Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for Kyrahola, Flora kommune I medhald av § 12-8 I Plan og bygningslova vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Kyrahola, gnr. 27, bnr. 1 mfl. i Flora kommune. Det er utarbeidd framlegg til planprogram som gjer greie for hensikta med planarbeidet. Planområdet er om lag ca.76 daa og vil i hovudsak bli regulert til bustadformål. Deler av tilkomstvegen frå Havrenesvegen ligg i gjeldande reguleringsplan «Havreneset, Gang-/sykkelveg/ Bolig m.m.» som areal til bustad og køyreveg. Resten av arealet innanfor planområdet, er styrt av kommunedelplanen for «Florelandet Brandsøy 2006-2018» og er disponert til LNF. Planen fører, etter kommunen sin vurdering, til krav om konsekvensutgreiing etter kap.4 i plan og bygningslova. Tiltakshavar er Florø Gård ved Eilif Døsen. Meir informasjon finn du på www.flora.kommune.no og www.nordplan.no. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Planprogrammet er lagt fram til gjennomsyn på servicekontoret i Rådhuset i Florø. Det er og tilgjengeleg på Flora kommune si nettside. Eventuelle innspel og merknader til planprogrammet kan sendast til Nordplan AS, Pb.685 6804 Førde eller på e-post til at@nordplan.no. Frist for innspel er 19. mai 2014. Nordfjordeid Førde Vågå Ålesund Eidsgata 45 Langebruvegen 9 Vågå Næringshage Apotekergata 9A Nordplan AS tlf. 57 88 55 00 www.nordplan.no
© Copyright 2024