Velkommen til nytt barnehageår! Då er nytt barnehageår godt i gang, og me vil ønskje alle velkommen tilbake etter sommaren. Eit ekstra velkommen også til dei nye barna og foreldra som nok no er over den førte skumle tilvenninga i barnehagen i desse dagar. De kjenner det nok likevel godt i magen for tida, men de skal veta at det er erfarne folk som tek i mot barna dykkar, og me gjer alle det me kan for at dei skal få ein så god start som mogleg. Kjøkken / mat Barna får alle måltid i barnehagen, og me har for tida to kjøkkenhjelper (Baw Meh og Inga) frå kantina til Opero. Dei er hos oss måndag, tysdag og onsdag. Rutinane for måltida er som før sommaren: Frukost ca.8.00 – 8.45 (oppe). Dei som kjem etter dette må ha ete frukost heime. Dei som tilhøyrer Tusenbeingruppa et frukost på ”tusenbeinrommet”, medan Gashoppe-,Tissemaur- og Sommarfuglgruppa et frukost i ”kantina”. Lunsj ca 11.30, middag stort sett onsdagane. Frukt i tida kring 14.00 – 15.00. I avdelinga nede for dei minste har dei eigne tider for måltida, dei kan informere meir om det. Tilsette Me er delt i 6 grupper, med 1 pedagogisk leiar og faste assistentar/fagarbeidarar i kvar gruppe. I tillegg til den faste bemanninga har me også med ekstra personale som er inne i ulike attføringstiltak gjennom NAV og Opero AS. I haust har me jobba litt med å få inn nok pedagogressurs på huset. Lena Egelandsdal Stokken som har vore tilsett som vikar før ferien er no inne i ein fast stilling hos oss. Me meiner me har vore storheldige som har fått henne med på laget. I tilsettingsprosessen stod det då att eit vikariat på humlegruppa som pedagogisk leiar. Sidan det no berre er to månadar att til ei av våre tilsette kjem tilbake etter foreldrepermisjon fekk me løyve frå kommunen å nytta interne vikarar til denne stillinga. Me frigjer Sissel som er assisterande styrar, slik at den pedagogiske planlegginga skal vera på plass. Dei tre som no er der i kvardagen er trygge og dyktige fagpersonar som me har stor tiltru til. Dei er gode på å ta var på både borna og foreldra. Håpar også de har fått intrykk av dette. Avgjera i denne tilsettingsprosessen har vore eit samarbeid med både tillitsvalte, verneombod, styrar, kommunen og eigar. Rundt 1. november vil Malin Eriksen vera tilbake. Ho går då inn att med den gruppa ho hadde før ho gjekk i permisjon og Siv vil vera den som tar over pedagogansvaret nede på Humlegruppa. Marte vil då miste den faste engasjementet, men vil vera ringevikar ved behov. Fordelinga av personalet blir slik i haust: Humlene - Siv-Camilla Bernersson, Ingrid Nysæter og Marte Hillesdal Sissel er her pedagogisk vegleiar fram til Siv overtar rundt 1.november Marihøne - Lene Presthaug (pedagogisk leiar), Inger Marit Larsen og Margrethe som er ekstra assistent. Tusenbein - Linda Amundsen Rogne (pedagogisk leiar), Jessica Hauan og Agnethe Koppang (Kvalifisering). Grashoppe - Lena Egelandsdal Stokken (pedagogisk leiar), Jillian Moores og Kjellaug Larsen Tissemaur – Kine Dommersnes (pedagogisk leiar), Audhild Sørensen, Anna Jespersen og Kari Ågotnes(Kvalifisering) Sommarfugl – Siv Miljeteig (pedagogisk leiar), Hilde Nysæter, Anne Bente Østraat og Anita Aga(Kvalifisering) Malin tar over som pedagogisk leiar her ca 1. november. Styrar er Aud Jorunn Vedøy. Eg har kontor i ”kjellaren” og er vanlegvis å treffa mellom 7:30 og 15.00. Er det noko de lurer på, eller har de ein tilbakemelding er det berre å komme innom meg, ringe, eller ta kontakt via e-post: post@aasbarnehage.no. Assisterande styrar er Sissel Gravdal. Ho har også kontor i kjellaren, og er til vanleg å treffa mellom 7.30 og 15.00. Ho er stedfortreder for styrar, og har også ansvar for tilrettelegging og oppfølging av deltakarane i attføring. Telefonnummer til barnehagen: Styrar: 53402430 Styrarassistent: 53402432 Gruppene oppe: 53402433 Gruppene nede: 53402436 Dei ulike gruppene har eigne mobiltelefonar. Daglege beskjedar om at barn er sjuke, tek fri osb. kan sendast som melding til desse. De får nummer til dykkar gruppe frå pedagogisk leiar. Me ønskjer å få beskjed innan 9.00 om barnet ikkje kjem i barnehagen, sidan samling, turar og andre gruppeaktivitetar startar på den tida. I år har me også kjøpt inn eit arbeidsverktøys som heiter Vigilo. Dette skal de få meir informasjon om, til dømes på foreldremøte onsdag 23. september kl 18:00. Gjennom dette verktøyet kan de installerer ein app på smart-telefonen dykkar og gi korte beskjedar til gruppene. Meir informasjon kjem altså her. Heimeside Barnehagen har eiga heimeside der de finn generell informasjon om barnehagen, planar, vedtekter, månadsbrev og bilete frå aktivitetar i barnehagen. Adressa er www.aasbarnehage.no Opningstider Me har open frå 06.45 – 16.15 kvar dag. Dei tilsette må arbeide i vakter for å dekke heile opningstida, og det er difor ikkje alltid du vil treffe nokon frå ”di” gruppe når du leverer tidleg, eller hentar seint på ettermiddagen. Me vaksne prøver å gjere oss godt kjende med alle barna, så barnet ditt vert likevel teken godt hand om, og har du beskjedar til di gruppe formidlar me sjølvsagt det vidare til rette vedkommande. Fødselsdagar Fødselsdagar vert markert på gruppa barnet høyrer til. Me heiser flagget, og har ei bursdagssamling der me gjer stas på barnet med bursdagskrone, song og moro, og eit fint fruktfat til slutt. Me minner om at me ikkje ønskjer at bursdagsinvitasjonar til privat feiring vert delt ut i barnehagen dersom ein ikkje inviterer heile gruppa. Dette er fordi me ser at det oppleves sårt for dei barna som ikkje vert invitert, og me ønskjer at barnehagen skal vere ein stad der alle kjenner at dei vert inkludert i fellesskapet. Personalet kan likevel vere behjelpelig med kontaktinformasjon til andre foreldre om ein har vanskar med å finne fram til dei barna ein vil invitere. Eigne leiker Regelen om at barna ikkje skal ha med eigne leiker kan nok opplevas som trøblete for enkelte, men me ser at det er viktig å halde på den. Det oppstår fort konfliktar og vanskelige situasjonar når barna har eigne leiker med. Barnehagen har leiker tilpassa dei ulike aldrar og behov, og me får ein betre leik når ikkje nokon ”eig” leikene meir enn andre. Tutt og kos for dei minste er sjølvsagt ikkje medrekna her, det som trengst til soving og trøyst må sjølvsagt vere med. Merking av klede Me gjentek det kvar haust, og her kjem det igjen: Me har mange barn her i barnehagen, og det blir mykje klede å halde styr på, særleg dei dagane me vert våte og må byte. Då går det fort i surr med bukser, genserar, strømpebukser, sokkar og truser. For at me skal kunne ha best mogleg oversikt ber me om at de merkar alt med namn, også dei små plagga. Byteklede Me lever etter mottoet at det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege kler…eller av og til for lite kler. Me er ute i all slags ver, og ein del blir våte kanskje fleire gonger kvar dag. Det er difor viktig at de med jevne mellomrom sjekkar innhaldet i byttekorga, og har rikeleg av dei mest ”utsette” kleda, som strømpebukser, sokkar, bodyar/undertrøyer. Våte dressar og regnklede må takast med heim til tørk, sidan det er vanskeleg for oss å få alt tørt til dagen etter når det skal i bruk igjen. Dersom barna manglar det dei treng av utanpåkler/byttekler kan det hende me må ringe og be dykk komme med det. Me har ikkje anledning til å halde ekstrakler her i barnehagen, og det er foreldra sitt ansvar at alt nødvendig utstyr er på plass til ei kvar tid. Informasjon via e-post Me sender mest mogleg av fellesinformasjonen frå barnehagen via e-post, for å redusere papirbruken samstundes som det vert lettare tilgjengeleg for dykk som foreldre. De som er nye har no fått utdelt eit skjema der de fører på om de ønskjer informasjon via e-post, og evt. adresser. Til dykk andre er det fint om de gjev beskjed dersom de endrar e-post adresse. Det same gjeld telefonnummer og anna kontaktinformasjon til foreldre. Det er viktig at me har oppdaterte telefonnummer dersom me kjem opp i akutte situasjonar og må varsle raskt. Då gjenstår det å ønskje alle ein fin haust i barnehagen – ta berre kontakt om det er noko de lurer på. Styrar
© Copyright 2024