Kompetanse for mangfald, 20.3.17 Parallellsesjon kommune og fylkeskommune «Korleis gi born med minoritetsspråkleg bakgrunn ein god start og eit godt utdanningsløp i Sogndal kommune?» v/ Sogndal kommune Rom: AF1 Svingen Sogndal kommune har tilsett ein kommunal prosjektleiar og har tenkt dette prosjektet inn i heilskapleg tenking på oppvekst i Sogndal kommune, og at dei 3 einingane som deltek i prosjektet jobbar med delmål i prosjektet . Flora kommune Rom: F1, Svingen «Arbeid med kompetansebygging i kollegiet og bruk av digitale verktøy» v/ Eid ungdomsskule og Nordfjordeid skule Rom: F2, Svingen «Korleis jobbe med haldningsskapande arbeid for tilsette og elevar» v/ Sogn og Fjordane fylkeskommune Rom: F3 Svingen Eid og Flora vgs vil saman presentere sine prosjekt og sette av tid til erfaringsutveksling og refleksjon. Dei vil snakke om korleis dei jobbar med haldningsskapande arbeid både for tilsette og elevar og korleis dei koplar språksatsinga mot dette prosjektet. Fou parallellsesjon 1. Rom: F1, Svingen Estetiske læreprosessar og kulturutrrykk - ein veg til kulturell brubygging? v/ Henriette Harbitz og Hans Mark Svedal. Rom: F1 i Svingen Henriette og Hans Mark vil presentere eit fleirårig utviklingsprosjekt gjort i samarbeid med to barnehagar i Sogn om formidling av samisk kultur og levemåtar. ”Språkmiljø i den fleirkulturelle barnehagen” v/ Hilde Hofslundsengen og Sigrid Bøyum Barnehagen skal støtte alle barn si språkutvikling, men i kva grad blir ulikskap og fleirspråklegheit synleggjort i barnehagen sitt fysiske språkmiljø? Dette er spørsmål Hilde og Sigrid har prøvd å finne svar på i sitt prosjekt. Fou parallellsesjon 2. Rom: F2, Svingen ”Barnehageleiinga sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving i barnehagen: Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar” v/ Anne Grethe Sønsthagen. Anne Grethe starta sitt doktorgradsprosjekt i august, og har gjort noko datainnsamling i to barnehagar som deltek i ”Kompetanse for mangfald”. Ho vil presentere sine første refleksjonar etter observasjonar gjort i barnehagane og dagbøker skrive av personalet, med fokus på barnehagen som inkluderingsarena. ”Lærarar sitt medvit om eigne haldningar og kunnskapar om mangfald” v/ Solrun Samnøy Forsking viser at det er stor skilnad på lærarar si eiga oppfatning av korleis ho/han møter og inkluderer elevar som på ulike måtar er annleis og i mindretal, og på desse elevane si oppfatning av korleis dei vert møtt. Det viser seg at det er vanleg for lærarar å signalisere noko anna enn det som var intensjonen, og det som ein trur at ein kommuniserer. Denne sesjonen vil stimulera lærarane til å sjå etter sine eigne blindsoner og til å bli klar over sine fordommar. Ved å reflektera rundt sine eigne verdiar, haldningar og handlingsmønster, kan ein i større grad bli i stand til å sjå ulike elevar sine perspektiv. Læraren sitt medvit om sine eigne haldningar og kunnskapar er ein ressurs i arbeidet for mangfald i skulen. Fou parallellsesjon 3. Rom: F3 i Svingen «Fagleg leiing og tverrkulturell kompetanse i fire barnehagar i Sogn og Fjordane» v/ Merete Nornes-Nymark og Ane Bergersen. Merete og Ane presenterer nokon foreløpige funn frå prosjektet dei starta våren 2016. Gjennom medvit om eigne verdiar, haldningar og eiga førforståing kan pedagogar auke sin kulturelle kompetanse knytt til fleirkulturalitet i barnehagen. Bruk av etiske dilemma er ein av fleire metodiske tilnærmingar. Djupdykk i eigen norske kultur er første steg i bevisstgjeringsprosessen. «Kultursensitive læringsformer» v/ Ane Bergersen 2 Ane presenterer frå sin publiserte artikkel i boka «Mangfold i skolen» med same namn. Hovudfokuset er på skule, men kan vere aktuelt for heile utdanningssektoren. I kva grad er lærarar bevisst at ulike læringsformar kan vere kulturspesifikke og med på å fremme eller hemme minoritetsspråklege elevar si læring spesielt? Å ha kompetanse til å sjå læring i eit samfunnskulturelt perspektiv kan vere nødvendig i eit fleirkulturelt Noreg. Fou parallellsesjon 4. Rom: AF1, Svingen «Korleis påverkar morsmålet innlæringa av grammatisk genus hos vaksne andrespråksinnlærarar» v/ Silje Karin Ragnhildstveit Silje Karin disputerer den 10.februar med sitt doktorgradsprosjekt som har sett på korleis morsmålet påverkar innlæringa av grammatisk genus hos vaksne andrespråksinnlærarar. Ho vil presentere eit utdrag frå denne forskinga. 3
© Copyright 2025