Gjesdalbuen torsdag 21. mai 2015 11 »» redaksjon@gjesdalbuen.no Politikarane svarar 1. Vil de jobba for å få rimelege serveringsstadar til Ålgård? 2. Bør Gjesdal få eigen vidaregåande skule? Christer Karlsen, MDG: Sander Nevland Lie (15) og Bernhard Dahle (14) kan godt tenka seg å gå på vidaregåande i Gjesdal om linjene er interessante. 1. Når det kjem til kvar serveringsstadar vel å etablera seg, kjem det mykje an på marknadskreftene. Diverre er det lite me politikarar kan gjera med det. Eit forslag er å etablera ein kafé på ungdomsklubben. Eit tips er at ungdommar som er interesserte i dette, startar ein underskriftskampanje og leverer denne til styret i ungdomsklubben. 2. Eg trur ikkje det er nok elevgrunnlag på Ålgård for å etablera ein vidaregåande skule. Plasseringa av ein vidaregåande skule i Gjesdal er heller ikkje optimalt geografisk sett. Tellef Lima Eidland, Sp: 1. Senterpartiet vil legga til rette for nye arbeidsplassar i heile kommunen. Men me må ikkje gløyma å nytta serveringsstadane som allereie er etablerte slik at dei kan halda oppe drifta. Me ønskjer eit bra ungdomstilbod i heile kommunen, gjerne med ungdomshus, der ungdommane sjølve står for ideane og sal av mat og drikke. Stian Ree Jensen (13) og Elisabeth Tverberg (13) saknar fleire butikkar og kafear på Ålgård. cDonalds? Kebab? – Det blir kjekt å treffa nye folk på vidaregåande i Sandnes. Det er heilt greitt å ta bussen, seier Oftedal. Skulen dei går på no, er dei nøgde med. – Men fargane er snåle, seier Skråmestø. – Me kunne godt ha måla veggene kvite i staden for grøne og oransje, seier Oftedal. På den eine veggen står det «Bry deg» med store bokstavar. Dette er eit resultat av ein skuledag om digital tryggleik og mobbing. – Skulen har gripe fatt i mobbinga no, seier Skråmestø. – Men dei kunne godt ha teke endå hardare tak i dei som mobbar. Det er ikkje alltid det går over sjølv om dei vaksne snakkar med dei det gjeld, seier Oftedal. Travle tider Ved eit anna bord sit Bernhard Dahle (14) og Sander Nevland Lie (15). Dei kallar Gjesdal for ein koseleg og «heilt normal» plass å bu. – Men me kunne godt hatt fleire aktivitetar her, for eksempel ein skatepark eller ein kino, seier Lie. Dei liker skulen sin. Bortsett frå dusjane som tek litt for lang tid på å bli varme, er dei nøgde med bygga. – Det er eit godt sosialt miljø på skulen. Men no i mai er det mykje stress, med mange prøver og tentamenar, seier Lie. – Dei kunne godt ha spreidd det jamnare utover året, seier Dahle. Vidaregåande Ein vidaregåande skule i Gjesdal trur dei at er ein god idé. – Det blir langt for mange å reisa til Sandnes, seier Lie. – Eg trur folk ville ha valt å gå på skule i Gjesdal, seier Dahle. – Men det kjem an på linjene, seier Lie. Om dei fyrst må til Sandnes, synest dei busstilbodet er greitt som det er i dag. Ringeklokka På benkene i aulaen sit Stian Ree Jensen (13) og Elisabeth Tverberg (13). – Det er mange ting å gjera i Gjesdal som ikkje kostar pengar. Ein kan gå turar og bada, seier Tverberg. – Det er gildt her. Naturen er fin, seier Jensen. – Dessutan går det ofte mange bussar til Sandnes, seier Tverberg. Det ringer inn til neste time, og tida blir knapp. Det einaste dei rekk å seia før dei må gå, er at dei saknar fleire butikkar og kafear. – Ålgård kunne godt hatt Expert, til dømes, seier Jensen. – Kafeen som er her, er for dyr, seier Tverberg. 2. Med eit betre kollektivtilbod med fleire direkteruter mellom Ålgård, Sandnes og Stavanger og gjenopning av Ålgårdbanen, blir det lettare å koma seg til skulane i fylket. For ein kommune i vekst med ei ung befolkning, bør nok fylkeskommunen vurdera å legga neste vidaregåande skule i vår kommune. Dette bør bli diskutert i samband med sentrumsplanane, då det er einaturleg plassering. Dette vil gje fleire arbeidsplassar og kortreist undervisning. Tom Kalsås, Ap: 1. Me meiner det er viktig at kommunen legg til rette for eit variert tilbod av serveringsstadar, slik at det finst både rimelege alternativ og alternativ for dei som er opptekne av kvalitet. Etter vår vurdering legg den vedtekne områdeplanen for Ålgård sentrum til rette for nye etableringar, og me har stor tru på at me vil få fleire serveringsstadar i samband med etableringa av Norwegian Outlet. 2. Fylkeskommunen har dei siste åra brukt betydelege midlar på bygging av nye vidaregåande skular og oppussing av eksisterande skular. I tillegg har Fylkeskommunen vore veldig oppteken av at skulane må bli lagde til stadar der det er god kollektivdekning. Dette gjer at det neppe er realistisk at det blir etablert nokon skule i Gjesdal dei neste ti åra. Når me får opna Ålgårdbanen, vil forholda ligga betre til rette. Me vil derfor jobba langsiktig for å få etablert ein vidaregåande skule i Gjesdal.
© Copyright 2025