 
        Ekstern vurdering Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage Marianne Meling Kva er ekstern barnehagevurdering. Korleis koma i gang med ekstern barnehagevurdering? Kva er stegene før, under og etter ekstern vurdering. Nettadresse: Udir.no/kib Kva er ekstern barnehagevurdering - og kvifor gjere det  Ekstern barnehagevurdering er eit verkty for å støtta barnehagen sitt arbeid med pedagogisk kvalitetsutvikling  Legg vekt på barnehagen som lærande organisasjon  Metoden tar utgangspunkt i lov om barnehage med forskrift, Rammeplan for barnehage  Gir rom for ulike eigarar, lokale tilpassingar og ulike barnehageprofilar  Metoden omfattar intern analyse og ekstern vurdering av kvaliteten i barnehagen, og munnar ut i eit internt/lokalt utviklingsarbeid Viktig refleksjon, praksis i eigen barnehage: kva pregar kulturen der du jobbar eller har ansvar? - bruksteoriar og forsvarsmekanismar el. kultur for læring og utvikling? Grunngiving av behovet for ekstern vurdering Grunngiving av behovet for ekstern vurdering i barnehage finn ein i Rammeplan for barnehage 2011 s 56, Kap. 4.3 Vurdering av arbeidet i barnehagen; «Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar.» «Vurdering som blir gjord tilgjengeleg for andre, kan bidra til ein open og brei debatt om måla, innhaldet, oppgåvene og kvaliteten i barnehagen.» «Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon.» Rammeplanen seier og «Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar. Kvalitetsutviklinga i barnehagen inneber ei stadig utvikling av kompetansen til personalet.» (Rammeplan for barnehage 2011, s. 21) Ekstern barnehagevurdering er eit grunnlag for tilstandsrapport om barnehagen, eit nødvendig grunnlag for å få til utvikling. Data om No- situasjon Erkjenna behov for endring Ønska situasjon Refleksjon rundt Fig. Erkjenne behov for endring, Imtec Det eksterne blikket  kan skapa debatt og refleksjon i barnehagen rundt måla, det pedagogiske innhaldet, barnehagen si prioritering av oppgåver, og kvaliteten vurdert opp mot lover og forskrifter  kan bryta med ein sterk, samstemt og etablert kultur, og gi barnehagen ny innsikt i eigen praksis.  kan få tilsette til å sjå behovet for å endra praksis og motivera dei til å arbeida målretta med kvalitetsutvikling i eigen barnehage  kan og støtta det barnehagen eller leiinga i barnehagen anar frå før, og på den måten hjelpa barnehagen til å prioritera og setta i gang eit målretta utviklingsarbeid.  At ekstern vurdering peiker på tilhøve som er kjent frå før, er ikkje i seg sjølv negativt. det gi nødvendig framdrift til ein endringsprosess. Tvert imot kan  Kan tilføra eit friskt blikk (kur mot husblindhet)  Ekstern vurdering kan peika på nye område der utvikling er nødvendig, i tillegg til å styrkja bernehagen sitt eige verkelegheitsbilde. Ekstern vurdering involverer:  barna  føresette  heile personalgruppa  og ev. andre relevante samarbeidspartar og er eit godt verkty for refleksjon og drøfting, og kan bidra til open og brei debatt om barnehagen sine mål, innhald, oppgåver og kvalitet. Førebuing – ekstern barnehagevurdering  http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-forkvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/forebuing/ Ekstern barnehagevurdering består av fem trinn: Velja område for vurdering Laga framtidsbilde Innhenta og strukturera informasjon Analysera og gjera vurdering Spegla tilbake til barnehagen 1. Velja område for vurdering 2. Laga framtidsbilde 3. Innhenta og strukturera informasjon 4. Analysera og gjera vurdering 5. Spegla tilbake til barnehagen Veksling – barnehagen startar utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen Fig. 2 Ekstern barnehagevurdering – fem trinn Veksling 1. trinn – velja område for vurdering Tidsplan for arbeidet før vurderingsveka  Veiledarane planlegg vurderinga, setter opp tidplan med oppgåver og ansvar for arbeidet før vurderingsveka og sender den til barnehagestyrar.  Samarbeid med barnehagen, styrar, som set inn aktuelle aktivitetar med tidspunkt for observasjonar knytt til vurderingstemaet. . Ståstadsanalyse - barnehagen vel område/tema for vurdering  Det er viktig å vita noko om, og ta utgangspunkt i barnehagen sin ståstad når barnehagen skal velja område/tema for vurdering. Barnehagen skal difor gjennomføra Ståstadsanalysen i god tid før ekstern barnehagevurdering  I dette prosjektet skal barnehagen gjennomføra hovudtema og tilleggstemaet: Trivsel  Ut frå resultata (fortolkinga av sterke sider og utviklingsområde) som kjem fram av denne analysen, vel barnehagen eit område der personalet ser at barnehagen har behov for utvikling. Dette området skal deretter formast til eit tema for barnehagevurdering.  Når ståstadsanalysen er ferdig utfylt lastar styrar ned resultata og kommentarane i ein rapport og sender den på epost til dei eksterne veilederane  Veiledarane samlar innformasjon, før- og i løpet av vurderingsveka  For å kunna lukkast best mogeleg med ekstern vurdering og kvalitetsutvikling er det viktig at styrar arbeider for å at alle tilsette får eit eigarforhold til vurderingstemaet, og motivera til prosessen gjennom brei involvering og deltaking . Foreldremedverknad  Når personalet har gjennomført ståstadsanalysen bør foreldra verta informert om resultatet av analysen, og verta gitt reell medverknad på val av tema for ekstern vurdering og lokalt utviklingsarbeid. Det er lovfesta at foreldra skal trekkast med i vurderingsprosessar og verta gitt medverknad: «Foreldrerådet og samarbeidsutvalet i barnehagen skal ha høve til reell påverknad på vurderingsprosessen. Korleis vurderinga av barnehagearbeidet skal gjennomførast, må nedfellast i årsplanen: Kva skal vurderast, kva er formålet, kven skal delta i vurderingsarbeidet, og korleis og når skal det skje?» (Rammeplan for barnehage 2011, s. 56) Trinn 2, laga framtidsbilde  Framtidsbilde vert laga ut frå barnehagen sin ståstad, og er bygd opp av kvalitetsmål og teikn på god praksis basert på resultat frå Ståstadsanalysen og føringar i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage  Det er framtidsbilde som er grunnlag for vurderinga og kvalitetsutviklinga i barnehagen etter ekstern vurdering  Teikna på god praksis vil gi retning og heilt konkrete mål for det vidare utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen Eit godt framtidsbilde er nøkkelen i vurderingsarbeidet Framtidsbilde består av Kvalitetsmål Det skal vera fire kvalitetsmål i eit framtidsbilde. Kvart kvalitetsmål er henta frå nasjonale føringar gjennom Barnehagelova eller Rammeplan for barnehage, og skal vera relatert til vurderingstemaet. Dei fire kvalitetsmåla skal ha fire ulike perspektiv:  Barneperspektivet  Personalperspektivet  Foreldreperspektivet  Barnehagen som lærande organisasjon Teikn på god praksis Her bryt ein ned kvart kvalitetsmål til maks fire teikn på god praksis. Utforming av framtidsbilde Viktig:  forankring i personalgruppa  framtidsbilde skal vera god kjent av dei involverte partar: personalgruppa, eigar og foreldra (t.d. via SU/FAU før vurderinga startar)  styrar må vera open for eventuelle innspel og forslag til løysingar  sikra god kvalitet og forankring i lov og forskrift (regelverk)  når framtidsbilde skal utformast, må ein ta stilling til om ein skal gå i djupna eller bredda i vurderingstemaet  barnehagen får inntil to veker til å drøfta framtidsbilde, deretter sender styrar tilbakemelding til vurderarane om framtidsbildet er godkjent som det er eller om barnehagen ønskjer justeringar endeleg utkast:  Tilsette skal ha eigarforhold til framtidsbilde  Skal vera barnehagen sitt bilde av ønska framtid for barnehagen  Vurderarane avgjer den endelege utforminga av framtidsbilde Spørsmål til refleksjon og drøfting i personalgruppa:  Kva seier barnehagelova og Rammeplan for barnehage om temaet?  Kva fire kvalitetsmål vil de prioritera i dette framtidsbilde?  Korleis kan de bryta ned kvart kvalitetsmål til fire teikn på god praksis – kva seier lovgrunnlaget, forskrifter, lokale planar og føringar?  Korleis vil de ta i vare barnehagen sin profil, og ev. lokale tilpassingar?  Er dette eit bilde av ønska framtid for vår barnehage?  Er det område som personalet saknar?  Er det noko de meiner at vurderarane har tatt ut av samanhengen? http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/ Trinn 3, innhenta og strukturera informasjon Med utgangspunkt i det godkjente framtidsbilde, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er neste trinn å planlegga og gjennomføra innhenting av data og informasjon. Innhenting av informasjon går føre seg både før vurderingsveka, og i vurderingsveka Innhenting av informasjon kan delast i fire hovudområde:  Eksisterande informasjon i form av dokument  Ståstadsanalysen  Brukarundersøkingar blant barn, føresette/foreldre eller personalgruppa  Innhenting av data i vurderingsveka  Samtalar  Intervju  Observasjon  Ev. påstandsskjema Innhenting av informasjon før vurderingsveka All informasjon som fortel noko om vurderingstemaet og kan skaffast før vurderingsveka ved hjelp av eller i tillegg til Ståstadsanalysen, vil hjelpa veiledarane til å få eit innblikk i barnehagen sin pedagogiske praksis, læringsmiljø, virkemåte, kvardag og arbeid i høve vurderingsområde/temaet. Så snart barnehagen har gjennomført ståstadsanalysen sender styrar heile rapporten og barnehagen sine dokument (som fortel noko om vurderingstemaet) til veiledarane. Det kan til dømes vera:  Aktuelle planar  Resultat frå brukarundersøkingar  Rapportar  I tillegg skriv styrar fakta om barnehagen (for bruk i rapporten) Fakta om barnehagen:  pedagogisk profil og eigartilhøve  kor barnehagen er plassert, adresse og miljø  satsingsområde  bakgrunn for val av vurderingstema  barnetal  tal tilsette/stillingar og årsverk  administrasjonsressurs  organisasjonskart  instruksar, reglar og retningslinjer  organisering  dagsrytme Aktuelle planar  barnehagen sin pedagogiske plattform  årsplan  verksemdsplan  fagplanar, progresjonsplan  månadsplanar, vekeplanar  månadsbrev, eller anna pedagogisk dokumentasjon  møteplan  kompetanseplan Resultat frå brukarundersøkingar  foreldre-brukarundersøking  medarbeidarundersøking  barnesamtalar  miljøkartlegging; læringsmiljøet, relasjonar, struktur, organisering og samspel  ev. andre relevante undersøkingar Rapportar  årsrapport til eigar  ev. andre aktuelle rapportar Merknadar til innhenting av data/informasjon før vurderingsveka  Dersom barnehagen har nettside er det gunstig at vurderarane får midlertidig tilgang til denne. Som regel ligg der mykje informasjon om barnehagen, og vurderarane kan fylja med på barnehagedrifta i vekene før dei kjem til barnehagen.  Årsplan, månadsplanar/vekeplanar og månadsbrev for dei ulike avdelingane gir ofte svært god informasjon. Der er difor nyttig at vurderarane har tilgang til og les desse i vekene før dei kjem til barnehagen. Innhenting av informasjon i vurderingsveka Tyngdepunktet i barnehagevurderinga er vurderingsveka. Det må settast av 4 dagar der vurderarane er i barnehagen. Dag 1  møte med styrar før dei byrjar arbeidet  kontaktetablering både med barn og tilsette, presentasjon på avd./samling  observasjon og uformelle samtalar  kontakta tillitsvalde  observasjon  personalmøte Dag 2  Samtale med barna  Foreldremøte  Samtalar med styrar, og ev andre Dag 3  Observasjon  Uformelle samtalar Dag 4  …vurderarane reflekterer, analyserer og skriver rapport Tidsplan for vurderingsveka Trinn 4, analysera og gjera vurdering Barnehagen vert vurdert ut frå framtidsbilde Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har samla inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka. Dei samanstiller og ser etter mønster i informasjonen, og held den opp mot teikn på god praksis, framtidsbilde. Vurderarane sitt arbeid med gjennomføring av vurderinga Mellom dei ulike intervjua og observasjonane drøfter vurderarane:  Kva såg me?  Kva høyrde me?  Kva område, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er godt dekka?  Kva treng me å vita meir om? Etter kvar dag i barnehagen er det nyttig å gå gjennom teikn på god praksis og drøfta korleis informasjonen fargar framtidsbilde så langt:  Kva har me tydeleg sett av god praksis  Kva er me usikre på?  Kva område ser det ut til at barnehagen har utfordringar med, utviklingsområde? Barnehagen skal ha tilbakemelding på framtidsbilde:  Sterke sider knytt til vurderingstema/teikn på god praksis  Utviklingsområde, praksis som kan verta betre Stabiliser og ta vare på dei sterke sidene! Fortsett å utvikla det barnehagen alt er god på …den beste kvalitetsutviklinga skjer nødvendigvis ikkje ved å øva på dei største utfordringane! Kvalitetsutvikling = fokus på progresjon, ikkje det å vera best James Nottingham Trinn 5, Spegla tilbake til barnehagen Rapporten skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen etter ekstern barnehagevurdering Etter at barnehagen er stengt vert rapporten vert lagt fram for:  Heile personalgruppa  SU/FAU representantane i barnehagen, og ev. vararepresentantane og tillitsvalde  Barnehageeigar  Eventuelt andre som er invitert. Det kan vera spesialpedagog, PPT osv.  Tidsramma er 1 – 1 ½ time. Veksling… Veiledarane overrekker skriftleg utgåve av rapporten til styrar og barnehageeigar  Stafettpinnen og ansvaret for oppfylging av rapporten er då gitt til styrar og barnehageeigar. Det krev: - refleksjonar og drøfting i personalgruppa - konkrete tiltak og handlingsplan for arbeidet - oppfylging av utviklingsarbeidet  Styrar og barnehageeigar forpliktar seg til å fylja opp vurderingane i rapporten for kvalitetsutvikling i barnehagen  Styrar har ansvar for å sei noko om vegen vidare, gangen i utviklingsarbeidet og motivera personalet for arbeidet  Prosjektet held fram, og barnehagen vil få veiledning i utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten for barna i barnehagen Viktige spørsmål kan vera:  Kva seier eigentleg rapporten?  Kva er det viktigaste å gripa fatt i?  Korleis kan ein oppnå at alle tilsette erkjenner utviklingsområda og behov for endring  Korleis utarbeida ein plan for utviklingsarbeidet, med synleggjering av; prioriteringar, mål, tiltak, ansvar og tidsfristar?  Korleis vert barnehagen sine mål, visjon og verdiar ivaretatt i drøftingar om framtidsbilde, utviklingsområda i rapporten, og mål og tiltak for utviklingsarbeidet?  Kva praksis ønskjer barnehagen?  Korleis skal fokus og praksis vera på leik, læring og utvikling for barna?  Korleis er barnehagen sitt fokus på prosessmål i arbeidet med barna; i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske innhaldet, – og korleis synleggjera dette for brukarane ?  Korleis vert barnehagen ein lærande organisasjon?  Kva tiltak verkar, og engasjerer dei tilsette?  Korleis kan barnehagen ta i bruk eksisterande kompetanse?  Kva treng barnehagen av spesifikk kompetanseutvikling i forhold til utviklingsarbeidet, endring, mål og tiltak? Verktyet finner de på Udir. sine nettsider Udir.no/kib  http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-ibarnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/eksternbarnehagevurdering/
© Copyright 2025