GRUNNAR FOR Å ELSKA SALHUS Av Knut Langeland Ikkje alle hugsar alt dei har vore med på i Salhushallen. Somme, vil eg tru, hugsar lite av det dei har vore med på i Salhushallen. Eg må vedgå at det finst sjølvpåførte svarte hol i hugsen min også, men mykje står også klart. Som var det i går. Revyane til dømes. Monrad Fotland sitt komiske talent. Erling Slettebakken i fri dressur som revysjef. Eg kan enno levande hugsa den sitrande spenninga når vi kika ut glipa i sceneteppet og såg hallen bli fylt. Ikkje minst kan eg hugsa gleda etter ei vellukka forestilling. Vi kunne sitja i timar i garderoben og nyta suksessen. Dei var alltid suksessar. Bertel og Belbert som muppetar på veggen. Heile salen i krampelatter. Ebben på gardintrappa. Loddseljarane. Sminkedamene. Olav Kåre Karlsen, konferansieren. På ei helg kunne vi tena nok til å drifta idrettslaget i eit heilt år. For ei kjensle, for ei praktisk-pedagogisk oppvisning i kollektivets kraft! Eg gløymer det aldri. Salhushallen stod ferdig til Salhus Trikotagefabriks 100-årsjubileum i 1959. Det var ein stilfull fest. Sidan har han romma alt. Frå oppkast til glitter. Frå idrett til fyll. Frå bryllaup til gravferd. Frå finkultur til rølp. Frå jubel til gravøl. Vi hadde bygdadansane, ei viktig inntektkjelde for Norna i ein ganske lang periode. Det hende eit magert overskot vart til underskot fordi ein tosk frå Helleveien eller Prestestien fann ut at han ville knusa toalettskåla på vegen ut. Det var dei som kom utelukkande for å laga kvalm. Lønborggjengen var vidgjeten. Då var det godt å ha stødige karar i vaktkorpset. Knut Magnus Fauskanger til dømes, eller Arne Hopsdal. Vi hadde kafeen til Vabøen, med jukeboks og flipperspel og kroneautomat og softis. Vi hadde biblioteket. Og kino kvar søndag og onsdag. Action selde best, eller fransk mjukporno. Då ein amerikanskpatriotisk film om Vietnam-krigen (Green berets) vart vist, kom det til hissige demonstrasjoner utanfor. Juleoppvisningane. Stappfull hall, knapt plass til å slå hjul. Vi turna nærmast på fanget til publikum. Høgdepunktet nissetroppen, og så vart eg gammal nok til sjølv å vera nisse. Håpa nokon skulle forstå kven som gøymde seg bak maska etter ein himmelhøg salto. Du og du for ei tid! Framleis har vi Salhushallen. Friske krefter har nye tankar og nye arrangement. Dei gjer ein framifrå jobb. Smalhusfestival, Afterski og Lutafiskmiddag. Og revy, no med nye krefter - og nokre gamle. Bank, post og butikk. Mange av dei gamle møteplassane i Salhus er blitt borte. Di viktigare er Salhushallen, storstova vår. Bruken er kanskje annleis, men Salhushallen har den same kapasiteten som før. Til å skapa minne.
© Copyright 2024