Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev tilbod om rehabilitering av pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Det er 70 døgnplassar og 5 dagplassar ved institusjonen. Det medisinsk faglege teamet består av lege med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, logoped, idrettspedagogar og klinisk ernæringsfysiolog. ___________________________________________________________________________ Lege/ legespesialist 100 % fast stilling Stillinga passar for deg som er interessert i å arbeide med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga. Arbeidet føregår i stor grad i tverrfaglege team saman med andre faggrupper, gode samarbeidseigenskaper er difor viktig. Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har kring 1300 pasientar til behandling årleg. KVALIFIKASJONAR: Stillinga føreset interesse for rehabilitering. I tillegg til spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering, kan det også vere aktuelt med spesialitet innan nevrologi, revmatologi, arbeidsmedisin eller allmennmedisin. Søkjarar må ha norsk autorisasjon og beherske norsk skriftleg og munnleg. Det vil bli stilt krav om fremlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga, jfr. Helsepersonelloven § 20a. VI TILBYR • Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og deltaking i forskingsaktivitet. • God pensjons - og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Hjelp med bustad • Løn etter avtale Tilsetting etter nærare avtale ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Haugland, 6968 FLEKKE HEIMESIDE: www.rkhr.no KONTAKTPERSON: Adm. dir. Inger Johanne Osland Telefon: 57 73 71 03 / 414 48 295 E-post: inger.osland@rkhr.no SØKNAD MERKAST: Søknad lege SØKNAD SENDAST TIL: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS v/Personalleiar Kristin Kyrkjebø 6968 FLEKKE Eller på e-post: ledigstilling@rkhr.no
© Copyright 2024