utdanning Størst i Nordfjord Temabilag for Nordfjord 20./21. februar 2015 Vegen til meisterkokk For ein del unge er drømmejobben å bli kjøkkensjef på ein kjend restaurant. Vegen mot å oppfylle draumen kan starte på matfag ved den vidaregåande skulen i Måløy. Vi følgde nokre av elevane då dei inviterte til gourmetaften Side 2 og 3 Jørn valde kulturfag i Volda Side 14 Kreativ samling under same tak Side 8 og 9 2 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Bra team: Elevane jobbar tett i lag og blir ein godt samansveisa gjeng. Frå venstre: Renate Flister, Sunniva Blålid, April Bjøringsøy og Bjørnar Gjerde. Presisjon: Det er full konsentrasjon når Merete Haugland, Sindre Oksholen og Amalie Bjørhovde Haus lagar til dei elegant anretta matrettane. Strategi: – Du må alltid vere snill og setje gjestane i høgsetet, forklarer Bjørnar Gjerde, som både serverte og skjenka vin til fornøgde gjestar. Har ei rekkje yrkesval Topp klasse: På Kraftstasjonen møter vi ein gjeng oppdressa og engasjerte elevar frå Måløy vidaregåande skule som Haugen i Eid, Sindre Oksholen frå Deknepollen i Vågsøy, Amalie Bjørhovde Haus frå Haus i Eid, Renate Flister frå Holvi Måløy. Alle bortsett frå Sunniva Blålid går på Vg2 Kokk- og servitørfag. Alle foto: Anna Wuttudal Med utdanning som kokk og servitør kan du jobbe på restaurant, offshore, på fiskebåt, på institusjon eller kanskje blir du kjendiskokk eller opnar ditt eige spisested? •• Anna Wuttudal nordfj@fjt.no Sindre Oksholen (17) var skuletrøtt og lei av å sitje på skulebenken for å lære masse teori som han ikkje såg føre seg å få bruk for seinare. I utgangspunktet planla han å gå på kokkelinja meir som eit par friår før vidare studiar. Men no har han bokstavleg tala fått smaken på kokkeyrket og har bestemt seg for å ta fagbrev. Kan hende har vi her ein ny meisterkokk. I alle fall er lysta til å konkurrere blitt kveikt, og han har ambisjonar om å nå langt innan kokkeyrket. – Kanskje ein ny Hellstrøm? – Kanskje det. Vi får sjå… Drømmejobben er å bli kjøkkensjef på ein kjend restaurant. Eg har også lyst til å vere med i konkurransar, seier Sindre som saman med medelev Merete Haugland skal på utplassering til Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll, som vert drive av foreldra til Ørjan Johannessen, han som nyleg vann Kokke-VM i Frankrike. Enkelt val Amalie Bjørhovde Haus var ikkje tvil om kva studieretning ho skulle velje etter ungdomsskulen. – Eg liker å uttrykkje meg kreativt og jobbe praktisk med noko som andre kan bli glade for. Eg har alltid likt å lage mat, og eg har alltid drøymt om å bli kokk. Eg vurderte ikkje noko anna, fortel Amalie. Og ho angrar slett ikkje på valet som inneber to år med skule og to år i lære. Amalie siktar seg inn mot hotell- og restaurantbransjen, og truleg blir det lærlingkontrakt på eit hotell i Ålesund. Arbeidsutsiktene er lyse. Det trengst fleire kokkar, det er enkelt å få jobb, men ein må pårekne at det ikkje er ni til fire. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 3 Balanse: I Måløy får elevane prøve seg som kokk og servitør på forskjellige arrangement. Sunniva Blålid går på Restaurant og matfag Vg1 og serverte under gourmetaften. Serveringsklar: Renate Flister (f.v.), Sindre Oksholen, Merete Haugland og Amalie B. Haus. m står klare til å servere sju rettars gourmetmiddag til gjestar i eit fullsett lokale. Frå venstre: Merete Haugland frå ik i Vågsøy, Bjørnar Gjerde frå Kjøde i Selje, Sunniva Blålid frå Måløy, Camilla Bøe frå Hallingdal og April Bjøringsøy frå Kokk til sjøs For Renate Flister er drømmejobben å bli kokk offshore. – Eg liker å sjå reaksjonen til dei som eg lagar mat til. Offshore er du veldig nære, og der er fine ordningar med to veker på og fire av, forklarer ho. – Det er interessant å lage mat, og kjekt å få gode tilbakemeldingar, tykkjer Bjørnar Gjerde, som går i bestefaren sine fotspor. – Bestefaren min er kokk, det er han som lagar mat heile tida heime. Eg vil ut på båt og tene pengar, slik som bestefar, seier Bjørnar. Han har allereie fått prøve seg ei veke som kokk på opplæringsfartyet Skulebas. Liker å eksperimentere – Eg liker å eksperimentere og For dei som liker å lage mat, er dette heilt perfekt. Bjørnar Gjerde å visualisere det eg skal lage. Det er eitt eller anna med det å finne dei smakane som passar saman, og å få folk til å like det du lagar, få kommentarar tilbake og å inspirere andre til å lage god mat. Som kokk er det ein fordel om du er litt kreativ og liker å prøve seg litt fram, seier Merete Haugland. – Kva er drømmejobben? – Innerst inne har eg lyst til å byrje å konkurrere. Eg har lyst til å bli kjøkkensjef og starte mi eiga bedrift. Det blir nok ein restaurant med litt finare mat. Teori og praksis På Måløy vgs er det ei fin blanding av teori og praksis med jobbing på kjøkken tre dagar i veka. Elevane er fulle av lovord over eit triveleg miljø der dei jobbar tett i lag og blir godt kjende med kvarandre, og ikkje minst lærarane får gode vurderingar. – Det er så kjekt å gå på skule her. Det er ganske enkelt å like seg her med dei engasjerte lærarane vi har, er attesten dei gjev til Bente Iren Vonheim & co som er ansvarleg for restaurant og matfag/kokk og servitør ved Måløy vgs. Læring: – Sjølv om du skal bli kokk, er det også godt å ha trening som servitør, seier Renate Flister. Gjestar: Forventningsfull stemning på bordet med Siri Kjøsnes (f.v.), Arild Kjøsnes, Roger Sunde Andenæs, Torstein Balsnes, Marius Mundal, Elisabeth Sunde Andenæs og Monica Mundal. mvs og mat •• Måløy vgs har Vg1, Restaurant og matfag og Vg2, Kokk og servitørfag. •• På Vg3 kan du spesialisere deg i kokke-, servitør- eller institusjonskokkfaget, eller gå ut i opplæring i bedrift. •• Etter Vg2 kan du velje påbygging til generell studiekompetanse. •• Etter fagbrev kan du gå allmenn påbygg, eller gå rett på hotellfagskulen. 4 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Populært: Andreas Bergset bak trommene under øvingane til musikalen «Guys & Dolls». – Dette er ikkje mitt slagverk, så lommeboka blir brukt til å dempe skarptromma, mobilen som metronom og ei anna tromme som notestativ, seier han. Begge foto: Yngve Tolaas Godt miljø for musikk Vil du bruke halvparten av skuletida på musikk, er Firda vidaregåande midt i blinken for deg. •• Yngve Tolaas nordfj@fjt.no Då eidaren Andreas Bergset (18) skulle velje vidaregåande skule, var valet enklare enn for dei fleste. Han satsar på ein karriere innan musikk, og det einaste fylkesdekkande tilbodet er på Firda vidaregåande skule på Sandane. – Det er eit ypparleg tilbod, og eg har ikkje angra ein einaste dag på at eg byrja her, seier Bergset, som nyleg spelte klassisk slagverk i orkesteret under skulen sin musikal som kvart år blir sett opp av alle avgangselevane på linja for musikk, dans og drama. – Gull verdt Utdanningsprogrammet for musikk, dans og drama har i dag 144 elevar. Halvparten av desse går på musikklinja. – Det er til saman 48 elevar på kvart av dei tre årsstega. Dei får bruke nesten halvparten av studietida på programfag, samstundes som dei går ut med generell studiekompetanse og dermed har alle muligheiter til vidare studium, fortel utviklingsleiar ved Firda vidaregåande skule, Magne Larsen. Han understrekar at Trivselshagen er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. – Trivselshagen er gull verdt. Her har vi alle fasilitetar, og saman med dyktige lærarkrefter blir resultatet svært godt for elevane. Det fins vidaregåande skular med eigne programfag innan musikk, dans og drama, men dersom ein vil fordjupe seg er det Firda vidaregåande som er det einaste alternativet i fylket, seier han. Hybelbygda Elevane på musikklinja har eigen nøkkel til øvingslokala på skulen, som dermed blir flittig brukt både på kveldstid og i helgar. – Det er veldig sosialt og vi har eit svært godt miljø, seier Andreas Bergset, som går tredje året på musikklinja. – Eg pendla første halvåret, Gode resultat: Magne Larsen er utviklingsleiar på Firda vidaregåande skule. – Elevar frå musikk, dans og drama blir ofte ressurspersonar i sine lokalmiljø, seier han. Eg har ikkje angra ein einaste dag på at eg byrja her. Andreas Bergset men sidan har eg budd på hybel. Ein går glipp av så mykje når ein ikkje bur i bygda, seier Bergset, som har hybeltilværet til felles med godt over halvparten av musikklinjeelevane. – På desse åra har eg vakse mykje, både personleg og musikalsk. No har eg eit godt grunnlag for å gå vidare med utdanning innan musikk, og eg håpar å kome inn på Norges musikkhøgskole eller Tonheim Folkehøgskole, fortel Andreas Bergset. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 5 SØKNADSFRIST: 15. APRIL Vi gir deg 37.000 papirlesarar og over 50.000 unike brukarar i våre digitale kanalar. nordfjordsamkoyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 27 Høgskulen i Volda Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag og studentorganisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg høgdepunt som VEKA, Dokfilm, Animation Volda og ekstremsportfestivalen X2. KVA SKAL EG VELJE? Høgskulen i Volda tilbyr studium innan: Les meir på hivolda.no / hivolda 50 ledige læreplassar Fiskeri og havbruk er Norges vekstnæring nr.1. Freistar jobbar på sjøen? OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG utviklinga! ! G E D G N E VI TR OPLE å Vær med p GOOD PEGOOD MAKE H FIS Kva med eit slikt studieløp? www.okfh.no SIKT HØGARE! Vil du ha fagleg påfyll? Vi tilbyr vidareutdanningar i: • Aktiv omsorg • Anestesisjukepleie • Barnevernfagleg rettleiing • Demens og alderspsykiatri • Intensivsjukepleie • Lindrande behandling, pleie og omsorg 1 • Operasjonssjukepleie • Rehabilitering, helsefremjing og velferdsteknologi • Rettleiing, innføring • Spesialpedagogikk • Rusproblematikk – samansette utfordringar Du kan også fylle på med master i : • Organisasjon og leiing • Idrettsvitenskap • Læring og undervisning Vi tek inn lærlingar i desse faga: Automatikar, Brønnfag – komplettering, CNC-Maskineringsteknikk, Dataelektronikar, Elektrikar, IKT-servicefag, Industriell overflatebehandling, Industrimekanikar, Industrimontør, Industrirøyrleggjar, Industrisnikkar, Kjemiprosess, Kontor og administrasjon, Laboratoriefag, Logistikk, Motormekanikar, Plate, Produksjonsteknikk, Salsfag, Serigrafi, Sveis. Lærebedrifter: Avery Dennison NTP, Bilfinger Industrial Services avd. Høyanger, Svelgen og Årdal, Cermaq, Elkem, Ewos, Felleskjøpet Agri avd. Florø, Fiskevegn, Fjordpipe, FMC Technologies, Førde Mekaniske Industri, GasTech, Hagen, Halliburton, Hardangerfrakt, Haug Offshore, Havyard Ship Technology, Hellenes, ITM, Klausen Industrier, KMI, Luster Mekaniske Industri, Nesseplast, Nomek, Norway Pelagic, Nyrstar, OM Marine Service, Pro Opplæringskontoret, Rørlegger R.Nigardsøy, Safeclean, Solheim Diesel, Solund Verft, Stadpipe, Staro Tech, Stryvo, Stryvo Bismo, Sunnfjord Industri, Swire Oilfield Services, T.Frivik Taubanedrift, Teekay Petrojarl, Tess, VikØrsta, Wergeland Holding, West Industri Service, Yndestad Mekaniske, Østerbø Maskin. I tillegg har vi mange vidareutdanningar innan skule- og barnehagesektoren. Søknadsfrist 15. april Sjå www.hisf.no/studietilbod Kontakt: bente.walaker@hisf.no, telefon 57 72 25 12 Send søknad til post@pro.sf.no / Søknadsfrist 1. mars Sjå www.pro.sf.no for meir informasjon hisf.no Frequency.no • Administrasjon, planlegging og leiing • Drama/teater, musikk, kunst/handverk • Idrett og friluftsliv • Lærarutdanningar • Mediefag • Samfunnsfag og historie • Sosialt arbeid 6 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Fylkesdekkande linje: Olin Briksdal (t.v.) og Simona Cmielova vil gjerne jobbe innan turistnæringa. Dei gler seg over at dette programfaget skal starte opp ved Stryn vidaregåande til hausten. – Det skulle berre mangle at ikkje turistfylket Sogn og Fjordane skal ha vidaregåande utdanning innan reiseliv. Vi er veldig glad for at vi no endeleg har fått dette tilbodet her i fylket, seier utviklingsleiar ved skulen, Johanne Sørdal. foto: inger træen Nytt utdanningstilbod Til hausten startar Stryn vidaregåande opp med Reiseliv som fylkesdekkande linje. Dette er eit heilt nytt tilbod ved vidaregåande opplæring i Nordfjord. •• Inger Træen nordfj@fjt.no Har du lyst til å jobbe i resepsjon, vere turistguide, jobbe på turistkontor eller møte turistar i ein annan samanheng? Då kan det nyoppretta programfaget ved Stryn vidaregåande skule vere noko for deg. Til hausten startar skulen opp med fylkesdekkande linje VG 2 innan Reiseliv. Som ein kan søkje på etter å ha gjennomført første året på Serviceog samferdsel. Seks plassar på det nye programfaget Reiseliv vil starte opp til hausten. Etterlengta – Det skulle berre mangle at ikkje turistfylket Sogn og Fjordane skal ha vidaregåande utdanning innan reiseliv. Vi er veldig glad for at vi no endeleg har fått dette tilbodet her i fylket, seier utviklingsleiar ved Stryn vidaregåande skule, Johanne Sørdal. Frå før er det tretti vidaregåande skular her i landet som har Reiseliv Vg 2, mellom anna to skular både i Hordaland og Møre og Romsdal. Men no skal også reiselivsfylket Sogn og Fjordane få denne utdanninga, og to av dei som vil søkje er Si- Vi er veldig glad for at vi no endeleg har fått dette tilbodet. Johanne Sørdal Utviklingsleiar ved Stryn vidaregåande skule mona Cmielova og Olin Briksdal frå Stryn. – Eg bestemte meg vel for å satse på ei framtid som resepsjonist, etter praksis ved Alexandra hotell i Loen no i haust, seier Simona, medan Olin vil satse på reiselivet generelt. Møte turistane Begge dei to jentene er einige om at møte med turistane er den viktigaste årsaka til at dei gjerne vil velje reiseliv. Og nettopp kundebehandling er ein viktig del av utdanninga som er delt i tre hovudområde. Det er sal og marknadsføring, etablering og drift og vertskapsrolla. Etter Vg 2 på Reiseliv er vegen vidare to år som lærling. – Vi er heldige som har mange reiselivsbedrifter som er klar til å ta imot lærlingar, seier Sørdal. Etter to år som lærling og fagbrev, kan ein også gå vidare med påbygging og få generell studiekompetanse. Det er snakk om ein litt annleis påbyggingsmodell som er på trappene, tilpassa dei med fagbrev. Vil ein gå vidare, er det fleire tilbod innan reiseliv ved Høgskulen i Volda. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 7 Maritim avdeling Måløy Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule og Sikkerheitssenteret i Måløy. Drømmer du om å bli Frisør? FRISØR? Høyanger Hø øyyanger øyange g Vi tilbyr 2-årig utdanning innan: Alle b blir sse sett ett God G d tilg tilgang gan ngg på på hyblar Fri annankvar anna var fr fredag vidaregåande g skule Dekksoffiser Maskinoffiser ...det smarte valet Søknad via www.vigo.no Søknadsfrist: 15. april 2015 Høyanger vidaregåande skule Fagskulen i Sogn og Fjordane Maritim avdeling Måløy Pb 1055, 6704 Deknepollen e-post: postmottak.fagskulen@sfj.no Sjekk alle våre studietilbod på hoyanger.vgs.no ©2/201 ©2/2015 HV 2015 HVGS Meir info på vår heimeside www.fagskulen.no eller ring oss på tlf. 415 30 690. Søk Cancam frisørskole i dag for å sikre deg plass! Vi har begrenset antall plasser. Oppstart august. SKOLEN Tlf: 70 10 72 76 // post@cancamskolen.no cancamskolen.no // Ålesund VI HAR IKKE BARE LANDETS BESTE LOGISTIKKUTDANNINGER Vi har også Bachelor og Masterstudier i Sykepleie, Vernepleie, Økonomi, Idrett, Juss og Samfunnsfag. Bachelor / årsstudier • • • • • • • • • • • • • • Vernepleie Sykepleie , Molde og Kristiansund IT Logistikk og SCM Petroleumslogistikk, Kristiansund Beredskapsledelse, Kristiansund Sport Management Idrett Juss og administrasjon Juridiske fag (Juss) Statsvitenskap Bedriftsøkonomi Revisjon og regnskap Økonomi og administrasjon Master / videreutdanning • • • • • • • • • • • • • Logistikk Engineering Logistics Event Management Sport Management Økonomi og administrasjon (Siviløkonom) Samfunnsendring, org. og ledelse Ledelse i helse- og sosialtjenesten Helse- og sosialfag Alvorlig sykdom og død Aldring og eldreomsorg Psykisk helsearbeid Psykososialt arbeid med barn og unge Miljørabeid og tverrprofesjonalitet Annonser stillingane dine på papir, nett og mobil. Vi hjelper deg med stillingspakkar tilpassa dine behov. nordfjordsamkoyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 27 pril t 15. a Søknadsfris www.himolde.no 8 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Spennande: Utdanningsleiar Åsta Navelsaker Røed (til venstre), faglærar Birgit Båfjord og Eid vidaregåande skule tilbyr Studiespesialisering med formgivingsfa tok vidaregåande utdanning. Alle foto: Maria Hjelle – Skulle ønskje eg kunn Hadde Idar Vingen Engeland byrja på Eid vidareågåande i dag, hadde det ikkje vore tvil. •• Maria Hjelle nordfj@fjt.no – Då eg gjekk her, var det heilt uaktuelt for meg å velje berre teoretiske fag. Eg måtte gjere noko praktisk, seier 25-åringen. Han valde Design og handverk, med Interiør- og utstillingsdesign andre året. I dag kunne han ha gått på studiespesialisering med formgivingsfag og fått det beste av to verder. – Det hadde eg ikkje nølt med. Kreativ jobbing slik eg ønskte, men samstundes kunne eg sikra meg grunnlag for å søke på arkitekthøgskule. Det hadde vore midt i blinken. Utdanningsleiar Åsta Navelsaker Røed og faglærar Birgit Båfjord trur det største fortrinnet med å velje akkurat denne linja er at ein ikkje blir låst tidleg i utdanninga. – Her får elevane moglegheit til å velje kreative fag utan å velje vekk dei teoretiske. Med studiespesialiserande åleine skubbar ein på ein måte yrkesvalet framfor seg eit par år. Ved å kombinere skaffar ein seg relevant erfaring samstundes som ein kvalifiserer seg for opptak til høgskular og universitet, forklarar Båfjord. – Mange veit ikkje heilt kva dei vil når dei går i gang med vidaregåande utdanning. For dei kan det gjerne «losne» litt når dei får gjere begge delar, meiner Røed. Fordi linja består av både obligatoriske og valfrie fag, kan elevane også skreddarsy ulike fordjupingsområde. – Om ein veit at ein vil vidare til ei rein teknisk utdanning, så tek ein nok ei realfaglinje i staden. Men dei valfrie faga kan like gjerne vere matematikk og fysikk som programfag innan formgjeving, opplyser Røed. Engeland jobbar i Nordwest 3D, der han driv med design, visualisering og animasjon i 3D. Han er sjølvlært og meiner praksis er viktigare enn teori. – Det er så viktig å få det kreative og praktiske inn så tidleg som mogleg. Får ein praktisk trening allereie på skulen, så stillar ein sterkare i jobbmarknaden, trur 25-åringen. Men praktisk erfaring har også sine grenser. – Eg likar meg godt i jobben og lærer mykje her. Men eg har også lyst på meir utdanning. Eg trur arkitekt er vegen for meg, men så var det korleis eg skal få det til… Kanskje får eg kome tilbake til Eid vidaregåande? NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 9 Samlokalisering gir unike moglegheiter i dei kreative faga Eid vidareågåande deler bygg med Operahuset Nordfjord. Det betyr bibliotek, kino og kultursal i tillegg til verkstader og klasserom, og elevane som vel formgjevingsfag får tett tilknyting til Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Over tre år går 840 timar til dei obligatoriske hovudfaga Visuelle kunstfag (teknikkar, bilete, teikning, illustrasjon m.m.) og Design og arkitektur (produktdesign, mote, arkitektur m.m.). 420 timar vel eleva- ne sjølve. Skulen tilbyr Scenografi og kostyme, som tek føre seg scenografi for film og foto, lysdesign for scene, og design og produksjon av kostyme. Elevane får jobbe med operaoppsetjing, revyar og musikalar i Operahuset. – Dette er ein av dei store styrkene våre og ein del av heilheita og visjonen til skulen. Både elevar og lærarar får heva kompetanse på grunn av samarbeidet, seier utdanningsleiar Åsta Navelsaker Røed. – Design fyller ein viktig funksjon i samfunnet «Forming» er ikkje kva det ein gong var. Faget «Teikning, form og farge» måtte vike for «Design og handverk» og «Studiespesialisering med formgjevingsfag». No dekkjer paraplyen «Formgjevingsfag» det meste. – Formgjeving er ikkje ei koselinje med hobbyaktivitetar, seier faglærar Birgit Båfjord. Ho meiner det er viktig å få fram at formgjeving er relevant på svært mange felt. – Formgjeving er eit stort fagområde som tek i seg fleire kreative prosessar og teknikkar – i høgste grad eit yrkesretta fag. Med formgjeving frå vidaregåande har ein grunnlag for å gå i svært mange retningar, seier faglæraren. Formgjeving kan bety både tradisjonelle kunstfag, scenefag, grafisk design, 3D-design, produktdesign, speldesign, trykk, foto, bildebehandling, animasjon, interiør- og eksteriørdesign og arkitektur. Digitale verktøy er blitt ein viktig reiskap. Gamle handverksteknikkar blir tatt i bruk på nye måtar. – Sjå deg om kring i rommet du er i. Antakeleg er der stolar, bord, gardiner, lamper, kaffikoppar, pynteting, kanskje kalender på veggen. Ei vøle med ting, og alt er designa. Formgjeving er viktig for samfunnet, og det er viktig at folk vel og fordjupar seg i faget, fastslår Båfjord. ag. Det skulle 3D-designar Idar Vingen Engeland ønske han hadde hatt som val då han ne ha valt denne linja Framsteg: 3D-printaren bak verkstadane er berre ein av nyvinningane på skulen sidan Idar Vingen Engeland var elev ved Eid vidaregåande. Godt naboskap: Samlokalisering med Opera Nordfjord er noko Eid vidaregåande utnytter til fulle i formgjevingsfag. 10 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Meir kunnskap skal gi eit løft: − Det blir satsa stort frå statleg hald på vidareutdanning av lærarar. Ein del av denne satsinga har fått namnet Kompetanse for kvalitet, seier Birgitte Fondevik, ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, og instituttleiar Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag. foto: høgskulen i volda Fekk sju nye studium fakta I samband med regjeringa si satsing på vidareutdanning av lærarar, fekk Høgskulen i Volda (HVO) tilslag på sju nye studium. Lærarløftet •• Fordjuping i matte, engelsk og norsk. •• 5-årig masterutdanning. •• Auka opptakskrav frå 3 til 4 i matte for å koma inn. •• Tormod Flatebø nordfj@fjt.no Det blir satsa stort frå statleg hald på vidareutdanning av lærarar. Ein del av denne satsinga har fått namnet Kompetanse for kvalitet. Kommunane får midlar frå Utdanningsdirektoratet til å leige inn vikarar i grunnskulen, slik at dei fast tilsette lærarane får høve til å vidareutdanne seg. – Lærarane får gå ned til om lag 60 prosent stilling medan dei tek vidareutdanning på deltid, utan at dei går ned i lønn. Kommunane får dekt vikarkostnadene, forklarar Birgitte Fondevik ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur. Frå to til sju Satsinga Kompetanse for kvalitet skal heve kompetansen til lærarane i norsk, matematikk og engelsk. I fjor haust starta Høgskulen i Volda opp to studium i samband med satsinga, eit i norsk og eit i matematikk. Etter ein ny søknadsprosess har utdanningsdirektoratet gitt •• Ytterlegare opptrapping av vidareutdanning for lærarar. Fakta: Mange lærarar i grunnskulen har ikkje spesialisering i fag dei underviser i. illustrasjonsfoto •• Meir kompetanse til fylke, kommunar og rektorar for å skapa kunnskapsskulen. klarsignal for fleire, og frå hausten får HVO fire nye engelskstudium, to matematikkstudium og eit norskstudium. – Vi har fått eit stort tilslag, men det er òg eit stort behov, spesielt i norsk, matematikk og engelsk. Mange av lærarane i grunnskulen i dag står utan spesialisering i fag dei sjølv underviser i, seier instituttleiar Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag. på høyring eit forslag om å stille krav til lærarane om studiepoeng for å få undervise i desse faga, fortel Fondevik. – Om det vert vedteke er det per i dag 38.000 lærarar i grunnskulen som ikkje fyller krava. I løpet av dei neste ti åra vil dei måtte tilbake til skulebenken sjølv. Manglar studiepoeng Ei gransking syner at éin av sju norsklærarar og éin av fem matematikklærarar i grunnskulen ikkje har studiepoeng i undervisningsfaget sitt. I engelsk manglar over 40 prosent av lærarane studiepoeng. – Departementet har no ute Løft – Studia er fleksible, med to til tre samlingar på skulen og resten av undervisninga over nett. Dei let seg dermed kombinere med arbeidskvardagen til lærarane, seier Fondevik. Kursa er didaktisk retta, og knytt opp mot undervisningskvardagen til lærarane. − Kva tyder det for høgskulen å få tilslag på så mange kurs? − For engelskmiljøet tyder det eit kjempeløft, seier Fondevik og legg til: – Alle faga får eit auka fagmiljø. Det er alltid bra å ha fleire folk å spele på. Med plass til om lag 30 studentar per kurs, får høgskulen ei god auke i talet studentar. – Auka studietilbod har jo sjølvsagt òg ei økonomisk tyding. Studia har studentar frå heile landet, og er med på å sette skulen på kartet, seier Topphol. − Spenande gruppe Fondevik oppmodar skuleleiarane til å nytte seg av dei nye studietilboda. – Dette er ikkje berre opp til lærarane sjølv, dei treng godkjenning av skuleleiinga for å søkje, forklarar ho. Fondevik fortel at interessa for kursa så langt har vore stor. – Det verker som lærarane ser på dette som eit godt tilbod, at dei har eit ønskje om vidareutdanning. Når det er så godt tilrettelagt som dette så nyttar dei høvet. Både Fondevik og Topphol spente på å kome i gang. – Eg gler meg. Lærarar er ei engasjert og spanande gruppe å jobbe med, seier Fondevik. – Dei har mykje erfaring og ser dermed raskare nytta av det vi lærar dei enn studentar utan tilsvarande praksis, seier Topphol. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 11 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE STRYN VIDAREGÅANDE SKULE FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialisera pes pe esia sial rande • Musikk, Mu M ussik dans, ns, ns s, drama • Vg3 V påby åbygg, byg ygg, gg, generell g ge o pettans studie diekompetanse • Idrettsfag som Service og samferdsel • VG1 Service og samferdsel • VG2 Reiseliv • VG2 Sal, service og tryggleik • VG2 Transport og logistikk deg Helse- og oppvekstfag • VG1 Helse- og oppvekstfag • VG2 Helsearbeiderfag med velferdsteknologi ...for Bygg- og anleggsteknikk med vekslingsmodell • VG1 Bygg- og anleggsteknikk • VG2 Byggteknikk STRYN VIDAREGÅANDE SKULE Postboks 158 • 6781 STRYN Telefon: 57 83 48 00 meir! For meir informasjon: www.stryn.vgs.no litt Idrettsfag • VG3 Idrettsfag vil Studiespesialisering med spissa idrettstilbod • VG1 Studiespesialisering • VG2/VG3 Realfag • VG2/VG3 Språk, samfunnsfag, økonomi Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 Eid vidaregåande vidaregåande skule Eid skule Utdanningsprogram for Eid vidaregåande skule 15/16 Er dette noko for deg? VG1 VG1 VG1 VG1 VG1 VG1 Bygg- og anleggsteknikk Helse- og oppvekstfag Naturbruk (blå) Restaurant- og matfag Studiespesialisering Teknikk og industriell produksjon VG2 Akvakultur VG2 Barne- og ungdomsarbeiderfag VG2 Byggteknikk VG2 Fiske og fangst VG2 Industriteknologi VG2 Kokk- og servitørfag VG2 Køyretøy VG2 Maritime fag VG2 VG2/3 Studiespesialisering - Språk, samfunnsfag og økonomi - Realfag Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen tlf.: 57 84 91 00 e-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no www.maloy.vgs.no Eid vgs - ein skule for læring og næring TAF (YSK - Yrkes- og studiekompetanse) • Teknikk og industriell produksjon • Helse- og oppvekstfag • Akvakultur • Bygg Besøk www.eid.vgs.no og vår facebookside eller ring 57 63 83 00 Alle elevane på alle trinn kan velje PROGRAMFAG knytt til skulemusikal og idrett • ST Studiespesialiserande realfag, økonomifag, samfunnsfag, språkfag. Studiespesialiserande med formgjevingsfag • EL Elektrofag vg1, vg2 elenergi, vg2 data og elektronikk, vg3 dataelektronikk • TP Teknikk og industriell produksjon vg1, vg2 industriteknologi, vg2 industriell møbelproduksjon (landslinje) • PB: Påbygging til generell studiekompetanse • DH Design og handverk fylkesdekkjande tilbod, vg1, vg2 interiør og utstillingsdesign • Innføringsklasse for framandspråklege 12 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Mange tilbod: − Høgskulen i Volda er den høgskulen i Norge som har størts breidde innafor kulturfag, seier Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for kulturfag. begge foto: Høgskulen i Volda – Eit hav av kulturfag fakta − Det vi kan samle under paraplyen kulturfag, eller praktiske estetiske fag, er blant det breiaste tilbod på høgskulenivå i landet. Høgskulen i Volda Har det breiaste fagfeltet på kulturfag på høgskulenivå i landet med: •• Musikk ••Tormod Flatebø •• Formgjeving nordfj@fjt.no •• Kunst og handverk Dette seier Aud Folkestad, dekan for avdeling for kulturfag ved høgskulen i Volda. − Avdeling for kulturfag omfattar faga musikk, formgjeving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring samt medie- og kommunikasjonsteknologi. Sistnemnde er det minste av tilbodet innanfor mediefag ved høgskulen. Dette tilbodet kjem i tillegg til journaliststudiet. – Vi har det mest komplette mediehuset i Noreg. Vi har interne reelle praksisperiodar og vi produserer og publiserer både avis, nett, radio og fjernsyn, det er det ingen andre som gjer, seier Aud Folkestad. •• Idrett, friluftsliv Naturguide Til hausten startar eit nytt tilbod, årsstudiet Naturguide ved Seksjon for Idrett og Friluftsliv. Studiet har fokus på guiding frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, sett frå Aktivt miljø: – Musikkstudiet gjev studentane ei solid og allsidig utdanning, meiner Aud Folkestad. gjesten sitt perspektiv. – Studiet har fokus på guidearbeid i norsk fjordlandskap, med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar, seier Folkestad. Ho fortel vidare at studiet har kome i stand ut frå eit behov innanfor reiselivsnæringa. − Næringa ynskjer å ha kvalitetssikring av guidetenester, då naturbasert reiseliv er i sterk vekst. Fleire og fleire er villig til å betale for kvalitetstid i naturen, noko som skaper ein marknad for guideutdanning og guidetenester. Utdanninga kan takast som ein del av ein bachelorgrad i friluftsliv, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande studium. •• Drama og teater •• Digital kompetanse i læring •• Medie- og komm.teknologi Musikk – Musikkstudiet har de allereie vore innom i samband med Jørn Trollebø Kvalheim, seier Folkestad. – Og eg kan legge til at musikkstudiet i Volda gjev studentane ei solid og allsidig musikkutdanning i eit godt og aktivt miljø. Musikkseksjonen har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon, hovudinstrument og musikkdidaktikk, og fleire er utøvande musikarar. Komponist og professor Magnar Åm står bak våre tverrfaglege masteremne, «Å skape meining og Playful truth-approach». Fagområdet har også hand om Symfoniorkesteret ved Høgskulen, i tillegg til vårt eige Høgskulekor, fortel Aud Folkestad. Ho legg til at musikkfag også har fokus på det helsemessige når det gjeld musikk. − Musikk og drama blir også brukt som metode i helsemessig samanheng. På høgskulen vert det driv forsking på dette området. Drama og teater – Innan dette området har vi valt å fokuserer på opplevingar, erfaringar og utfordringar i eit stimulerande studentmiljø. Gjennom studiet lagar vi oppsøkande teater og dramaforløp for barn og ungdom, eldre og flyktningar. Det blir jobba med skodespelteknikk og regi gjennom blant anna monologer, dialogar, kortfilm, forteljing og teaterproduksjonar innanfor ulike sjangrar. For den som har lyst til å prøve seg utanlands, kan vi tilby utveksling til England, Australia og Hawaii, fortel Folkestad Ho peikar på at høgskulen har eit aktivt studentmiljø med blant anna studentteater, studentrevy, student-tv, studentradio og mange ulike festivalar. − Høgskulen har to teatersalar. I tillegg kan eg nemne at vi har eit godt samarbeid med Opera Nordfjord, der vi leiger profesjonelle kostymer, seier dekan Aud Folkestad. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 13 Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil - kvar dag, heile døgnet. 57 84 90 27 - nordfj@fjt.no - nordfjordsamkoyringa.no www.nla.no Dagsaktuelle i Bergen NLA Høgskolen tilbyr bachelorgrader, årsstudium og mastergrader for deg som vil jobbe med aktuelle utfordinger i samfunnet. � Interkulturell forståelse Du får kunnskap og redskap til å forstå og arbeide i et stadig mer flerkulturelt samfunn og arbeidsmarked, både nasjonalt og internasjonalt. � Pedagogikk Du får innsikt i forholdet mellom voksne og barn, hva oppdragelse og undervisning er, hvordan barn og unge lærer, og hva kunnskap er. Du får bedre forståelse av samfunnet, andre mennesker og deg selv. Se hele vårt studietilbud på nla.no I Sogn og Fjordane Energi får du kraft til å påverke FRAMTIDA Sogn og Fjordane Energi sin visjon, kraft til å påverke framtida, fortel mykje om vår verksemd og våre ambisjonar. Vi produserer rein energi, som er ein del av løysinga på verdas klimautfordringar. Vi handterer over 4000 km straumnett – sjølve livsnerven som bind fylket saman. Og vi bidreg til økonomisk verdiskaping og utvikling i lokalsamfunna våre. No søkjer vi etter trainee innan elkraft. Søknadsfrist er 16. mars. Les meir på sfe.no. 14 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Nesten: – Eg har fått oppleve mykje, seier Jørn, som kom heilt til Idol-finalen. foto: TV 2 I Volda har eg utvikla meg. Jørn Trollebø Kvalheim Trivast: – Volda er ein fristad der alle får vere seg sjølv. Dette skaper eit godt studentmiljø. Eg rår verkeleg folk til å studere ved Høgskulen i Volda. Det er ei oppleving for livet, seier Jørn Trollebø Kvalheim, som går siste året på bachelor i musikk ved Høgskulen. Foto: TV 2 Læring: – Gjennom undervisninga har eg fått mange tips om korleis ein skal prestere på ei scene. Tek nye steg i Volda Volda-studenten Jørn Trollebø Kvalheim gjennomførte draumen og kapra andreplass i Idol 2014. •• Tormod Flatebø nordfj@fjt.no Musikk har alltid vore viktig for måløyværingen, som går siste året på bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. – Interessa fekk eg då eg var liten og mamma spelte for meg. Eg høyrde på og song med, seier musikaren Sceneerfaring frå Volda Jørn har vore med i skulekorps, vore aktiv på kulturskulen og spelt trommer i band. Etter åra på vidaregåande valde han musikk på Høgskulen i Volda. – I Volda har eg utvikla meg. Studiestaden har gitt meg nye innspel, og musikkstudiet har lært meg mykje, seier Jørn. Han trekk spesielt fram Volda og høgskulen som ein fin stad å få sceneerfaring. – Gjennom undervisninga har eg fått mange tips om korleis ein skal prestere på ei scene. På Studenthuset Rokken har vi ein unik mogelegheit til å kunne spele for eit stort publikum, som kvar månad arrangerer de Open Mic. Det berre er å møte opp og opptre med det du kan. Fekk skryt av Kurt Jørn fortel at han fekk lyst å melde seg på Idol for å få konstruktiv kritikk frå Kurt Nilsen og resten av dommarpanelet. – Å vere med i Idol har vore ein tanke heilt sidan Kurt blei med i dommarpanelet, seier Jørn, som ikkje trudde han ville kome vidare frå audition. For Kurt Nilsen var det ingen tvil om at Jørn ville nå langt: «Dette er kanskje noko av det kulaste eg har høyrt så langt i år. Du har kul stemme og du spelar dritbra. Dette er grunnen til at eg er med i dette programmet», var tilbakemeldinga frå Kurt. Gitt ut låt på Spotify Jørn kom mykje lenger enn det han sjølv forventa, og Idol har gjeve han ei unik sjane til å få vise folk kva han er flink til. Samstundes har Idol gitt minner for livet. – Eg har fått oppleve mykje, og fått mange gode råd. Eg har gitt ut min første låt, «Collide», på Spotify, og spelt inn ein eigen musikkvideo. Idol var over all forventning. Berre det å kunne framføre ein eigenskriven låt framfor eit stort publikum har vore ein draum, seier måløyværingen. Han legg til at målet hans er å kunne leve av å spele sin eigen musikk. – Eg vil prøve å få folk til å kome inn i mi verd og hjelpe folk til å slappe av litt, seier Jørn Trollebø Kvalheim. NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 15 Inga endring: – Behovet for elkraftingeniørar er like stort i dag som tidlegare, sjølv om bransjen akkurat no er litt avventande på grunn av låge kraftprisar, seier Ole Bernt Søreide. Han er HR-direktør i Sogn og Fjordane Energi. Foto: Tormod Flatebø Framleis etterspurd Det første kullet med elkraftingeniørar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde er ferdig utdanna denne våren. Dei er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. •• Tormod Flatebø nordfj@fjt.no – Energibransjen har stort behov for fagutdanna personar, både på land og offshore. Tek du elkraftstudiet er du trygg, sa programansvarleg for ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Eli Nummedal, til oss i fjor. Bransjen Det var Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som tok initiativ å få utdanninga til Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for det var stort behovet for fagpersonar med denne typen utdanning. – Til saman er det 760 tilsette i kraftbransjen i Sogn og Fjordane. Ein tredjedel av desse vil gå av med pensjon dei komande ti åra. Derfor er vi sjølvsagt svært nøgde med at utdanningstilbodet i Førde kom på plass, sa kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i SFE for vel eitt år sidan. Kraftfylket I 2014 viste Sårheim til at behovet for kvalifisert arbeidskraft kunne illustrerast ved at ti prosent av all vasskraft i Norge kjem frå Sogn og Fjordane. Med elkraftstudiet er du trygg. Eli Nummedal Programansvarleg for ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane – Konkurransen om elkraftingeniørane er stor over heile landet, ikkje minst frå oljeindustrien, nettopp derfor er det svært viktig at vi sikrar eiga rekruttering, ved at vi har oppretta det einaste elkraftstudiet mellom Bergen og Trondheim i Førde, seier Sårheim. Behovet er stort Når no det første kullet med elkraftingeniørar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) snart forlet studiebenken, er spørsmålet om dei som var pådrivarar for å få utdaningstilbodet til Sogn og Fjordane også har sikra seg nokre av dei nyutdanna elkraftingeniørar frå HISF? − Per i dag har vi ikkje tilsett ingeniørar frå det studiet vi var med å få i gang. Akkurat no er vi litt avventande på grunn av dei utfordringane vi har i bransjen, med låge kraftprisar, seier Ole Bernt Søreide, HR-direktør i SFE. − Men det betyr ikkje at behovet for nytilsetting av ingeniørar er mindre enn tidlegare. Vi har framleis den same utfordringa no som vi hadde tidlegare, ved at vi i må erstatte dei som går av med pensjon, seier Søreide. 16 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil kvar dag, heile døgnet. nordfjordsamkoyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 27
© Copyright 2024