£ =8;<-*0!3>52 NÆRING ÅmliAvisa PANORAMA FRÅ HOGSTFELETET: Legg merkje til den flotte, utskorne figuren til venstre på biletet. (FOTO: OSKAR LOHNE) «Topp» – « Bra» – «Kje «Det er bare så flott å få lære så mykje gjennom praktisk erfaring». seg på kurset, eller kursa, må ein vel helst kalle det, da dei etter sju dagar i skogen fekk kursbevis for heile fire gjennomførte kurs. Samarbeidsprosjekt N TORE KATERAAS Desse og mange andre positive kommentarar fekk vi fra «skogsgjengen» i 10. klasse, som nyleg avslutta skoleåret med eit omfattande skogbrukskurs. Også i år fekk 10. klasse tilbod om Aktiv Skogbrukskurs på heile 7 dagar. Og tretten 10. klassingar meldte Dette opplæringstiltaket i Aktivt Skogbruk er eit samarbeid Åmli Skule har med skogbruksetaten i Åmli, Åmli skogeigarlag, og faghjelp Trond Saga og Helge Røed som begge er instruktørar i Aktivt Skogbruk. Kurset starta i vinter med stell og vedlikehald av motorsag. Der lærte elevane om motorsaga mel- lom anna ved delvis å plukke saga frå kvarandre og sette den sammen igjen. Da fekk dei også innføring om dei ulike delane. Og så lærte dei å file sagkjedet, noko som er svært viktig for å arbeide med godt utstyr. Dette skjedde rett nok innandørs den første dagen på skolen. Men da var dei også klare for å flytte klasserommet ut, og starte på kurset i hogstteknikk. Sikkerheit For desse unge, men også for oss vaksne, er hovudtema kanskje det viktigaste, nemleg opplæring i sikkerhet og om sikker felle- og kvisteteknikk. Åmliavisa møtte ungdomsskuleelevane på Sigridnes der dei hadde felt og kvista ei mengd tre på ei hogstflate. Trond demonstrerte korleis dei skulle få tre som var vanskelege å få til å leggje seg der hoggaren vil ha det, til likevel å falle der med enkel og gjennomtenkt metode og teknikk. Og matkvilda rundt bålet på Sigridnes blei mest som eit festmåltid, sjølv om dei nok hadde med seg niste som vanleg, men kanskje det måtte til litt meir niste til skikkelege «arbeidsfolk». Og nista smaka ekstra godt ute etter ei hard økt. Praten gjekk livleg rundt bålet, både mellom dei unge og med instruktørane. Diskusjonen om den beste saga veit eg ikkje om dei blei ferdige med. Men det var tydeleg at Ånund hadde hatt gode argument for å velje det motorsagmerket som han førar. Mens andre «sverga» til andre merke. 3 dagar var dei på hogstflata og lærte seg å handtere saga og å vurdere arbeidsmetode og teknikk. For sjølv om hogst krev styrke og uthaldenheit, er kanskje teknikken vel så viktig. Så jentene viste seg å vere like så gode som karane til å felle og kviste trea. Ungskogpleie AKTIVT SKOGBRUK: – dette har vi nytte av! Framme, frå venstre: Nils Magne Baas, Joakim Martinsen, Oskar Lohne, Jon Aas, Are Sundstøyl Tveit. I midten, frå venstre: Jan Sveinungsen, Theodor Øygarden, Eirik Bjørnbakk, Knut Liane Tengelsen, Anne Riisland, Gina riisland, Kim Spelten, Andreas Hillestad. Bakerst: Instruktørane Trond Saga og Helge Røed. Det veslle biletet over: Anne vurderar kolreis ”storfurua” best kan fellast. Ungskogpleie utførte elevane på Tverrstøyl. Der lærte dei om ryddesaga, og dei lærte å file rydde- NÆRING ÅmliAvisa ¤ =8;<-*0!3>52 ! ,', '! .& .)& / .0#- "# empemoro» sagbladet. Dei lærte seg skjæreteknikk, og ikkje minst lærte dei å velje trea som bør bort for å gi gode vekstvikår til tre som ein ønskjer skal vokse seg store. Å finne fram til antall tre som bør stå tilbake, er ei viktig vurdering. Likeins kan det vere vanskeleg å måtte «ofre» eit litt større tre til fordel for eit mindre, men betre plassert og kanskje meir livskraftig tre. Etter to dagar hadde dei fått så mykje kunnskap i ungskogpleie at dei beherska teknikken, og kan nok gjere gode vurderingar i arbeid som skal utførast. "# '! (("!( .0#- Forynging og nyplanting Den siste dagen var temaet forynging og skogplanting. Elevane blei bevisstgjort om mark som treng planting, og om mark som foryngar seg naturleg. Dei hadde foryngelseskontroll, det vil seie at dei telte planter på ei flate, for å finne ut om det var ei god nok forynging. Og dei planta ut granplanter. Miljølære og skogens biologiske egenskaper går som ein raud tråd gjennom heile kurset i tillegg til sikkerhet i skogen. Elevane lærte å sjå dei biologiske utfordringane i plantefelt, i god voksterskog og i gammalskog. Og dei fekk kunnskap om kvifor samfunnet ønskjer kantsoner og at enkelttre skal stå igjen etter ein hogst. Entusiasme Det var mest påfallande kor samstemte elevane var når dei fekk spørsmål om dei hadde likt kurset. Dei uttrykte ein sterk entusiasme for det dei hadde lært og for måten dei fekk læringa på. Dei fleste, ( eg trur faktisk alle ), meinte dei ville få bruk for det dei hadde lært seinare i livet. Ja, nokre vil til og med praktisere ungskogpleie allereie i sommar. Dei lærte å arbeide i team, og forstod sikkerhetsutfordringane når dei arbeidde i team. Det var bare så utruleg gildt når elevane fortalte om kurset, om verdien av HANDLAG: Nils Magne Baas og Are Sundstøyl Tveit har akkurat felt ei furu og skal til å kviste. å lære teoretiske emne gjennom praktiske øvingar og om verdien av å arbeide i team. Ein lærdom det såg ut til at dei raskt både forstod og meistra. Topp sosialt Og sosialt hadde dei bare hatt det topp. Både i arbeidet, og ikkje minst i matpausa. Kim hadde fødselsdag den nest siste kursdagen, og ho blei feira skikkeleg ute i skogen. Anne kom med kjempegod kake, som sjølvsagt var til ære for Kim, men som også gjorde stor lykke hos dei andre. Det var nok kake til alle, og ein av instruktørane kjem neppe til å glømme « kaka i skogen», i alle fall virka det slik etter å ha hørt alle lovprisingane han kom med. Kursbeviset dei fekk, er eit skikkeleg kvalitetsbevis på kunnskap og ferdigheiter dei har fått tileigne seg. Det vil heilt sikkert også vere eit viktig kursbevis når dei seinare skal søke seg arbeid av ulik slag. Og er det odelsgutar eller odelsjenter som ser at Åmliungdom har dette viktige kursbeviset, så vil dei heilt sikkert bli vurdert som spe- "# $% " ( # $ * % "# " # sielt interessante. 10 lange skuleår er slutt, og dette kurset i skogbruk vil for desse elevane vere med på **' å gi eit ekstra minne over ei skuletid som inneheldt det meste, og som blei avslutta med noko av det beste. Strålande skogeigar At dei som åtte skogen desse 13 elevane var i, var fornøgde med innsatsen og resultatet av arbeidet dei utførte, fekk vi og bevis for. Då vi besøkte skogkurselevane på Tverrstøyl, sa «Tverrstølsbonden» Bernd Spelten at han var strålande fornøgd med det arbeidet dei hadde gjort i skogen hans, og han ga ungdommen den beste attest både for utført arbeid og for oppførsel i skogen. Vi fekk møte ein usedvanleg kjekk ungdomsgjeng (((&&" ' $ "& $ '" $ #' &'& ! ! "& & som lokalsamfunnet kan vere stolt av å ha i kommunen. Åmli skogeigarlag støtter kurset, og er spesielt opptekne av at ungdom skal få kunnskap og erfaring om skog. Skogbruksnæringa har forandra seg mykje. Ein ser at det blir mindre vanleg med eigne drifter, og det blir vanskelegare og vanskelegare å konkurrere med hogstmaskiner og lastberarar i skogen. Men kunnskap om hogst er likevel viktig, ikkje minst for å kunne vurdere eigne drifter. Å få fram kvalitetstømmer trur vi vil vere viktig i åra framover. Og både ungskogpleie, tynning og foryngingsarbeid og planting er arbeid som med stor fordel kan utførast av skogeigar og skogeigars familie. Dette kurset gir ein god stimulans til at ungdom kan ta på seg slikt arbeid i sommarhalvåret. Det blir nok nye kandidatar til Skogkurs for 10 klasse også neste år.
© Copyright 2025