Ledig stilling som kokk

Hotel Union er eit førsteklasses, familiedrive hotell, med hotell- og mattradisjonar heilt tilbake til 1891. Hotel Union har 2 restaurantar, kafé,
barar, vinkjellar og fleire utdanna vinkelnerar. Hotellet ligg midt i Geiranger og den vakre verdsarvnaturen. Vi har 360 senger i 197 rom og
suitar, og moderne spa-avdeling på 1500 m2. Hotel Union er anerkjent vertskap for kurs og konferansar.
Ledig stilling som kokk
Som vår nye kokk arbeider du i tråd med Union sin stolte matfilosofi, i eit
team av glade og dyktige medarbeidarar. Oppgåva di vil vere å førebu og å
lage smakfull kvalitets- og lokalmat og gi gode matopplevingar til våre
gjester.
VÅRE KRAV TIL DEG
– Kokk med fagbrev og unik interesse for faget
– Erfaring med kalkyler og økonomistyring
– Gode engelsk-kunnskapar
VI TILBYR
Marknadsbasert løn etter avtale og konkurransedyktige vilkår. Hotellet er underlagt tariffavtale.
Vi ordnar bustad om ynskjeleg. Husleige og bustandard etter avtale.
Gode muligheiter for karriereutvikling.
SØKNAD OG OPPSTART
Send skriftleg søknad til anne.giskemo@hotelunion.no.
Oppstart mai eller etter avtale.
For meir informasjon ta kontakt med Anne Giskemo eller Sindre Mjelva på 70 26 83 00.
Les meir om hotellet på hotelunion.no og facebook.com/hotelunion
God mat er tradisjon på Hotel Union.