kulutrminnekartlegging

Kulturavdelinga
Sakshandsamar:
Berit Gjerland
E-post: berit.gjerland@sfj.no
Tlf.: 41530987
Kinn Arkitekter AS
Postboks 531
Vår ref.
Sak nr.: 14/8159-6
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Internt l.nr.
18780/15
Dykkar ref.
6903 FLORØ
Dato
FØRDE, 21.05.2015
Gulen - Detaljregulering gbnr. 91/1, Mjømna
- tilbakemelding etter kulturminneregistrering
Viser til tidlegare korrespondanse og kontakt i denne saka.
Som tidlegare opplyst er kulturminneregistreringa gjennomført, og ved registreringa vart det
påvist ein lokalitet frå steinalder. Funnstaden ligg ved Nesvika, like nedanfor vegen.
Den har ID 212736. Det vart funne gjenstandar i flint og kvartsitt. Det er ein reiskap, eit bor som
var knekt, og eit avslag i flint. Erfaringsmessig vil det vere endå fleire gjenstandar i dette arealet.
Det synest likevel å vere ei avgrensa funnmengde, noko som indikerer korttidsbruk og dermed ein
kronologisk rein lokalitet.
Funnstaden viser seg å ligge svært sentralt i planområdet. Vi vil tilrå at arealet blir nærare
undersøkt ved ei utgraving. Når den er gjennomført, kan arealet takast i bruk i samsvar med
arealføremålet i planen.
Reint konkret no kan utstrekninga av funnførande areal kan leggast inn i detaljplanen. Formelt sett
inneber det ein søknad om oppheving av det automatisk freda kulturminnet når planen kjem på
offentleg høyring. Når planen er på høyring, vidareformidlar fylkeskommunen ein søknad overfor
Riksantikvaren om oppheving av fredinga. Vedtaket frå Riksantikvaren blir lagt inn som føresegn i
planen.
Utstrekninga av lokaliteten er vist nedanfor. Den lyse sona er sikringssona på fem meter som her
blir genererert automatisk.
Lokaliteten si utstrekning er også tilgjengeleg i shape og i sosiformalt, sjå vedlagte lenker.
I shape:
Dataeksporten fra Askeladden var vellykket. Klikk her for å laste ned resultatet:
http://fme.ra.no/fmedatadownload/results/FME_101C4422_1432237698965_96.zip
I sosi:
Dataeksporten fra Askeladden var vellykket. Klikk her for å laste ned resultatet:
http://fme.ra.no/fmedatadownload/results/FME_101C4422_1432240598416_2928.zip
Storehagen 1B | Pb. 173 | 6801 FØRDE | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000
postmottak.sentraladm@sfj.no | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side
Vi vonar dette er tilstrekkelege opplysningar for dykk slik at de kan gå vidare med planen.
Med helsing
Ingebjørg Erikstad
fylkesdirektør
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Berit Gjerland
seniorrådgjevar