Sakspapir med vedtak 2014 09 16.pdf

MØTEINNKALLING
Tysnes kommune
Utval
Møtestad
Møtedato
Tid
:
:
:
:
FORMANNSKAPET
Rådhuset
16.09.2014
15:00
SAKLISTE:
Utvalsaknr.
Arkivsaknr.
Tittel
PS 66/14
14/71
NYTT OMSORGSSENTER
PS 67/14
14/512
TILSETJING AV KOMMUNEOVERLEGE VED
LEGEKONTORET
PS 68/14
14/530
FLYTT TIL TYSNES - TILTAKSPAKKE - MARKNADSFØRING
Tysnes ordførarkontor, 12. september 2014
Kjetil Hestad
Postadresse:
Rådhuset
5685 UGGDAL
Besøksadresse:
UGGDAL
Telefon:
Telefaks:
53 43 70 00
53 43 70 11
SAKSFRAMLEGG
Tysnes kommune
NYTT OMSORGSSENTER
Sakshandsamar: Steinar Dalland
Arkivsak :
Arkivkode:
14/71
134
Vedlegg:
1.
2.
3.
4.
5.
-
Reguleringsplan - plankart, Omega Areal AS 28.08.14
Planskildring med føresegner, Omega Areal AS 28.08.14
ROS analyse, Omega Areal AS, 28.08.14
Naturmangfaldlova, Omega Areal AS 28.08.14
Innkomne merknader til oppstartsmelding 1-6
Riksantikvaren 04.06.13
Hordaland Fylkeskommune 06.09.13
NVE 09.09.13
Hordland Fylkeskommune 17.09.13
Statens vegvesen 17.09.13
Hordaland Fylkeskommune 16.12.13
6. Innkomne merknader til melding om utvida planområde
Riksantikvaren 06.05.14
Statens Vegvesen 06.05.14
NVE 14.05.14
Fylkesmannen i Hordaland 23.05.14
Hordaland Fylkeskommune 13.06.14
Hordaland Fylkeskommune 19.06.14
7. Forstudie med vedlegg, 04.06.14 – uprenta vedlegg
8. Forprosjekt med vedlegg 16.01.14 – uprenta vedlegg
SAKSUTGREIING:
Planområdet
Planområdet er lokalisert på Myklestad i Uggdal, like nord for Uggdal sentrum. Tvers over
fv. 79 i sør ligg Uggdal sjukeheim som vart bygd i 1980, med tilbygg frå år 2000. Det har
vore tema for Tysnes kommune om ei samlokalisering av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Forstudien, Nytt omsorgssenter, har hatt som målsetjing å utvikle ei helse- og omsorgsklyngje. Bufellesskapen i Våge har vore vurdert flytta inn i same område. På den måten
vert helse- og omsorgstenestene i Tysnes lokalisert i Uggdal.
Planområdet er totalt ca. 52.7 daa, der fv. 49 går langs planområdet i vest, og fv. 79 i sør. Innafor området er det lokalisert eit eldre tun med to våningshus, eit uthus og løa, og det er registrert automatisk freda kulturminne i form av gravrøys og hustuft. Det eldre tunet er vurdert
til å vere av nyare tids kulturminne frå tidleg 1900-talet. Det kjem fram av forstudien at løa
kan ha vore bygd på 15- 1600- talet, men dette er ikkje påvist.
Området har dermed fleire restriksjonar både grunna byggjegrense til fylkesvegane og i høve
til kulturminne.
Planstatus
22. juni 2010 vedtok Tysnes kommune å byggja nytt omsorgssenter på ny tomt tvers over
vegen for den gamle sjukeheimen. I ny arealdel til kommuneplanen vart det difor lagt inn eit
område på ca. 45 daa med føremålet framtidig offentleg eller privat tenesteyting. Dette arealet
vart utvida gjennom reguleringsplanarbeidet for å få plass til meir areal til parkering.
Tysnes kommune har utarbeidd ein forstudie for nytt omsorgssenter som er delt i to delar, der
del 1 handlar om lokalisering av helsetenestene i Tysnes kommune, og del 2 handlar om kva
funksjonar og bygningar som skal etablerast, og kravet til korleis desse kan inngå i kulturlandskapet rundt Uggdal kyrkje. Norconsult har utarbeidd eit forprosjekt som skal synleggjera
føresetnader som ligg til grunn for eit nytt omsorgssenter. Dette forprosjektet er lagt inn som
føresetnader i romprogrammet vedteken av kommunen.
Arbeidet med reguleringsplan har tatt utgangspunkt i dette forprosjektet, samtidig som planen
er open for ulike design gjennom alternative tilbod.
Oppstart av planarbeidet er handsama i formannskapet saknr. PS 50/13.
Føremål med saksframlegget
Tysnes formannskap skal i denne saka ta stilling til om framlegget til reguleringsplanen kan
leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring.
Arealføremål og innhald i planen:
Planframlegget
Det er planlagt nytt omsorgssenter, tvers over vegen for eksisterande sjukeheim i Uggdal.
Avkøyrsle frå noverande fylkesveg 79 og interne køyrevegar samt parkering og gangveg frå
andre sida av fv. 79 vil sikre god tilgang til eigedomane. Planområdet er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen der arealet er avsett til offentleg eller privat tenesteyting. Det er
fleire automatisk freda kulturminne og nyare bygningar som av fylkeskommunen er vurdert
som verneverdige nyare tids kulturminner innafor området. Desse er teken omsyn til med
bandleggingsområder og omsynssoner for bevaring av kulturmiljø.
Krav om konsekvensutgreiing
Tysnes kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser vidare krav om konsekvensutgreiing. Planområdet er konsekvensutgreidd med tanke på areal for offentleg tenesteyting, samt etablering av ny veg mellom fv. 49 og fv. 79, i Vedlegg 1, Konsekvensutgreiing
nye areal i Kommuneplanen sin arealdel 2010-2022.
Naturmangfald
Det er ikkje registrert eller gjort funn av prioriterte artar eller raud- og svartlisteartar på planområdet jf. relevante databasar. Planområdet ligg på eit høgdedrag og grensar til eit tilnærma
urørt landskap i aust, til fylkesveg 79 og sentrumsstruktur i sør, og til fylkesveg 49 og kulturmiljø i vest. Det er jordbruksinteresser i aust og vest på planområdet, og deler av desse vil
måtte vika til fordel for samfunnsmessige behov og ivaretaking av offentlege oppgåver innanfor helse og omsorg i kommunen.
I høve til tiltak som er gjort for å bevare siktliner mot eksisterande kulturmiljø, vert det konkludert med at planforslaget ikkje er i konflikt med naturmangfald eller naturinteresser.
Kulturminne
I delar av område avsett i kommuneplanen er det lagt inn omsynssone c i høve til automatisk
freda kulturminne, og for gardstunet frå nyare tid med kulturhistorisk verneverdi. Det er fleire
automatisk freda kulturminner i området, og siktliner mot kulturlandskapet rundt Uggdal kyrkje og det gamle tunet innafor planområdet har vorte særleg vurdert.
I planarbeidsperioden vart det utført arkeologisk registrering i regi av Hordaland Fylkeskommune som avdekka fleire kulturminner nord på planområdet. Kulturminna i området og bevaringa av desse er skildra i planomtalen, og det er lagt inn bandleggingssone og omsynssone
for bevaring av kulturmiljø i plankartet med tilhøyrande føresegner som sikrar desse.
Landskap
Planområdet ligg på delar av eit høgdedrag nord for Uggdal sentrum og aust for Uggdal kyrkje. Reisoelva går frå nord, kryssar vegen og går vidare ned mot Kyrkjevatnet. Rolseelva går
sør for planområdet mot Kyrkjevatnet. Høgdedraget innafor plangrensene har fleire mindre
koller og består av blandingsskog og dyrka mark.
Bustadmiljø
Målet i forprosjektet har vore å ivareta naturgitte landskapsrom, der området er karakterisert
av den store opne sletta, omkransa av små koller i sør/ sørvest, og skråninga mot nord. Høgdene på kollene er i forprosjektet redusert, og nye kollar kan etablerast av sprengsteinmassar.
Grunna terrengskilnadene har området gode utsiktstilhøve, spesielt frå toppen av kollane.
Dette er vidareført i forprosjektet, der alle bebuarrom og andre opphaldsrom har god, og ulik
utsikt.
Ved å halde god avstand mellom bygningskropp og skråning i aust vil ein sikre gode lystilhøve og utsikt frå alle sider i bygget.
Born og unge
Det er ikkje teke omsyn til born og unge sine interesser i området, då det er planlagt ein institusjon som varetek sine interesser innafor plangrensene, men det er lagt turstiar gjennom
området som også born og unge kan nytte godt av. Turstiar i området kan tilretteleggast slik
at skule kan nytte dei fram til kulturminner osv.
Universell utforming
Ein stor andel av brukarane innan eldreomsorg har nedsett rørsleevne, hørsel og syn, balanse
og uthald. Forstudien til nytt omsorgssenter har laga ei liste over viktige moment for universell utforming innan omsorgssenteret. Det vert lagt inn universell gangveg som sikrar tilkomst mellom parkeringsareal og område for etablering av omsorgssenter.
Landbruk
Eksisterande område for jordbruk innafor plangrensene vil måtte vike for etableringa av nytt
omsorgssenter. Dette føremålet er i samsvar med gjeldande kommuneplan, og er konsekvensutgreidd i samband med denne.
Teknisk infrastruktur
Anlegg for vatn og avlaup vil verta tilkopla eksisterande nett i området.
Trafikk og –tryggleik
Avkøyrsle frå noverande fylkesveg og inn mot omsorgssenteret er plassert på austre del av
planområdet. Gangvegane innafor planområdet vil i høve til forprosjektet vere universelle, ha
ei breidde på 3.0 meter, og ha ei stigning på maksimalt 1:20. Reguleringsplanen har tatt
høgde for trasé for eksisterande historiske ferdaveg som er gjennomgåande lagt inn i planen
for å sikre ålmenn ferdsle, og er køyrbar for utrykkingskøyretøy. Her er det også delvis lagt
inn omsynssone då vegen går nær kulturminne. Det har ikkje vore mogeleg å leggje vegen
universelt grunna terrengtilhøva på staden.
Tilkomst for varelevering skjer aust på tomta med kort avstand frå veg og bygning. Tilkomstvegen ligg utanom areal for gåande.
Frå parkeringsplassen, er det lagt opp til gangveg for mjuke trafikantar som fører opp til omsorgssenteret separat frå køyrande. Gåande vil måtte krysse noverande fylkesveg over eit fotgjengarfelt.
Risiko og sårbarheit
Det er i ROS- analysen til planen gått gjennom ulike farekategoriar i høve til det aktuelle området, med bruk av vedtekne akseptkriterier for kommunen, og utført med moment frå «Konsekvensutgreiing nye areal», vedlegg 1 i kommuneplanen sin arealdel 2010 – 2022, revidert
30.05.12. ROS- analysen i sin heilskap med vurderingar av uønska hendingar, mogelege førebyggjande tiltak og konklusjon ligg vedlagt til saksframlegget.
Innkomne merknader:
Riksantikvaren
Skriv at planområdet ligg i nærleiken av Uggdal mellomalderkyrkjestad, med noverande kyrkje frå 1876, der forløparen var ei tømmerkyrkje bygd rundt 1630. Kyrkjegarden frå mellomalderen er automatisk freda og av nasjonal interesse. Minnar om forbodet mot skjemming av
automatisk freda kulturminner, og at reguleringsplanen må ta tilstrekkeleg omsyn til desse
interessene. Riksantikvaren vil gje ei endeleg fråsegn til planarbeidet når forslaget til reguleringsplan vert lagt ut på høyring.
Riksantikvaren har ingen merknader til det utvida planområdet.
Rådmannen si vurdering:
Tiltaka på planområdet er skildra i høve til interessene omtalt av Riksantikvaren. Riksantikvaren kan kome med ei endeleg fråsegn til planarbeidet etter at den er lagt ut på høyring.
Hordaland Fylkeskommune
Skriv at planen bør ha fokus på å leggja til rette for dei ulike grupper som er tilknytt omsorgssenteret. Det er viktig at det vert lagt vekt på god landskapstilpassing og arkitektonisk og estetisk utforming. Omlegging av fylkesvegen med ny trase er ei problemstilling som ikkje inngår i planen, og den må difor på dette punktet utarbeidast i nært samarbeid med Statens Veg-
vesen og Hordaland fylkeskommune. Skriv vidare at Uggdal har kulturminneverdiar med høg
verdi som er viktig å ivareta, der det må vise omsyn til landskaps- og terrengformer kring det
gamle tunet på Myklestad, dei automatiske freda kulturminna og kulturlandskapet rundt Uggdal kyrkje. Skriv til sist at det er naudsynt med ei arkeologisk registrering, som vart bestilt og
gjennomført veke 46 og 49 i 2013.
Rådmannen si vurdering:
Planen har hatt fokus på å leggja til rette for dei ulike gruppene tilknytt omsorgssenteret. Det
er lagt vekt på god landskapstilpassing, arkitektonisk og estetisk utforming, på same måte
som omsyn til landskaps- og terrengformar kring det gamle tunet, automatisk freda kulturminne og kulturlandskapet rundt Uggdal kyrkje skal ivaretakast.
Den arkeologiske registreringa avdekka fleire kulturminner nord på planen. Desse er skildra
under pkt. 6.12 i planskildringa, og er lagt inn i planen med bandleggingssone og omsynssone
for bevaring av kulturmiljø.
Statens vegvesen
Skriv at ei eventuell omlegging av fylkesvegen vil ha innverknad på tilhøva kring omsorgssenteret, og bør omtalast i planarbeidet. Skriv at fv. 79 er klassifisert som klasse 3 med byggegrense 30 meter, og fv. 49 som klasse 2 med byggegrense 50m. Eventuelle kryss og avkøyrslar skal utformast i samsvar med krav i gjeldande vegnormalar. Tek atterhald om å
komma med merknader under det offentlege ettersynet.
Statens vegvesen har ingen vidare merknader til utvida varsling.
Rådmannen si vurdering:
Grunna forutsetninga om omlegginga av fylkesvegen er det lagt inn mindre byggjegrenser i
planen enn 30 meter ved fv. 79. Med tanke på forprosjektet som er utarbeidd, er det lagt inn
byggjegrense på 7.5 meter i høve til senterline veg fv. 79, med den føresetnaden at vegen vert
kommunal. Ved fv. 49 er det lagt inn byggjegrense på 43 meter, då denne er justert til å gå
langs eksisterande hus ved det gamle tunet. Kryss og avkøyringar er utforma i samsvar med
H017, og er elles skildra under pkt. 6.7 Trafikkløysing og tilkomst.
Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE
Skriv at planområdet ligg utanfor aktsemdområde for skred. Potensiell fare i mindre skrentar
og skråningar kan likevel utgjere potensiell fare, og må vurderast konkret på staden. Flaum og
erosjonsfare med tanke på Reiseelva i nordre del må vere eit tema i ROS-analysen. NVE tilrår
at arealbrukskategorien Bruk og vern av sjø og vassdrag vert nytta til å merke vasstreng og
kantsoner til Reiseelva.
I merknad til utvida varsling skriv NVE at omsyn til vassdrag i planen også er aktuelt for det
utvida planområdet. NGU sitt lausmassekart syner at det er marine avsetningar i planområdet,
og ein kan ikkje utelukke førekomstar av kvikkleire i slike område. NVE skriv vidare at det
bør nyttast geoteknikar til å vurdere grunntilhøva, og syner til rettleiar 7/2014, «Sikkerhet mot
kvikkleireskred».
Rådmannen si vurdering:
Potensiell flaum- og erosjonsfare er eit tema i ROS-analysen. Vurderingar i høve til vassdraget forbi det utvida området og kvikkleireskredfaren er skildra i ROS- analysen. Nærare vurderingar vil bli gjort i samband med byggjesøknad.
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesmannen oppmodar kommunen til å sjå korleis ein kan få ei effektiv utnytting av areala
i LNF- området i utvidinga av planområdet. Bruk av LNF- areal til flateparkering er lite effektivt. Fylkesmannen skriv vidare at det er registrert usikre grenser innafor planområdet, og
minnar om at konsekvensane for endra arealbruk skal vurderast i høve til naturmangfaldet.
ROS- analysen må nytte akseptkriteria som er i tråd med TEK10.
Rådmannen si vurdering:
Konsekvensane for endra arealbruk er skildra i plandokumenta, og ROS- analysen er bygd på
Tysnes kommune sine vedtekne akseptkriterier, som er i tråd med TEK10.
INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring. Høyringsfrist vert sett til 6 veker.
SAKSPROTOKOLL
VEDTAK I FORMANNSKAPET 16.09.2014:
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring. Høyringsfrist vert sett til 6 veker.
SAKSFRAMLEGG
Tysnes kommune
TILSETJING AV KOMMUNEOVERLEGE VED LEGEKONTORET
Sakshandsamar: Kjetil Hestad
Arkivsak :
Arkivkode:
14/512
047
-
SAKSPROTOKOLL
HANDSAMING I FORMANNSKAPET 16.09.2014:
Ordføraren orienterte om at saka er kome opp då ein av søkjarane til stillinga som
kommuneoverlege er i nær slekt med rådmannen. Såleis vert rådmannen ugild, dette inneber
også at rådmannen sine underordna er ugilde.
Med bakgrunn i ovanståande sette ordføraren fram slikt framlegg til vedtak:
« Det politiske kontaktutvalet for rådmannen vert nytta som poltisk tilsetjingsutval for
stilling som kommuneoverlege.»
Formannskapet slutta seg samrøystes til framlegget frå ordføraren.
VEDTAK I FORMANNSKAPET 16.09.2014:
Det politiske kontaktutvalet for rådmannen vert nytta som poltisk tilsetjingsutval for stilling
som kommuneoverlege.
SAKSFRAMLEGG
Tysnes kommune
FLYTT TIL TYSNES - TILTAKSPAKKE - MARKNADSFØRING
Sakshandsamar: Steinar Dalland
Arkivsak :
Arkivkode:
14/530
105
-
SAKSUTGREIING:
Me viser til sak PS 38/14 der Tysnes kommune som er til førehaving i kommunestyre
16.09.14. I framlegg frå formannskapet uttrykker Tysnes kommune at me er positive til deltaking i eit felles prosjekt med mellom anna Tysnes Kraftlag og Tysnes sparebank for å auka
tilflytting til Tysnes.
Det er lita tvil om at prosjektet først og fremst må vurderast som eit marknadsføringsprosjekt,
det er såleis lita verdi i å gjera noko her utan at det også vert sett av midlar til marknadsføring.
Marknadsføringa er tenkt spreidd mellom digitale flater og ved bruk av informasjonshefter,
arrangement og ulik garnityr i så måte. Det vert også utarbeidd ei landingsside for prosjektet
der interessentar vert fylgt opp personleg og fortløpande. Plan for marknadsføring er utarbeidd av reklamebyrået Knowit og Bladet Tysnes.
Tiltaket vert prosjektorganisert. Det vert oppretta ei styringsgruppe der ordførar og rådmann
vil representera Tysnes kommune, elles vil Tysnes Kraftlag, Tysnes Breiband og Tysnes Sparebank vera representert i styringsgruppa. Det er lagt opp til ei prosjektgruppe med representantar frå Tysnes sparebank og Bladet Tysnes. Gruppa rapporterer månadsvis til styringsgruppa.
Det er gjort eit anslag på at marknadsføring har ein totalkostnad på kr. 800.000 over to år, av
dette vert det føresett at Tysnes kommune, Tysnes Kraftlag/Tysnes Breiband og Tysnes sparebank tek kvar sin fjerdedel. Den siste fjerdedelen må dekkast av andre og det vert gjort sonderingar i høve til det. Det vert føresett at heile prosjektperioden vert finansiert under eitt, det
inneber for Tysnes kommune sitt vedkomande at det må setjast av kr. 200.000 i inneverande
år. Midlane kan hentast gjennom ei budsjettregulering med utgangspunkt i at det er budsjettert for høgt på renter og avdrag. I praksis inneber dette at midlane vert som nytta då ikkje
også kan setjast av til «investeringsfondet » ved avslutning av året.
Det sentrale spørsmålet er sjølvsagt om dette er klok bruk av pengar. Til det kan det nok seiast mykje, for det fyrste kan det seiast at det er ei investering som betaler seg om det flyttar
minimum ein ekstra familie med to born til Tysnes i løpet av prosjektperioden. På den andre
sida kan det innvendast at denne type prosjekt i beste fall er uvisse og at me allereie har
freista å gjennomføra ulike prosjekt og tiltak utan å lukkast. Det vil også vera vanskeleg å
rekna prosjektet heim i den meining at dei som flyttar til kanskje uansett ville flytta, det er
såleis vanskeleg å knytte flyttinga spesifikt til prosjektet. Det er heller ikkje vanskeleg å finne
alternativ bruk for kr. 200.000 i eit trongt kommunebudsjett.
Det kan også stillast spørsmål ved om me har råd til å la vera å gå inn i prosjektet. Rådmannen meier at det er fleire føremonar med prosjektet. Prosjektet er for det fyrste enkelt og oversiktleg og vil ikkje krevja store administrative oppfølgingsressursar. For det andre så er det
positivt at kommunen her berre vert ein av fleire aktørar og berre bidreg med dekning av ein
fjerdedel av kostnadane.
INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
Tysnes kommune deltek i felles marknadsføring av prosjektet – Flytt til Tysnes- med inntil
kr. 200.000.
Prosjektet vert finansiert ved å ei budsjettregulering av renter og avdrag for 2014 i samsvar
med ovanståande premissar.
SAKSPROTOKOLL
HANDSAMING I FORMANNSKAPET 16.09.2014:
Saksframlegg vart delt ut i møte.
Ordføraren sette fram framlegg om at det vart teke opp som sak. Formannskapet slutta seg
samrøystes til å ta det opp som sak.
Etter handsaming ligg det slikt samrøystes framlegg til vedtak:
FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 16.09.2014:
Tysnes kommune deltek i felles marknadsføring av prosjektet – Flytt til Tysnes- med inntil kr.
200.000.
Prosjektet vert finansiert ved å ei budsjettregulering av renter og avdrag for 2014 i samsvar
med ovanståande premissar.
Tom side