fra fjord og fjære Julenummer av Kyrkjelydsbladet Helg og Yrke - Jula 2015 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Luk. 2. 11 12 8 6-7 3 fra fjord og fjære Jula 2015 Julehelsing frå prosten Heimelaga jul På ein liten holme like sør for den øya eg kjem i frå, i innseglinga til Farsund, ligg Kattland fyr. Her budde fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa det dei trong til jul. Fyrvaktaren var ein kreativ mann, han gav ikkje opp med det fyrste. Han fann fram piassavakosten og tok til å laga små hol i skaftet. Fann så fram piperensarar og sette dei i desse hola. Slik tenkte han at eit heimelaga juletre kunne sjå ut. Heimelaga julegåver Det hender at eg får heimelaga julegåver. Det set eg stor pris på, gjerne både resultatet og ikkje minst tanken som ligg bak. Kjekt når nokon har kreativitet, tid og krefter til slikt. Heimelaga juletradisjonar Jula er for mange ei viktig høgtid i heimen. Den nye ordføraren i Etne seier i denne utgåva av Fra Fjord og Fjære noko om kor viktig feiringa i heimen er for henne. Når nye heimar vert danna, kjem ein til ein viktig fase der dei som no høyrer saman skal finna ut kva dei vil leggja vekt på, kva for tradisjonar dei vel å gjera til sine eigne. Heimelaga julemat Ei viktig side ved jula er mat og drikke. Eit høgdepunkt for meg i desember er å laga julesylte i lag med gode vener. Om dei som skipar ny heim ber med seg ulike tradisjonar, kan det vera krevjande å finna gode løysingar. Kjekt er det når ein saman finn ut av det. I vår familie vart det for oss ei god løysing med svineribbe eine året og fersk torsk det andre. Men no med 3 svigersøner som alle er vane med pinnekjøt vert det justeringar. Heldigvis har ikkje folk flest problem med å koma til butikk – som fyrvaktaren, men fleire strevar med å innfri forventningane ein møter med omsyn til alt ein skulle ha kjøpt i desse juletider. Jul i heimen Eit meir vanleg problem i dag er å finna ut i kva for ein heim ein skal samlast i denne høgtida, kven ein skal vera saman med og kven som vil vere til stades når. Her trengs kan hende meir enn fyrvaktaren sin kreativitet for å finne dei gode løysingane. Heimelaga julebodskap? Mi von er at kyrkja skal formidla den opphavlege julebodskapen friskt og levande, slik at ikkje nokon finn grunn til å kasta den på båten og etablera ein eigen heimesnekra julebodskap. Då gjeld det at vi går tilbake til den trygge, gode kjelda der vi finn den ævelege julebodskapen. Julebodskap frå himmelen Med ynskje om ei velsigna julehøgtid! Svein Arne Theodorsen Kyrkjelydsbladet vert sendt til alle heimar i Sunnhordland fra fjord og fj Julenummer I Sunnhordland prosti har ein lange tradisjonar for å gje ut «Helg og Yrke» med julenummeret «Fra Fjord og Fjære.» Bladet vert sendt til alle heimar i prostiet, opplaget er passert 23 000! av Kyrkjelydsbla Yrke - Jula I dag er det ein frelsar fødd dykk Han er Messi Davids by. ias, Herren. Luk. 2. 11 Trong for gåver! 12 8 3 Mykje av arbeidet vert gjort på dugnad. Einaste inntektsposten er gåver. Vi er svært takksame til alle som gjev, men vi ser at vi har trong for fleire gjevarar for framleis å gje ut bladet og senda det fritt til alle. Vi minner om høve til å gje gåver til bladet, det ligg ved giroblankett. Nytt om personell i Sunnhordland Bømlo: - Turid Håvik Anglevik slutta som reinhaldar i Moster kyrkje 01.03. Sara Naustbakken vikarierer - Liv Jannikke Oldereide slutta som reinhaldar i Lykling kyrkje 01.07 - Paulos Hijab slutta som reinhaldar i Bremnes kyrkje den 01.08 - Svanhild Ersland Kvernøy er ny reinhaldar i Lykling og Bremnes frå 01.07 - Marit Dahl Hollund sluttar som klokkar i Bremnes kyrkje 31.12 Etne: - Kyrkjelydssekretær: Maria Tøtlandsmo er vikar for Mette Tøsse Voll som har morspermisjon. Ho starta 16.04 Fitjar: - Jan Overweg har teke til som kantor i 65 % stilling - Fridleif Lydersen er tilsett som kyrkjelydsprest i 100 % stilling. Han tek til 01.02.16 Kvinnherad: - Kristine Hestad er tilsett som ny einingsleiar for trusopplæring i 80 % stilling - Berta Haugland (som har vore einingsleiar) held fram som kyrkjelydspedagog i 20 % stilling Stord: - Jan Overweg, kantor i Stord, er innvilga permisjon i 65 % i eit år frå 01.08. Overweg arbeider framleis i 35 % der han har ansvaret for IKT og organistteneste i gravferder - Ole Jørgen Furdal, Sveio er tilsett i vikariat som kantor i 65 % stilling - Kianoosh Jebelli er tilsett i 100 % vikarstilling som fagarbeidar på gravplassen frå 01.08 til 31.03.2016 Prostiet: - Jan Ove Anders Høines Totland vart innsett som sokneprest i Fjelberg og Eid sokn 11.01.15 - Kjetil Kringlebotten vart innsett som sokneprest i Kvinnherad, Hatlestrand, Ølve, Varaldsøy, Ænes og Åkra sokn 21.06.15 - Bjørgvin bispedømeråd har tilsett sjømannsprest Reidar Ådnanes som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn. Han vert innsett i tenesta 29.05.16 i Husnes kyrkje ProsteGodkjenning av klokketårn Nyleg vigsla prosten kyrkjetårnet og klokkene i Etne kyrkje. Biskopen skal godkjenna kyrkjeklokker og tårn. Prosten kunne melde at biskopen vil godkjenne, men formelt brev låg ikkje føre til vigslinga. Biskop Halvor Nordhaug helsa kyrkjelyden slik: «De kan gå sju gonger rundt tårnet og blesa i horn. Dersom tårnet blir ståande, er det godkjent.» Redaksjon: Send di gåve til: Sats og trykk: Svein Arne Theodorsen Hamnegata 48 5411 STORD Tlf. 53 40 34 30 Helg og Yrke v/ Helge Ottesen Eldøyvegen 100 5411 STORD Kontonr. 8420 05 25328 Bladet Sunnhordland STORD svein.arne.theodorsen@kyrkja-stord.no ære det Helg og HJØRNET Det var Guds englar som fyrst kom med julebodskapen, den formidla dei til gjetarane – dei som var mellom dei lågaste på den sosiale rangstigen. I jula er det rikeleg høve til å bli kjende med julebodskapen frå Gud og erfara kor aktuell den er i dag, for deg og. I år vert det i Sunnhordland mellom anna 46 gudstenester julaftan i kyrkja vår. Sjølv skal eg til Hatlestrand og Ølve, det gled eg meg til. Fra Fjord og Fjære 6-7 2 Opplag: 23 000 Layout: Jan-Ove Fagerheim Neste nummer kjem i juni. Frist for innlevering av stoff er 1. mai 2016. Minner om høve til å gje gåver, ein kan nytta vedlagte giro. 2015 fra fjord og fjære 3 Jula 2015 EIN AVGRENSA GUD På døra til ei mellomalderkyrkje i Köln finst eit bilete som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og eselet og over det heile Betlehemsstjerna. På kvar si side av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet finst i ulike versjonar over heile jorda. Det spesielle ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida: HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa. Fyrste gongen eg møtte denne setninga slo den umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula sin løyndom. Her blir Gud avgrensa. Ingen kan utøve avgrensinga sin kunst slik som Gud, for ingen har så mykje å miste. Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei krubbe i småbyen Betlehem. Martin Luther seier det slik: «Han som all verden er for trang, Her ligger Han på moders fang». Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er han så stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevangeliet seier: Han lèt seg fatte i krubba! Mange trur at dersom Gud er å finne nokon stad, så må det vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen. Men kva finn vi eigentleg der? Vi kan vel saktens ane Gud, men heller ikkje meir. For her er ingen ord, ikkje noko ansikt og ingen tydeleg vilje. Dersom vi ikkje kjenner Gud i krubba, så blir den Gud vi finn ute i naturen forma som ei forstørring av våre eigne tankar, kjensler og draumar. Naturopplevinga blir ei stadfesting av det tankegodset vi har med oss allereie. Men jula sitt evangelium seier noko vi ikkje kunne ha tenkt ut på førehand: «Ordet blei menneske og tok bustad iblant oss» (Johannesevangeliet 1, 14). Jesus, Ordet frå Gud, gjekk rundt blant oss i Nasaret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra omkring og hadde heile himmelen med seg. Ikkje rart mykje skjedde. Ikkje rart at folk undra seg og sa: Alt han gjer er godt! Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa utgåve som menneske - men likevel heilt og fullt til stades. Paulus skriv ein stad: «For i han ville Gud la heile sin fylde bu». Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over alt, men han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for stor for oss. Han er for rein, for heilag, for lysande til at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspektiv kan finne han. Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus, der er Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja, i Bibelen og i bønna. Det er avgrensa møteplassar, men der er den grenselause Gud alltid å møte, heilt og fullt. Og det er ingen ting han heller vil enn å møte oss. Halvor Nordhaug Biskop i Bjørgvin Onarheim kulturkyrkje Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2015 vart markert laurdag 8. august på Onarheim på Tysnes med mange flotte arrangement. I Onarheim kyrkje var mange samla på ettermiddagen. Her stod prost Svein Arne Theodorsen for den offisielle opninga av Onarheim kulturkyrkje. Kulturkyrkje I fjor kunne ein feira 10 – års jubileum for Valestrand kulturkyrkje. Her har ein kombinert gudstenester og kyrkjelege handlingar med eit særleg fokus på varierte kulturtiltak. På Tysnes har ein drøfta korleis ein best mogeleg kan skapa ein god og variert bruk av dei ulike kyrkjebygga. Ein har mellom anna komen til at ein vil vidareutvikla Onarheim kyrkje som kulturkyrkje. I si opning av Onarheim kulturkyrkje gav prosten heilhjarta støtte til ei slik satsing og meinte det var mykje som låg godt til rette for ei vellukka løysing her. Han synte både til historia, sjølve kyrkjebygget og det lokale engasjementet. No er eit styre godt i gong med å laga retningsliner for kulturkyrkja. Heggland I Valestrand kulturkyrkje har ein ulike arrangement som knyt til den viktige lokale komponisten Fartein Valen. Theodorsen nemnde dette i si helsing og peika på at ein i Onarheim gjerne kunne ha ein tilsvarande relasjon til Johannes Heggland. Dette kom fint til uttrykk i Onarheim kyrkje denne laurdagen. Anna Gyria Johannes Heggland har skrive ein firebandsterk romansyklus: Brødet frå havet. Anne Gyria er gjennomgangsfiguren i Heggland sin romanserie om folket her vest. Johanne Øvstebø Tvedten fekk ei nær fullsett Onarheim kyrkje til å sitja som fjetra Foto: Lars Mæland og lytta til den sterke historia om Anna Gyria. Ein kraftprøve for kunstnaren og ei flott oppleving for tilhøyrarane som høvde særs godt ved opninga av Onarheim kulturkyrkje. fra fjord og fjære Jula 2015 4 Sakkeus skundar seg ned frå treet. Sakkeus deler ut pengar. TEMA: Jesus – verdas lys Skribent: Hilde Joy Vestøl VEKSE SAMAN – AKTIVITETAR DU KAN GJERE SAMAN MED FAMILIEN DIN, ELLER ANDRE DU ER GLAD I :-) Sett eit kryss ved det du har lese! 1. Mørkredd? Les Salme 27,1 2. Gjekk ein tur på stien Les Sal 119,105 3. Levande lys Les Luk 8,16 Korleis likar du å gå ute åleine i mørDå Bibelen vart skriven, fantes det kret? Mange synest det er skummelt. ikkje gatelykter. Lommelykter hadde Trea langs vegen ser annleis ut når dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i det er mørkt, og vi blir og meir merkmørkret, kom lyset enten frå månen same på lydar. Vi veit at det ikkje er eller frå brennande faklar som dei bar noko å vere redd for, men går gjerne med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud litt fortare likevel. Hugs at Gud ser vise oss korleis vi skal leve. Det Gud like godt enten Skribent: det er mørkt eller lyst. seier, kan samanliknast med lys som Hilde Joy Vestøl Det er trygt å vite at han passar på gjer at vi ser vegen vidare. Å leve Sett eit kryss ved det du har lese! oss. Lær deg verset du las utanåt, så utan Guds Ord blir som å gå i skogen kan du tenkje på desse ordaein neste utan lys. Då kan du lett 1. Mørkredd? 2. Gjekk tur på stien 3. Levande lys trå feil. Les Salme gong 27,1 du er ute og går. Les Sal 119,105 Les Luk 8,16 TEMA: Jesus – verdas lys Korleis likar du å gå ute åleine i mørDå Bibelen vart skriven, fantes det Somme elskar levande lys, og har kret? Mange synest det er skummelt. ikkje gatelykter. Lommelykter hadde stakar og lykter over alt i huset. Og Trea langs vegen ser annleis ut når dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i lys finst i alle slags fasongar og det er mørkt, og vi blir og meir merkmørkret, kom lyset enten frå månen fargar. Slår vi av alle lampene, er det same på lydar. Vi veit at det ikkje er eller frå brennande faklar som dei bar ikkje tvil om kvar stearinlyset står. noko å vere redd for, men går gjerne med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud Når du gjer noko fint for andre, er du litt fortare likevel. Hugs at Gud ser vise oss korleis vi skal leve. Det Gud som eit tent stearinlys som skin i eit Kjenner du eller smålyst. bornseier, som at det medMørkegøymsle er gøy! Dudukan like godt enten det er mørkt kantrur samanliknast lys som mørkt rom. Då liknar på Jesus, og Det er trygt åer vitenissen at han passar gjer at julegåvene? vi ser vegen vidare. Å leve du temmeleg er eit levende lys i verda. har som på kjem med gøyme deg nær denMen som oss. Lær deg verset du las utanåt, så utan Guds Ord blir som å gå i skogen du sett nokon tenne lys og gøyme Du veit jo at det er foreldra dine som leitar, utandetå under bli oppdaga. Hugsar kan du tenkje på desse orda neste utan lys. Då kan du lett trå feil. ei bøtte? Korleis kan du kjøper du kva Adam oglyset Eva gjorde dåserdei gong du er ute og går. dei. Gud skapte foreldra dine. gøyme i deg så ingen det? 4. Kor kjem gåvene frå? Les Jak 1,17 5. Mørkegøymsel Les 1 Joh 1,5-7 Gåvene du får til jul, er laga av menhadde vore ulydige mot Gud? Det var neske, eller av maskinar som er laga kveld, og dei gøymde seg i hagen. 4. Kor kjem gåvene frå? 5. Mørkegøymsel 6. Lat lyset stå på av menneske. Desse menneska er Men det går ikkje an å leike gøymsle Les Jak 1,17 Les 1 Joh 1,5-7 Les 1 Joh 2,9 og skapte av Gud. Han har jo skapt med Gud. Han veit jo kvar vi er heile Kjenner du små som trurdet at det Mørkegøymsle gøy! Du kan «Pass for trappa!» «Kva for ei alt.born Kanskje eigentleg kunneerstått tida. Og kva erdeg eigentlig poenget er nissen som kjem med julegåvene? gøyme deg temmeleg nær den som trapp-app-app-app…» Det er lettare «Frå Gud» på alle gåvelappane? med å gøyme seg? Når du innrømDu veit jo at det er foreldra dine som leitar, utan å bli oppdaga. Hugsar å snuble når straumen har gått. Då Hugsar du å takke forAdam at han det dumåhar gjortpå gale, Gud kjøper dei. Gud skapte foreldra dine. Gud du kva og Eva gjordemer då dei du passe så dutilgir ikkje bommar Gåvene du får til jul,deg er laga av menvore ulydige Detfør var dupårekk øvsteåtrinn i trappa, gjev gåver kvar hadde dag heile året?mot Gud? deg telje til to.og det kan neske, eller av maskinar som er laga av menneske. Desse menneska er og skapte av Gud. Han har jo skapt alt. Kanskje det eigentleg kunne stått «Frå Gud» på alle gåvelappane? Hugsar du å takke Gud for at han gjev deg gåver kvar dag heile året? kveld, og dei gøymde seg i hagen. Men det går ikkje an å leike gøymsle med Gud. Han veit jo kvar vi er heile tida. Og kva er eigentlig poenget med å gøyme seg? Når du innrømmer det du har gjort gale, tilgir Gud deg før du rekk å telje til to. D? ha gjort WaWviJlle Jesus ? Somme elskar levande lys, og har stakar og lykter over alt i huset. Og lys finst i alle slags fasongar og fargar. Slår vi av alle lampene, er det ikkje tvil om kvar stearinlyset står. Når du gjer noko fint for andre, er du som eit tent stearinlys som skin i eit mørkt rom. Då liknar du på Jesus, og du er eit levende lys i verda. Men har du sett nokon tenne lys og gøyme det under ei bøtte? Korleis kan du gøyme lyset i deg så ingen ser det? 6. Lat lyset stå på Les 1 Joh 2,9 «Pass deg for trappa!» «Kva for ei trapp-app-app-app…» Det er lettare å snuble når straumen har gått. Då må du passe på så du ikkje bommar på øvste trinn i trappa, og det kan hende du dunkar borti ei hylle når du går forbi. Alt er så mykje enklare med lyset på. Kva kan du gjere for å leve i lyset? Du kan vise kjærleik til menneska du møter. hende du dunkar borti ei hylle når du går forbi. Alt er så mykje enklare med lyset på. Kva kan du gjere for å leve i lyset? Du kan vise kjærleik til menneska du møter. Ugly Det dennår mørkaste Hva er skjer alle på året, og tenner ertida egoistiske ogvibare fleire lys enn elles. I songen «This littpå seg selv? Blir det koselig rt? le light oftenker mine», syng vi i eit av versa at freistaren D? ha gjåovære 13 a) Kven Det er den mørkaste sammen da? Alle ikke få viljen sin vil Hva skjer når alle kan ut lyset. Djevelen ynskjer å sløkkje trua di. Han WaWviJlle Jesus vil blåse tida på året, og vi tenner er egoistiske og bare kjem dei på en gang, det går bare ikke! Det fører stort sett bare til Kv ikkje at du skalfleire vere ei verd full lys eit enn vitne elles. I isongen «This litt- av vondskap. Jesus er mykje tenker på segvi selv? Blir det koselig le light syng i eitber av at freistaren sterkare enn djevelen! Om duversa brukar tid med Jesus,vår får neste ikkje djevelen krangel ogof mine», bråk. Jesus oss derfor å elske som 13 a) Kven fullkomne gåvene ifrå? å være sammen da? Alle kan ikke få viljen sin vil blåse ut lyset. Djevelen ynskjer å sløkkje trua di. Han vil sjans tilvitne ådet blåse utsifull lyset ditt. Jesus eit lys i verda. Nofør vil vi han lyse dei på enatgang, det går ikke! Det fører stort sett bare til oss selv, atavvi prøver åvar tenke tenikkje du skal vere eitbare i eivil verd vondskap. Jesus er mykje på de andrekjem 13 b) Kva er det som er «eit sterkare djevelen! Omdeg. du brukar tid med Jesus,vår får neste ikkje djevelen krangelenn og gjennom bråk. Jesus ber oss derfor å elske som fullkomne gåvene ifrå? ker på oss selv. Da blir det fint å være sammen. sjans til å blåse ut lyset ditt. Jesus var eit lys i verda. No vil han lyse lys på din sti»? Kv oss selv, det vil si at vi prøver å tenke på de andre før vi tenker på oss selv. Da blir det fint å være sammen. gjennom deg. 44 44 44 44 Ugly TA VARE PÅ LYSET LYS I MØRKRET Del inn i to lag som sit på kvar si side av bordet. Kvart lag har eit tent lys foran seg (bruk stødige stakar så det ikkje vert brannfarleg, og legg avispapir under så det ikkje kjem stearin på bordet). Laga skal prøve å passe på sitt eige lys, og blese ut dei andres. Vert lyset slokt, skal de prøve å tenne det att. Jesus kom som lys til verda, og vi skal òg vere lys. Når vi ber for menneske, er vi med på å spreie lys frå Gud. Lyset er et bilete på trua vår. Har de opplevd at noko eller nokon har prøvd å dra dykk bort frå trua på Jesus? Korleis kan de verne om trua? Korleis kan de hjelpe kvarandre å ta vare på trua? Ha eit brett som de fyller med utente telys, og sett eit tent kubbelys midt på brettet. Ta ei bønestund, der de ber og tenner lys for dei menneska de vil be for. Start gjerne med at alle ber stille kvar for seg, men det er fint å avslute med å høgt be saman. KRYSSORD 1.Var ikkje far, med var likevel viktig 2. Då Maria fekk vite at ho skulle bli mor, fekk ho besøk av ein… 3. Englane på himmelen lova Gud og 4. Då Maria vart gravid skjedde eit… 5. Fødselen fann stad i ein… Bibelvers for veka: Sal 119,105: «Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig» (Henta frå Bibel 2011) LAG EIT BILETE! Du treng ei litt stiv pappskive, lim, tørka bønner (dei finst i ulike fargar), ris, makaroni og anna tørka pasta o.l Skriv bibelverset med store bokstavar på pappen, og lim tørka bønner på bokstavane. Dekorer rundt med ris, makaroni og det du har, og lag bordar og fine mønster. 13 b) Kva er det som er «eit lys på din sti»? 45 fra fjord og fjære 5 Jula 2015 Uteteater for å finna spor etter Jesus Ein flott laurdag i september var 24 ni- og tiåringar «På sporet av Jesus», saman med nokre foreldre og andre interesserte. I Førde kyrkje førebudde barna seg med å laga bilde og materiell som dei skulle ha med seg til møte med forteljarane langs løypa frå kyrkja til Prestegardsstranda. I kyrkja fekk dei eit møte med øvstepresten Kaifas og den romerske landshovdingen Pilatus, som diskuterte om det var rett å dømma Jesus til døden, og Maria Magdalena som kom fram som vitne om den oppstadne Jesus. Deretter blei barna sende ut gruppevis for å finna ut meir om kven Jesus er. I vakkert seinsommarver vandra dei langs turstiane mot stranda for å møta andre personar frå bibelhistoria. Med stor innleving fortalde dei om sitt møte med Jesus. Nedst i prestegardshagen var Jeriko, der Sakkeus sat godt plassert i eit stort, gammalt tre og fortalde si historie. Vidare i løypa kom dei til Kapernaum, der den lamme som hadde blitt lækt av Jesus og søstera hans, fortalde. Maria Magdalena og Maria, søster til Lasarus, fortalde levande om sine erfaringar med Jesus. Ved stranda fekk barna møta vertshuseigarane i Betlehem. Med god hjelp av bilde barna hadde laga, hugsa dei tilbake til natta då Maria og Josef kom og Jesus blei fødd. I Nasaret fekk dei møta rabbien i synagoga og lengst ute på stranda var Peter, sitjande med garnet ved Gennesaretsjøen. Først når barna viste fisken dei hadde laga, ville Peter fortelja om sine opplevingar med Jesus. I verstshuset i Betlehem Gjennom forteljarane si engasjerte og kreative formidling av sine møte med Jesus, fekk barna eit godt bilete av kven Jesus er. Arrangementet slutta i eit festpynta Førde bedehus med fest hos Sakkeus og fruen, med god mat og til slutt gullpengar som Sakkeus delte ut til «dei fattige». Barna var samstemte i at dei hadde hatt ein god dag. Ein spurde om det var den einaste gongen dei får vera med på dette. Som gode ambassadørar vil dei få ny sjanse neste år, saman med dei som nå er 8 år. Dei har noko å gle seg til! Utan alle dei frivillige som har gjort ein stor innsats, hadde ikkje «På sporet av Jesus» vore mogleg å gjennomføra. Me er takksame for dei som har lagt ned mange timar i sying av kostymer, skjering av namneskilt til forteljarplassane, baka pizzahorn, laga til gele, ordna til fin fest på bedehuset. Takk og til dei som gav rekvisita og kulisser som garn og garnkasse, seglduk-stoff og skinn. Takk til alle forteljarane for engasjert og levande forteljing. Det vil bli hugsa! Tekst: Haldis Rolfsnes Stueland Lengst ute på stra nda var Peter, sit jande med garnet ved Gennesaretsjø en. Pilatus, Kaifas og Maria Magdalena i diskusjon. Prøver båra hos den lamme. fra fjord og fjære Jula 2015 6 I Sunnhordland er det mange kyrkjelydar som har LysVaken - arrangement som ein del av trusopplæringa. Tidspunktet kan variera noko. Opplegget går frå laurdag ettermiddag til sundag etter gudstenesta, med overnatting i kyrkja. I «Fra Fjord og Fjære» i år har vi fått bilete frå fleire stader der dei nyleg har hatt LysVaken: Nysæter, Skånevik, Husnes, Kvinnherad, Hatlestrand og kyrkjene på Bømlo. Nysæter Det er 8. året på rad Nysæter kyrkje feirar nyttår ved å invitere 11-åringar til LysVaken. Også i år var det ein flott gjeng som samlast i kyrkja laurdag ettermiddag. Me leika, blei betre kjent med kvarandre og med kyrkja. Ute i våpenhuset hadde me konkurransar og leikar. Alle var med og gjorde ein skikkeleg innsats for laget sitt. Det tar på å leike, og me kan bli veldig svoltne av det. Då var det godt med kvelds. Taco er alltid like godt! Utpå kvelden kom presten vår på besøk for å snakke om nattverd og øve til gudstenesta. Det var mange som ville vere med å ha oppgåver i gudstenesta. Det vart og tid til ulike aktivitetar i kjellaren. Der var det playstation, kortlaging og lys dekorering. Høgdepunktet er, som alltid, å ta på pysjen i kyrkja og finne seg ein plass å sove inne i kyrkjerommet. Etter å ha høyrt historia om Jesus som 12 år i tempelet, var det tid for å finne roen. Og roen fant dei. Søndag morgon vakne dei til lukta av nysteikte rundstykkar. LysVaken vart avslutta med ei flott gudsteneste, der 11-åringane deltok gjennom heile gudstenesta på mange ulike vis. Tusen takk for ei flott helg til alle som var med av 11- åringar, vaksne og ungdomar. Eg ynskje dykk alle ei god adventstid, der de kan rydde litt plass til Jesus! Randi Lønning Matre Skånevik Husnes Dei fekk sett seg omkring både i kyrkja og på kyrkjegarden. På kyrkjegarden fann dei ord som: «Takk for alt.», «Kjært er minnet.», «Ingen er gløymt av Gud.». Dei fann at ein kan pynta med blomar, englar, fuglar og lys. I kyrkjetårnet fann dei to kyrkjeklokker, og staden der flaggermusa er innom. Etterpå hadde vi øving på dramastykke om Jesus som 12åring i tempelet, for dette skulle framførast på gudstenesta sundagen. Dette gjekk veldig fint, og då vart det betre tid til å ha ulike leikar! Laurdag 28. og søndag 29. november var det igjen 24 ungar frå heile Etne som overnatta i Skånevik kyrkje, saman med 4 konfirmantar og 3 vaksne. På det meste var vi 26 + fleire frivillige. Pizza, og frukost var populært. LysVaken songen og dansen vart ein slager. Fin gjeng og god stemning. Søndag avslutta vi helga med gudstenesta vi hadde førebudd, med deltaking av barnekoret og speidarane, og dåp. Avslutninga med song og dans av LysVakengjengen. Trusopplærar Astrid Askeland hadde organisert og lagt til rette. Fleire frivillige stilte opp. Ungane koste seg. Varige verdiar vart understreka og delt. Glede var noko av det ein fin gjeng delte rikeleg. Stein Ove Skadal Frå laurdag til sundag 1. helga i advent var 28 tiåringar frå Husnes tenesteområde (Husnes, Valen, Holmedal, Herøysund og Uskedal) med på Lys Vaken i Valen kyrkje. Vi byrja laurdag kl.18 00, der prest Pål Dale var med og fortalde om kyrkja. Etterpå stod pizzaen ganske fort på bordet, og vi fekk eta oss gode og mette. Både fingerbingo og fruktsalat var populære aktivitetar. «Mesterens mester»-løype vart gjennomført ute i silande regnver. Ikkje noko å sei på innsatsen! Etter å ha sove i kyrkja, var det klart for frukost, øving til gudstenesta og –gudsteneste. Det var 3 born som skulle døypast, så det var ei fullsett Valen kyrkje denne sundagen. Deltakarane på Lys Vaken deltok både med inngongsprosesjon, medhjelparar ved dåpen og drama under gudstenesta. Tidlegare om åra har både 10- og 11-åringane fått invitasjon til å vera med på Lys Vaken, som er ein del av trusopplæringstiltaka i kyrkja. Dei siste åra har det vore så stor pågang, så vi bestemte at berre 10-åringane vart inviterte dette året. Kyrkja i Kvinnherad vil takka alle foreldre og andre som var med og hjelpte til på Lys Vaken denne helga! For å få avvikla ei slik helg, er vi avhengige av både nokon som er med og gjennomfører programmet , nokon som lagar til mat og nokon som er nattevakter. Tusen takk for lånet av kjekke born, og tusen takk for alle som er viljuge å hjelpa til! Berta Haugland fra fjord og fjære 7 Jula 2015 Bømlo 6 av 10 inviterte elleveåringar deltok på årets LysVaken i si lokale kyrkje. For tredje året på rad vart det arrangert LysVaken for alle 11 åringane i alle dei fire kyrkjene på Bømlo. LysVaken er eit av arrangementa i det store trusopplæringsløpet som alle døypte og tilhøyrande barn i Den Norske Kyrkja skal få mogelegheita til å vera med på frå dei er null til atten år. Kyrkjene på Bømlo har saman utarbeida ein plan som inneheld mange kjekke tiltak. Nokre tiltak er nasjonalt kjende, medan andre er meir lokalt tilpassa. Målet er at det skal koma på plass minst eitt tiltak for kvart årstrinn frå null til atten, noko som krev mykje organisering og ein stor innsats frå engasjerte frivillige. Nokre av tiltaka, slik som utdeling av 4og 6- årsbok, er små tiltak som har vore ein del av kyrkja lenge, og som er godt innarbeidd. Andre tiltak, slik som LysVaken, Dåpsjubileum og Tårnagent er nye tiltak som er meir omfattande. Men det er fantastisk kjekt å no sjå at mange av dei meir omfattande tiltaka også begynnar å få gode røter i den store planen. Seinare på kvelden er det pizza. Somme stader er det foreldre som kjem med heimelaga pizza og andre stader er det bestilt. Uansett; pizza høyrer med! I alle kyrkjene er det også lagt opp til undretur der elleveåringane er innom ulike stasjonar for å læra meir om kyrkja og kyrkjelege handlingar. I tre av kyrkjene var også LysVaken knytt til gudstenesta på søndagen, slik at øving til deltaking i gudstenesta også var ein del av programmet. Før overnattinga vart det lese «God-natt»-forteljingar, og så var det å finne soveposen. Det er veldig kjekt å sjå elleveåringar som koser seg i kyrkja og har det gøy, men for at fleire trusopplæringstiltak skal koma på plass og rotfesta seg er ein heilt avhengige av positive friviljuge som kan vera med å skape arrangement for borna knytt til si lokale kyrkje. Kunne du tenke deg å vera med å arrangere eit av trusopplæringstiltaka i di lokale kyrkje så ikkje nøl med å ta kontakt. God oppslutnad på LysVaken «- Skal me vera oppe heile natta?» Er ofte eit spørsmål som dukkar tidlig opp i LysVaken samanheng. Spente elleveåringar stiller opp i kyrkja med sovepose, puter og liggeunderlag til eit opplegg dei kanskje ikkje heilt veit kva går ut på. Men ein ting har dei store forhåpningar om, og det er at dei skal ha det gøy. LysVaken er ikkje å vera oppe heile natta, men det handlar om å vera lys vakne for folk rundt oss, og for det Gud ynskjer å gi oss. Trygve Leigland Arrangementet starta med at ein må bli litt betre kjent. Mange kjenner kvarandre godt frå før, medan det for nokon er mange nye. Dette er litt avhengig av kvar ein er med på LysVaken og kvar ein er frå. Menneskebingo er uansett ein slager! Då er det om å gjere å samle autografar frå dei andre som stemmer med dei ulike rutene på bingobrettet. «Er det nokon her som har katt?», «Likar du sommar betre enn vinter?», «Har du vore i USA?» Slik og mange andre spørsmål vert stilte i kampen om å få sitt bingobrett fyrst utfylt. Pilegrimstur Laurdag 8. august var 30 pilegrimar frå ulike kantar av Bømlo, Bergen, Oslo og Stavanger samla i Stødle kyrkje i Etne for pilegrimstur, med kanskje 30 ulike forventningar til å vera på med på pilegrimstur. I Stødle kyrkje starta me med ei samling med song, tekstlesing, bøn og historia om Stødle kyrkje. Malen for samlingane me hadde på pilegrimsturen står i den norske salmeboka frå 2013. Vidare gjekk turen langs den gamle postvegen frå Etne til Skånevik med fleire stopp/samlingar og stilla undervegs - i strålande solskin! Det høgaste punktet på postvegen ligg 620 moh. Nokre fant turen lett heile vegen, andre hadde utfordingar på veg opp eller på veg ned til Skånevik, men alle meistra turen og kom seg til Skånevik. Vel framme i Skånevik vart me møtt av Aksel Røksund, Arild Selle med mannskap og Ingunn og John Magne Sørensen. Dei frakta oss vidare på turen med båtane sine. Det var godt å setja seg i båtane, i roleg sjø, til neste mål for turen, Fjelberg gamle prestegard. På Fjelberg vart me tatt godt i mot av Truls Grung, som me og fekk ei engasjert omvising av. Etter omvisinga var det innkvartering og middag. Det smakte godt etter ein heil dag i frisk luft. Seinare hadde me ei samling i ei av dei ærverdige gamle stovene på prestegarden. På denne samlinga var me så heldige å få besøk av prost Svein Arne Theodorsen og song og trekkspelmusikk av Ingunn og John Magne Sørensen. Så var det å gå kvar til seg, eller to og to, åtte, fem og nokre kvar for seg, for å få seg nokre timar på puta. Søndag starta me med frukost før me samla oss til salmesong, tekstlesing og bøn før avreise. No tok båtane oss med til Halsnøy kloster. Der fekk me omvising av ein guide med glimt i auga, me fekk noko for ganen, hadde ei kort samling og gjekk i kulturløypa på sida av klosteret. Etter besøket på Halsnøy førte båtfolket oss videre til Moster Amfi. Om nokre hadde utfordringar med å komma seg frå Etne til Skånevik var det kanskje andre som fekk det litt utfordrande på turen til Moster, då det no hadde blese opp og sjøen ikkje var heilt flat lenger. På Moster vart me tekne i mot med flott song i gamle Moster kyrkje. Her hadde me ei lita gudsteneste med nattverd forretta av Berit Andersen og Gunnar Farsund som begge var med på turen. Turen vart avslutta med felles middag – vikingsodd - i Moster Amfi. Det gjorde godt med noko varmt etter turen på sjøen og opphaldet i Moster gamle kyrkje. Sissel Johanne Fylkesnes Våge Me håpar pilegrimsturen har vore ei reise for fellesskap, for kultur og natur, for å oppleva sterke og svake sider med seg sjølv, og «der den ytre vandringa kan vera eit symbol på den indre vandringa mot Gud» (Norsk Salmebok 2013). 8 fra fjord og fjære Jula 2015 Trygve Totland fekk Frivilligprisen Mali Smemo Hjemdal, leiar i Prostirådet, gjorde greie for Prostirådet si grunngjeving for tildelinga. Ho sa m.a: Prisvinner i 2014 er en person med sjelden omfattende og trofast tjeneste over mange år. Vedkommende har en svært lang CV over variert frivillig tjeneste fra midt på 70 – tallet og er fortsatt svært aktiv både innen bedehus, kirke og institusjoner. Prostirådet vil spesielt trekke frem - arbeid for barn og ungdom - varierte tjenester innen sang og musikk - leder ved mange ulike møter og tilstelninger - andaktsholder - frivillig medarbeider i mange lag og organisasjoner - omfattende styre- og rådsarbeid I tillegg har prisvinneren lang erfaring fra politisk virksomhet i utvalg, kommunestyre og formannskap. Prisvinneren viser stå-på-vilje og engasjement og blir omtalt som et sjeldent ja – menneske. Foto: Magne Fitjar I samband med Prosten i Sunnhordland si nyårsmottaking, vart Frivilligprisen i Sunnhordland prosti for 2014 delt ut til Trygve Totland. Dette er tolvte året denne prisen vert delt ut til frivillige medarbeidarar for trufast, kreativ og nyskapande teneste. Det var representanter fra Bømlo menighet som kom med forslaget til prisvinner. Prisen er eit diplom laga av Per Flatøy og eit bilete, i år laga av Magne Kjellesvik. Prostirådsleiaren bad biskop Halvor Nordhaug og Odd Harald Hovland, ordførar på Bømlo ta del i utdelinga, dei fekk og koma med helsing. Tildelinga av frivilligprisen kom tydeleg overraskande på prisvinnaren, han takka og kom med helsing. På mottakinga var det mange som gledde seg over tildelinga og ville gratulere prisvinnaren, og slekt og vener som var komen til mottakinga utan at prisvinnaren visste det. Frivilligprisen frå Sunnhordland prosti gjekk i år til Trygve Totland frå Bømlo, for hans mangeårige innsats i lokalpolitikk, kyrkje og bedehus. Ikkje minst ungdomsarbeidet vart framheva. På biletet f.v. biskop Halvor Nordhaug, Trygve Totland, ordførar i Bømlo Odd Harald Hovland og prostirådsleiar Mali Smemo Hjemdal. Frivilligprisen blir i år markert med eit tresnitt av Magne Kjellesvik, og som i vel ti år no, sidan 2003, eit diplom laga av Per Flatøy. Triveleg treffpunkt på Gjøvåg VELLUKKA GUDSTENESTE: Marit I. Espedalen (t.v.) var godt nøgd med arrangementet. Einar Frøyseth og Martha Aasheim henta fram stemningsfulle låtar frå registeret sitt. JOVIAL GJENG: F.v. Rune Kroken, Aasta Tufteland Kroken, Lillian Brun Heldal og Bertil Heldal. HYGGJELEG STEMNING: Mange blei igjen etter gudstenesta for å ta ein koseleg prat over kaffien. Det vart ei triveleg gudsteneste i uformelle rammer då Harald og Anny Gjøvåg ynskte alle velkomen til ein flott dag på Gjøvåg. 55 personar møtte fram for å ta del i den folkelege gudstenesta. Seinare vart det gjort klart mat og drikke til dei frammøtte, og det vart ei koseleg stemning i den gamle løa. Veldig flott Sokneprest Marit Isaksen Espedalen var på plass for å leia gudstenesta. Ho hadde førebudd ein fin seremoni, og var i godt humør etter arrangementet. Ho var mellom anna nøgd med å sjå at det var så mange frammøtte. – Det var veldig flott, og veldig mange folk, seier ho oppglødd. Ho hadde nyleg òg «jazzgudsteneste» på Tysnesfest, og fortel at ho trivst godt med variasjon og skifting av tempo. – Eg tykkjer det er veldig kjekt. Stemningsfull musikk Einar Frøyseth og Martha Aasheim stod for dei musikalske innslaga. Til vanleg spelar dei i festlege og meir uformelle høve, men dei kunne fortelja at det å spela i ei gudsteneste var ei kjekk oppleving. – Det var ei veldig fin stund, seier dei. Dei spelte stemningsfull musikk for dei frammøtte, og sette pris på å få lov til å hjelpa Marit. – Ho er eit strålande menneskje. Godt motteken Gudstenesta vart godt motteken av dei frammøtte. Blant dei som hadde møtt opp var Anna Sofie Epland. – Gudstenesta var veldig fin, seier ho. Ho var òg på plass i fjor, og er ein av mange som er godt nøgde med det arrangørane får til på Gjøvåg. – Det er kjekt å vera her, fortel ho. Jovial gjeng Etter gudstenesta samla dei frammøtte seg rundt borda i løa. Då var det tid for mat og drikke i lystig lag. Her stod mellom anna rømmegraut, kaker og kaffi på menyen. – Maten smakar nydeleg, seier Aasta Tufteland Kroken og Lillian Brun Heldal samstemd. Dei sit saman med Rune Kroken og Bertil Heldal. Alle fire er på vitjing frå Bergen, og er svært positive til arrangementet. Dei fortel at heile dagen har vore veldig kjekk, og at dei er takksame for innsatsen som vert lagt ned i dei landlege omgjevnadane på Gjøvåg. – Det er veldig flott at nokon vil arrangera noko slikt. Det er noko me gjerne støttar, seier den humørfylte gjengen. Det er ikkje fyrste gong dei vitjar Gjøvåg, og det vert truleg heller ikkje den siste. – Me kjem tilbake viss dei vil ha oss, ler dei. Energisk person Medan dei fleste kosar seg med smakfull mat og godt selskap, kan ein observera ein svært energisk person i løa som steller og styrer. – Flott at du kjem, seier Anny Gjøvåg hjartevarmt medan ho kostar litt. Ho har hatt det travelt før arrangementet, mellom anna med kakebakst og pynting, men tar like fullt imot gjestane med sprudlande humør. – Det er kjekt å sjå at det kjem så mykje folk, smiler ho. Nok ein gong har ho stått på for å laga eit koseleg treffpunkt der alle er velkomne. Dette er noko ho trivst godt med. – Det er gjevande for meg å halda på med dette. Eg likar å omgåast folk, seier ho, før ho rosar både gudstenesta til Marit og dei musikalske innslaga til Einar og Martha. Sverre Frugård redaksjonen@tysnesbladet.no fra fjord og fjære 9 Jula 2015 Nye sokneråd i Sunnhordland prosti I september var det val til sokneråd. I Sunnhordland prosti er det 23 sokn. Sokneråda har eit stort ansvar og viktige oppgåver i vår kyrkje. Medlemene av sokneråda har vore på kurs og dei har konstituert seg. Her kjem ein oversikt over medlemene og vara-medlemene i sokneråda. Vi har tatt med kven som er nestleiar og leiar, for leiarane er det og med eit bilete. I kvart sokneråd er det ein sokneprest, namna på sokneprestane er og med. Bømlo Bremnes: Berit Marianne Hallaråker - leiar Odd Kåre Sakseid – nestleiar Lene Fylkesnes Nesse Jarle Havn Per Nygård Anne Berit Thorset Hope Marie Habbestad Anne Lie Steinsbø Varamedlemer: 1. John Olav Habbestad 2. Leif Røyrøy 3. Iren Torget 4. Solveig Ingebjørg Habbestad 5. Åsmund Håvik Prest: Asbjørn Gundersen Fitjar Fitjar: Helga Olsen Aadland – leiar Sigrid Marie Fangel - nestleiar Sindre Aarbø Gunnvald Aarbø Rasmus Fitjar Terje Havro Mette Elisabeth Lambach Bodil Nesse Varamedlemer: 1. Peder Rygg Drønen 2. Arne Prestbø 3. Solbjørg Larsen Tverderøy 4. Tove Helen Løland Aarskog 5. Aase Rygg Nøttveit Prest: Olav Johannes Oma Bømlo: Solfrid Kjellaug Lønning – leiar Margrethe J. Eide – nestleiar Olga Ingjerd Kårbø Odd Ingvar Nilssen Lauritz Eidesvik Trygve Sveinung Totland Varamedlemer: 1. Bertha Marie Eidesvik 2. Elin Vold 3. Dagnor Engenes 4. Laila Bauge Prest: Roald Drønen Kvinnherad Fjelberg og Eid: Heidi E. Thomassen Sjo - leiar Olav Svalland - nestleiar Mette Eide Hvidevold Aud Dale Landa Johannes Solheim Varamedlemer: 1. Karianne Bjørnstad 2. Anne Berit Øvrevik 3. Ester Cecilie Isdal 4. Trond Vegard Strand Prest: Jan Ove Totland Lykling: Torunn Tveita – leiar Roald Magne Stautland – nestleiar Sissel Steinsland Gåsland Elisabeth Diane H. Bjørnevik Margunn Ersland Leif-Steinar Sakseide Varamedlemer: 1. Hildegunn Sortland Våge 2. Alfhild Olaug Hestenes Prest: Roald Drønen Husnes og Holmedal: Torstein Aarthun - leiar Ståle Schille- nestleiar Einar Oppedal Kjersti Løseth Marit Alfarnes Bergseth Cort Holtermann Hilde Karin Egset Teigen Åse Gjerde Røssland Varamedlemer: 1. Kari Marie Thorkildsen 2. Laila E. Bjelland Broks 3. Kristi M. Stråbø 4. Leiv Håkon Kaldestad 5. Selma Andrea Ynnesdal Prest: Reidar Ådnanes. Moster: Elin Taranger - leiar Gunnvald Bjotveit - nestleiar Mona Ingvaldsen Hodne Per Harald Gjerde Rune Sivertsen Inger Marie Gjerde Varamedlemer: 1. Sigurd Totland 2. Magnhild Nøstbakken 3. Berit Landmark 4. Bente Røyrvik 5. Roy Steve Fimland Prest: Aksel Lygre Etne Etne: Karl Arnold Solheim - leiar Liv Sørheim - nestleiar Jørgen Hopland Reidun Vae Holmen Grethe Tesdal Anne Jorunn Lindevik Astrid Ø Harboe Solgun Dalseid Vaa Varamedlemer: 1. Grethe Haaland Hjelmtveit 2. Knut Ole Matre 3. Einar Kasper Sævareid 4. Tore Einar Harboe 5. Tanja Therese H Wiland Prest: Per Hjemdal Skånevik: Eli Synnøve S. Garvik - leiar Ingebjørg Rullestad - nestleiar Reidar Leknes Jostein Lygre Inger Mari Melkeraaen Silje Malene Garvik Varamedlemer: 1. Siri Elisabeth Eikemo 2. Magny Lygre 3. Torleif Bjerkreim 4. Ragnvald Larsen 5. Ågoth Winterthun Prest: Stein Ove Skadal (Jørgen Knudsen til Ådnanes tek til.) Uskedal: Svanhild Haugland - leiar Møyfrid Petra E. Kristoffersen - nestleiar Thor Inge Døssland Sigmund Myklebust Kristian Bringedal Ove Magne Myhre Varamedlemer: 1. Eli Roseth Eik 2. Hans Reidar Kjærland 3. Kåre Magnus Rød 4. Kjell Yri 5. Inger Lise Voll Prest: Lina Håland Åkra: Oddrun Berge - leiar Åse Farestveit - nestleiar Erik Johan Furdal Magnhild S. Eide Furdal Varamedlemer: 1. Gunnbjørg Vågen 2. Lars Emil Berge 3. Sunniva Brekke 4. Gunnhild V. Jegteberg 5. Bodil Hjøllo Solheim Prest : Kjetil Kringlebotten Kvinnherad: Ann Merethe Jakobsen - leiar Solfrid H. Siqveland - nestleiar Lars Johan Næs Bjørg Tveitnes Waage Ingo Bewer Svein Hjelmeland Gunn Berit S. Fosse Arne M. Guddal Husby Varamedlemer: 1. Liv Signe Ulvestadbakken 2. Helga Fossheim 3. Eldrid H. Molland 4. Ester Falk 5. Linda Sundal Utne Prest: Kjetil Kringlebotten Ænes: Aud Irene Flatebø - leiar Sunniva Tveito - nestleiar Gunnhild Enæs Olav Nerhus Hatteberg Endre Øyre Hildur Kroka Varamedlemer: 1. Gunnar Enæs 2. Tørres Jarle Aarsand 3. Bjørg Unni Bondhus 4. Solveig M. Fredheim 5. Kari Huse Aarsand Prest: Kjetil Kringlebotten Hatlestrand: Linda Raa Alvheim - leiar Lillian Eikeland - nestleiar Tone Boland Johansen Karin Rabben Vangdal Anne Britt Hovland Olaug Marie Hjortås Varamedlemer: 1. Dagny I. Berge Ljostveit 2. Jarle Jacobsen 3. Alice Tuften 4. Ole Bjørn Stokke 5. Olav Stølen Prest: Kjetil Kringlebotten Ølve: Grethe Marian Revne - leiar Henrik Sverre Barthel - nestleiar Grethe Ljostveit Kjell Ingemar Sundfjord Norun H.T. Teigen Airin Helen Zimmer Varamedlemer: 1. Marit Synnøve B Lyhammer 2. Åshild Malkenes Revne 3. Veronica K. Hellestveit 4. Inger Lise-Hammerhaug 5. Kari Kristin Ljostveit Prest: Kjetil Kringlebotten Varaldsøy: Ann Kristin Næss - leiar Torbjørg Øye - nestleiar Haktor P. Aakre Kjell Lutro Randi Haukenes Marianne Skjelnes Varamedlemer: 1. Bodil Våge 2. Henny Svindland Skjelnes 3. Hans Gerhard Gjuvsland 4. Olga Helene Ask Prest: Kjetil Kringlebotten Stord Stord: Åsa Rygg - leiar Anders Grov Nilsen - nestleiar Kjellaug Stautland Eide Nils Dale Elde Anne Brandvik Nilsen Jakob Saghaug Daniel Kjellevold Steinsland Liv Jorunn Alvsåker Varamedlemer: 1. Gerny Fredrikke Gandrud 2. Jostein Grimsbø 3. Elfrid Johanne Kartveit 4. Oddlin Dagmar Stave Aadland 5. Målfrid Lønning Prest: Eirik Aadland Tappel Nysæter: Hildegunn Sæbø Heimro - leiar Marit Stalheim Grimstad - nestleiar Lovise Sæbø Heimro Lars Heine Kaldefoss Odd Naustdal Helga Thorsen Stautland Oddbjørg Kringlebotten Løkling Elisabeth Vatland Fauskanger Varamedlemer: 1. Reidun Alma Hagenes 2. Tove Volden Nygård 3. Mats-Mikal Nordhaug Langøy 4. Solveig Frida Færevaag Nome 5. Ingebjørg Råheim Grønsdal Prest: Arnt Johan Vistnes Sveio Sveio: Bent Rune Sinnes, leiar Ragnhild Elise Lysen, nestleiar Olav Haugen Hildur Larsen Haldis J. Økland Lier Runar Larsen Anne Vierdal Leiv Rossehaug Varamedlemer: 1. Tone B. Steinsvåg 2. Elise De Winter 3. Anne Gunn Bjørnevik 4. Else Berit Bøe 5. Tor Ingolf Hunsbedt Prest: Gisle Sørhus Valestrand og Førde: Tor Helge Hardeland, leiar Astrid Farestveit Gane, nestleiar Eirik S. Eriksen Alice K. Enerstvedt Martin Strømøy Otto Inge Molvær Monica Nyland Jacobsen Monica Sakkestad Varamedlemer: 1. Hans Petter Storesund 2. Marit Annlaug Stokkenes 3. Ragnhild Elise Sæverhagen 4. Bente Natvik Storesund Prest: Arild Steinsland Tysnes Onarheim: Grethe Barmen - leiar Leiv Magne Hovland - nestleiar Magne Storesætre Åshild Matre Anders Hundeide Magnussen Åshild Langeland Varamedlemmer: 1. Kjell Arild Lien 2. Anne Britt Onarheim 3. Bjørg Haukanes Meland 4. Elin Meland 5. Oddvar Helland 6. Astrid Bakkane Prest: Marit Isaksen Espedalen Tysnes: Arne Leite - leiar Åse Enes - nestleiar Helga Kristine Haaland Johanne Dalland Guro Fjeldet Lunde Arvid Økland Varamedlemer: 1. Olav Teigland 2. Magne Hauge Skartveit 3. Ragnhild Elisabeth Haaland Malkenes 4. Inger Teigland 5. Birgit Nødland Austvik 6. Natalija Berg Prest: Marit Isaksen Espedalen Uggdal og Reksteren: Erna Amanda Bergliot Drange - leiar Endre O. Epland - nestleiar Annlaug Tvedt Flornes Kari Elin Brandt Elisabeth Sandven Tine-Sofie Stensland Varamedlemer: 1. Jan Økland 2. Harald Selmer Gjøvåg 3. Helge Hauge Prest: Marit Isaksen Espedalen 10 Jula 2015 fra fjord og fjære Fleire steg nærare byggjestart for nytt soknehus i Sveio Fredag 6. november blei ein viktig milepæl for det nye soknehuset nådd - sameiget Sveio soknehus vart formelt stifta ved at soknerådsleiarane i Valestrand og Førde sokn og Sveio sokn underteikna stiftingspapira. Dei to sokna blir eigarane av det nye soknehuset. I 2014 hadde ein i Sunnhordland prosti dette fokus: «Saman i kyrkja i tenlege lokale.» I Sveio har ein arbeidd med ideen om nytt soknehus sidan bispevisitasen ved biskop Halvor Nordhaug i 2010. I tillegg til teikningar ved arkitekt Thomas Brekke, Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke, har ein arbeidd med å skaffa økonomi – ikkje minst ved å etablera gjenbruksbutikk i 2014. Illustrasjon: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke Det er no sendt ut nabovarsel for soknehuset og byggemelding vil fylgja deretter. Ein vil innhenta tilbod på hovudentreprise for bygget i løpet av desember. Frå venstre: Bent Rune Sinnes, soknerådsleiar i Sveio sokn, Tor Helge Hardeland, soknerådsleiar i Valestrand og Førde sokn og Per-Bjørn Habbestad, leiar i Sveio soknehus Sveio kommune er bedne om å kjøpa om lag 30 prosent i huset som skal husa kommunale oppgåver i samband med drifta av kyrkja. Dei kommunale oppgåvene er reiskapsbod og kapell med kjølerom til gravplassen og kontor til kyrkja sine medarbeidarar. Resten av huset blir finansiert gjennom innsamla eigenkapital, gåver, gjevarteneste og ved inntekter frå sal i Gjenbruksløa i Førde. Planane no er byggjestart til våren under føresetnad av at kommunen går inn med garantiar for kjøp av sin del i det ferdigstilte soknehuset. Dette kjem truleg opp til politisk behandling i Sveio kommunestyre i starten av 2016. Det nye soknehuset vert plassert ved Sveio kyrkje og skal i tillegg til kommunale oppgåver husa rom for ungdomsarbeid og møteverksemd av ulik art. Sveio bedehus blir ein del av soknehuset og skal bruka huset til sine aktivitetar. Salane i huset kan og leigast til dåps- og konfirmasjonsfestar, minnesamvær og andre samkomer. Arild Steinsland Vigsling av klokketårn og kyrkjeklokker i Etne 2. sundag i advent var ei nær fullsett Etne kyrkje med på vigsling av kyrkjeklokker og klokketårn. Det var prost Svein Arne Theodorsen som stod for vigslinga. Kyrkjeklokkene er viktige I si helsing peika prosten på kva for viktige funksjonar kyrkjeklokkene har. Dei skal - Forkynna Guds ære - Samla oss til gudsteneste - Kalla oss til takk og bøn - Minna oss om vårt evige mål hos Gud Klokketårnet og kyrkjeklokkene vart vigsla, innvia og helga ved Guds ord og bøn. Helsing frå biskopen På kyrkjekaffien vart dei firma som har utført arbeidet med klokketårne – Byggmeisterfirma Haakull & Ersland og Ølen betong – takka, og dei som har utført viktig dugnadsarbeid med graving og heller. Biskopen skal godkjenna kyrkjeklokker og tårn. Prosten kunne melde at biskopen godkjenner, men formelt brev låg ikkje føre til vigslinga. Biskop Halvor Nordhaug helste kyrkjelyden slik: «De kan gå sju gonger rundt tårnet og blesa i horn. Dersom tårnet blir ståande, er det godkjent.» Nytt kyrkjekontor Under kyrkjekaffien hadde ein og fokus på det nye flotte kyrkjekontoret i underetasjen i Enge bedehus. Prosten skrytte av det arbeidet som er gjort og kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad heldt ein fin tala der ho på vegne av Etne kyrkjelege fellesråd takka for kontora og overrekte blomehelsing til leiaren for dugnadsgjengen, Kjetil Flokketvedt. Foto: Per Hjemdal fra fjord og fjære 11 Jula 2015 Gospelkonsert i Uskedal kyrkje I desember er det tid for julekonserter av ymse slag i kyrkjene våre. I Uskedal kyrkje fekk ei fullsett kyrkje ei «formidabel oppleving» slik ein av tilhøyrarane ordla seg. Gospelkoret Abraham frå Sandnes gledde mange i Kvinnherad med sin flotte song då dei var her i august i fjor i samband med at Lina Håland vart ordinert til prest av biskop Halvor Nordhaug. Lina Håland er sokneprest i Uskedalen, no hadde ho og soknerådet invitert koret til å ha konsert i kyrkja. Det vart ei heilt spesiell stund. Koret formidla song og musikk på eit høgt nivå. Mange vart imponert og gledde seg over det dei fekk oppleva. Koret har som mål å skapa musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar. Det målet vart til fulle nådd i Uskedal kyrkje. Koret sprudla og synte stort engasjement i det dei gav vidare. Her var mange høgdepunkt i flotte harmoniar med kor, duett og fleire solistar, mellom anna ein sterk versjon av «The Prayer» framført av Eirik Normann og June Katrine Kolnes. Mange gledde seg særleg over å høyra deira eigen sokneprest Lina i eit flott solistinnslag. Foto: Mari Mehl, Grenda Gospelkoret Abraham sprudla og synte stort engasjement i det dei gav vidare under konserten i Uskedal kyrkje. Gudstenester i Sunnhordland prosti i jul og nyttår 2015 Velkomen til kyrkje jule- og nyårshelg. Julaftan er det i Sunnhordland prosti 46 gudstenester, det er ny rekord! 2. Juledag Øvrebygda bedehus kl. 11.00 Lykling kyrkje Bømlo: 23.12 Bømlo kl. 12.30 Bremnes 14.00 Julaftan Lykling kl.14.30 Espevær 14.30 Moster 14.30, 16.00 Bremnes 15.00, 16.15 Bømlo 16.00 1. Juledag Moster kl. 12.00 Lykling 11.00 2. Juledag Bremnes kl. 11.00 Bømlo kl. 11.00 28.12 Bremnes kl. 20.00 Romjulsgospel med Bømlo Gospel 31.12 Moster kl. 23.00 Nyårsdag Bremnes kl. 12.00 Etne: 4. søndag i advent Grindheim kl. 11.00 Julaftan Frette kl. 13.00 Fjæra 13.30 Etne 14.30, 16.00 Skånevik 16.00 1. Juledag Stødle kl. 12.00 Skånevik 12.00 Romjulssøndag Etne kl. 19.00 Nyårsaftan Skånevik kl. 17.00 Nyårsdag Stødle kl. 12.00 Fitjar: Julaftan Fitjar kl. 14.30, 16.00 1. Juledag Fitjar kl. 12.00 Nyårsdag Fitjar kl. 12.00 Hatlestrand 13.30 Ølve 14.45 Kvinnherad 16.00 Varaldsøy 16.00 Ænes 16.00 Fjelberg og Eid: Julaftan Halsnøytunet kl. 12.00 Fjelberg 14.00 Eid 14.30, 16.00 1. Juledag Kvinnherad kl. 11.00 Ølve 15.00 2. Juledag Varaldsøy kl. 11.00 1. Juledag Eid kl. 12.00 Nyårsaftan Minnegudstenester Ølve kl. 13.00 Kvinnherad 16.00 Nyårsaftan Eid kl. 16.00 Husnes: Julaftan Husnes kl. 15.00, 16.15 Holmedal 15.00 Valen 16.00 1. Juledag Husnes kl. 12.00 2. Juledag Holmedal kl. 11.00 Stord: 4. søndag i advent Stord kl. 11.00 Nysæter 11.00 Sveio: Julaftan Sveio Omsorgssenter kl. 11.00 Valestrand 14.30 Førde 15.30, Eikeland 16.30 Sveio 14.30, 16.00 1. Juledag Sveio kl. 12.00 Nyårsaftan Sveio kl. 23.15 Tysnes: 4. søndag i advent Tysnes Sjukeheim kl. 11.00 Julaftan Reksteren kl. 14.00 Onarheim 14.00 Uggdal 16.00 Tysnes 16.00 1. Juledag Tysnes kl. 12.00 Nyårsdag Onarheim kl. 11.00 Nyårsdag Valen kl. 18.00 Julaftan Stord kl. 13.30, 14.45, 16.15 Huglo 14.45 Nysæter 14.30, 16.00 Nyårsaftan Valen kl. 16.00 1. Juledag Stord kl. 12.00 Nysæter 12.00 Nyårsdag Husnes kl. 12.00 2. Juledag Stord kl. 11.00 Uskedal: Julaftan Uskedal kl. 14.00 27.12 Minnegudstenester Stord kl. 11.00 Nysæter 19.00 Kvinnherad: Julaftan Rosendalstunet kl. 11.00 Åkra 13.30 Nyårsdag Nysæter kl. 12.00 Huglo 11.00 Nyårsaftan Stord kl. 23.15 Foto: Gunnar Langeland Kvinnherad kyrkje 12 Jula 2015 fra fjord og fjære Julefeiring Siri Klokkerstuen er nyvalt ordførar i Etne. Ho har lang politisk erfaring både i Etne kommune og i fylkestinget i Hordaland. Ho har og vore varaordførar i Etne i to periodar: 2003 - 2007 og 2011 – 2015. Siri er utdanna lærar, ho gjekk musikklinja på Lærarhøgskulen på Landås i Bergen frå 1980 – 1983 og har vore lærar i 32 år. Siri svara kjapt ja då ho vart spurt om å dela minne og erfaringar rundt julefeiringa i «Fra Fjord og Fjære». Ho tok bladet sin utsendte varmt i mot med smil, kaffi og rund kake. Juleminne Eg vaks opp i eit fleirgenerasjons hus frå 1700 – talet på Rygg i Etne. Mamma og pappa, søskena mine og eg budde i lag med farmor. Det var farmor som laga til jul, mest heilt til hennar siste dag. I farmor si spisestove var me samla, alltid sju til bords. Det var oss fem, farmor og ei tante som kom på besøk frå Oslo. Dette var familien vår, me hadde ikkje meir familie her. Eg hadde høge forventningar til julaftan, for meg var det felles bordsetet viktigast. Eg minnest at bordet var så fint pynta. Den nystrokne duken, det kjende serviset, det fine dekketøyet – alt var på plass, og det var så fint. Det lukta så godt, det lukta jul. Best var den gode eimen av pinnekjøt. Julemenyen stod ikkje til diskusjon, den var fast og tradisjonell. Alt skulle vere likt frå år til år, tradisjonane tok me vare på. Me song for maten og me leste juleevangeliet. Og julematen smakte ekstra godt, berre betre og betre for kvart år. Etter det fine og gode bordsetet med familien var det tid for oppvask. Far var humoristisk, kvart år kom same meldinga etter middagen: det var lenge til dei skulle opna pakkane, fyrst måtte dei vaske opp og kan hende kvile litt etter det. Når eg ser tilbake, så vart mest presangane ein parentes. Eg har ingen heilt spesielle minner knytt til julegåver, men det var kjekt med pakkane – og her følgde me dei kjende tradisjonane. Til mine gode minner frå julaftan høyrer gong rundt juletreet. Me som var så få måtte ha med oss bamsar og dokker for å få heil ring rundt treet. Så song me julesongane, mamma kom frå ein musikalsk familie, det var kjekt å vere i lag om dette og. Siri understrekar at for henne er minna frå julaftan som barn gode, ho seier: «Det var veldig koselig.» Kyrkjegong Siri Klokkerstuen fortel at dei gjekk i kyrkja på høgtidsgudstenesta juledagen. «For meg er kyrkja Stødle kyrkje, denne vakre historiske kyrkja på høgda med god utsikt over Etnebygda. Eg minnest julegudstenestene med sokneprest Olav Øystese med glede. I kyrkja fekk me og synga dei fine julesongane. I mange år hadde eg gleda av å vere med å spela på julegudstenesta.» Siri har god og lang erfaring med å spela i korps, fyrst kornett i skulekorpset og så alt-saksofon i musikklaget. Ho gjekk musikklinja ved Lundehaugen vidaregåande skule i Sandnes. Julemusikk og julesongar «Julesongane er viktige,» seier Siri. «Dei har eg vokse opp med, det er eg takksam for, kjende og kjære tonar og tekstar. Eg saknar å ikkje vere på skulen i advent og juletida. På skulen lever dei med i årshjulet, får med seg dei ulike tradisjonane, syng dei songane som høyrer med. Eg tenker at skulen har ei særs viktig oppgåve som kulturberar.» Jul i heimen i dag Siri seier at ho elskar jul. Ho omtalar seg som ei ambisiøs mor og husmor, ho gled seg over å kunne stella til jul i heimen. Dei bur på same staden som Siri budde som barn, dei har bygd eige hus der. Her tek dei vare på tradisjonane. «Våre tre barn har feira jul mest på same måten som eg. Det er den nære familien som samlast julekvelden. Me feirar jul i lag med søstera mi og hennar familie, anten hos oss eller systera mi.» Barn og barnebarn I år gled eg meg særleg til å feira jul i lag med to barnebarn, kanskje dette vert det mest spennande på julaftan? Me har to barn som studerer i Bergen, eg kjenner at eg gled meg til at dei skal koma heim. I familien har me stor glede av kvarandre. Det er godt for meg at studentane gled seg til å koma heim. Familie med matkultur For oss er det faste, gode tradisjonar knytt til mat. Innfor julehøgtida gjer vi mykje forskjellig, i vår familie er me på høggir med tradisjonsmat. Eg er glad i å laga mat, saltmat er prioritert. Sild høyrer med, sursild lagar eg. Lutefisk er me ekstremt gode på takka vera mannen min som fiskar ferdatorsken sjølv i Åkrafjorden, turkar og lutar i desse dagar. Eg er gift med ein som har lyfta opp sine mattradisjonar. Røykefisk, sylteflesk og rull høyrer med. Smalahove er og blitt tradisjon om hausten. Framleis er det pinnekjøt på julaftan. Det må vera frå Åkrafjorden. Godt og tradisjonsrikt i vår familie. Kyrkjegarden «Julaftan pyntar me på gravene, det er og tradisjon, og dette er viktig for oss i vår familie.» Pynten er heimelaga. Siri fortel at ho likar å laga kransar og dekorasjonar, ho trivast som blomsterdekoratør. Her er det og mange tradisjonar, det er så mange sider ved jula. Ho funderer over om nokon av dei som har kome til Etne med andre kulturelle og religiøse tradisjonar kunne ha lyst til å læra litt om kransar og juledekorasjonar. Ser vi konturane av eit spennande prosjekt med Siri som engasjert lærar og kulturformidlar? Eit godt fellesskap i jula Vi ser og høyrer at Siri Klokkerstuen gled seg til julefeiringa. Ho verdset dei gode tradisjonane rundt jul i heimen og har eit håp om at dei igjen skal få oppleva eit godt fellesskap i familien i jula. Samtidig tenkjer ho på dei som kan hende ikkje gled seg til jul. I ettertanke seier ho at ho kjennar at dei som familie er ekstremt heldige, trygge heimar med rikeleg høve til å feira familiejul med kjende, gode tradisjonar. «Kan me klara å inkludera andre i vår julefeiring?» Siri vert ettertenksam. «Det skulle eg ynskja at me kunne,» seier ho. Ho har eit stort ynskje om at alle må få oppleva gode, trygge, varme, inkluderande fellesskap – spesielt i jula. Den nye ordføraren i Etne helser god jul til alle lesarane av det tradisjonsrike julebladet «Fra Fjord og Fjære.»
© Copyright 2024