Krokane Nytt Mai 15

K R O K A NE NY TT
Mai 2015
LITT OM NESTE SKULEÅR, 2015 - 16:
«Ta ei potet» er eit felles prosjekt for barnehage og skule som har som mål å gje elevane i 1. klasse ein
god start på skulegangen. Prosjektet startar opp om våren når barna går siste året i barnehagen og avsluttast
om hausten når dei same barna er blitt elevar i 1. klasse. Gjennom praktiske læringsaktivitetar knytta opp
mot temaet «Poteten», ønsker vi å skape ei felles referanseramme og kontinuitet i arbeidsmåtar og
læringsstrategiar når barna kommer frå barnehagen og inn i ulike grupper i skulen. Innhaldet er forankra ut
frå Flora si historie med «sild og potet» som det viktigaste for etableringa av byen Florø, og Kystmuseet vil
vere ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet. Prosjektet er også forankra i Rammeplan for barnehagen og
Læreplanverket for Kunnskapsløftet i skulen (K06) og klart definerte læringsmål for elevane.
«TEAM KROKANE»
med atterhald om uføresette endringar
1.klasse
Kontaktlærarar: Elisabeth Løseth Østvik / Heidi Mortensen
Fag-/timelærar: Anne Merethe Oddekalv
Assistent/fagarbeidar: Sigrunn Pedersen / Elda Krogsæter Buanes
2.klasse
Kontaktlærarar: Bente Ryland Førde / Snefrid Lervik Midtbø
Fag-/timelærarar: Anne Merethe Oddekalv / Susette Rockwell Esp
Assistent/fagarbeidar: Wenche Aldeholm Skavøy / Ersada Sijaric
3.klasse
Kontaktlærarar: Ingunn Vigdal / Janne Kristin Fristad
Fag-/timelærar: Eli Kristin Pedersen
Kalland1)
Assistent: Norgunn
4.klasse
Kontaktlærarar: Charlotte Nygård / Marianne Solberg
Fag-/timelærar: Kristian Havn2)
5.klasse
Kontaktlærar: Magne Aldeholm Skavøy
Fag-/timelærar: Ingrid Wiik
Assistent: Kurt Midtbø
6.klasse
Kontaktlærarar: Annika Klocke / Siv Jannicke Refvik-Hopland
Fag-/timelærar: Torhild Madsen 3)
Fagarbeidar Merete Kjellevold Aase
7.klasse
Kontaktlærarar: Liv Langeland / Siv Madsen Folkestad
Fag-/timelærarar: Geir Sunde og Eli Kristin Pedersen
Tilleggsfunksjonar, skulen
Saed Bariise; morsmålsassistent
1)Norgunn
2)Kristian
3)Torhild
Kalland; Sekretær, administrasjonen
Havn; Spesialpedagogisk ansvarleg ved Krokane skule
Madsen; Skulebibliotekar
Krokane skule fritidsheim
Baseleiar: Lillian Fimland Sørheim
Assistentar/fagarbeidarar: Ragna Berg Rolness, Sigrunn Pedersen,
Elda K. Buanes, Wenche A. Skavøy og Ersada Sijaric,
Skuleleiing
Rektor: Bjørg Aslaksen
Inspektør: Gunnfried Sund
LEKSEHJELP
Skulen har dei siste åre tilbudt frivilleg leksehjelp fordelt på
1.-4. klasse. Erfaringane syner at denne leksehjelpa generelt
sett har hatt liten effekt, spesielt for dei yngste klassane.
Vi vel derfor å endre tilbodet om leksehjelp frå dei lågaste
trinna og til høgare klassetrinn frå neste skuleår.
Det som førebels er klart er at 1. og 2. klasse ikkje lenger vil få
tilbod om leksehjelp.
Om vi samlar all leksehjelp på 5. - 7. klasse, ev tek med 4.,
og kanskje 3. klasse i ordninga, er enno ikkje avklart.
De som foreldre kan formidle meiningane dykkar om dette til
skulen gjennom samarbeidsutvalet (SU). Namn, mobilnummer
og e-postadresse til medlemma i SU finn de på heimesida til
skulen.
SU har uttalerett, og skal bli høyrt, men det er skulen ved
rektor som tek den endelege avgjersla.
Kontaktinformasjon, Krokane skule:
Administrasjonen: 57 75 64 00 (08.00 - 15.30)
Fritidsheimen (i opningstida): 480 13 158
Rektor: 480 80 563
(ver merksam på at det kan ta tid før sms blir besvart)
E-post: krokane.skule@flora.kommune.no
Heimeside: krokane.floraskulen.no
17. mai 2015
På baksida av Krokane Nytt finn de informasjon om
barnetoget i Florø og program for feiringa på Krokane.
Barnetoget i Florø
Søndag 17. mai møter elevane ved Florø barneskole kl. 09.15,
med avmarsj kl.09.30.
Barnetoget avsluttast ved kyrkja,
og de foreldre må avtale møteplass med ungane dykkar der.
Etter at barnetoget er ferdig i byen, vert klassefanene frakta til Krokane og det lokale toget.
17.maiprogram for Krokane
kl. 11.45
Oppstilling ved sjukeheimen
kl. 12.00
Brassbandet spelar.
Avmarsj med rute:
Sjukeheimen - Jakob Sandeveg - Selhaugvegen - Bekkefaret Jakob Sandeveg - rundkøyringa - Krokane skule
ca kl. 12.30
Opning v/ 17.maikomiteen
Floraskulen brassband og drilljentene opptrer
Song v/ 4. klasse
Tale for dagen v/ 7. klasse
Barneleikar med premiar
Sal av kaffi, kaker, pølse m/brød, brus, is og lodd
17.maikomiteen oppmodar alle om å ta med mynt(og småsedlar) 7l kjøp i kaféen
Vel møtt til ein triveleg nasjonaldag!
17. maikomiteen for Krokane skule
!
Personalet ved Krokane skule håpar alle får ein fin dag og ønsker lukke til med feiringa.