For året 2014 36. driftsår Styret Bak frå venstre: Gunnar Dalen, Paul Tungesvik, Gunnar Molnes Framme frå venstre: Torunn H. Susort, Hjørdis Sævareid, Kristoffer Vannes (dagleg leiar), Kåre L. Berge (styreformann), Lars Lundal -2- Dagleg leiar har ordet. SØK sitt hovudmål er å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane våre. Overskotet skal primært nyttast til vidareutvikling av føretaket. Driftsåret har vore spesielt på to måtar. Me må attende til 2009 for å finna eit år med lågare forbruk. Årsaka til dette skuldast det milde vêret kombinert med lågare aktivitet i næringslivet. Det andre er at me har lagt bak oss eit år kor me har registrert langt fleire veker med feil i straumforsyninga, noko som også blant anna skuldast vêret. Samfunnet er avhengig av stabil straumforsyning og kundane sine forventningar til kvalitet, tilgjengelegheit og forsyningstryggleik aukar. For å innfri desse forventningane må me bli enda dyktigare innanfor systematisk vedlikehald og gjennomføra dei rette nettinvesteringane. Det er i dag etablert ein god nettstruktur med moglegheit for fleire innmatingar som reduserer konsekvensane i drift- og feil situasjonar. Det er stort fokus på framtidig straumforsyning og selskapsstruktur. Myndigheitene ynskjer ei strukturendring i retning av færre og meir robuste nettselskap. Det blei, i administrasjonen og i styrerommet, arbeidd godt med høyringssvaret til Olje- og energidepartementet sin rapport om «eit betre organisert straumnett». Den største utfordringa for små selskap, er eit eventuelt krav om selskapsmessig- og funksjonelt skilje av drifta. Små selskap og då spesielt selskap som er organisert som samvirkeselskap, har leveringssikkerhet og beredskap som overordna fokus. Lokalt eigarskap er viktig for oss, og god lokalkunnskap gir oss det beste utgangspunktet for trygg straumforsyning i all slags vêr. Lokalt eigarskap forpliktar, og me vil styra og forvalta ressursane i SØK på ein måte som både på kort og lang sikt er til det beste for næringsliv og innbyggjarar i området vårt. Små selskap er gjennomgåande prega av godt vedlikehald og langsiktige investeringar, fordi eigarane prioriterer eit nett med høg kvalitet i lokalsamfunnet og ikkje kortsiktig profitt. Me fryktar at konsentrasjon av avgjerdsmakt i store, by-dominerte selskap vil føre til nedprioritering av distrikta, med redusert leveringskvalitet og svekka beredskap som resultat. Me er budd på at endringar vil komme og det er difor viktig at me held god orden i eige hus og møter godt førebudde til nye utfordringar, til beste for selskapet og kundane våre. Me undersøkjer kundelojaliteten kvart år og i 2014 oppnådde me ein relasjonsscore på 72 og ein lokalscore på 88. Me står sterkt i lokalsamfunnet. SØK har ein sunn og god økonomi. Me gir kjøpeutbytte og bidrar til lokal verdiskaping gjennom støtte til lag og organisasjonar i bygdene. Til slutt vil eg takka styret og tilsette for innsatsen og samarbeidet i 2014. Kristoffer Vannes Dagleg leiar -3- ÅRSMELDING 2014 GENERELT SØK - Skånevik Ølen Kraftlag SA er eit samvirkeføretak der alle kundar med fast eigedom som er registrerte i Folkeregisteret med bustadadresse, verksemder registrerte i Føretaksregisteret med hovudkontor, eller kommunar innan Føretaket sitt konsesjonsområde som ynskjer å kopla seg til vårt straumnett, må vera medlemer av laget. Eigarar av fritidshus er ikkje medlemer av laget. SØK vart skipa 1.1.1979 ved samanslåing av tidlegare Skånevik Kraftlag og Ølen Bjoa Vikebygd Kraftlag. Selskapet har som hovudføremål å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane og bygdene våre. Vårt verdigrunnlag byggjer på: Tryggleik, Rettferd, Engasjert, Nær og Dyktig. SØK sitt konsesjonsområde er Skånevik, Åkrafjorden i Etne kommune og tidlegare Ølen Kommune i Vindafjord Kommune. ENØK Vår oppgåve er å krevja inn avgift til Energifondet i form av eit påslag på nettariffen til kundane. Ved å ringa Enova SF sitt telefonnummer for rådgiving om energisparing og energiomlegging, kan kundane få gratis råd og rettleiing. Enova SF sitt telefonnummer blir oppgitt på vår faktura og vår heimeside www.sok.no. ENERGIUTGREIING SØK er pålagde å gjennomføra lokale energiutgreiingar for kvar kommune. Dei skal medverka til ei felles vurdering av framtidige energiløysingar. Energiutgreiinga skal oppdaterast anna kvart år, og det skal haldast eit offentleg møte. Energiutgreiinga skal innehalda energioversikt som viser kommunen sitt energisystem og samansetjing med statistikk for produksjon, overføring og bruk av energi, samt energietterspurnad fordelt på ulike energiberarar. -4- SELSKAPSSTRUKTUR OG ORGANISASJON SØK er eit ålmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Gjennom årsmøtet utøver medlemene den øvste mynde. Berre medlemer har rett til å møta på årsmøtet. Årsmøtet skal mellom anna velja styreleiar, styremedlemer og varamedlemer, velja medlemer til valnemnda og godkjenna rekneskap og årsmelding. Styret leiar laget. Dagleg leiar står for dei daglege gjeremåla. Ved utgangen av året hadde SØK 22,35 årsverk inklusiv fire lærlingar, fordelt på 23 personar. Dei tilsette sin gjennomsnittsalder er 45 år. I styret utgjer kvinnene 33,3 % av styremedlemmene. Av dei tilsette utgjer kvinnene 12,81 % av samla årsverk. I tilsetjingssaker der mann og kvinne elles står likt, blir kvinne, som eit ledd i å betra likevekta, føretrekt. Dagleg leiar Fellestenester Nett Kunde -5- Breiband STYRET Styret har i år gjennomført seks møte, og 23 saker har vore oppe til handsaming. Styret har vore samansett slik: Kåre L. Berge Leiar valt 2014 for to år. Hjørdis Sævareid Nestleiar valt 2014 for to år. Gunnar Dalen Styremedlem valt 2013 for to år. Torun Hadland Susort Styremedlem valt 2014 for to år. Paul Tungesvik Styremedlem valt 2013 for to år. Lars E. Lundal 1. varamedlem valt 2014 for to år. Anne Skartland 2. varamedlem valt 2013 for to år. Tilsette har ein representant i styret, vald av dei tilsette, med stemmerett: Espen Årvik styremedlem valt 2013 for to år. Harry Strøm varamedlem valt 2013 for to år. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Totalt sjukefråvær var 4,5 % mot 2,4 % i 2013. To verneombod og eit hovudverneombod er valde og me er tilslutta Haugaland HMS. Det blir gjennomført vernerunde og medarbeidarsamtalar. Haugaland HMS gjennomfører periodisk kartlegging av arbeidsmiljøet. Alle avvik skal registrerast, og korrigerande tiltak blir sette i verk i samsvar med gjeldande rutine. Verksemda har som mål å oppnå null arbeidsskadar. Me har inngått avtale om inkluderande arbeidsliv. Me har innarbeidd ein kultur som tar sikte på at det ikkje førekjem forskjellshandsaming grunna kjønn. Arbeidsmiljøet er godt. YTRE MILJØ Me har inngått avtale med Stena Recycling AS om leveranse av elektroavfall og Etne Containerservice AS anna avfall. SØK har ikkje hatt utslepp som forureinar det ytre miljø. RETTSTVISTAR SØK er ikkje involvert i rettstvistar. FRAMLEIS DRIFT I samsvar med rekneskapslova § 3-3 stadfester styret at årsoppgjeret er avlagt under føresetnad av framleis drift av selskapet. -6- EIGAR- OG MEDLEMSKAP I SAMSKIPNADER OG LAG SØK er medeigar i Sunnhordland Kraftlag (SKL) AS (2,6 %), Akslandselva Kraft AS (21,1%) og Valider AS (0,91%). SØK er medlem i EnergiNorge og Kommunenes Sentralforbund. EIGEDOMAR SØK har hovudkontor i Skånevik og montørstasjon i Ølen. Me har dermed to velutrusta bygg med nødvendig lager og utstyr. TRANSFORMATORSTASJONAR SØK har ein koplingsstasjon i Vikebygd og ein koplingsstasjon i Skånevik. HØGSPENTLINJER SØK hadde fyrst på året 133,090 km 22 kV linjer i drift. Ved slutten av året var 131,990 km i drift. HØGSPENTKABLAR SØK hadde fyrst på året 65,594 km 22 kV kablar i drift. Ved slutten av året var 68,375 km i drift. Me har i drift 5 km sjøkabel. LÅGSPENTNETTET SØK hadde fyrst på året 235,220 km lågspentlinjer i drift. Ved slutten av året var 233,751 km i drift. SØK hadde fyrst på året 54,788 km lågspentkablar i drift. Ved slutten av året var 57,668 km i drift. KOMMUNALE GATE- OG VEGLYS I Skånevik og Åkrafjorden er det 267 veglys i drift. I Vindafjord kommune er det 751 veglys i drift. Etter avtale med kommunane vert lysanlegga i vårt nettområde vedlikehaldne av SØK. -7- NETTSTASJONAR SØK hadde fyrst på året 245 transformatorar fordelt på 238 nettstasjonar med ei samla yting på 52.135 kVA. Ved slutten av året var talet på transformatorar 248, fordelt på 240 nettstasjonar, med ei samla yting på 53.955 kVA. TRANSPORTMIDLAR, INVENTAR SØK har to lastebilar, ein liftbil og ni varebilar. SØK har og eit mobilt naudstraumsaggregat på 100 kVA og er medeigar i eit på 300 kVA. Bygget i Skånevik og Ølen er utstyrt med naudstraumsaggregat med automatisk oppstart. NETTDRIFTA Me har ein nettstruktur med høgt innslag av redundante nettløysingar som reduserer konsekvensane i feilsituasjonar. Stabil aktivitet innan fornying av nettanlegg og eit godt vedlikehald, kombinert med ein nettstruktur med høgt innslag av redundante nettløysingar, gir ei straumforsyning med god forsyningstryggleik. Me brukar nettinformasjonssystem til å dokumentera tilstanden i nettet. Ved å identifisera problema og utbetra desse før dei får utvikla seg til ein større driftsfeil, vil omfanget av uventa feil og leveringsavbrot bli redusert. Me nærmar oss slutten med å få alle mastetransformatorar på bakken og aktiviteten innan fornying av 22 kV leidningsnett og kabelnett vil dermed auka kommande åra. Arbeidet med å planlegge ny straumforsyning til Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Fjæra er starta opp og arbeidet vil truleg ta til første halvår 2015. Det er registrert 17 veker med høgspentfeil, 9 veker med lågspentfeil og 6 veker med både høgspent- og lågspentfeil. 20 veker er registert utan feil, mot 34 veker i 2013. Den totale avbrotskostnaden vart 2,359 mill. kroner mot 1,543 mill. kroner i 2013. Av totale avbrotskostnadar er 0,440 mill. kroner forårsaka av andre nettselskap. Netto avbrotskostnad blir 1,919 mill. kroner. -8- SAL AV KRAFTLEVERANSAR Sal av kraftleveranse til sluttbrukarar i 2014 var 78.314 MWH som er ein reduksjon på 10,68 % i høve 2013. SAL AV NETTLEVERANSAR Det blei gjennom året innmata frå regionalnettet 72.209 og 30.523 MWH frå lokal produksjon og andre nett, til saman 102.732 MWH. Av dette utgjer nettap 4.089 MWH, som er 4,5 %. Avgiftspliktig effekt var 17,669 MW. Sal av nettleveranse til sluttbrukarar i 2014 var 87.391 MWH som er ein reduksjon på 8,63 % i høve til 2013. NETTKUNDAR Ved utgangen av 2013 hadde me registrert 3.668 nettkundar. Med ein auke på 99 vert talet aktive nettkundar ved utgangen av året 3.767. -9- DET LOKALE ELTILSYN Det lokale el-tilsyn (DLE) ved SØK får kvart år tilsendt instruks frå ”Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap” (DSB). Instruksen regulerer og set rammer med retningslinjer for hovudsatsingsområda innan tilsynsaktiviteten rundt om i landet. Årsplan for 2014 er gjennomført som planlagt i samsvar med instruks. Det har vore utført tilsyn med 112 private anlegg, fordelt mellom bustadar, hytter og gatelysanlegg. Det er utført tilsyn ved trearbeidande industri, idrettsanlegg, forsamlingslokale, andre næringsverksemder og 13 gardsbruk. Sum vekting av utført tilsyn er 181 mot målet som var 179. Det er gjennomført informasjonsretta tiltak til ulike målgrupper. DLE ved Skånevik Ølen Kraftlag, Etne Elektrisitetslag og Haugaland Kraft i samarbeid med brannførebyggjande avdeling i Etne og Vindafjord kommune tilbyr og gjennomfører årleg undervisning for 6. og 9. klassar ved alle grunnskular innanfor Etne- og Vindafjord kommune. Informasjonen og undervisningsopplegget handlar om eltryggleik og branntryggleik i heimen og er spesielt retta mot bruk av elektrisk utstyr og apparat. Over 40 prosent av bustadbrannane har samanheng med elektrisitet, enten tekniske feil på utstyr og installasjonar eller feil bruk av elektriske apparat. Undervisningsopplegget føregår i eit eige bygg kor det blir laga brannfeller som elevane skal identifisera. Det er gjennom året ikkje observert tilhøve som har medført strafferettslege reaksjonar eller særskild rapportering til DSB. Tilsynsaktiviteten er gjennomført i samarbeid med DLE ved SKL Nett AS. BREIBAND SØK har inngått partnaravtale med Haugaland Kraft på levering av breibandstenester og kundeservice. Til private vert produktet Altibox, som består av internett, telefoni og TV, levert. Til verksemder vert det i hovudsak levert internett. Altibox styrkjer sin posisjon i marknaden og kjem godt ut i konkurransen samanlikna mot andre aktørar målt på pris og kapasitet. Gjennom året er det kopla opp 88 kundar og ved utgangen av året var det i drift 824 kundar. Arbeidet er utført med eigne tilsette. Drifta har vore stabil. Me har inngått samarbeidsavtale om levering av alarmtenester, men aktiviteten er her inntil vidare lagt på vent. SØK sin forretningsidé bygger på at me gjennom målretta utbygging skal leggja grunnlaget for at lokalsamfunna i vårt nettområde får tilgang til eit fiberoptisk nett. - 10 - FAMTIDIG UTVIKLING Våren 2015 la «Reitenutvalet» fram sin rapport «Eit betre organisert straumnett». Største utfordringa i dette forslaget er for oss krav om selskapsmessig- og funksjonelt skilje. Forslag om et selskapsmessigog funksjonelt skilje medfører utfordringar og auka kostnader. Dersom dette blir innført vil dette innebera at SØK må etablera eit morselskap og dotterselskap for dei ulike aktivitetsområda. Framtidig inntening og finansiell stilling vert vurdert som god både på kort og lang sikt. Størst uvisse for det økonomiske resultatet framover vil framleis vera til rammevilkåra for nettdrift. Me har i dag ein reguleringsmodell for nettdrifta der effektiviteten og inntektsramma blir påverka av våre eigne kostnadar, kostnadar frå referanseselskapa, og kostnadar frå alle andre selskap som påverkar gjennomsnittseffektiviteten. Utviklinga i andre selskap er dermed avgjerande for utviklinga av vår inntektsramme. Kraftmarknaden er prega av auka konkurranse og nye krav. Slik me vurderer marknadssituasjonen i dag, er det grunn til å tru at utsiktene framover ser gode ut og at denne delen av verksemda vil bidra med gode inntekter i åra som kjem. Me ynskjer å sjå på tiltak for å oppretthalda lønsomheita på dagens nivå. For aktiviteten innan breiband har me som mål å kopla opp 100 nye kundar i året. Me ser at aktiviteten kjem nettverksemda til gode i beredskapssituasjonar. Me må sjå på og vurdera tiltak som framover kan betra innteninga for dette forretningsområdet. SØK eig 2,6 % i SKL AS, og utbyttet på aksjane er med på å gi oss stabile inntekter. Me har inngått samarbeidsavtale med SKL om bygging av småkraftverk i regionen. Aksland Kraft AS, kor SØK eig 21,1%, vart sett i drift sommaren 2013. SØK sin strategiplan slår fast at hovudføremålet til selskapet er å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane og bygdene våre. Investeringane i nettverksemda vil stige dei kommande åra, blant anna som følgje av myndigheitene sine pålegg om å innføra avansert måle- og styringssystem (AMS), med nye smarte målarar hos alle kundar, innan 2019. SØK deltek i utbyggingsprosjektet via Haugaland Kraft AS som er tilknytt Soria. SØK er med i Valider AS som skal drifte sentralsystemet. Investeringane innan breiband vil halda fram på dagens nivå. Framtidige nettinvesteringar vil framover bli meir retta mot høgspentlinjer og –kablar, utskifting av eldre brytaranlegg og fornying av eldre lågspentanlegg. Me vil også på enkelte høgspentavgangar vurdera å installera mindre effektbrytaranlegg ute i nettet kor driftsfeil gir høge KILE – kostnadar. For 2015 er det budsjettert med eit resultat før skatt på 6,152 mill. kroner og 4,409 mill. kroner etter skatt. I investeringsbudsjettet er det sett av 13,047 mill. kroner til investering i distribusjonsnettet og 0,5 mill. kroner til AMS. Det er budsjettert med eit anleggstilskot på 1,1 mill. kroner. Til breiband er det sett av 4,417 mill. kroner kor 0,5 mill. kroner er sett av til transportmiddel. For 2015 er det budsjettert med 1,0 mill. kroner til kjøpeutbytte. SØK ynskjer å vera med å ta eit lokalt samfunnsansvar og har difor sett av 0,3 mill. kroner til lag, organisasjonar og forsamlingslokale. - 11 - FINANSIELL RISIKO Me har ei bevisst haldning til handtering av finansiell risiko. Verksemda er kapitalintensiv, og har behov for kapital for gjennomføring av investeringar. Likviditetsrisiko må difor handterast. Selskapet driv med kjøp og sal av energi, transport av energi og breiband. Handtering av marknadsrisiko blir difor viktig. Me har følgjande marknadsrisiko: • Prisrisiko og volumrisiko knytt til sal av energi på sikringsprodukt. • Renterisiko knytt til inntektsramma for nettverksemda. Me har slik handtering av marknadsrisikoen: • For sikringsprodukt vert prisrisiko handtert ved at det vert gjennomført sikringskjøp for selt volum i NOK. • Renterisikoen er avgrensa. Inntekter frå nettverksemda (kapitalinntekter), er avhengig av rentenivået. Me har i dag inga renteberande gjeld å ta omsyn til slik at risikoeksponering er knytt opp til låg rente på nettkapital. Kredittrisikoen vert vurdert som avgrensa. Me har innført rutinar som inneber at alle kundar, med unnatak av fritidskundar og uttak for kortsiktig forbruk, blir fakturert kvar månad. Våre breibandskundar blir også fakturert kvar månad. Rutinane for innkrevjing av uteståande krav er utforma slik at inkassoselskapet no overtar fordringssakene etter hovudforfall. Me har rutinar for vurdering av motpartsrisiko; dvs kunden si evne til å ivareta sitt økonomiske ansvar. Likviditetsrisikoen vert vurdert som liten. Selskapet si drift og finansielle inntekter sikrar nødvendig tilgang på likvidar. Soliditeten er god. Eigenkapitalen er høg, og det er ingen lån som skal handterast. Våre investeringar er gjennomført utan låneopptak. - 12 - RESULTATET Rekneskapen syner, etter ei omsetjing på 64,139 mill. kroner, eit resultat før skatt på 9,338mill. kroner og eit årsresultat etter skatt på 6,950 mill. kroner. For 2013 var årsresultatet etter skatt 4,423 mill. kroner. Årsresultatet for 2014 samanlikna mot tilsvarande for 2013 er auka med 2,526 mill. kroner som skriv seg frå følgjande endringar: • • • • • • • Redusert dekningsbidrag 0,085 mill. kroner. Redusert personalkostnadar 3,475 mill. kroner. Auka avskrivingar 0,532 mill. kroner. Auka andre driftskostnadar 2,245 mill. kroner. Redusert utbetaling utviklingsmidlar 0,250 mill. kroner. Auka netto finansresultat 1,936 mill. kroner. Auka skattekostnad med 0,273 mill. kroner. Kraftomsetninga bidrar med eit driftsresultat på 1,391mill. kroner og nettverksemda bidrar med eit driftsresultat på 4,151 mill. kroner. Verksemdsområdet Tele har eit resultat på -0,379 mill. kroner medan øvrig verksemd har eit resultat på 0,651mill. kroner. Me har avsett skuldig sponsor med 0,3 mill. kroner til støtte av lag, organisasjonar og forsamlingshus. BALANSEN OG LIKVIDITET Totalkapitalen var ved utgangen av året 171,766 mill. kroner, samanlikna med 161,358 mill. kroner året før. Den frie eigenkapitalen ved utgangen av året utgjer 135,429 mill. kroner. Sum eigenkapital ved årets slutt utgjer 140,093 mill. kroner som gir ein eigenkapitalprosent på 81,56 %, samanlikna med 82,5 % året før. Investeringar i eigne anleggsmidlar er finansiert med eigne midlar. I 2014 blei det i distribusjonsnettet netto investert for 15,889 mill. kroner og 3,669 mill. kroner i breibandsnettet. Til saman er det brukt 1,545 mill. kroner i transportmidlar, maskinar, inventar og bygningar. Soliditeten er svært god, og eigenkapitalen på 81,56 % gir ei god finansiering av varige anleggsmidlar. Netto kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar har tilført 17,606 mill. kroner. Til investeringsaktivitetar er brukt 18,334 mill. kroner og til finansaktivitetar er brukt 0,0148 mill. kroner. Likviditeten utgjorde ved utgangen av året 5,989 mill. kroner, som er 0,713 mill. kroner lågare samanlikna med året før. Styret meiner at årsrekneskapen gir eit rett bilde av utviklinga og resultatet i verksemda for året og stillinga ved årsskiftet, og det har ikkje hendt noko i tida etter at årsrekneskapen blei avlagt som har vesentleg innverknad på resultatet. - 13 - RESULTATDISPONERING Vårt føremål er å vera ein dyktig nett- og breibandsleverandør til beste for kundane og bygdene våre. Vidare skal føretaket forvalta kapitalen sin på ein slik måte at dette gir grunnlag for samfunnsnyttig engasjement til beste for bygdene i laget sitt forsyningsområde. Me skal ha god finansiell handlefridom. Me skal gi kjøpeutbytte, og vera ein viktig bidragsytar til lokalsamfunnet, men slik at finansiering av framtidige investeringar framleis skal sikra god soliditet. Med bakgrunn i dette er det styret si meining at framlegget til resultatdisponering er i samsvar med våre mål. Styret sitt framlegg til disponering av årsresultatet for 2014: Avsett til annan eigenkapital: kr. 6.950.273 Avsett til kjøpeutbytte kr. Sum overføring: kr. 6.950.273 - 14 - 0 - 15 - - 16 - - 17 - Noter til regnskapet 2014 NOTE 3 - VARELAGER Lager materiell er vurdert til anskaffelseskostnad for innkjøpte varer. NOTE 4 - PENSJONSKOSTNADER Selskapets pensjonsansvar i forhold til den ordinære tariffestede tjenestepensjonsordningen er dekket gjennom pensjonsordningen i Kommunal Landspensjonskasse. Denne ordningen gir en definert ytelse i henhold til tariffavtalen (Hovedtariffavtalen for energiverk og datterselskap med selvstendig medlemskap i KS Bedrift), og tilfredsstiller kriteriene for det som betegnes som en "Multiemployer plan". Antall personer som er omfattet av pensjonsordningen er pr 31.12.2014 19 stk. Aldersfordeling for de personer som er omfattet av ordningen er gjennomsnittlig 45 år. I tillegg til den ordinære tariffestede tjenestepensjonsordningen kommer ytelser i form av avtalefestet pensjon til aldersgruppene fra 62 til 65 år. Disse ytelsene har av partene i kommunal sektor vært ansett å ha en midlertidig form. Av den grunn er de heller ikke tatt inn i tjenestepensjonsordningen, men dekkes på pay-as-you-go basis en utligningsordning der alle arbeidsgivere innenfor den enkelte arbeidsgiverorganisasjone betaler samme tilskudd i prosent av pensjonsgrunnlaget. De fremtidige utgifter til disse ytelsene er beheftet med særlig stor usikkerhet. Disse utgiftene var 0,70% av pensjongrunnlaget frem til 01.07.2004. Fra 01.07.04 endret KLP tilslutningsordingen for AFP. SØK har valgt 100% utligningsordning. Uttak fom år 2001 har en egenandel som utgjør 50% av utbetalt pensjon. En har dessuten løpende pensjonsforpliktelse for 1 person. Nåverdien av pensjonsforpliktelsen er beregnet ut i fra forutsetning om forventet levetid, diskonteringsrente på 5% og årlig pensjonsstigning på 2,0%. Selskapet er pliktig til å ha tjenestepensjonsordning etter lov om tjenestepensjon. Selskapet sin pensjonsordning oppfyller kravet til denne loven. Pensjonsforpliktelse 31.12. Arbeidsgiveravgift Sum pensjonsforpliktelse 2014 208 750 22 138 230 888 2013 216 699 22 970 239 669 Økonomiske forutsetninger: 2014 2013 Diskonteringsrente 2,30 % 4,00 % Forventet avkastning 3,20 % 4,40 % Forventet lønnsregulering 2,75 % 3,75 % Forventet pensjonsregulering 1,73 % 2,72 % Forventet G-regulering Forventet uttakstilbøylighet AFP 2,50 % 0% 3,50 % 0% Tjenestepensjon 2014 2013 Opptjente pensjonsforpliktelser Pensjonsmidler (til markedsverdi) Periodisert arbeidsgiveravgift Ikke resultatført virkning av estimatavvik Netto pensjonsforpliktelse (+) / forskuddsbetalt pensjon (-) Midler > forpliktelser 44 982 919 -28 477 966 2 327 198 -21 966 807 -3 134 656 Midler > forpliktelser 44 226 843 -28 787 346 1 636 587 -16 438 816 637 268 Netto pensjonsforpliktelse (+) / forskuddsbetalt pensjon (-) -3 134 656 - 18 - 637 268 Noter til regnskapet 2014 NOTE 5 - UTSATT SKATT / SKATTEKOSTNAD Utsatt skatt er beregnet på grunnlag av de forskjeller som eksisterer ved utgangen av regnskapsåret mellom regnskapsmessige og skattemessige verdier. Det er beregnet utsatt skatt av følgende poster: Midlertidige forskjeller er knyttet til: Fordringer Anleggsmidler Pensjonsforpliktelser Gevinst og tapskonto 2014 -92 579 14 647 586 2 903 768 1 305 596 18 764 371 2013 -110 000 12 063 643 -876 937 1 631 996 12 708 702 Underskudd til fremføring Grunnlag for beregning av utsatt skatt -329 291 18 435 080 0 12 708 702 4 977 472 0 3 431 350 0 Endring -17 421 -2 583 943 -3 780 705 326 400 -6 055 669 Anvendt skattesats 27% : Utsatt skatt: Utsatt skattefordel I henhold til foreløpig regnskapsstandard for behandling av skatt er midlertidige negative og positive forskjeller som reverserer eller kan reverseres i samme periode, utlignet og nettoført. Nedenfor er det gitt en spesifikasjon over forskjellen mellom det regnskapsmessige resultat før skattekostnad og årets skattegrunnlag. Resultat før skattekostnad +/- permanente forskjeller +/- avsetning til kjøpeutbytte +/- skattemessig underskudd tidligere år +/- midlertidige forskjeller Årets skattegrunnlag 9 338 331 -3 611 954 0 0 -6 055 669 -329 291 Skattekostnad i regnskapet består av følgende poster: Betalbar inntektsskatt For mye(-) for lite(+) avsatt tidligere år Betalbar formueskatt 3 promille Endring i utsatt skatt Sum skattekostnad 841 936 1 546 122 2 388 058 NOTE 6 - MARKEDSBASERTE OBLIGASJONER Markedsbaserte obligasjoner har en anskaffelseskostnad på kr 1 303 750,-. Urealisert tap utgjør kr 6 323,-. Markedsbasert verdi pr 31.12.14 blir etter dette kr 1 297 427,- - 19 - Noter til regnskapet 2014 NOTE 7 - OVERSIKT OVER VARIGE DRIFTSMIDLER Transportmidler Maskiner/ inventar o.l Bygninger m.v. Tomter m.v. Fordelingsanlegg høgspent 5 182 646 411 736 23 181 313 92 714 5 594 382 3 683 695 1 910 687 5 293 141 1 041 495 0 6 334 636 3 932 073 2 402 563 23 274 027 3 962 445 19 311 582 1 661 532 0 0 1 661 532 0 1 661 532 67 726 537 3 569 771 0 71 296 308 25 642 947 45 653 361 439 873 766 456 464 950 0 1 994 098 10,0-20,0% 10,0-33,3% 2-10% 0 2,9 % Nettstasjoner m/trafo Tele nett Anlegg under utførelse SUM 30 904 648 4 172 847 0 35 077 495 19 863 407 15 214 088 40 845 878 3 083 576 0 43 929 454 14 941 961 28 987 493 0 5 349 682 0 5 349 682 0 5 349 682 209 673 733 21 107 599 0 230 781 332 89 313 616 141 467 716 1 199 194 2 165 916 0 8 258 239 4,0 % 5,0-20,0% 0 Anskaffelskostnad 01.01. Tilgang i året Avgang til anskaffelseskostnad Anskaffelskostnad 31.12. Samlet avskrivninger 31.12. Bokført verdi 31.12. Årets ordinære avskrivninger Prosentsats ordinære avskrivninger Anskaffelskostnad 01.01. Tilgang i året Avgang til anskaffelseskostnad Anskaffelskostnad 31.12. Samlet avskrivninger 31.12. Bokført verdi 31.12. Årets ordinære avskrivninger Prosentsats ordinære avskrivninger Varige driftsmidler er vurdert til historisk anskaffelseskostnader, det er benyttet linære avskrivninger. NOTE 8 - ANSATTE, GODTGJØRELSER M.V. Lønnskostnader m.m. består av følgende poster: Lønn Pensjonskostnader Folketrygdavgift Annen personalkostnad Sum 2014 12 733 991 -1 251 073 1 679 640 -8 137 284 5 025 274 2013 11 325 323 1 890 432 1 324 926 -6 039 850 8 500 831 20,95 16,9 Gjennomsnittlig antall årsverk Utbetalt lønn til daglig leder utgjør kr 1 208 315 samt betalt pensjonspremie kr 246 360. Godtgjørelse til styret er i år 2014 utbetalt med kr 212 980. Kostnadsført godtgjørelse til Deloitte AS for revisjonsrelaterte tjenester utgjør kr 76 100. I tillegg kommer andre tjenester revisor med kr 15 650. NOTE 9 - UTVIKLINGSMIDLER (KOSTNAD) Avsatt, skyldig sponsor til lag og organisasjoner Avsatt, skyldig sponsor til privat eide grendahus Sum 150 000 150 000 300 000 - 20 - Noter til regnskapet 2014 NOTE 10 - MER-/MINDREINNTEKT 2014 For 2014 har Skånevik Ølen Kraftlag fått tildelt en maksimal tillatt inntekt av NVE inkludert KILE på kr Beregnet KILE kostnad år 2014 Maksimal tillatt inntekt etter at beregnet KILE kostnad er fratrukket c) 23 916 000 -1 946 000 a) Årets inntekt nett (driftsinntekt) Andre permanente forskjeller Årets inntekt nett (finansinntekt) Årets varekjøp vedrørende nettdrift Årets kostnader overliggende nett, eiendomsskatt m.v. Sum avvik avskrivninger og avkastningsgrunnlag i år 2014 mot år 2012 21 970 000 31 584 000 0 38 000 -52 000 d) Mer-inntekt år 2014 Mindreinntekt pr 31.12.2014 Beregnet rente år 2014 (gjennomsnitt året) Renter på mindreinntekt pr 31.12.2014 Mindreinntekt pr 31.12.2013 godkjent av NVE Renter på mindreinntekt pr 31.12.2013 godkjent av NVE -7 962 000 e) -1 204 000 b) 22 404 000 a-b -434 000 8 075 000 2,00 % 165 840 1 095 840 8 509 000 930 000 Mindre inntekt 31.12.2014 er ikke inntektsført. Den er heller ikke innarbeidet i regnskapets balanse. I år 2015 skal 25 % av tillatt inntekt eks. KILE avskrives jf. krav fra NVE. En slik beregning utføres på følgende måte: Grunnlag (tillatt inntekt + kostnader overliggende nett, eiendomsskatt m.v. + avvik avskr/avkatn.grunnlag) c-d-e Foreløpig beregning tillatt merinntekt 25 % Mindreinntekt / renter mindreinntekt pr 31.12.2014 Beløp utover 25 % av tillatt inntekt Avkastningsgrunnlag: Driftsmidler Nettoarbeidskapital 1% Sum avkastningsgrunnlag 01.01.2014 31.12.2014 96 827 008 100 852 000 968 270 33 082 000 8 270 500 9 170 840 900 340 Gj.snitt 98 839 504 1 008 520 988 395 97 795 278 101 860 520 99 827 899 Driftsresultat distribusjon Avkastning i % 4 152 000 4,16 % KILE: Kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikke levert energi innebærer at nettariffene over tid vil bli påvirket av omfanget av ikke levert energi. Norges vassdrags- og energidirektorat tildeler årlig kilekostnad for SØK. Dersom kostnaden med for mange strømbrudd overstiger tildelt kilekostnad vil dette kunne medføre at vi må yte kompensasjon til våre kunder i form av redusert nettariff. NOTE 11 - EGENKAPITAL Ansvarskapital Egenkapital pr 01.01. Innskutt selskapskapital Utbetalt kjøpeutbytte som tidligere er vedtatt Årets resultat, disponert til annen egenkapital Egenkapital pr 31.12. Annen egenkapital 3 315 623 128 478 772 NOTE 12 - BANKINNSKUDD Bankinnskudd omfatter bundne skattetrekksmidler kr 667 145. - 21 - Sum 131 794 395 6 950 273 6 950 273 3 315 623 135 429 046 138 744 669 Noter til regnskapet 2014 NOTE 13 - SALGSINNTEKTER Per virksomhetsområde: Kraftomsetning Distribusjon Tele Andre tjenester Sum 2014 22 535 213 31 583 647 8 427 696 1 592 310 64 138 866 2013 30 276 063 32 138 782 7 498 406 1 395 192 71 308 443 Balanseført verdi 85 000 1 532 443 200 000 3 333 52 377 188 724 2 061 877 Markedsverdi 172 000 000 1 532 443 200 000 3 333 52 377 188 724 173 976 877 NOTE 14 - INVESTERINGER I AKSJER OG ANDELER Eierandel 2,6 % 21,1 % Sunnhordland Kraftlag AS Akslandselva Kraftverk AS Stiftinga Kompetanse E134 Fase Vest Validær AS Egenkapitalinnskudd KLP Sum - 22 - Skånevik Ølen Kraftlag SA Kontantstrømoppstilling 2014 2013 Årsresultat før skattekostnad Periodens betalte skatt Ordinære avskrivninger Andre tidsavgrensningsposter Pensjonskostnad uten kontanteffekt Endring i varer Endring i kundefordringer Endring i leverandørgjeld Endring i andre omløpsmidler og andre gjeldsposter 9 338 331 -1 861 321 8 258 239 0 -3 780 705 6 244 1 852 831 -1 709 240 5 502 595 6 539 449 -924 803 7 725 884 470 352 388 670 -948 200 -442 480 3 098 137 841 035 Netto kontantstrømmer fra operasjonelle aktiviteter 17 606 974 16 748 044 Innbetalinger ved salg av varige driftsmidler Utbetalinger ved kjøp av varige driftsmidler 0 -18 334 560 6 500 -13 083 612 Netto kontantstrøm fra investeringsaktiviteter -18 334 560 -13 077 112 Innbetaling av egenkapital Utbetalinger av utbytte 14 800 0 20 800 -566 666 Netto kontantstrøm fra finansieringsaktiviteter 14 800 -545 866 Netto endring i bankinnskudd, kontanter og lignende Beholdning av bankinnskudd, kontanter og lignende pr 01.01. -712 787 6 702 150 3 125 066 3 577 084 Beholdning av bankinnskudd, kontanter og lignende pr 31.12. 5 989 364 6 702 150 KONTANTSTRØMMER FRA OPERASJONELLE AKTIVITETER: KONTANTSTRØMMER FRA INVESTERINGSAKTIVITETER: KONTANTSTRØMMER FRA FINANSIERINGSAKTIVITETER: - 23 - Resultat virksomhetsområder KRAFTOMSETNING: Regnskap 2014 Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Tap fordring Sum driftskostnadar Driftsresultat DISTRIBUSJON: 22 535 19 864 238 28 1 003 11 21 144 1 391 31 327 28 481 883 42 897 30 30 333 994 30 276 27 468 748 42 819 Regnskap 2014 Budsjett 2014 Regnskap 2013 31 584 9 003 4 008 5 815 8 583 24 27 433 4 151 35 562 10 600 9 972 5 603 6 437 30 32 642 2 920 32 139 9 063 6 682 5 383 6 945 Regnskap 2014 Budsjett 2014 Regnskap 2013 8 428 4 319 490 2 400 1 580 18 8 807 -379 8 000 4 551 603 2 271 1 227 7 498 4 000 622 2 301 1 255 8 651 -651 8 178 -680 Regnskap 2014 Budsjett 2014 Regnskap 2013 1 592 437 288 15 201 955 170 368 0 130 1 395 175 450 0 156 941 651 668 287 781 614 Regnskap 2014 Budsjett 2014 Regnskap 2013 64 139 33 622 5 025 8 258 11 367 52 58 325 5 814 75 845 43 802 11 826 7 916 8 691 60 72 296 3 549 71 308 40 707 8 502 7 726 9 166 9 66 109 5 200 Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Tap fordring Sum driftskostnadar Driftsresultat TELE: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Tap fordring Sum driftskostnadar Driftsresultat ØVRIG VIRKSOMHET: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Tap fordring Sum driftskostnadar Driftsresultat SUM SELSKAP: Budsjett 2014 Regnskap 2013 Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Tap fordring Sum driftskostnadar Driftsresultat - 24 - 29 077 1 199 28 073 4 066 - 25 - - 26 - DEI TILSETTE Bak frå venstre: Gerda J. Solberg, Tove Sandvold, Einar Arefjord, Roy Molnes, Martin Løhaugen, Daniel Sæle, Siv Helen Riebesen, Tor Even Pedersen Framme frå venstre: Kristoffer Vannes, Marit Solheim, Gunnar Molnes, Jon Helge Garvik Arefjord, Harry Strøm Bak frå venstre: Svein Myklebust, Bjørn Gunnar Vika, Gisle Sørheim, Jørn Kristian Thorstad, Framme frå venstre: Cathrine Fosso Sortland, Kåre Langeland, Josef Skålnes, Daniel Hornenes . - 27 - S K Skånevik Ølen Kraftlag 5593SKÅNEVIK Skånevik 5593 Telefon: 53 77 13 00 Telefaks: 53 77 13 10 E-post: post@sok.no Internett: www.sok.no - 28 -
© Copyright 2024