Veke 25 Sinnes Skule, 2.trinn 1. 2. 3. 4. 5. 6. Måndag Oppstart Tysdag Norsk Bibliotek Matte Utematte RLE Symjing Engelsk Kroppsøving Film Musikk Onsdag Rydda og vaska klasserom Kosetime Mat & helse Mat & helse 2014/2015 Torsdag Fredag Skulegudsteneste Grilling, leik og fotballkamp på Tjørhom! Informasjon til heimen: 2.klasse er over og det er tid for SOMMARFERIE ☺ No er me klar heile gjengen for nokre veker med fri! Det har vore eit kjekt år, og eg er glad for at eg får ha denne flotte gjengen til neste år òg! Denne veka vil det bli litt rydding og kos i tillegg til litt skule. På måndag vil dei elevane som har lese 10 bøker eller meir i Lesepasset sitt få eit armband. Oppfordrar med det same alle føresette til å passa på at elevane ikkje gløymer å lesa i sommarferien. Dei treng både lesetrening og ikkje minst å bli lesne for! ONSDAG er rydde og vaskedag i klasserommet. Elevane tek med seg heim alt av bøker og klede som dei har liggande på skulen. Fint om dokker sender med dei ein ekstra pose i sekken. Etter rydding tek me ein kosetime. Elevane kan få lov å ta med seg snop for 30kr i tillegg til ei flaske brus/saft/vatn. TORSDAG er siste skuledag og då treng dei ikkje ta med skulesekken. Det blir gudsteneste på Kvæven og så natursti, fotballkamp og grilling på Tjørhom. Her må elevane ha med tursekk med grillmat, drikke og klede til vêret. Er det nokon foreldre som har lyst til å koma, er dei hjarteleg velkomne! Ein liten historie som elevane har skrive og dikta heilt sjølv. Bamsane Det var ein gong 6 små og store bamsar, ein ulv, tre hundar, ein delefin og ein storbjørn. Ale var vener. no var det leike time. Kva skal vi leike? sa Hugo. Kose sa, vi kan leike bamsetiken! Ja! Sa dei andre bamsene. Kven vil ha den? Eg vil ha han sa ulven. no leikar vi. du har han. Så sa Bela, kva skal vi leike no då? jømsel sa delefinen. eller ein konkoranser. vilken konkoranse då ? sa bjørnen. ein svøme konkoranse sa ulven. nei delefinen komar til å vine sa dei andre. men ka skal me jere då? Seier ulven. Me kan gå ut, seier kose. Dei går ut. Skal me gå på trampolinedissa, sa delfinen. Ja, sa alle. me skal lage dødnings fart, sa kose og ulven sprang Skjempe fort til trampolinedissa. han kom først til trampolinedissa. snip snap snute so var eventyra ute.
© Copyright 2024