Vil du bli lærling i Fjell kommune? Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig, men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren. Det vert annonsert på heimesida til kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein kvar tid sende søknad eller kontakta kommunen for meir informasjon. Alle lærlingane får eigen rettleiar på arbeidsplassen sin. Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag: • Barne- og ungdomsarbeidarfaget • Byggdrifterfaget • Helsefagarbeidar • IKT-faget • Institusjonskokk • Kontor- og administrasjonsfaget FJELL.KOMMUNE.NO institusjonskokk Ein institusjonskokk er ein kokk som arbeidar på store institusjonar kor det er lagt opp til effektiv og hygienisk produksjon av store mengder mat. Slike institusjonar kan vere sjukehus, forsvaret, eldresentre, fengsel o.l. Institusjonskokken skal kunne laga mat som giv positive opplevingar, til friske og sjuke. I helse- og omsorgssektoren er institusjonskokken ein viktig ressurs for å gje gode og næringsrike måltider. Institusjonskokken er med på å skape trivsel og hygge for sine kunder i en kvardag der maten ofte er det største høydepunktet i kvardagen. Den største utfordringen en institusjonskokk har er å lage ernæringsriktig og velsmakende mat til mange mennesker på en gang. Læretid To år på Fjell sjukeheim, kjøkkenet. Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune Kor kan du få arbeid? Privat eller offentleg bedrift. Kontakt oss Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar. Fagleg leiar Bente Våge Epost: bente.vage@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 68 25 FJELL.KOMMUNE.NO
© Copyright 2024