Vil du bli lærling i Fjell kommune? Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig, men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren. Det vert annonsert på heimesida til kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein kvar tid sende søknad eller kontakta kommunen for meir informasjon. Alle lærlingane får eigen rettleiar på arbeidsplassen sin. Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag: • Barne- og ungdomsarbeidarfaget • Byggdrifterfaget • Helsefagarbeidar • IKT-faget • Institusjonskokk • Kontor- og administrasjonsfaget FJELL.KOMMUNE.NO kontor- og administrasjon Lærlingane i dette faget held til i Fjell rådhus under Servicetorgssjefen. Oppgåvene er varierte, og ein er innom fleire avdelingar som; personal, økonomi og plan- og utbygging. I servicetorget arbeidar lærlingane med postføring/journalføring, telefonsentral, kundekontakt, sortering av post m.v. Lærlingane får innblikk i personaloppgåver, økonomi, barnehagemynde, informasjon, politikk- og næringssenter. Læretid To års læretid på rådhuset i Fjell kommune. Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune Kor kan du få arbeid? Kommunal, offentleg eller privat bedrift. Kontakt oss Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar. Fagleg leiar Kristine Melsbø Epost: kristine.melsbo@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 70 37 FJELL.KOMMUNE.NO
© Copyright 2024