Vandring på Amalfikysten - ei av dei vakraste kyststrekningane i verda 6-dagars tur med avreise 3/5 2015 Pompeii, Capri og vandring langs «The Path of God» - Gudestien. Denne vandreturen tek deg med til dei vakraste områda langs Amalfikysten. Vi skal vandre på gamle muldyr-stiar og gjennom sjarmerande landsbyar langs kysten. Vi får oppleve den Italienske landsbygda og nyte eit storslagent utsyn over den vakre naturen på vår vandring som fører oss «frå hav til himmel». Vi startar turen med guida vandring i Pomeii. Det er båttur til vakre øya Capri, med fjelltur til øyast høgste punkt; Monte Solaro på 589 m.o.h. Turen går med fly frå Bergen til Roma. Vi bur på Imperial Hotel Tramontano, eit 4-stjerners hotell som ligg vakkert til i Sorrento, ein sjarmerande by med ekte Italiensk atmosfære. Og sist, men ikkje minst, skal vi nyte gode fellesmåltid frå det italienske kjøkkenet. Puss vandreskoa dine og ver med oss til vakre Italia litt utanfor allfarveg. DAG 1, søndag 3/5 Flyavgang fra Flesland/Bergen med Norwegian kl.07.00 med ankomst Fiumicino/Roma flyplass kl.10.15. Vi tek plass i bussen som ventar og set kursen mot Pompei, byen som vart lagt undar aske frå Vesuv i år 79 e.Kr. Her møter vi den engelsktalande guiden som skal ta oss med gjennom ruinene og fortelje om utgravingane og historia bak. Etter rundturen vert det lunsj på lokal restaurant før vi køyrer vidare mot Sorrento. Turen er ei oppleving med asurblått hav, frodig og vill natur, stupbratte fjellsider og små pittioreske landsbyar. Vi skal overnatte på det vakre 4-stjerners Imperial Hotel Tramontano med ei praktfull utsikt over Napoli-gulfen. Resten av dagen kan vi nytte til å gjere oss kjende i denne vakre byen på eiga hand. Om kvelden er det fellesmiddag på hotellet. Dag 2, mandag 4/5 Frukost på hotellet før avreise med buss til naturparken Punta Campanella. Her vil ein engelsktalande guide, som er ekspert på Italiensk natur, ta oss med gjennom desse fantastiske kulissane og vi får mykje interessant informasjon om korleis det kalkrike landskapet på halvøya er blitt forma. Det er ei spektakulær vandrerute vi går i dag med høgdepunkt i Termini, Monte San Costanzo og Punta della Campanella. Etter utflukta reiser vi attende til hotellet i Sorrento og kan nyte resten av dagen på eiga hand. Fellesmiddag om kvelden. Dagens vandring er 7 km.,tek omlag 4 timar og vert rekna som ein krevjande tur. Dag 3, tysdag 5/5 Vi startar også i dag med ein god frukost før vi tek plass i bussen og køyrer til Pontone der vi møter guiden som skal vandre saman med oss på vakre turstiar i Valle delle Ferriere naturreservat i Amalfi-området. Valle delle Ferriere er eit naturområde som er heilt unikt. Her er det fint og kjølig sjølv midt på sommaren takka vere fossefall og bekkar som renn gjennom området. Heile dalen er dekka av eit nettverk av stier, men dei viktigaste er sentiero basso (nedre sti) og sentiero alto (øvre stil). Den mest interessante delen er uten tvil naturreservatet som finnes i midten. Som ein følgje av korleis området ligg til, har det drege nytte av dei fysiske og biologiske eigenskapene til sine omgjevnader. Som til dømes at det ligg sørvendt og at den høge steinete rygger på kvar side av dalen tek av for den kalde nordavinden. Kombinert med god fuktigheit og små temperatursvingingar ligg det godt til rette for eit økologisk mangfald. I dette ekstraordinære miljøet, har koloniar av plantar som er av stor interesse kunne overleve i uminnelege tider. Nokre arter kan daterast heilt attende til tertiær-perioden. Etter ei opplevingsrik vandring tek vi bussen attende til hotellet for middag og overnatting. Dagens etappe er 5km. og vi vandrar i 3 timar. Ein litt krevjande tur også i dag. Dag 4, onsdag 6/5 Ein god frukost må til før det vert heildagsutflukt til vakre Capri. Vi spaserer mot hamna som ligg nokre hunder meter frå hotellet og går ombord i hydrofoilbåten som tek oss til denne sagnomsuste øya. Ved ankomst tek den engelsktalande guiden oss med til Monte Solaro den høgaste toppen av øya med sine 589 meter. Vi vandrar gjennom Middelhavskysten sin vakre og frodige vegetasjon og har ei fantastisk utsikt. Ved ankomst på toppen nyt vi utsikta over den vakre Napoli-gulfen før det er tid for retur. Dei som ønskjer det kan då ta stolheisen som går attende til hamna (ikkje irekna i pris), eller ein kan spasere. Det vert tid for litt tid på eiga hand i den vesle byen før båten går attende til Sorrento. Også i kveld middag på hotellet før det er tid for å gå til ro. Ikkje den tyngste vandringa denne dagen, men vi brukar kring 3 timar på turen. Dag 5, torsdag 7/5 Også i dag er det heildagstur. Etter frukost er det avreise med buss til landsbyen Bomerano. Vi skal vandre „frå hav til himmel“ på Gudestien "Il Sentiero degli Dei". Denne vidkjende vandreturen startar i landsbyen Bomerano, og vi vil ta deg med på ei vandring som passerer naturlege grotter, juv, flotte vingardar, og ei panoramautsikt over naturen som du vil minnast i lang tid. Frå Bomerano går vandreturen til Nocelle og deretter ned til Positano. Høgaste punktet på turen ligg på omlag 500 moh. og utsikta er fantastisk med havet og Capri på eine sida og Cilento-regionen på den andre. Etter denne vakre vandringa, som er siste turen i Italia denne gongen, går bussen attende til hotellet der det vert avskilsmiddag og overnatting. Dagens etappe er 6 km, tek 4-5 timar og vert rekna som krevjande. Dag 6, fredag 8/5 Frokost og utsjekk på hotellet før bussen køyrer til Fiumicino flyplassen for flyavgang med Norwegian kl. 12.50 med ankomst Flesland/Bergen kl.17.55. REISEFAKTA Turpris: 12.990,Tillegg for enkeltrom 1.400,Antal dagar Avreisedato Returdato 6 3.mai 2015 8.mai 2015 Irekna i turprisen : * Flyreise Bergen – Roma t/r * Busstransfer flyplass – hotell t/r. * 5 netter i dobbeltrom på Imperial Hotel Tramontano * Vandring iflg program * Båtbilletter iflg program * Guiding i Pompeii og på Capri * 5 frukostar og 5 middagar og 1 lunsj * Aud Lundeland er reiseleiar på turen Høver denne turen for meg ? Du må vere vant til å gå lengre turar Dagsetappane er som du ser stipulert til 3 – 5 timars vandring og på dei fleste etappane er det ein del høgdeskilnad. Du må difor vere i normalt god form og ikkje ha fysiske plager som vil plage deg ved langvarig belastning. Tlf. 57725090 E-post : fjordane@travelnet.no
© Copyright 2025