Elev- og foreldrehefte Valle skule 2014-2015.pdf

Valle skule
2014-2015
Informasjon til elevar og føresette
Skulestart: torsdag 14. august kl. 08.30
Ballbingen utfordrar til aktivitet i skuletida-
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Innhald
Til elevar og føresette. ................................................................................................................ 3
Tilsette 2014/2015: .................................................................................................................... 5
Nye elevar hausten 2014 ............................................................................................................ 6
Klassekontaktar og informasjon: ................................................................................................ 6
Rutetider for skulebussen 2014-2015 ......................................................................................... 7
Skyssreglement........................................................................................................................... 8
Ordensreglar og ulike køyrereglar for Valle skule ..................................................................... 9
Forsikring av elevar .................................................................................................................. 11
Erstatning av øydelagt eller mista utstyr/ materiell .................................................................. 11
Helsesyster med fast kontordag på skulen ............................................................................... 11
Fritak frå aktivitetar og anna i opplæringa ............................................................................... 12
Gratisprinsippet ved Valle skule .............................................................................................. 12
Skule-heim-samarbeid .............................................................................................................. 13
Klassekontakten ....................................................................................................................... 14
Klassekontakter 2014/ 2015 ................................................................................................... 14
Permisjon frå pliktig opplæring................................................................................................ 14
Føring av fråver i grunnskulen ................................................................................................. 14
Rutinar i samband med foreldrekonferansar ............................................................................ 15
Kva gjer du om du vil take opp eit problem med skulen?........................................................ 15
Korleis vende seg til skulen i saker som gjeld tilsette? ............................................................ 16
Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Valle kommune ...................................................... 17
Foreldrebetaling i SFO i Valle kommune frå august 2014. ..................................................... 19
Foreldreansvaret ....................................................................................................................... 20
Kulturskuletimen – eller KOMPISKORET, som vi no kallar det! .......................................... 21
Kulturskuletimen – eller KOMPISKORET, som vi no kallar det! ......................................... 23
Vedlegg: Foreldre som er sambuarar eller lever kvar for seg .................................................. 25
Vedlegg: Skulemjølk ................................................................................................................ 27
Vedlegg: Påmelding til leksehjelp ............................................................................................ 29
2
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Til elevar og føresette.
Det har vore ein strålande sommar, der eg er sikker på at mange har kosa seg, bada,
spela fotball, vore på besøk, ferie, turar og treft nye venar og sikkert mykje anna
«gama» Vi er heldige som har så mange høve til aktivitet og variasjon.
No gler eg meg til å treffe dykk alle og at vi saman kan ta fatt på eit nytt og
spennande skuleår.
Valle skule ynskjer å legge til rette for gode opplevingar, eit trygt og utviklande
læringsmiljø og eit godt samarbeid mellom heim og skule.
I år har me fleire nye elevar, i 1.kl og også dei som kjem frå 7.kl Hylestad skule.
Velkomen til alle saman.
Det vert også flott med eit nytt tilbod til elevar i 1.-2.kl, eit tilbod som kjem i SFO-tida.
Kompiskoret-Kulturskulen er eit gratis tilbod som er uavhengig av om dei er på SFO
eller på leksehjelp.
«Aktiv Skule» vert eit nytt prosjekt for Valle Skule med fokus på aktivitet i friminutta.
Aktiv Skule er eit prosjekt saman med Idrettskretsene i Telemark, Buskerud, Østfold
og Aust-Agder. Hovudmålet med prosjektet er å bidra til meir fysisk aktivitet i skulen
og gjennom prosjektet kurse elevar til ressurspersonar. Ei aktiv skuletid-friminutt gjer
at elevane skapar meir, er meir fysisk aktive som erfaringsmessig gir eit betre
skulemiljø og mindre mobbing.
I samband med utbygginga av Valle skule, står det att arbeid med trafikksikring av
skuleplassen. I samarbeid med FAU og teknisk avdeling, arbeidar vi vidare for at
dette kommer på plass så fort som råd etter skulestart.
Å legge ein timeplan er ei utfordring, men no er alt på plass og klassane har fått tildelt
kontaktlærarar og timelærarar. Nye tilsette ved Valle Skule dette året er, Åshild
Seilskjær ( 1-2 klasse), Sigrid Jore (timelærar i 1-5 klasse) og Marianne Solbakk
(timelærar 5-6 klasse) og så er vi svært glade for at Bente R Haugen er med vidare
dette skuleåret. Timeplanen vert delt ut til alle ved skulestart.
Minner om skulen si heimeside der de kan finne nyhende, aktivitetar og diverse
viktige dokument: www.valle.kommune.no/valleskule
Me sjåast!
Marit Jaabæk Brokke
-Rektor -
3
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
4
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Tilsette 2014/2015:
Skuletelefon
E-postadr
Bakke, Anita
kontaktlærar 5./6.kl
9450 4415
anita.bakke@valle.kommune.no
Bakke, Mona
fagarbeider
9511 6965
mona.bakke@valle.kommune.no
Bangtvedt, Sidsel
spes.ped.koordinator
9450 3289
sba@valle.kommune.no
Brokke, Marit
Jaabæk
Helle, Birgit Anette
rektor
marit.brokke@valle.kommune.no
fagarbeider
birgit-anette.helle@valle.kommune.no
Tove A. Helle
fagarbeider
3793 7580
tove.helle@valle.kommune.no
Homme, Ingebjørg
Lauvdal
Homme, Malmfrid
Nyborg
Junge, Frøydis
konsulent
3793 7580
ilh@valle.kommune.no
lærar
teamleiar ungdomstr.
rådgjevar
kontaktlærar 9. kl
lærar
9450 4416
mnh@valle.kommune.no
3793 7583
9450 4426
froydis.junge@valle.kommune.no
kontaktlærar 1./2.kl
teamleiar småskule
bibliotekansvarleg
kontaktlærar 8.kl
kontaktlærar 7.kl.
teamleiar mellomtrinn
vaktmeistar
9450 4421
kristine.kleiveland@valle.kommune.no
9450 4419
astrid.kyte@valle.kommune.no
9450 3287
tora.lund@valle.kommune.no
Jore, Sigrid
Kjetilsdotter
Kleiveland, Kristine
Kyte, Astrid
Lund, Tora Åkre
Lunden, Tor D.
sigrid.jore@valle.kommune.no
4899 1733
Lye, Marianne
Solbakk
Næss, Sigbjørg
Idsøe
Røysland, Ingunn
lærar
Seilskjær, Åshild
Fløgstad
Solbakk, Torgeir
lærar
lærar
9450 3288
torgeir.solbakk@valle.kommune.no
Støle, Adelheid
kontaktlærar 10.kl
9450 4423
adelheid.stoele@valle.kommune.no
Trydal, Kari
lærar
9450 4424
kari.trydal@valle.kommune.no
Tveit, Magnhild
lærar
9450 4425
magnhild.tveit@valle.kommune.no
Uppstad, Annbjørg
lærar
Uppstad, Jorunn
Synnøve
Uppstad, Torbjørg
Nomeland
undervisningsinsp./
IKT ansvarleg
lærling
marianne.lye@valle.kommune.no
kontaktlærar 3./4.kl
4745 6084
sigbjoerg.naess@valle.kommune.no
lærar
9450 4422
ingunn.roeysland@valle.kommune.no
ashild.seilkjar@valle.kommune.no
annbjoerg.uppstad@valle.kommune.no
9450 3285
jorunnsynnoeve.uppstad@valle.kommune.no
torbjorg.uppstad@valle.kommune.no
5
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Nye elevar hausten 2014
Velkomne til 1. klasse
Tuqa Ghasan Altaleb
Rojda Maher Haji
Torleiv Bakke Harstad
Bjarne Tveiten Homme
Silje Løyland Homme
Kwa Lar Way Nya
Velkomne frå Hylestad til 8. klasse i
Valle:
Nora Brokke
Sigurd Hagen
Ariell Bettina Hansen
Kaja Liestøl Kittelstad
Lotte Rysstad
Klassekontaktar og informasjon:
Klasse
1.-2.kl
3.-4.kl
5.-6.kl
7.kl
8.kl
9.kl
10.kl
Kontaktlærar
Kristine Kleiveland
Magnhild Tveit og Sigbjørg I Næss
Anita Bakke
Tora Åkre Lund
Astrid Kyte
Frøydis Junge
Adelheid Støle
Informasjon:
Skuledagen til elevane kl 8.30-14.00
1.-4.kl har 24t pr veke, to dagar med 6t og 3 dagar med 4t.
 Måndag, onsdag og fredag: skuleslutt kl 12.10
 Tysdag og torsdag: skuleslutt kl 14.00
5.-7.kl har 30 t fordelt med 6t på 5 dager.
8.-10.kl har 30, 5t fordelt med 6t på 5 dager, men 19 årstimar som vert periodisert
etter avtale med elevane. Dette er pga valfag og er bereikna til aktivitetar og turar.
6
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Rutetider for skulebussen 2014-2015
Billettprisar: 15 kr pr tur for dei som ikkje har fri skuleskyss.
Spørsmål ang skoleskyss?
Alf Reidar Birkeland
Drift- og øknomisjef
LL Setesdal Bilruter/ Birkeland Busser AS
Tlf 99 20 24 06
12.15
12.15 Midtskyss Valle
12.15
12.15
12.15 Midtskyss Valle
7
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Skyssreglement
Skyssreglement for elevar i grunnskulen i Valle kommune gjeldande
frå 01.08.2010.
Vedtak:
Framlegg til retningsliner ved skuleskyss for elevar i grunnskulen i Valle kommune
vedtas og vert gjeldande frå 01.08.2010.
a) Avstand på 2 km for elevar på 1. årstrinn og 4 km for elevar på 2. – 10. årstrinn
mellom heim og skule får fri skyss. Heimar som ligg i grenseland vert målt ”frå
dør til dør”.
b) Akseptabel gangavstand fram til nærmaste haldeplass er 1 km for elevar på 1.
årstrinn, 2 km for elevar på 2. – 7. årstrinn og 3 km for elevar på 8. – 10.
årstrinn.
c) Strekningar som kommunen definerar som særleg farleg eller vanskeleg
skuleveg gir rett til fri skyss. Til grunn for dette skal ligge vurdering av
trafikktilhøve, manglande gang- og sykkelveg, topografi og klimatiske tilhøve.
Ut frå dagens trafikktilhøve vert desse strekningane vurdert som særleg farleg
eller vanskeleg skuleveg:
Hylestad skule:
- Nord for Sylvartun grunna mangel på gang- og sykkelveg.
- Frå Brokke ved Holtesvingen grunna smal og bratt veg og manglande gang- og
sykkelveg.
Valle skule:
- Frå Harstadberg for elevar frå Tveiten/Brottveit grunna manglande gang- og
sykkelveg langs rv 9.
- Sandnes/Kvestad grunna manglande gang- og sykkelveg langs rv 9.
- Vest for Hallandsbrua for elevar frå Berg og Bø grunna manglande gang- og
sykkelveg langs rv 9.
Retningslinene rullerast i kvar valperiode.
Vedteke i formannskapet 11.05.10, sak 75/10.
Vedteke i kommunestyret 25.05.10 sak 44/10
8
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Ordensreglar og ulike køyrereglar for Valle skule
Eleven sine plikter
1. Ver varsam og venleg med alle du kjem i kontakt med på skulen og på
skulevegen.
2. Ta vare på alt utstyr og materiell som høyrer skulen eller medelevar til. Du er til
vanleg ansvarleg for skade du påfører skulemateriell eller eigedelar til medelevar.
3. Hald god orden i skulesakene dine, i klasseromet og i skuleområdet.
4. Møt fram til timane i rett tid.
5. Gjer skulearbeidet til avtalt tid og ha med deg det du treng til timane.
6. Hald arbeidsro i timane.
7. Heng yttertøy og hovudplagg utafor klasseromet.
8. Rett deg etter kantine- og friminuttsreglane. Sjå eigne køyrereglar for dei ulike
trinna.
9. Rett deg etter reglane for bruk av datamaskinar, internett og mobiltelefonar.
Skulen godtek ikkje
1. mobbing, plaging, truslar, vald, rasisme, trakassering, ufin språkbruk - enten
fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt.
2. slåssing eller øydelegging av leik/ andre friminuttsaktivitetar.
3. at elevane har med eller nyttar rusmiddel, snus eller tobakk i skuletida eller ved
arrangement skulen står for.
4. at elevane har med våpen, våpenliknande gjenstandar eller andre ulovlege
gjenstandar som kan brukast til å skade andre i skuletida eller ved arrangement
skulen står for.
5. plagiat, fusk eller forsøk på fusk.
6. utøving av straffbare forhold.
Køyrereglar for bruk av datamaskinar, internett, kamera,
mobiltelefonar og liknande
1. Datamaskinane skal ikkje nyttast til å oppsøke sider med støytande innhald som
til dømes vald, rasisme og pornografi.
2. Det er ikkje lov til å nytte pc-en til å kommunisere med andre i timane.
3. Datamaskinane skal være full lada og operative/klare til bruk i 1.time kvar dag.
4. Lokket på berbare pc-ar skal lukkast heilt att når pc-ane ikkje er i bruk.
5. Berbare pc-ar skal ikkje takast ut i friminuttet.
6. Det er ikkje lov å ta bilete, filme eller ta opp lyd utan på førehand å ha fått lov til
det.
7. Det er ikkje lov å legge ut bilete/ filmar/ lydopptak som stammar frå skulen utan
særskilt løyve.
8. Elevane i 1. – 10. kl. skal ikkje ha med mobiltelefon på skulen.
9
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
9. All bruk av mobiltelefon i timane er forbode.
Køyrereglar for friminutt i småskulen
1. Vere på tilvist stad i friminutta. Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du
ha løyve frå lærar.
2. Elevane skal ete maten på tilvist stad.
3. Elevane skal ikkje ta med private ting på skulen som leiker, spel osv.
Køyrereglar for friminutt på mellomsteget
1. Vere på tilvist stad i friminutta. Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du
ha løyve frå lærar.
2. Elevane skal ete maten på tilvist stad.
3. Elevane skal ikkje ta med private ting på skulen som leiker, spel osv.
Køyrereglar for friminutt på ungdomssteget
1. Vere på tilvist stad i friminutta. Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du
ha løyve frå lærar.
2. Elevane skal ete maten på tilvist stad..
Reglar i matfriminuttet:
1. Vis omsyn til dine medelevar.
2. Vis vanleg bordskikk.
3. Rydd etter deg.
4. Kjeldesorter.
5. Set stolen på plass.
Tiltak ved brot på ordensreglane/ køyrereglane
Dersom ein elev bryt ordensreglane/ køyrereglar, kan skulen nytte følgjande tiltak:
 Tilsnakk/ samtale med lærar/ kontaktlærar.
 Merknad i merknadsprotokollen.
 Melding heim i eige brev eller telefon.
 Samtale med rektor/ inspektør.
 Erstatningskrav vurdert av rektor.
 Inndraging av ting som er uvedkomande for undervisninga.
 Bortvising:
o 1.-7. klasse: kan bortvisast for enkelttimar eller resten av dagen.
o 8.-10. klasse: kan bortvisast i inntil 3 dagar.
o Foreldra skal varslast før bortvising frå skulen.
o Rektor tek avgjerda om bortvising etter å ha rådført seg med lærarane
til eleven. Eleven skal ha høve til å forklare seg for rektor.
o Ved bortvising frå skulen ein dag eller meir vert det skrive enkeltvedtak
med klagerett som sendast føresette.
10
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Forsikring av elevar
Kommunen har kollektiv ulykkesforsikring av alle born i skule, SFO og barnehage i
kommunen. Forsikringa gjeld i ordinær skuletid, på arrangement skulen har ansvaret
for og på direkte skuleveg heim-skule.
For den klassen som reiser på 1 vekes leirskuleopphald, vert det teikna eiga
reiseforsikring.
Skulen er ikkje ansvarlege for å erstatte øydelagt/ mista klede/ gjenstandar elevane
har med seg. Difor vil vi oppfordre foreldre/ føresette til å tenkje etter kva elevane tek
med seg på skulen.
Erstatning av øydelagt eller mista utstyr/ materiell
Alle elevar får utdelt bøker og utstyr frå starten av året. Dette må dei passe på og
behandle fint. Viss dei øydelegg eller mister noko av dette utstyret må dei sjølv betale
for å få nytt.
Dei kan då gå opp til Ingebjørg å få nytt, også vil ho skrive opp kva dei skuldar.
Det vert på slutten av skuleåret sendt rekning heim.
PRISLISTE
Kalkulator
Gradskive
Linjal/vinkellinjal
Passar
Saks
Limstift
Lærebok
Oppgåvebok til læreverk
Skrivebok
Ladar til PC
70,30,20,50,50,20,400,70,30,200,-
Helsesyster med fast kontordag på skulen
I skuleåret 2014-2015 vil helsesyster Monique V Jore vere på skulen på onsdagar.
Ho har kontor i underetasjen.
11
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Fritak frå aktivitetar og anna i opplæringa
Retten til fritak frå aktivitetar m. m i opplæringa er regulert i opplæringslova § 2-3a:
Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga
ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som
utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på
same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å
grunngje melding om fritak. Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om
kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen.
Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen
behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Skolen skal ved
melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa
opplæring innanfor læreplanen. Skoleeigaren skal årleg informere elevane og
foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak.
Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i første ledd.
Retten til fritak frå delar av undervisninga gjeld for alle fag og felles tiltak i skulen.
Gratisprinsippet ved Valle skule
Opplæringslova §2-15 slår fast retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring.
Klassekasser: Klassane får klassekasser frå 1.kl og ut 10.kl. Der kan det setjast inn
gåver frå føresette og pengar klassen tener. For desse pengane kan dei reise på tur
eller finne på anna. Klassekassa er foreldrestyrt. FAU-leiar sørgjer kvart år for at
klassekassa for 10.kl vert overført til 1.kl. Pengane skal kome alle elevane i klassen
til gode. Klassekontakten er den som har råderett over klassekassa.
Fagtur: Skulen prøver å finne midlar til å betale ein fagtur pr.trinn, eks. 1.-4.kl til
Mineralsenteret, 5.-7.kl til Flåt gruver og U-skulen til Arkivet.
Skidag i Brokke: På slike dagar vert det høve til å velje mellom skitur og aktivitetar i
alpinbakken. Dei elevane som vil vere i alpinbakken kan nytte eige utstyr og årskort,
eller foreldra kan sjølv velje om dei vil leige utstyr og kjøpe dagskort viss dei ikkje vil
vere med på skitur.
Maten på joleball i u-skulen og vinter/vårfesten på mellomsteget: elevråda på
kvart trinn søkjer om midlar frå barne- og ungdomsrådet, og skulen dekker ev. resten.
Vil ein ha dyrare løysingar, eks. levande musikk, må ein nytte klassekassa til dette.
Avslutningstur i 10.kl:
Denne turen er foreldrestyrt og skal i utgangspunktet skje utafor skuletida. Klassen/
foreldrekontakt kan søke skulen om fri enkelt dag/ -ar.
12
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Skule-heim-samarbeid
Samarbeidsutvalet SU
Samarbeidsutvalet (SU) sitt mandat er nedfelt i opplæringslova §11-1. Utvalet er
skulens øvste samarbeidsorgan og er sett saman av representantar for viktige partar
i skulesamfunnet: ein frå kommunen, rektor, to frå foreldra, to frå lærarkollegiet, ein
frå anna personalet, to elevar.
SU skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande forum og sikre god
kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. SU har rett til å uttale seg om alle saker
som gjeld skulen, også høyring i skulepolitiske saker.
Alle kan melde inn saker til leiar.
Ha med dette når du melder inn ei sak:
1. sei kva saka gjeld
2. sei korleis saka bør handsamast, be ev. om råd ang dette.
3. lag eit forslag til vedtak
4. sei korleis til dømes tilsette, foreldre, elevar skal informerast/ involverast før og
etter.
Rektor har ansvar for: god informasjon til og frå alle partar og utval, kunnskap om
tidsfristar, saksgang osv, oppfølging av utvalets vedtak.
Referat frå møta vert sendt medlemene, oppvekstleiar og skulefagleg rådgjevar.
Skolemiljøutvalet SMU
Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval, og mandatet er nedfelt i
opplæringslova §11-1a. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som
gjeld det fysiske og psykososiale miljøet på skulen (jf. kap. 9a i opplæringsloven).
I skolemiljøutvalet skal alle parter i skolen være representert, men elevane og
foreldra skal være i fleirtal.
SU er for 2011-2012 også skolemiljøutval. Kvar gong det skal behandlast saker som
har med skolemiljøet å gjere, skal det kallast inn ein forelder og ein elev i tillegg, slik
at dei vert i fleirtal.
Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
Opplæringslova § 11-4 seier at alle foreldre som har barn i grunnskolen, er medlemer
av skolen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit styre/arbeidsutval (FAU) som er
foreldra sitt talerør ovafor skolen. Til vanleg er det klassekontaktane som sit i FAU.
I lova stend det følgjande om foreldrerådet sine oppgåver:
"Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og
foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal
arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel
og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
13
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
FAU vel to representantar med personlege vararepresentantar til SU. Leiaren for
FAU skal vere den eine av representantane”.
Referat frå FAU, SMU og SU møta vert lagt ut i heimesida.
Klassekontakten
Valle skule er opptekne av eit godt samarbeid med heimen, og vi forsøker m.a. å få til
god dialog mellom kontaktlærar og klassekontakt i forkant av foreldremøta, for å få til
gode temamøte. Klassekontakten er svært viktig i tilfeller der skulen treng å drøfte
saker med heimane, og der føresette treng hjelp i høve kontakt med skulen.
Klassekontakter 2014/ 2015
Namn på klassekontaktar og vara finn du på heimesida til skulen. Desse vert
oppdatert etter 1.sept og vert sett inn etter kvart som dei vert valgt.
Permisjon frå pliktig opplæring
Skulen kan etter søknad gje den enkelte elev permisjon i inntil to veker. Ved
permisjon over tre dagar skal ein søkje til rektor, elles kontaktlærar.
Meldingsboka nyttast til meldingar om fråver, søknad om fri inntil tre dagar og andre
meldingar til lærar.
Føring av fråver i grunnskulen
§ 3-41. Føring av fråvær i grunnskolen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i
dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til
vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til
fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå
opplæringa på førehand.
For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær
ikkje vert ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.
14
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på
vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær
som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og
med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a
på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med
første fråværsdag.
0 Endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
Rutinar i samband med foreldrekonferansar
1. Kontaktlærar set opp skjema for vurdering av kvar enkelt elev i dei ulike faga.
Faglærar skriv vurdering innan ein tidsfrist. Vurderinga skal innehalde litt om
innhaldet i faget og ei vurdering av eleven – kva er bra og kva bør eleven arbeide
meir med. For 5.-10.kl vert denne vurderinga sendt ut saman med innkalling til
konferanse.
2. Klasselærarmøte med gjennomgang av kvar elev. Fagleg/sosial utvikling.
3. Individuelle elevsamtalar med kontaktlærar: Sjølvvurdering/ lærarvurdering ut frå
oppsette spørsmål/ eige hefte eller ark.
4. Foreldrekonferansar i 20-30 minutt pr. elev
5. Tilbakemelding/ gjennomgang av konferansane til team/ faglærarar/ rektor
6. Arkivering av gjennomført konferanse saman med elevvurdering signert av
foreldre/ føresett.
Konferansane skal vere gjennomførte:
Haust: mellom haustferien og medio november
Vår: mellom vinterferien og påske
Kva gjer du om du vil take opp eit problem med skulen?
Det er viktig at de tek opp ei sak på eit tidleg tidspunkt slik at ein raskt kan setje inn
tiltak dersom det trengst. Dersom barnet ditt har problem med å fylgje med i den
vanlege undervisninga og skulearbeidet, er det naturleg at du snakkar med
kontaktlærar om dette. Er det slik at barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbytte av
den ordinære undervisninga, har de visse rettar til ekstra hjelp. Dette vil kontaktlærar
og rektor gje meir informasjon om.
Dersom du via barnet ditt får eit inntrykk av at undervisninga til ein lærar er for dårleg
eller at det elles skjer noko frå læraren si side som ikkje er akseptabelt, er det svært
viktig at du tek kontakt med skulen ved rektor. Sjå handlingsprosedyre neste side.
Alt etter kva saka gjeld kan du også melde frå til den av foreldra som er klassekontakt. Klassekontakten tek så saka vidare med skulen ved rektor.
Foreldra kan be om foreldremøte. Foreldra kan halde møte både med eller utan
representantar frå skulen.
15
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Korleis vende seg til skulen i saker som gjeld tilsette?
Mål
Desse retningslinene har som mål å arbeide for eit godt samarbeidsklima mellom
skule og heim. Retningslinene er meint å klargjere handlingsrom og forventningar i
høve ynskje frå føresette/ elevar/ tilsette om endringar knytt til undervisningssituasjonen til elevane.
Definisjon
Saker som kjem inn under desse retningslinene reknast som forhold som kjem opp i
samtalar og som løysast utan at det setjast i gong ei formell saksbehandling etter
retningslinene for klage.
Handlingsprosedyre
Føresette/ elevar/ tilsette kan vende seg direkte til rektor.
Rektor klargjer fyrst om dette er ei sak det bør klagast formelt på eller ikkje.
Viss rektor får ei sak som nemnd ovafor, er prosedyren som følgjer:
1. Ta kontakt med den tilsette saka gjeld og forklare situasjonen.
2. Søke å finne ei løysing.
Måten å finne ei løysing på vil variere, men som hovudregel bør tiltaka diskuterast
med, eventuelt formidlast til, den som tok opp saka.
Den tilsette saka gjeld skal vere med rektor å drøfte tiltaka.
Rektor har likevel styringsrett i høve kva tiltak som eventuelt skal nyttast.
16
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Valle kommune
1. Føremål
 SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid
 SFO skal drivast i samsvar med grunnskulelova, føresegner og kommunale
retningsliner og planar.
 SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar som høver til
alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna.
2. Administrasjon - bemanning






Kommunen eig og driv SFO
Fylkesmannen fører tilsyn med SFO
Det vert gjeve tilbod om SFO ved Valle og Hylestad skular eller ved
barnehagane.
Rektor er til vanleg fagleg og administrativ leiar. Dersom SFO ligg til
barnehagen er barnehagestyrar fagleg og administrativ leiar.
Dersom det er påmeld 10 born eller meir til same tid, skal det tilsetjast
assistent. For kvar 10 nye som er påmeld til same tid, vert det supplert
med 1 assistent
Foreldre som har born i SFO vel sin representant med vararepresentant til
FAU ved skulen eller barnehagen.
3. Drift
 Nytt SFO-år tek til samstundes som skulestart
 Opningstida er frå kl. 7.00 – 16.00 minus skuletida for 1. – 4.klasse.
 SFO har tilbod til elevar på 1.-4.trinn i Valle og i Hylestad. Tilbodet er lagt til
skulen eller barnehagen sine lokal.
 SFO har tilbod når elevane ikkje går på skulen 5 dagar i veka med desse
unntaka:
a) Stengd 3 veker i fellesferien frå og med 2.måndag i juli.
b) Stengd 5 tariffesta plandagar i året
c) Samdrift med barnehagane mellom jol og nyttår.
d) Samdrift med barnehagane – måndag til onsdag før
skjærtorsdag
e) Det er eit samarbeid mellom barnehage og SFO i skulen sin
haust- og vinterferie samt i skulen sin sommarferie.
 Alle born skal ha minst 4 veker ferie i året, av desse skal 3 av vere
samanhengande.
4. Opptak og oppseiing
 Søknad om opptak skal vere skriftleg på fastsett skjema.
 Det kan søkjast for born i 1.-4. trinn og for born med særskilde behov opp
til 7.trinn.
 Hovudopptak er i mars/april etter kunngjering i lokalpressa og ved oppslag.
17
Elev- og foreldrehefte 2014-2015





Opptaket gjeld for eitt år.
Born kan få utvida plass, og nye plassar kan tildelast utanom
hovudopptaket dersom det er ledig kapasitet. Leiar oppvekst er saman med
rektor/styrar ansvarleg for opptaket
Vedtak i samband med opptak kan klagast inn til formannskapet innafor
lovbestemt klagefrist.
Plass i SFO seiast opp med ein månad oppseiingstid rekna frå den 1. i
påfylgjande månad.
Alle oppseiingar og søknadar om endring må vere skriftlege og sendast
rektor/styrar
5. Betaling








Betalingssatsane for opphald og mat vert fastsette av kommunestyret kvart
år. Eventuell endring vert gjort gjeldande frå starten av kommande SFO-år.
(Sjå søknadsskjema.)
Det vert gjeve 40 % syskenmoderasjon. Gjeld bare i den tida den eldste
betaler full pris. Gjeld ikkje matpengar.
Det er fire takstar:
A. ½ plass inntil 12 t/v
Følger skuleruta
B. ½ plass inntil 12 t/v m/tillegg
9 t x 5 d/v i ”skulefri”
C. Full plass over 12 t/v
Følger skuleruta
D: Full plass over 12 t/v m/tillegg
9 t x 5 d/v i ”skulefri”
a. Det vert rekna halve timar (avrunding oppover).
b. Ein kan velje kombinasjon av ulike dagdelar til ulike vekedagar:
c. Morgon (frå kl. 7.00 til 10 min. før skulestart)
d. Mellomøkt (mellom skuleslutt småskule og siste skulebuss)
e. Ettermiddag (frå leksehjelp/skuleslutt til kl.16.00)
f. Følgje skuleferiar
g. Det kan også søkjast om turnusordning
Opphald utanom det som er tinga fast, betalast med fast timepris som står
på søknadsskjema, vedteke av kommunestyret. I slike høve vert det ikkje
kravt inn matpengar. Det vert heller ikkje gjeve syskenmoderasjon.
Ved samanhengande sjukefråvere i 14 dagar eller meir, vert det etter
søknad med lækjarattest gjeve betalingsfritak.
Det vert ikkje gjeve betalingsfritak i samband med feriereiser.
Krav om foreldrebetaling og/eller matpengar som ikkje vert betalt etter
purring, er grunnlag for utestenging frå plassen fram til oppgjeret er i orden.
Formannskapet kan etter søknad i særskilde høve tildele friplass.
6. Areal


Netto innandørs leike- og opphaldsareal fylgjer standard.
SFO har felles uteområde med skulane eller barnehagane.
18
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
7. Ansvar
 Kommunen har ansvaret for borna i den tida dei er på SFO..
 Foreldra har ansvar for transport av borna til og frå SFO.
 Foreldra har ansvar for eigedelar som borna har med.
8. Teieplikt
 Dei tilsette, samt vikarar, i SFO, og alle som handsamar saker etter
grunnskulelova har teieplikt.

Foreldrebetaling i SFO i Valle kommune frå august 2014.
19
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Foreldreansvaret
Til heimen
Ein del av elevane ved Valle skule har foreldre som lever kvar for seg
eller er sambuarar.
Skulen vil difor gje nokre opplysningar om kva ordningar som gjeld, og
me vil gjerne ha nokre opplysningar frå dykk om kven som har
foreldreansvaret og korleis me skal ordne foreldrekonferansane ved
felles foreldreansvar.
Me vil gjerne at du les gjennom dette skrivet, fyller ut skjemaet som ligg
ved og returnerer det saman med innmeldingsskjemaet til skulen.
Foreldre med felles foreldreansvar:
Foreldre som lever kvar for seg, men har felles foreldreansvar skal ha
same informasjon.
Noko informasjon blir sendt heim med eleven, og vil difor berre kome til
den barnet bur hos. Dette vil t.d. vere lekseplanar og info. om skidagar,
temadagar og liknande.
Innkalling til foreldremøte og –konferansar og felles skriv til alle heimane
frå skulen skal båe foreldra få tilsendt.
Foreldre der den eine har foreldreansvar aleine:
Begge foreldra har krav på informasjon, men på ulik måte.
Forelderen med foreldreansvar vil få all informasjonen som blir sendt til
heimane.
Forelderen utan foreldreansvar vil til vanleg ikkje få informasjon frå
skulen utan å be om det, og vil heller ikkje få innkalling til foreldremøte
og -konferansar. Forelderen utan foreldreansvar kan likevel ta kontakt
med skulen og be om informasjon eller ein samtale med t.d. klassestyrar.
Det er berre forelderen med foreldreansvaret som kan oppheve
teieplikta.
Ta kontakt med rektor dersom du har spørsmål om dette.
20
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Kulturskuletimen – eller KOMPISKORET, som vi no kallar det!
Eit gratis kultuskuletilbod i skuletida, til elevar i 1.-2.klasse-måndag 12.20-12.50
Kulturskuletimen er eit frivillig tilbod for dei elevane som ønskjer det. Tilbodet har ingen
samanheng med skulen si musikkundervisning. Kulturutøving og kulturtilbod har i seg sjølv ein
eigenverdi gjennom den gleda og trivselen det gir å deltake i opplevinga. Oppleving og utøving av
ulike kulturuttrykk kan vere med på å gi betre helse. Forsking viser også at elevar som har tileigna
seg kunnskap gjennom kunst, musikk og andre kulturuttrykk, oppnår betre skuleresultat enn
elevar utan slik erfaring.
I Kompiskoret vil det bli lagt vekt på ulike musikalske uttrykksformer gjennom leikprega aktivitetar
som appellerer til fantasi, kjensler og rørsleglede. Målet er at elevane gjennom desse aktivitetane
skal lære å skape, musisere og lytte. Det er viktig å møte barna på deira nivå og utforske. Ved å
arbeide med rørsle og song ønskjer vi å gi dei tryggleik til å stå fram musikalsk ved å presentere noko
saman med andre og for andre.
Vi blir bevisste på kroppen som instrument (klapp, tramp, knips, slag på knea osb.) og speler på orffinstrument. Dette er instrument som er laga spesielt med tanke på barn, for eksempel stavspel, der
enkeltstavar kan takast av slik at eleven kan spele på akkurat på dei tonane som trengst. Dette er gir
elevane ei kjensle av meistring og suksess. Vi driv mykje med utforsking av rytme. Alt rytmearbeid
byggjer på dei to fundamentale elementa: rørsle og tale. Rytmen må opplevast gjennom bruk av
heile kroppen og gjennom bruk av rytmisk tale. Gjennom samspel lærer elevane å innordne seg og
ta omsyn til kvarandre. Samtidig trener det gehør. I vår moderne verden er det viktig at barna lærer å
lytte. Vi har eit komplisert og krevjande lydmiljø rundt oss, og aktiv lytting er med på å hindre at
evna til å registrere lyd blir sløva. Gjennom samspel lærer dei også det grunnleggande innafor
notelære, på ein tilpassa og leikprega måte.
Ein kan seie at kvart samspel, kvar song og regle er mål i seg sjølv. Dei meir langsiktige måla er av
sosial og musikalsk art: Gjennom opplæringa skalelevane oppleve å få til noko saman, og oppleve
fellesskapet i musikken. Kulturskulen skal vere ein arena for meistring, og vi har eit kontinuerleg
fokus på utfolding, formidling og glede. Kulturskulen er til for eleven, og det er eleven sin vekst og
utvikling som er vår rettesnor i opplæringa vi gir. I kulturskulen vil vi gjere kvarandre gode, og gi
barna moglegheiter til å kommunisere på måtar som virkar inkluderande, viskar ut skilnader og
verdset mangfaldet.
Elevane betaler ikkje for tilbodet, men vi ønskjer forpliktande påmelding, og elevane kan ikkje gå til
og frå timen. Foreldra kan seie opp plassen i løpet av året. Tilbodet er også opent for dei som ikkje
går i SFO.
Valle kulturskule august 2014,
Torunn Charlotte N. Lund- Leiar Kultur og fritid
21
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
22
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Kulturskuletimen – eller KOMPISKORET, som vi no kallar det!
Eit gratis kulturskuletilbod i skuletida, til elevar i 1.-2.klassemåndag 12.20-12.50
Oppstart måndag 25.august 2014
Eg melder med dette på mitt barn til «Kompiskoret» - eit gratis
kulturskuletilbod til elevar i 1.-2. kl. Namn på
eleven:_____________________________________________ Klasse: __________
Underskrift, foreldre: ________________________________ Mob.tlf:
__________________
E-postadresse:
_______________________________________________________________
Påmelding skal leverast til skulen seinast måndag 18 ..august.
23
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
24
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Vedlegg: Foreldre som er sambuarar eller lever kvar for seg
Namn på eleven/elevane:
………………………………………………………………
Mors namn: ………………………………………………..
Fars namn: …………………………………………………
Kven har foreldreansvaret ?
 Felles
 Mor
 Far
Kven bur barnet hos ?
 Far
 Mor
 Begge (sambuarar)
 Anna ordning t.d. ei veke hos kvar
Dersom båe foreldra vil møte på foreldrekonferanse, vil de ha
 felles konferanse
 kvar sin konferanse
Dersom du bur langt unna og har vanskar med å møte på foreldre- konferanse,
ynskjer du* konferanse pr. telefon med klassestyrar ?
 ja
 nei
Merknader:………………………………………………………………………
……………………………………………………………………………………
…………………
Stad/dato
…………………………………………..
Underskrift
*gjeld dersom båe har foreldreansvaret
25
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
26
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Vedlegg: Skulemjølk
SKULEMJØLK 1.-10.KL. SKULEÅRET 2014-2015
Prisen på skulemjølk, gjeldande skuleåret 2014/2015
Ekstra lett
Lett
Ekstra lett mild kakao smak
kr 4,33 pr. dag
kr 4,30 «
«
kr 5,62 «
«
Svarslippen må leverast innan måndag 18.august 2014.
Valle skule
Marit J Brokke.
-rektor-
Kryss av nedanfor kva du ynskjer:
ekstra lett
lett
ekstra lett mild kakaosmak
ynskjer å tinge for heile skuleåret
ynskjer ikkje skulemjølk
Namn og klasse: __________________________________
Ved fleire enn ei bestilling:
Namn og klasse: __________________ Namn og klasse: ____________________
_________________________________
underskrift føresette
Kven skal rekninga sendast til:
Namn
Fødselsdato
Adresse
27
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
28
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
Vedlegg: Påmelding til leksehjelp
Leksehjelpa ved Valle skule vert organisert slik:
1.- 2. klasse: onsdag
3.- 4. klasse: måndag og onsdag
12.15 – 13.15
12.15 – 13.15
Me gjer merksame om at borna skal ikkje opphalde seg på skuleområdet og vente på
bussen som reiser kl. 14.00.
SFO bruker skuleområdet i denne perioden.
Slippen nedanfor må leverast skulen innan måndag 18. august 2014
Leksehjelpa tek til måndag 18. august 2014.
Påmelding til leksehjelp for 1.-4. kl. skuleåret 2014-2015:
Namn: ________________________________
Klasse: _______ Tlf heim: ________________
Ynskjer gratis leksehjelp: ja 
Kor mange økter med leksehjelp:
1. – 2. klasse:
onsdag 
3. – 4. klasse: måndag  onsdag 
29
Elev- og foreldrehefte 2014-2015
30