Tema: Nobels fredspris Tekstar: «Eg er ikkje redd for å døy» (intervju) «Ei framtid i fridom» (artikkel) Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane - gjennom at elevane set ord på leseopplevinga si - gjennom at elevane diskuterer tema som tekstane tek opp - gjennom at elevane skriv eigne tekstar etter inspirasjon frå og modell av sakprosatekstar 1 Før lesinga Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: «Taliban», propaganda, dokumentarfilm, konservativ, liberal, demokratisk val, apartheid). Det er to tekstar. Kva slags type tekstar er det? Kva slags forventningar har elevane til eit intervju? Kva slags forventningar har dei til ein artikkel? Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur elevane tekstane handlar om? Har elevane høyrt om Malala? Kva veit dei om Taliban? Har dei høyrt om Nelson Mandela? Kjenner dei til apartheidpolitikken? Kva veit dei om Nobels fredspris? 2 Undervegs Be gjerne elevane notere stikkord eller setje strek under - noko som vekkjer kjensler, gjer elevane glade, triste, sinte, overraska, flaue osv. - noko dei kjenner seg igjen i - noko dei synest er overraskande, eller som verkar rart eller ulogisk - noko dei lurer på, noko som gjer dei nysgjerrige 3 Etter lesinga Klassesamtale/diskusjon: Etter at elevane har lese tekstane, anbefaler vi å ha ein felles samtale om innhaldet i tekstane, for å sikre at ein har ei felles forståing av kva dei handlar om. I den vidare samtalen kan det vere fint å ta utgangspunkt i spørsmål som: - Var det noko som gjorde spesielt inntrykk på deg i intervjuet med Malala? Eller var det noko du syntest var rart eller ulogisk? - Noko som irriterte deg eller gjorde deg sint, trist, overraska, glad eller flau? I så fall kva? - Var det noko som gjorde spesielt inntrykk på deg i teksten «Ei framtid i fridom»? I så fall kva? - Var det noko du syntest var rart? – Noko som irriterte deg, osv.? I så fall kva? - I teksten «Ei framtid i fridom» stiller artikkelforfattaren spørsmål om Ntombi og mora hennar er frie. Er dei det? Kvifor / kvifor ikkje? - Er Malala fri? Kvifor / kvifor ikkje? 1 - Er Malala og Nelson Mandela like? Kvifor / kvifor ikkje? - Er sakene dei har kjempa for, like? Kvifor / kvifor ikkje? - Kva for ein av tekstane likte du best? Kvifor? - Kva for ein likte du minst? Kvifor? Skriveoppgåve: Skriv ein sakprosatekst om Nobels fredspris. Kva er eigentleg Nobels fredspris? Kvifor begynte ein å dele ut ein fredspris? Kva var tanken bak? Kven bestemmer kven prisen skal gå til? Skriv ein artikkel om Nobels fredspris. Bruk gjerne artikkelen «Frøhvelvet på Svalbard» som modelltekst: http://faktafyk.no/frohvelvet-pa-svalbard/ Kompetansemål: Norsk: - delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon - skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder - skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium Historie: - drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv - drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar RLE: Filosofi og etikk: - drøfte etiske spørsmål knyttet til menneskeverd og menneskerettigheter, likeverd og likestilling, blant annet ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder 2 3
© Copyright 2024