Medlemer Samarbeidsutvalet Dykkar ref. Gol kommune Vår ref. 14/03336-7 Dato 18.03.2015 Referat frå møte i samarbeidsutvalet Gol skule 11.03.15 Til stades: Bjørn Åke Økland og Camilla Larsen Hoftun (foreldrerepr.), Svanhild Aalvik (repr. for andre tilsette), Elisabeth K Brenno og Laila Mehl ( lærarrepr.), Linda S Jacobsen (UKL), Ingebjørg By Teigen ( rektor) Sak 5 – 2014-2015 Årsmelding 2014 Rektor la fram årsmeldinga og kommenterte sjukefråvær, rekneskap, måloppnåing for 2014 og mål og utfordringar for 2015. Rapportering på læringsresultat og læringsmiljø blir gjort i den årlege tilstandsrapporten som blir skriven i juni. Sak 6 – 2014-2015 Tilsetjingar og stillingar neste skuleår Det er ikkje heilt avklara kor mange ledige stillingar det blir neste skuleår, for nokon som innehar faste stillingar har ikkje gitt endeleg beskjed om dei kjem tilbake eller seier opp. Det er 25 søkjarar til dei ledige stillingane, 21 kvinner og 4 menn. Ikkje alle er like godt kvalifiserte. Sak 7 – 2014 -2015 Beredskapsplan mot vald og truslar om vald Forslag til plan vart lagt fram og drøfta. Det kom fram ønskje om å lage planen meir oversikteleg og lett tilgjengeleg ved å lage ei visuell innleiing til planen som kunne brukast i ein aktutt situasjon. Det vart og presisert at det er viktig å øve på slike situasjonar, men ikkje med elevar. Sak 8 – 2014-2015 Psyko-sosial kartlegging blant personalet Det er ei rutine i HMS-systemet til Gol kommune at det skal haldast psyko-sosial kartlegging annakvart år. Både for Gol skule og Herad var Gamlevegen 4, 3550 Gol www.gol.kommune.no postmottak@gol.kommune.no Tlf.: Faks: 32 02 90 00 32 02 90 10 Bankgiro: 2324 05 00051 Orgnr: 00964952612 det fleire år sidan sist. Den elektroniske undersøkinga til KS, Bedre kommune vart valt. Rapport over resultata er lagt fram for verneombod, tillitsvalde og repr. for Hava. Personalet vil få gjennomgang av resultata i eige møte måndag 16. mars. Det er gode skårar på alle indikatorane i undersøkinga og viser god trivsel blant dei tilsette. Særleg er skåren for samarbeid og trivsel med kollegaer svært høg. Sak 9 – 2014 – 2015 Administrativ ressurs for nye Gol skule Rektor orienterte om politiske vedtak i saka. Det blir ein felles kommunalsjef for oppvekst ( skule, barnehage og kultur) For nye Gol skule blir det ein rektor og 200% stilling som inspektør. Sak 10 – 2014-2015 Innkjøp av IT-utstyr og inventar i 2015 Innkjøp av datautstyr må avvente råd frå gruppe som rådmannen harr nedsett. Lærarrepr. uttrykte stort behov for prosjektor i klasseromma på Glitrehaug. Innkomne ønske for innkjøp av utstyr var : Kroppsøving/TL-utstyr ca 5 500 kroner Slipestein 4 400 kroner Musikkinstrument 5 000 kroner Samarbeidsutvalet såg dette som nødvendig utstyr og tilrådde at dette vart kjøpt inn Rektor gløymde å ta med at det har kome inn ønske om innkjøp av 2 symaskiner. Dette blir drøfta vidare med lærarane i Kunst & handverk. Neste møte 27. mai blir møte i både skulemiljøutval og samarbeidsutval. Elevrådsrepr. Vil bli kalla inn til dette møtet. Med helsing Ingebjørg By Teigen rektor Godkjent og ekspedert uten underskrift Kopi til:
© Copyright 2025