Øygarden kommune er ein kystkommune nordvest for Bergen med vel 4900 innbyggjarar. Reisetid frå Bergen til tettstaden Rong er ca 40 minutt. I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og attraktive byggetomter. Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester. STILLING MED SAKSNR 16/2893 sosialkonsulent NAV Øygarden har ledig 80% fast stilling som sosialkonsulent frå snarast. Arbeidsoppgåver for stillinga: • Sakshandsaming etter sosialtenestelova • Oppfølging og tiltaksarbeid i tverrfagleg samarbeid internt i NAV-kontoret og med andre deler av hjelpeapparatet • Iverksetjing og oppfylging av tiltak for brukarar i Kvalifiseringsprogrammet Det er utarbeida stillingsomtale for stillinga Kvalifikasjonar for stillinga: • Utdanning som sosionom eller anna sosialfagleg høgskuleutdanning • Personar med anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan også søkja • Evne til å arbeida resultatorientert og effektivt • Evne til å motivera personar som er i ein omstillingsfase i livet • Klarer å arbeida sjølvstendig og å ta avgjersler • Gode samarbeidsevner Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Lønsvilkår: Tariff Nærare opplysingar om stillinga, får ein ved å venda seg til: Einingsleiar Vidar Sangolt tlf:53 04 54 65 eller e-post:vidar.sangolt@nav.no Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar via vårt digitale søknadssenter https://www.oygarden.kommune.no/skjema/skjema For ytterlegare informasjon og rettleiing kring det digitale søknadssenteret, ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00. Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Medlemskap i pensjonsordning hos KLP. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Øygarden kommune er IA- verksemd. Vi gjer merksam på, jamfør Offentleglova § 25, at opplysningar om søkjar kan verta gjort offentleg, sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje å verta ført opp i postjournalen. Søknad om unnatak frå § 25 må vera grunngjeven. Dersom søknad ikkje vert teken til følgje, vil søkjar verta varsla om dette. Attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert tekne med i original og kopi ved eit eventuelt intervju. SØKNADSFRIST: 22.07.2016
© Copyright 2024