Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Januar 2015 Rv. 5 Kjøsnesfjorden Svein Helge Frækaland Notat om massehandtering Innleiing 1. Innleiing/ bakgrunn ........................................................................................................ 2 2. Mengder og deponibehov ............................................................................................... 3 Mengder ............................................................................................................................. 3 Brukbarhet av massar ......................................................................................................... 3 Massar til bruk i anlegget ................................................................................................... 3 Masseoverskot .................................................................................................................... 3 Generelt om massetransport .............................................................................................. 4 3. Deponiområde og masselager ........................................................................................ 4 Samla oversikt .................................................................................................................... 4 4. Skjema med vurdering av dei ulike områda: ................................................................... 6 Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 1 Massehandtering – Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden 1. Innleiing/ bakgrunn Det er under utarbeiding reguleringsplan for skredsikring av Rv. 5 langs Kjøsnesfjorden. Tiltaket vil vere bygging av tunnel mellom eksisterande Støylsnestunnelen og Kjøsnes. Den nye tunnelen vil bli ei vidareføring av Støylsnestunnelen, med ei forlenging med om lag 6,5 km ny tunnel. Total tunnellengde inkl. Støylsnestunnelen vil da bli om lag 8,5 km. Sjå oversiktskart nedanfor, figur 1. Figur 1: Oversiktskart over ny tunnel Prosjektet vil ha eit masseoverskot på om lag 700 000 m3 (anbrakte massar). Desse massane er ein ressurs som det er eit mål å utnytte på ein økonomisk god måte for prosjektet og samfunnet. Mengdene er for store til at det kan vere opp til entreprenørane eller lokale utbyggjarar/ grunneigarar å ordne deponiområde. Fram mot mogleg anleggsstart må det utarbeidast reguleringsplanar som sikrar løyve som gir tilstrekkeleg deponimoglegheiter. Den nye tunnelen er planlagt med driving frå tverrslag ved Pevika og frå Kjøsnes. Dette notatet gir ein oversikt over det vi vurderer som aktuelle deponiområde. Kva for deponiområde som til slutt blir valt, og kor mykje det skal fyllast i dei enkelte områda, vil bli avgjort seinare. Det som er viktig no, er at vi sikrar ein fleksibilitet ved planlegginga og utnytting av deponia. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 2 2. Mengder og deponibehov Mengder Den nye tunnelen vil få ei lengde på om lag 6,5 km. Tunnel og tverrslag er planlagt med tunnelprofil T9,5. Inkludert nisjer og tverrslag, vil sprenging av tunnelen gi eit masseoverskot på om lag 700 000 m3 med tunnelstein. I tillegg vil det vere om lag 21 000 m3 lausmassar frå dagsone på Kjøsnes og ved tverrslaget ved Pevika som må handterast. Brukbarhet av massar Geologien langs tunnelen kan i hovudsak delast inn i to ulike einingar: Kvartsmonzonitt, grovkorna til storkorna, nokre stader omdanna til augegneis. Dette er ein lite omdanna djupbergart. Granittisk ortogneis med bånd eller striper, nokre stader migmatittisk, gneis med diorittisk til granittisk samansetting, andre stader augegneis. Dette er ein omdanna bergart. I den austlege delen av planområdet framstår bergarten som augegneis med lyse/ raudlege auge eller meir som ein granittisk gneis/ kvartsmonzonitt. I vestre del av planområdet framstår bergarten som ein banda gneis med alternerande mørke og lyse band. Bandinga varierar frå lokalitet til lokalitet. Det opptrer og stadvis innslag av augegneis. Det skal gjennomførast laboratorietestar for å vurdere kvaliteten til bergartane for bruk til vegbygging. Det er grunn til å tru at det meste av massane tilfredsstiller krav til massar brukt til vegoverbygning og vidareforedla til sal. Massar til bruk i anlegget Det vil bli brukt massar til bygging av veg i dagen ved Kjøsnes og til overbygning i tunnelen. Desse massane reknar ein med blir handtert i anleggsområdet enten ved Pevika eller ved Kjøsnes. Masseoverskot Av dei totalt om lag 700 000 m3 med overskotsmassar, blir det føresett at om lag 200 000 m3 av desse kan gå til andre tiltak i nærområdet, enten vegbygging eller andre lokale tiltak. Det står da att om lag 500 000 m3 overskotsmasse som krev andre deponiområde. Mengde overskotsmasse er omrekna til anbrakte massar. For omrekning frå prosjekterte faste massar til anbrakte massar, anvendes ein faktor på 1,4. Ved berekning av transportkostnader er det prosjekterte faste massar som er brukt som grunnlag, medan det for plassering i deponi er anbrakte massar som er nytta. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 3 Generelt om massetransport Sannsynlegvis vil om lag 2/3 av tunnelen bli drive frå tverrslaget i Pevika, og resterande frå Kjøsnes. Med eit slikt utgangspunkt, vil om lag 470 000 m3 av overskotsmassane med tunnelstein bli frakta ut ved Pevika, der om lag 200 000 m3 av desse vil vere massar som vi reknar med å bruke på andre tiltak i nærleiken, og som må plasserast på mellomlager. Om lag 230 000 m3 vil bli tatt ut ved Kjøsnes. Ved driving av tunnelen vil massen bli transportert ut av tunnelen med store dumpere med aksellast som ikke er tillate på ordinært vegnett. Det betyr at massane må transporterast til mellomlager i nærleiken av tunnelmunningen, eller gå direkte til fyllplass eller lekter på eigen anleggsveg. Massar som skal fraktast på ordinært vegnett må lastast om til lastebilar. Med tanke på støy, støv og trafikksikkerheit, er det ein klar fordel om massane kan transporterast på eigne anleggsvegar i staden for på hovudvegnettet. Ein transportavstand på inntil 10 km på hovudvegar kan vurderast som forsvarleg sett frå eit økonomisk synspunkt. Transportkostnadane som er berekna i vedlagte skjema for dei ulike områda er grove overslag. Berekningane er gjort for å kunne sjå kva innverknad avstand til deponiområde kan utgjere i transportkostnader. 3. Deponiområde og masselager Det er ikkje ønskjeleg å tippe massar på fleire mindre område sidan det vil krevje både forarbeid før ein kan ta området i bruk og tilpussing i ettertid for dei fleste områda. Dette vil gi ei mindre effektiv drift av anlegget. Det er difor litt større deponiområde som er teken med i vurderinga. I samband med varsel om oppstart av planarbeidet, kom det inn nokre innspel til lokale tiltak som har behov for massar, m.a. bygging av rasvollar ved bustadfelt, skogsveg og naustområde. Prosjektet kan levere massar til lokale tiltak. Det er ønskjeleg at kommunen avklarar kor mykje massar det vil vere behov for, og kvar massane kan plasserast mellombels. Samla oversikt Det er vurdert ei rekke moglege deponiområde. Ein del er forkasta m.a. pga. problematiske grunntilhøve, omfattande tilrettelegging, for lang transport eller at dei er vurdert som for små til å vere interessante. Kartet nedanfor viser oversikt over alle områda som i utgangspunktet har vore vurdert. Det er alternativ 1 – 8 (markert med raudt) det er valt å gå vidare med, og som det er lagt med utdjupande informasjon om på vedlagte skjema. Alternativ 9 – 14 er av ulike årsaker valt å forkaste (markert med svart). Tabell 1 viser ein oversikt over dei ulike områda som er vist i kartet i figur 2. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 4 Figur 2: Områder vurdert som deponi og masselager Posisjon Massedeponi/ masselager 1 Bolset. Etablering av landbruksareal eller masselager 2 Bolset. Tidlegare masseuttak. Masselager. 3 Lunde. Eksisterande deponi etter kraftutbygging. Utvide deponiet. 4 Fossheim. Nordfjord Skifer AS sitt område for masseuttak. Masselager. 5 Kjøsnes. Utfylling til nytt landområde/ øy. Permanent deponering. 6 Kjøsnes aust. Fylling på djupt vatn. Permanent deponering. 7 Pevika. Fylling på djupt vatn. Permanent deponering. 8 Klakegg. Utbetring ved kryss E39x fv. 453. 9 Skeisbukta. Etablering av nytt landområde langs E39. 10 Fuglevatna. Attfylling av vatna. 11 Grungen. Masselager. 12 Grungen. Heving av landbruksareal. 13 Bolsetvatnet sør. Opparbeiding av landbruksareal. 14 Klakegg. Opparbeiding av landbruksareal. Tabell 1: Oversikt over dei ulike vurderte områda for deponi og masselager Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 5 4. Skjema med vurdering av dei ulike områda: 1. Bolset, permanent deponering Antatt mengde 70 000 m3. Grunneigar Knut Bolset ønskjer opparbeiding av overskotsmasse, m3 som kan landbruksareal/ innmarksbeite. Kan kanskje også brukast som plasserast (anbrakte m3) masselager for framtidig bruk/ vegbygging. Transportavstand frå Ca. 6 km frå Kjøsnes (mest aktuelt) Kjøsnes/ Pevika Ca. 10 km frå Pevika Transportkostnad frå Opplasting: 50 000 x 15 kr/m3 = 750 000 kr Kjøsnes/ Pevika Transport frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 50 000 m3 x 6 km = (kostnad for faste m3) 1 500 000 kr Totalt 2 250 000,- Omfang av grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Vil krevje noko opparbeiding før det kan takast i bruk, og klargjering tilstelling for å få det til å bli eit område eigna for landbruk. Konsekvensar for landskap Konsekvensar for naturmiljø Kort synfaring i delar av området (på toppen av «fyllinga»). Registrerte mange svartelista artar. Artskart: Registrert raudlista art (filtkjuke, Inonotus tomentosus, VU) i nærleiken Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 6 Førde/Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og vadefuglar. Unngå utfylling i elva og kantsona (min. 10 m). Unngå avrenning av sprengt finstoff til vatn/vassdrag. Svartelista artar må ikkje spreiast. (Slike massar kan kanskje leggast i botn av ev. fylling?) Konsekvensar for Er det tenkt større enn dagens deponi, vil her koma krav om kulturminne/ -miljø arkeologiske registreringar. Konsekvensar for nærmiljø Transport gjennom eller nær gardstun. og friluftsliv Konsekvensar for Massane kan brukast til bakkeplanering og opparbeiding av nytt naturressursar landbruksareal. Planbehov Fordeler Får brukt massane som ein ressurs for opparbeiding av nytt landbruksareal. Bruker eit område som allereie er berørt. Ulemper Transport gjennom Skei sentrum i anleggsperioden. Forholdsvis lang transport. Merknader Må ev. inngå avtale med grunneigar. Må avklare om det skal takast vare på massar for seinare vegbygging t.d. langs E39. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 7 2. Bolset, mellombels masselager Antatt mengde 30 000 m3. Bruk som masselager for framtidig utnytting av overskotsmasse, m3, som massane til ulike formål. kan plasserast (anbrakte m3) Transportavstand frå Ca. 6 km frå Kjøsnes (mest aktuelt) Kjøsnes/ Pevika Ca. 10 km frå Pevika. Transportkostnad frå Opplasting: 21 000 x 15 kr/m3 = 315 000 kr Kjøsnes/ Pevika Transport frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 21 000 m3 x 6 km = (kostnad for faste m3) 630 000 kr Totalt 945 000,- Omfang av Ingen grunnundersøkingar. grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Grunneigar må ha ansvaret for å klargjere området for mottak av klargjering massar. Konsekvensar for landskap Massane vil bli liggande godt synleg frå vegen. Området er allereie brukt til liknande aktivitet. Konsekvensar for naturmiljø Kort synfaring i delar av området (på toppen av «fyllinga»). Registrerte mange svartelista artar. Artskart: Registrert raudlista art (filtkjuke, Inonotus tomentosus, VU) i nærleiken Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot Førde/ Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og vadefuglar. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 8 Merknad: Unngå utfylling i elva og kantsona (min. 10 m). Unngå avrenning av sprengt finstoff til vatn/vassdrag. Svartelista artar må ikkje spreiast. (Slike massar kan kanskje leggast i botn av ev. fylling?) Konsekvensar for Er det tenkt større enn dagens deponi, vil her koma krav om kulturminne/ -miljø arkeologiske registreringar. Konsekvensar for nærmiljø Transport nær gardstun. Støy og støv pga. aktivitet på området og friluftsliv gjennom lengre tid. Konsekvensar for Får gjenbruk av massane frå tunnelen. naturressursar Planbehov Fordeler Får brukt massane som ein ressurs. Bruker eit område som allereie er berørt. Ulemper Transport gjennom Skei sentrum i anleggsperioden. Støy og støv for nærmiljøet. Merknader Vurdere utlysing der alle interesserte kan melde sin interesse. Vurdere vilkår for tilkøyring av massar. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 9 3. Lunde, permanent deponi Antatt mengde overskotsmasse, Antar 200 000 m3 m3 som kan plasserast (anbrakte m3) Transportavstand frå Transportavstand frå Pevika: 6,1 km Kjøsnes/ Pevika Transportkostnad frå Opplasting: 140 000 x 15 kr/m3 = 2 100 000 kr Kjøsnes/ Pevika (faste m3) Transport: 5 kr/m3/km x 140 000 m3 x 6,1 km = 4 270 000 kr Totalt 6 370 000,- Omfang av grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Etablere anleggsveg til tippområdet. klargjering Konsekvensar for landskap Eksisterande deponi er utforma etter krav i konsesjon frå kraftutbygginga. Ytterlegare fylling vil gjere det vanskeleg å få til god landskapstilpassing. Konsekvensar for naturmiljø Truleg utgreidd i samband med Kjøsnesfjorden kraftverk. Artskart: Raudlista sopp tilknytt beitemarka registrert, men vest for dagens deponi? Naturbase: Regionalt viktig område med naturbeitemark. Konsekvensar for Så lenge det er same deponiet er det truleg ikkje problematisk i kulturminne/ -miljø forhold til kulturminneinteresser. Konsekvensar for nærmiljø Transport forbi busetnaden ved Lunde. og friluftsliv Konsekvensar for Truleg ingen gjenbruk av massane. naturressursar Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 10 Planbehov Reguleringsplan? Fordeler Området er brukt som deponi tidlegare. Ulemper Rasfare. Kan ikkje nyttast i periodar med fare for ras. Vanskeleg med god landskapstilpassing. Merknader Geolog skal vurdere rasfaren før vi tar stilling til om dette området er aktuelt å bruke som deponi. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 11 4. Skei sentrum, eksisterande steinbrot med konsesjon for utviding av område Antatt mengde overskotsmasse, Avklarast med Nordfjord Skifer v/ Sverre Anton Sunde. m3, som Antar 100 000 m3. kan plasserast (anbrakte m3) Transportavstand frå Frå Kjøsnes: Ca. 4,2 km. Kjøsnes/ Pevika Frå Pevika: Ca. 8,2 km. Transportkostnad frå Opplasting: 70 000 m3 x 15 kr/m3 = 1 050 000 kr Kjøsnes/ Pevika Transport: 5 kr/m3/km x 70 000 m3 x 4,2 km = 1 470 000 kr (faste m3) Totalt 2 520 000,- Omfang av grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Nordfjord skifer har opparbeidd område for masseuttak, og kan klargjering utvide området. Konsekvensar for landskap Området inngår i kommuneplan er vurdert i KU for kommuneplan. Konsekvensar for naturmiljø Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot Førde/ Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og vadefuglar. Artskart: Fleire vasstilknytte raudlista fugleartar (NT) registrert dei siste åra. Raudlista (beitemarkstilknytt?) sommarfugl (EN) registrert i Skei-området i 1942. Naturbase: Fuglevatna, Skredvatnet og Fossheimvatnet er registrert som rike kulturlandskapssjøar. Merknad: Unngå utfylling i elv/vatn og kantsona (min. 10 m). Unngå avrenning av sprengt finstoff til vatn/vassdrag. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 12 Konsekvensar for Viser til konsekvensutgreiing for kommuneplan. kulturminne/ -miljø Konsekvensar for nærmiljø Transport gjennom sentrum og knusing av massar i steinbrotet og friluftsliv vil føre til støy og støv for nærmiljøet. Konsekvensar for Får gjenbruk av overskotsmassar. naturressursar Planbehov Område for industri. Nordfjord Skifer AS har konsesjon på området. Utviding av området er med i godkjent kommuneplan. Fordeler Eksisterande steinbrot med godkjent plan for utviding. Forholdsvis kort transport. Gjenbruk av overskotsmassane. Ulemper Transport gjennom Skei sentrum. Merknader Nordfjord Skifer v/Sverre Anton Sunde har teke kontakt. Dei vil ha kapasitet til å ta mot overskotsmassar frå tunnelen, og kan også ha plass til knusing av massar. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 13 5. Fylling i Kjøsnesfjorden – ved brua (Skissa viser forslag til løysing - fleire alternativ til utforming kan vurderast) Antatt mengde 500 000 m3 overskotsmasse, m3, som kan plasserast (anbrakte m3) Aktuelt å fylle all overskotsmasse. Antar 270 000 m3 frå Pevika og 230 000 m3 frå Kjøsnes. Transportavstand frå Frå Kjøsnes: Ca. 1,3 km Kjøsnes/ Pevika Frå Pevika: Ca. 5 km Transportkostnad frå Opplasting: 350 000 m3 x 15 kr/m3 = 5 250 000 kr Kjøsnes/ Pevika Transport (faste m3) frå Pevika: 5 kr/m3/km x 190 000 m3 x 5 km = 4 750 000 kr frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 160 000 m3 x 1,3 km = 1 040 000 kr Totalt 11 040 000,Omfang av Må grunnundersøkast. grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Det opparbeidde nye landområdet kan utformast slik at det kan klargjering vere til nytte i turistsamanheng og som rasteplass. Konsekvensar for landskap Det utfylte området blir eit framandelement som vil endre landskapsbiletet. Konsekvensar for naturmiljø Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn og Fjordane Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 14 storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter. Må også vurderast etter vassforskrifta (og vassressurslova). Kan vere positivt å få meir gjennomstrøyming/ utskifting av vatn mellom Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet ved å opne fyllinga meir. Konsekvensar for Uheldig for kulturmiljøet på Kjøsnes. Det utfylte området/ øya kulturminne/ -miljø blir eit framandelement i eit elles godt bevart kulturmiljø. Kan komme krav om utvida arkeologisk registrering frå fylkeskommunen. Kanskje også krav om arkeologisk registrering frå sjøfartsmuseet. Konsekvensar for nærmiljø Kan etablere fiskeplass ved nytt landområde/ øy. Kan bli eit og friluftsliv positivt bidrag som kan nyttast av nærmiljøet og til friluftsliv/ fiske. Konsekvensar for Usikkert om utfyllinga kan påverke næringsfiske i Jølstravatnet. naturressursar Overskotsmassane blir gjenbrukt ved å skape nytt landområde. Planbehov Reguleringsplan og ev. konsekvensutgreiing. Fordeler Kort transport. Plass til stor del av/ all overskotsmassane. Opparbeide nytt landareal som kan nyttast i turistsamanheng. Kan vere med å tilføre området nye kvalitetar. Ulemper Moglege konfliktar med fiskeinteresser og kulturmiljø. Etablerer ei kunstig øy som blir eit framandelement i landskapsbiletet. Merknader Viktig landskapsrom og kulturmiljø. Nasjonale naturverdiar. Eksisterande bru har behov for vedlikehald, ev. ny bru. Det bør ikkje vere massetransport over eksisterande bru. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 15 6. Fylling i Kjøsnesfjorden – øst for Kjøsnes Antatt mengde Kan fylle all overskotsmasse, dvs. 270 000 m3 frå Pevika og overskotsmasse, m3 som kan 230 000 m3 frå Kjøsnes. plasserast (anbrakte m3) Transportavstand frå Avstand frå Kjøsnes: 0,5 km Kjøsnes/ Pevika Avstand frå Pevika: 3,2 km Transportkostnad frå Kostnad for opplasting: 500 000 m3 x 15 kr/m3 = 7 500 000 kr Kjøsnes/ Pevika Transport til lekter: (faste m3) Frå Kjøsnes: 10 kr/m3/km x 230 000 m3 x 0,5 km = 1 150 000 kr Frå Pevika: 10 kr/m3/km x 270 000 m3 x 3,2 km = 8 640 000 kr Totalt for tipping av all overskotsmasse: kr 17 290 000,Merknad: I tillegg kjem kostnader med lekter. Omfang av Botn nærast Kjøsnes er scanna. Geoteknikar må vurdere behov grunnundersøkingar for vidare undersøkingar. Vanskeleg å få undersøkt botntilhøva djupare enn ca. 30 m. Omfang av opparbeiding/ Anleggsveg for bruk av lekter. klargjering Tipping av massar på djupt vatn slik at det ikkje vil bli synleg i dagen. Ikkje etterarbeid med massane etter tipping. Konsekvensar for landskap Konsekvensar for naturmiljø Endrar ikkje landskapsbilete. Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 16 og Fjordane Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter. Må også vurderast etter vassforskrifta (og vassressurslova). Konsekvensar for I forhold til kulturminneinteresser bør anleggsvegen leggast kulturminne/ -miljø aust for dyrka mark. Dess lenger aust, dess betre. Store kulturminneinteresser i vestleg del av området. Det kan komme krav om utvida arkeologisk registrering frå fylkeskommunen. Kanskje også krav om arkeologisk registrering frå sjøfartsmuseet. Konsekvensar for nærmiljø Støy for busetnaden på Kjøsnes under anleggstida. og friluftsliv Mogleg konflikt med fiskeinteresser. Konsekvensar for Vatnet er vassforsyning for gardsbruk på Kjøsnes. Pumpehus naturressursar ligg i nærleiken av det aktuelle området. Ingen gjenbruk av overskotsmassane. Usikkert om utfyllinga kan påverke næringsfiske i Jølstravatnet. Planbehov Fordeler Kort transport frå Kjøsnes. Ved fylling på djupt vatn, vil utfyllinga ikkje føre til endring av landskapsbiletet. Ikkje etterarbeid av massane etter fylling i vatnet. Ulemper Må etablere anleggsveg i strandlinja for å komme til med lekter og tipping av masse langs ei lengre strekning (om lag 200m). Ingen gjenbruk av massane. Usikre grunnforhold. Får ikkje grunnundersøkt djupare enn om lag 30 m. Mogleg konflikt med fiskeinteresser. Det er mogleg at fylling frå lekter må avgrensast i tid pga. is på vatnet. Merknader Usikkert kor langt ut ein kjem med lekteren, og om ein når ut på det djupaste området. Det må nyttast silt-gardin, kanskje dobbel, for å unngå spreiing Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 17 av fine partiklar i vatnet. Pga. ganske store kostnader med å få lekter på plass, er løysinga med fylling i vatnet berre aktuell viss det kan bli snakk om å fylle større mengder her. Løysinga vil ikkje vere aktuell for å fylle berre ein rest av overskotsmassar. Dårlege botnforhold nær Kleivatunnelen gjer at ein ønskjer å vurdere utfylling nærare Kjøsnes enn det som er med i planprogrammet for reguleringsplanen. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 18 7. Fylling i Kjøsnesfjorden – Pevika Antatt mengde Reknar med å kunne fylle all overskotsmasse her: overskotsmasse, m3 som kan 270 000 m3 frå Pevika plasserast (anbrakte m3) 230 000 m3 frå Kjøsnes. Transportavstand frå Frå Kjøsnes: 4 km Kjøsnes/ Pevika Frå Pevika: 0,3 km (mest aktuelt) Transportkostnad frå Transport frå Kjøsnes krev omlasting, Kjøsnes/ Pevika Opplasting Kjøsnes: 160 000 m3 x 15 kr/m3 = 2 400 000 kr (faste m3) Transport til lekter: frå Pevika: 10 kr/m3/km x 190 000 m3 x 0,3 km = 570 000 kr frå Kjøsnes: 10 kr/m3/km x 160 000 m3 x 4 km = 6 400 000 kr Ved tipping av all overskotsmasse: Totalt 9 370 000,-. Merknad: I tillegg kjem kostnader med lekter. Omfang av Må vurderast av geoteknikar. grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Tilkomst for bruk av lekter. klargjering Tipping av massar på djupt vatn slik at det ikkje vil bli synleg i dagen. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 19 Konsekvensar for landskap Konsekvensar for naturmiljø Endrar ikkje landskapsbilete. Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn og Fjordane Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter utfylling. Må også vurderast etter vassforskrifta (og vassressurslova). Konsekvensar for Truleg ingen konsekvensar for kulturminne/ - miljø. kulturminne/ -miljø Konsekvensar for nærmiljø Unngår å belaste nærmiljøet ved Kjøsnes med mykje og friluftsliv anleggstrafikk. Fylling på djupt vatn vert rekna å ha mindre negative konsekvensar for fisken i Kjøsnesfjorden, enn ved fylling langs land der det er grunner og oppvekstområde for fisken. Konsekvensar for Ingen gjenbruk av overskotsmassane. naturressursar Planbehov Reguleringsplan. Fordeler Overskotsmassane frå Pevika kan køyrast direkte ut på lekteren utan omlasting. Ingen kostnader med tilstelling av område i ettertid. Ingen endring i landskapsbiletet. Unngår støy og støv frå anleggstrafikk ved busetnad. Unngår anleggstrafikk langs rv. 5 mot Skei og ev. langs E39. Ulemper Må etablere anleggsveg i strandlinja for å komme til med lekter og tipping av masse langs ei lengre strekning (om lag 200m). Ingen gjenbruk av massane. Usikre grunnforhold. Får ikkje grunnundersøkt djupare enn om lag 30 m. Det er mogleg at fylling frå lekter må avgrensast i tid pga. rasfare og / eller is på vatnet. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 20 Merknader Området ved Pevika er fylt ut ved tidlegare vegutbetring. Fyllinga er vurdert til å vere stabil i geoteknisk rapport frå 2004. Det må nyttast silt-gardin, kanskje dobbel, for å unngå spreiing av fine partiklar i vatnet. Pga. ganske store kostnader med å få lekter på plass, er løysinga med fylling i vatnet berre aktuell viss det kan bli snakk om å fylle større mengder her. Løysinga vil ikkje vere aktuell for å fylle berre ein rest av overskotsmassar. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 21 8. Utbetring av kryss mellom E39 og fv. 453 Antatt mengde Antar at det kan fyllast om lag 100 000 m3 i området. overskotsmasse, m3 som kan plasserast (anbrakte m3) (Viss ein vel å berre fylle for omlegging av fv. 453 ved krysset med E39, vil det gå med om lag 40 000 – 50 000 m3.) Transportavstand frå Avstand frå Kjøsnes: 7,3 km (mest aktuelt) Kjøsnes/ Pevika (Avstand frå Pevika: 11,3 km) Transportkostnad frå Opplasting: 70 000 m3 x 15 kr/m3 = 1 050 000 kr Kjøsnes Transport: 5 kr/m3/km x 70 000 m3 x 7,3 km = 2 555 000 kr (faste m3) Totalt 3 605 000,- Omfang av Vurderast av geoteknikar. grunnundersøkingar Omfang av opparbeiding/ Må fjerne myrmassar. Usikkerheit rundt ureina grunn. klargjering Konsekvensar for landskap Konsekvensar for naturmiljø Artskart: Oter i/ved Stardalselva Naturbase: Ingen registrerte naturtypar Delvis myrlendt, usikkert kor mykje som er påverka av tidlegare inngrep. Forureina grunn: Kan bli pålagt å gjere tiltak pga. gamal avfallsfylling, men kan også vere mogleg å fylle oppå dersom FM/kommunen meiner det ikkje er fare for avrenning/ vidare forureining. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 22 Konsekvensar for kulturminne/ -miljø Meldepliktig sefrakregistrert bygning på vestsida av E39, rett før krysset. Truleg krav om arkeologisk registrering. Konsekvensar for nærmiljø Transport gjennom Skei sentrum. Støy og støv frå og friluftsliv anleggstrafikk. Konsekvensar for Får brukt noko av overskotsmassen til vegutbetring. naturressursar Planbehov Fordeler Får utbetra kryssområde. Gjenbruk av overskotsmassar. Ulemper Lang transport. Transport gjennom Skei sentrum. Fjerning og deponering av myrmassar. Usikkerheit rundt ureina grunn. Merknader Må avklarast nærare med vegavdelinga. Avklare planbehov. Myrmassar som blir fjerna, kan leggast på toppen av steinfylling. Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering Side 23 Statens vegvesen Region vest Ressursavdelinga Askedalen 4 6863 LEIKANGER Tlf: (+47 915) 02030 firmapost-vest@vegvesen.no vegvesen.no Trygt fram sammen
© Copyright 2024