Programmet som pdf

AKTIV FERIE
i Radøy 2016
Haustferieaktivitetar for born
fødd 2004-2007
Haustferieaktivitetar for born f. 2004-2007
Radøy kommune har gleda av å invitera born i Radøy
kommune som er fødde i 2004-2007 til aktivitetar i haustferien.
Det er avgrensa tal på plassar på dei aller
fleste aktivitetane, og ”først til mølla”. Det
er difor viktig at dei som ynskjer å delta,
melder seg på så snart som råd. Frist for
påmelding står under kvart arrangement.
Det er også viktig at me får beskjed dersom
den som er meldt på likevel ikkje kan koma,
slik at andre kan få tilbod om plassen.
Me ynskjer påmelding på e-post til
postmottak@radoy.kommune.no eller på
telefon 56 34 90 00. Ved påmelding må
ein oppgje fullt navn til den påmelde, alder og bustad, og namn og telefonnummer til minst éin av dei føresette. Det er viktig at ein og gjev opplysningar
om evt. allergiar og anna me bør ta omsyn til. På www.radoy.kommune.no/
aktivferie vil det stå om nokon av aktivitetane er fullteikna og anna oppdatert
informasjon om dei ulike aktivitetane.
Alle aktivitetar er gratis! På dei fleste aktivitetane er også mat og drikke inkludert,
men på nokre aktivitetar må du sjølv ta med mat eller kjøpa mat. Dette står
opplyst under kvart arrangement.
Open hall er open for alle aldersgrupper. Born under 7. klasse må ha med seg
ein vaksen person som har ansvar for borna og er til stades heile tida.
Ta kontakt dersom nokon treng hjelp til transport, så kan me forsøka å
organisera.
Velkomne til ein aktiv haustferie i Radøy!
2
Haustferieaktivitetar for born f. 2004-2007
Dato
Aktivitet
Måndag
Nybyrjarkurs i sjakk, Radøy bibliotek, kl. 12.00-14.00
10. oktober Brettspelet sjakk er eit av verdas mest populære spel. Me har
fått instruktørar frå Masfjorden sjakklubb til å halda kurset.
Påmelding innan 5. oktober.
Måndag
Open hall for alle, Radøyhallen kl. 14.00–17.00
10. oktober Radøy ungdomsklubb inviterer til open hall. Det vert aktivitetar
som hoppemadrass, hoppeslott, bumperz, volleyball, fotball
m.m. Open kiosk (me tar kort). Inga påmelding. Born under 7.
klasse må koma i følgje med vaksne.
Tysdag
Kurs i cheerleading, Hordabøhallen kl. 11.00–15.00
11. oktober Hordabø lions inviterer til kurs i cheerleading. Cheerleading
er ein spanande sport som inneheld element som turn, dans,
hopp, kast og turn. Dette er ein sport som passar for både gutar
og jenter. Lunsj vert servert. Påmelding innan 5. oktober.
Tysdag
Filmkveld i kinosalen på Manger kl. 18.00
11. oktober Me viser filmen Jungelboken, som vart lansert tidlegare i år. Filmen har ni års aldersgrense. Gratis inngang. Ingen påmelding.
Onsdag
Matkurs på Manger skule, kl. 10.00-15.30
12. oktober På kurset skal me baka, laga smoothie, lunsj, og middag med dessert. Etter borna har laga maten, får dei sjølvsagt eta den. Kurshaldar
er Margit Vea, som mellom anna er kokebokforfattar og spaltist i
Aftenposten Junior. Påmelding innan 5. oktober (berre 16 plassar).
Torsdag
Open hall for alle, Radøyhallen kl. 14.00–17.00
13. oktober Radøy ungdomsklubb inviterer til open hall. Det vert aktivitetar
som hoppemadrass, hoppeslott, bumperz, volleyball, fotball
m.m. Open kiosk (me tar kort). Inga påmelding. Born under 7.
klasse må kome i følgje med vaksne.
3
Meir informasjon og takk til
I dette heftet finn du informasjon om
alle aktivitetane i Aktiv ferie i haustferien. Me håpar mange vil nytta
høve til å vera med på aktivitetane!
Hugs påmelding til aktivitetane på
postmottak@radoy.kommune.no
Følg gjerne med også på www.radoy.kommune.no/aktivferie og facebooksida vår
www.facebook.com/radoykommune for oppdatert informasjon om
arrangementa.
Har du spørsmål eller treng du meir informasjon kan du kontakta Geir Olav
Repål eller Bente Kopperdal Hervik på tlf 56 34 90 00. Du kan også senda e-post
til postmottak@radoy.kommune.no.
Me takkar alle samarbeidspartnarar
som har vore med å bidra til at me kan
gjennomføra dei ulike aktivitetane og
som gjer at born, 9-12 år, kan få ein
kjekk haustferie.
Prosjektet Aktiv ferie er finansiert
med tilskot frå Barne-, ungdoms-og
familiedirektoratet. Dette tilskotet
gjer det mogleg å gjennomføra eit
mangfald av ferieaktivitetar som alle
kan vera med på, og at det kan vera
fleire vaksne til stades.