Dagny Holm Illustrert av Ane Steinsholt Hem in l e p ep Z LESESERIE Nynorsk SMARTE BJARTE PÅ SPORET Norsk for barnetrinnet Smarte Bjarte2 nyn.indd 1 15-05-06 07:50:26 KVEN ER SMARTE BJARTE? Smarte Bjarte er detektiv. Han har eit hemmeleg kontor på ein hemmeleg stad i ein hemmeleg by. Men Smarte Bjarte er nesten aldri på kontoret. Han har det altfor travelt med å løyse mysterium. Smarte Bjarte er ein av dei aller beste detektivane i verda. 4 Smarte Bjarte2 nyn.indd 4 15-05-06 07:50:29 Kvar morgon sjekkar Smarte Bjarte telefonsvararen sin. Svararen er alltid full av meldingar frå folk som treng hjelp. Bjarte bestemmer seg for kva sak som hastar aller mest. Så gjer han seg i stand til å dra ut på oppdrag. Han tek alltid med seg kofferten sin. Kofferten er full av detektivutstyr: – Fingeravtrykkspulver – Kamera – Handjern – Måleband – Notisbok – Mobiltelefon – PC – Forbrytaralbum – Fuglefrø Bjarte tek med seg kofferten og går ut i bilen. Det er ein spesialbygd sportsbil med radar og automatiske handjern. Bilen har også mange hemmelege knappar. Dersom Bjarte trykkjer på den raude knappen, går dørene opp. Dei snur seg og blir til venger. Ein propell stikk ut framme på bilen. Smarte Bjarte har fått eit fly! 5 Smarte Bjarte2 nyn.indd 5 15-05-06 07:50:30 Dersom Smarte Bjarte trykkjer på den grøne knappen, blir bilen heilt vasstett. To propellar stikk ut bak. Smarte Bjarte har fått ein båt! Dersom Smarte Bjarte trykkjer på den gule knappen, blir bilen til ein undervassbåt. Og dersom han trykkjer på den svarte knappen ... Ingen veit kva som skjer dersom Bjarte trykkjer på den svarte knappen. Den knappen har aldri vore brukt. Den svarte knappen er panikknappen. Smarte Bjarte har aldri hatt panikk. Ikkje enno. Til vanleg er dei hemmelege knappane gøymde bak ei hemmeleg luke. Bilen ser ut som ein vanleg sportsbil. Ingen kan sjå at det er noko spesielt med bilen. Før Smarte Bjarte køyrer, opnar han bilvindauget og plystrar tre gonger. Svisj! Ein fugl kjem susande inn gjennom vindauget og set seg på setet. Det er Knut Gribb, den tamme papegøyen til Bjarte. – Då tenkjer eg vi kan starte, seier Smarte Bjarte. 6 Smarte Bjarte2 nyn.indd 6 15-05-06 07:50:30
© Copyright 2025