Laurdag 10. november 2012 Landbruksnummer Nr. 42 • Årgang 33 • Laussal kr 20 2 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Storfenytt – mellom anna Då vi i Storfjordnytt valde landbruk som tema for årets ekstranummer, dukka følgjande historie opp: For ei tid tilbake tok ein tidlegare redaktør i Storfjordnytt ein telefon til Oslo. Då ho sa ho ringte frå Storfjordnytt, høyrte ho i andre enden: «Hva sier du? Storfenytt?». Sunnmørsdialekta er tydelegvis ikkje alltid så lett å skjøne, og då kan det oppstå misforståingar, i dette tilfellet av det morosame slaget. Landbruk er eit felt som mange i området vårt er opptekne av og arbeider med på ein eller annan måte. Landbruk er ikkje det same no som det var for femti år sidan, samfunnsutviklinga har gjort at også landbruket må tilpasse seg den tida det er ein del av. Ei stor utfordring innanfor næringa i dag er at stadig fleire gardsbruk blir lagt ned og mykje av kulturlandskapet er i ferd med å gro att. Dersom det norske samfunnet er interessert i å halde liv i landbruket i åra framover, er det viktig at ein både lokalt, regionalt og nasjonalt legg tilhøva best mogleg til rette for gardsdrift, slik at ein framleis kan få kjøpt norske gardsprodukt i butikken. I landbruksnummeret kan du lese om alt frå dyrking av kålrot til hesteassistert terapi. Vi vonar her vil vere noko for ein kvar smak. Denne utgåva av Storfjordnytt blir fulldistribuert til alle husstandar i dekningsområdet vårt, og er du ikkje abonnent så er du velkomen til å bli det. Ingvild Parr Einaste med storfe – Alle kyrne her har fått namn, seier Kari Dyrkorn medan ho klappar kua Bjørg på hovudet. Ingvild Parr ingvild@storfjordnytt.no Kari Dyrkorn har teke ein pause i fjøsarbeidet då Storfjordnytt kjem på besøk. Eg møter henne på gardsplassen der ho har kome i snakk med nokre av naboane. – Vi står her og løyser verdsproblem, seier ho og smiler. Smalt og svingete Det er litt over 20 år sidan faren hennar kjøpte garden på Dyrkorn, og i 2001 vart det ho som tok over drifta. For å kome seg til gards må ein køyre eit lite stykke opp i høgda på ein smal og svingete veg. Det er lett å førestille seg at denne vegen kan by på visse utfordringar for større bilar, og då særleg på vinterstid, noko Kari kan bekrefte. – Om vinteren må vi sjølve frakte mjølka ned til vegen der mjølkebilen står og ventar. Til dette har vi to mindre tankar som vi fyller opp og køyrer ned med traktoren, seier ho. Årsaka til at mjølkebilen ikkje vågar å køyre opp hit på denne årstida, er faren for å skli. Dersom den må bremse på veg ned att, så kan skvulpinga i tankane føre til at bilen kjem ut av balanse. – Men både slaktebilen og bilen som kjem med fôr kjem seg opp hit uansett tid på året, fortel ho. Elitemjølk Tlf. 70 25 78 50 – Pb. 134 – 6211 Valldal – www.storfjordnytt.no post@storfjordnytt.no – annonse@storfjordnytt.no Redaktør/dagleg leiar Ingvild Parr 46 62 09 10 ingvild@storfjordnytt.no Journalistar Britt Ingunn Maurstad 95 49 30 11 britt@storfjordnytt.no John Kristian Hjelle 92 62 86 91 (frilans) john.kristian@storfjordnytt.no Annonsar Alfred Nilsen 92 05 70 85 alfred@storfjordnytt.no Sats og montasje: Storfjordnytt Utgjevar: Storfjord Bladlag AS, 6210 Valldal I 2007 gjekk Kari saman med Karl Vaksvik og stifta Dyrkorn Samdrift DA. Eit DA er eit selskap med delt ansvar (DA) der deltakarane har eit personleg ansvar for heile gjelda i selskapet, men kvar deltakar kan berre belastast opptil eigardelen sin. Fellesfjøset har vore i drift i omlag fire år, og totalt har dei to bøndene drygt 50 dyr fordelt på to fjøs. I fjøsen på Dyrkorn bur der 20 mjølkekyr og åtte kalvar. Dei 28 ungdyra har adresse hos Karl Vaksvik på Vaksvik. – Det er eg som står for all mjølkinga, seier Kari og fortel at ho har ein mjølkekvote på 135 tonn, noko som tilsvarar 135.000 liter i året. Mjølkebilen er på garden tre gongar i veka, og ifølgje bonden er det god kvalitet på mjølka som vert levert. – Heilt sidan eg overtok i 2001 har vi levert elitemjølk til meieriet, opplyser ho, før ho tek meg med på ein runde i fjøsen som vart bygd ut då dei bestemte seg for å få på plass ein fellesfjøs. Både kyr og kalvar er nyfikne på kven den ukjente gjesten er. Nokre er skeptiske og trekk seg litt unna, medan dei modigaste kjem nærare for å helse på. Kari fortel at alle kyrne har fått namn, og ein del er oppattkalla fordi dei er fødde på spesielle dagar. – Ei av desse er kua som har bursdag same dag som dottera vår Bjørg, difor kalla vi henne opp att etter henne, forklarer ho medan ho klappar kyrne. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Kari har eit godt lag med dyra. Får meir mark Kyrne er urolege, og då bonden fortel at det er tid for mat skjønar eg fort kvifor. Gjennom ei luke i taket kjem det godt og saftig fôr som ho fordeler utover til kyr og kalvar. Det blir stille og matroa breier seg i fjøsen. I tillegg til mjølkekyr og kalvar har Kari 45 sauer på garden, men desse er ikkje ein del av samdrifta, det er det berre storfeet som er, og ho er den einaste i nærområdet som driv med storfe. Ein av sauene har blitt sjuk så ho får medisin medan eg er der. Det blir også tid til litt klapp og kos innimellom På spørsmål om kva som feilar henne, svarar Kari at ho når ho skal snu seg rundt så går ho mot venstre heile tida, og dette er fordi ho anten lir av mangel på B-vitamin eller hjernehinnebetennelse. – Forhåpentlegvis vil medisinen gjere susen, seier ho. Kari har mykje mark å slå, all leigejord frå skulen i Stordal og heilt inn til Vestre er det Har du eit gamalt interessant foto med opplysningar og årstal, set vi det gjerne på trykk Fotominne Bankgiro: 4020 05 01774 Bladpris: Heilår kr 770 Halvår kr 395 Student/vernepliktig kr 395 Annonseprisar: Vanleg plass: kr 4,80 pr. mm + mva Tekstside: kr 7 pr. mm + mva Fargetillegg: kr 350 Prent: Polaris Trykk Ålesund AS Storfjordnytt arbeider etter reglane for god presseskikk i «Vær Varsom»-plakaten. Den som kjenner seg råka av urett avisomtale, vert oppmoda om å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet som har medlemmer frå presse- organisasjonane og ålmenta, handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adresse: Rådhusg 17, 0158 Oslo. Tlf. 22 40 50 40 Kåre Storås og Magne Skuseth meinte begge det var viktig med ein god forhandlar når du skal kjøpe traktor. Det sa dei for om lag 20 år sidan og det er sikkert slik i dag òg. 3 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 på Dyrkorn Snart har alle kyr, også dei i lausdrift, rett to månaders sommarferie. Lausdrift og kuferie Frå nyttår vert det endringar for kyr i lausdrift. Dei skal også få sommarferie, seier forskriftene. Britt Ingunn Maurstad britt@storfjordnytt.no m alle gjeremål på garden hos Kari Dyrkorn. ho som tek seg av. Dette blir til mykje god mat til dyra. Det er Kari som har hovudansvaret for gardsdrifta, men mannen hjelper til når han er heime. – Det er kjekt å ha ein assistent på garden, seier Kari og smiler lurt. AT T E R S Y N F R Å A R K I V E T Det er fin utsikt frå fellesfjøsen på Dyrkorn. Reidun Hove og Nils Tomas Hove i Stordal har fått fart på produksjonen av sjampinjong. Sekkar med kompost vert sett mørkt og kjølig og etter eit stund kjem soppen. For 20 år sidan kunne hotell i Ålesund og nærmarknaden smake på herligheita. For bønder med båsdrift, har det i årevis vore slik at for å drive i tråd med forskrift om hald av storfe, så må dyrane ut på beite i åtte veker kvar sommar. Det er for at dei skal vere sikra høve til fri bevegelse og mosjon. Frå årsskiftet vil også kyr i lausdrift ha ein slik lovfesta rett til sommarferie, og grunngjevinga er dyrevelferd. Dette vart bestemt i endring av forskrifta som kom for nokre år sidan. Det betyr at problemstillinga dei no står oppe i, med at pålegget om kuferie også for lausdriftsfjøs trer i kraft frå nyttår, ikkje bør vere ei ukjent problemstilling. Iallfall ikkje for dei nyaste samdriftene. I Storfjordnytt sitt distrikt er det i hovudsak samdriftene som driv med lausdrift. Då samdriftene var planlagt og bygde og har kusommarferie openbarrt ikkje vore tema under planlegginga. Det skapar no ein god del hovudbry rundt om i samdriftene. – Då vi starta opp med dette prosjektet gjaldt ikkje kravet til sommarferie for oss, så dette er nytt for oss. Det er framleis usikkert kva som skjer, om det er tilstrekkeleg å få på plass ein luftegard for kyrne i tilknyting til fjøsen eller om vi må sende dei ut på beite, seier Per Ivar Skodjereite som i desse dagar er i full gang med bygging av fellesfjøs i Stordal. Problemet for samdriftene slik Storfjordnytt forstår det, er at fellesfjøsane ofte er blitt bygde på areal som ikkje er spesielt eigna korkje til dyrking av fôr eller til beite. Som til dømes fellesfjøsen på Skuset. Der har dei utnytta eit litt myrlendt område til fellesfjøsen sin. Heller ikkje drivarane her veit korleis dei skal løyse kravet om dyr ut på beite – rett og slett fordi fjøsen ligg der den ligg, med areal som er lite eigna for beiting i tilknyting til fjøsen. Andre stader, som hos Kari Dyrkorn på Dyrkorn, er tilhøva noko annleis. Der skal dei i gang med å rydde eit stort areal frå garden og oppover og innover fjellet der kyrne som høyrer til samdrifta der skal ha sin sommarferie. Så er det å håpe at også dei andre samdriftene finn gode løysingar både for folk og fe som stettar forskriftene. Vegvesenet fekk både gode ord og god mat av folket frå Geiranger som kom opp på fjellet for å gje merksemd til dei som arbeidde med den nye vegen gjennom Indreeidsdalen. 4 Landbruk Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Prosjektering hus, hytte, landbruk og industri Din lokale rørleggar • Tlf. 95 13 90 30 Landbruksklynga på indre Sunnmøre har utvikla eit kurstilbod for avløysarar og landbruksvikarar som skal arbeide i landbruket. Mange kjem til Norge heilt utan landbrukserfaring og kommunikasjon er den største utfordringa Alfred Nilsen alfred@storfjordnytt.no • Regnskap • Fakturering • Lønn • Årsoppgjør Grunnarbeid – Transport – Naturmurstein Veggrus, singel og pukk Lokal entreprenør med stor kapasitet Dyrehald og matproduksjon krev høg kvalitet på mange nivå i prosessen og verdiane er store. Difor er det naudsynt med god opplæring av dei som skal avløyse bonden når han skal ha fri. Fann midlar Landbruk Nordvest har mange medlemmar som kan oppleve kommunikasjonsproblem når den nye avløysaren kjem. På eit medlemsmøte kom ein bonde med framlegget om å lage eit grunnleggjande kurs for dei som ikkje skjønar språket. Jon Geirmund Lied plukka opp ballen og sparka den vidare. – Eg fann midlar som var øyremerka til utdanning i landbruket gjennom KIL (Kompetanseutviklingsprogram i landbruket), og i samarbeid med Storfjord Landbrukstenester starta vi på eit prosjekt som skal gi grunnleggjande opplæring til dei som skal vere avløysarar eller landbruksvikarar, seier Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest. Oversett til to språk 6250 Stordal | Tlf 70 27 93 00 | www.busengdal.no Dei starta med å samle fagstoff som skulle vere med, mellom anna frå handboka til Norske Landbrukstjenester. Dyrlege Unni Yttredal bidrog med stoff om korleis tyde kua sine signal, og Språksmia fekk i oppdrag å få teksten oversett til polsk og litauisk. Innhaldet er tilpassa slik at nytilsette som ikkje har landbrukserfaring får opplæring i grunnleggjande husdyrhald, sjukdomar og i dei viktigaste reglane i norsk landbruk i tillegg til mjølkeforeskriftane. – Vi har sett saman ein lærepakke som vi no har prøvd på både nybyrjarar og gamle ringrevar frå desse to landa, eit slags testpanel om du vil, seier Jon Geirmund Lied. Saman med gruppa har dei vore rundt om i ulike fjøs, og for dei erfarne var det kanskje mykje grunnleggjande. No skal dei evaluere kurset, spikre lærepakka og avslutte prosjektet. Finansiere prosjektet har dei gjort gjennom midlar frå Fylkeskommunen, næringsfondet i Norddal kommune, Tine og Norske landbrukstenester – Behovet for ei slik opplæring er stort, og vi tenkjer at Norske Lanbrukstjenester kan tilby dette Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest er sjølv kurset fleire plassar i landet, mellom anna her i Valldal, seier Jon Geirmund og legg til at velvillige bønder har stilt fjøsa sine til disposisjon for kurset, noko dei set stor pris på. Kurset er på om lag 30 timar og under evalueringa fann dei ut at kursdeltakarane bør meistre enkel engelsk slik at opplæringa berre skjer på eit språk. Elles var det berre små justeringar på kursopplegget dei oppdaga etter evalueringa. Store verdiar Når bonden ikkje er til stades, er det store verdiar som skal takast vare på og ansvaret er stort. Det er snakk om matproduksjon og då er kvalitet viktig, og ikkje minst så er det dyr det skal arbeidast med. Ei grunnopplæring for dei som skal gjere denne jobben er difor naudsynt, det er fagmiljøet samd om. Løna i dette yrket er konkurransedyktig med industriarbeidsplassane i området, litt ukurante arbeidstider er det nok – i tillegg til at det vert ein del køyring. Generasjonen som i dag driv i landbruket er godt oppdatert fagleg og ofte utdanna innan landbruket, så kunnskapen er på plass. Med eit slikt grunnleggjande kurs, meiner fagmiljøet at formidlinga i kvar einskild fjøs vert lettare og at verdiane på den måten vert betre tekne vare på. kskurs på morsmålet STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 5 v mjølkeprodusent og veit godt kva han snakkar om, her er dei i fjøsen til Randi Overå og Svein Henning Haugen i Liabygda. I tillegg var kursdeltakarane i fellesfjøsen på Hjelme og fjøsen til Petter Lingaas. Ireneusz Karpeta likar å arbeide med dyr. I fjøsen på Overå trivst han godt. Bastian Weiberg Aurdal i samtale med bonde Nils Jarle Hjelme saman med gruppa som er valt ut til å teste materiellet som er omsett til polsk og litauisk. 6 Fellesfjøsen tek form Per Ivar Skodjereite, administrerande direktør i Stordal Fellesfjøs AS, vonar fjøsen står klar til jul Ingvild Parr ngvild@storfjordnytt.no Det er mange år sidan ein byrja å tenkje på om ein skulle etablere ein fellesfjøs i Stordal, men det var først i 2009 at planane verkeleg skaut fart. – Det har vore ein lang prosess, mellom anna grunna store protestar frå naboar som ikkje ønskte å ha ein fellesfjøs i nabolaget. I tillegg ligg det nye fjøset nært opptil Storvasselva som er eit verna vassdrag, og vi måtte difor utarbeide ein reguleringsplan for området før vi kunne starte bygginga. Dette er ei stor og spennande investering for oss, og vi er avhengige av god drift for å få det til å gå rundt, fortel Per Ivar Skodjereite. I tillegg til lån, har Innovasjon Norge gitt 750.000 kroner i tilskot til Stordal Fellesfjøs AS. Det er Måløy Bygg som står som totalentrepenør på prosjektet, medan Felleskjøpet skal ordne med fjøsinnreiing og mjølkerobot. Andre involverte aktørar er Busengdal Transport AS, YIT og Sunn Rør AS. Meir rasjonell drift Dei andre bøndene som har gått inn i samarbeidet om eit fellesfjøs er Bente og Jon Geir Selboskar, Pål Bjørn Øvrebust og Johan Arnt Ludvigsen, der dei to sistnemnte er passive eigarar. – Det er Bente og Jon Geir Selboskar og eg som skal stå som aktive eigarar og ha ansvar for fjøsarbeidet, men alle skal drive jorda sjølve og levere fôr til fjøset, fortel Skodjereite. Årsaka til at dei bestemte seg for å setje planane ut i livet var at dei passive eigarane vurderte å slutte med mjølkeproduksjon og enten selje eller leige ut kvoten. Utanom desse fire er det berre sju andre mjølkeprodusentar i området, så for å hindre at produksjonen forsvann ut av kommunen ønskte bøndene å bevare den ved å gå saman om ein fellesfjøs, Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T som vil gi ei meir rasjonell drift og erstatte gamle og nedslitne fjøs med moderne lokale. – Når fjøsen står ferdig vil vi ha plass til 200 dyr, og det inkluderer kviger, oksekalvar og ungdyr som vi skal fôre opp til slakt. Av desse er det 65 mjølkekyr og vi har ei kvote på 450 tonn, noko som tilsvarar 450.000 liter i året. Det vil ta omlag to år før vi vil kome opp i ei slik produksjonsmengde, opplyser han. Samfunn i endring Grunnen til at planane om eit fellesfjøs oppstod, var nedslitne og utdaterte driftsbygningar på gardane og at arbeidet var både tungt og arbeidskrevjande. – Slik situasjonen blei for oss så stod valet mellom fellesfjøs eller nedlegging, så vi gjekk for det første, fortel Per Ivar Skodjereite, som meiner samfunnsutviklinga har ført til at bøndene vel å samarbeide om drifta i staden for å halde på for seg sjølv. – Det er vanskeleg å drive på åleine, og ein del bønder kjenner seg avskore frå sosialt liv fordi gardsdrifta bind opp tida deira. Så frå å vere eit sosialt yrke har det kanskje utvikla seg til å bli det minst sosiale yrket. Ein må tilpasse seg samfunnet, og ein kan ikkje forvente at nokon held fram slik lenger, seier Skodjereite, som er spent på om samarbeidet i fellesfjøsen vil fungere, men han ser fram til å kunne vere ein del av eit arbeidsfellesskap både fagleg og sosialt. – Det blir minst like mykje arbeid som før, men det vil bli på ein heilt annan måte. Håpar på skulebesøk Per Ivar Skodjereite synest det er overraskande at så få i dagens samfunn verkar å vere bevisste Eit ope kulturlandskap Kulturlandskapet forsterkar verneverdien av området vårt. Attgroing er eit av dei største trugsmåla mot verdsarvområdet. GreenTEAM Green TEAM GreenTEAM Å ta vare på og utvikle mangfaldet og opplevingskvalitetane i kulturlandskapet har vore den viktigaste fanesaka for Vestnorsk Fjordlandskap. Landbruksnæringa, organisasjonar og einskildpersonar i området får tilført særskilde tiltaksmidlar til skjøtsel som slått, beiting og rydding. Men framleis må det arbeidast for å styrke landbruksnæringa. Vi ynskjer å vere ein pådrivar for å ta vare på kulturlandskapet. Har du idear og konkrete framlegg til kva som bør gjerast, tek vi gjerne imot innspel. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Norsk Fjordsenter N-6216 Geiranger Tel: + 47 70 26 38 10 post@verdsarvfjord.no – www.verdsarvfjord.no Green TEAM på det som går på matproduksjon og tryggleik og kulturlandskap, og meiner mange tek som ei sjølvfølgje at alt skal virke til ei kvar tid. – For at vi skal lukkast med fellesfjøsen er vi avhengige av at dei rammevilkåra som gjeld no held seg oppe, men aller helst bli betre, understrekar han. Mellom anna har han eit ønske om at tilskotsordninga for dei dyra ein har kan kome opp på eit høgare nivå. Slik det fungerer i dag så får ein høgare sats for dei femten første dyra, medan den er lågare for dei øvrige. Når fellesfjøset står ferdig vonar Per Ivar Skodjereite på besøk frå skulen som ligg rett i nærleiken. – Det hadde vore kjekt om skuleelevane nyttar sjansen til å kome hit for å sjå og lære, seier han. 7 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Geitene er mellom dei beste kulturlandskapsarbeidarane vi har. Slike vil Geiranger ha fleire av. Verdsarvbygda gror att når landbruket døyr Ein etter ein legg bøndene i Geiranger ned drifta. Arnfinn Westerås er ein av berre nokre få som framleis har dyr. Britt Ingunn Maurstad britt@storfjordnytt.no Westerås er svært uroa over utviklinga i bygda, ikkje minst med tanke på mangfaldet og attgroing. Ved sidan av han sjølv, er det eigentleg berre to bønder att i bygda, ein mjølkeprodusent og ein som driv med geit. Grasklipparar På Westerås har dei mellom 30 og 40 vinterfôra sau og same antal geit. I tillegg har han sju lamaer. Han driv med andre ord gardsbruk i relativt liten skala og både han og kona har anna arbeid ved sidan av. – Slik må det nesten vere om ein skal få økonomien til å gå rundt, seier han. Sjølv om ikkje lamaene utløyser tilskot av noko slag, og det i og for seg ikkje er noko å tene på dei, korkje med ull eller kjøt eller anna, så er dette dyr han er stornøgd med. – Dei er utrulege kulturlandskapsarbeidarar, reine grasklipparane, seier han og fortel at lamaen også tek grovare ting som sauene og geitene ikkje et. Geitene legg eg merke til er litt mindre av vokster og har litt tjukkare pels enn vanlege geiter. – Dei er angorageiter, og såframt dei held seg tørre, tåler dei temperaturar ned til minus 30 grader. Men det føreset som sagt at dei er tørre, for dei har ikkje lanolin i ulla slik som sauene, seier han. Vil gro att Arnfinn Westerås synes det er synd at landbruket er i ferd med å døy. Likevel, Westerås er uroa for utviklinga i verdsarvbygda no når landbruket ikkje lenger er noko næring der. – Ettersom det nesten ikkje er bønder att her, er det heller ikkje dyr, seier han og peikar på at hovudutfordringa i åra som kjem vil vere å halde kulturlandskapet sånn nokon lunde ved like. For alt kan ikkje ordnast maskinelt, spesielt ikkje i det mildt sagt ulendte terrenget ein har i Geiranger. – Eg veit at kommunen ser på moglege måtar å løyse dette på, men kva dei landar på veit eg ikkje. Og eg trur ikkje det er mogleg å halde kulturlandskapet slik det er i dag utan dyr. Han seier at eitt alternativ kan vere at dyr frå andre stader kjem på ”sommarferie” til Geiranger for å beite, men likevel vil det ikkje vere nok dyr til å hindre attgroing. Vurderer kvart år Sjølv tenkjer han seg om kvart år med tanke på om det er nokon vits i å halde fram med dyra. – Ein må vege det ein legg i det opp mot kva ein får att, seier han. Han fortel at verdsarvtilskotet som kom for nokre få år sidan hjelper noko og kom i grevens tid for hans sin del. – Tilskotet bikka vektskåla over til å halde fram ei stund til, seier han. Verdsarvtilskotet avheng av Ferdigbetong – Sand Betongpumping – Singel 6210 Valldal | Tlf. 70 25 77 71 | 45 00 14 05 storleiken på bruket og talet på dyr og for mange kom tilskotet mange år for seint. Det var mange små bruk i Geiranger og dei som dreiv bruka la ned på grunn av alder – og etterkomarane deira har reist ut og fått seg utdanning og gode jobbar. – Det er diverre ikkje attraktivt økonomisk å halde på med dyrehald. I tillegg er ein bunden til garden heile tida, og eg trur ikkje eg ville anbefale mine å ta over drifta etter meg, seier han. Skal snart inn For han og familien er eigentleg dyra meir eit tilbod til dei som om sommaren besøker fjellgarden der oppe i fjellsida. – Det skal liksom vere litt dyr på ein gard og turistane set pris på å få sjå og til og med klappe dyra. Lamaene er også noko litt eksotisk som folk likar å sjå, seier han. Då Storfjordnytt var på besøk, var det like før vinteren gjorde sitt inntog her på indre. Dyra var sanka saman og samla på beite på Westerås for så å takast ned i bygda og innomhus. Sjølv om mange nok har klaga på ein dårleg sommar i år, seier Westerås at med tanke på dyra så har det vore ein fin sommar. – Det har vore godt beite i år, fuktig og grøderikt. Slikt gir flotte dyr til slakt. – Synd Men attende til attgroingsproblematikken. Westerås seier det nok er fleire årsaker til at verdsarvbøndene har valt å leggje ned drifta. Ein ting er at verdsarvmidlane kom i seinaste laget for enkelte av bøndene, dei hadde allereie lagt ned. For andre er det restriksjonane styresmaktene har sett når det gjeld verna område som gjer at enkelte ikkje får løyve til å gjere dei tiltaka dei meiner er naudsynte for vidare drift. – Og så er det rett og slett eit generasjonsskifte, seier han. Mange av dei som har lagt ned, har vore i ”passande alder” til å ta det meir med ro, og borna deira har ikkje ønska å flytte attende for å bli gardbrukarar. – Og eg har forståing for det. Det er ikkje berre berre å gå frå gode jobbar andre stader og bli bonde i Geiranger, seier han og innrømmer at heller ikkje han vil anbefale den yngre garde å forsøke å leve av gardsdrifta. – Men det er synd at landbruk ikkje lenger er noko næring her i Geiranger. Matproduksjon og kulturlandskap på indre Sunnmøre Indre Sunnmøre har landets største konsentrasjon av produsentar innan kjøt og industriell matproduksjon. Landbruk, nærings- middelindustri og turisme er store næringar nær internasjonale reisemål som Geiranger, cruisetrafikk og Nasjonal turistveg. Landbruket ivaretek viktige kulturlandskapsverdiar i dette området. Den mektige naturen med fjord og fjell, og velstelte gardsbruk med eit aktivt husdyrhald, særmerker det biletet tilreisande får av regionen. NORGES BONDELAG Lokallag i: Norddal/Eidsdal, Geiranger, Valldal, Liabygda og Stordal 8 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T - GÅ TIL EN SOM KAN DET - GÅ TIL FELLESKJØPET Novemberkupp! Snøfreseraksling Ensil tar vare på fôrkvaliteten og bedrer lønnsomheten! FAST LAVPRIS Effekt av forskjellige ensileringsmidler på innholdet av vannløselige karbohydrater/sukker Gardener snøfreser 8hk, 242cc 8990.Våpenskap FG-godkjent våpenskap for 5 våpen. H145cm x B35cm x D30cm. Vekt 90kg. Fra 2890.- 60.800.- ekskl.mva Kombinasjons gjødselpumpe DeLaval TP360 John Deere 5080M Pilkemaster EVO vedmaskiner - mye traktor for pengene! Finskproduserte vedmaskiner som har blitt bestselgere på grunn av unike egenskaper når det gjelder sikkerhet, kraft og hurtighet, • Markedets raskeste i sin klasse • Sikker og lettbetjent • Enkel justering av arbeidshøyden msJubileu d • Lettvint sammenfelling for transport tilbu ekskl.mva • Liten transportbredde (2,34 cm) • Jubileumstilbud på de to mest virke). EVO 30 (30cm Vnr 31P 00. populære modellene til 15.12.12 Ord. pris 47.5 44.900.- 54.900.EVO 36 (36cm msJubileu d tilbu ekskl.mva .270. Vnr 41P virke). Ord. pris 59 *Jubileumsprisen innbefatter hydraulisk stokkløft, 6-delt kløyveøks (gjelder EVO 36) og spak for separat betjening av kløyver uten tillegg i prisen. Verdi 5.260,- Tlf.: 03520 www.felleskjopet.no pris Kampanje Fast lavpris 9 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Kristin Gilje Sandnes (nummer to frå høgre) har starta opp med hesteassistert terapi på Stall Bjørstad. Til å hjelpe seg med dette arbeidet har ho med seg Øyvor Berdal (nummer to frå venstre). På hesteryggen sit fysioterapeut Liv Hanne Svensvik (til venstre) og idrettspedagog Kristin Aarø som leier ei av gruppene frå Muritunet som får tilbod om slik terapi. Nyttar hest til terapi – Samvær med dyr kan ha god effekt på oss menneske, seier Kristin Gilje Sandnes. Ingvild Parr ingvild@storfjordnytt.no Det er ein kjøleg haustdag, og på Stall Bjørstad i Valldal er markane dekka av frost denne formiddagen. Sola skin men har ikkje nådd fram til Døving-sida ennå. Inne i stallen er det godt og varmt, og her er Kristin Gilje Sandnes og medhjelpar Øyvor Berdal godt i gang med dagens gjeremål. Om ikkje lenge kjem det besøk til garden, det skal kome ei gruppe pasientar frå Muritunet og Kristin kjenner ho er spent. – Dette er første gruppe ut og markerer såleis starten på det toårige prosjektet vi skal gjennomføre i samarbeid med Muritunet, fortel ho. Positive effektar I løpet av den tida prosjektet varer skal pasientar frå Muritunet gjennom eit opplegg som går på aktiv betring med hest gjennom hesteassistert terapi (H.A.T). Dyreassistert terapi er i sterk vekst, og stadig fleire ser kva slags positive effektar kontakt mellom menneske og dyr kan ha for både helse og velvære. H.A.T. er ein metode som blir brukt av fleire kjente institusjonar, slik som Modum Bad i Vikersund, Attføringssenteret på Rauland og Veksthuset Gaustad i Oslo. – Motivasjonen for å starte opp med dette er hovudsakleg mi store interesse for hest. Dessutan har eg ved fleire høve sett at samvær med dyr kan ha positive effektar på oss menneske, fortel Kristin, som i kring ti år har gått med eit ønske om å starte opp med slikt arbeid. – I fjor haust tok eg kontakt med Muritunet for å høyre om dei var interesserte i å vere med på prosjektet, noko dei svarte bekreftande på. Så då sendte eg først inn søknaden min til interesseorganisasjonen Hest og helse, som måtte godkjenne denne før den gjekk vidare til ExtraStiftelsen Helse og rehabilitering. Det er ExtraStiftelsen som deler ut tilskot, så då eg fekk innvilga søknaden min i november ifjor sa eg umiddelbart opp jobben som naturforvaltar i Norddal kommune, seier Kristin og understrekar samstundes at det ikkje hadde vore mogleg å gå i gang med dette utan dei store investeringane dei sjølve har gjort på garden dei seinare åra. Stall Bjørstad har totalt åtte hestar som skal nyttast i samband med prosjektet, og av desse er det fem som er ferdig opplært medan tre framleis er under utdanning. Ein god terapeut Det er to pasientgrupper som skal vere med på dette prosjektet kvar sin dag i veka i to år framover. Den eine er ei gruppe som skal gjennom arbeidsretta rehabilitering og den andre består av pasientar med bekkenplager, fibromyalgi og nevrologi. Det er den siste gruppa som er her i dag, og av desse er det berre nokre få som har erfaring med hest. Samlinga startar med ein kort presentasjon av prosjektet og litt grunnleggande kunnskap om hest. – Hesten har unike eigenskapar som terapeut, den har ingen fordommar og gir ein umiddelbar ærleg respons, fortel Kristin, samstundes som ho poengterer viktigheita av å vise kven som er sjefen. – Hestane skjønar ikkje ein «flat struktur», dei må ha ein tydeleg leiar, seier ho. Etter den teoretiske delen går gruppa ut i stallen for å klappe og kose med hestane for å bli litt kjent, før to av hestane blir plukka ut til å vere med ned på ridebana. Her får pasientane høve til å både leie dei og ta ein ridetur under leiing av anten Kristin eller Øyvor. Så nær som alle prøvar hesteryggen denne dagen og Kristin er imponert over kor modige dei er, spesielt med tanke på at nesten ingen av dei hadde erfaring med hest frå før. Tru på opplegget På evalueringa etterpå kom det fram at samtlege var svært nøgde med opplegget og fleire av dei hadde allereie byrja å gle seg til neste gong. Pasientgruppa har med seg idrettspedagog Kristin Aarø og fysioterapeut Liv Hanne Svensvik som begge har stor tru på opplegget. – Når ein rir så får ein same bevegelsane i musklaturen som når ein går, utan at ein treng å gå. Dette er god trening fordi ein får både avspenning og bevegelse i musklaturen samstundes, forklarer Svensvik, medan Aarø fortel at for dei fleste pasientane var dette første gong dei har hatt nærkontakt med hest, og dei var difor svært spente i forkant. Utnyttar ressursane – Eg er veldig godt nøgd med første økt, fortel Kristin, som vonar dette prosjektet vil leggje grunnlaget for at ho kan halde på med liknande arbeid i mange år framover. Kristin har ein mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå den tidlegare landbrukshøgskulen på Ås, og ho fortel at ho har møtt folk som har sagt at ho gjennom sitt arbeid med hestar ikkje får brukt utdanninga si. - Eg er ikkje samd i det, men dei får meine kva dei vil, seier ho. Det er over ti år sidan det vart slutt med kyr på garden på Bjørstad, som er foreldra hennar sin gard. Sjølv er ho gift med ein odelsgut og bur på andre sida av dalen. – Eg er odelsjente her, så vi får sjå korleis vi løyser det når den tid kjem. I perioden frå 1999 til 2004 var det berre jordbærdyrking på Bjørstad. Då Kristin, som fekk sin første hest då ho var 12 år, kom tilbake til bygda etter fullført utdanning i 2004, tok ho med seg hestane tilbake til Bjørstad. – Når ein ikkje har kyr lenger, så synest eg det arbeidet eg no har fått i gang på Stall Bjørstad er ein god måte å utnytte ressursane på garden, meiner Kristin, som i tillegg til H.A.T. nyleg har starta rideskule for barn og unge i nærområdet. 10 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Formidlar arbeidskraft til landbruket Storfjord Landbrukstenester sitt kontor er samlokalisert med Landbruk Nordvest og Valldal Grønt på Grandane i Valldal. Alfred Nilsen alfred@storfjordytt.no Storfjord Landbrukstenester er eigd av brukarane (andelslag) og er eit selskap med SA til slutt som tyder samvirkeforetak. Lars Magnar Muribø er den daglege leiaren, og den jobben har han hatt i snart 30 år. På veggen heng det ein diplom frå Norske Landbrukstjenester som takk for framifrå arbeid i 25 år. Mange kommunar Det er når bonden treng avløysing eller vikar når dei er sjuke eller skal ha ferie, dei nyttar seg av tenestene til Storfjord Landbrukstenester. Lars Magnar Muribø skal dekkje det behovet i kommunane Norddal, Skodje, Ørskog, Stordal, Stranda, Ålesund, Sula, Giske, Haram og Sykkylven. Det vert òg utleigd ein del arbeidskraft til verksem- der utanfor landbruket. I årsmeldinga deira frå 2012 kan eg lese at dei er om lag 50 årsverk og 25 av desse er heile stillingar. Same året løna dei i underkant av 400 personar og omsetninga var på 17.1 millionar kroner. Lars Magnar Muribø tek seg òg av system når det berre er eg som er her på kontoret, men så langt har det gått bra, seier Lars Magnar frå sin plass i stolen. Utanlandsk arbeidskraft Dei seinare åra har fleire utanlandske arbeidstakarar teke avløysarjobbar, og av dei 25 heile stillingane Storfjord Landbrukstenester, er 19 av dei tilsette utanlandske arbeidarar som i hovudsak kjem frå Polen og Litauen. Fleire er komne til Norge som jordbærplukkarar og så busett seg her i området. Ein av desse er Ireneusz Karpeta frå Polen, som ofte går under namnet Irek. Han har arbeidd som avløysar i fire år før han 1. september 2011 starta som landbruksvikar. I 2008 budde han på Dyrkorn saman med sambuaren Edyta Stefanska. Som avløysar skal han handtere mange ulike fjøs og det kan vere utfordrande. Men Ireneusz opplever at han er Lars Magnar Muribø formidlar arbeidskraft frå kontoret til Storfjord Landbrukstenester på Grandane i Valldal. teken godt i mot og fått mykje god hjelp. Han er snar å nemne Kari på Dyrkorn, Lars Magnar Muribø i Storfjord Landbrukstenester og Harald Gjedrem. No har familien kjøpt seg hus i Murigjerdet og stortrivst i Norge og Valldal. Ireneusz er ein sjølvskriven mann å ha med på prøveprosjektet med opplæring på morsmålet. Han seier det hadde vore fint som ny avløysar med informasjon som han lett kunne forstå. Som avløysar har han køyrt mykje, og til saman har han vore innom 30-40 ulike fjøs. Foto: Henny Stokseth DIN SMÅKRAFTPARTNER TAFJORD® har kompetanse på alle faser av utbyggingen – fra idé til ferdig kraftverk. I tillegg kommer inngående kjennskap til rammebetingelser. Kontakt oss på telefon 70 10 00 00 eller på post@tafjordkonsern.no w w w. t a f j o r d ko n s e r n . n o 11 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Harald Jøssvoll ved enden av den 2,5 km lange skogsvegen grunneigarane der har bygd i fleire etappar. 5000 kubikkmeter skog er teke ut og meir står klart om ikkje lenge. Veg til verdiane Grana som vart planta på 1950- og 60-talet er i dag hogstmoden, og store verdiar står og ventar på å bli teke ut. Alfred Nilsen alfred@storfjordnytt.no Mange av grunneigarane på indre Sunnmøre er medlemmar i Allskog. Allskog er eit samvirke som er eigd av skogeigarar i Møre og Romsdal, Trøndelagsfylka, Nordland og Troms. Skogsvegar Då uvêret Dagmar herja skogane resulterte det i mykje felte tre. No er det den skogen som prioriterast på grunn av at kvaliteten vert ringare om den blir liggande for lenge før den vert tatt ut. Elles er det mykje skog i Stordal og Norddal som ventar på å bli tatt ut. Begge kommunane har eigne skoglag, og 6. oktober hadde dei jubileumsfest på Blåtind der dei feira skogeigarsamvirket, som i dag er blitt til Allskog, sitt 100-årsjubileum. Utfordringa for å få felt den hogstmodne skogen er skogsvegar. Mykje av skogen vart planta i område som det ikkje er lett å kome til. Skogdagen som skoglaga i Stordal og Norddal arrangerte i oktober skulle vise både korleis hogstmaskinene arbeidde og korleis ei taubane vert nytta. På Hove i Stordal har seks grunneigarar gått saman om å byggje skogsveg. Kostnadene på den vegen var om lag ein million kroner utan meirverdiavgift. Med å søkje dei rette midlane har dei fått dekt 65 prosent av vegkostnadane, då med eit Dagmartillegg og kan såleis rekne med å tene pengar på skogen no og i framtida. I enden av den vegen er det Dagmar-tømmer som skal hentast ut, i tillegg til gran som framleis står er det mykje bjørk og lauvskog som kan nyttast til ved. Når dei byggjer skogsvegar eller plantar skog mot bebyggelse i dag, nyttar dei bjørk og lauvskog inntil vegen for å få eit lysare inntrykk. han ut at dette gjer han ikkje meir. Allskog sit på stor kompetanse og gjennom å orientere medlemmane sine, kan grunneigaren få mest mogleg ut av ressursen som skogen er. Stor i 2020 Harald Jøssvoll seier det er litt varierande aktivitet i skoglaget i Stordal og at det ikkje alltid er lett å få hogstmaskinene til å kome. – Det er mange som vil ha dei samstundes og akkurat no er det den skogen som er ramma av Dagmar dei prioriterer, seier han. Etter prognosar vil Møre og Romsdal vere eit større skogbruksfylke enn Nord-Trøndelag som er det største i området til Allskog i dag. På Jøssvoll har grunneigarar bygd skogsveg i fleire etappar, og Harald Jøssvoll viser meg vegen og på den kjem vi høgt til fjells. Høgt oppe er det lunneplass og snuplass for vogntoga. I fjor haust har dei 24 meter lange vogntoga henta ut om lag 5000 kubikkmeter virke. På kvart lass fekk dei med seg 35 kubikk så det vart nokon vende. Av den skogen som står her inne er det ikkje uvanleg å hauste 50 kubikkmeter per dekar, seier Harald Jøssvoll og legg til at snittprisen per kubikk er om lag 290 kroner. På jubileumsfesten på Blåtind sa Allskog sin næringspolitiske sjef Jarle E. Holberg, at det er ei myte at vestlandsgrana ikkje er av særleg god kvalitet. ― Dette er er direkte feil. Grana på Sunnmøre har ein ypperleg kvaliet, og Allskog har så langt i 2012 levert 40.000 kubikkmeter gran som sagbruka i Midt-Norge er veldig godt nøgd med kvalieteten på, kunne Holberg fortelje sine medlemmer. Effektive hogstmaskiner Harald Jøssvoll seier at dei prøver å få medlemmane sine til å ta ut mest mogleg skog, og gjennom orienteringsmøte vil dei motivere grunneigarane til å tenkje langsiktig med vegbygging og taubanedrift. – Å byggje veg kostar, men skogen er ein ressurs som kan haustast av fleire gonger og vegen kan og nyttast til hyttebygging for dei det ligg til rette for, seier Harald Jøssvoll. Han kjem med eit døme på ein gardbrukar som nyttar tida mellom fjøsstella til å sjølv hogge skogen sin gjennom ein heil vinter. Då han fekk sjå den moderne hogstmaskina gjere same jobben på ei lita økt, fann På skogdagen som fleire skoglag hadde gått saman om å arrangere var temaet vegbygging i bratt terreng og ei kabelkran vart demonstrert. 12 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Med ei gulrot får dei opp kålrota I ein kålrotåker i Liabygda har ungdommen ansvar for tynning, luking og hausting. Gulrota dei har er at til betre avling dei får, til meir tener dei. I fjor fekk ungdommane i familien inntekta av ein sjettedel av arealet. Dei andre som jobbar der har ei grei timeløn. Alfred Nilsen alfred@storfjordnytt.no På mottaket i Valldal er det rolegare tider, og det som kjem inn dit på denne tida er potet og kålrot. Det er seks produsentar som leverer potet og to som leverer kålrot. Kålrot til Brussel Dei som leverer potet til Valldal Grønt sitt mottak sorterer og pakkar potetene sjølve. Då pakkast potetene i firekilos posar merka First Price utan at dei vert vaska. Kålrota som vert levert av to produsentar tek produsenten sjølv hand om sortering og vasking på mottaket i Valldal før det vert køyrt ut til forbrukar gjennom Bama. I midten av oktober vart det køyrt ut eit parti Vall- dalskålrot som skulle til Brussel. Der er det ein norsk leverandør av mattenester som ville bruke kålrota frå Valldal saman med mellom anna sauekjøt frå Ole Ringdal til å vise kva det norske kjøkkenet har av råvarer å by på. Ikkje store mengder I fjor var det 56 tonn med poteter som vart distribuert gjennom Valldal Grønt. Dei seks produsentane leverer då Oleva, Pimpernell, Astrix, Peik, Folva og Keers Pink. Sjølv om ikkje potet og kålrot er ein stor del av omsetninga til mottaket, seier Harald Valle at alle monnar dreg og at det er viktig og ha variasjon av produkt med høg kvalitet. Potet er òg eit prispressa produkt som det ikkje er så lett å få god forteneste på utan å ha store volum. Av kålrot vil mengde i år vere på mellom 20 og 25 tonn. Når eg går rundt på mottaket og ser på dei store kjøleromma, seier Jon Geirmund Lied at desse var stappfulle seint på 90-talet. Da var volumet mangedobla, ja heile 150 – 160 tonn. Valldalskålrot Frå ein stamme frå sorten Bangholm kom det på 1920-talet kålrot til Valldal som sidan er blitt foredla og tilpassa forholda her inne. Avlinga av denne typen er god, og den har høgare C-vita- Hæ du haurt det før? Matias Lied og Anna Gjerde Lied brukte delar av haustferien til å få opp kålrota til Jon Geirmund Lied i Liabygda. mininnhald enn andre kommersielle sortar. – Forma er litt flatare og kålrota tek litt større plass, men elles har den berre positive eigenskapar og er grei å dyrke, seier Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest. Dei tre sortane som vert dyrka av kålrot her inne er Altaswede, Valldalskålrota og Vigod, som er den norske hovudkålrota. Tre sortar kålrot av det mest brukte slaget. Frå venstre Altaswede, Valldalskålrota og Vigod. HÅREK DEN HARDBALNE av Dik Browne Klukkhøne Høne som ruger. Ej trur oss hæ ei klukkhøne no. Kjelde: Arne Nydal Graving, transport, grøfting og dyrking Levering av pukk, grus og naturmurstein – ein bilverkstad for alle bilmerke Mekonomen 6210 Valldal – Tlf. 950 32 687 – 976 69 982 – 971 70 090 Avd. Eidsdal tlf. 911 05 034 | Avd. Ålesund tlf. 95 89 89 00 TRAKTOR Vi har eit stort produktutval og legg vekt på service og kvalitet i alt vi gjer Dekk, delar og service Vi har sett saman tre ulike korger med lokale smakar du kan velje mellom. Gåveidear SMAKEN AV KORTREIST MAT Du kan òg plukke sjølv og gle ein du er glad i med ei smakfull gåve. 6 2 1 0 VA L L DA L - T E L E F O N 7 0 2 5 7 7 0 6 - FA K S 7 0 2 5 7 6 4 6 Tlf. 92 42 92 22 SJØGATA 18 | 6200 STRANDA WWW.MATBUDA.NO 13 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Morell er eit sjansespel, då dei har lett for å sprekke når regnet kjem. Sigurd Linge satsar i staden på plommer og har dette året planta ut tusen tre. Dei er ikkje så store, men det er druer som er dyrka fram ved løeveggen til Annbjørg og Sigurd Linge. Eg sit i ein stol på Linge og haustsola varmar. Det luktar frukt, ei lukt eg kan hugse frå tidleg barndom Alfred Nilsen alfred@storfjordnytt.no Lukta av frukt er heilt spesiell, det er ein gass som vert utvikla under modninga, seier Sigurd Linge Alltid drive med frukt Han har sidan tidleg på 70-talet hatt fruktdyrking som arbeid og garden på Linge som leveveg. Og når vi i dag snakkar om å drive fruktgard på Linge, er det akkurat på grensa, når det gjeld klima. – Du skal ikkje så mykje lenger syd før avlinga fort vert større på same areal, seier Sigurd Linge. I tillegg til å drive sin eigen, forpaktar han nabogarden. No satsar han på meir plommer og ti mål med morellar, der trea var for gamle, vart erstatta med plommer dette året. – Vi har planta ut 1000 plommetre, men skulle eigentleg plante 2000, seier Sigurd Linge. Sjukdom på ei leveranse frå Nederland var grunnen til at dei ikkje fekk nok tre. Det er for det meste Reevs som vert planta, då det er desse plommene kundane vil ha, men dei har òg andre sortar som Malard og Edda. – Det tek fem til sju år før du kan rekne med å tene noko på eit plommetre, seier fruktbonden på Linge. Kostnaden ved å rydde vekk gamle tre, gjere klart og plante ut nye, er om lag 30.000 kroner per dekar legg han til. Sukkerinnhald – Denne sesongen har vore kald og med for lite solvarme, seier Sigurd. Summen av solvarme skal gi eit sukkerinnhald i epla på tolv prosent. Held dei ikkje dette nivået brukast dei i industrien, og det vil seie at det vert laga saft og andre produkt av dei. No har Sigurd kjøpt eiga eplepresse og skal lage saft av eple som han ikkje leverer til Bama sitt mottak i Innvik. Epla pressast og safta vert pasteurisert (varma opp) og så vert den tappa på pappkartongar. – Dette skal vi prøve denne sesongen og prøve å selje det sjølve og sjå korleis det går, seier Sigurd Linge. Det er ein måte å prøve å få meir igjen for frukta på eigen gard, og når safta er pasteurisert held den i eit år, så da kan den settast til lagring. Summen av solvarme direkte til mottaket i Innvik. Epla vert henta av eigen bil og dei vert levert i storkasser. Plommene vert det ikkje så store volum av, så dei leverer dei sjølve med eigen bil. Sigurd Linge seier han får eit tonn i sin varebil som han bruker. Elles så vert ein god del av frukta som vert hausta på Linge, seld der. No når hausten er komen så langt, er det ikkje så mykje folk som fartar forbi, men i helgene er det framleis mange som stikk innom for å kjøpe frukt. Det opne landskapet og plasseringa midt i sola gjer Linge til ein stad dei kan dyrke frukt så langt nord. Og det er den nordlegaste plassen frukt vert dyrka i så stor stil. Opp gjennom åra er det mange ulike eksotiske artar dei har prøvd å dyrke der. Aprikos mellom anna. Ved løeveggen har Sigurd og Annbjørg i år fått fram druer. Plantane er store, men druene er små og ganske sure, men klasar med druer kan Sigurd vise fram. Fruktlageret Dei to gardane på Linge som driv størst med frukt, eig fruktlageret ilag. Før sorterte dei epla der, men krava til maskiner og kjølelager er så avanserte og vert så kostbare at dei no leverer eple På garden på Linge har Sigurd eige kjølerom og pakkehus med fruktutsal. Lukta av frukta dei dyrkar på Linge gjer at du lett får lyst til å sette tennene i eit friskt eple eller ei søt plomme. 14 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Har du bruk for rekneskapstenester? Gjødselmiksar – ei god, enkel og rimeleg løysing ❚ Horisontal montering gir svært god blandeeffekt ❚ Fast montering i vegg gjer arbeidet med gjødselblanding enkelt ❚ Full utnytting av høgde i gjødsellager ❚ Stabil og solid konstruksjon ❚ Kan leverast med skrå festeplate Vi kan tilby: Rekneskap med løn, fakturering og andre administrative rutinar Eigarskifte – gode råd og alt «papirarbeidet» Driftsplanar og økonomisk rettleiing Vi har lang erfaring og solid fagkunnskap og er ein aktiv medhjelpar i lokal næringsutvikling 6250 Stordal – Tlf. 70 27 80 20 Vi er på heimebane – bruk ditt lokale forsikringsselskap – Tiden går Gjensidige består – lokalt styrt og lokalt eigd sidane 1859 – Pb 82 6211 Valldal | Tlf 70 25 96 60 | post@norddalrekneskap.no Storgata 8, 6200 Stranda – Tlf. 70 26 92 50 Bank - meir enn pengar Ved å vere bank for både privatpersonar og landbruk bidreg vi til å skape vekst og utvikling i lokalsamfunnet. Omstilling frå færre til større einingar i landbruket har vore nødvendig for mange. Vi kan bidra med kapital, kunnskap og erfaring. I tillegg deler vi banken sitt overskot med lokalsamfunnet. Vi fordeler om lag ein halv million kroner til lag og organisasjonar i Norddal i 2012. Det gjer vi fordi vi høyrer til her! 15 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Mange av tilskotsordningane er retta inn mot beiting for på den måten å stelle kulturlandskapet. Tilskotsordningar i og rundt verdsarvområdet Det er mange tilskotsordningar for bøndene. I tillegg finnest det eigne verdsarvmidlar for gardbrukarar i og rundt verdsarvområdet vårt, Geiranger. Britt Ingunn Maurstad britt@storfjordnytt.no Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste i 2005, med bakgrunn i naturlandskapet. Tittelen medfører krav til bevaring av området og avgrensingar på utbygging og modernisering av mellom anna driftsbygningar. Det gir dei bøndene som er att i og rundt verdsarvbygda ekstra utfordringar både med omsyn til drifta og ikkje minst, økonomisk. Det er utarbeidd forvaltningsplanar og tiltaksplanar for Vestnorsk fjordlandskap som inneheld informasjon om korleis arbeidet med verdsarven skal gå føre seg. For Geiranger sin del vil det seie tiltak for å styrke setring og tiltak for å ivareta aktivt landbruk som er vesentleg for bevaring av kulturlandskapet i området. Til dette vert det løyvd særskilte verdsarvmidlar som vert fordelte på Geiranger, Nærøyfjorden og Vegaøyane. Evaluering av ulike tilskot I tillegg til verdsarvmidlane, er det ei heil rekkje andre tilskotsordningar innan landbruket. Mellom anna er det tilskot som skal fremje beiting, og i jordbruksoppgjeret for i fjor vart det semje mellom partane om at det skulle gjennomførast ein ekstern evaluering av tilskotsordningane som har som formål å stimulere til beiting. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Statens landbruksforvaltning (SLF) vurdert både verdsarvmidlane over LUF og tilskotsordningane som dreier seg om beiting. Mange ulike tilskot Det er mange tilskotsordningar, mellom anna tilskot til dyr på beite, utmarksbeitetilskot, areal- og kulturlandskapstilskot til innmarksbeite (AK-tilskot), RMP-midlar, SMIL-midlar og BU-midlar. RMP står for regionalt miljøprogram. Desse midlane er rettigheitsbaserte, det vil seie at bøndene får dersom dei stetter krava. RMP vert forvalta av Fylkesmannen etter regionale prioriteringar. I verdsarvområdet vert RPM-tilskot gitt til beitelag og organisert beitebruk og kan bli gitt som eit ekstra tilskot til husdyr på utmarksbeite. RPMmidlar kan mellom anna også nyttast som tilskot til drift av areal som er brattare enn 1:5, til stell av automatisk freda kulturminne og til stell av areal i soner med særs verdfullt kulturlandskap. SMIL står for spesielle miljøtiltak i landbruket og desse midlane er prosjektbaserte. Dei forvaltast på kommunalt nivå, etter prosjektsøknad frå bøndene og går stort sett til prosjekt og investeringar innan natur- og kulturminneverdiar. I verdsarvområdet er det ifølgje NILF få som mottek SMIL-midlar eller investeringsstøtte over verdsarvsatsinga. Grunngjevinga for det kan vere samansett, men SMILtilskota er små og dermed ikkje store nok til å møte dei største investeringsbehova. Ein annan grunn er dei avgrensingane som verdsarvstatusen set for utbygging og modernisering av drifta. Bygdeutviklingsmidlane, eller BU-midlane, vert i hovudsak forvalta av Innovasjon Norge og går for det meste til større prosjekt som til dømes driftsbygningar. Beiting viktig Beiting har fleire føremål, og det å sende dyr ut på beite vert av bøndene sett på som beste måten å halde kulturlandskapet i hevd på. I vårt område er det for det meste sau og geit som har sommarjobb som kulturlandskapsarbeidarar. Også sentrale styresmakter interesserer seg for beiting og Stortinget har nyleg fått ei melding om landbruks- og matpolitikken og der vert det nemnt minst tre føremål med å stimulere til meir beiting. Det vert frå departementshold sagt at beitebruk er ein økologisk og økonomisk berekraftig måte å nytte norske arealressursar til å produsere mat. Vidare vert det sagt at beitebruk er viktig for å nå mål om pleie av kulturlandskap og ivareta biologisk mangfald, i tillegg til at beitebruk er ein kulturberar i norsk landbruk med sine lange tradisjonar for beiting i utmark og setring. Mål eller middel? NILF konkluderer med at beitetilskota bidrar til meir beiting, men at effekten er relativt liten, spesielt for sau og lam. Det vert sagt at det er tvilsomt om ordningane er målretta nok og det er uklart for rapportskrivar om verkemidla er meint å støtte beiting generelt eller beiting i utmark spesielt. Eit spørsmål NILF stiller, er om beiting er eit mål eller eit middel. Dei seier at slik ordningane er i dag, så er det lett å tolke beiting som eit mål og ikkje som eit middel for å nå eit mål. Dei politiske signala er ikkje klare på om det er beite generelt, beite på utmark eller beite på spesielle areal som er viktigast. Innføringa av det generelle beitetilskotet for seks år sidan kan tyde på at det politisk er blitt lagt meir vekt på beiting generelt enn utmarksbeite spesielt. Det har i fleire år vore føringar frå departementshald om beiting. Eit gjennomgangstema er at vi her i landet må utnytte alle ressursar, også beiteressursar, til å produsere mat. Beiting er oppfatta som ein viktig del av landbruket, noko også viljen til å gje tilskot til beiting også viser. Nasjonalt miljøprogram Beitetilskotet som vart innført i 2006 hadde som del av grunngjevinga for innføring at delar av kulturlandskapet er truga av attgroing på grunn av redusert beiting. Det vart den gongen sagt at beitedyr ikkje berre held landskape ope og førebyggjer attgroing, men også bidrar til større opplevingar av eit vakkert og variert kulturlandskap. Dermed vart beitetilskotet innretta mot både dyr og skjøtselstiltak som gjerding, rydding av beite og liknande. I dag er beiteordningane del av Nasjonalt miljøprogram og har mellom anna som mål å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap. Nasjonalt miljøprogram set rammene for RMP og SMIL og fylkesmessige og kommunale prioriteringer skal sjåast i samanheng med nasjonale føringar. Ein kan dele tilskotsordningane inn i fleire nivå, med staten på toppen. Det er staten som handterer slikt som arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til dyr på beite og tilskot til dyr på utmarksbeite. Neste nivå er fylkeskommunen som administrerer RMPmidlane. Så har ein kommunalt nivå som har ansvaret for SMILmidlane og til nedst finn vi garden og kvar einskild gard sin miljøplan. Må ut for å få tilskot NILF skriv i rapporten sin at beitetilskota alt i alt bidreg til mer beiting, men at effekten er relativt liten, spesielt for sauer og lam som truleg ville ha vore på beite uansett. Det er også tvilsamt om ordningane er målretta nok. For å få beitetilskot, må dyra vere ute i minst fem veker. Sett på landsbasis går sau og lam stort sett på beite i minst 12-16 veker og kvalifiserer på den måten for beitetilskot. Det er med heimel i mellom anna dyrevernlova at det er gitt føresegner om beiting for dei ulike dyregruppene. Til dømes er det slik at storfe i båsfjøs iallfall skal vere på beite eller på anna vis sikrast mosjon i minst åtte veker i året. For storfe i lausdriftfjøs er det førebels fritak for sommarferieplikt, men frå nyttår skal også dei få sommarferie. Konklusjonar Konklusjonane til NILF er at tilskotsordningane må vidareførast. Spesielt verdsarvsatsinga treff godt med omsyn til arealstøtte og beitebidrag, men i liten grad investeringsstøtte og kulturbidrag. NILF ser det slik at ein også bør inkludere høve til å få investeringstilskot. I tillegg kan det vere naudsynt med større andel beitetilskot enn arealtilskot for å oppretthalde drift av husdyr framfor arealtilskot som går til slått. Det er eit stort behov for investeringar både innanfor verdsarvområdet og ikkje minst, i randsonene og det vert tilrådd å sjå på støtteordningane til dei som bur i randsona. Når det gjeld dei andre tilskota, seier NILF at tilskotssatsane utgjer så lite at dei ikkje kan kompensere for meir enn små ulemper ved beiting. I ein del høve er det så stor avstand mellom bruket og sommarbeitet, spesielt utmarksbeitet, at dyra må fraktast med traktor eller anna. Dette kan medføre betydelege kostnader og vil også kunne gjere at tilsyn blir meir tidkrevjande. Det vert dermed antyda at utmarksbeitetilskot kan kompensere for slike ulemper og stimulere til meir beiting i utmark. Sjølv om dei aller fleste ønskjer eit levande landbruk og innser at ymse tilskot er ein føresetnad for næringa, lever dei ulike tilskotsordningane farleg kvart år, både under jordbruksforhandlingane og i budsjettarbeidet. 16 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T GRUBLERI Vandelaus – Sudoku Overkomleg – Sudoku Hardnuen – Sudoku Utkropen – Sudoku 8 4 6 2 2 9 3 4 9 6 3 4 9 2 4 6 1 9 8 1 5 1 4 2 8 2 6 1 6 8 1 2 3 1 8 9 2 8 3 7 1 1 3 2 7 1 5 3 9 2 4 5 8 3 9 6 1 8 2 6 7 9 7 9 4 6 3 4 5 3 7 3 9 6 1 9 4 8 6 3 5 3 6 8 4 8 9 7 2 6 4 6 7 5 3 2 4 6 1 7 1 5 3 1 9 4 8 Kryssord nr 149 MÅLARSTYKKE OPERA REISK. HASTE INITIALORD ORM DYRET FUGLEN STAT LEIKAR GRØDE PREST AVIS HUD VOKALEN SYMJE ÅR FLÅTE GASS FASE FARGE ØYGRUPPE GLI RIKSSTYRAR DRIKK NAMN LYS DIKT MASKIN DESSERT ART. FRISK KV.NAMN UKJEND YPPARLEGE VERS HUMRE TAL MANNSNAMN SLANGE KJÆRLEIKEN REISE PRØVA KLANT SINTE PRON. LEGGE SAMAN ARVEANLEGG BY 2000 EUROPEISKE FRED KAOS TONE KYRKJESOKN KV.NAMN ØY RÅVARE TYNN SINTE VEIK NASJON ØYBUAR TRÅD ORGANISASJ. NÆR HYLLE KAV HÆR FISKEN STUDER -TE FRÅ M.NAMN OS SVINGOM LIKE KEISAR GUD SKIP MÅSE KORT REISK. (OMV.) LIKE TITTEL PREST LIKE BLAD LAUGE GRIP (OMV) TAL SEKUND HAST YRKESTITTEL PLANTE BRUS FUGL ART. LIKE ULIKT STOLT GUD VASKEMIDDEL HAT SVAR PLANTE FRED BY NESTE PADLE KONJ. MAGASIN FORSTÅ SKRAP NASJON LIKE 55 STAD INNSLAG PRON. MOTTA ME DYR Send kryssordnummer med løysingsordet til: post@storfjordnytt.no eller Storfjordnytt, postboks 134 – 6211 Valldal innan laurdag 17. november. Hugs namn og adresse! Sudokuløysing frå sist 2 7 5 4 3 9 6 8 1 9 8 6 1 2 5 4 3 7 4 3 1 6 8 7 9 5 2 7 5 4 2 1 6 3 9 8 1 6 8 9 5 3 7 2 4 3 9 2 7 4 8 1 6 5 8 2 9 3 7 1 5 4 6 6 4 7 5 9 2 8 1 3 5 1 3 8 6 4 2 7 9 5 2 7 8 6 1 9 3 4 9 1 6 2 3 4 7 5 8 8 4 3 5 7 9 6 2 1 6 5 2 1 4 3 8 7 9 7 9 4 6 5 8 3 1 2 1 3 8 9 2 7 5 4 6 3 8 5 4 9 2 1 6 7 4 6 9 7 1 5 2 8 3 2 7 1 3 8 6 4 9 5 7 6 3 9 5 8 1 2 4 1 2 5 6 7 4 3 9 8 4 8 9 3 1 2 5 7 6 8 5 4 2 3 9 7 6 1 3 1 2 7 4 6 9 8 5 6 9 7 1 8 5 4 3 2 5 7 1 8 2 3 6 4 9 9 4 8 5 6 7 2 1 3 2 3 6 4 9 1 8 5 7 2 7 4 5 8 9 3 6 1 5 1 3 4 7 6 2 9 8 8 9 6 3 1 2 4 7 5 3 6 5 8 9 4 1 2 7 9 4 7 2 3 1 8 5 6 1 2 8 7 6 5 9 4 3 7 8 9 6 2 3 5 1 4 6 5 2 1 4 8 7 3 9 4 3 1 9 5 7 6 8 2 17 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Kom innom å få tilbod på ny traktor Vi har òg brukte traktorar i tillegg til ein moderne verkstad med godt kvalifiserte mekanikarar og stort delelager. Service og klargjering Grasutstyr Ny kraftpakke frå Bestiller du før 15. desember 2012, kan vi gi deg eit tilbod du kan hauste med i mange år! Deutz-Fahr Agrotron 7250 Ttv Ny modell introdusert 100-120 HK Du finn oss i Djupøyna VALLDAL www.stihl.no www.stihl.no 6210 Valldal – Tlf. 70 25 96 50 – Vakttelefon 916 94 113 – www.remseth-maskin.no Smaken av sommar - heile året I tillegg til motorsager finn du eit utval av verneutstyr og utstyr til bruk i skogen i Stihl-butikken vår. Velkomen innom! 6210 VALLDAL – TLF. 70 25 75 54 Vedlikehald, påbygg eller ny fjøs? Vi leverer det du trenger av byggvarer: Trelast – dører – vindu – veggplater takplater – porter - måling Fraktfritt levert i Norddal, Stordal og Stranda kommune. Valldal Grønt AS 6210 Valldal – www.valldal.com VALLDAL HØVLERI AS 6210 VALLDAL – Tlf. 70 25 85 80 – www.v-h.no Sauehotell 18 Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T Næringssjef i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug, er særs optimistisk med tanke på landbruket i kommunen. Men har også kritiske merknader til delar av lovverket. Britt Ingunn Maurstad britt@storfjordnytt.no Optimismen grunngir han med dei store investeringane bøndene i kommunen, og då spesielt i dei to bygdene på sørsida av fjorden, har gjort dei siste åra og ikkje minst nytenkinga mellom bøndene. – Det har vore investert fleire titals millionar på sørsida dei siste få åra. Og det som er så moro er at det ikkje berre er ungdommen som satsar, men dei andre også. Dette er faktisk noko heilt spesielt, seier han. Hotell i særklasse Med nytenking mellom bøndene, sikta han først og fremst til noko han kallar sauehotell i verdsarvklasse. Litt humoristisk kan sjølv ein næringssjef vere, og innrømmer at namnet er inspirert av fjernsynsserien “hotell i særklasse” – og eit namn var jo kjekt å ha når ein søkjer fylket om midlar til eit forprosjekt. Klokkehaug som næringssjef har nemleg hjelpt initiativtakar Georg Indreeide med å søkje om midlar til eit forprosjekt som skal kartlegge moglegheitene for ein fellesfjøs for sau på sørsida av fjorden. Meir spesifikk enn det kan han ikkje vere, for ein har enno ikkje tenkt så langt som til kvar noko slikt skal plasserast. Klokkehaug fortel at grunngjevinga for å sjå på ein fellesfjøs også for sau er å ha ein meir rasjonell handtering og drift av sauehaldet, spesielt vinterstid og å behalde dei sauebøndene som er att for å ta vare på kulturlandskapet i og rundt verdsarvområdet. Han fortel at også Stranda kommune er positiv til initiativet, dei ser det som ein måte å redde turistnæringa og verdsarvstatusen på. Han vonar det også vil vere mogleg å få Nasjonal Turistveg med på planane – om dei viser seg å verte noko av, for det å hindre attgroing av ”gullruta” frå Geiranger og retning Trollstigen, er også i deira interesse. Du skal ha ein god rygg for å vere bonde i dag. Gi kroppen din den beste kvile! ÷ 25% på madrasser Gjeld laurdag 10. – laurdag 17. november 2012 Sylte 6210 Valldal Tlf. 48 08 21 01 – www.hlmuri.no – post@hlmuri.no og odelslov 19 STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012 Georg Indreeide som er den som har sysla mest med ideen, synest ikkje det er nokon grunn til å snakke så mykje om ”sauehotellet” enno, ettersom det berre er på tankestadiet. Førebels. flinke og gjort det dei har kunna for å tilpasse seg stadig nye krav frå sentralt hald. No er det rett og slett ikkje så mykje meir å hente, meiner han. Smertegrensa er nådd Når det gjeld tankane til Georg Indreeide med sauehotell, så er han positiv. – Dette er ein helt ny måte å tenke sauedrift på, og altså ein mykje meir effektiv og profesjonell handtering av dyra vinterstid. Viss fylket finn å kunne gje midlar til eit forprosjekt i saka, oppmodar han Indreeide og dei han drodlar høgt saman med om å reise rundt og sjå på liknande prosjekt andre stader for å sjå og lære. – Noko slikt som dette krev nøye planlegging. For ein må satse på ein modell som ikkje krev så alt for store investeringar, og det betyr at dei bøndene som eventuelt blir med på dette, må tenke kreativt. Det med attgroingsproblematikken er noko næringssjefen er svært oppteken av. Det er eit stort behov for dei beitedyra vi har og utmarka blir så lite nytta. Samdrifter utnytter diverre ikkje beitemarka på same måten som tidlegare, seier han. Sjølv om han forstår at drivarane vel å organisere seg i samdrifter, så er han klar på at dei skapar nye utfordringar mellom anna med omsyn til beiting og ikkje minst det faktum at ein får ein struktur med svært mange passive gardbrukarar og berre nokre få aktive. – Likevel, samdriftene redder noko av drifta. For mange av dei som no er med i ei av samdriftene våre, hadde kanskje alternativet vore å leggje ned. Klokkehaug meiner at smertegrensa for kor mykje ein kan effektivisere og rasjonalisere i landbruket no er nådd. – Eg synest bøndene har vore Kreativitet må til Verdsarvkjøt Det er mykje næringssjefen har på hjartet når det kjem til landbruket i Norddal kommune. Det er alt frå tilskot – der det frå ❚ Graving, større og mindre oppdrag nyttår i tillegg til slikt som arealtilskot og beitetilskot, også vert gitt tilskot til grøfting med inntil 1.000 kroner per dekar. – Når det offentlege går inn med små midlar, kan det føre til store ting, seier han entusiastisk og legg til at slike tilskot som dette er ein viss anerkjenning av kva bøndene held på med. Andre ting han har på hjartet, er dette med å i større grad kunne vidareforedle varene sjølve. – Tenk deg å kunne selje ting som ”reinheimen sauekjøtt” eller ”verdsarvkjøt”, seier han og meinar at lokal mat som er lokalt vidareforedla så definitivt kan nyttast i marknadsføring. – Folk vil faktisk vite kvar akkurat den sauen dei et til middag har gått og beita. Han meiner at lokalt råstoff som blir vidareforedla lokalt og ikkje minst, omsett lokalt, vil gi auka inntekter til produsentane. – Men vi manglar eit omsetningsapparat som fungerer, seier han og ønskjer seg ein plass, ein eigen utsalsstad der folk kan finne alle lokale godbitar som vert produsert i kommunen på ein stad og viser til Matbuda på Stranda som eit døme på ein slik stad. Oppteken av busetnad Andre ting han gjerne vil snakke om, er landbruksmeldinga for Møre og Romsdal som han nettopp har gitt ein høyringsuttale til. Han seier at mange gløymer at landbruket i dag er noko heilt anna enn for berre nokre få år sidan. – For 30 år sidan var ein gard eit familiebruk og henta inntekta si derifrå. No er det vel knapt nokon som hentar heile inntekta si frå landbruket. Samstundes meiner han at landbruket er ein viktig føresetnad for at det framleis skal vere busetnad i bygdene våre. – I 1950 var det 2500 innbyggjarar i kommunen, i dag er det drygt 1700. Om utviklinga held fram, vil det om 120 år ikkje vere nokon att her. Det er utfordringa vi har. Og landbruket er ein viktig føresetnad her. – Vekk med odelslova Og så er vi framme ved kjepphesten hans, nemleg odelslova. Den likar han ikkje i det heile tatt. – Odelslova er det mest tragiske vi har i landbruket. Den er gammaldags og urettferdig. Folk forstår den rett og slett ikkje, ❚ Formidling av landruksvikarar og avløysarar ❚ Septikanlegg, tomting og muring ❚ Utfører også slått og jordarbeid Kontakt Håvard Sunde, tlf. 95 92 74 16 Trefelling – Flishogging – Trepleie – Skogsdrift Skogrydding – Kulturlandskapspleie Kurs i AKTIVT SKOGBRUK 1•2•Tre 6212 Liabygda – Tlf. 97 12 97 85 ❚ Formidlar òg arbeidskraft til andre typer arbeid Bokslepp Tlf. 70 25 78 50 post@storfjordnytt.no www.storfjordnytt.no på grendahuset i Norddal søndag 11. november kl 16.00 Presentasjon av ny biletbok Kaffi og kaker Overrasking Sal av boka 29. november - 2. desember (forbehold om nok deltakere) Mer info: http://nordvest.lr.no/ Kristiansand Truckopplæring er faglig ansvarlig. Info og påmelding innen 23. november til: Gerd, tlf. 909 98 479 eller gerd.gunnerod@lr.no Produsert lokalt av lokalt virke Gjermundnes Teikn eit abonnement på lokalavisa! Storfjord Landbrukstenester Pb 132 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 00 Fagkjeden Norddal mållag Maskinførerkurs seier han og fortel at odelsretten er ein særnorsk rett som ikkje finnest nokon annan stad i andre vestlege land. Til dømes hadde Danmark noko liknande som vart starta avvikla på slutten av 1600-talet og endeleg avskaffa i 1926. Men elementer av odelsretten er integrert i arvelovgjevinga i enkelte andre land, men ikkje mange. Han er fullstendig klar over at han ved å meine slik han gjer trakkar mange på tærne, men han meiner debatten er for viktig til å berre la ligge. – Vi har diverre mange døme på born som ikkje er skikka som sit som eigarar av gardsbruk på grunn av odel. Og mange av desse er med på bryte ned omdømmet til næringa, meiner han. Dessutan er odelslova eit stort hinder for sal av gardsbruk på den opne marknaden. Og det er synd, for det er stor etterspurnad etter slike eigedommar, seier han og trur Norddal kommune kunne ha fått iallfall nokre nytilflyttarar dersom odelslova ikkje hindra fri omsetnad av slike eigedommar. – Den er rett og slett til hinder for busetnad rundt om i bygdenorge, avsluttar han. ® Ørskog Bilsenter Antirust Tlf. 99 55 11 05 Villmarkskledning Natursøyler Spesialdimensjonar – og snart sel vi óg vanleg trelast Omenås Sagbruk 6210 Val l d a l – Tl f. 9 0 8 9 6 5 4 0 Tips oss om store og små nyheiter på Reagerer på Tine-framlegg I førre veke stod det å lese i Nationen at Tine ønskjer å redusere kvotene på geitemjølk. Med det tergar dei på seg geitebøndene og organisasjonane deira. Britt Ingunn Maurstad britt@storfjordnytt.no Tine ønskjer altså å kutte geitemelkkvotene med to prosent allereie frå neste år. Det er grunngjeve med at behovet for geitemjølk er venta å vere 16,8 millionar liter i 2013 mot 17,2 millionar liter førre år. Spesielt er det nedgang i salet av geitost som gjer at behovet for geitemjølk vert lågare. Tine seier at dersom kvotene ikkje vert endra så vil samla leveranse av geitemjølk neste år vere på om lag 19,2 millionar liter, noko som ifølgje deira prognoser er alt for mykje. Tine føreslår at kvotereduksjonen går av den disponible kvoten til bøndene, ikkje grunnkvoten. Det er Landbruks- og matdepartementet som bestemmer mjølkekvotene og ei avgjerd om kvotene til neste år er venta i desse tider. Færre bønder, meir mjølk Talet på produsentar av geitemjølk har gått kraftig ned dei siste åra, medan produksjonen hos kvar einskild produsent har auka kraftig. I 2000 var det på landsbasis Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no 650 produsentar som søkte om tilskot til mjølkegeiter og desse hadde ein gjennomsnittleg kvote på om lag 35.000 liter. I fjor var det berre 376 produsentar, med ein gjennomsnittskvote på om lag 61.500 liter. Det vil seie at sjølv om talet på geitebønder har gått ned, så har produktiviteten auka kraftig. Kritisk Leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Inger Johanne Tafjord, er – til liks med kollegaer andre stader i landet – kritisk til framlegget frå Tine. – Det som er det mest urovekkjande, er signala dette gir, seier ho. Ho peikar på at ikkje på langt nær nok av mjølka som vert nytta og det faktum at Tine slett ikkje har marknadsført produkt av geitemjølk godt nok. – Eg meiner å hugse at det vart tilsett ein person som berre skulle drive med marknadsføring av geiteprodukt? – Det stemmer, det vart tilsett ein slik person. Men vedkomande er ute i permisjon, så det arbeidet ligg førebels nede, seier ho. Konsekvensar – Kva vil ein slik reduksjon i kvotene ha å seie for geitebøndene? – Det har heilt klart økonomiske konsekvensar, seier ho og peikar på dei enormt store investeringane som mange bønder – også her i bygdene – har gjort dei siste åra. – Dersom dette slår til, så Inger Johanne Tafjor, geitebonde og leiar av Møre og Romsdal Sau og Geit, reagerer på framlegg om kvotekutt. vil det på sikt føre til færre dyr som igjen vil føre til færre dyr på beite, noko som i sin tur fører til meir og fortare attgroing av landskapet, seier ho. På Kilsti kan det hende dette vil føre til at det ikkje lenger er 250 geiter som beitar rundt Kilstivatnet, men kanskje ein del færre. – I tillegg kan det bety at vi må vurdere å ikkje la kjea våre beite på Homlong slik vi har gjort, men heller ha dei heime for å halde i hevd vårt eige kulturlandskap, seier ho, men presiserer at dette berre er tankar ho førebels har gjort seg om kva konsekvensane av reduserte kvoter kan bli. Spesielt for Geiranger der det frå før av er lite beitedyr att, kan konsekvensane bli store. – Med tanke på kulturlandskapet og attgroingsproblematikken er dei avhengige av å få dyr inn frå nabobygdene på sommarferie. Eit anna moment ho trekk fram, er dette med kvoteleige. – Dei aller fleste leiger kvoter og ein reduksjon som føreslått vil bety at vi må betale leige for noko vi ikkje får brukt. Det er ganske alvorleg. Kjedemakta er stor Ho seier at mykje av problemet er at kjedemakta er skremmande stor. Ein slit med å få nisjeprodukt inn i sortimentet til butikkane. Ho har sjølv vore ein runde rundt om i butikkane her på indre og i Ålesund for å få dei til å ta inn den faste kvite snøfrisken. Ho har fått avslag alle stader, unntatt hos Eurospar. – Det er einaste staden i heile området her det er mogleg å få tak i osten, seier ho. Og ho har ei lita tilståing å kome med. Sjølv om ho sjølv er geitebonde, så har ho ikkje vore særleg begeistra for geitost. Inntil no. – Den kvite faste snøfriskosten er berre aldeles nydeleg, seier ho og legg til at med eit slikt produkt så veit ein kva ein får, i motsetnad til visse andre produkt ein finn i ostedisken. Her viser ho spesielt til produkt som utgjer seg for å vere ost, men som ikkje er det. – Ta til dømes den rivne ”osten” til Coop og FirstPrice. Det er ikkje så rart at forbrukaren trur det er ost når produktet ligg saman med tilsvarande produkter som faktisk er ost. Men ost er det altså ikkje, konstaterer ho og fortel at ho – til liks med svært mange andre forbrukarar er blitt meir bevisst kva som snik seg med i handlevogna når ho er på butikken. – Eg trur ikkje forbrukarane er like opptekne av at det skal vere billig som dei var før. Og så er det slik at om noko er overraskande billig, så kan ein vere ganske så viss på at det er noko muffens med produktet, avsluttar ho og oppmodar oss alle til å lese på pakken kva produktet inneheld og bli meir medvitne når det gjeld kva i puttar i oss. Lesarbiletet Send eit av dine blinkskot med ein bilettekst til: post@storfjordnytt.no – og få det på trykk Fotograf: Randi Flø> Gode sommarminne
© Copyright 2024