Jnr. 1095.16 GJG/rr Til Ordførarar og rådmenn i Sunnhordland

Jnr. 1095.16
GJG/rr
Til
Ordførarar og rådmenn i Sunnhordland
Ordførar og rådmann i Fusa kommune
Ordførar og rådmann i Haugesund kommune
Ordførar og rådmann i Vindafjord kommune
INNKALLING TIL MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND
Det vert med dette kalla inn til møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
fredag 16. september kl. 09.30 - 15.00 på kommunehuset i Sveio (MERK TIDA)
Skriv og meldingar
Sak 30/16 Godkjenning av referat frå møte 10. juni
Sak 31/16 Skriv og meldingar
a) Ny fungerande styreleiar
b) Presentasjon av ulike prosjekt i regi av Samarbeidsrådet
- Geopark
- Byregionprogrammet
- Reiselivssatsinga
c) Vidareføring av tenester i BRB
d) Næringsarbeid
e) Endring av møtedato for Samarbeidsrådet
f) Kompensasjonsmidlar
g) Møte med fylkes- og stortingsrepresentantane frå Sunnhordland
h) Regionale team
i) Nytt fengsel på Haugalandet
j) Skulebruksplanen for Hordaland
k) E39 Stord – Os
l) Nyskapingskonferansen 2016
m) Regional kystsoneplan
Sak 32/16 Regional planstrategi 2016-2020 – høyring
Sak 33/16 Regionreform – nye folkevalte regionar, roller, struktur og oppgåver
Sak 34/16 Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland
Sak 35/16 Ny kontorstruktur i Skatteetaten
Sak 36/16 Rapport for prosjektet Stord sjukehus
Sak 37/16 Ymse
Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
A Postboks 444, 5403 Stord | T 53 45 67 90 | Orgnr. 971 492 910 |E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no | W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Sunnhordland, 8. september 2016
Gro Jensen Gjerde
dagleg leiar
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Fredag, 16. september 2016 kl. 09.30
Kommunehuset i Sveio
Sak 31/16
GJG/rr
SKRIV OG MELDINGAR
a) Ny fungerande styreleiar
Ordførar i Kvinnherad kommune, Peder Sjo Slettebø orienterte arbeidsutvalet i møte 26 august at
han ikkje kan fortsetja som styreleiar i Samarbeidsrådet. Dette på grunn av stor arbeidsmengd i
eigen kommune.
Ordførar i Fitjar kommune og nestleiar i Samarbeidsrådet, Wenche Tislevoll har sagt ja til å fungera
som styreleiar fram til møte i Representantskapet i 2017.
b) Presentasjon av ulike prosjekt i regi av Samarbeidsrådet
Det vil i møte bli gitt informasjon om følgjande prosjekt:
- Geopark
- Byregionprogrammet
- Reiselivssatsinga
c) Vidareføring av tenester i BRB
Regionaldirektør for Regional utvikling, Bård Sandal, vil i møte orientere om planane for nye BRB.
Administrasjonen har hatt møte med næringsaktørane som har ansvar for førstelinetenesta i
kommunane i Sunnhordland, for å høyre kva dei meinte om notatet som er utarbeidd vedrørande
planane for nye BRB, og då særskilt overdraging av etablerarsenteret til fylkeskommunen.
Administrasjonen vil orientera frå dette møte.
d) Næringsarbeid
I Representantskapsmøte 1. april vart det gjort følgjande vedtak:
Representantskapet meiner det er viktig at me samordnar ressursane våre innan område
næringsutvikling i vår region, og ber på denne bakgrunn om:
1.
Ulike modellar for samordning av næringsutviklingsarbeidet i Sunnhordland skal
straks utgreiast. Det skal leggjast avgjerande vekt på kva me kan gjera for å bli meir
effektive og arbeide meir rasjonelt.
2
Representantskapet utnemner styret i Samarbeidsrådet (3 repr.) til dette arbeidet og
ber Atheno utnemne 2.
3.
Sekretariatet i Samarbeidsrådet vert også sekretariatet i dette arbeidet.
4.
Arbeidet skal leggast fram for Representantskapet i mars/april 2017.
Au drøfta saka 20 mai og det vart føreslege at rådmenna drøfter saka i eige møte og kjem med ei
tilbakemelding til Samarbeidsrådet.
Rådmennene har i møte 17 juni drøfta saka og har vurdert saka slik:
Rådmennene meiner at det først og fremst er innanfor oppgåver som førstelinetenesta for
næringsetablering at det er aktuelt å samordna ressursane. Kommunane vil uansett ha behov for å
ha kapasitet på næringsarbeid og – utvikling innan for eigen organisasjon.
Det kan vera fordelar med å samordna aktørane som arbeider med førstelinjetenesta. Samstundes
er kommunane tente med at det er eit visst mangfald av tilbydarar når ein har førstelinetenesta ute
på anbod.
Rådmennene meiner at samarbeidet innanfor reiseliv, VisitSunnhordland, etter kvart har funne ei
god form.
Det bør i første omgang gjerast ei grundig vurdering av behovet for omorganisering. Rådmennene
er i utgangspunktet skeptiske til å adoptera t.d. Haugalandsmodellen, som ein ser er ei dyr ordning
for kommunane.
Administrasjonen ønskjer at Samarbeidsrådet i møte drøfter korleis ein skal ta dette arbeidet
vidare.
e) Endring av møtedato for Samarbeidsrådet
Fylkesmannen har invitert leiinga i kommunane og regionale statsetatar i Hordaland til Solstrand 3.
og 4. november. Samarbeidsrådet har i sin møteplan sett opp møte 4. november på Tysnes.
Administrasjonen føreslår at møte i Samarbeidsrådet vert flytta til 3. november kl. 09.00-12.00 på
Solstrand.
f) Kompensasjonsmidlar
Administrasjonen er sekretariat for forvaltning av kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift i
Hordaland i perioden 2015-2018. I dette ligg blant anna sakshandsaming av søknader og
utarbeiding av plan for bruk av midlane, samt møteinnkalling og referat.
I 2016 skal det fordelast 44,6 mill kr. til søknader frå Bømlo, Etne, Kvam og Modalen.
g) Møte med fylkes- og stortingsrepresentantane frå Sunnhordland
Det er sett opp møte med fylkes- og stortingsrepresentantane frå Sunnhordland fredag 14. oktober.
Grunna haustferie vert dette møte utsett til 21. oktober. Møte vert i etterkant av AU møte som
også vert flytta til denne dagen.
Til møte med fylkes- og stortingsrepresentantar bør regionreforma vera eit sentralt tema.
Administrasjonen ønskjer innspel til andre saker som bør drøftast denne dagen.
h) Regionale team – Hordaland fylkeskommune si satsing
Fylkeskommunen ønskjer ei større satsing på regionale team innan næringsutvikling.
Det er fylkeskommunen som har teke initiativ til å få på plass regionale team i alle regionar og
administrasjonen drøfta saka med næringsaktørar i møte 24. august. Ein vart i møte samde om at
dette vil vera positivt for Sunnhordland. Ein ønskjer å arbeida for felles møter eit par gonger i året.
Her vil ein ha fokus på kompetanseheving og utvikling av regionen. I tillegg vil det vera ein
møteplass der ein kan drøfta utfordringar og moglegheiter.
Møta vert rullert i dei ulike kommunane, slik at ein vert betre kjent med dei ulike organisasjonane.
Samarbeidsrådet vil få tilført midlar frå fylkeskommunen til drift av teamet.
i) Nytt fengsel på Haugalandet
Samarbeidsrådet har i mange år arbeidd for å få etablert nytt fengsel i regionen. I Handlingsplanen
for 2016 har rådet sagt at arbeidet skal ha fokus på at fengselet skal ha lokalisering i Sveio.
I møte vil ordførar Jorunn Skåden, Sveio kommune gje ei orientering om status for arbeidet, og
deretter bør rådet drøfta korleis ein skal arbeida vidare med saka.
j) Skulebruksplanen for Hordaland
Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune har no lagt saka fram til politisk handsaming. I
framlegget ligg det inne ei nedlegging av Rubbestadnes og Fitjar vidaregåande skular frå 2022 og at
elevane vert flytta til ein utvida Stord vidaregåande skule. Etne Vidaregåande skule vert føreslege
slått saman med Vindafjord.
Skulebruksplanen går først til administrasjonsutvalet 5. september og yrkesopplæringsnemnda 6.
september, deretter til utval for opplæring og helse 8.- 9. september og fylkesutvalet 21.-22.
september. Endeleg vedtak skjer i fylkestinget 4.-5. oktober. Skulebruksplanen skal leggja
grunnlaget for det vidaregåande skuletilbodet i Hordaland for åra 2017-2030.
Samarbeidsrådet har gjeve sin uttale til planen, der rådet sterkt rår til å oppretthalda skulane.
Det vert no svært viktig at arbeidet opp i mot fylkespolitikarane vert prioritert.
k) E39 Stord – Os
Rapporten frå Statenes Vegvesen er hjå departementa og det er forventa at den kjem til høyring, ca
kring midten av september. Dette inneber at Samarbeidsrådet tidlegast kan få førelagt sak til møte
3. november. Samarbeidsrådet bør gjerne drøfta korleis rådet skal handtera rapporten.
l) Nyskapingskonferansen 2016
Onsdag 5 oktober vert årets nyskapingskonferanse arrangert på Høgskulen Stord/Haugesund.
Nyskapingskonferansen har etablert seg som ein fast tradisjon og har vorte ein viktig arena for å
henta inspirasjon, utveksla erfaringar og byggja nettverk.
Konferansen er blant anna finansiert med midlar frå Hordaland fylkeskommune og er gratis for
deltakarane.
Det er Samarbeidsrådet og Atheno som er arrangør av konferansen i saman med Høgskulen
Stord/Haugesund.
m) Regional kystsoneplan
Hordaland fylkeskommune v/ Eva Katrine Thaule og Kjell Håland vil i møte gje ei orientering om
arbeidet med regional kystsoneplan.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Fredag, 16. september 2016 kl. 09.30
Kommunehuset i Sveio
Sak 32/16
GJG/rr
Regional planstrategi 2016-2020 – høyring
Hordaland fylkeskommune har sendt forslag til Regional planstrategi 2016-2020 ut på høyring, med
høyringsfrist 15. september. Administrasjonen har på grunn av sitt møte fått utsett fristen til 19.
september.
Bakgrunn:
Hordaland fylkeskommune starta hausten 2015 opp arbeidet med å få utarbeidd ein regional
planstrategi for perioden 2016-2020.
I følgje plan- og bygningslova §7-1 står det:
Regional planmyndighet skal minst en gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter
konstituering, utarbeide en regional planstrategi i samarbeid med kommuner, statlige organer,
organisasjoner og institusjoner som blir berørt av planarbeidet. Planstrategien skal redegjøre for
viktige regionale utviklingstrekk og utfordringer, vurdere langsiktige utviklingsmuligheter og ta
stilling til langsiktige utviklingsmål og hvilke spørsmål som skal tas opp gjennom videre regional
planlegging. Den regionale planstrategien skal inneholde en oversikt over hvordan de prioriterte
planoppgavene skal følges opp og opplegget for medvirkning i planarbeidet.
Regional planlegging er ein reiskap for å sjå utvikling i heilskap, samordna sektorar og
forvaltingsnivå og staka ut ein felles kurs. Den overordna ambisjonen om å styrka utviklingsrolla er
nedfelt i regional planstrategi. Strategien set den overordna kursen for Hordaland og gir klåre
prioriteringar for vidare felles satsingar.
Regional planstrategi 2016-2020
Regional planstrategi 2016-2020 «Utviklingsplan for Hordaland» inneheld forslag til langsiktige mål
for utviklinga i Hordaland og prioriterte hovudmål og strategiar for dei næraste åra.
Langsiktig mål
Hordaland skal vera berekraftig, attraktivt og nyskapande.
Hovudmål
Hordaland skal ha:
• Høg sysselsetting
• Eit inkluderande samfunn
• Ei klima- og miljøvenleg utvikling
•
Samarbeid i ein sterk Vestlandsregion
I Regional planstrategi 2016-2020 stakar fylkestinget ut kursen for Hordaland dei næraste åra.
Strategien byggjer på ei mobilisering av sentrale samfunnsaktørar i Hordaland, stat, kommune,
verksemder og organisasjonar gjennom ulike møteplassar og samråd. I planstrategien er det lagt
vekt på felles mål. Ved å sameinast om utfordringar, mål og strategiar vil Hordaland kunna få større
måloppnåing gjennom synergieffektar og betre ressursutnytting.
Høg sysselsetjing
Strategiar:
1. Auke nyetablering og framtidsretta verdiskaping i næringslivet
2. Betre samhandlinga innan utdanningssektoren og mellom utdanningssektoren og
regionalt arbeidsliv
3. Auke forsking som verktøy for marknadsretta innovasjonar i arbeids- og næringsliv
Utfordringar og utviklingsretningar er skildra i framlegg til plan og dokumenterte i vedlegg til
Planstrategien.
Føreslege planarbeid
Revisjon av regional næringsplan
Utfordringane og strategiane innan målsetjinga høg sysselsetjing kan følgjast opp i revisjon av
regional næringsplan og handlingsprogram til denne. Framlegg til delstrategiar og oppfølging er
omtala.
Regional plan for utdanning og arbeidskraft
Målsetjinga om tett kopling mellom arbeidslivet og utdanningssystemet kan fangast opp gjennom
det pågåande arbeidet med regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Planen er venta
vedteken i 2017.
Revisjon av forskingsstrategi for Hordaland
Behovet for forsking og utviklingsarbeid som kan skapa nye produkt for kommersialisering og som
gjer sysselsetjing kan fangast opp av forskingsstrategi for Hordaland og spelast vidare til bestillinga
til regionalt forskingsfond.
Eit inkluderande samfunn
Strategiar:
1. Betre trivsel og kvalitet i grunnskule og vidaregåande skule for å auke gjennomføringa
2. Styrke inkludering gjennom frivillige organisasjonar i nærmiljø
3. Utvikle meir attraktive og funksjonelle regionale senter
Utfordringar og utviklingsretningar er skildra i framlegg til plan og dokumenterte i vedlegg til
Planstrategien.
Føreslege planarbeid:
Prosjekt og tiltak for kvalitet i oppvekst
Fylkeskommunen har fleire prosjekt i regi av Opplæringsavdelinga som vedkjem kvalitet i
opplæringa. Det er behov for å sjå dette feltet samla. I denne planperioden er det trong for å styrke
eksisterande planar når det gjeld gjennomføring av tiltak som oppfyller intensjonane i regional
planstrategi. Fylkeskommunen initierer no eit forskings- og tiltaksprosjekt for å auke
gjennomføringsgraden i vidaregåande skule. Det er behov for ein forstudie som vurderer
svakheitene på oppvekstområdet og trongen for ein samordna regional plan i neste
strategiperiode.
Handlingsplan for inkludering, likestilling og likeverd
Det er under arbeid ein sektorplan for inkludering, likestilling og likeverd som også omfattar
fylkeskommunens tenester. Vidaregåande skule er spesielt viktig i den samanheng. Planen vil bli
ferdig i 2016.
Gjennomføring av regional plan for folkehelse
Målsetjinga om eit meir inkluderande samfunn går som ein raud tråd gjennom regional plan for
folkehelse i alle dei fem målområda for planen. For å lukkast med målsetningane i planen,
blir det viktig å trekke planen og handlingsprogrammet inn i dei relevante sektorområda.
Gjennomføring av regional plan for kultur
Inkluderingsarbeid i fritid og frivillig arbeid kan fangast opp av gjeldande regional plan for kultur og
leggjast til grunn for revisjon av handlingsprogram og retningsliner for tilskotsordningar. Prioritering
av tiltak og ordningar som kjem lite aktive grupper til gode må sikrast.
Gjennomføring av regional plan for attraktive senter
Utvikling av attraktive senter er fanga opp i regional plan for attraktive senter og det må setjast
fullt trykk på gjennomføring i tilknyting til planen. Transport er eit viktig temaområde for utvikling
av regionale senter og kan også vurderast i regional transportplan. Tiltak som er retta mot
lokalsamfunn i regional plan for folkehelse er relevant å styrke. Både skulebruksplanen og
tannhelseplanen bidrar til å styrke regionale senter. Regional kulturplan og regional næringsplan
har også tiltak retta mot senterutvikling.
Ei klima- og miljøvenleg utvikling
Strategiar:
1. Redusera klimagassutslepp og anna luftforureining frå transportsektoren og
energiforsyning i bygningar
2. Styrke samordning av areal- og transportplanlegging i Bergensområdet
3. Tydelegare planstyrt og meir langsiktig og balansert forvaltning av areal, natur- og
kulturminneressursar
Utfordringar og utviklingsretningar er skildra i framlegg til plan og dokumenterte i vedlegg til
Planstrategien
Revisjon av regional klima- og energiplan
Klimaplan for Hordaland blei sist revidert i 2014 og fangar opp tiltak for å redusera
klimagassutslepp og for tilpassing til endra klima, samt energitema. Det er trong for revisjon av
planen grunna endra ambisjonsnivå nasjonalt og internasjonalt og vektlegging av hydrogen som
energikjelde.
Vedtak av regional plan for areal og transport
Regional plan for areal og transport i Bergensområdet og tilsvarande plan for Haugalandet fangar
opp både klimastrategiar og delar av arealstrategien. Det er forventa vedtak av desse planane i
2016 og det må leggjast vekt på oppfølging. Bergensområdet er avgrensa ut i frå pendling og
reiseavstand og må revurderast etter kvart som tilhøva endrar seg. Korridoren i retning Voss kan på
sikt bli meir relevant.
Ny regional plan for knutepunkt for godshamn
Regional plan for godshamn bør vurderast i eit vestlandsperspektiv og avvente resultat av det
statlege konseptvalarbeidet for logistikk-knutepunkt for jernbane og veg.
Revisjon av regional transportplan
Arbeidet med revisjon av Regional transportplan for perioden 2018– 2029 er starta opp og vedtak
av planen er venta i 2017. Regional transportplan er ein langsiktig strategiplan for heile
transportsystemet i Hordaland. Det er særleg viktig at planen har fokus på mål om nullvekst i
personbilreiser i Bergensområdet, styrking av regionale sentra og standardheving av prioritert
fylkesvegnett. Målsetjingar innan klima, miljø og folkehelse må fylgjast opp i planen. Sektorplanar
innan samferdsel bør forankrast i den regionale transportplanen. Vestlandsperspektivet
må innarbeidast.
Ny regional plan for areal, natur- og kulturminneressursar
Regional plan for natur, landskap og friluftsområde var vedtatt sett i gong i førre regionale
planstrategi. Kapasitetsomsyn har forseinka oppstarten. Arealpolitiske retningsliner er fortsatt
gjeldande i fylkesplan for Hordaland, men er svært forelda og treng revisjon. I nasjonale statlege
forventingar til regional planlegging og i stortingsmeldinga om regionreforma St.meld. 22 (2015–
2016) er det understreka trong for ein tydelegare regional arealpolitikk. Utfordringane og
strategiane for ei klima- og miljøvenleg utvikling viser at det er trong for å utvikla ein føreseieleg og
samstemt politikk når det gjeld arealforvaltning i form av ein regional plan. Dette sikrar viktige
verdiar gjennom ei langsiktig og målretta forvaltning. Ulike verdiar må sjåast i samanheng slik at ein
vernar om dei viktigaste områda og kan frigjera mindre viktige område for bruk.
Den regionale planen må konsentrerast om regionale og nasjonale verdiar og gje tydelege føringar
for omsyn som må takast i desse områda. Det er trong for å handtere strandsoneforvaltning i
planen. Utbygging av fritidshus i fjellområda er eit anna tema som bør inngå. Planen kan også
omhandle forvaltning av stein, grus og mineraler, også bruk av overskotsmassar frå
samferdselanlegg. Kunnskapsgrunnlag for vurdering av små kraftverk kan oppdaterast som del av
planarbeidet. Planen bør fastsetje overordna regionale retningsliner for forvaltning av kulturminne
og kulturmiljø for å skapa ein meir føreseieleg og målretta regional kulturminneforvaltning.
Å utpeike særlege satsingsområde for kulturlandskap, landskapsparkar og matproduksjon inkludert
akvakultur og skogbruk bør vera ein del av ein slik plan. Klimaomsyn bør innarbeidast i forvaltning
av landbruksareal. Det bør vurderast om det skal lagast ein samla plan for sjø- og landareal.
Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger er venta vedtatt i 2016. Denne planen
kan vera ein modell for tilsvarande planar i resten av fylket. Medverknad i planprosessen er
avgjerande. Kommunane og statlege organ som NVE, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og
Fylkesmannen i Hordaland er sentrale saman med fylkeskommunen. Private
interesseorganisasjonar innan areal- og ressursfeltet er sentrale i medverknaden.
Revisjon av regional plan for Hardangervidda
Interregional plan for Hardangervidda blei vedtatt i 2011. Det er trong for enkel revisjon av delar av
planen.
Revisjon av regional plan for vassregion Hordaland
Regional plan for vassregion Hordaland er vedtatt i 2015. EØS-regelverk forpliktar fylket til jamleg
revisjon. Vektlegging av gjennomføring av tiltak i planen er viktig dei næraste to åra. Enklast
mogeleg revisjonsprosess bør tilstrebast.
Samarbeid i ein sterk Vestlandsregion
Strategiar:
1. Utvikle ein framtidsretta folkevald region
2. Styrke gjennomslagskraft i Europa
3. Styrke regionale transportsamband og digital infrastruktur
Regionale planar og sektorplanar – nye, revisjon og vidareføring
Det er ikkje aktuelt med nye regionale planar innanfor dette målområdet i denne perioden, men
nye regionale planar og sektorplanar/handlingsprogram bør drøfte om eit vestlandsperspektiv er
relevant for innhaldet i planen og for revisjon. Eit vestlandsperspektiv inneber å vurdera om
analysar, mål, strategiar, retningsliner og handlingsprogram skal fanga opp eit større geografisk
perspektiv enn fylket Hordaland.
Nytt pilotprosjekt om Vestlandsregion
Vestlandsrådet har vedtatt ein plattform for samarbeidet som bør fornyast når premissane for
regionreform er klarlagt. Det bør startast eit forprosjekt for pilotprosjekt for ein større region.
Felles strategiar
Sektorplanar/strategiar bør reviderast og utviklast som del av Vestlandsrådets arbeid innan
relevante tema.
Analyse av behovet for digital infrastruktur på Vestlandet
Ein analyse av behovet for ein samanbindande og solid regional digital infrastruktur for eit større
vestlandsfylke bør gjennomførast.
Fylkesdelplan for Sunnhordland – føreslegen fasa ut
Fylkesdelplan for Sunnhordland vart vedteken i Fylkestinget 14.12.2005.
Plane skal danna ei plattform for samarbeid med regionale og statlege etatar. Tiltak bør om mogleg
innarbeidast i planar for gjennomføring på fylkes – og riksnivå:
Planperioden kan delast i 2 tidsfasar:
- 2006-2015: Prioritering og realisering av eksisterande planar og prosjekt.
Inndelinga samsvarar med planperioden i nasjonal transportplan.
- 2016-2017: Føringar for realisering av nye planar og prosjekt
I perioden fram til 2015 er det særleg følgjande prosjekt som vil ha innverknad på samferdsle og
busetjingsmønster i regionen:
-
Gassferjer i sambandet Halhjem. Sandvikvåg
Utbetring av E39 Jektevik – Sandvikvåg
Utbetring av vegkryss i Leirviksområdet
Halsnøysambandet
Innkorting av ferjesambandet Løfallstrand – Gjermundshamn
Ny ferjekai på Stord med snøggferje til Kvinnherad
Nytt ruteopplegg for snøggbåtar og nye båtar med større fart
Bru over Langenuen og kyststamveg over Tysnes med ny ferjekai Andlavågen
Utbetring av E134 på Haugalandet
Gullvegen som nasjonal turistveg
Planfasen 2016-2025
I denne perioden er det følgande aktuelle tiltak som vi kjenner i dag og som er aktuelle i diskusjonar
rundt prioritering:
- Vegsambandet Sauda-Etne
- Tiltak for innkorting av reisetida mellom Stord og Odda
- Betre vegstandard Våge- Gjermundshamn som link mellom E16 og Rv48 og som
ein del av transportaksen Haukeli-Odda–Bergen
- Tunnel Etne - Skånevik med snøggbåtterminal i Skånevik
Administrasjonen har teke med ovannemnde, for å syna at det framleis er svært aktuelle saker i
fylkesdelplanen, og at den difor ikkje må fasast ut midt i planperioden.
Vurdering
Planstrategien skal vera overordna og strategisk og gje rammer for det vidare arbeidet. Dei
skisserte utfordringane og muligheitene for Hordaland gjev eit godt bilete av situasjonen i
Hordaland. Ein del av desse utfordringane vert følgt opp med framlegg til nye planar.
Det er ikkje vanskeleg å stilla seg bak det langsiktige målet om at Hordaland skal vera berekraftig,
attraktivt og nyskapande. Det same gjeld dei fire hovudmåla, som vert følgd opp med strategiar, og
føreslegne planar. Dei vert følgt opp av nye planar, eller gjennomføring/ferdiggjering av
eksisterande planar. Det siste gjeld blant anna gjennomføring av regional plan for attraktive senter.
I denne planen er det verd å merka seg at både skulebruksplanen og tannhelseplanen bidreg til å
styrkja regionale senter. Det er positivt at det er ein raud tråd gjennom planarbeid, og at ting heng
saman. Men det stiller og krav og gjev utfordringar dersom den eine planen låser den andre.
Dersom plan for senterstruktur skal vera førande for skulebruksplanen vil dette gje uheldige
verknader både for Rubbestadnes og Fitjar vg. skular.
Administrasjonen meiner det er positivt at ein av strategiane er «samarbeid i ein stor
vestlandsregion», men stiller spørsmål om politikarane er minst eit hestehovud føre dei skisserte
strategiane – jmfr dei pågåande forhandlingane mellom Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Det er og positivt at vestlandsperspektivet skal innarbeidast i RTP.
Fylkesdelplan for Sunnhordland vart vedteken i 2005 og er delt inn i to planfasar, der fase 2 er
2016-2025. Det er difor uheldig at den i framlegg skal fasast ut, då det er fleire relevante strategiar
som ikkje er gjennomført, og at fase 2 2016-2025 nett er starta. Difor bør det gjerast ein
gjennomgang av status på dei ulike strategiane og tiltaka før den vert vedteken fasa ut. Blant anna
er «Bussen i Sunnhordlandsbassenget» eit av tiltaka i planen som Samarbeidsrådet no har prioritert
å arbeida for.
Framlegg til uttale
Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at dei skisserte utfordringane og muligheitene for
Hordaland gjev eit godt bilete av situasjonen i Hordaland.
Ein del av desse muligheitene og utfordringane vert følgt opp med framlegg til nye planar, eller
gjennomføring/ferdiggjering av eksisterande planar.
Samarbeidsrådet meiner det er fornuftig at det ikkje vert starta opp ei mengd nye planar, men at
ein ferdigstiller dei planane som alt er i gong, og prioriterer strengt oppstart av nye. Dette legg
planstrategien opp til.
I omtalen av regional plan for attraktive senter vert det sagt at både skulebruksplanen og
tannhelseplanen bidreg til å styrkja regionale senter. Det er positivt at det er ein raud tråd gjennom
planarbeid, og at ting heng saman. Men det stiller og krav og kan gje utfordringar dersom den eine
planen låser den andre.
Dersom plan for senterstruktur skal vera førande for skulebruksplanen vil dette gje uheldige
verknader både for Rubbestadnes og Fitjar vg. skular, noko Samarbeidsrådet for Sunnhordland ikkje
kan stilla seg bak.
Det er positivt at vestlandsperspektivet kjem så tydeleg fram i planstrategien, både i RTP og som
eigen strategi. Planarbeidet må justerast ut i frå intensjonsplan som vert vedteke ut frå pågåande
forhandlingar, og ut i frå dei vedtak som vert gjort i dei tre fylkestinga. Det er svært viktig med
involvering frå regionane i dei ulike planane. Samarbeidsrådet ynskjer ei aktiv rolle der dette er
aktuelt.
Samarbeidsrådet meiner det er uheldig at det vert føreslege å fase ut Fylkesdelplan for
Sunnhordland, då det er fleire relevante strategiar her ein bør arbeida vidare med.
Samarbeidsrådet meiner det bør gjerast ein gjennomgang av status på dei ulike strategiane og
tiltaka før den vert vedteken fasa ut.
Framlegg til vedtak:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtek uttalen slik den ligg føre.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Fredag, 16. september 2016 kl. 09.30
Kommunehuset i Sveio
Sak 33/16
GJG/rr
Regionreform – nye folkevalte regionar, roller, struktur og oppgåver
Bakgrunn
Stortinget har vedteke at det framleis skal vera tre folkevalde nivå. Med det utgangspunktet meiner
regjeringa at tida er moden for ein reform som gjer større og meir funksjonelle regionar.
Den regionale inndelinga må vera i samsvar med dei samfunnsoppgåver som skal løysast. Det er
naudsynt for at regionane skal kunna ta ei større rolle som samfunnsutviklarar.
Regjeringa ynskjer ein heilskapleg forvaltningsstruktur som kan møta framtida sine utfordringar og
der dei ulike ledda fungerer godt saman.
Målet er å utvikla eit folkevalt mellomnivå som speler godt på lag med stat og kommune, som kan
gripa sentrale samfunnsutfordringar og legga til rette for utvikling og vekst i alle delar av landet.
•
•
•
Samordna oppgåveløysing, sektorar, prioriteringar og initiativ i regionane
Forenkling og tydlegare ansvarsdeling
Styrka demokratiet på regionalt nivå
Nye oppgåver føreset færre, men større regionar som kan løysa utfordringar og oppgåver som
famnar vidare enn kommunar og fylker.
I meldinga heiter det at departementet ser utvikling av samfunnsutviklarrolla som den mest
aktuelle ramma for det vidare arbeidet med konkretisering av det regionale folkevalde nivået sine
oppgåver og funksjonar.
Fleirtalet i Stortinget (H, Frp, V og Krf) har og i samband med gjennomgang av nytt regionalt
folkevalt nivå sine oppgåver og ansvar sagt at den regionale stat/ Fylkesmannen i utgangspunkt skal
ha ansvar knytt til tilsyn, kontroll og beredskap og nokre vegleiingsoppgåver. Oppgåver som legg til
rette for bruk av politisk skjønn kan som hovudregel vurderast med sikte på overføring til regionalt
folkevalt nivå. Det bør vurderast å avgrensa fylkesmenna sine oppgåver innafor næringsutvikling og
vegleiing av kommunane som samfunnsutviklarar.
Fleirtalet er samde om å vurdera om at følgjande oppgåver kan overførast til det regionale
folkevalde nivå:
a) Vurdering av fylkesvegane etter forvaltningsreforma frå 2010. Større vegar med sterke
næringsinteresser kan vurderast overført til staten som ein del av denne vurderinga
b) Landbruksoppgåver som ikkje er naturleg å legga til kommunane
c)
d)
e)
f)
Klima og miljøoppgåver som ikkje er naturleg å legga til kommunane
Styrking av dei regionale forskningsfond
Fordeling av relevante prosjektmidlar
Oppgåver på integreringsområde som i dag ligg hjå IMDI og som bør flyttast nærare
innbyggjarane
g) Ny ansvarsfordeling og finansiering mellom stat, regionar og kommunar på kultur- og
kulturminneområdet, her under ei vurdering av riksantikvaren si rolle og ansvar
h) Vurdera å avvikle sentral planstrategi og overlata avgjerder til det regionale sjølvstyret.
Vidare prosess
• Fylkeskommunane skal gjennomføra ”naboprat” og gjera vedtak om samanslåing innan 1.
desember 2016.
• Proposisjon om nye oppgåver og roller våren 2017
• Proposisjon med framlegg til ny regional struktur våren 2017
• Nye regionar og kommunar trer i kraft frå 01.01.2020
Vurdering
Administrasjonen vel å ikkje gå inn og vurdera innhaldet i Stortingsmelding 22 – Nye folkevalde
regionar – rolle, struktur og oppgåver, men heller ha fokus på dei ulike modellane og konsekvensar
dei ulike modellane kan få for Sunnhordland.
Vestlandsregion
Ein sterk Vestlandsregion vil truleg kunna driva ein meir aktiv samfunnsutvikling. Ei aktiv
samfunnsutvikling krev einingar som kan handtera gjennomgripande heilskapstenking der ein ser
på tvers av geografiske grenser, forvaltningsnivå og sektorar. Større breidde og djupne i
kompetanse vil gje betre tenester og forvaltning og gjera fylket rusta til å konkurrera både med
andre fylke og med europeiske regionar. Ein sterk Vestlandsregion kan demma opp for
sentralisering mot Austlandet og skapa meir mangfald og balanse i eit nasjonalt perspektiv.
Fylkestinget oppnemnde i sitt møte i mars 2016 eit forhandlingsutval som fekk mynde til å
iverksetje samtalar med dei andre vestlandsfylka, med mål om å forhandla fram ein
intensjonsavtale for ein utvida vestlandsregion.
Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er no godt i gang med forhandlingar om ein ny
Vestlandsregion. Forhandlingsutvalet drøftar målet for etablering, utvikling av tenester og
oppgåver, økonomi, og omstillingsavtale for tilsette i forhandlingsmøta.
Forhandlingsutvalet har bedt om fleire analysar knytt til dei resterande tema, mellom anna for å sjå
på moglege gevinstar og konsekvensar av ulike avgjersler knytt til desse momenta. Dette gjeld
mellom anna økonomi, omstillingsavtalar og tenester og oppgåver i ein ny region.
Forhandlingsutvalet drøftar og etablering av ei fellesnemnd. Fellesnemnda får ansvar for det
førebuande arbeidet med etablering av ein ny region.
Forhandlingane skal leia fram til ein intensjonsplan. Denne vil danna grunnlaget for etablering av
ein ny Vestlandsregion. Intensjonsplanen skal leggjast fram for handsaming i dei tre fylkestinga i
oktober. I desember handsamar dei tre fylkestinga ei eventuell etablering av ein ny region.
Vurdering av konsekvensar for Sunnhordland
I denne modellen vil Sunnhordland verta ein del av ein større Vestlandsregion. Ein unngår at
regionen vert splitta, og regionen kan saman med Haugalandet vidareutvikla eit bu og
arbeidsmarknad mellom Bokken og Bjørnen. Når Rogfast og Hordfast kjem vil Bergen og Stavanger
koma tettare på kvarandre og dette kan gje ei positiv utvikling for ein ny Vestlandsregion.
Ein ny Vestlandsregion, med folkevald forankring, vil kunna styrkja demokratiet og fremja
maktspreiing. Ein føresetnad er likevel av det vert lagt til oppgåver både som samfunnsutviklar og
tenesteprodusent.
Ein stor svakhet med forhandlingane mellom fylkeskommunane er at det kjem lite informasjon ut til
kommunane, og at kommunane ikkje er representert i forhandlingsutvalet. Reforma handlar i stor
grad om kommunane, men forankring i kommunane er heilt fråverande. Det er ein omfattande
prosess som er i gong og på noverande tidspunkt ønskjer ikkje forhandlarane å gå i detaljar. Det
einaste som er kome fram er at dei ønskjer å ta vare på noverande formannskapsmodell som
styringsform, men forhandlingane på dei ulike tema skal avsluttast 14 og 15 september. Då er målet
å bli samde om ein endeleg intensjonsplan.
Delar av Sunnhordland som ein del av Rogaland
Ei utgreiing frå Kommunal og moderniseringsdepartementet seier nei til å slå saman heile
vestlandet. Bakgrunn for denne utgreiinga er blant anna å sjå på korleis fylkesmannsembetet skal
organiserast i framtida. I denne utgreiinga går ein langt i å anbefala at dagens 19 fylkeskommunar
vert redusert til mellom ni og tolv. Det vert og slege fast at kvar eining bør ha eit innbyggjartal på
mellom 400 og 500 000.
Utgreiinga skisserer to alternativ i vest:
•
•
I den eine vert Hordaland og Sogn slått saman, medan Rogaland og Møre og Romsdal
består som i dag.
I den andre vert Hordaland splitta opp. Kommunar i Sunnhordland vert flytta til Rogaland,
medan resten av Hordaland vert slått saman med Sogn og Fjordane.
I det siste alternativet gjeld dette kommunane som er med i nye Sør Vest politidistrikt.
Konsekvensar for Sunnhordland
Denne rapporten er ikkje handsama politisk enno. Samarbeidsrådet har tidlegare uttrykt bekymring
for at organisering av nye politidistrikt ville gje presedens for andre statlege omorganiseringar. I
denne rapporten ser ein at det kan verta slik.
Dersom dette vert det endelege resultatet vil Sunnhordland verta den store taparen. Då vert
kommunane spreidd i ulike statlege organiseringar som no, men i tillegg verta tilhøyrande to fylker.
Ein konsekvens av dette er at regionen truleg ikkje kan fortsetja å opptre som ein samla region, og
dette scenario vil kunna føra til eit farvel Sunnhordland.
For Sunnhordland vil regionreforma kunna få stor betydning for vidare utvikling. Det bør vera lov å
stilla spørsmål om dette er ei ”stille” reform der avgjerslene vert teke sentralt. Det bør vera lov å
stilla spørsmål om informasjonen til kommunane om dei pågåande forhandlingane har vore god
nok, og om det er tid for kommunane å ta stilling til intensjonsplanen som skal vera vedteken av
fylkestinga innan 1. desember 2016.
Vidare er reforma særleg utfordrande for Sunnhordland då ein ikkje veit konsekvensane dersom t.d
Hordaland seier ja til intensjonsplanen og Rogaland seier nei. Kan dette føra til at det er
politigrensene som vert gjeldande.
Ligg det noko i intensjonsplanen om dette. Har forhandlarane frå Hordaland fylkeskommune lagt
noko om desse konsekvensane inn i planen. Er det nokon som arbeider for at Sunnhordland
framleis skal høyra til i Hordaland? Spørsmåla er mange, difor meiner administrasjonen at
Samarbeidsrådet snarast råd må ta ei drøfting på dei utfordringane og dei muligheitene som ligg i
reforma og laga ein plan for vidare arbeid opp i mot det rådet meiner er den beste løysinga for
regionen.
Samarbeidsrådet har ikkje hatt ei drøfting på regionreforma, men administrasjonen meiner at ei
splitting av regionen vil verta eit stort tilbakesteg og rår til at det vert arbeidd for at Sunnhordland
framleis skal vera samla.
Framlegg til vedtak.
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at ein Vestlandsregion med Rogaland, Hordaland
og Sogn og Fjordane er den mest framtidsretta løysinga for vestlandet.
2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan ikkje godta ei løysing der Rogaland vert utvida med
kommunane i Sunnhordland som høyrer til Sør Vest politidistrikt. Denne løysinga er inga
reform, men ei grensejustering.
3. Samarbeidsrådet ber fylkestinget arbeida for at Sunnhordland framleis skal høyra til
Hordaland, dersom ein ikkje vert samde om ein Vestlandsregion, med Rogaland og Sogn og
Fjordane.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Fredag 16. september 2016 kl. 09.30
Kommunehuset i Sveio
Sak 34/16
GJG/rr
Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland
I møte 3. september 2015 drøfta Samarbeidsrådet potensialet som låg i vedtaket i revidert
nasjonalbudsjett 2015 om å endre finansieringsmuligheitene ved å nytta ferjeavløysingsmidlar i
minst 40 år til bruer og tunellar, som erstattar fylkeskommunale ferjestrekningar.
I møte vart det gjort vedtak om å utarbeida ein «Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland”, som
blant anna må seia noko om aktuelle strekningar i regionen, potensiale og økonomi. Planen skal
nyttast til å fremja dei aktuelle strekningane i Sunnhordland.
Samarbeidsrådet sette ned ei arbeidsgruppe beståande av rådmann Steinar Dalland, Tysnes
kommune og dagleg leiar Gro Jensen Gjerde til å arbeida fram ein plan for ein ferjeavløysingspakke
for Sunnhordland.
Arbeidsgruppa er og med i den administrative gruppa for utarbeiding av Regional Transportplan
(RTP), og fekk gjennom dette arbeidet inn ferjeavløysingsmidlar i Planprogrammet, i kapittel om
finansiering. Det bør no arbeidast for å få inn eit eige kapitel om ferjeavløysingsmidlar i RTP.
Vestlandsrådet har engasjert Norconsult til å utarbeida ein rapport om ferjeavløysingsmidlar, som
også har ein økonomidel. Denne er ikkje ferdigstilt enno. Arbeidsgruppa har difor ikkje lagt inn noko
om økonomi i «Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland», då ein ikkje såg det som føremålstenleg å
gjera eit dobbeltarbeid, som og kunne medføra kostnader.
Arbeidsgruppa legg no fram utkast til «Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland”, sjølv om den
manglar økonomidel.
Bakgrunn for dette er at det viktigaste er å få inn eit eige kapittel om ferjeavløysingsmidlar i RTP.
Dette er viktig då det i utdraget frå Kommuneproposisjonen kjem tydleg fram at fylkeskommunen
har ei sentral rolle i det vidare arbeidet.
Uavhengig av RTP må Samarbeidsrådet arbeida opp mot, og saman med fylkespolitikarar og
stortingspolitikarar frå alle parti for å fremja dei aktuelle sambanda i regionen.
Framlegg til vedtak
1. Samarbeidsrådet tek «Ferjeavløysingspakke for Sunnhordland” til orientering.
2. Samarbeidsrådet ber om at det vert eit eige kapitel om ferjeavløysingsmidlar i Regional
transportplan.
3. Samarbeidsrådet ber om at Huglosambandet og Fjellbergsambandet vert omtala i planen.
4. Samarbeidsrådet vil arbeida for å fremja ferjeavløysingsmidlar på sambanda.
5. Når det er gjort eit planarbeid for fastsamband mellom Austevoll og Tysnes vil
Samarbeidsrådet arbeida for å få dette realisert.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
16. september 2016 kl. 09.00
Kommunehuset i Sveio
Sak 35/16
GJG/rr
Rapport for prosjektet Stord sjukehus
Bakgrunn
Kommunane har fått til høyring rapport for prosjektet Stord sjukehus. Prosjektet er eit resultat av
føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016-2019) og er eigd av administrerande direktør i
Helse Vest RHF og administrerande direktør i Helse Fonna HF. Parallelt har det vore gjennomført
liknande prosjekt ved Odda sjukehus.
Prosjektet blei organisert med ei prosjektgruppe for Stord sjukehus og ei prosjektgruppe for Odda.
Begge gruppene har hatt same mandat, og starta arbeidet i mars 2016. I prosjektgruppa for Stord
har ordførar Harry Herstad delteke saman to andre kommunale representantar, samt
representantar frå Helse Fonna, brukarrepresentant, verneteneste og Helse Vest RHF.
Mandat:
Arbeidet skal bygga på omtale av lokalsjukehusa og deira rolle i Nasjonal helse – og sjukehusplan
(2016-2019). Prosjektet skal medverke til å utvikla eit framtidsretta og trygt tenestetilbod ved Odda
og Stord sjukehus der nærleik, tilgjengelegheit, at ein blir møtt med omsorg og respekt og at
tenestene er trygge og av høg kvalitet, står sentralt. Prosjektet skal også fokusere på korleis dei
ressursane som er lokalisert til sjukehuset blir effektivt utnytta.
Nasjonal helse- og sjukehusplan er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for å skape pasienten sine
helseteneste. Planen skal sikre trygge sjukehus og betre helsetenester, uansett kvar du bur.
Nasjonalhelse- og sjukehusplan gjeld for perioden 2016-2019, men beskriv og drøftar
utviklingstrekk fram mot 2040.
Nasjonal helse- og sjukehusplan har sju hovudområder og mål:
- Styrke pasienten
- Prioritere tilbodet i psykisk helse og rusbehandling
- Fornye, forenkle og forbetra helsetenesta
- Nok helsepersonell med rett kompetanse
- Betre kvalitet og pasientsikkerhet
- Betre oppgåvedeling og samarbeid mellom sjukehusa
- Styrke akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
Alle måla har eige kapittel i sjukehusplanen www.sykehusplan.no
I Protokoll frå føretaksmøte i Helse Vest RHF, krav og rammer for 2016, heiter det:
Forslaga som er lagt fram i Meld.St. 11 (2015-2016) Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016 –
2019) vil få stor innverknad på helseføretaka. Stortinget skal behandle meldinga våren 2016.
Styra i dei regionale helseføretaka må gjere seg kjent med innhaldet og starte arbeidet med å
førebu verksemdene på forslaga som ligg i Nasjonal helse- og sjukehusplan, mellom anna ved å
samle inn data og førebu dialog med kommunane.
Mål for prosjektet, jf. prosjektdirektivet, er som følger:
Mål for prosjektet er å finne løysingar som sikrar eit framtidsretta og trygt tenestetilbod, med god
fagleg kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som ein sikrar effektiv ressursutnytting innanfor dei
økonomiske rammer som gjeld for helseføretaket.
Føringane frå Nasjonal helse og sjukehusplan og føretaksmøte 4. mai er særleg vesentlege for
forståing av oppdraget:
•
Sjukehus som i dag har akuttkirurgisk tilbod, skal fortsatt ha dette når omsynet til pasienten
gjer det naudsynt og kvalitet og pasientsikkerheit er ivaretatt.
•
Føretaksmøtet viste til at tett samarbeid og faglege og organisatoriske nettverksfunksjonar
mellom sjukehus er ein føresetnad for hensiktsmessig oppgåvedeling og krav til
heilskaplege pasientforløp, og at organiseringa bør understøtte dette.
•
Vedtaket om stadleg leiing gir helseføretaka ein viss fleksibilitet til å utforme leiarmodeller
tilpassa lokale behov, men føretaksmøtet presiserte at stadleg leiing skal vera
hovudregelen jf. Stortinget sitt vedtak. Føretaksmøtet presiserte at kravet om stadleg leiing
ikkje er til hinder for bruk av tverrgåande klinikkar. I ein tverrgåande klinikkstruktur må
klinikkleiaren passe på at det finnes leiarar på dei ulike geografiske stadene som er gitt
fullmakter til å utøve stadleg leiing.
Stord sjukehus
I sitt arbeid har prosjektgruppa ikkje gjennomført særskilde utgreiingar, men hatt ein gjennomgang
av no-situasjonen bygd på føreliggande offisiell styringsdokumentasjon/statistikk.
I kartlegginga av no-situasjonen er det gjort ein gjennomgang av tilbod og organiseringa i Helse
Fonna. Det er sett på hovudfunksjonar ved dei ulike sjukehusa og pre-hospitale tenester i
spesialisthelsetenesta.
Vidare er det gjort ei samla oversikt over befolkningssamansetning og utviklingstrekk i
Sunnhordland og Hardanger. Felles for alle utanom Fitjar, er at den største forventa folkeauken vil
koma i aldersgruppa 80-89 år.
I ein gjennomgang av bruk av spesialisthelsetenester kjem det fram at Sunnhordland har fleire
akuttinnleggingar pr. 1000 innbyggjarar enn resten av landet. Bruk av spesialisthelsetenester er og
høgare i regionen enn resten av landet, men og høgare enn i resten av Helse Vest.
65% av alle kirurgiske øh-prosedyrar for innbyggjarane i Stord sjukehus sitt opptak finn stad ved
Stord sjukehus, 17% ved Haukeland sjukehus og 11% ved Haugesund sjukehus.
Prosjektgruppa har og sett på pasientstraumanalyse som syner kor pasientar busett i dei ulike
kommunane mottar spesialisthelsetenester.
Nokre av pasientstraumane er nødvendige, fordi Stord og Odda sjukehus ikkje har alle funksjonar.
Men straumane er truleg større enn nødvendig. Straumane går i stor grad til Helse Bergen/
Haukeland universitetssjukehus, men det forklare berre ein liten del av straumane. Fastlegane
sender pasientar ut av regionen i staden for å nytta tilbodet i Helse Fonna.
Øyeblikkeleg hjelp (øh)
Stord sjukehus har flest akuttinnleggingar i løpet av eit døgn i ei samanlikning av 15 samanliknbare
sjukehus. Del av akuttkirurgiske inngrep er likevel ikkje av dei høgaste. Dette kan skuldast at ein del
pasientar kjem innom Stord, men treng større kirurgi, og vert flytta til Haugesund.
Over halvparten av døgnopphalda for øyeblikkeleg hjelp ved Stord sjukehus gjeld medisinske
fagområde. Slik var det også i 2012. Når det gjeld poliklinisk akuttbehandling derimot, gjeld
over halvparten kirurgi, og delen kirurgiske prosedyrar har gått opp frå 2012-2015. Del kirurgisk
dagbehandling har gått ned i same periode.
Det er medisinske øh-prosedyrar som er dominerande når det kjem til dagbehandling, medisinske
og kirurgiske prosedyrar. Svært lite av øh-aktiviteten er dagbehandling. Noko går føre seg
poliklinisk. Det er ein større del av dei kirurgiske øh-prosedyrane som er poliklinisk enn dei
medisinske øh-prosedyrane, medan det er fleire medisinske øh-prosedyrar knytt til døgnbehandling
enn kirurgiske.
Rapporten seier og noko om legevaktfunksjon i Stord sjukehus sitt opptaksområde og om
naudnettet.
Infrastruktur
Det er gjort ein gjennomgang av kollektivtilbodet i høve til avstandar frå nabokommunar inn til
Stord sjukehus og gjeve døme på kollektivtransport, der dette kan nyttast.
Kvalitets- og pasienttryggleik
Dette kapitelet ser på kvalitetsindikatorar,- 30- dagars overleving og re-innlegging. Her kjem Stord
sjukehus nokolunde ut som gjennomsnittet. Det same gjeld ei undersøking gjort med erfaringane
pasientane har gjort ved sjukehuset.
Sjukehuset har klart å rekruttera vakante legestillingar, men har i periodar hatt utfordringar med å
få tak i spesialsjukepleiarar.
Rapporten har eit kapittel som oppsummerer no – situasjonen før rapporten seier noko om
moglege løysingar.
Her er det sett på erfaringar frå andre sjukehusområder, blant anna helse Førde, som har hatt noko
av dei same utfordringane og nytta dette til eit ei positiv utvikling i føretaket i eit utviklings – og
omstillingsarbeid.
Det er gjort ein gjennomgang av den akuttmedisinske kjeda – og Stord som akuttsjukehus. Dette
kapittelet kjem og med tilrådingar som vert synt i innstillinga frå gruppa.
Administrasjonen tek difor ikkje omtale av desse kapitla inn i saksutgreiinga, men syner til kapitel 4
i rapporten.
Vurdering
Det er gjort ein grundig analyse av no situasjonen ved Stord og Odda sjukehus. Administrasjonen
vel å berre ha fokus på Stord.
Stord sjukehus har eit døgnkontinuerleg beredskap i generell kirurgi og anestesi. I Nasjonal helseog sjukehusplan er Stord i ulike scenario knytt til akuttfunksjon omtalt som eit av dei sjukehusa der
ei endring eller nedlegging av funksjonar bør vurderast. I planen står det og at endring i tilbodet ved
dei enkelte sjukehusa skal gjerast av helseføretaka og dei regionale helseføretaka gjennom
utviklingsplanar.
Tilrådingane i denne planen er at akuttfunksjonen vert oppretthalde og styrkja gjennom blant anna
ei avklart oppgåvedeling og felles rutinar mellom Stord sjukehus og Haugesund sjukehus. Det er
grunn til å tru at det er mykje å henta ved å gjennomføra avklaringa og ha auka fokus på dei
moglegheitene som dette kan gje begge sjukehusa.
Prosjektgruppa tilrår og at det vert gjort ei felles satsing på å byggja ein felles kultur mellom
sjukehusa. Dette vil igjen vera med på å bygga opp om funksjonsfordelingane og sikra eit effektivt
pasientforløp. Det vert og gjeve tilrådingar om lokalt tenestetilbod, bemanning, rekruttering og
kompetanse. Det er ikkje vanskeleg å stilla seg bak desse anbefalingane.
Samarbeid med kommunar og primærhelsetenesta er eit eige kapitel. Kort summert er
konklusjonen at samarbeidet er viktig og bør vidareutviklast.
Tilbodet i Helse Fonna må kommuniserast til innbyggarane og fastlegane på ein betre måte enn i
dag. Gjennom kartlegginga kjem det fram at for mange pasientar vert sendt ut av regionen. Her er
det verd å merka seg at dette er høgast ved opptaksområdet til Haugesund sjukehus.
Nettverk, IKT satsing og betre effektiv og trygg utveksling av pasientinformasjon mellom einingane i
spesialisthelsetenesta vil leggja grunnlag for betre samarbeid og på tvers av einingar. Dette er og
har vore ei utfordring, og har vore med på å senka eit effektivt pasientforløp. Difor er det svært bra
at det vert tirådd ei satsing for å få ei forbetring.
Administrasjonen meiner at prosjektgruppa har gjort ein god jobb i å analysera no- situasjonen ved
Stord sjukehus og er samd i at tilrådingane byggjer opp under framleis akuttfunksjon ved
sjukehuset.
Administrasjonen meiner og at dei tilrådingane som er lagt fram vi kunna føra til ei styrking av Stord
sjukehus, og rår til at Samarbeidsrådet støttar opp om desse.
Det er dei to leiarane i Helse Vest/ Helse Fonna som er eigarar av prosjektet. Administrasjonen har
merka seg at dei i sitt oversendingsbrev til høyringsinstansane seier at tilrådingane i rapporten er
vurdert som ei «pakkeløysing». Dei heng delvis saman, men det kan då stillast spørsmål til om
tiltaka er ein føresetnad for einannan. Dette må ikkje førast til at akuttfunksjonen på ny vert sett i
spel. Regionen treng ein garanti for at akuttfunksjonane skal vidareførast som resultat av den
prosessen som no er gjennomført. Ansvar for gjennomføring ligg no hjå den administrative leiinga i
Hels vest og Helse Fonna. Administrasjonen meiner dette må presiserast.
Tilråding frå prosjektgruppa
Tilrådingane i prosjektrapporten dreier seg om Stord sjukehus, og er avgrensa til den somatiske
verksemda. Tilrådingane handlar om dei overordna prinsippa for vidareutvikling av Stord sjukehus,
mens den detaljerte utforminga skal skje i regi av Helse Fonna.
Vidareutvikling av eit sterkt Helse Fonna med eit breitt tilbod av spesialisthelsetenester i framtida,
krev eit langsiktig utviklingsarbeid. Prosjektgruppa for Stord sjukehus tilrår følgjande hovudprinsipp
for utviklinga av Stord sjukehus i Helse Fonna:
1. Stord sjukehus som akuttsjukehus
Stord sjukehus held fram som akuttsjukehus med traumeberedskap og akuttfunksjonar innanfor
både kirurgi og indremedisin. Akuttfunksjonane understøtter fødetilbodet. Helse Fonna
vidareutviklar akutt- og traumefunksjonen i føretaket for å sikre ei avklart oppgåvedeling og felles
rutinar mellom Stord sjukehus og Haugesund sjukehus. Dette arbeidet skal gjerast i samsvar med
nasjonal traumeplan, som er under revidering. Helse Fonna vurderer å desentralisere meir av den
elektive kirurgien til Stord som er nødvendig for å vedlikehalde og styrke den akutt-kirurgiske
kompetansen lokalt.
2. Kulturbygging
Helse Fonna legg stor vekt på å utvikle ein felles kultur - «vi»-haldning - i heile Helse Fonna. Stord
sjukehus, Odda sjukehus og Haugesund sjukehus skal saman sikre eit godt
spesialisthelsetenestetilbod til befolkninga.
3. Samhandling om eit heilskapleg tilbod til pasientane
Det er sentralt å vidareutvikle samarbeidet mellom Helse Fonna og kommunane for å oppnå eit
heilskapleg tilbod til pasientane. Samarbeidsavtalene mellom kommunane og Helse Fonna er
nyttige verktøy i dette arbeidet. Helse Fonna vil arbeide for å etablere «éin port inn» i
spesialisthelsetenesta. Det vil seie at alle tilvisingar blir vurderte slik at kapasiteten i alle sjukehusa
blir sett på samla, med felles ventelister for ulike fagområde. Kommunane og Helse Fonna skal
samarbeida om å vidareutvikle den akuttmedisinske kjeda for å sikre befolkninga eit trygt
akuttilbod.
Kva for spesialisthelsetenestetilbod som finst i Helse Fonna, må kommuniserast til innbyggarane
og fastlegane på ein betre måte enn i dag.
4. Lokalt tenestetilbod
Helse Fonna vurderer desentralisering av fleire poliklinikkar med utgangspunkt i analysar av
forbruksmønster for å identifisere pasientgrupper som har behov for spesialisthelsetenester ofte,
mykje og nært. Arbeide med å identifisere kva for tilbod pasientane reiser ut av føretaket for, og
vurdere å bygge opp slike funksjonar lokalt.
5. Stadleg leiing
Det skal vere stadleg leiing på Stord sjukehus. Stadleg leiar har i oppgåve å bidra til ein felles kultur
og ei felles fagleg utvikling i Helse Fonna. Det inneber medansvar for at felles prosedyrar og
retningslinjer på tvers av sjukehusa blir utarbeidde og implementerte. Stadleg leiar varetek
behovet for gjennomgåande leiing og for samhandling og dialog med kommunane.
6. Bemanning, rekruttering, kompetanse
Helse Fonna styrker arbeidet med ulike tiltak for å sikre rett tilgang til ulik kompetanse i sjukehusa.
Eksempel på tiltak for å oppnå fagutvikling i alle sjukehusa, er gjensidige hospiterings- og
rotasjonsordningar og legge til rette for vidareutdanning. Rekruttering og vedlikehald av
kompetanse heng saman.
7. Forsking og kvalitetsutvikling
Det er eit mål å styrke forsking og kvalitetsutvikling på tvers av einingar og sjukehus. Helse Fonna
starter forbetringsprosjekt med utgangspunkt i resultat på nasjonale kvalitetsindikatorar med
deltaking frå alle sjukehusa.
8. IKT-arbeid
Dei store regionale IKT-satsingane skal sikre effektiv og trygg utveksling av pasientinformasjon
mellom einingane i spesialisthelsetenesta. Dette legg grunnlaget for betre samarbeid og nettverk
på tvers av einingar. Alle sjukehusa skal bidra aktivt i utviklings- og implementeringsarbeidet knytt
til IKT-satsingane.
Framlegg til vedtak
1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland støtter opp om dei tilrådingane som prosjektgruppa har
kome fram til i sitt arbeid med Prosjekt for Stord sjukehus.
2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at tilrådingane ikkje må vurderast som ei
«pakkeløysing» på ein slik måte at akuttfunksjonen på nytt vert sett i spel.
3. Utviklinga av Helse Fonna bør følgja dei tilrådde hovudprinsippa gjennom samordna tiltak og
funksjonsfordeling i heile føretaket og regionføretaket.
MØTEBOK
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
16. september 2016 kl. 09.00
Kommunehuset i Sveio
Sak 37/16
GJG/rr
Ny kontorstruktur i Skatteetaten
Bakgrunn:
Skatteetaten leverte i juni 2016 ei utgreiing til Finansministeren om ny kontorstruktur i etaten. I
utgreiinga vert det føreslege at 107 skattekontor skal bli redusert til 53. Dersom
Finansdepartementet godkjenner framlegget vil truleg dei første kontora forsvinne i løpet av første
halvdel av 2018.
Hovudargumentet for å slå saman dei minste kontora er å bygga større fagmiljø og samla
kompetansen. «Skatteetaten står ovanfor nye utfordringar – og må vera tettare på næringslivet for
blant anna å jobba mot arbeidsmarknadskriminalitet» seier fungerande regiondirektør i
skatteetaten Midt-Norge, Rune Langsø Johannesen.
Skatteetaten skal prioritera å gjera det enklare for næringslivet, arbeida mot økonomisk kriminalitet
og sikker identitetsforvaltning. Skatteetaten har starta oppbygging av kompetansemiljø innan
analyse på skatteområdet. Skatteetaten jobbar stadig meir kunnskapsbasert, blant anna ved å
kartlegge risiko for unndragelsar som grunnlag for å velja rett virkemiddel. Dette gjer meir effektiv
og treffsikker bruk av verkemidla, til dømes ved at kontrolltiltak vert sett inn der risikoen er størst.
Etaten må samle, utvikle og utnytte eigen kompetanse og arbeida for å byggja ytterligare kunnskap
om risiko i ulike bransjar og skatteytarsegmenter, og få auka innsikt i behova til viktige målgrupper
som næringslivet og utanlandske skattytarar.
Den teknologiske utviklinga, med meir nettbasert kontakt med publikum, auka faglege krav og
reduserte budsjett vil medføre behov for omstilling.
Framlegg til endringar i Sunnhordland:
Skatteetaten sitt framlegg er at kontoret på Stord med sine 13 tilsette vert flytta til Haugalandet –
Haugesund og dei 2 stillingane i Rosendal vert flytta til Norheimsund.
Totalt vert det lagt opp til fire kontor i Hordaland, der ingen vert i Sunnhordland.
Ordførar Peder Sjo Slettebø sende i forkant av møte i Samarbeidsrådet 10. juni ein mail der han
spurde om Samarbeidsrådet kunne stilla seg bak at Husnes kan verta lokalisering for eit felles
skattekontor for Sunnhordland.
Det vart etter ei kort drøfting vedteke at saka må sakshandsamast før Samarbeidsrådet kan ta
stilling til saka.
Kvinnherad formannskap har gjort følgjande vedtak
Vedtak frå Formannskapet den 09.06.2016:
1. Kvinnherad kommune ber om at det ved etablering av ny kontorstruktur for Skatteetaten
blir teke omsyn til at Kvinnherad har stort behov for å behalde eksisterande og helst få
tilført nye arbeidsplassar.
2. I sentrum av Husnes som er eit av Hordaland sine regionsenter, er kommunen i ferd med
å realisere eit nytt kontorbygg som vil vere ein svært god etableringsstad for eit regionalt
skattekontor for deler av Hardanger og Sunnhordland.
Sunnhordland
Det er i framlegget frå SKD til ny struktur ikkje føreslege å oppretthalda nokre skattekontor på
strekninga mellom Bergen og Haugesund.
I argumentasjonen frå Skatteetaten for det nye framlegget til organisering, vert nærleik til
arbeidsliv nytta. Administrasjonen meiner at dette bør få ein sentral plass i Samarbeidsrådet sin
argumentasjon for å oppretthalda eit kontor i Sunnhordland.
Andre argument for oppretthalding av skattekontor i Sunnhordland er blant anna at folketalet er
ca. 60 000 og at regionen har eit dynamisk næringsliv som er kjent for høg verdiskaping og med
internasjonal orientering. Bedriftene har i tider behov for eitt betydeleg antall utanlandske
arbeidstakarar, som jevnlig har behov for å oppsøkja skattekontor.
Med den omfattande næringsverksemda i regionen, er det uheldig dersom ikkje
skattemyndigheitene er representert. Nærvær av skatteetaten gjer det og vanskeligare å driva med
arbeidsmarknadskriminalitet og svart arbeid. Samhandling mellom næringsliv og skattemyndigheit
har vist at dette er ein viktig faktor for å avstå eller avgrensa denne type verksemd. Lokal nærleik og
god kontakt med næringslivet har vist seg å vera av stor betydning for å avstå frå denne type
verksemd.
Regionen har og asylmottak. Dette er ei sårbar gruppe som nyttar ressursar på skattekontoret. Dei
har ofte stort behov for personleg hjelp, og nyttar seg i liten grad av nettløysingar.
Administrasjonen meiner at Samarbeidsrådet i utgangspunktet må arbeida for å sikra eit
skattekontor i regionen, og spørsmålet er då om rådet skal arbeida for å bygga opp eit nytt kontor
på Husnes, eller sikra det som er på Stord.
Stord er i Regional plan for senterstruktur definert som regionsenter for fleire kommunar, Husnes
for Kvinnherad. I sin uttale til Plan for senterstruktur støtta Samarbeidsrådet Husnes som
regionsenter, men sa samstundes at dette ikkje måtte føra til at regionsentera blir sett opp i mot
kvarandre, men få utvikla seg ut i frå sin eigenart. I denne saka kan regionsentera bli sett opp i mot
kvarandre, med den konsekvensen at resultatet kan bli at det ikkje vert skattekontor i regionen. Det
må ein klara å unngå.
Administrasjonen meiner at ut i frå tal tilsette og deira kompetanse bør Samarbeidsrådet byggja sin
argumentasjon opp med å sikra kontoret på Stord og vurdera om Kvinnherad kan oppretthalde sitt
kontor som ein filial, knytt til Stord, slik NAV er organisert. Denne løysinga kan styrkja kompetansen
på skattekontoret i Sunnhordland og sikra arbeidsplassar i Kvinnherad.
Parallelt med ny kontorstruktur utreie Skatteetaten overordna organisering og oppgåvedeling. I
denne samanheng vert det vurdert å flytta oppgåver ut av Oslo. I Arbeidsutvalet sitt møte 26.
august tok ordførar Wenche Tislevoll opp ei sak som gjeld flytting av statlege arbeidsplassar.
Bør Samarbeidsrådet arbeida for å få lagt oppgåver til regionen?
Framlegg til uttale
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har forståing for at den teknologiske utviklinga, med meir
nettbasert kontakt med publikum, auka faglege krav og reduserte budsjett medføre behov for
omstilling, og at dette igjen føre til at etaten må vurdere kontorstrukturen.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland stiller seg likevel undrande til framlegg til ny kontorstruktur i
Hordaland, der det er føreslege fire kontor, som alle ligg nord for Bjørnafjorden.
Dette gjer at ein industriregion som Sunnhordland ikkje får oppretthalde eit eige kontor.
Sunnhordland har eit dynamisk næringsliv som er kjent for høg verdiskaping og med internasjonal
orientering. Bedriftene har til tider behov for eitt betydelig antall utanlandske arbeidstakarar, som
jamleg har behov for å oppsøkja skattekontor.
Ut i frå at Skatteetaten står ovanfor nye utfordringar, og skal vera tettare på næringslivet for blant
anna å jobba mot arbeidsmarknadskriminalitet må det vera eit stort føremon å ha eit kontor i ein
industriregion som Sunnhordland.
Samarbeidsrådet kan difor ikkje akseptera at skattekontoret på Stord vert avvikla og ber om at
departementet revurdere Skatt vest sitt framlegg til ny kontorstruktur for Hordaland.
Framlegg til vedtak
Samarbeidsrådet godkjenner uttalen slik den ligg føre.