ÅRGANG 1, NUMMER 1 Informasjon om lokallaget Telefon: 57 72 20 40 Kjære medlemmer Postadresse: Boks 332, 6801 Førde Godt nytt skule- og barnehageår. I samband med oppstart av nytt skule- og barnehageår ynskjer vi å sende ut informasjon om Utdanningsforbundet Førde. Nedanfor har vi skrive nokre ord om oss slik at medlemmer får litt kunnskap om lokallaget og Utdanningsforbundet som dei er ein del av. Lokallagsleiar og hovudtillitsvald Besøksadresse: Kommunehuset, 3. etg E-postadresse: post@forde.utdanningsforbundet.no Nettadresse: www.udf.no/forde Ei viktig oppgåve er å hjelpe medlemmer med spørsmål om organisasjonssaker og medlemskap. - Vi er det største lokallaget i fylket, men ynskjer alltid nye medlemmer velkommen! Tor Inge er fast medlem i arbeidsmiljøutvalet og vara til administrasjonsutvalet. Frå venstre: Steinar Strømsli og Tor Inge Brenne Tor Inge Brenne har vore lokallagsleiar i tre år. Han har det overordna ansvaret for alle organisasjonssaker i kommunen og har ansvaret for økonomi og drift av lokallaget. . Han er leiar for medlemmer i offentlege og private arbeidsplassar i kommunen. - Eg trivst veldig godt i vervet og ser på jobben som meiningsfull og viktig, seier han. Steinar Strømsli er hovudtillitsvald for tilsette i Førde kommune som har sin arbeidsplass i skule og PPT. Han har og ansvar for einingsleiarane i kommunen. - Eg er ofte i møte med arbeidsgjevar om saker som vedkjem arbeidssitu- asjonen til tilsette. Det er viktig at profesjonen si røyst vert høyrd når ulike saker skal avgjerast, seier han. Til hausten er det lokale forhandlingar og mykje tid og krefter vil gå til det. - Vi skal ha ei runde med alle klubbane om kva prioriteringar dei har, så får vi krysse fingrane og håpe på gode resultat, avsluttar han. Steinar sit som fast medlem i administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet. Tor Inge er hovudtillitsvald for tilsette i barnehagane i Førde kommune. Visste du at... … Utdanningsforbundet er den suverent største og mest betydningsfulle organisasjonen for pedagogar? … Førde lokallag har 506 medlemmer? … fylkeslaget har i ca. 3900 medlemmer? … at Utdanningsforbundet har 147 000 medlemmer? … Førde lokallag har medlemmer på 42 arbeidsplassar (kommunale, fylkeskommunale, Helse Førde, statleg og private arbeidsplassar)? … vi har 28 arbeidsplasstillitsvalde og 3 kontaktpersonar? … vi organiserer førskulelærarar, lærarar, leiarar og tilsette i fagleg og administrative støttesystem? … vi er det største lokallaget i Sogn og Fjordane? … lokallaget har årsmøte kvart år? … fylkeslaget har årsmøte kvart tredje år? … Utdanningsforbundet vart samanslått av Norsk lærarlag og Lærerforbundet i 2002? … lokallagskontoret ligg i 3. etasje i kommunehuset? Side 2 INFORMASJON OM LOKALLAGET Hovudtillitsvald fylkeskommunen Rune Hovland har vore hovudtillitsvald i snart fire år. Han er fast medlem i fylkesstyret og har ansvar for kontakt med arbeidsgjevar i fylkeskommunen. Som HTV sit han i ei rekkje utval; hovudsamarbeidsutvalet, fagoplæringsnemda og tilsettjingsutvalet for vidaregåande opplæring. I tillegg har han møte og talerett i Hovudutval for opplæring. I hovudutvalet sit det politikarar som skal styre arbeidet med utdanningsspørsmål som fylkeskommunen er ansvarleg for. - Det vert ein del reising i dette vervet sidan eg sjølv har kontor i Førde og fylkesadministrasjonen sit i Leikanger, men det er spennande og mange utfordringar som ikkje gjer ein dag lik, seier Rune. Ei viktig oppgåve for Rune er å hjelpe dei plasstillitsvalde omkring på dei ulike skulane i fylkeskommunen. - Vi har ein god kommunikasjon. Eg får viktig informasjon om kva som rører seg ute i skulane og eg gjev råd og hjelp tilbake til dei tillitsvalde. Rune har sin opphavlege arbeidsplass på Hafstad vgs og har lang fartstid som tillitsvald. Før han vart HTV sat han fleire periodar i lokallagsstyret til Førde lokallag. Rune Hovland, HTV i fylkeskommunen Struktur Utdanningsforbundet er delt inn i fire nivå: Sentralt nivå Landsmøtet er det øvste organet i heile Utdanningsforbundet. Landsmøtet vedtar viktige politiske retningar og økonomiske prioriteringar. Landsmøtet vert gjennomført kvart tredje år. I tillegg har vi representantskapet som er det øvste nivået mellom landsmøta. Sentralstyret er organisasjonen sitt øvste utøvande organ. Fylkeslag Fylkesstyret er øvste utøvande myndigheit på fylkesplan. Fylkesstyret arbeider på oppdrag frå fylkesårsmøtet som vert gjennomført kvart tredje år. Fylkeslaget har hovu- dansvaret for skulering av tillitsvalde rundt om i kommunar og arbeidsplassar. Lokallag Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget og vert gjennomført kvart år. Lokallagsstyret er øvste utøvande myndigheit i lokallaget og arbeider på oppdrag frå årsmøtet. Klubb På ein arbeidsplass utgjer alle medlemmene ein klubb. Klubben skal vere ein møteplass der alle medlemmer skal ha ein direkte innverknad på politiske prosessar og på val av tillitsvalde. Kvar arbeidsplass skal ha ein tillitsvald. Styret i Førde lokallag Leiar: Tor Inge Brenne, Halbrend skule Nestleiar: Hans Otto Holme, Hafstad vgs Styremedlemmer: Hege Skarvøy, Øyrane vgs, Karin Svoen, Mo og Jølster vgs, Sissel Karin Sande, Førde u.sk., Steinar Strømsli Halbrend sk., Ingerid Grane, Førde fam.bhg., Ann Mari Støldal, Vieåsen bhg, Hallgeir Hamre, Førde u.sk. Vara: Lisbeth Lauritsen, Halbrend sk., Trude Horne, prestebakken bhg, Anne Brit Sande, Mo og Jølster vgs.
© Copyright 2025