Nettverksmøte for rådgivarar i Møre og Romsdal 2. desember 2015 Vi inviterer til fagleg påfyll til arbeidet med karriererettleiing for elevane i ungdomsskolen og den vidaregåande skole. Vi håper flest mogleg vil delta – vi kan love eit tettpakka program og mykje nyttig kunnskap å ta med heim til elevane. Du kan rekne med å få kunnskap om lærefag, stoda i dei ulike bransjane i lys av situasjonen i arbeidslivet, eit blikk inn i framtida. Innleiarane vil marknadsføre sin bransje og sine tilbod til elevane. Du vil møte personar du kan kontakte seinare når du har behov for bistand i rådgivingsarbeidet. Du vil få kunnskap om dei siste tal og statistikkar vi har om utdanning i Møre og Romsdal. Samlinga er lagt til Høgskolen i Molde, som ligg ca. 2 km vest for Molde sentrum. For dei som kjem med ferga frå Furneset anbefaler vi samkøyring over fjorden, slik at flest mogleg sett igjen bilen på sørsida av fjorden, parkering og miljø er to gode grunnar til det. Korresponderande ferjer til samlinga er frå Furneset kl. 0930, retur frå Molde 1540. Program (med atterhald om endringar) 1000 – 1030 1030 – 1045 1045 – 1115 1115 – 1135 1135 – 1150 1150 – 1210 1210 – 1250 1250 – 1305 1305 – 1335 1335 – 1350 1350 – 1405 1405 – 1420 1420 – 1440 1440 – 1510 Kaffi med noko attåt og registrering Velkomen til samling og velkomen til Høgskolen i Molde v/Rose Mari Skarset og Jens Petter Straumsheim Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk + + v/Fredrik Klock Norges Bilbransjeforbund v/Marit Heimdal Opplæringskontoret for anleggs- og bergfag v/Espen Wicken Sunnmøre kommunale opplæringskontor v/Anita Øen Lunsj Opplæringskontoret for elektrofag v/Jann Harald Røst Norsk Hotellhøgskole v/Margrete Ytreland Vistnes Nordmøre og Romsdal kommunale opplæringskontor v/Kristin Lervik Pause Opplæringskontoret i Haram v/Marit Voldstad Transportbransjens opplæringskontor v/Dagrunn Krakeli Fylkesstatistikken 2015 v/Ingunn Bekken Sjåholm – assisterande fylkesplansjef Påmeldinga er bindande og siste frist for påmelding er sett til fredag 27. november. Vi ber om at du gjer deg kjent med tidspunkt for start og slutt på samlinga. Meld frå til ansvarleg for samlinga dersom du kjem etter start eller må gå før slutt. Påmeldinga er bindande. Eininga vil bli fakturert med kr. 200,- per person ved avmelding etter 27.11.15. Velkomen til samling!
© Copyright 2024