PDF, 3 MB - Sula kommune

SULA KOMMUNE
Formannskapet
INNKALLING MØTE NR. 12/16
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
20.09.2016
Rådhuset, møterom 4.etg.
Kl. 16:00
Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00.
Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen.
Møtet er ope for publikum.
NB! Møtet startar med politikaropplæring i plan- og bygningslova kl. 16.00 (til
ca. 18.00). Behandling av ordinære saker på saklistene til planutval,
formannskap og valstyre tar til straks etter opplæringa.
Sula kommune
14.09.16
Jim Arve Røssevoll
ordførar
Sakliste
Saksnr.
101/16
102/16
103/16
104/16
105/16
035/16
Sakstittel
Godkjenning av møtebok nr. 11/16
Medlemskap i KS sitt styrevervregister
Ekstra låneopptak i Husbanken for vidare utlån som startlån
Tariff 2016 - lokale lønsforhandlingar
Referatsaker
Skatteinngang for august 2016
Gradering
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Åge Erstad Remvik
16/1097 16/14189
Arkiv:
Godkjenning av møtebok nr. 11/16
Utval:
Formannskapet
Møtedato:
20.09.2016
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Tittel
Protokoll - Formannskapet - 06.09.2016
1
Dok.ID
281702
Saksnr.:
101/16
SULA KOMMUNE
MØTEPROTOKOLL NR. 11/16
FORMANNSKAPET
Møtedato:
Møtestad:
06.09.2016
Rådhuset, møterom 4.etg
Følgjande medlem møtte
Jim Arve Røssevoll
Marthe Strandman Urvik
Øystein Båtnes
Turid Kristin Sand Humlen
Vibeke Bjørkavåg
Svein Værnes
Jan Magnar Sandvik
Møteleiar:
Frå administrasjonen:
Innkalling:
Sakliste:
Utlevert i møtet:
Behandla saker:
Orientering:
Møtetid:
Kl. 17:00 - 21:00
Parti
AP
FRP
FRP
H
H
KRF
SUL
Jim Arve Røssevoll
Rådmann Leon Aurdal, kommunalsjef Kjetil Fylling,
kommunalsjef Anne- Grethe Skjærseth, kommunalsjef Jørn
Agersborg, formannskapssekretær Åge Erstad Remvik
Ingen merknad.
Ingen merknad.
Ingen dokumenter til sakene. Vedtak frå fagutvala vart
referert i dei sakene der desse ikkje var påført.
89/16-100/16
Ordføraren orienterte om følgjande:
1) Arbeidet med helsehus og innleiande samtaler om tomt.
2) Planlagt møte med næringslivet om Veibustkrysset
9.september.
2) Møte med Borgundfjordtunnellen AS i veke 37
Rådmannen orienterte om følgjande:
1) Oppstart av arbeidet med planstrategi. Etter tilslutning frå
formannskapet vert det innkalla til arbeidsmøte i eit utvida
planutval. Tidspunkt ikkje sett.
2) Framdrift i byggeprosjektet demensbustadar. Rådmannen
bad formannskapet vurdere om opsjonen på oppsett av
råbygg 2.etg vestenden skal nyttast, og om tilpassing til
framtidig bruk skal inkluderast. Formannskapet gav etter ei
drøfting tilslutning til at opsjonen skal nyttast og ei tilpassing
til framtidig bruk som omsorgsbustadar skal inkluderast.
Formannskapet bad om at det vert tatt sikte på mindre
einingar med eitt soverom.
Sp.mål/interpell.:
3) Revurdering av modulbygg ved Solevågskulen.
Formannskapet bad om at det vert lagt fram ny sak om
kapasitetsutviding så raskt som råd, og at eldre
tilstandsrapport er ein del av denne saka.
Jan Magnar Sandvik (SUL) sette fram slikt spørsmål:
«Kan formannskapet få ein statusrapport for arbeidet med
politireforma og konsekvensar for Sula lensmannskontor?»
Ordføraren orienterte kort om møteverksemd om saka, og vil
halde ei orientering i kommunestyremøtet 15.september. Det
vert også tatt sikte på at lensmannen skal kome og orientere.
Øystein Båtnes (FRP) sette fram slikt spørsmål:
«Kva er status for arbeidet med lokalisering av Tiltakseining
for barn og unge?»
Kommunalsjef Jørn Agersborg orienterte frå arbeidet med å
finne nye lokaler for kirkekontoret. Ein har ikkje lukkast i å
finne egna lokale så langt.
Diverse:
Ingen
Underskrifter:
Marthe S. Urvik
Jim Arve Røssevoll
Svein Værnes
Åge Erstad Remvik
referent
Side 2
Saksliste
Saksnr.
089/16
090/16
091/16
092/16
093/16
094/16
095/16
096/16
097/16
098/16
099/16
100/16
Side 3
Sakstittel
Gradering
Godkjenning av møtebok nr. 10/16
Interkommunalt helsesamarbeid, revidert samarbeidsavtale
for legevakt m.m.
Oppnemning av representantar til vassregionutvalet i Møre
og Romsdal vassregion for perioden 2016-2020
Oppvekst -Skuleeigarrapport om tilstanden i Sulaskulen
2015-2016
Renovasjon - henteavstand i Sula kommune
Åregjerdevågen - klage på vedtak K-062/16 fyllingfront
Suppleringsval - meddommarar til tingretten og
jordskifteretten 2017-2020
Val av forliksråd for perioden 2017-2020
Val av møtefullmektigar for forliksrådet - perioden 20172020
Val av nytt medlem til eldrerådet etter fritak for Lars
Gunnar Nesseth
Val av nytt medlem til RLF etter fritak for Lars Gunnar
Nesseth
Referatsaker
089/16: Godkjenning av møtebok nr. 10/16
Rådmannen si innstilling:
Møteprotokollen vert godkjent.
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
F- 089/16 Vedtak:
Møteprotokollen vert godkjent.
090/16: Interkommunalt helsesamarbeid, revidert samarbeidsavtale for legevakt m.m.
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vedtar reviderte avtalar for interkommunalt helsesamarbeid:
· Avtale om drift av felles hellesteneste mellom Ålesund kommune og Sula kommune
(Helsetenesteavtalen)
· Tenesteavtale nr 4 – Interkommunal legevaktteneste – Kveld/helg/natt
Rådmannen får fullmakt til å signere avtalen og godkjenne mindre revisjonar og
oppdateringar av avtaleverket for helsesamarbeida.
Behandling i Fagutvalet for helse og sosial 01.09.2016
Verksemdleiar for Ålesund interkommunale legevakt orienterte om legevakta og svarte på
spørsmål. Det vart orientert særskilt om to tragiske saker som har berørt innbyggarar frå Sula
kommune.
Innstillinga vart samrøystes vedtatt.
HS- 033/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vedtar reviderte avtalar for interkommunalt helsesamarbeid:
· Avtale om drift av felles hellesteneste mellom Ålesund kommune og Sula kommune
(Helsetenesteavtalen)
· Tenesteavtale nr 4 – Interkommunal legevaktteneste – Kveld/helg/natt
Rådmannen får fullmakt til å signere avtalen og godkjenne mindre revisjonar og
oppdateringar av avtaleverket for helsesamarbeida.
Side 4
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Vedtak frå behandling i fagutvalet for helse- og sosial vart referert.
Vedtaket frå fagutvalet for helse og sosial vart samrøystes tilrådd.
F- 090/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vedtar reviderte avtalar for interkommunalt helsesamarbeid:
· Avtale om drift av felles hellesteneste mellom Ålesund kommune og Sula kommune
(Helsetenesteavtalen)
· Tenesteavtale nr 4 – Interkommunal legevaktteneste – Kveld/helg/natt
Rådmannen får fullmakt til å signere avtalen og godkjenne mindre revisjonar og
oppdateringar av avtaleverket for helsesamarbeida.
091/16: Oppnemning av representantar til vassregionutvalet i Møre og Romsdal
vassregion for perioden 2016-2020
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel __________________ som representant og __________________
som vararepresentant i Vassregionutvalet for Møre og Romsdal for perioden 2016-2020.
Behandling i Fagutval for teknisk område 31.08.2016
Administrasjonen ved Birgitte Valderhaug orienterte om saka.
Saka vart drøfta.
Leiar sette fram følgjande forslag:
Sula kommunestyre vel Jan Einarsen som representant og Lars Gunnar Nesseth som
vararepresentant i Vassregionutvalet for Møre og Romsdal for perioden 2016-2020.
Leiar sitt forslag vart samrøystes vedteken.
TEO- 034/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel Jan Einarsen som representant og Lars Gunnar Nesseth som
vararepresentant i Vassregionutvalet for Møre og Romsdal for perioden 2016-2020.
Side 5
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Vedtak frå fagutvalet for teknisk område vart referert.
Forslaget frå fagutvalet for teknisk område vart samrøystes tilrådd.
F- 091/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel Jan Einarsen som representant og Lars Gunnar Nesseth som
vararepresentant i Vassregionutvalet for Møre og Romsdal for perioden 2016-2020.
092/16: Oppvekst -Skuleeigarrapport om tilstanden i Sulaskulen 2015-2016
Rådmannen si innstilling:
Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2016 med følgjande kommentarar:
Behandling i Fagutvalet for oppvekst 30.08.2016
Kommunalsjef Anne-Grethe Skjærseth orienterte om heimel og hensikt med rapporten og om
nokre av trekka ved siste skuleår i Sulaskulen - og oppmoda til drøftingar, gjerne på tema
som er foreslått i saka.
Ulike sider ved tilstanden i Sulaskulen vart diskutert.
TEMA 1 Kapasitet, struktur og innhald i framtidsskulen. Følgjande kommentarar vart
foreslått teke med i vedtaket :
Avklaringar og framdrift på framtidig skulestruktur og skulekapasitet må prioriterast.
Skulestrukturendringar må ta omsyn til kvar på øya fortetning skjer.
Uteområda må følgjast opp med midlar.
TEMA 2 Tilbakemelding til skulane. Viktig fokus i den lokale skulepolitikken. Følgjande
kommentarar vart foreslått teke med i vedtaket:
Alle skulane etterlyser meir kapasitet i PPT, dette må ein ta med vidare i budsjettprosessen.
Side 6
Digital satsing og undervisning må vidareførast.
Læringspartnarmetodikken må takst i bruk systematisk og læringsmål formidlas til føresette
slik at dei kan hjelpe borna og samarbeide godt med skulen.
Det vart sett fram følgjande felles framlegg til vedtak:
Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2016 med følgjande kommentarar:
Avklaringar og framdrift på framtidig skulestruktur og skulekapasitet må prioriterast.
Skulestrukturendringar må ta omsyn til kvar på øya fortetning skjer.
Uteområda må følgjast opp med midlar.
Alle skulane etterlyser meir kapasitet i PPT i takt med elevtalsauken, dette må ein ta med
vidare i budsjettprosessen.
Digital satsing og undervisning må vidareførast.
Læringspartnarmetodikken må takst i bruk systematisk og læringsmål formidlas til
føresette slik at dei kan hjelpe borna og samarbeide godt med skulen.
Framlegget vart samrøystes vedteke
OP- 025/16 Vedtak:
Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2016 med følgjande kommentarar:
Avklaringar og framdrift på framtidig skulestruktur og skulekapasitet må prioriterast.
Skulestrukturendringar må ta omsyn til kvar på øya fortetning skjer.
Uteområda må følgjast opp med midlar.
Alle skulane etterlyser meir kapasitet i PPT i takt med elevtalsauken, dette må ein ta med
vidare i budsjettprosessen.
Digital satsing og undervisning må vidareførast.
Læringspartnarmetodikken må takst i bruk systematisk og læringsmål formidlas til føresette
slik at dei kan hjelpe borna og samarbeide godt med skulen.
Side 7
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Kommunalsjef Anne- Grethe Skjærseth orienterte om grunnlag/heimel for og hensikta med
rapporten.
Etter spørsmål frå formannskapet vart det orientert frå arbeidet med sikring av leikeapparat i
skular og barnehagar.
Innstillinga frå fagutvalet for oppvekst vart samrøystes tilrådd.
F- 092/16 Vedtak:
Kommunestyret godkjenner Skuleeigarrapporten 2016 med følgjande kommentarar:
Avklaringar og framdrift på framtidig skulestruktur og skulekapasitet må prioriterast.
Skulestrukturendringar må ta omsyn til kvar på øya fortetning skjer.
Uteområda må følgjast opp med midlar.
Alle skulane etterlyser meir kapasitet i PPT i takt med elevtalsauken, dette må ein ta med
vidare i budsjettprosessen.
Digital satsing og undervisning må vidareførast.
Læringspartnarmetodikken må takast i bruk systematisk og læringsmål formidlast til føresette
slik at dei kan hjelpe borna og samarbeide godt med skulen.
093/16: Renovasjon - henteavstand i Sula kommune
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vedtek å seie opp avtalen om generell henteavstand til husvegg i
kommunen,og slik tilpasse seg tilbodet i dei andre kommunene i ÅRIM.
Kommunestyret ser prisen for generell henteavstand i samanheng med kostnadsnivået ut til
abonnentane.
Behandling i Fagutval for teknisk område 31.08.2016
Side 8
Administrasjonen ved Birgitte Valderhaug orienterte om saka.
Saka vart drøfta.
Leiar sette fram følgjande forslag:
Sula kommunestyre vedtek å vidareføre avtalen om generell henteavstand til husvegg i
kommunen.
Leiar sitt forslag vart samrøystes vedteken.
TEO- 033/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vedtek å vidareføre avtalen om generell henteavstand til husvegg i
kommunen.
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Vedtak frå fagutvalet for teknisk område vart referert:
"Sula kommunestyre vedtek å vidareføre avtalen om generell henteavstand til husvegg i
kommunen".
Forslaget frå TEO vart sett opp mot rådmannen si innstilling. Forslaget frå TEO vart
samrøystes tilrådd.
F- 093/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vedtek å vidareføre avtalen om generell henteavstand til husvegg i
kommunen.
094/16: Åregjerdevågen - klage på vedtak K-062/16 fyllingfront
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vedtar å halde på vedtak K 062/16 frå 22.06.2016:
«Sula kommunestyre vedtar alternativ B) ei avslutning mot sjøen i Åregjerdevågen med
sprengstein. Ei slik løysing vert dekt opp av løyvinga gitt i K 026/16.»
Side 9
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Turid K.S. Humlen (H) sette fram slikt forslag til vedtak:
"Sula kommunestyre vedtar å etablere einsretta fyllingfront mot sjøen i Åregjerdevågen og
løyver inntil kr. 600 000 til formålet
Finansiering:
-0.8 Mva kompensasjon
kr 120 000
-0.8 Auke i samlelån
kr 480 000
-Sum:
kr 600 000 "
Forslaget vart sett opp mot rådmannen si innstilling. Rådmannen si innstilling vart tilrådd med
4 mot 3 stemmer.
F- 094/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vedtar å halde på vedtak K 062/16 frå 22.06.2016:
«Sula kommunestyre vedtar alternativ B) ei avslutning mot sjøen i Åregjerdevågen med
sprengstein. Ei slik løysing vert dekt opp av løyvinga gitt i K 026/16.»
095/16: Suppleringsval - meddommarar til tingretten og jordskifteretten 2017-2020
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel følgjande til medlemmer av meddommarutvala for:
Jordskifteretten:
________________ (mann)
Tingretten:
________________ (mann)
________________ (kvinne)
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Formannskapet rår kommunestyret til å velje Dan- Ketil Jacobsen og Elna Hesjedal til
medlemmer av utvalet for tingrettsdommarar. Forslag til jordskifteretten vert fremma i
kommunestyremøtet.
Side 10
F- 095/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel følgjande til medlemmer av meddommarutvala for:
Jordskifteretten:
________________ (mann)
Tingretten:
Dan Ketil Jacobsen (mann)
Elna Hesjedal (kvinne)
096/16: Val av forliksråd for perioden 2017-2020
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel slikt forliksråd for perioden 2017-2020:
Medlemmer:
1.
2.
3.
Varamedlemmer:
1.
2.
3.
Formann:
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Det vart sett fram forslag om å velje opp att kandidatar som ønskjer attval, og desse vart
samrøystes vedtatt. Manglande vara vert å foreslå i kommunestyremøtet.
F- 096/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel slikt forliksråd for perioden 2017-2020:
Medlemmer:
1. Lars Gunnar Nesseth
2. Marie Myklebust
3. May- Bente Nygård Iversen
Varamedlemmer:
1. ________________
2. Linbjørg Bjørkavåg Sunde
3. Kjell Arne Sommerstad
Formann: Lars Gunnar Nesseth
Side 11
097/16: Val av møtefullmektigar for forliksrådet - perioden 2017-2020
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel slikt utval av møtefullmektigar til Sula forliksråd for perioden 20172020:
1.
2.
3.
4.
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Det vart etter ei drøfting sett fram forslag om Hans Langvatn (må spørjast), Svein Værnes og
Per Sortehaug.
Med atterhald for Hans Langvatn vart desse tre samrøystes tilrådd.
F- 097/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel slikt utval av møtefullmektigar til Sula forliksråd for perioden 20172020:
1. Per Sortehaug
2. Svein Værnes
3. Hans Langvatn
098/16: Val av nytt medlem til eldrerådet etter fritak for Lars Gunnar Nesseth
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel slikt nytt medlem til eldrerådet for perioden 2015-2019:
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Formannskapet kom ikkje fram til kandidat, og partia må legge fram forslag til nytt medlem i
kommunestyremøtet.
F- 098/16 Vedtak:
Side 12
Sula kommunestyre vel slikt nytt medlem til eldrerådet for perioden 2015-2019:
099/16: Val av nytt medlem til RLF etter fritak for Lars Gunnar Nesseth
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vel slikt nytt medlem til rådet for likestilling av funksjonshemma for
perioden 2015-2019:
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Vibeke Bjørkavåg (H) sette fram forslag om seg sjølv som nytt medlem.
Forslaget vart samrøystes tilrådd.
F- 099/16 Vedtak:
Sula kommunestyre vel slikt nytt medlem til rådet for likestilling av funksjonshemma for
perioden 2015-2019:
Vibeke Bjørkavåg (H)
100/16: Referatsaker
Rådmannen si innstilling:
Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Behandling i Formannskapet 06.09.2016
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
F- 100/16 Vedtak:
Meldingane vert tekne til etteretning slik dei ligg føre.
Side 13
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Åge Erstad Remvik
06/2541 16/13745
Arkiv: K1 - 010, K3 - &86
Medlemskap i KS sitt styrevervregister
Utval:
Formannskapet
Kommunestyret
Møtedato:
20.09.2016
Saksnr.:
102/16
Rådmannen si innstilling:
Sula kommunestyre vedtar å slutte seg til KS sitt styrevervregister.
Tittel
Ønsker din kommune å slutte seg til KS styrevervregister.pdf
Dok.ID
234537
Bakgrunn for saka:
KS sitt styrevervregister vart oppretta i 2007, som eit ledd i arbeidet med å skape openheit
rundt kva for roller folkevalde og tilsette i kommunane har, og for å styrke omdømmet og
tilliten til kommunesektoren. Rundt 350 kommunar og 100 kommunale selskap er i dag
registrerte.
Ein ny versjon av registeret vart publisert i 2014, og i den nye versjonen vert opplysningar om
den einskilde folkevald/tilsett innhenta frå Brønnøysundregistra automatisk.
Sula kommune har saman med alle norske kommunar fått tilbod om å slutte seg til registeret.
Tilslutning krev vedtak i kommunestyret.
Saksopplysningar:
Dersom kommunen sluttar seg til registeret vil offentleg tilgjengelege opplysningar om
styreverv og posisjonar i organisasjons- og arbeidsliv bli offentleggjort på
http://www.styrevervregisteret.no . Registeret omfattar alle tilsette og folkevalde, og dei
automatisk innhenta opplysningane vert oppdaterte årleg. I tillegg kan den einskilde
tilsette/folkevalde legge til eller ta ut opplysningar via eigen påloggingsfunksjon.
Hovudformålet med registeret er at ålmenta kan sjå kva for formelle politiske
posisjonar/stillingar dei folkevalde/tilsette har, i tillegg til verv og eigarinteresser.
I vår region er kommunar som Ålesund, Giske, Haram, Skodje, Sykkylven m.fl. tilslutta
registeret. Det er ingen kostnadar knytt til medlemskap/deltaking i registeret.
Vurdering:
1
Rådmannen meiner at registeret er eit godt tiltak for å bidra til openheit og tillit til kommunen,
og rår kommunestyret til å vedta å slutte seg til medlemskap.
2
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Kathrin Reidun Vågnes
16/21 16/14887
Arkiv: K1 - 252, K2 - U71
Ekstra låneopptak i Husbanken for vidare utlån som startlån
Utval:
Kredittutvalet
Formannskapet
Møtedato:
14.09.2016
20.09.2016
Saksnr.:
020/16
103/16
Rådmannen si innstilling:
Kommunestyret i Sula kommune godkjenner låneopptak på 3.000.000,- i Husbanken for
vidare utlån som startlån.
Tittel
Startlån 2016 - andre tildeling
Låneavtale
Betalingsplan
Retningsliner for tildeling av startlån i Sula kommune gjeldande frå
01.01.14 K-sak 080-13
Forskrift om startlån frå Husbanken 01.04.14
Dok.ID
282003
282004
282005
267345
267346
14.09.2016 Kredittutvalet
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt.
KDU-020/16 Vedtak:
Kommunestyret i Sula kommune godkjenner låneopptak på 3.000.000,- i Husbanken for
vidare utlån som startlån.
Bakgrunn for saka:
Sula kommune har søkt om, og fått innvilga, 3.000.000,- ekstra i lån frå Husbanken i 2016.
Saksopplysningar:
Ordninga med startlån vart tatt i bruk i Sula kommune i 2004. Nye retningsliner for startlån
vart vedtatt i 2013, gjeldande frå 01.01.2014. Startlån er ikkje ei lovpålagt oppgåve for
kommunen.
Sula kommune har søkt om, og fått innvilga, 2.000.000,- i lån frå Husbanken til bruk til
startlån tidlegare i år. Det blei gjort vedtak om å ta opp dette lånet, K-sak 053/16.
Kredittutvalet i Sula kommune har betalt ut 3 startlån på til saman 3.546.000,- i 2016. I
1
tillegg har ein godkjend, men ikkje utbetalt, 2 lån på til saman 3.435.000,-.
I perioden 2010 – 2015 vart det i gjennomsnitt utbetalt om lag 2.000.000,- pr. år i startlån.
Auken i utbetalingar i 2016 skuldast at det i større grad har vore behov for å gå inn med
fullfinansiering av bustadkjøp. Prisauken på bustadar i kommunen gjer også at lån brukt til
toppfinansiering i gjennomsnitt er større enn før.
Pr. 12.09.16 har Sula kommune 151.580,- i disponible midlar til startlån.
Om Sula kommune skal kunne halde fram med å gje startlån i 2016 må ordninga tilførast meir
midlar. Det er søkt om 3.000.000,- ekstra i lån frå Husbanken. Dette vart innvilga av
Husbanken.
Vurdering:
Sula kommune har pr. 12.09.16 151.180,- i disponible midlar til startlån. Om Sula kommune
skal kunne halde fram med å gje startlån i 2016 må ordninga tilførast meir midlar.
Ut i frå dette bør ein godkjenne låneopptaket i Husbanken på 3.000.000,-.
2
SULA KOMMUNE
Servicekontoret
RETNINGSLINER FOR TILDELING AV STARTLÅN I SULA KOMMUNE.
K-vedtak 080/13. Gjeldande frå 01.01.14
1. Formål
Startlån skal medverke til at husstandar med bustadetableringsproblem skal få sjansen
til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader.
Husstandar med etableringsproblem er husstandar som har behov for finansiering frå
kommunen. Finansieringa skal gi husstanden stabile buforhold.
Med vanskelegstilte på bustadmarknaden meiner ein personar som av ulike årsaker har
problem med å skaffe finansiering til kjøp av bustad. Ein treng ikkje vere økonomisk
eller sosialt vanskelegstilt for å vere vanskelegstilt på bustadmarknaden.
2. Kven kan få startlån
Startlån er behovsprøvd og kan omfatte unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege,
einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar, personar med opphaldsløyve på
humanitært grunnlag og andre husstandar med finansieringsproblem.
Lånsøkjar må dokumentere at dei framtidige inntektene til husstanden, medrekna
eventuelle stønader, er tilstrekkelege til å greie renter og avdrag på lån i tillegg til
vanlege levekostnader. Kommunen har rett til å kontrollere alle opplysningar som kjem
fram i søknaden. Kommunen kan krevje ytterlegare dokumentasjon.
Alle husstandsmedlemmer som er med å skaffe nødvendig inntektsgrunnlag, bør
normalt også vere låntakarar.
3. Kva kan det ytast lån til
a) Kjøp av bustad
Startlån kan ytast til kjøp av bustad for husstandar med finansieringsproblem.
b) Utbetring/tilpassing
Startlån kan ytast til utbetring/tilpassing av allereie eigd bustad. Det må
innhentast anbod og leggast fram til budsjett for arbeidet før søknaden kan
behandlast. Arbeidet skal godkjennast av kommunen før lånet kan utbetalast.
c) Oppføring av bustad
Startlån kan ytast til toppfinansiering, saman med grunnfinansiering frå
Husbanken eller andre finansinstitusjonar.
Adresse:
Postboks 280
6039 LANGEVÅG
Telefon:
Sentralbord:
Saksbeh:
Telefaks:
70 19 91 00
«Sbr_Tlf»
70 19 91 01
E-post:
postmottak@sula.kommune.no
Web:
www.sula.kommune.no
Bankgiro:
8647 10 92152
Skattekonto:
6345 06 15317
Foretaksnr.:
964 980 543
Side 2 av 3
d) Refinansiering
Startlån kan ytast til refinansiering av dyre lån dersom det resulterer i at
husstanden får ein reell sjanse til å bli buande i ein bustad dei allereie eig. Ved
refinansiering av forbruksgjeld og kredittkortgjeld som samla utgjer meir enn
100 000 kr, bør gjeldsrådgjevar ha sett på saka først. Innstilling frå
gjeldsrådgjevar veg tungt.
e) Førehandsgodkjenning
Kommunen kan gi ei skrifteleg stadfesting på at lånsøkjar vil få startlån dersom
søkjaren finn ein høveleg bustad med kjøpesum innafor eit bestemt beløp.
Førehandsgodkjenninga er gyldig i 6 månader frå tilsegnsdato, med muligheit
for forlenging. Mynde til forlenging er delegert til administrasjonen.
Kommunen vil vurdere kva slags behov husstanden har, både når det gjeld bustad og
finansiering. Bustaden skal godkjennast av kommunen før endeleg kjøpsavtale kan
inngåast. For at bustaden skal kunne godkjennast må det leggast fram takst frå godkjend
takstmann.
Nærare om bustaden
Bustaden skal vere rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået på staden. For bustader i
burettslag vil både kjøpesum og del av fellesgjeld bli lagde til grunn for vurderinga.
4. Grunnlag for avslag
a) At søkjar ikkje er i målgruppa i høve til Husbanken sine retningsliner
b) Manglande betalingsevne. Kommunen legg Husbanken sin låne- og
livsopphaldskalkulator til grunn for vurdering av søkjar sin økonomi.
c) At søkjar har aktive betalingsmerknader eller uoppgjorde krav til kommunen.
d) At søkjar allereie eig/har eigd bustad. Unntak kan gjerast for reetablering. Ei
eventuell forteneste ved sal av bustad skal i så fall dokumenterast og takast med
i vurderinga av behovet for startlån. Med forteneste meiner ein differansen
mellom kjøpesum og salssum.
5. Låneutmåling
Grunnfinansiering i bank må vere prøvd før det blir søkt om startlån og startlånet blir
redusert i høve til banken sitt tilbod om grunnfinansiering og søkjar si betalingsevne.
Låneutmålinga blir fastsett innafor 100 % av kjøpesum, kostnader til bygging av ny
bustad, utbetringskostnader eller verdien av bustaden. Startlånet dekkje ikkje kostnader
knytt til kjøpet eller låneopptaket. Kor stort lånet er avheng av husstanden sin økonomi
og låneutmåling frå annan långjevar.
Startlånet ved kjøp eller bygging av ny bustad, utgjer normalt inntil 20 % av bustaden
sin kostnad og skal dekkje eigenkapitalbehovet. Låntakar må sjølv ha
hovudfinansieringa gjennom bank innafor minimum 80 % av bustaden sin kjøpesum.
For særskilt vanskelegstilte husstandar kan startlånet vere høgare enn 20 %.
Side 3 av 3
6. Rente- og avdragsvilkår
Startlånet blir ytt med utgangspunkt i Husbanken sine rente- og avdragsvilkår.
Normalt gjeld følgjande vilkår:
Flytande renter som samsvarar med Husbanken si rente til ei kvar tid, med tillegg på
0,25 % til dekking av administrative kostnader til kommunen.
10 – 25 års nedbetalingstid
Ingen avdragsfrie periodar
12 terminar pr. år
Det er høve til å velje fastrente etter Husbanken sine retningsliner.
Termingebyr etter gjeldande avtale med forvaltar.
7. Sikkerheit for lånet
Startlånet skal til vanleg sikrast med 2. prioritets pant i eigedomen. Der finansieringa
med startlån utgjer meir enn 50 % av totalfinansieringa, skal lånet sikrast med 1.
prioritets pant i eigedomen. Endring i nedbetalingsplan og ny opplåning på 1.
prioritetslån skal godkjennast av kommunen.
8. Overdraging av lånet
Overdraging av lånet kan berre skje etter søknad og godkjenning av Sula kommune. Blir
eigedomen overdregen til ny eigar utan slik godkjenning, forfell restlånet til betaling frå
salsdato. Ved låntakar sin død forfell lånet til innbetaling dersom det ikkje etter søknad
er overført til ny eigar.
9. Utbetaling av lånet
Lånet blir utbetalt når ferdigattest ligg føre (nye bustadar). Ved førehandsgodkjenning skal kommunen godkjenne bustaden før endeleg kjøpsavtale kan inngåast.
For at bustaden skal kunne godkjennast må det leggast fram takst frå godkjend
takstmann. Lånet skal vere tinglyst med rett prioritet og låneavtale med kommunen
underteikna.
Dersom startlånet ikkje er kravd utbetalt innan 6 månader (1 år for nybygg) etter at lånet
er innvilga, går lånet attende til kommunen for vidare utlån til bustadføremål. Det er
mogleg å få forlenga fristen etter søknad. Mynde til å gje forlenging er delegert til
administrasjonen. (sjå pkt. 3 e) for reglar vedkomande førehandsgodkjenning av lån)
Ved utbetaling av lånet blir det trekt utgifter til tinglysinga av pantedokumentet,
etableringsgebyr og eit depotgebyr.
10. Klagerett
Det er høve til å klage på vedtak kommunen har gjort på tildeling, utmåling og avslag
på lån. Klagen må vere skrifteleg og skal sendas til Sula kommune, Postboks 280, 6039
Langevåg. Klagen må grunngivast og skal nemne det vedtaket det blir klaga på.
Klagefristen er 3 veker frå poststempelet på meldinga av vedtaket. Dersom klagen ikkje
får medhald, blir han send til klagenemnda i kommunen. Vedtak gjort av klagenemnda
er endelege og kan ikkje påklagast.
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Karoline Bøe
16/1057 16/15008
Arkiv: K1 - 515
Tariff 2016 - lokale lønsforhandlingar
Utval:
Formannskapet
Møtedato:
20.09.2016
Saksnr.:
104/16
Rådmannen si innstilling:
Sula formannskap godkjenner rådmannen sitt forslag til lønsramme for lokale forhandlingar
for tilsette som høyrer inn under hovudavtalens kap 3.4.
Bakgrunn for saka:
Rådmannen vil legge fram ei sak munneleg i samband med at det skal gjennomførast årlege
lokale lønsforhandlingar.
Saksopplysningar:
Vert gitt under møte
Vurdering:
Vert gitt under møte
1
SAKSFRAMLEGG
Saksbehandlar:
Arkivsaksnr:
Åge Erstad Remvik
16/1097 16/15029
Arkiv:
Referatsaker
Utval:
Formannskapet
Møtedato:
20.09.2016
Rådmannen si innstilling:
Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
32T
Saksnummer
035/16
1
Tittel
Skatteinngang for august 2016
Saksnr.:
105/16
SKATTEINNGANG - KOMMUNEN SIN ANDEL
Januar
Februar
Mars
April
Mai
Juni
Juli
August
September
Oktober
November
Desember
SUM
Årsbudsjett
Månad
25 339 823
1 236 501
31 299 523
538 162
35 649 446
1 683 083
23 305 819
2 766 404
32 092 738
1 128 441
34 127 646
1 451 050
190 618 636
2015
Akkumulert
25 339 823
26 576 324
57 875 847
58 414 009
94 063 455
95 746 538
119 052 357
121 818 761
153 911 499
155 039 940
189 167 586
190 618 636
187 297 000
% Bud
13,53%
14,19%
30,90%
31,19%
50,22%
51,12%
63,56%
65,04%
82,18%
82,78%
101,00%
101,77%
Månad
26 828 519
716 557
33 205 477
1 605 189
37 942 006
1 066 409
25 404 982
2 550 254
2016
Akkumulert
26 828 519
27 545 076
60 750 553
62 355 742
100 297 748
101 364 157
126 769 139
129 319 393
129 319 393
202 938 000
% Bud
13,22%
13,57%
29,94%
30,73%
49,42%
49,95%
62,47%
63,72%
SKATTEINNGANG FORDELT ETTER ARTER - KOMMUNEN SIN ANDEL
(heile tusen kroner)
MND 2100 Forskotstr
2200 Forskotsskatt
2101 FLT
2300 Restskatt
Etterskotspliktige
Renter og gebyr
2191 Avsatt margin
2302 Rentetillegg
SUM
2192 Bruk av margin
2800 Påleggstr
2350 Overskytande f
2016
2015
2016
2015
2016
2015
2016
2015
2016
2015
2016
2015
2016
2015
29 711
714
35 175
737
37 120
381
27 893
595
27 921
1 136
33 161
136
36 395
499
25 498
503
64
81
1 687
866
4 868
527
45
106
29
98
1 569
471
2 952
1 196
187
133
35
33
-89
95
124
325
243
1 904
85
68
12
83
229
-156
154
391
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
0
8
3
125
74
24
-62
6
11
31
71
28
-4
17
305
7
187
-2 990
-114
-3 693
-167
-4 195
-105
-2 782
-66
-2 726
-137
-3 470
-148
-3 944
-161
-2 540
-86
26 828
717
33 205
1 605
37 941
1 066
25 405
2 550
25 340
1 236
31 300
538
35 649
1 683
23 306
1 128
132 326
125 249
8 244
6 635
2 670
866
0
0
189
642
-14 112
-13 212
129 317
120 180
ENDRING SKATT 2015 - 16
9 137
7,60
Forskotstrekk
Forskotsskatt
Restskatt
Forh./Rest./Ettersk.
Renter/gebyrer
Margin/differanser
7 077
1 609
1 804
0
-453
-900
SUM
9 137
JAN
FEB
MAR
APR
MAI
JUN
JUL
AUG
SEP
OKT
NOV
DES
SUM
SKATTEINNGANG 2015
BUDSJETT 2016
AVVIK I FORHOLD TIL BUDSJETT
190 618
202 938
6,46
3 152