Side: 1 av 1 Buskerud fylkeskommune Vår dato: 02.11.15 Vår referanse: Arkivkode: Gol vidaregåande skule VELKOMEN TIL ELEV- OG FORELDRESAMTALER FOR VG1 TYSDAG 1.DESEMBER OG ONSDAG 2.DESEMBER KL 18.00 – 21.30 Alle vil få høve til samtale med kontaktlærar og faglærarar. Me ber difor om at de fyller ut slippen under, og melder ifrå om de kjem eller ikkje. Ramma for foreldresamtalene er mellom kl 18.00 og 21.30. De vil, når me har fått beskjed om kor mange som kjem, bli sett opp på ei fast tid med kontaktlærar. Denne tidsoversikta vil de få i løpet av veke 48. Gi beskjed om de ønskjer å koma tidleg eller seint, så vil me prøve å tilpasse dette. Dersom de ønskjer å byte møtetid seinare, må de byte innbyrdes. Me oppfordrar dykk sterkt til også å ta kontakt med faglærarar, og me vil gjerne ha melding om kven de ønskjer å prate med. Me vil servere kaffi/te og frukt på personalrommet. De vil der kunne få ei uformell samtale med andre foreldre, leiinga og rådgjevarane. Dersom det skulle vera nokon faglærarar de ikkje får snakka med, ber me om at de tek kontakt med skulen seinare, slik at me kan få organisert dette på eit anna tidspunkt. Foreldra til elevar i 1STA, 1STB og 1STC vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 18.00 og kl 19.30 i KANTINA. Me vil også gjerne snakke med foreldre som har elevar som har planar om å reise til utlandet etter Vg1. Dette vert kl. 19.00 i kantina og gjeld elevar frå studieforberedande programområde (SP, ID og MUA). Tysdag 1.12.15 Klasse 1 STA 1 STB 1 STC 1DHA 1 IDA 1 RMA 1MUA Rom 210 – HALLINGDAL 213 – HEMSEDAL 215 – ÅL 204 – NES 206 – FLÅ 020 – DH 208 - BUSKERUD 150 – SPISESAL 116 - FYSIKKLAB Onsdag 2.12.15 Kontaktlærar Louise Hjelmtvedt Øystein Bergane Odd Christian Feet Anders Herfoss Halvor Knaldre Heidi Gerhardsen Gro Lappegard Martha Nistad Truls Magnussen Klasse 1STA 1 STB 1 STC 1MKA Rom 210 – HALLINGDAL 213 – HEMSEDAL 215 – ÅL 204 – NES 206 – FLÅ 024 - MK Kontaktlærar Louise Hjelmtvedt Øystein Bergane Odd Christian Feet Anders Herfoss Halvor Knaldre Andreas Isaksen Dahl Me ser fram til å samtale med dykk der me kan leggje grunnlaget for god kontakt mellom heim og skule, og bed dykk returnere slippen til kontaktlærar innan onsdag 25.november. Med venleg helsing Grete Golberg rektor .................................................................................................................................................... Eg/ me kjem på elev- og foreldresamtalene : Ja Nei Ønske om klokkeslett:_______ og dag for 1ST-klassane:________ Namnet på faglærar(ar) eg/me ønskjer å snakke med: ___________________________________________________ ______________________________________________________________________________________________ ---------------------------------------føresette/elev Postadresse Gol vidaregåande skule 3550 Gol Besøksadresse Gymnasvegen Telefon 32 07 35 00 E-postadresse gol.vgs@bfk.no Internett www.gol.vgs.no Bankkonto 2212 20 34333 Foretaksregisteret 974 606 194
© Copyright 2024