6 NYHETER LØRDAG 18. JULI 2015 Ap frontar Reinlivegen Oppland Ap besøker alle dei seks 26 kommunane i Oppland i forkant av valkampen Klar til kamp: fv. Marianne Sand Hansen, Magne Damslora, Ole Kristian Alabjbeg Kamben, Svein Bakke, Even Aleksander Hagen, Anne-Marte Kolbjørnshus, Reidar Schlytter og Stig Solbrekken. Ny veg: Ny veg til Reinli er ei viktig sak for Arbeidarpartiet, meiner Even Aleksander Hagen, Anne-Marte Kolbjørnshus, Magne Damslora og Stig Solbrekken. Sør-Aurdal Ap hadde valt seg ut Reinlivegen som viktigaste programpost då fylkesordførarkandidat Even Aleksander Hagen besøkte kommunen. BJØRN KARSRUD bjorn@avisa-valdres.no SØR-AUR DAL: – Med så sterke signal frå partilaget i SørAurdal har vi dette vegprosjektet høgt på dagsordenen, seier Even Aleks ander Hagen. Saman med varaordførarkan didat på fylket, AnneMarte Kol bjørnshus, besøkte han både Sør Aurdal og alle dei andre valdres kommunane. – Vi besøker alle dei 26 opp landskommunane i løpet av tre dagar, seier Hagen. Barnehage og turisme – Dette er altså ein tjuvstart på valkampen? – Nei, valkampen har vi starta for lenge sidan, seier Hagen. To viktige grunnar til at Ap legg tunge lodd i vektskåla for Reinli vegen, er ifølgje varaordførarkan «Vi besøker alle dei 26 opplandskommunane i løpet av tre dagar». EVEN ALEKSANDER HAGEN didat Stig Solbrekken at vegen er barnehageveg for svært mange. I tillegg er det vegen inn til viktige turistområde og hytteområde. Ein vesentleg grunn til at veg prosjektet er hyperaktuelt no, er at Vegvesenet vil få store meng der med overskotsmasse i sam band med utbygginga av den fire kilometer lange E16tunnelen i Bagnskleive. E16arbeidet vil bli starta opp våren eller sommaren 2016, kun ne prosjektleiar Thomas Berger i Statens vegvesen fortelja Apde legasjonen, som før synfaringa på vegen fekk ei orientering på brak keriggen til Vegvesenet på Bagn. Ifølgje Berger vil tunnelmassen bli fordelt mellom E16, Reinlive gen og fv 33 ved Bjørgokrysset. Berger opplyste at ein regule Viktig for barnehagen: Det er viktig for barnehagen å få sikker veg opp til Reinli, meiner Even Aleksander Hagen, Marianne Sand Hansen og Anne-Marte Kolbjørnshus. ringsplan for Reinlivegen ligg til høyring med frist 30. august. Det viktigaste no er at det blir depo nert masse i traseen oppover mot Reinli. Prioritert – Vil så fylkeskommunen setta av midlar til å bygge vegen opp mot Reinli ferdig? – Når SørAurdal Ap så klart signaliserer at dette er viktig, så vil løyvingar til dette vegprosjek tet ligge tungt i vektskåla, seier Even Aleksander Hagen. Men han gjer det samtidig klart at det er mange om beinet og at dei ulike prosjekta må vurderast opp mot kvarandre. Og målet til Oppland Ap i val kampen er heilt klart. Det er så mange ordførarar og kommune styremedlemmer som muleg. – Det er ingen ting i vegen for at vi kan koma til å gjera reint bord. Samtidig er målet sjølvsagt å styre fylkespolitikken vidare med as sistanse frå Senterpartiet, SV og KrF, seier Hagen. FAKTA Går for veg i Sør-Aurdal ■■ Oppland Ap vil engasjere seg for Reinlivegen og E16 vidare frå Bagn. ■■ Fylkesordførarkandidat Even Aleksander Hagen besøker på tre dagar alle kommunane i Oppland. ■■ E16-tunnelen frå Bagn får byggestart våren eller sommaren 2016, og då blir det overskotsmasse til ny Reinlivegen.
© Copyright 2025