Til utlysing - Prosjektleiar for hydrogen-satsing

Side 1 av 3
Fylkesrådmannen
Sakshandsamar:
Anne-Kjersti Stenehjem
E-post: Anne-Kjersti.Stavo.Stenehjem@sfj.no
Tlf.: 95725658
Vår ref.
Sak nr.: 16/7148-2
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Frantz as
Postboks 365
Internt l.nr.
31134/16
Dykkar ref.
8001 BODØ
Dato
LEIKANGER, 19.09.2016
Til utlysing - Prosjektleiar for hydrogen-satsing - 2 årig engasjement
Frå side 2 og utover fylgjer stillingsutlysing for ei stilling som prosjektleiar for hydrogen-satsing,
som er eit 2-årig engasjement.
Fullstendig versjon av utlysinga ynskjer vi på heimesida vår, Framtidsfylket.no og nav.no. Vi
ynskjer at den fullstendige versjonen av utlysingsteksten vert publisert snarast.
Det skal ikkje vere utlysing i papirmedia.
Søknadsfristen for stillinga er 30. september 2016.
Med helsing
Anne-Kjersti Stenehjem
rådgjevar
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Vedlegg:
Kopi til:
Endre Høgalmen, NKA
Jan Heggheim, NKA
Besøksadresse:
Postadresse:
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 LEIKANGER
E-post:
post@sfj.no
Heimeside:
www.sfj.no
Telefon:
57638000
Bankgiro:
4212 02 02000
Org.nr :
NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 3
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både
tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak,
tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette
og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.
Vi er ein aktiv utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringslivet og ulike
organisasjonar arbeider med utviklingstiltak i heile fylket.
Nærings- og kulturavdelinga har ansvar for både næringsutvikling og fylkeskommunen sin
kulturinnsats. Vi har allsidige og utadretta oppgåver, der fellesnemnaren er å legge til rette for
utvikling i Sogn og Fjordane.
Med god støtte frå Sparebankstiftinga set fylkeskommunen no i gong eit prosjekt som skal
stimulere til auka bruk av hydrogen-løysingar, og til produksjon og effektiv distribusjon av
hydrogen.
Prosjektsleiar for hydrogen-satsing – 2-årig engasjement
Nærings- og kulturavdelinga treng ein drivande prosjektleiar til å koordinere og drive fram
hydrogen-prosjektet. To-årig engasjementstilling i 50 % stilling.
Det er venta at etterspurnaden etter hydrogen vil auke, ikkje minst fordi hydrogen vil redusere
behovet for fossil energi. Gjennom hydrogen-prosjektet vil fylkeskommunen saman med ulike
samarbeidspartnarar stimulere til auka bruk av hydrogenløysingar. Dette både med tanke på
næringsverksemd og miljøvenlege løysingar. Prosjektet femnar m.a. om
-
Transportmiddel som nyttar hydrogen, der vi vil stimulere til hydrogendrivne løysingar
Hydrogenstasjonar, der vi vil legge til rette for eit nettverk av hydrogenstasjonar
Hydrogendrivne brenselsceller til andre føremål, m.a. naudstraum til bygg/anlegg
Produksjon av hydrogen
Vi kan tilby allsidige arbeidsoppgåver med mykje utadretta kontakt, og tilhøva ligg godt til rette
for fagleg utvikling.
Du må ha:
 Høgare utdanning på minimum bachelor innan naturvitenskaplege fag, miljøfag,
samfunnsfag eller tilsvarande
Vi vektlegg:
 Driv og evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og du er løysingsorientert
 Gode evner til å samarbeide med andre, både internt og ut mot næringsliv og
samarbeidspartnarar – og du er kontaktskapande
 Legning for å møte andre på ein god måte – lære av andre og dele kunnskap
 God skriftleg og munnleg framstillingsevne – flink til å kommunisere
 Kjennskap til næringsretta arbeid og god evne til å koordinere og drive fram prosjekt
Vi kan tilby:
Løn etter avtale

Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

Fleksibel arbeidstid

Nærmare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Endre Høgalmen (tlf. 95207789) eller
fylkesdirektør Jan Heggheim (tlf. 90566623).
Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er fylkeshuset i Leikanger.
På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema som du finn i søknadsbildet på
www.sjf.no
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke
søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med
deg til eit ev. intervju.
Side 3 av 3
Søknadsfrist 30.september 2016