22 TORSDAG 06. NOVEMBER 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN år dag gratulasjon@vikebladet.no 85 år Johanne Blindheim, Hareid, fyller 85 år fredag 07.11. Lilly Skeide, Bølandet, fyller 85 år fredag 07.11. giftarmål Vi giftet oss i Sjømannskirken i Stockholm 27.10.14. Eli Skaatun og Ståle Herland. for 30 år sidan Arbeidsutvalet Hareid Ungdomsskule Samarbeidsutvalet ved Hareid Ungdomsskule har hatt møte og valt Kjell Arne Utgård til formann, Jan Magne Røyset til sekretær og Kjell Arne Utgård og Kari Hjørungdal som representantar til Samarbeidsutvalet. -Arbeidsutvalget ynskjer at det også i år må bli arrangert velkomstfest for 7. klassingane med foreldre. Utvalget satsar på fredag 23. november. Utvalget ynskjer at elevar må lage lysestakar som kan nyttast til slike arrangement. -Arbeidsutvalget ser det ikkje nødvendig å starte med mjølkesalg no. Vestposten onsdag 7. november 1984. Dei eldre og alkoholen – Det blir ofte klaga på ungdomen, men no vil eg gje den vaksne og eldre generasjon eit skot for baugen, seier ein ung mann til Vestposten. – Kva gjeld det? – Jau, laurdag stod eg ved samfunnshuset i Ulsteinvik mot slutten av gammaldans-kvelden. Då var det vemodig å vere vitne til framferda hos eindel av den vaksne, eldre generasjon: dei var overstadig berusa, kasta flasker i kring seg og ropa og snakka tull. Eg tykte situasjonen nærma seg faretruane «Will West». – Men dei unge då? – Ein såg nok at somme av dei også var alkoholpåverka, men det var ei heilt anna framferd hos desse. Det store fleirtalet av ungdomen var elles lys edru. Og det er meir enn ein kan seie om dei vaksne og tilårskomne. Var det nokon som snakka om «eksempelets makt» - ? undrast vår unge heimelsmann. Vestposten fredag 9. november 1984 sudoku 12. november 1964 På møte i sogenemnda i kveld leverte eg frå meg bankboka som Ulstein hadde gitt til begge sogelaga, kr. 348,-. Ein kveld no nyleg høyrde eg eit ordskifte i radio om kulturarbeid mellom folket, særleg i skulane og i studieringar. Stein Fossgard fortalde om opplæringsgrunnlaget i Folkehøgskulen. Der vert det lagt vinn på å rettleide og få dei unge til å tenkje sjølve. Alle som var med i programmet rundt bordet tyktest vera samde om at ein skal ikkje prøve presse eit visst livssyn inn på dei unge, men hjelpe dei til sjølve å forme sitt eige livssyn. Ellest heldt Simen Skjønsberg sterkt fram at samfunnet el fram berre gjennomsnittsmenneskje. BENDIK BONDE (Ludvik N. Holstad) Dagboknotatar Ulsteintilsette fekk klokker og medaljar Heile 21 av medarbeidarane i Ulstein Group har arbeidd samanhengande for bedrifta i 30 og 31 år. Sist fredag var dei samla på hotellet i Ulsteinvik og fekk heider for lang og tru teneste. Konsernsjef Gunvor Ulstein delte ut gullklokke, medan ordføraren i Ulstein, Jan Berset, delte ut Norges Vel sin medalje. – Eg har arbeidd ved Ulstein i mange fleire år enn dette, kommenterer arbeidsleiar på plate, Harald Løvoll, ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven. Løvoll starta karrieren som snikkar ved Hatlø verft i Ulsteinvik i 1968, og tok i 1973 til ved verftet si avdeling i Vanylven. Etter eit kort arbeidsopphald på Bergen mekaniske tok Harald til att ved avdelinga i Vanylven i mai 1984. Han fekk medaljen saman med kollega Angeir Idar Berge som arbeider på lageret/ vedlikehald i Vanylven, og som starta på avdelinga i juni 1984. – Vi har arbeidd saman i mange år, både i Vanylven, men også i Ulsteinvik, når det har vore mindre å gjere på vår eiga avdeling, fortel Harald. Hundrekronersslipset Ein kar som fekk særleg merksemd på festen, var Kristian Fikkan, som jobbar på teknisk avdeling i Ulstein Verft. Han hadde bestilt seg nytt slips for høvet, og mønsteret på slipset var den nye hundrekronarsetelen med X-Bow-skip på. – Gunvor likte særs godt slipset mitt, seier Kristian nøgd. Norges Vel sin medalje har lange tradisjonar, og vart oppretta for å synleggjere og verdsetje menneske sin innsats i arbeidslivet. Gunvor Ulstein hadde nokre ord å seie til kvar einskild, og takka for den gode innsatsen som er lagt ned. Ulstein Group starta aktiviteten i 1917 og er i dag arbeidsgjevar for om lag 800 personar, dei fleste av desse på Sunnmøre. Heidra for trufast teneste: Første rad, frå venstre: Kjell Petter Ertesvåg (Ulstein Verft), Ove Johan Blindheim (Ulstein Verft) og John Flø (Ulstein Elektro Installasjon). Andre rad: Angeir Berge (Ulstein Verft, avd Vanylven), Aase Skeide (Ulstein Verft) og Turid Håheim (Ulstein Group). Tredje rad: Kristian Fikkan og Marit Moldskred (begge Ulstein Verft). Fjerde rad: Helge Hustadnes (Ulstein Verft), konsernsjef Gunvor Ulstein. Femte rad: Harald Løvoll (Ulstein Verft, avdeling Vanylven) Per Svein Brekke (Ulstein Verft). Sjette rad: Olav Hasund ,Jon Breiteig og Lidvar Lillerovde (alle Ulstein Verft). Sjuande rad: Trygve Strandabø, Ulstein Verft, Tor Bigset (Ulstein Elektro Installasjon). Åttande rad: John Pedersen (Ulstein Elektro Installasjon), Rolf Birger Hasund, Ulstein Verft. Bakerst frå venstre: administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft, Tore Svoren (Ulstein Verft) og ordførar Jan Berset i Ulstein kommune . Bjørn Olav Dybhavn i Ulstein Power & Control og Bjørn Engenes i Ulstein Verft var ikkje til stades. FOTO: JAN HENRIK DJUPVIK
© Copyright 2024