VELKOMMEN TIL KALVÅG 2015

VELKOMMEN
TIL
KALVÅG
2015
KNUTHOLMEN – «Kystkultur i eit levande fiskevær…»
Vi har den gleden av å tilby Pensjonistforbudet og dykkar medlemmar til eit ekslusivt tilbod på
Knutholmen i Januar, Februar og Mars 2015
Heilt tilbake til året 1860, vart Knutholmen flytta frå Sandviken i
Bergen til Kalvåg, har Knutholmen vert oppteken av å ta vare på
besøkande.
I åra mellom 1850 og 1870 var det opp til 12.000 fiskarar i Kalvåg.
Desse budde i losjiskip, enkle hus og rorbuer. Det hendte og at folk
måtte sove under kvelva småbåtar. Den dag i dag vert nokre av dei
same rorbuene nytta til å ta vare på reisande, ferierande og fiskarar,
men med dagens krav til komfort og levevilkår. Totalt har vi omtrent
300 sengar til utleige.
I Kalvåg er det mulegheit for å nytte naturstiar, spa-anlegg,
treningssenter og fisketurar. Men om du tenkjer på å nyte det gode liv,
har du sjølvsagt sjansen til det.
Knutholmen er ein av dei som er med i ei uavhengig samling av Noregs
mest sjarmerande hotell- og restaurantar. Vi representerer mykje meir
enn ei god hotellseng og eit godt måltid. Først og fremst representera
vi eit mangfald av opplevingar, både innandørs og utandørs.
I tillegg er vi kjende for god mat i Kalvåg. Dette omdømme set vi vår
ære i å halde fast ved. Vi tykkjer mat er spanande og råvarene frå
havet får du ikkje meir ferske enn i Kalvåg.
Vertskapet på Knutholmen ynskjer å gjere alt for at kvar enkelt gjest
får eit unikt opphald.
Tilbod Knutholmen

To rettar middag med dessert & kaffi og entré til
to galleri i Kalvåg.

Tlf: 577 96 900
E-post: post@knutholmen.no
Internett: www.knutholmen.no
1 døgn kr. 1295,- (ord. 1935,-)
To rettar middag m/dessert & kaffi, overnatting
m/frukost, Spa-opphald i to timar og varmlunsj
m/dessert & kaffi.

2 døgn kr. 2290,- (ord. 3390,-)
2 x To rettar middag m/dessert & kaffi, 2 x
overnatting m/frukost, 2 x varmlunsj m/dessert
& kaffi og Spa-opphald i to timar.






Kontaktinformasjon:
Dagstur m/galleribesøk kr. 330,-
Fullpensjon
Ikkje enkeltromstillegg
Mulegheiter for behandlingar og opphald
på spa
Muligheit for frivillige aktivitetar
Måndag-Fredag i Januar, Februar og Mars
2015
Gode avtalar med Norled og Widerøe