Rapport Bjorøy skule – H2012 - ein heim for fleire nettstader

Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
VURDERINGSRAPPORT
BJORØY SKULE
12. nov. – 15. nov. 2012
Vurderingstema: Relasjonskompetanse
Bjorøy skule
Rektor: Bjørnar Fjellhaug
Adresse: 5177 Bjorøyhamn
E-post: bjornar.fjellhaug@fjell.kommune.no
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Innhaldsliste:
1. Eit framtidsretta vedtak i regionen Sund, Fjell og Øygarden!
2. Fakta om skulen/vurderingstema
3. Vurdering
4. Glansbilde
5. Sterke sider
6. Utviklingsområde
7. Vidare arbeid
Vedlegg:
1. Deltakarar i vurderinga
2. Tidsplan
3. Metodar
4. Tomme malar som har vorte brukt i vurderinga
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
2
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
1 - Eit framtidsretta vedtak i regionen Fjell,
Sund og Øygarden
Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 28 (1998-99) ”Mot rikare mål”, vart
det sett i gang eit 3-årig nasjonalt prosjekt: ”Ekstern deltaking i lokalt
vurderingsarbeid”. Hordaland søkte, men kom ikkje med i prosjektet.
Likevel var signala der, og kommunane vart oppmoda om å jobba med
kvalitetsutvikling og vurdering.
Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i kommunane i regionen Fjell, Sund
og Øygarden vedtok difor i år 2008 å oppretta ei vurderingsgruppe i
regionen. Regionen består av tre kommunar. I det regionale samarbeidet er
økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av
kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Dette har i ettertid synt seg
å vera eit svært så framtidsretta vedtak.
Etter at Hardanger /Voss starta med ekstern vurdering i 2000 for å betra
kvaliteten i skulen, har det kome fleire meldingar frå sentrale styresmakter
som understrekar kor viktig det er å ha system som etterspør og sikrar
kvalitet i opplæringa, mellom anna i Kvalitetsutvalet si delinnstilling av 14.
juni 2002 ”Førsteklasses fra 1. klasse”. Vidare kom St.meld. nr. 30. (20032004) ”Kultur for læring”, som var forløparen til ny læreplan,
”Kunnskapsløftet” (2006).
Føremålet er at vurderingsgruppa skal vera til hjelp i arbeidet med
pedagogisk kvalitetsutvikling i skulen.

Sikra kvalitetsutvikling

Erkjenning av at skulen treng, og kjem til å få ”auge utanfrå”

Ekstern hjelp i vurderingsarbeidet

Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunen sitt ansvar for å sjå til at
skulane jamleg vurderer si eiga verksemd
Kven er vurderar?
15 personar i Fjell, Sund og Øygarden er medlemmer i vurderingsgruppa.
Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera grunnskulane i
regionen i løpet av 3 år, dvs. 10 - 12 skular pr år. To frå gruppa
(vurderingspar) gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer
skular i eigen kommune.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
3
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Kva gjer vurderarane?

Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skulefagleg
ansvarleg i kommunen.

Vurderarane nyttar verktøy utvikla av Utdanningsdirektoratet,
”Ståstedsanalysen” og ”Organisasonsanalysen”.

Vurderingsparet førebur sjølve vurderinga gjennom eit fyrste møte med
skulen, utarbeiding av glansbilde, det vil sei kriterium på kvalitet og teikn
på god praksis, metodeval og verktøy tilpassa det skulen ynskjer fokus
på.

Sjølve vurderinga vert gjennomført.
Rapporten
På bakgrunn av dokumentanalyse, intervju med elevar og lærarar, møte med
foreldre og observasjon på skulen skriv ein rapport om resultatet av
vurderinga. Rapporten trekker fram verksemda sine sterke sider, og kva
utviklingsområde skulen har. Han gjev også informasjon om rammene for
vurderinga – tidsbruk, metodeval, verktøy m.m.
Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men
er eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med og utvikla til det betre på
skulen
Det har synt seg at dei reiskapar og metodar som har vorte nytta i den
eksterne vurderingsprosessen, kan overførast til det interne
vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med.
Skulevurdering
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
4
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
2 - Fakta om skulen og val av vurderingstema
Bjorøy skule er ein fulldelt barneskule med 123 elevar og nyttar
bokmål som skriftsspråk. Bjorøy ligg aust for Sotra og høyrer til i Fjell
kommune. Øya har fastlandssamband med Bergen, om lag 15
minuttar køyring med bil. I 1996 vart det bygd ein undersjøisk tunnell
frå Bergen kommune til Bjorøy. Øya har bussamband med fastlandet.
Bjorøy har dei siste åra hatt ei sterk vekst i innbyggjartalet. Bjorøy
skule er ein skule i vekst der elevtalet er aukande.
Det er 14 pedagogar i heil- og delstilling ved skulen, 4
assistentar/fagarbeidarar tilsett i heil- og delstilling i skule og SFO og
ein sekretær. I leiinga er rektor Bjørnar Fjellhaug, inspektør Inger
Helen Kallestad og SFO-leiar Karen Gjertsen.
Bjorøy skule er ein ZERO-skule knytt til antimobbeprogrammet ZEROnulltoleranse mot mobbing. Skulen arbeidar og med satsingsområda til
Fjell kommune TSK (Tydeleg, støttande og førebudd – program for
klasseleiing) og SOL (– systematisk observasjon av lesing).
Skulen er med i eit treårig pilotprosjekt med Jan Spurkeland der
personalet gjennomgår ein kurspakke i relasjonspedagogikk. Det er sju
samlingar fordelt på tre år. I dette skuleåret er det tre samlingar.
Skulen har som mål å bli ein relasjonskompetent organisasjon. Zeroundersøkinga viser at fleire elevar kjenner seg mobba av vaksne på
skulen. I september 2012 gjennomførte personalet ståstadsanalysen.
På bakgrunn av dette ville personalet bli vurdert på
relasjonskompetanse som tema.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
5
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
3 – Vurdering
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
6
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
4 - Glansbilde
Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette
kriterium er henta frå lov, regelverk, læreplanverk og skulen sine eigne
planar.
Når vurderingsparet gjennomfører ei vurdering, vert kriterium samanlikna
med den informasjon som er samla om temaet gjennom intervju og
observasjon på skulen, i tillegg til dei dokument som skulen har lagt fram.
Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderingsparet, og godkjende av
skulen.
Kriterium
Leiinga på
skulen sikrar
ein trygg
skulekvardag
Teikn på god praksis
-
Personalet
skaper ei trygg
og inkluderande
ramme rundt
skulekvardagen
-
Elevane kjenner
seg trygge i
skulekvardagen
-
Foreldra er
delaktige i å
skapa trygge
rammer rundt
skulekvardagen
-
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
Skulekvardagen er organisert på ein
oversiktleg måte
Leiinga har sett av tid til møter og samarbeid
mellom personalet
Skulen har eit godtfungerande elevråd
Skulen har ein plan for gjennomføring av
Zero-programmet
Personalet har lik forståing av reglement og
konsekvensar av dette
Personalet er synleg og møter opp presis
Personalet er tydelege i møte med
utfordrande åtferd
Personalet brukar zero-programmet aktivt
Elevane er godt kjente med
ordensreglementet og konsekvensar av brot
på det
Elevane rettar seg etter reglane på skulen
Elevane trivst på skulen
Elevane er godt kjente med zero-programmet
Skulen har eit godtfungerande FAU
Foreldra får god informasjon om skulen si
verksemd
Foreldra deltek på klasseforeldremøte og
utviklingssamtalar
Foreldra tek initiativ til arrangement på skulen
7
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
5 - Skulen sine sterke sider innan
vurderingsområdet
Leiinga på skulen sikrar ein trygg skulekvardag

Skulekvardagen er organisert på ein oversiktleg måte
I samtale og observasjon kjem det fram at skulekvardagen er godt
organisert. Timeplanen er sett opp i faste rammer til faste tider på ein
oversiktleg måte. Vi finn oppdatert og relevant informasjon på
infotavla på personalrommet. Vikarar vert møtt med det materiellet dei
treng for å gjennomføra skulekvardagen.

Leiinga har sett av tid til møter og samarbeid mellom
personalet
I følgje dokumentasjon og etter samtale med leiing går det fram at
kvar tysdag er det møte mellom lærarar og leiing frå halv eitt til halv
fire. SFO-leiar er med på tysdagsmøte i første halvdel. Kvar veke er
det møte i leiiargruppa, og i assistentgruppa. Andre faste møte er med
tillitsvalde kvar månad og elevrådet kvar tredje veke.

Skulen har eit godtfungerande elevråd
Resultat i ståstadsanalysen viser:
Elevrådet har møte med ansvarleg lærar kvar tredje veke.
Representantar tek aktuelle saker med til samarbeidsutvalet. Elevrådet
har hatt tradisjon for å arrangere ulike miljøfremjande tiltak som til
dømes kantine.

Skulen har ein plan for gjennomføring av Zero-programmet
Resultat i ståstadsanalysen viser:
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
8
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Det føreligg ein ferdig revidert plan for Zero-programmet. I
innleiingsordet står det slik; Det er vi som er skulen og det er alle sitt
ansvar at alle har det godt på skulen. Vi må vere nøye med korleis vi
snakkar om, med og til kvarandre. Ingen er berre det du ser. Vi må
respektere at alle er ulike og handle utifrå det. Gjennom målretta
arbeid gjer vi Bjorøy skule til ein god skule, ein trygg stad å vera og
ein god stad og læra. Bjorøy skule er ein skule med null toleranse mot
mobbing.
Planen syner tydelege mål for skulen sitt arbeid mot mobbing. I
samtalane kjem det fram at skulen gjennomfører trivselsprogrammet,
elevsamtalen, utviklingssamtalen, klasseforeldremøte,
elevundersøkinga og program for oppfølging av konkrete mobbesaker.
Personalet skaper ei trygg og inkluderande ramme rundt
skulekvardagen

Personalet er tydelege i møte med utfordrande åtferd
Resultat i ståstadsanalysen viser:
I samtale og observasjon ser vi få teikn til utfordrande åtferd.
Personalet seier seg nøgde med elevane si framferd og merkar ei
positiv utvikling dette skuleåret. Det er tydeleg at personalet i møte
med elevane gjer TSK-reglane med konsekvensar godt kjent.
Elevane kjenner seg trygge i skulekvardagen

Elevane er godt kjente med ordensreglementet og
konsekvensar av brot på det
I observasjon og samtaler ser vi at TSK-reglane og konsekvensar er
godt synlege i alle klasserom. Elevane kan fortelja om reglane og
syner at dei forstår kva reglane tyder. Dei er godt kjende med kva
konsekvensane er ved brot. Foreldra er godt orienterte om elevane sin
skulekvardag på dette området.

Elevane rettar seg etter reglane på skulen
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
9
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
I samtale med personalet går det fram at elevane i stor grad rettar seg
etter reglane på skulen. Klassevis har dei ulike påskjønningstiltak som
fremjar positiv utvikling. I observasjon ser vi gode arbeidstilhøve på
skulen. Det er lite støy og god kommunikasjon mellom elevane og dei
vaksne.

Elevane trivst på skulen
Resultat i ståstadsanalysen viser:
I samtalane med elevane kjem det fram at det er høg trivselsfaktor på
skulen dette skuleåret. Trivselsprogrammet er godt likt og fremjar
trivsel på alle trinn. Populariteten gjer at det til tider er trongt om
plassen. Elevane kan fortelja om tidlegare episodar av mobbing og trur
at det framleis førekjem, men i minkande grad.
Foreldra er delaktige i å skapa trygge rammer
rundt skulekvardagen


Skulen har eit godtfungerande FAU
Foreldra tek initiativ til arrangement på skulen
I samtale med foreldra møtte vi stort engasjement
og konstruktive haldningar. Representantane viste
stor grad av kreativitet. Dei var tydelege i
tilbakemeldingane om skulen si verksemd. FAU
bidreg til fleire arrangement gjennom skuleåret. Dei
deltek aktiv i gjennomføringa av desse og hadde
gode framlegg til nytenking rundt organiseringa.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
10
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
6 - Skulen sine utviklingsområde innan
vurderingsområdet
Personalet skaper ei trygg og inkluderande ramme rundt
skulekvardagen

Personalet har lik forståing av reglement og konsekvensar av
dette
Resultat i ståstadsanalysen viser:
I Udir (Utdanningsdirektoratet) sin rettleiiar «Arbeid mot mobbing»
står det;
Alle må bli i stand til å gå aktivt inn i det førebyggjande
arbeidet, i avdekkinga og i problemløysinga. Dei tilsette skal støtte
kvarandre og stille krav til kvarandre om å delta. Skolen må vere
prega av ein felles god praksis blant dei tilsette i møtet med elevane
og foreldra.
http://www.udir.no/Upload/Laringsmiljo/5/Arbeid_mot_mobbing_rettleiar_nn.pdf
Gjennom samtale gjev elevar, foreldre og personalet uttrykk for at dei
vaksne har ulik forståing av reglement og konsekvensar av dette.
Ordensreglementet for skulen er felles. I tillegg til dette har klassane
TSK-reglar som i hovudssak har same innhald, men med ulik
språkdrakt. Elevane er medvitne om korleis dei vaksne set i verk
konsekvensane for brot på reglane. Dei opplever at kontaktlærarane
handsamar TSK-reglane best. Dei andre lærarane som og underviser
mykje i klassane er meir utydelege på reglar og konsekvensar, seier
elevane.
I samtale med leiing og tilsette kjem det fram at tilliten dei tilsette
imellom er varierande. Ein må vere merksam på faren for oppsplitting i
personalet. Skulen må difor ha som overordna målsetjing å samla
avdelingane til godt samarbeid. I følgje Udir sin rettleiiar skal alle
tilsette støtte kvarandre og stille krav til kvarandre. Den overordna
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
11
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
målsetjinga må vere ein trygg og inkluderande skulekvardag for alle.
Dette er det viktigaste utviklingsområde i relasjonen dei tilsette
imellom.
Foreldra fortel om påskjønningar som kan verke mot si hensikt, t.d.
månadsdiplom som ikkje er oppnåeleg for alle og som kan opplevast
ubehageleg for dei som får han alltid. Personalet stadfestar at det er
ulik praksis i reaksjonar og ulik handtering av brot på reglane.

Personalet er synleg og møter opp presis
I skulen sin handlingsplan mot mobbing finn vi;
Sjekkpunkt for vakt- og tilsynsordninger:
1. Alle som har vakt bærer vester som gjør dem synlige i
skolegård/uteområde.
2. Skolen har et område som er ”sikkert”. Her er det alltid en voksen
til stede. Det vet alle elever om. Dette området er mellomplassen,
plassen ved hovedinngangen.
3. Alle har ansvar for ett område.
Resultat i ståstadsanalysen viser:
Gjennom samtale med elevar og personale går det fram at det kan
vera knapt med vaksne ute i friminutta. Elevane må til dels leita etter
vaksne når dei treng dei, særleg oppe på plassen. Ikkje alle brukar gul
vest slik Zero-programmet påpeikar. Personalet seier at i samband
med vikarbruk fell ofte inspeksjonen bort, sjølv om det finst plan for
bakvakt. Fleire i personalet gjev uttrykk for at inspeksjonsoppgåvene
har for lav prioritet. Lærarane opplever det problematisk å vera
presise når dei til dømes må skifta klasserom i dobbeltimar.
Handlingsplanen viser at det skal vere gode rutinar for dette på
skulen.

Personalet brukar zero-programmet aktivt
I Udir sin rettleiar «arbeid mot mobbing» står det;
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
12
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Arbeidet mot mobbing er viktig og må vere ein sjølvsagt del av dykkar
daglege gjeremål. På skolen skal de ha eit systematisk, breitt basert
arbeid for eit godt psykososialt miljø. Dette er òg lovpålagt. For å sikre
kontinuitet må de ha ein oppdatert plan mot mobbing på skolen.
Planen skal vere kjend for alle, og han skal vise kva dei tilsette har
ansvaret for.
http://www.udir.no/Upload/Laringsmiljo/5/Arbeid_mot_mobbing_rettleiar_nn.pdf
I følgje personalet vert zero-undersøkinga gjennomført i november.
Heimen godkjenner elevdeltaking. Handlingsplanen i zero-programmet
vert nytta direkte i mobbesaker. I samtalane kjem det fram at ikkje
alle tilsette kjenner zero-programmet. Nye tilsette til ei kvar tid treng
innføring i programmet
Elevane kjenner seg trygge i skulekvardagen

Elevane er godt kjente med zero-programmet
I samtale med elevane kjem det fram at berre dei eldste elevane er
kjende med zero-programmet. Dei kjenner til at programmet handlar
om mobbing, men berre få av dei har arbeidd med det som tema i
samling. Under observasjon ser vi få synlege teikn på at skulen er ein
zero-skule.
Foreldra er delaktige i å skapa trygge rammer rundt
skulekvardagen.

Foreldra får god informasjon om skulen si verksemd
På Udir sine sider om elevane og foreldra sitt ansvar og rettar står det;
Samarbeid mellom skolen og hjemmet er et gjensidig ansvar, men
skolen skal ta initiativ og legge til rette for samarbeidet. Hjemmet skal
få informasjon om målene for opplæringen i fagene, elevenes faglige
utvikling i forhold til målene og hvordan hjemmet kan bidra til å
fremme elevenes måloppnåelse. Videre skal hjemmet ha informasjon
om hvordan opplæringen er lagt opp og hvilke arbeidsmåter og
vurderingsformer som brukes. Det må også legges til rette for at
foreldrene/de foresatte får nødvendige opplysninger for å kunne delta i
reelle drøftinger om utviklingen av skolen.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
13
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
http://www.udir.no/Laringsmiljo/Foreldresamarbeid/Elevers-og-foreldres-ansvar-og-rettigheter/
I møtet med FAU kjem det fram at informasjonen heimen får frå
skulen er god. Vekeplanen og informasjon som kjem i meldemappa
fungerer godt. Foreldra gjev likevel uttrykk for at lærarane har ulik
kontakt med heimane. Dei ønskjer å få ranselpost på e-post eller sms.
Heimesida treng oppdatering og må brukast aktivt i
informasjonsstraumen til foreldra. Foreldra ønskjer fleire
tilbakemeldingar frå faglærarane. Dei har og ønskje om å møte fleire
lærarar på klasseforeldremøta og i utviklingssamtalen.
Foreldra fortel at det er store forskjellar i korleis dei vaksne på skulen
kontaktar heimen. Dei synest det er viktig at skulen har ei felles
forståing for kor tid og korleis ein tek kontakt. Dei som har fått
tilbakemelding på korleis veka eller perioden har vore, set stor pris på
dette.

Foreldra deltek på klasseforeldremøte og utviklingssamtalar
På Udir sine sider om elevane og foreldra sitt ansvar og rettar står det;
Foreldremøtet er en viktig møteplass for foresatte med barn i samme
gruppe/klasse. Her er muligheten til å bli kjent med lærerne og
hverandre, knytte kontakter, gi og få informasjon og ta opp aktuelle
temaer som foresatte på trinnet er opptatt av. Her er muligheten for å
etablere et godt klasse- og læringsmiljø som barna kan nyte fruktene
av gjennom hele grunnskolen.
http://www.udir.no/Laringsmiljo/Foreldresamarbeid/Elevers-og-foreldres-ansvar-og-rettigheter/
I møtet med foreldra kjem det fram at deltakinga på
klasseforeldremøta er varierande. Foreldra opplever møta som nyttige.
Godt frammøte på desse møta kan i større grad etablere eit godt
klasse- og læringsmiljø for elevane. Utviklingssamtalane er derimot
høgt prioritert hos foreldra. Det er ulik praksis om elevane er med på
utviklingssamtalen, det er gjerne dei yngste elevane som ikkje deltek.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
14
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
7 - Vidare arbeid
6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til
skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med
utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering.
Ågotnes 15. 11. 2012
Kjellaug Solsvik
Martha Landro
Vedlegg 1

Interne:
- Et utval av elevar frå 1.-7. klasse
- Lærarar
- Assistentar
- Rektor
- FAU

Eksterne: Kjellaug Solsvik og Martha Landro
 Grunngjeving for val av informantar
Temaet relasjonskompetanse krev at vi snakkar med alle partar på
skulen. Både elevar, tilsette og foreldregruppa er viktige informantar.
Vedlegg 2
Tidsplan for vurdering av Bjorøy skule v. 46
Vurderingstema: Relasjonskompetanse
Vurderingspar: Kjellaug Solsvik og Martha Landro
Tid
5.okt.
kl. 14.00
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
Aktivitet
Vurderingsparet kjem og vil seia litt om kva ein
legg i det å vera eksterne skulevurderarar, og
Ansvar
Vurderarane
15
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
5. okt.
Veke 42
Veke 44
Veke 45
Veke 46
presentera glansbilete vi har utarbeida.
Personalet på skulen drøftar kriteria i glansbilete
Skulen kjem med framlegg om eventuelle endringar
i glansbilete
Informasjonsbrev til foreldra om skulevurdering
blir sendt heim. Det same gjeld innkallinga til
foreldremøte.
Endeleg timeplan for vurderingsveka er ferdig
Vurderingsveka
Skulen
Skulen
Vurderarane lagar
skrivet, skulen sender
det ut
Vurerarane og skulen
Vurerarane og skulen
Dette tenkjer vi no:
Måndag ønskjer vi å intervjue om lag 3 elevar i frå
kvar klasse fordelt på 3 intervjugrupper. Vi vil at
lærarane skal velja ut elevar som er gode
informantar. Ein kort samtale med rektor på slutten
av dagen. Foreldremøte med alle i FAU (inkl. vara)
frå 18.00-19-00.
Det er fint om vi i starten på veka kan får kopi av
vekeplanar, halvårsplanar, verksemdsplan, årshjul
og liknande.
Tysdag vil vi intervjua lærarane i grupper på ca
fem-seks fordelt på to intervjugrupper. Vi vil ha
intervju med assistentane for seg sjølve. Deretter
ønskjer vi å observera i klasseromma. Samtale med
rektor på slutten av dagen.
Onsdag. Intervju med rektor og inspektør. Deretter
observasjon og rapportskriving.
Torsdag – siste arbeid med rapporten. Framlegging
av rapport for rektor. Deretter framlegging av
rapport for personalet og skulesjefen.
22. november
29. november
29. mai 2013
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
Frist for skulen å koma med innspel om faktiske feil Skulen
i rapporten
Endeleg rapport vert sendt skule/kommune
Vurderarar, skule og
kommune
Rektor skal levera ein handlingsplan til skuleiegar.
Rektor, skuleeigar
16
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Vedlegg 3
Metodar
For å sikra god forankring og at alle røyster vert høyrde, hentar vurderarane inn data
frå fleire andre kjelder (kjeldetriangulering). Informantane er det vurderarane som
plukkar ut, for eksempel ved å ønskja å møta alle klassekontaktar, elev nr 5, 8, 14,
20 og 25 frå klasselista, 3 faglærarar i praktisk-estetiske fag, 3 kontaktlærarar på
trinn 7, hele elevrådet osv.
For å styrka kvaliteten på dei data me finn, nyttar me ulike metodar for
datainnsamling (metodetriangulering). Gjennom eit breitt spekter av metodar tek
vurderarane temperaturen på den pedagogiske praksisen til skulen, og på korleis
skulen fungerer som organisasjon.
Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. I prosessen på denne skulen er
følgjande metodar nytta:
Dokument- og resultatanalyse
Skulen sendte vurderarane diverse relevante dokument, til dømes verksemdsplan,
arbeidsplanar, resultat av elevundersøkinga.
Kriterium og teikn på god praksis
Vurderingsparet utarbeidde forslag til eit glansbilete med kriterium og teikn på god
praksis. Dette med utgangspunkt i L-06, Opplæringslova med forskrift og skulen sine
planar. Framlegg til kriterium med teikn på god praksis vart drøfta på skulen. Skulen
godkjende desse med små endringar.
Samtaleguidar
For å fanga lik tematikk, har vurderarar i forkant utarbeidd ulike guidar til hjelp for
samtalar med høvesvis elevgrupper, foreldre og pedagogar.
Møte med føresette
Ein føresetnad for god skuleutvikling er god dialog mellom heim og skule. Føresette
må få høve til å involvera og engasjera seg. I løpet av denne vurderinga har me hatt
møte med klassekontaktane.
Møte med rektor
Rektor har ei nøkkelrolle i utviklingsarbeidet som skulen skal ta tak i når
konklusjonane i rapporten ligg føre. Ein god dialog med rektor dannar grunnlag for
gjensidig forståing av skulen sin nosituasjon og for vidare arbeid.
Observasjon
Me observerte i klasseromma, gangane og uteområdet.
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
17
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
Vedlegg 4
Intervju med foreldre
1
Kor ofte har FAU møte? Kor mange
møter i snitt på desse møta?
2
Er skulemiljøet oppe som sak i FAU?
Nemn ulike tema.
3
Korleis får foreldra informasjon frå
skulen? Er informasjonen god og ofte
nok?
Har skulen ei heimeside? Kva inneheld
heimesida?
4
5
6
7
8
9
Deltek foreldra på klasseforeldremøte og
utviklingssamtalar? Kor nyttige er desse
møta?
Har skulen tradisjon for andre
arrangement i og utanfor skuletida? Kva
arrangement og for kven?
Kva er foreldra si rolle i ulike
arrangement på skulen? Samarbeider
foreldra om arrangement på tvers av
klassedeling?
Korleis er samarbeidsklimaet mellom
skule – heim?
Er det nøgde med skulen dykkar? Kva
for utfordringar opplever de i
skulemiljøet?
Intervju med elevar
1
Kjenner de ordensreglane på skulen?
2
Kva skjer viss de ikkje følgjer
reglane?
Følgjer de ordensreglane?
3
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
18
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
4
5
Kor tid og kvar skjer det brot på
ordensreglane?
Trivst de på skulen?
6
Trur de alle trivst på skulen?
7
Kva er Zero-programmet?
8
Kor ofte arbeider de med Zeroprogrammet?
Intervju med personalet
1
Har skulen same ordensreglement for
alle?
2
Korleis vert elevane gjort kjende med
ordensreglementet og brot på det?
3
Har personalet lik forståing av
reglementet og konsekvensar på brot
på dette?
Rettar elevane seg etter reglane på
skulen?
4
5
Er personalet godt synleg på skulen?
6
Møter personalet presis til timane og
friminutta?
7
Rettar elevane seg etter personalet
sine intrukser? I timen? I friminuttet?
8
Er personalet konsekvente i møte med
elevane? Er det felles praksis?
9
Brukar alle på skulen Zeroprogrammet?
10 Korleis og kor ofte brukar de ZeroBjorøy skule
12.11-15.11 2012
19
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
programmet?
11 Korleis opplever de samarbeidet
mellom heim og skule?
12 Korleis kontaktar og informerer de
heimen?
13 Opplever de høg trivselsfaktor på
skulen? I personalet? Hos elevane?
Intervju med leiinga
1
Er skulekvardagen organisert på ein
oversiktleg måte? Korleis?
2
Er organiseringa synleggjort?
Korleis?
3
Kor ofte har personalet møter? Er
heile personalet med på møta?
4
Er skulemiljøet tema på
personalmøtet?
5
6
Har de rutinar for oppfølging av
vikarar? Korleis vert nye vikarar
informert?
Kor ofte har elevrådet møte?
7
Er skulemiljøet tema i elevrådet?
8
Har skulen ein plan for
gjennomføring av Zero-programmet?
9
Er Zero-programmet eit tema på
personalmøtet?
10 Korleis sikrar leiinga at innhaldet i
planen blir følgt opp?
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
20
Vurderingsnettverk for skuleutvikling
Sund, Fjell og Øygarden
11 Opplever de motsetningsforhold i
personalet? Korleis?
12 Korleis opplever de samarbeidet
mellom heim og skule?
13 Møter personalet presis til timane og
friminutta?
14 Opplever de høg trivselsfaktor på
skulen? I personalet? Hos elevane?
Bjorøy skule
12.11-15.11 2012
21