Saker til møte 13. juni 2013 - Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Jnr. 1142.13
GJG/rr
Ordførarar og rådmenn i Sunnhordland
Ordførar og rådmann i Fusa kommune
Ordførar og rådmann i Haugesund kommune
Ordførar og rådmann i Vindafjord kommune
INNKALLING TIL MØTE I SAMARBEIDSRÅDET
Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og fellesmøte med ORK
torsdag 13. og fredag 14. juni på Scandic hotell, Haugesund
Saker til møte i Samarbeidsrådet:
Sak 29/13 Godkjenning av referat frå møte 3. mai
Sak 30/13 Skriv og meldingar
a) Sunnhordlandstreff 28. juni
b) Funksjonshemma og arbeid
c) Kommunestruktur
d) Organisering av reiselivet
e) Kollektivtrafikk – felles strategi
f) Strandsoneplan
g) Komite for koordinering av Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014
Sak 31/13 Forslag til ny strategisk plan for Samarbeidsrådet
Sak 32/13 Plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg
Sak 33/13 Kystsoneplan for Sunnhordland og indre Hardanger – oppnemning av medlemmer
Sak 34/13 Scenario Sunnhordland – brukryssing Langenuen
Sak 35/13 Kapasitet hurtigbåttilbodet Leirvik – Sunde – Ranavik
Sak 36/13 Samferdsleplan for Sunnhordland
Sak 37/13 Økonomiplan
Sak 38/13 Ymse
PROGRAM
13. juni:
12.00 - 13.00 Lunsj på Scandic
13.00 – 16.00 Separate møter i Samarbeidsrådet og ORK
16.30 - 17.45 Besøk / omvisning Aibel / direkte til indre kai og båt til Røvær
Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
A Postboks 444, 5403 Stord | T 53 45 67 90 | Orgnr. 971 492 910 |E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no | W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
18.10 – 22.30 Båt til Røvær middag. Retur til Hotellet
14. juni:
08.30 – 12.00 Fellesmøte
Tema:
Organisering av destinasjonsselskapa. Tore Gautesen informerar om
prosessen
Strategiplan for Haugalandet/Sunnhordland. Gro Jensen Gjerde og Odd
Henry Dahle har ansvar for innhald og prosess
Andre saker
• Samarbeidet mellom ORK/SHR
• Nettverk av fjord og kystkommunar.
• Kommunestruktur – kva debattar går i kommunane?
12.00 – 13.00 Lunsj / Avreise
Sunnhordland, 5. juni 2013
Gro Jensen Gjerde
dagleg leiar
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13. juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 30/13
GJG/rr
SKRIV OG MELDINGAR
a)
Sunnhordlandstreff 28. juni
I regi av omdømme og rekrutteringsprosjektet vert det arrangert eit nytt Sunnhordlandstreff fredag
28 juni. Treffet vert denne gong ombord i veteranbåten Stord 1, som ligg ved kai på Leirvik under
Stordfest.
Det vert lagt opp til ambassadørtreff i forkant av Sunnhordlandstreffet, der Dr.philos, antropolog og
rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning vil halde eit inspirerande
føredrag om
Det er viktig at kommunane hjelper til og informere om treffet, både på heimesider og gjennom å
invitere studentar og andre gjennom facebook. Ordførarar og rådmenn er viktige bidragsytarar
denne dagen.
b)
Funksjonshemma og arbeid
Rådet for funksjonshemma RFF i Stord har retta ein førespurnad om Samarbeidsrådet kan drøfta
om det er mogleg å jobba politisk for å få auka rammer til UTO og TULT arbeidsplassar. RFF ser det
slik at det er behov for fleire arbeidsplassar og at støtte til dette er avgrensa talmessig av tilskota
frå NAV i Sunnhordlandsregionen.
c)
Kommunestruktur
På møte i Samarbeidsrådet 3. mai var det ei drøfting på korleis kommunane i Sunnhordland ser på
signal frå både opposisjon og posisjon til at det ikkje lenger nyttar med ”gulrot” for å få kommunar
til å slå seg saman. Seniorrådgjevar i Kommunal og regionaldepartementet, Stein Ove Pettersen
deltok i møte og gav ei orientering om prosessar og erfaringar frå andre kommunar.
Etter denne presentasjonen var det ei kort drøfting med følgjande innspel:
Dersom Samarbeidsrådet skal drøfta kommunestruktur vidare er det avgjerande med forankring i
kommunane. Det er difor viktig med informasjon til kommunestyra.
Det må/bør utarbeidast ein strategi på ein prosess for å ta saka vidare. Det er avgjerande at
ordførarar og rådmann får fullmakt til å drøfta saka vidare i Samarbeidsrådet.
Saka vil koma opp igjen, men då i ein større utgreidd sak.
Det er i ettertid kome spørsmål om kven som skal utarbeida strategien på ein slik prosess. AU
drøfta dette i sitt møte 30. mai og konkluderte med at ordførarar og rådmenn må informera og
drøfta i sin kommune før saka eventuelt vert teken vidare.
d)
Organisering av reiselivet
Hordaland fylkeskommune har på vegne av Forum Reiseliv, nettverksgruppa av
destinasjonsselskapa i Hordaland, lagt ut eit anbod for å engasjera eit selskap til å leia prosessen
med å utarbeida eit beslutningsgrunnlag for organisering av reiselivet i Hordaland.
Forum Reiseliv ber om at å få utarbeidd ein rapport som vurderer følgjande hovudmålsetjing:
1) Kartleggje status for reiselivsorganiseringa i Hordaland i dag. Under dette skal ein kartleggje
organisasjonen sin forretningsmodell, økonomiske situasjon, kompetansenivå og fordeling
av ressursar til løysing av prioriterte oppgåver. Ein må ta stilling til tilhøvet mellom innsats
og resultat og kort vise regionen si utvikling. Prosessleiar vil få tilgang til
bakgrunnsinformasjon om organisasjonane og utvikling av regionen (NHO Reiseliv
Strukturutval og Telemarkforsking).
2) Utarbeide ein SWOT analyse av gjeldande organiseringsmodell der utgangspunktet er
arbeidsoppgåvene som er definert i «Destinasjon Norge» og korleis desse blir løyst i dag
3) Vurdere og rangere løysingar for alternativ organisering i tråd med den nasjonale
reiselivsstrategien med tanke på eitt, to eller tre destinasjonsselskap i Hordaland
4) Inkludere ei anbefaling for oppgåvefordeling og organisering av reiselivsorganisasjonane i
Hordaland
Rapporten skal leggjast fram medio november 2013.
e)
Kollektivtrafikk – felles strategi
Ordførar Kjetil Hestad vil gje ei orientering i møte.
f)
Strandsoneplan
Administrasjonen vil gje ein kort statusrapport i møte.
g)
Komite for koordinering av Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014
Rådmann Magnus Mjør, Stord kommune er Samarbeidsrådet sin representant i komiteen for
stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014. Det er halde eit møte i komiteen og referatet
frå møte ligg vedlagt. I Sunnhordland er det ikkje ei felles koordinering av jubilea. Dersom det er
ønskjeleg kan kommunane gje ei orientering om kva planar dei har, slik at Magnus Mjør får ei
tilbakemelding i det vidare arbeidet.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13. juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 31/13
GJG/rr
FORSLAG TIL NY STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND
1. Bakgrunn
Samarbeidsrådet for Sunnhordland utarbeidde den første strategiske planen i 2009. Dette fordi det
var eit klart behov for å gjera nokre strategiske val både i høve til satsingsområde og i arbeidsform.
I arbeidet med den første planen hadde Samarbeidsrådet difor eit særleg fokus på visjonar og
verdiar.
Dei overordna måla for perioden 2010-2013 var oppsummert i to punkt:
1. Sunnhordland skal vera i front nasjonalt når det gjeld regionalt samarbeid
2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal vera den ønskja samarbeidspartnaren for kommunane,
fylkeskommunen, naboregionar og staten i deira arbeid for ein heilskapleg, regional utvikling og
ta initiativ til samarbeid og samhandling med desse aktørane. Det er ønskjeleg å få til auka
interregionalt samarbeid, og spesielt i forhold til Bergen kommune.
Planen var inndelt i tre satsingsområde:
*Hovudsatsing
*Viktige utviklingsoppgåver i regionen
*Andre viktige oppgåver for Samarbeidsrådet
Planen sa også noko om organisering og styring.
Planen vart godkjent i kommunane hausten 2012. Samarbeidsrådet har rullert / gjennomgått
planen kvart år i samband med arbeidet med Handlingsplanen til Strategisk plan.
I møte 15.februar d.å vedtok Samarbeidsrådet for Sunnhordland ein revisjon av Strategisk plan for
Samarbeidsrådet for perioden 2014-2017.
2. Prosess
Første prosessamling var i Sveio 15.mars. Det vart gjennomført ein SWOT analyse med
utgangspunkt i dei to overordna måla i den gamle planen. Med bakgrunn i innspel og prioriteringar
som vart gjort i gruppene utarbeidde prosessleiar ei oppsummering av arbeidet. Dette vart lagt
fram på andre prosessamling som var i Kvinnherad 3. mai.
Samarbeidsrådet gjekk gjennom oppsummeringa og prioriterte dei innspela som var kome inn frå
alle gruppene. Det var og høve til å koma med nye innspel.
Deretter var det ei drøfting på prioriteringa i plenum på styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar
for kvart mål.
Med bakgrunn i desse prioriteringane har prosessleiar i samarbeid med administrasjonen laga eit
utkast til Strategisk plan for Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS 2014-2017.
3. Planstruktur
Strategisk plan bygger på føremålet med selskapet og verdiane som ligg til grunn for verksemda.
Med grunnlag i vedteken strategisk plan vert det utarbeidd handlingsplan, økonomiplan og
budsjett.
4. Oppbygging av planen
Det er teke utgangspunkt i at planen ikkje skal vera så omfattande som den førre. I dette ligg at
verbaldelen er prøvd korta ned så langt råd, og at hovudsatsingar med strategiar er teken i
tabellform.
Strategisk plan er lagt opp med eit fokus på Samarbeidsrådet for Sunnhordland si rolle som
regional utviklingsaktør og kva innsatsområde rådet har prioritert for å løfta fram Sunnhordland
som ein spanande, god region å bu, arbeida og leva i. Dette er i tråd med dei innspela og
prioriteringar som vart gjort i prosessamlingane.
Visjon ” Me er framoverbøyd”
Planen innleier med ein ny visjon ”Me er framoverbøygd”. I dette ligg blant anna at
Samarbeidsrådet skal vera i forkant av utviklinga og sjå etter dei moglegheitene som ligg framfor
oss – proaktive. Den nye visjonen vert føreslegen til å erstatta ”Blømande Sunnhordland”.
Verdiar
Samarbeidsrådet for Sunnhordland hadde i 2009 og ved seinare rulleringar ein gjennomgang av
verdiane for rådet. Desse er så godt forankra og opplevast så rett at den står som tidlegare.
Føremål
Føremålet med Samarbeidsrådet for Sunnhordland er forankra i vedtekte. Dei vert konkretisert
gjennom 6 punkt som og er teken med i strategiplanen.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er og skal vera ein regional utviklingsaktør. I dette ligg blant
anna at rådet skal driva aktiv påverknad for å sikra ei god, heilskapleg utvikling i regionen. I dette
ligg blant anna å utvikla ein region som ikkje er sårbar i høve til næringsaktivitet og sysselsetjing.
Dette er gjenspegla i satsingsområda.
Overordna mål for perioden
Sunnhordland skal vera i front nasjonalt når det gjeld regionalt samarbeid
Gjennom prosessen vart det drøftingar om mål nr. 2 i den gamle planen. Dette målet sa noko om
Samarbeidsrådet som samarbeidspartnar og kven ein skulle samhandla med.
Dette målet er teken heilt vekk i den nye planen. Dette betyr ikkje at rådet skal samarbeida eller
samhandla mindre med andre. Samarbeidsrådet skal og må til ei kvar tid samhandla og samarbeida
der dette er naturleg. Planen har likevel eit større fokus på det interne arbeidet.
Innsatsområde
Innsatsområde definerer dei områda som skal ha fokus. Det vert lagt opp til to kategoriar på
satsingar dei neste fire åra:
•
•
Hovudsatsing –regional utvikling og infrastruktur
Viktige utviklingsoppgåver i regionen – attraktiv buregion, kompetanse, næringsutvikling
og folkehelse.
Satsingane er synleggjort i tabell som er delt inn i tre kolonnar:
•
Strategiane seier noko om korleis Samarbeidsrådet skal arbeida for å nå måla.
Strategiane vert følgd opp gjennom årlege handlingsplanar.
5. Vidare saksgang
Prosessleiar sendte forslag til Strategisk plan til Samarbeidsrådet sine medlemmer 22. mai med
moglegheit for å kome med kommentarar/innspel innan 27. mai. Det er ikkje kome
tilbakemeldingar og administrasjonen legg difor planen fram for foreløpig godkjenning, slik at den
kan sendast på høyring i kommunane. Sidan dette er ein strategisk plan for Samarbeidsrådet for
Sunnhordland er det ikkje naturleg at kommunane er dei som godkjenner planen.
Frist for kommunane å koma med innspel vert sett til 1. oktober. Deretter vert innspel og
kommentarar vurdert og planen lagt fram for Samarbeidsrådet 11.oktober, og til endeleg
godkjenning i representantskapsmøte 29. november.
Framlegg til vedtak:
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland godkjenner at Strategisk plan for Samarbeidsrådet vert
sendt til høyring i kommunane med høyringsfrist 1. oktober.
2. Innspela frå kommunane vert handsama i møte 11. oktober, før planen vert sendt til
endeleg godkjenning i representantskapet 29. november.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13. juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 32/13
GJG/rr
PLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG KULTURANLEGG
I 2001 utarbeidde Samarbeidsrådet for første gong Plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg.
Bakgrunnen var at kommunane i regionen i større grad ønskte å samarbeida om defineringa av kva
som er regionale anlegg, planlegging av regionale anlegg og om utviklinga av dei anlegga som vert
definerte som regionale. Dette for at ein gjennom samarbeid og felles forståing skal kunna utvikla
eit godt utbygd tilbod innan idrett, friluftsliv og kultur. Planen har sidan vore rullert og revidert
annankvart år.
Planen vart sist rullert i 2011 og skal etter planen reviderast i 2013.
Arbeidsgruppa som var nedsett til rullering av planen i 2011 var:
Austevoll kommune
Bjørn Wefring
Bømlo kommune
Knut Martens
Etne kommune
Erik Kvalheim
Fitjar kommune
Atle Tornes
Kvinnherad kommune
Sissel Aarseth
Stord kommune
Sylve Rusten
Sveio kommune
Marit Persen Liknes
Tysnes kommune
Vibeke Øxnevad Stoltz
Friluftsrådet Vest og Bergen og Omland Friluftsråd var invitert inn som observatørar i
arbeidsgruppa og hadde høve til å koma med innspel. Administrasjonen i Samarbeidsrådet var
sekretariat.
Følgjande kriteria har vore lagt til grunn:
•
må vera av ein slik "tyngde" at dei har ein bruksverdi som trekker til seg folk ut over eigne
kommunegrenser.
•
ha ein kostnads- og kommunikasjonsstruktur som gjer at det ikkje er naturleg at kvar
kommune kan byggja eigne anlegg.
•
må ha ein særegenhet som gjer at dei naturleg skil seg ut.
Vurdering:
Arbeidsgruppa som til ei kvar tid har arbeidd med planen har hatt ein rask men god prosess for å
rullera/revidera planen.
Det har ved kvar rullering/revidering vore opna for å koma med nye anlegg, og ein stor del av desse
er teke med etter kvart.
Eit av spørsmåla som har kome opp under utarbeiding og handsaming av planen, er korleis
Hordaland fylkeskommune og andre partar som tek del i finansieringa av anlegga, nyttar planen.
Under rulleringa av planen i 2011 hadde arbeidsgruppa møte med Ronny Skår, Hordaland
fylkeskommune. Der kom det fram at HFK heller ønskjer å leggja til grunn regionale funksjonar i
staden for å gje ein formell regional status til anlegg.
I arbeidet med rulleringa i 2011 vart Samarbeidsrådet utfordra av arbeidsgruppa på om det er rett
å fremja eit av kulturhusa som regionalt. Bakgrunnen var at det kun var Stord Kulturhus som stod i
planen, medan nesten alle kommunane no hadde kulturhus, og det var vanskeleg å skilja dei.
Samarbeidsrådet vedtok i møte 27.05.11 følgjande:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at ingen av kulturhusa i Sunnhordland har ein særegnhet
som gjera at dei naturleg skil seg ut.
Det var delte meiningar i arbeidsgruppa om vedtaket i Samarbeidsrådet i høve til at ingen av
kulturhusa skal vera regionale. Arbeidsgruppa meinte likevel at det må vera eit mål å vidareutvikla
kulturhusa/bygga og satsa på nye slik at tilbodet samla sett kan verta endå betre. Arbeidsgruppa
valte difor å syna mangfaldet ved å laga ein oversikt over dei ulike kulturhusa/bygga i planen utan å
prioritere.
Ei anna utfordring er kva ein legg i friluftsliv. Det er vanskeleg og nesten umogleg og prioritera
mellom alle dei flotte friluftsområda ein har i regionen. Dette fører til at planen vert meir ei
opplisting av fjell og friluftsområde.
Då planen for 2011-2013 vart godkjent i Samarbeidsrådet 16. september 2011, vart det under
handsaminga bedt om at det vert gjort ein gjennomgang av planarbeidet og nytten av det.
Administrasjonen legg difor saka fram til drøfting i Samarbeidsrådet der er ein ber om
tilbakemelding om kommunane ser nytten av planen og om ein skal starta revidering av ny plan.
Administrasjonen ønskjer at Samarbeidsrådet er tydeleg på kva ein ønskjer med planen og at ein
vågar å prioritere sterkare dei anlegga som er regionale. Dette kan bety at ikkje alle kommunane til
ei kvar tid har anlegg som vil stå i planen.
Dersom ein skal få dette til meiner administrasjonen at ein bør få inn ein ekstern konsulent som kan
sjå på planen med nye auge og som kan løfte planen til det nivå den bør vera på.
Dette vil i så fall føra til kostnadar som administrasjonen må koma tilbake med sak på.
Saka vert lagt fram til drøfting.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13 juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 33/13
GJG/rr
REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER – OPPNEMNING AV
MEDLEMMER
Fylkesutvalet vedtok 22.11.2012 å senda forslag til planprogram for regional kystsoneplan for
Sunnhordland og ytre Hardanger til høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker.
Samarbeidsrådet gav følgjande uttale:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gått igjennom og drøfta framlegg til planprogram for
Regional Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger og har følgjande merknader:
Føremål
Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at føremålet med planarbeidet dekkjer eit svært viktig
område for utvikling av kystsona i Sunnhordland, og vil gje gode rammer for vidare forvaltning.
Plantema
Berekraftig kystsoneplanlegging
Viktig plantema, og bra at det vert lagt opp til å laga retningslinjer for arealbruk i sjø med fokus på
berekraft til bruk og støtte for kommunal planlegging i sjø.
Strandsona
Sentralt tema i Sunnhordland. Viktig at arbeidet vert koordinert mot arbeidet med Interkommunal
Strandsoneplan.
Akvakultur
Planprogrammet legg opp til å laga ein struktur for lokalisering av akvakulturområde i planområdet
som sikrar næringa gode og eigne produksjonsområde samstundes som det vert tatt høgde for
noverande sjukdomsstruktur. I dette ligg også omsynet til villaksen. Samarbeidsrådet for
Sunnhordland meiner at dette er ei heilt rett tilnærming.
Sjøtransport og maritim næring
Tilrettelegging for infrastruktur for næringa er naudsynt for vidare utvikling. Planprogrammet legg
opp til plankart med retningslinjer for arealbruk, og regionalt viktige næringsareal til sjø skal
lokaliserast og synleggjerast.
Samarbeidsrådet meiner at dette er ei rett tilnærming til tema. Dette plantema må sjåast i
samanheng med arbeidet med den interkommunale strandsoneplanen.
Organisering
Planprogrammet legg opp til eit svært omfattande arbeid. Det er difor svært avgjerande for å
lukkast at arbeidet vert organisert slik at ein sikrar god lokal forankring og medverknad frå dei som
vert omfatta av planen.
Det er lagt opp til ei organisering der både politikar, administrasjon og ulike temagrupper skal
involverast i arbeidet. I tillegg skal det vera ei breitt samansett referansegruppe. Det er svært viktig
at alle gruppene vert sett saman med representantar med god kjennskap til kommunane.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland ynskjer difor å vera med på å peika ut representantar frå
regionen til dei ulike gruppene.
Anna
På høyringskonferansen 17. januar d.å. kom det inn fleire gode innspel til planarbeidet. Dette var
blant anna sjøområda som ressurs som friluftsområde i sjø. Til dømes reiseliv/ båtliv og fritidsfiske.
Dette er viktige tema å ta med i planarbeidet.
Vidare:
Fylkeskommunen mottok 23 fråsegner frå: 6 kommunar, 1 regionråd, 5 regionale statsetatar, 7
næringsaktørar og 4 andre. Sentrale moment i fråsegnene var:
•
Positiv haldning til planarbeidet og at planen vert sett på som viktig, særleg i høve til
akvakulturnæringa.
•
Geografisk avgrensing, særleg i høve til Vindafjord kommune i Rogaland.
•
Ønskje om meir fokus på fiskeri og marint naturgrunnlag.
•
Ønskje om meir fokus på friluftsliv og sjøen som ressurs for båtliv og reiseliv.
•
Ønskje om deltaking i planarbeidet.
Fylkeskommunen har vurdert innspela og det er gjort framlegg om utviding av planområdet med
sjøarealet i nordre delen av Vindafjord kommune, Rogaland. Dette er med føresetnad om sams
vedtak i Rogaland fylkeskommune.
Det er også gjort framlegg om justering av planprogrammet innafor plantemaet berekraftig
kystsoneplanlegging. Framdriftsplanen er uendra med planvedtak i juni 2015.
24. mai handsama fylkesutvalet planprogrammet etter høyringsrunden og gjorde følgjande vedtak:
VEDTAK:
1.
Fylkesutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 8-3 planprogram for regional
kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger med følgjande endringar:
a)
Planområdet vert utvida med sjødelen av nordre del av Vindafjord kommune,
Rogaland.
b)
Tidsperspektivet på planen er 12 år.
c)
Plantemaet berekraftig kystsoneplanlegging vert tydeleggjort i høve til fiskeri og
marint naturgrunnlag, friluftsliv og sjøen som ressurs for båtliv og reiseliv.
2.
Fylkesutvalet oppnemner to medlemmer frå fylkestinget; ein av desse som leiar:
Leiar: Inge Reidar Kallevåg (H) med Sigbjørn Framnes (Frp) som varamedlem.
Medlem: Astrid F. Selsvold (A) med Aslaug Hellesøy (KrF) som varamedlem.
3.
Samarbeidsrådet peikar ut medlemer frå regionen til den administrative prosjektgruppa.
Fylkesrådmannen får fullmakt til å oppnemna andre kommunar og andre medlemmer.
4.
Vedtaket vert gjort med føresetnad om tilsvarande vedtak i Rogaland fylkeskommune.
På bakgrunn av punkt 3 i vedtaket må Samarbeidsrådet peika ut medlemer frå Sunnhordland til den
administrative prosjektgruppa.
Administrasjonen føreslår at dagleg leiar Gro Jensen Gjerde i tillegg til ein rådmann vert
Samarbeidsrådet sine representantar i den administrative prosjektgruppa.
Framlegg til vedtak:
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland peiker ut dagleg leiar Gro Jensen Gjerde og
rådmann ………………….. som medlemmer til den administrative prosjektgruppa.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13. juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 34/13
GJG/rr
Scenario Sunnhordland – brukryssing Langenuen
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gjennom fleire år arbeidd for å få ferjefri kyststamveg inn i
Nasjonal Transportplan. Dei siste åra har det skjedd mykje, både gjennom arbeid med KVU og KS1.
Prosjektet vart i NTP 2014-2013 lagt inn som ein del av regjeringa si satsing på ferjefri kyststamveg
mellom Kristiansand – Trondheim. Det vart ikkje gjort ei prioritering mellom indre trase eller
midtre trase med bru over Bjørnefjorden. Uansett traseval vert det kryssing med bru over
Langenuen.
Samarbeidsrådet har ikkje uttalt kor denne kryssinga bør vera. Kryssinga har ikkje hatt fokus, då
det er dei store linjene som har vore viktigast. Det er forventa at regjeringa avgjer val av trase i
inneverande stortingsperiode.
Etter at traseen er valt vil Statens vegvesen laga ein KU på traseen, der også bru over Langenuen
inngår. I tillegg har Hordaland fylkeskommune sagt i Regionalt Planprogram at dei vil utarbeida ein
regional plan for ferjefri E39 Aksdal Bergen:
Regional plan for ferjefri E39 Aksdal-Bergen
E39 mellom Stavanger og Bergen har ein overordna funksjon på Vestlandet. Standarden på vegen
varierer, og det er to ferjesamband på strekninga. Ferjesambandet Mortavika - Arsvågen over
Boknafjorden er planlagt erstatta av undersjøisk tunnel, Rogfast.
Det er gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Aksdal - Bergen, der det føreligg 5 ulike
hovudtrasè-alternativ for strekninga. KVU har vore kvalitetssikra og handsama i
Samferdsledepartementet og Finansdepartementet (KS1), og det vert tilrådd at dei to konsepta vert
utgreia vidare.
For å sikre raskast mogleg framdrift i det vidare planarbeidet, samt ivareta behovet for koordinering
på tvers av kommunegrensene, er det aktuelt å utarbeide ein regional plan for ferjefri E39 AksdalBergen. Planen vil omhandle vidare traséval og tilkopling til eksisterande vegnett. Utarbeiding av
ein regional plan med konsekvensutgreiing vil erstatte kommunedelplanar i dei einskilde
kommunane. Å sjå heile strekninga samla i ein felles plan med felles konsekvensutgreiing kan
effektivisere planprosessen vesentleg. I ein regional plan vil det vere svært aktuelt å nytte regional
planføresegn for bandlegging av areal til framtidig vegtrasé.
Det er den einskilde kommunen som er planstyresmakt på reguleringsplannivå. Ein regional plan
kan ikkje erstatta reguleringsplanar, men den regionale planen skal leggast til grunn for vidare
planlegging av strekninga.
Oppstart: våren 2013, med sikte på vedtak av planen hausten 2015.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, relevante kommunar samt transport- og
næring.
Sunnhordland
Vidare utvikling av Sunnhordland er avhengig av kor brua over Langenuen kjem. Difor bør
Samarbeidsrådet vurdera å initiera eit arbeid der ein ser på konsekvensar for regionen avhengig av
kor brua kryssar. Arbeidet kan gjerast som eit scenario arbeid.
Frå Wikipedia:
Scenario er et begrep som opprinnelig stammer fra den italienske teatertradisjonen [Commedia
dell'arte]. Et scenario er et enkelt manuskript som gir en oversikt over aktørene og handlingsgangen
i et teaterstykke eller en film.
I dag er begrepet mest assosiert med scenariemetodikken, som er en viktig tilnærming innenfor
strategifaget og kunnskapsfeltet foresight (fremtidstenkning). Et scenario er en fortelling i miniatyr,
en helhetlig beskrivelse av hvordan et samfunn eller marked kan tenkes å se ut i fremtiden og
utviklingen som har ledet til en ny fremtidig tilstand. Et vanlig norsk synonym er "fremtidsbilde".
Innenfor scenariemetodikken legger man til grunn at utviklingen sjelden er entydig eller
forutbestemt. Når forholdene er komplekse, og man av ulike årsaker trenger å anlegge et langt
tidsperspektiv, er det vanskelig - og ofte risikabelt - å komme med presise forutsigelser. Det er
derfor nødvendig å lage flere scenarier for å fange inn mest mulig av usikkerheten i utviklingen. Et
vanlig antall scenarier er 3-4.
Et scenario må ikke forveksles med en prognose, en visjon eller en ferdig strategi. Scenariene under
ett gir grunnlag for å teste og utvikle strategier. Ved å prøve ut ulike handlingsalternativer i flere
radikalt forskjellige fremtider, kan man forbedre eksisterende planer. Scenarier kan også sette de
involverte på sporet av helt nye strategiske alternativer. Scenarier skaper læring og gjør det lettere
å se "det store bildet". Bruksområdene for scenarier er mange og i stadig vekst. I Norge benyttes
scenarier i stigende grad både i næringslivet og i offentlig sektor. Scenarier er et glimrende verktøy
for å skape medvirkning og dialog i strategiarbeidet. Det er vanligvis klokt å benytte profesjonelle
fasilitatorer i organiseringen og gjennomføringen av scenarieprosesser.
Gjennom desse arbeida vil ein få fram fordelar og ulemper for kvar kommune og regionen for dei
ulike kryssingsalternativa. Ikkje minst vil ein få fram eit grunnlag for ein argumentasjon på kva som
er det beste alternativet for kryssing, slik regionen ser det. Dette kan igjen vera eit grunnlag for
arbeidet til både Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.
Det er fleire miljø som kan køyra ein slik prosess og det er dei som bør skissera korleis dette best
kan gjerast. Administrasjonen trur likevel at det i første fase er viktig med ei brei involvering og at
Samarbeidsrådet er klare i si bestilling til ein eventuell leverandør.
For at resultatet av eit slikt arbeid skal danna eit grunnlag for HFK og Statens vegvesen sitt arbeid
bør arbeidet starta opp tidleg i haust.
Administrasjonen føreslår at ein rettar ein førespurnad til tre ulike aktørar for å få tilbod på
omfang, kostnad og organisering av arbeidet.
Det må deretter søkjast om delfinansiering av prosjektet hjå Hordaland fylkeskommune. For å sikra
at arbeidet kjem i gang føreslår administrasjonen at Samarbeidsrådet nyttar inntil kr. 100 000 frå
tiltakspotten til arbeidet.
Framlegg til vedtak
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland startar arbeidet med Scenario Sunnhordland –
brukryssing i Langenuen.
2. Det vert sett av inntil kr. 100 000,- frå tiltakspotten for 2013 til arbeidet.
3. Det vert søkt Hordaland fylkeskommune om midlar til delfinansiering av arbeidet.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13. juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 35/13
GJG/rr
Kapasitet hurtigbåttilbodet Leirvik – Sunde – Ranavik
Det er ein stor del arbeidstakarar som pendlar mellom Kvinnherad og Stord. Dei nyttar i stor grad
hurtigbåt mellom Leirvik, Ranavik og Sunde.
På avgangane om føremiddagen er det varierande med passasjerar, men på avgangen kl. 15.10 frå
Leirvik er det ofte svært mange reisande. Det syner seg no at på fleire avganga har det stått att
personar som ikkje har fått koma om bord fordi det har vore fullt.
Dette skapar som venta ein del misnøye frå dei reisande som ikkje kjem med båten, og det er ikkje
ei god nok løysing at dei kjem med neste båt, som går 50 minutt seinare.
Frå 01.01.2014 vil det koma nye båtar på plass, med kapasitet på 50 passasjerar meir enn båtane
som går no.
Ordførar Synnøve Solbakken tok opp problemet i møte i Au fredag 31.mai. Au var samde om at
dette bør Samarbeidsrådet seia noko om. Administrasjonen har med bakgrunn i ovannemnde laga
utkast til ein uttale som vert sendt til Skyss:
Forslag til uttale:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er gjort kjent med at det på hurtigbåtsambandet Leirvik –
Ranavik – Sunde på enkelte vekedagar og rutetider er for liten kapasitet. Dette gjeld særleg
avgangen frå Leirvik 15.10. Dette er ein avgang mange av pendlarane frå Kvinnherad nyttar, og det
er lite tilfredstillande for dei å måtta venta i nær ein time på neste båt.
Samarbeidsrådet er tilfreds med at det kjem båtar med større kapasitet frå 01.01.14, men fram til
desse er på plass må det finnast løysingar som gjer at det ikkje vert ståande passasjerar att. Det vert
for lenge å venta på neste båt, som går 50 minutt seinare.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber om at det vurdert løysingar som gjer at pendlarane mellom
Kvinnherad og Stord får ei meir forutsigbar pendlarrute.
Framlegg til vedtak
Samarbeidsrådet godkjenner uttalen slik den ligg føre.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13 juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 36/13
GJG/rr
Samferdsleplan for Sunnhordland
Planar
Samarbeidsrådet for Sunnhordland fekk utarbeidd den første samferdsleanalysen i 1987.
For å vidareutvikla og utdjupa den regionale samferdselspolitikken, og for å koma med innspel til
statlege og fylkeskommunale prioriteringslister, vart samferdselsanalysen revidert i 1994. I denne
revideringa vart det også gjort ei oppdatering av store og langsiktige samferdselsprosjekt som fram
til då ikkje hadde fått si endelege planavklaring. Analysen var revidert i 1994, 2000, 2005 og 2008.
I 2003 vart det og lagt fram ein plan for opprusting av sekundærvegnettet.
Hovudtema i samferdselsanalysen frå 1987 og revisjonane i 1994 og 2000 var ein samla
gjennomgang og prioritering av framtidige vegprosjekt i Sunnhordland, og standard på
eksisterande vegar. I tillegg vart utfordringane innan godstransport, snøggbåttilbodet, ferjer, buss
m.v. teke opp og utdjupa.
Ved opninga av Halsnøysambandet i 2008 var alle dei store samferdsleprioriteringane i planane
realisert. Åkrafjordvegen, Rullestad, Austevollsbruene, Folgefonntunellen og Trekantsambandet.
I 2004 vart Samferdselsanalysen for Sunnhordland revidert, og analysen vart omgjort til plan. I
tillegg til dette, vart det utarbeidd ein Fylkesdelplan for Sunnhordland, der det og var eit kapitel om
samferdsle. Det var lagt opp til ei samordning mellom desse to planarbeida.
Fylkesdelplan for Sunnhordland vart godkjent av Fylkestinget i juni 2005 og noverande arbeid med
Regional plan for kystsona i Sunnhordland og Ytre Hardanger er ein revisjon av denne planen, men
her er samferdsel teken ut.
I 2012 vart Regional Transportplan for Hordaland utarbeidd. Etter ein gjennomgang av den er
konklusjonen at Sunnhordland ikkje kjem særleg godt ut.
Då Arbeidsutvalet i møte 31.mai drøfta om det er behov for å utarbeida ein ny samferdsleplan for
Sunnhordland bad dei administrasjonen laga ei sak til Samarbeidsrådet om utarbeiding av ny plan.
Det må og takast stilling til om arbeidet skal vera ein analyse eller ein plan.
Vurdering
Ved at regionen i tiår har stått samla og prioritert har ein fått realisert alle dei store
samferdsleprosjekta som var i dei første planane. No er kanskje utfordringa utanom E39 og E134,
å få oppgradert vegstandaren i regionen.
Sunnhordland kjem ikkje så veldig bra ut i prioriteringane i Regional Transportplan for Hordaland,
så ein ny samferdsleplan for Sunnhordland bør vera ferdig i god tid til neste rullering av RTP, slik at
regionen sine prioriteringar er heilt tydelege.
Val av trase for ferjefri kyststamveg og kor kryssinga av Langenuen kjem vil ha mykje å seia for
utviklinga av Sunnhordland og for kor tilførselsvegar til E39 må koma.
Industriaksen Bømlo – Stord – Kvinnherad – Odda og Midtre akse i Samferdsleplan for
Sunnhordland vil og verta påverka av dette valet.
Administrasjonen meinar difor at oppstart av Samferdsleplan bør utsetjast til det er valt trasè for
ferjefri kyststamveg.
Dersom Samarbeidsrådet går inn for oppstart av scenario vil resultatet av dette arbeidet kunna vera
med på å danna grunnlaget for arbeidet med ny samferdsleplan.
Administrasjonen rår difor til at det vert lagt opp til oppstart av ny samferdsleplan våren 2014
under føresetnad av at det då er valt trasè mellom Stord og Bergen.
Framlegg til vedtak
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland går inn for at det skal utarbeidast ein ny samferdsleplan
for Sunnhordland.
2. Arbeidet skal startast opp i 2014.
3. Innhald, kostnader og finansiering kjem opp som eiga sak før oppstart.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Torsdag 13 juni kl. 12.00
Scandic Hotel, Haugesund
Sak 37/13
GJG/rr
Økonomiplan
Samarbeidsrådet sin førre økonomiplan var gjeldande frå 2008-2011. Det skulle difor vore lagt fram
ein ny økonomiplan for perioden 2012-2015 til møte i Representantskapet i mars 2012. Dette vart
ikkje gjort. Det er Representantskapet som skal godkjenna økonomiplanen.
Administrasjonen la i møte 11. oktober 2012 fram eit framlegg til ny økonomiplan for perioden
2012-1015. Samarbeidsrådet gjorde følgjande vedtak:
VEDTAK:
Økonomiplanen må sjåast i samanheng med Strategiplan, og saka vert utsett til dette arbeidet
skal gjerast tidleg på nyåret.
Tilbakemeldingane frå Samarbeidsrådet på den framlagte planen var at den var for lite ”spenstig”
og at det må gjerast noko med regulering av kommunane si finansiering.
Arbeidet med strategiplan er snart ferdig, og administrasjonen meiner difor at det må gjerast eit
arbeid med økonomiplan slik at den kan handsamast i Representantskapet i møte 29. november.
Administrasjonen føreslår at ein av rådmanna saman med administrasjonen går gjennom
økonomiplanen og lagar eit nytt framlegg - justering av tidlegare utkast, knytt opp mot strategisk
plan. Rådmann Sverre Olav Svarstad er styremedlem og administrasjonen føreslår difor at han vert
valt.
Framlegg til vedtak
Samarbeidsrådet for Sunnhordland startar arbeidet med ny økonomiplan for perioden 2014-2018.