Sakshandsamar, innvalstelefon Fredrik Arnesen, 5557 2369 Vår dato 20.12.2016 Dykkar dato Vår referanse 2015/12072 350 Dykkar referanse Sund kommune Postboks 23 5371 Skogsvåg Rapport etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Sund kommune Fylkesmannen viser til tilsynsbesøk i Sund kommune 6. desember 2016. Vedlagd følgjer rapport frå tilsynet. Innleiingsvis vil vi takke for fin mottaking og godt gjennomført program på tilsynsdagen. Samstundes tykkjer vi det er leit at ikkje ordførar og rådmann prioriterte deltaking i sluttmøtet. Sund kommune har vore delaktig i utarbeidinga av Kyst-ROS, men kommunen manglar likevel ein eigen risiko- og sårbarheitsanalyse som kompletterer denne. Kommunen har ein beredskapsplan som har fungert bra under hendingar og øvingar, sjølv om den framleis ikkje er endeleg ferdigstilt. Kommunen øver regelmessig, og hendingar og øvingar vert i nokon grad også evaluert. For å tilfredsstille alle krav i lov og forskrift må kommunen likevel i større grad også fokusere på førebygging, og bli meir systematisk i tilnærminga til arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Vi minner om at tilsynsmetodikken er negativ i den fortstand at den berre peikar på avvik og merknader i høve til lov og forskrift, og eventuelt anna forbetringspotensiale. Rapporten peikar difor i liten grad på dei tilhøve som er tilfredsstillande. Frist for skriftleg tilbakemelding på tilsynsrapporten er 3. februar 2017. Vi ønskjer lykke til med oppfølgingsarbeidet, og minner om at vi gjerne står til rådvelde med informasjon og rettleiing. Med helsing Arve Meidell fylkesberedskapssjef Fredrik Arnesen seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
© Copyright 2025