Skuleåret 2015-16 Elevhefte Vest-Telemark vidaregåande skule Dalen Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 INNHALD Rektor har ordet ....................................................................................................................................... 2 Kontaktinformasjon .................................................................................................................................. 3 Skulen vår ................................................................................................................................................ 4 Utdanningsprogram og programområde .............................................................................................. 4 Skuleruta for 2015-16 .............................................................................................................................. 5 Inndeling av skuledagen ..................................................................................................................... 5 Fyrste skuleveka ...................................................................................................................................... 6 Me som jobbar ved skulen....................................................................................................................... 7 Leiinga.................................................................................................................................................. 8 Andre funksjonar .................................................................................................................................. 9 Helsetenester ..................................................................................................................................... 10 PP-Tenesta ........................................................................................................................................ 10 Biblioteket........................................................................................................................................... 10 Kantineinfo ......................................................................................................................................... 11 Politisk styring og administrasjon i den vidaregåande skulen ............................................................... 12 Målsettingar ........................................................................................................................................... 13 Praktisk informasjon .............................................................................................................................. 14 Rettar og plikter i skulekvardagen ......................................................................................................... 15 Branninstruks ..................................................................................................................................... 15 Studiedagar/lesedagar ....................................................................................................................... 15 Søknad om reduksjon i fråværet ........................................................................................................ 15 Køyreopplæring ................................................................................................................................. 15 PC-ordning ......................................................................................................................................... 15 Tilrettelegging til eksamen ................................................................................................................. 16 Ordensreglar særskilt for Vest-Telemark vidaregåande skule: ............................................................. 16 Ordensreglar i idrettshallen .............................................................................................................. 16 Forskrift om ordensreglement for elever ved videregående skoler i Telemark ..................................... 16 Kap. 1 Formål, virkeområde og fylkeskommunens ansvar ................................................................ 16 Kap. 2 Orden og oppførsel................................................................................................................. 17 Kap. 3 Sanksjoner .............................................................................................................................. 18 Kap. 4 Saksbehandling ...................................................................................................................... 18 Kap. 5 Diverse bestemmelser ............................................................................................................ 19 IKT- standard for skulane i Telemark fylkeskommune .......................................................................... 20 IT-Reglement for Telemark Fylkeskommune (TFK) .............................................................................. 21 Underskrifter frå elevar .......................................................................................................................... 24 1 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 REKTOR HAR ORDET Kjære elev! Eg er både stolt og glad over å kunne ønskje deg velkomen til Vest-Telemark vidaregåande skule! Eg er glad fordi du valde vår skule, og er stolt over å få deg som elev og vise deg kva me har å by på i skuleåra som kjem. I dette informasjonsheftet vil du finne nyttig informasjon om skulen vår. Ta vare på heftet, les nøye og vis det heime, slik at også dine næraste får vite litt om skulen. Heile personalet håpar du får ei fin og lærerik tid hos oss, ei tid du kjem til å minnast med glede heile livet. Me vil gjere vårt beste for å skape eit læringsmiljø der me legg vekt på læring, samarbeid og auka kunnskap, slik at du utviklar deg positivt. Du skal lære fag, men like viktig er det å lære deg sjølv å kjenne. Finn dine sterke sider og utvikle dine samarbeidsevner, slik at du får ei så god framtid som mogeleg. Me vil leggje tilhøva til rette for at du oppnår sluttresultat du er nøgd med, men du må sjølv gå inn i læringsprosessen og ta ansvar for di eiga læring. Som elev har du mange rettar, men me ventar og at du skal fylgje skulereglementet som legg sterk vekt på korleis me er mot kvarandre som medmenneske. Vest-Telemark ressurssenter samarbeider med det lokale næringslivet, NAV og kommunane. Her blir det mellom anna arrangert etterutdanningskurs og kompetansegjevande kurs for privat og offentleg sektor. I tillegg blir det drive nasjonale og internasjonale miljøprosjekt der du kan vera med. Også dette skuleåret har me ei gruppe vaksne elevar som me ynskjer velkomne. Dei skal lesa fag dei treng for å auke kompetansen sin. Dessa kursa går på kveldstid. Vest-Telemark vidaregåande skule får gode tilbakemeldingar frå elevar som saman med oss tilsette har gjort skulen god. Likevel ser me alltid etter nye løysingar; som t.d. nettbasert undervisning. Me kan alltid bli betre! God dialog med lærarane er derfor utruleg viktig. Du får også lærdom ved utveksling og samarbeid med ulike skular i utlandet. Elevrådet skal og, i samarbeid med skuleleiinga, arbeide for interessene til elevane. Ta del i elevrådsarbeidet og engasjer deg, då kan du fremje eigne og andre elevar sine synspunkt og gje skuledagen elevprega innhald. Ta del i arbeidet med å skape eit hyggjeleg læringsmiljø, til fordel for oss alle, og sett krav til deg sjølv og personalet på skulen. Me trur på deg og seier: ALLE KAN, ME HJELPER DEG FRAM! Lukke til! Vennleg helsing Tove Palmork Haavelmoen Rektor 2 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 KONTAKTINFORMASJON Adressa til skulen er: Vest-Telemark vidaregåande skule Storvegen 195 3880 Dalen Personalet når du på dagtid ved å ringe sentralbordet, tlf: 35919700 E-postadresse til skulen : vest-telemark.vgs@t-fk.no Nettadresse til informasjonssidene våre: www.vest-telemark.vgs.no Me er også på Facebook; https://www.facebook.com/VTVGS Du finn også mykje nyttig skuleinformasjon på www.telemark.no 3 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 SKULEN VÅR Vest-Telemark vidaregåande skule har totalt på einingane på Dalen og i Seljord dette skuleåret ca. 300 elevar fordelt på 19 klassar og 70 tilsette. I tillegg har vi elevar på ressurssenteret. UTDANNINGSPROGRAM OG PROGRAMOMRÅDE Dalen Klasse Programområde Rom Kontaktlærar Utdanningsprogram: Studiespesialiserande (STS) 1STAA Vg1 Studiespesialiserande 2REAA/SSAA VG2 Studiespesialiserande 13 10 3REAA/SSAA VG3 Studiespesialiserande 14 1 OMIGA Studieførebuande med arbeidslivstrening 9 Sverre Haavelmoen Øivind Loddengaard og Erling Carlsen Birgit Johanne K. Olsnes og Espen Sudbø Bjørg Aase Byggland 16 17 Atle Timland Emilie Asplin 5 Kjøkken Inga Lorentzen Grythe Monica Borgen 7 Else Fugelsnes Metveit Utdanningsprogram: Elektro (EL) 1 ELEA VG1 Elektrofag 2 ELEA VG2 Elenergi Utdanningsprogram: Helse- og oppvekst (HO) 1HSFA VG1 Helse- og oppvekstfag 2BAUA VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag 2HEAA VG2 Helsearbeidarfag Utdanningsprogram: Teknikk og industriell produksjon (TIP) 1TIPA VG1 Teknikk og industriell 19 produksjon A 1TIPB VG1 Teknikk og industriell 8 produksjon B 2TEKA VG2 Industriteknologi 12 2AMKA VG 2 Arbeidsmaskiner 11 2KJØA VG2 Kjøretøy 11 Geir Timland Kjell Storøygard Torgeir Jensen Kjell Nordgarden Kjell Nordgarden Ressurssenteret Fagkurs 4 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 SKULERUTA FOR 2015-16 Månad Datoar Skuledagar August Skulestart: Måndag 17. august. 11 September Oktober 22 Haustferie veke 41 (f.o.m. måndag 5. oktober t.o.m. fredag 9. oktober). Felles planleggingsdag i Telemark fylkeskommune, fri for elevane måndag 26. oktober November 16 21 Desember Siste skuledag før jul: tysdag 22. desember 16 Januar Første skuledag etter nyttår: Måndag 4. januar 20 Februar Vinterferie veke 8 (f.o.m. måndag 22. februar t.o.m. fredag 26. februar) 16 Mars Påskeferie f.o.m. måndag 21. mars t.o.m. måndag 28. mars (2. påskedag måndag 28. mars) 17 April 21 Mai Kristi himmelfartsdag torsdag 5. mai Fri fredag 6. mai 2. pinsedag måndag 16. mai Offentlig fridag tysdag 17. mai 18 Juni Siste skuledag fredag 17. juni 13 Sum Skuledagar for elevar 191 Kommentar: Den siste planleggingsdagen i skuleruta på 191 dagar blir bestemt av kvar einskild skule. INNDELING AV SKULED AGEN Dalen 1. time 2. time 3. time 08.20 09.15 10.10 - 09.05 10.00 10.55 MAT 4.time 5.time 6.time 7.time 11.25 12.20 13.15 14.10 - 12.10 13.05 14.00 14.55 Bussavgang kl. 15.00 5 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 FYRSTE SKULEVEKA Der ikkje anna er nemnt har klassane vanleg timeplan. MÅNDAG 17. AUGUST 08.30: Alle elevane og personale møter i kantina, og rektor ønskjer velkommen. Presentasjon av administrasjon, kontorpersonale, rådgjevar, helsesyster, ungdomsarbeider VG2 og VG3 går til klasseromma - elevane hentar lånebøker: VG2STS: 9.15 VG3ST: 10.30 VG2TIP: 11.40 VG2HO: 12.50 VG2EL: 13.40 Presentasjon av kontaktlærarar i VG1, - elevane følgjer kontaktlærar til klasseromma Kontaktlærarane styrer resten av dagen for sin klasse i samråd med faglærarane Faglærarane kjem rundt og presenterer seg, og orienterer om fag, årsplanar, lærebøker m.a. Utlevering av PC til VG1 - I samråd med IT-ansvarleg TYSDAG 18.AUGUST. VG1 saman med kontaktlærar eller faglærar hentar bøker på mediateket: VG1HO: 08.20 VG1STS: 09.00 VG1TIP: 10.00 Kurs for VG1 elevane i auditoriet. Tid Klasse Tema 08.20-09.05 TIP Helse 09.15-10.00 HO 10.10-10.55 STS/EL Elevkurs for VG1 elevane i auditoriet: 12.20-13.05 VG1 TIP/EL Info om elevombodet 13.15-14.00 VG1 HO/STS ONSDAG 19.AUGUST. Tid Klasse 08.20-09.05 TIP/STS/EL 10.10-10.55 HO 11.25-12.10 Alle VG1 TORSDAG 20. AUGUST. Tid Klasse 08.20-09.20 Alle VG1 VG1EL: 11.20 Ansvarleg Signe Gardsteig Ole Marius Vollen/Faglærar Tema Kartleggingsprøver lesing (Ca.40 min.) Kartleggingsprøver i rekning (Ca.45 min.) Ansvarleg Faglærar/kontaktlærar Faglærar/kontaktlærar Faglærar/kontaktlærar Tema Kartleggingsprøver i engelsk (Ca.60 min.) Ansvarleg Faglærar/kontaktlærar FREDAG 21. AUGUST Kl.11.30 - 15.00 Miljøprogram for elevar og personalet på skulen 6 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 ME SOM JOBBAR VED SK ULEN Asplin, Emile Studiespesialiserande Berge, Åsne Studiespesialiserande Borgen, Monica Helse- og oppvekst, programfag og fellesfag Bratsberg, Hanne Studiespesialiserande (perm.) Byggland, Bjørg Åse T-rådsleiar, Spesialpedagog Carlsen, Erling Studiespesialiserande Christenson, Eric Studiespesialiserande Egeli, Gro Nygard Administrasjon/administrativ leiar Einebærholm, Siv Reidun Administrasjon/studieleiar / Fronteransvarleg / IKT-pedagog Ekre, Geir Administrasjon/ avdelingsleiar STS / IT-ansvarleg Flønes, Margot Reinhald Grandal, Hilde Bibliotekar Grythe, Inga Lorentzen Helse- og oppvekst, programfag Haavelmoen, Sverre Studiespesialiserande Haavelmoen, Tove Palmork Administrasjon/rektor Hetland, Karl Torstein Avdelingsleiar Ressurssenteret, programfag STS Jensen, Torgeir Teknikk og industriell produksjon, programfag Jupskås, Astrid Helse- og oppvekst, programfag Kiland, Åse Ingebjørg Studiespesialiserande Lassemo, Arne Dag Assistent Loddengaard, Øivind Studiespesialiserande Metveit, Else Fugelsnes OKOS. Helse- og oppvekst, programfag Momrak, Lars Torstein Fagleiar Ressurssenteret/OT Nordgarden, Kjell S. Teknikk og industriell produksjon, programfag Olsnes, Birgit Johanne K. Studiespesialiserande Plassen, Olga Trydal Konsulent (kontormedarbeider) Storøygard, Kjell Teknikk og industriell produksjon, programfag Rue, Glenn Kevin Administrasjon/avdelingsleiar yrkesfag / Faglærar EL, programfag Rønningen, Wenche Helse- og oppvekst, programfag og assistent Heggard, Anders Teknikk og industriell produksjon, programfag Stordrange, Per Rådgjevar, fellesfag YF og programfag STS Sudbø, Espen Studiespesialiserande Sørdal, Pernille Yrkesfag, fellesfag Takle, Ågot Helse- og oppvekst, programfag og fellesfag Timland, Atle Elektro, programfag Timland, Geir Teknikk og industriell produksjon, programfag Underdal, Gunhild Holter Økonomiføring Vindal, Bjørn Joar Vaktmeister Våmartveit, Inger Lisbeth Reinhald Øigarden, Marie Reinhald 7 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 LEIINGA Rektor Tove Palmork Haavelmoen Rektor er øvste sjef og den administrative og faglege leiaren på skulen. Rektor har ansvaret for alle interesser i skulesamfunnet. Studieleiar Administrativ leiar Siv Reidun Einebærholm Gro Nygard Egeli Har ansvaret for fagval, vitnemål, elevinntak, og det pedagogiske utviklingsarbeidet på skulen. Elevrådskontakt. Økonomi, skyss, kartleggingsprøver, eksamen. Avdelingsleiarar : Avdelingsleiarane skal hjelpe både lærarane og administrasjonen i det faglege og pedagogiske arbeidet innan fagområdet sitt. Alle spørsmål som dreiar seg om programområdet ditt rettar du til avdelingsleiarane. Studiespesialisering Yrkesfag Geir Ekre Glenn Kevin Rue Realfag, Språk og Samfunnsfag. Teknikk og industriell produksjon(TIP), Helse- og oppvekstfag (HO), Elektrofag (EL). Vest-Telemark Ressurssenter Karl Torstein Hetland 8 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 ANDRE FUNKSJONAR Rådgjevar Per Stordrange Dersom du lurar på kva for fag du treng seinare eller du ynskjer å få vite meir om andre skuletilbod, kan rådgjevaren hjelpe deg. Han kan og rettleie deg om søknad om lån og stipend og hjelpe deg med søknadsskjema når du skal søkje deg inn på nye kurs neste skuleår. Du kan også kontakte rådgjevar dersom du har problem med eit eller anna på skulen, eller viss du ynskjer hjelp til å kontakte skulepsykolog, helsetenesta, arbeidskontoret m.m. T-rådsleiar Bjørg Åse Byggland T-rådsleiar har ansvar for tilrettelagt opplæring og opplæring i mindre grupper. Ho legg tilhøva til rette for elevar som treng særskilt oppfølging i undervisninga, t.d. ekstra hjelpemiddel, ekstra støttetimar eller anna form for ekstra hjelp. T-rådsleiar gir råd og hjelper kontaktlærarar og faglærarar kring tilrettelegging for klassar og elevar. Kontorpersonalet Konsulent: Økonomisekretær: Olga Trydal Plassen Gunhild Holter Underdal Ansvar for sentralbordet, søknad om lån/stipend, skulebevis, skriv vitnemål og har ansvar for skuleskyss og utlevering av busskort. Ekspedisjonen er vanlegvis open mellom kl. 08.00 og 15.30 Vaktmeister Bjørn Joar Vindal Vaktmeister tek vare på skulebygningane og har ansvaret for alle praktiske og tekniske oppgåver som har med bygg og utstyr å gjere. IT- ansvarleg Geir Ekre. Han har ansvaret for skulen sine elev pc’ar, skriverar, nettverk og pedagogisk programvare. Fronteransvarleg: Siv Reidun Einebærholm Ansvar for kontakt med Fronteransvarleg på fylket, og for å drifte systema. Rettleier og støttar personalet og elevar i alle spørsmål kring oppsett og bruk av Fronter. 9 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 HELSETENESTER Helsesyster: Signe Gardsteig Er på skulen kvar måndag frå kl.10.00-14.00, og kvar torsdag hausten 2015 frå 10.00-12.00 . Helsesyster vil informere om tenesta i klassene tidleg i skuleåret. Telefonnummer: 35 07 55 50 / 476 03 808. Epost: signe.gardsteig@tokke.kommune.no Helsestasjonslege: Dordi Elise Flom Kommunefysioterapaut: Åse Drevsjømoen PP-TENESTA Vest-Telemark PP-teneste er ei rådgjevingsteneste som kan gje rettleiing til elevar og lærarar ved bekymring knytt til opplæringa. Som elev kan du ta direkte kontakt med PP-tenesta, eller du kan kontakte rådgjevar på skulen som hjelper deg med å fylle ut eit tilmeldingsskjema. Som elev kan du og ta direkte kontakt, eller nytte deg av kontaktlærar, T-leiar eller rådgjevar,Dei tilsette i PP-tenesta har teieplikt. Kontaktperson: Einar Søreide. Telefon arbeid: 35 06 83 00. Nettstad: www.vest-telemark.no/ppt BIBLIOTEKET Vest-Telemark VGS si mediesamling er delt i to. Lærebøker vert utdelt i mediateket, resten finn du i kombinasjonsbiblioteket; Tokke bibliotek. Kombinasjonsbiblioteket ligg i Tokke kulturhus, næraste nabo til skulen. Fjernlån kan bestillast båe plassar. Mediateket er bemanna måndag 8-15:30. Her treff du skulebibliotekar Hilde Grandal. Ho kan du og kontakte via e-post: hilde.grandal@tokke.kommune.no Tokke bibliotek har ope tysdag – fredag 10-19 og laurdag 11-15. Mediateket er stengd i skuleferien juni-august, mens kombinasjonsbiblioteket då er ope tysdagar og torsdagar 10-19. VIKTIG MELDING OM SJØLVE SKULEBOKUTLÅNET. Utlevering, innlevering, nye lånarkort osb. skjer på mediateket på skulen. Kontaktlærar gjev informasjon om oppmøte ved felles utlevering og innlevering. Bruk Fronter og oppslag på skulen, og info i dette heftet. Har du spørsmål, fått feil bok, feil målføre eller liknande, kontaktar du skulebibliotekaren på måndagar, legg igjen ein beskjed på mediateket eller sender ein e-post. Du kan og spørje kontaktlærar om det hastar veldig. NB-NB-NB: Skulen kjøper inn og eig lærebøkene. Elevane får låne det dei treng. Kvart lån vert knytt opp mot din personlege lånarkonto. Det betyr kort og greitt at du er ansvarleg for alle lån som står i ditt namn. Difor; – om du til dømes vil byte bok med nokon, må de begge innom mediateket og registrere dette. Bøker som ikkje blir innlevert ved skuleslutt, som kjem bort eller blir øydelagde, må erstattast av den som den er registrert på med full pris. Så hald orden på låna. Bøkene kostar 300800 kroner per stykk. Sett på bokbind! - unngå å teipe det fast i sjølve boka, men la det vere eit laust varetrekk. 10 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 Skriv fullt namn tydeleg utanpå bokbindet OG inni permen på boka. Far fint med bøkene, og ha dei i låsbart skåp eller i sekken din når dei ikkje er i bruk. Merk deg at bøker kan leverast inn til alle bibliotek i Noreg, så framt dei er med i ordninga Norsk bibliotektransport (NBT) (spør der du vil levere). Dei fraktar bøkene gratis mellom biblioteka i ordninga. Sei frå om at skulebøkene skal sendast til Tokke bibliotek, som leverar dei vidare til Mediateket. KANTINEINFO Kantina er open: Man-tors 08.00-14.15 og fredag 08.00-13.30 Varmmat vert servert frå 10.45 - 11.30. Pris på dette er kr 40,-, og de kan kjøpe klyppekort som kostar kr 400,- . Då får du ein gratis varmrett på kjøpet. Bestill gjerne varmmat om morgonen viss du veit du vil ha, så får vi litt oversikt på kvor mykje vi skal lage. Telemark Fylkeskommune har vedteke at alle skulekantiner skal drivast på ein sunn måte. Det vil seie at det skal vere: Salatbar eller ferdige salatar. Grove bagettar Fisk 2 gangar i veka, varm eller kald. Minst mogleg sukker. De kan sjølvsagt få både bollar og brus til spesielle høve, men ungdom likar faktisk godt Farris/Bris med og utan smak, og ikkje minst smothie, Hugs å gje oss tilbakemelding om klassen din skal på tur, vere utplassert eller skal ha fri. Dette er veldig viktig for då slepp vi å kaste masse mat!!! Kantina vil gjerne ha innspel på kva de meiner om oss, slik at vi kan bli endå betre. Er du lei av matpakken er du velkommen til oss ! Vennleg helsing Wenche! 11 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 POLITISK STYRING OG ADMINISTRASJON I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Det er Telemark fylkeskommune som har ansvaret for dei vidaregåande skulane i fylket, og det er fylkestinget som gjer vedtak om korleis skulane skal drivast. Hovudutval for kompetanse Hovudutvalet for kompetanse er samansett av fylkespolitikarar som har ansvaret for skulebudsjettet og skuletilboda i Telemark. Dei legg fram dei store skulepolitiske sakene for fylkestinget, som så vedtek dei. Administrasjonen i Telemark fylkeskommune Dei politiske vedtaka blir gjennomførte av ein administrasjon. Administrasjonen av Telemark fylkeskommune held til i Fylkeshuset i Skien og leiar er fylkesrådmann Evy-Anny Evensen. Vidaregåande skule er ein eigen seksjon, og er leia av fylkesopplæringssjef Helge Galdal. Elevrådet Elevrådet er høgste organ på skulen for elevane. Tillitselev og vararepresentant blir valde av klassen for heile skuleåret. Valet bør skje kort tid etter at skulen har byrja. Den tillitsvalde er ansvarleg for at saker vert drøfta både i klassen og i elevrådet. Difor er det viktig at det blir valt ein engasjert person til jobben. Den valde tillitseleven er medlem av elevrådet og har ei ansvarsfull oppgåve i å representere klassen sin på elevrådsmøte. Elevrådet handsamar saker som gjeld elevane, anten det er saker elevane tek opp sjølve, eller om det er saker som rektor ynskjer ei uttale om. I tillegg til dette kjem organisering av eventuelle arrangement og Operasjon Dagsverk. Elevrådet har møta på møterom ved mediateket. Studieleiar kallar inn til fyrste møtet. Elevrådet er samansett av eit styre. Verva i elevrådsstyret er: Elevrådsleiar - organiserer og leiar møta Nestleiar - tek over når ikkje leiar er tilstades Sekretær - tek seg av alt papirarbeid Styremedlem og varamedlem - er med på å organisere, utføre oppgåver Lærartillitsvalde Lærarane høyrer til ulike fagforbund. Dei tillitsvalde lærarane har regelmessige møte i klubbane sine og med rektor. Dei har uttalerett i mange saker. Medråderettsmøte er rådgjevande. Rådet for andre tilsette Rådet for andre tilsette er eit rådgjevande organ. Rådet er samansett av vaktmeister, kontorpersonalet, elevassistentar og reinhaldspersonalet. Rådet tek opp saker av praktisk/teknisk art og saker som rektor ynskjer uttale om frå rådet. 12 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 MÅLSETTINGAR Skulen sitt arbeid skal framover basere seg på Telemark Fylkeskommune sine nyutvikla verdiar; Ver modig – Ver imøtekommande – Ver truverdig! I mange år har skulen jobba etter sin eigen visjon: «Alle kan - me hjelper deg fram». Denne har resultert i tre område me jobbar kring: 1. Vest-Telemark vgs. skal vera ein distriktsskule og eit læringssenter for ungdom og vaksne i samarbeid med kommunane og private verksemder. 2. Skulen skal vektleggje eit godt læringsmiljø prega av omsorg og velvilje der alle elevane trivst og lærer. Både elevane og personalet skal oppleve skulen som ein problemløysande og dynamisk arbeidsplass som er retta mot framtida. 3. Skulen skal ta vare på miljøet, kulturen og verdiane i Vest-Telemark og vera med på å sikre arbeidsplassar og eit godt bumiljø. Gjennom det kommande året kjem me til å revidere denne, og kan hende lagar me nokre nye målsettingar. Dette er det godt mogleg at me tek elevane med på. Uansett; Den generelle delen av læreplanen, med Læringsplakaten frå Utdanningsdirektoratet, ligg i botn for all aktiviteten som går føre seg på skulen: Skulen og lærebedriftene skal : 1. gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre 2. stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane 3. stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking 4. stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking 5. leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid 6. fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar 7. stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren 8. medverke til at lærarar og instruktørar står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn og unge 9. sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring 10. leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen 11. leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte Ut frå verksemdsplanen vår vil vi dette året ha særskilt fokus på følgjande emne: Elevmedverknad – Lærarane skal leggje til rette for at elevane skal ha meir fokus på medverknad og eigenvurdering i læringsarbeidet FYR – (Fellesfag – Yrkesretting – Relevans). Arbeid med å yrkesrette fellesfaga og gjere dei meir relevante i høve til dei fagområda elevane utdannar seg til. «Tett på» - Tilrettelegging for å hindre fråfall. Styrking av helsesystertilbodet. 13 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 PRAKTISK INFORMASJON SKULESKYSS Viss du har rett på skuleskyss, må du ha busskort. Det får du ved å fylle ut elektronisk skjema. Du får etter nokre dagar eit permanent kort frå busselskapet. Ha alltid busskortet med deg på bussen. Ver rask med å søkje, då bussjåførane etter ei tid vil spørje deg etter busskortet. Har du behov for tilleggsskyss, så er det eige skjema for dette. Sjekk med i ekspedisjonen viss du er usikker på kva skyss du har krav på. Meir informasjon på www.telemark.no LÅN OG STIPEND Rådgjevar kjem rundt i klassane og orienterar om stipend og lån. www.lanekassen.no o Søknadsfrist – for hausten 15.november, våren 15. mars Stort fråvær kan føre til at stipend endrast til lån og må betalast tilbake. Sjå Lånekassen sine nettsider om oppdaterte reglar for dette SKULEBEVIS Alle vg1 elevar får gratis skulebevis frå fotografen. Vg2 og vg3 må bestille skulebevis av fotografen dersom dei ikkje gjekk her på vg1, eller ekspedisjonen kan lage skulebevis. Dersom dei har beviset frå fotografen kan dei kome inn på kontoret og få OBLAT (gyldig skulebevis for skuleåret) UTSTYR OG MATERIELL Elevar kan ha behov for utstyr ut over det som skulen delar ut gratis. Behovet varierer etter kva program du går på. VG1 TIP krev mest utstyr. Lånekassen delar ut utstyrsstipend, for å dekkje det meste av utgiftene du får i samband med dette, men du må sjølv søkje Lånekassen om dette stipendet. Elevane får meir info om dette i samband med skulestart. MELDING TIL ELEVAR Utanfor ekspedisjonen finn du ei eiga hylle for telefonbeskjedar og brev til elevane. Gjer det til ein vane å sjekke om der ligg noko til deg. Personlege telefonbeskjedar, brev eller andre meldingar blir berre gjevne på denne måten. BRUK AV ELEVFOTO TIL INFOMATERIELL OG MARKNADSFØRING Skulen ønskjer å kunne bruke foto og/eller film teke frå ulike skulearrangement. Elevar har høve til å reservere seg frå å bli framheva i slike bilete. I tilfelle dette er nødvendig fyller du ut skjema på siste side i dette heftet og leverer til kontaktlæraren din. Bilete frå arrangement der fleire er samla (til dømes fotballkamp, som publikum til førestellingar og liknande) kan likevel bli nytta. Ver vennleg å informere skulen særskilt viss dette av ulike årsaker ikkje kan skje. 14 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 RETTAR OG PLIKTER I SKULEKVARDAGEN Som elev er du del av eit skulesamfunn, - og skal me ha ein god skulekvardag, så er det viktig å halde seg til dei rutinane og reglane som gjeld. Bak i dette heftet finn du Telemark Fylkeskommune sine reglar for orden og IT-bruk. Desse gjeld også for vår skule, - og du er plikta til å lese gjennom og setje deg inn i kva desse reglane går ut på. Du må skrive under på at du har lese og vil følgje desse reglane. I tillegg har skulen eigne instruksar på ein del område. Dei finn du under her. Les også desse nøye. BRANNINSTRUKS Viss brannalarmen går skal du som elev gjere følgjande: Lukk alle glas og dører Gå ut og møt på nedre parkeringsplass. Viss ikkje lærar er til stades, må den tillitsvalde telje opp at alle elvane i klassen er på parkeringsplassen. STUDIEDAGAR/LESEDAGAR Som elev kan du søkje om å få ta ut studiedagar/lesedagar slik : VG1 og VG2: inntil 3 dagar pr. år VG3 : inntil 5 dagar pr. år Det kan ikkje søkjast om studiedag på dagar med prøvar eller andre former for vurdering. Eleven må levere skriftleg søknad til kontaktlærar seinast to dagar før studiedagen. Søknaden skal godkjennast av kontaktlærar. Eleven har ansvaret for korleis han/ho vil bruke studiedagen. Skulen kan velje å disponere inntil 2 av studiedagane til særskilde aktivtetar enten for heile skulen eller den einskilde klasse. Det er ikkje høve til å søke permisjon frå skuledagar for å ta ferie. SØKNAD OM REDUKSJON I FRÅVÆRET I forskrift til opplæringslova §3-47 har du ein rett til å søkje om inntil 10 dagar reduksjon i fråværet ved langvarig sjukdom, eller i særskilde tilfelle kronisk sjukdom. På Fronter finn du eige søknadsskjema for dette. Søknaden skal leverast til Rektor, for samla fråvære gjennom heile året, og du søkjer dermed heilt på slutten av skuleåret. KØYREOPPLÆRING All opplæring skal avtalast med kontaktlærar, og vert registert som fråvere. Ynskjer du å få dokumentert at fråværet skuldast køyreopplæring, ber du køyrelærar om dokumentasjon, som du så leverer til kontorpersonalet. PC-ORDNING Telemark fylkeskommune (TFK) har innført ordning med elev-PC for alle elevane i vidaregåande skule. Dette inneber at alle elevane som startar på vg1 får låne ein elev-PC så lenge eleven er ved skulen. Etter fullført skule vil eleven behalde PC’en. Eleven er ansvarleg for tap og andre skader som skjer med PC’en. Dette er regulert gjennom ei avtale mellom eleven og TFK. Underskriven avtale gjeld også som dokumentasjon på at du har godkjent IT-reglementet. 15 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 TILRETTELEGGING TIL EKSAMEN Det kan hende du treng ei særskild tilrettelegging i samband med eksamen. Nokon har behov for å få tekst opplesen, nokon treng lengre tid grunna allergiar m.m. Det er du som elev som har ansvaret for å søkje om denne tilrettelegginga. Du finn eige skjema for dette på Fronter. Lytt til råd du får av faglærar, kontaktlærar, T-rådsleiar eller andre som hjelper deg med utdanninga, og spør om hjelp vis du er usikker på korleis du skal gjere dette. ORDENSREGLAR SÆRSKILT FOR VEST-TELEMARK VIDAREGÅANDE SKULE: Pultar og stolar skal setjast på plass når skuledagen er slutt, og klasserommet skal vere ryddig. Skulesaker skal ikkje ligge framme etter skuleslutt. Bruk elevskåp. Ein skal ikkje ete i undervisningsrom – bruk kantina. Spesialrom skal vere låst i friminutta. Verkstader skal ikkje nyttast når det ikkje er lærar til stades, - elevane skal til ei kvar tid følgje gjeldande vernereglar for verkstaden og undervisninga. Det er ikkje lov å køyre / parkere på skulen sitt område i skuletida. ORDENSREGLAR I IDRETTSHALLEN 1. Ikkje fotballsko inne i bygget. 2. Ta av anna skotøy utanfor garderoben. 3. Sett alt skotøy att i gangen. FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED VIDEREGÅENDE SKOLER I TELEMARK Gjeldende fra 01.04.2015 Fastsatt med hjemmel i opplæringsloven § 3 – 7. Vedtatt av Hovedutvalg for kompetanse 04.02.15. Ordensreglementet er utarbeidet i hht Rundskriv om ordensreglement Udir-8-2014 KAP. 1 FORMÅL, VIRKEOMRÅDE OG FYLKESKOMM UNENS ANSVAR § 1 Formål Ordensreglementet skal bidra til at de videregående skolene i Telemark preges av samarbeid, trivsel, trygghet, toleranse og medansvar. Ordensreglementet skal gjennom tydelige rammer fremme god orden og oppførsel, gode arbeidsvaner og bidra til et godt og læringsfremmende skolemiljø. Ordensreglementet er retningsgivende for vurdering av orden og oppførsel og skal være et viktig pedagogisk hjelpemiddel i arbeidet med å realisere Telemark fylkeskommunes og skolenes helhetlige mål slik de er nedfelt i opplæringsloven og læreplaner. § 2 Virkeområde Ordensreglementet gjelder alle offentlige videregående skoler i Telemark. 16 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 Reglementet gjelder på skolens område, i skolens nærområde, i skoletiden, på ekskusjoner, skoleturer, ved aktiviteter og på arrangementer i skolens regi. Reglementet gjelder også andre forhold som har klar sammenheng med skolegangen. § 3 Telemark fylkeskommunes ansvar Telemark fylkeskommune skal: behandle alle elever høflig og med respekt og omtanke oppfylle elevens rett til videregående opplæring i henhold til opplæringsloven med forskrifter, gjeldende læreplaner og fylkeskommunale vedtak gi elevene en opplæring som er tilpasset deres forutsetninger gi elevene en trygg skolehverdag som er preget av et godt læringsmiljø med oppfølging og veiledning underveis sikre elevene en rettferdig underveis- og sluttvurdering KAP. 2 ORDEN OG OPPF ØRSEL § 4 Orden Elevene skal ha god orden. Det er god orden å møte presis og forberedt på skolen og til undervisningen melde ifra straks til skolen ved sykdom eller andre årsaker til fravær ha skolesakene i orden ha med nødvendige læremidler og utstyr gjøre arbeid som blir pålagt så godt som mulig og til rett tid ikke levere eller presentere som eget produkt; tekster, oppgaveløsninger og liknende som er produsert av andre, herunder tekster og løsninger som er lastet ned fra internett § 5 Oppførsel Elevene skal ha god oppførsel. Det er god oppførsel å være hyggelige og høflige bidra til arbeidsro i timene rydde opp etter seg ved bruk av skolens fellesarealer og kantine ikke banne eller bruke annet grovt språk ikke mobbe eller på andre måter krenke andre fysisk, verbalt eller digitalt ikke være voldelig eller komme med trusler vise respekt for skolens og andres eiendeler ikke bruke tobakksprodukter eller e-sigaretter ikke ha befatning med rusmidler eller dopingmidler ikke ha med farlig gjenstander eller våpen ikke fuske eller forsøke å fuske på prøver eller innleveringer være på skolen og delta i undervisningen hele skoledagen ikke bruke hodeplagg som dekker hele eller deler av ansiktet. Dette gjelder kun i undervisningssituasjoner og ikke i hele reglementets virkeområde ha mobiltelefoner, musikkspillere, elektronisk og digitalt utstyr avslått under opplæringen hvis ikke annet er avtalt med læreren ikke laste ned eller spre fysisk eller elektronisk; pornografisk, rasistisk eller annet krenkende eller ulovlig materiale 17 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 bruke IT i undervisningen etter gjeldende IT-reglement §6 Fravær Elevene skal være til stede under opplæringen dersom ikke annet er avtalt med skolen. Skolen registrerer fravær i dager og enkelttimer. Oppmøte inntil 15 minutter etter at opplæringen starter registreres som forsentkomming. Oppmøte 15 minutter etter at opplæringen starter føres som fravær. En elev som på grunn av sykdom eller andre forhold er forhindret fra å møte til opplæringen, eller må forlate opplæringen, skal melde fra til kontaktlærer eller faglærer så snart som mulig. Dersom et fravær varer mer enn tre dager skal eleven gi ny melding til skolen om dette. KAP. 3 SANKSJONER § 7 Generelt Brudd på reglementet kan resultere i sanksjoner mot eleven i form av refsingstiltak. I tillegg vil skolen vurdere om bruddet skal få betydning ved fastsettelse av karakter i orden og oppførsel. Refsingstiltaket skal stå i rimelig forhold til bruddet på reglementet, hvor alvorlighetsgrad og gjentakelse har betydning for valg av tiltak. Eleven plikter å overholde ilagte refsingstiltak, ved manglende overholdelse kan det ilegges nye refsingstiltak. Foresatte til elever som ikke er myndige, skal informeres i de tilfeller skolen anser det hensiktsmessig og ut fra alvorlighetsgrad. § 8 Alminnelige refsingstiltak Følgende refsingstiltak kan benyttes ved brudd på ordensreglementet: muntlig eller skriftlig påtale eller anmerkning fra lærer eller rektor bortvisning fra klasse/gruppe inntil 2 timer etter lærers avgjørelse bortvisning fra skolen for resten av skoledagen etter rektors avgjørelse pålegg om tilstedeværelse på skolen før eller etter ordinær skoletid i forbindelse med samtaler med lærer/rektor og/eller utføring av pålagte oppgaver utbedring av skader eleven har utført ved f.eks. vaske, rydde, fjerne gjenstander inndragning av gjenstander eller rusmidler § 9 Særlige refsingstiltak Følgende refsingstiltak kan benyttes ved alvorlige eller gjentatte brudd på ordensreglementet: midlertidig eller permanent bytte av klasse/gruppe etter rektors avgjørelse midlertidig eller permanent skolebytte etter vedtak i fylkeskommunen v/fylkesopplæringssjefen bortvisning av eleven fra og med en hel skoledag og inntil 5 skoledager etter rektors avgjørelse bortvisning for resten av skoleåret etter vedtak av fylkeskommunen v/fylkesopplæringssjefen tap av retten til videregående opplæring etter vedtak av fylkeskommunen v/ fylkesopplæringssjefen KAP. 4 SAKSBEHANDLING 18 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 § 10 Generelt Før refsingstiltak blir vurdert og besluttet, skal eleven ha mulighet til å forklare seg muntlig. Eleven har mulighet for å ha med seg en person til denne samtalen. Beslutningen om refsingstiltak og begrunnelse skal nedtegnes. § 11 Særlige refsingstiltak Når særskilte refsingstiltak vurderes iverksatt, skal rektor: rådføre seg med elevens lærere, rådgiver eller sosialpedagogisk personale vurdere behov og mulighet for alternative tiltak og hjelpetiltak sikre forsvarlig dokumentasjon Særskilte tiltak regnes som enkeltvedtak. Vedtaket skal være skriftlig, begrunnet og gis klagerett. § 12 Klageinstans Klageinstans for særskilte refsingstiltak er Fylkesmannen i Telemark. For andre vedtak er klageinstansen fylkeskommunens klagenemnd for skolesaker. KAP. 5 DIVERSE BESTE MMELSER § 13 Straffbare forhold Straffbare forhold i skoletiden på skolens fysiske eller digitale rom vil bli politianmeldt. § 14 Øvrige ordensregler For andre forhold som ikke dekkes av dette ordensreglement, kan den enkelte skole utarbeide egne regler. Slike regler kan f.eks. være: Kantinereglement Eget IT-reglement Parkeringsbestemmelser Bruk av spesialrom Verkstedsregler Andre sikkerhetsregler § 15 Ikrafttredelse Denne forskriften trer i kraft fra 01.04.2015 19 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 IKT- STANDARD FOR SKULANE I TELEMARK FYLKESKOMMUNE 20 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 IT-REGLEMENT FOR TELEMARK FYLKESKOMMUNE (TFK) 1. Innledning 1.1 Dette reglementet regulerer en brukers rettigheter og plikter ved bruk av TFKs IT-ressurser. Med TFKs IT-ressurser menes alle fysiske komponenter (nettverk bestående av kabling, nettverkselektronikk og datamaskiner) og programvare anskaffet av, eller som disponeres av TFK. 1.2 Reglementet gjelder også bruk av privat utstyr og programvare så lenge dette er koblet til TFKs ITressurser, samt for bruk av programvare lisensiert av TFK som er installert på privat utstyr. 1.3 Det kan utarbeides utfyllende regler av den enkelte virksomhet for deler av TFKs IT-ressurser ut over rammene av dette reglement. 1.4 Det vil ikke bli gitt tilgang til TFKs IT-ressurser før brukeren har undertegnet denne erklæring om at vedkommende har satt seg inn TFKs IT-reglement. Erklæringen skal oppbevares av virksomhetens leder, eller den lederen bemyndiger, så lenge brukeren skal ha tilgang til aktuelt system. (Erstattet av underskrift av kontrakt for utlevert utstyr) 2. Definisjoner Brukernavn: Et entydig symbolsk navn som identifiserer en bruker av IT-ressurser. Passord: En personlig nøkkel. Passordet må oppgis i tillegg til brukernavn for å få tilgang til en ressurs. Brukerkonto: Kombinasjon av brukernavn og passord med tilhørende tilgangsrettigheter. Her styres en brukers definerte tilgang til en eller flere datamaskiner/systemer. IT-ansvarlig: Person som er delegert myndighet til å følge opp at reglementet etterleves. IT-ansvarlig kan være både sentralt og lokalt. TFKs virksomheter: Alle virksomheter som er underlagt Fylkestinget i Telemark. 3. Informasjon og oppfølging av reglementet 3.1 Bruker av TFKs IT-ressurser skal ved tildeling av brukerkonto gis et eksemplar av dette reglementet. Underskriften på dette reglement er å forstå som kvittering for at reglementet er lest og akseptert. (Erstattet av underskrift av kontrakt for utlevert utstyr) 3.2 Bruker av TFKs IT-ressurser plikter til enhver tid å være kjent med det gjeldende reglement for bruk av anlegget, og med utfyllende regler gitt med hjemmel i reglementet, jfr. 1.3. Gjeldende regler som regulerer bruken av TFKs IT-ressurser er tilgjenglig på TFKs internettsider, http;//www.telemark.no 3.3 Brukeren bekrefter ved undertegnelse av dette reglement at brukeren har kompetanse til å operere virksomhetens IT-ressurser på en sikkerhetsmessig forsvarlig måte. Brukeren har ansvar for å be om opplæring dersom dette er nødvendig. 4. Brukernavn og passord 4.1 En brukerkonto er strengt personlig. Bruk, eller forsøk på bruk, av andre brukeres brukernavn og/eller passord er strengt forbudt 4.2 Det er forbudt å utgi seg for å være en annen person, eller å opptre anonymt, ved sending av elektronisk post. 4.3 Bruker plikter å sikre at eget passord ikke blir kjent for andre. Hvis bruker vet, eller får mistanke om, at passordet er blitt kjent for andre, plikter brukeren umiddelbart å endre sine passord. 21 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 4.4 Bruker blir gitt et midlertidig passord som vedkommende må skifte ved førstegangs innlogging. 5. Lagring 5.1 IT-ansvarlig skal ved opprettelse av en brukerkonto sørge for at andre brukere ikke har innsyn i brukerens personlige lagringsområde. 5.2 All lagring av data som ikke er av privat art skal skje på sentrale servere, det er ikke lov å lagre privat data sentralt. 6. Bruk av IT-ressurser 6.1 TFKs IT-ressurser skal brukes til faglig virksomhet, administrasjon og undervisning. Det er ikke tillatt å drive med privat kommersiell virksomhet fra noen TFK-konto. Bruker må følge anvisning fra ITansvarlig for bruk av IT-ressurser ved knapphet på ressurser. 6.2 De programmer som er installert på TFKs datamaskiner, og som ved lisensavtale kan installeres på private maskiner, stilles til disposisjon for bruker på de lisensbetingelser som er fastsatt av rettighetshaverne. Bruker skal ikke kopiere programvare uten å ha forvisset seg om at det er tillatt etter avtale med rettighetshaver. 6.3 Brukere skal ikke ved bruk av TFK-eiet utstyr eller annet utstyr knyttet til TFKs nettverk: 1. Forsøke å skaffe seg tilgang til data som ikke er beregnet på vedkommende eller logge seg på tjenester som vedkommende ikke er autorisert for. Eksempler kan være omgåelse av brukergodkjenning eller andre sikkerhetssperrer på kontoer, maskiner eller nettverk. 2. Foreta overvåkning av nettverket som vil fange opp data som ikke er tiltenkt brukeren. 3. Utøve aktivitet som strider mot norske lover og forskrifter. 4. Framsette trusler, ærekrenkelser eller utøve mobbing. 5. Laste ned, lagre eller formidle materiale beskyttet av opphavsrett, pornografisk eller rasistisk materiale. 6. Utøve aktiviteter som belaster virksomhetens IT-ressurser i unødig stor grad eller reduserer ytelsen av disse. 7. Installere, eller forsøke å installere programvare på TFKs maskiner som ikke er godkjent av IT-ansvarlige. 8. Endre konfigurasjon på TFKs datamaskiner. 6.4 Brukere skal ved bruk av TFK-eiet utstyr, eller annet utstyr (for eksempel private bærbare PCer) knyttet til TFKs nettverk 1. Påse at det til enhver tid er oppdatert og aktivert antivirusprogramvare på maskinen. For brukere som benytter IT-ressurser via Citrix-plattform skjer dette automatisk. 2. Varsle IT-ansvarlig eller lærer ved mistanke om brudd på reglement eller andre forhold som må kunne antas å ha negativ effekt på TFKs IT-ressurser. 3. Selv sørge for å sikkerhetskopiere data som ikke lagres sentralt 7. Innsyn 7.1 IT-ansvarlige kan foreta nødvendig innsyn i alle dataområder og overvåke nettverk og systemer for å sikre bruk i overensstemmelse med gjeldende retningslinjer. IT-ansvarlige kan også foreta slik overvåking for å sikre stabil drift. 8. Vedlikehold og reparasjon av informasjonssystemer 8.1 Ved behov for vedlikehold eller reparasjon av systemet eller noen av systemets komponenter, skal IT-ansvarlig kontaktes. Dette gjelder både programvare og maskinvare. Dette vil ikke gjelde for private maskiner. 22 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 8.2 Ved vedlikehold eller reparasjon er ikke IT-ansvarlig ansvarlig for tap av personlig data 9. Avslutning av elev- /ansettelsesforhold 9.1 Den som slutter i skole eller jobb ved skoler eller andre virksomheter i TFK skal rydde sin konto. Brukeren har selv ansvar for å lagre personlige data han eller hun ønsker å beholde på egnet måte. 9.2 Materiell tilhørende TFK skal leveres tilbake Alle kopier av programvare, dokumentasjon og data eid av eller utlånt fra TFK, skal slettes slik at det ikke lenger er tilgjengelig for brukeren, dersom ikke annet er uttrykkelig avtalt. 9.3 IT-ansvarlig vil ved avslutning av elevforhold og ansettelsesforhold sperre brukerkontoen for videre bruk. Kontoen slettes 3 måneder etter at skolegang eller arbeidsforhold er avsluttet. Seksjon for IT eller den enkelte virksomhet i TFK, plikter å beholde sikkerhetskopi av data i inntil 3 måneder etter at skolegang eller arbeidsforhold er avsluttet. I 0. Virkemidler ved brudd på reglementet 10.1 Alle brudd på reglementet vil bli rapportert til virksomhetens ledelse som er ansvarlig for den videre behandling. 10.2 Bruker som bryter dette reglementet kan utestenges fra alle deler av TFKs IT-ressurser. Brudd på reglementet vil også kunne medføre erstatningsansvar og straffeansvar. 10.3 Brudd på regler om personvern, taushetsplikt og dette reglement vil kunne få konsekvenser for brukerens elev- eller ansettelsesforhold. 10.4 For elever betraktes IT-reglementet som en del av skolereglementet for den enkelte videregående skole i Telemark. Brudd på IT-reglementet betraktes som brudd på skolens regler og fører til sanksjoner på linje med brudd på øvrige ordensregler. 10.5 Ved mistanke om lovbrudd kan brukeren bli politianmeldt. 23 Elevhefte - Vest-Telemark vidaregåande skule Skuleåret 2015-2016 UNDERSKRIFTER FRÅ ELEVAR Rutiner for bruk av foto og film Skulen ønskjer å kunne bruke foto og/eller film teke frå ulike skulearrangement. Elevar har høve til å reservere seg frå å bli framheva i slike bilete. Bilete frå arrangement der fleire er samla (til dømes fotballkamp, som publikum til førestellingar og liknande) kan likevel bli nytta. Ver vennleg å informere skulen særskilt viss dette av ulike årsaker ikkje kan skje. Eg reserverer meg mot at skulen brukar bilete/film der eg vert fremheva : Namn: Dato: NB! Det kan hende at ikkje alle som skal publisere bilete kjenner til korleis du ser ut, vi er difor veldig takknemlege viss du legg ved eit bilete av deg sjølv saman med underskrifta. 24
© Copyright 2024