Laboratoriemedarbeidar - vikar

Norsk Stein AS avd. Jelsa har Europas største anlegg for
produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og
offshorekonstruksjonar. Me er lokaliserte i Suldal kommune,
er 166 tilsette + 7 lærlingar, og har ein årsproduksjon på
opp til 10 mill. tonn Sjå: http://www.mibau-stema.com
Ønskjer du ein spennande og lærerik arbeidsplass i Europas største
pukkverk? Då er du velkommen til å søkja som vikar i vår bedrift.
Operatør - vikar i bruddavdelinga
Me søkjer etter ein engasjert og sjølvgåande medarbeidar som ønskjer å arbeide i
bruddet, fortrinnsvis i servicegruppa.
Dette inneber:
• Køyring av gravemaskin
• Køyring av veghøvel, vedlikehald av vegar.
• Førefallande arbeid med hjullastar
• Støvdemping og vatning av salver med stor traktor.
• Fylling av diesel på maskinar med tankbil.
• Anna førefallande arbeid
• Ved behov må ein rekna med å hjelpa til i andre avdelingar.
For stillinga som operatør i bruddavdelinga ønskjer me personar som har:
• Sertifikat kl. C
• Relevant kompetansebevis som maskinførar (M2, M3, M4 og M6)
• Fagbrev i anleggsmaskinførarfaget, eventuelt lang og allsidig praksis
• Kunna kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg.
For stillinga gjeld:
• Opplæring vil bli gitt til motiverte søkjarar som ikkje oppfyller krav til kompetanse
og erfaring.
• Arbeidstida er primært 2-skift. (Ettermiddagsskift 3. kvar veke og ønske om
deltaking i helgevakt 3. kvar helg).
• Du bør ha evna til å jobbe planmessig og effektivt
• Du må ha rett innstilling, ønskje om å bidra positivt til å løyse oppgåver og bygge
eit godt arbeidsmiljø.
• Stillinga er for inntil 1 år
Kontaktperson til stillinga som operatør: Kjell Petter Hamre eller Siv Krane Rodahl;
tlf. 52 79 29 00
Laboratoriemedarbeidar - vikar
Me søkjer etter ein engasjert og sjølvgåande medarbeidar som ønskjer å arbeida i
vårt laboratorium. Laboratoriet gjennomfører analyse av produkta på Norsk Stein.
Arbeidet vil bestå av å:
• Ta prøver ute i anlegget, og analysere desse.
• Registrere prøveresultat.
Me søkjer deg som:
• Har erfaring frå laboratorie- eller bergverksarbeid. Dette er ein fordel, men ikkje
nødvendig, då opplæring vil bli gitt.
• Har ansvarsfølelse og ryddighet
• Har god fysisk helse
• Har fokus på sikkerhet og kvalitet i jobben
• Har god samarbeidsevne og fleksibilitet
• Har grunnleggande datakunnskapar.
• Har B-sertifikat
• Kan kommunisera på norsk, både munnleg og skriftleg.
Arbeidstida er primært på dagtid.
For rett person kan me tilby ein spennande og variert jobb i eit godt miljø.
Kontaktperson til stillinga som laboratoriemedarbeidar:
Frank Hondsmerk, tlf. 52 79 29 00
Søknad med CV
sendast innan 27.01.17 til:
Norsk Stein AS
Personalavdelinga
Jelsavegen 512, 4234 Jelsa
Eller på e-post: post@norsk-stein.no