla inn i Sauda på ein månad?
13. På Bryne’s Konditori er det to inngangsdører.
Kva veg går desse?
14. Kor mange liter vatn går gjennom Sønnå kraftverk
per sekund ved full produksjon?
15. Kva har bronsefigurguten på Bankplassen i handa si?
Svar:
9. Volvo Amazon (kvit)
10. 516,5 kilo.
11. 3,3 kilometer.
12. 26 505 kilo.
13Eit ut og eit inn.
14. 70 000 liter.
15. Ei sparebøsse.
B. Kjenner du logoen?
1. Effektivt Renhold.
2. Rysteg.
3. Djuvik.
4. Sauda Fjord Camping.
5. Interiør Service.
5
Tipp svaret på ting du ikkje
visste at du ikkje visste.
1. 17 toalett.
2. 28 trappetrinn.
3. 36 vindauge.
4. 406 treff.
5. 49 kvinner.
6. Avisa Ryfylke.
7. Ingen.
8. Birkelandsvegen 1.
C. Kor i all Sauda er dette?
1. Kvekerkyrkjegard-porten.
2. Skilt på Folkets Hus.
3. Tre på Birkelandsmoen.
4. Vegen opp frå Brekke til Rondehaugen.
5. Den gamle inngangsdøra hos
bokhandelen.
4
5
3
4
3
2
2
1
B.Kjenner du logoen?
ils påskequiz
Påskeavis
1
C. Kor i all Sauda er dette?
Fredag 27. mars 2015
25
26
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
Påske før og nå
Sauda har så lenge jeg kan huske vært et
populært påskeutfartssted.
Påsken var snø og mye folk og bussturer
til fjells. Men tidene har forandret seg fra
vi stod og ventet på bussholdeplassen på
gjester. Syns alltid at bussen var forsinket,
eller kanskje vi var tidlig ute. Så måtte vi på
kaien og ta imot båten som kom inn fjorden
med heldning, og fullt med folk og med noen
som hadde tatt påskekosen på forskudd med
ski og staver sprikende under armen og ropte
«Kor e snøen og fjellet?», de kom liksom til
bondebygda.
De ble kjørt videre med buss til støler og
hytter de hadde leid. Hyttene var ofte små
krypinn, ikke som nå med panoramabygg
med alt tilbehør.
Så ble det in med båtpåske i Sauda. Vi så
de små, koselige «tukke-tukk»-båtene som
entret båthavnen. Det forandret seg snart
med cabincruiser-luksusbåter og biler plassert på parkeringsplassene. Tiden hadde forandret seg og Norge hadde kommet med i
oljeeventyret. Alle skulle til fjells, til Breiborg
og Svandalen og noen laget kaos på veien
til Breiborg med sommerdekk. Det ble laget
sitteplasser i snøen der for barn og familie,
så alle kunne følge med på ungenes skiferdigheter. De minste ble dratt opp på fjellet
i skipulk som far i huset hadde laget, med
nistepakke og kakao på termos. Det var ikke
heiser og restauranter med «øltelt» da.
Kvikk Lunsj var «bensin» for å få ungene
opp «de dumme bakkene».
Det strømmet på med folk og familiebesøk, det var alltid plass, for påskebesøket
ble en tradisjon. Travelt for husmoren med
mat og «hotellvirksomhet». Vi hadde ikke
sushi, pizza og «Fjordland» da. Nei, det ble
komle, kjøttkaker, lammestek og betasuppe,
alt hjemmegjort.
Et år var det strålende vær med sol i påsken,
da holdt det hardt. O. E. Bøe tok film fra Breiborg som ble vist på TV om kvelden, det var
topp.
Ellers skulle ungdommen på dansen
2. påskedag og treffe gamle utreiste saudabuer. Da møtte noen opp med strekkbukse og
beksømsko og lysblå, hvite eller gule skjorter
for å få fram brunfargen.
I dag reiser folk til syden og får brunfargen
på den måten. Slik var det ikke før.
Det var ikke bare skiutstyret og klesdrakten
som var forskjellig. Vi hadde ikke «after ski»
og skateboard og slalåmutstyr, det var slik
«som ungdommen likar».
Vi har hatt tradisjonen og har påskeminner fra den gang da. Nå har barnebarn og
oldebarn overtatt tradisjonen. Vi så jo hvor
trist det var når påskegjestene med båter
uteble på grunn av at fjorden var islagt og
et år snøen uteble.
Nå er alt ok og vi kan ønske påskegjestene
velkommen til Sauda. Lykke til med påskeforberedelser og velkommen til Sauda og
god påske.
50-TALLSMOTE: Et bilde som viser 50-tallsmote med anorakk og strekkbukse,
tatt i Djuvsbotnen i 1952. Fra venstre: Anne Ma Lunde, Dagrun Flokketveit,
Signe Pleym og Liv Matland. (Bildet er utlånt av Liv Flokkeveit)
Påskehilsen fra
Liv Flokketveit
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
27
Påskekryssord med lokal vri











Kryssordet er laga av Kjell Inge Seim
Send løysinga på påskekryssordet til Ryfylke,
Rådhusgt. 1, 4200 Sauda eller annonse@ryfylke.net
innan torsdag 9. april.
Namn:
________________________________________________________________________
Adresse: _______________________________________________________________________
28
Påskeavis
Fredag 27. mars 2015
PÅSKEN
i SAUDA
2015
Flotte forhold i Sauda Skisenter!
10 mil med oppkøyrde og/eller
merka turløyper!
Felles skiturar og påskerenn i fjella
- med organisert transport.
Påskekos i Sauda sentrum med
langope i butikkar, minikonsertar,
barnedisco, kino, bibliotek, quiz,
konkurransar, bading i Saudahallen og
påskefeiring i båthamna.
Påskemarkeringar i Sauda kyrkje og
Saudasjøen kapell.
Konsertar på Kløver Hotel, Puben og Sjøen 12.
Varierte overnattingstilbod på Sauda Fjordhotell,
Kløver Hotel og ved Sauda Fjord Camping.
Unngå heiskortkø — nytt deg av pakkeprisane for
Sauda Skisenter.
Du finn trykt eksemplar av påskeprogrammet overalt
i Sauda! Elektronisk versjon finn du på
www.saudaferie.no
Foto: Per Inge Fjellheim
Layout: TeHoKreativ
w w w. s au dafe r i e . n o
Følg oss på Facebook og Instagram:
 /pages/Sauda-Ferie-Fritid/
 #SAUDAFERIE
SAUDADAGANE 23.-31. mai
+ MÅLGANG TOUR DES FJORDS 29. mai
Dei tradisjonsrike Saudadagane kjem med tettpakka og spennande program.
Her blir det opplevingar og aktivitetar for store og små!
Bli med på innhaldsrike dagar i sentrum. Her er noko av det som skjer: Målgang
3. etappe av Tour des Fjords, målgang Haugesund-Sauda, tve-kamp og andaløp i Nordelva med flotte premiar. Me kan lova god Sauda-stemning og ei rekkje tilbod i butikkane.
Musikk-opplevingar med BJØRN EIDSVÅG, VESTLANDSFANDEN, GRETHE SVENSEN,
VIGDIS EIDSVÅG, STAUT, LASSE STEFANZ m.m.
Billettar til sals på www.billettservice.no, Sauda Ferie & Fritid, Tara og i Sauda Skisenter.
Meir informasjon og program på Saudadagane si Facebook side, og på
Sauda Ferie & Fritid si heimeside www.saudaferie.no
Foto: Einar Landa
Alltid noko å sjå fram til i Sauda!