Ledig stilling som badevakt ved Haugland Rehabiliteringssenter Vi har ledig stilling som badevakt (evt. tilkallingsvakt) i Badeland ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Som badevakt inngår du i fast turnus med arbeid annankvar fredag og søndag, i tillegg til arbeid kvar fjerde tysdag. Badevaktene har ansvar for tryggleiken til badegjestane ved senteret. Du skal yte god service, og vere positiv og imøtekommande. Som tilkallingsvakt inngår du ikkje i fast turnus, men kan bli kontakta om vi treng vikar i Badeland. Ein må kvart år ha godkjent livredningsprøve for å kunne arbeide som badevakt. I tillegg må ein kunne beherske både norsk og engelsk. For informasjon om stillinga, ta kontakt med: Kontorleiar Ragnhild B. Follevåg Tlf. 57 73 71 00 / mobil 99 51 47 82 E-post: ragnhild.follevaag@rkhr.no
© Copyright 2024