8 Laurdag 7. februar 2015 MEININGAR FIRDA SYNSPUNKT SEI MEININGA DI. Velkommen til distriktets viktigaste møteplass for samfunnsdebatt. Debattinnlegg du ønskjer på trykk, legg du inn på firda.no/synspunkt. Der kan du òg debattere andre sine innlegg. Alternativt sender du e-post til redaksjon@firda.no LEIAR Ei kraftig markering Det var solid oppslutnad om fakkeltoget i Førde torsdag kveld, i protest mot gruveplanane og fjorddeponiet i Vevring. Protestmarkeringa viser også at Vevringsaka for lengst er blitt noko langt meir enn eit lokalpolitisk stridsspørsmål, og har utvikla seg til å bli ei miljøsak av nasjonalt omfang. Framleis er dei to regjeringspartia positivt innstilt til planane, men motstanden mot prosjektet ser ut til å vekse også i Arbeidarpartiet, og medan alle ventar på at kommunalminister Jan Tore Sanner skal komme med si avgjerd, er det klart at for kvar dag som går vil det bli vanskelegare å samle støtte for det omstridde gruveprosjektet på politisk hald. – Dette er ingen aksjon, dette er ei folkerørsle for Førdefjorden, slo tidlegare Førde-ordførar Nils Gjerland nokså bombastisk fast etter fakkeltoget i Førde. Det er kanskje å ta litt vel hardt i, for det er framleis mange som vil ønske gruvedrifta og arbeidsplassane velkommen, og som er villig til å betale den prisen det måtte vere å dumpe enorme steinmassar i Førdefjorden. Kommunestyra i fjordkommunane Naustdal og Askvoll har med stort fleirtal gått inn for prosjektet. Og enn så lenge, sjølv om ting tyder på at det snart kan endre seg, har dei sterk støtte av fylkeslaget til Arbeidarpartiet. Det er eit synspunkt ein sjølvsagt skal ha respekt for, all den tid det er sådd tvil om dei faktiske miljøkonsekvensane av fjorddeponiet. Motstanden mot prosjektet har vekse seg sterkare jo lenger tid som er gått Men det er likevel liten tvil om at ein, ut frå føre var-prinsippet som ein elles prøver å legge til grunn i miljøsaker, bør seie nei til prosjektet. Den tvilen som framleis måtte vere om dei miljømessige konsekvensane bør derfor komme fjorden og miljøet til gode, i ei sak der den politiske støtta til utbygginga er i ferd med å forvitre. Det er liten tvil om at motstanden har vekse seg stadig sterkare jo lenger tid som er gått. Men vi håper likevel også at ei avgjerd, som uansett vil vere kontroversiell, ikkje vil trekke altfor langt ut i tid, ikkje minst av omsyn til Naustdal kommune og lokalbefolkninga. Fjorden bør få leve, og tvilen om akkurat det bør ryddast bort snarast råd. Ferjeproblem Ferja MF «Stavanger» som er sett inn på strekninga Lavik–Oppedal stettar ikkje Vegvesenet sine eigne minimumskrav til lasteevne for sambandet. Og vi som trudde at alt ville bli så mykje betre og meir effektivt når alle rutekonsesjonar vart lyst ut på anbod ... Engebø: Identitet Debatt IVAR S. FOSSUM administrerande direktør Nordic Mining ASA VI HAR stor forståelse for Vegard Heggems identitetsfellesskap med villaksen. Dessverre er det imidlertid få i Norge som opplever den maleriske beskrivelsen som gjengis i Heggem og Rieber-Mohns debattinnlegg i Firda tirsdag 3. februar. Langt flere er opptatt av at vi sørger for trygge, miljøvennlige og langsiktige arbeidsplasser. Vi ønsker villaksen og dens tilhengere alt vel, og støtter både beskyttelse og etablering av nasjonale laksefjorder. Samtidig er det viktig å ha et ærlig forhold til hva vi faktisk har erfart mht. til laksens utvikling og levevilkår sett i forhold til norsk mineralindustri. GRUVE- OG pukkvirksomhet drives side om side med mange av våre lakseførende vassdrag langs hele kysten. Det er ingen forhold som tyder på, og ingen dokumentasjon som viser at, sjødeponier har påført villaksen negative konsekvenser. Dette kommer på tross av at flere sjødeponier i dag opererer på langt grunnere vann og innenfor nasjonale laksefjorder. Likevel var mulige konsekvenser for villaksen en viktig del av utredningsprogrammet for Engebøprosjektet. Den klare konklusjonen fra alle fagrapporter var at villaksen ikke vil bli påvirket av deponiet, og nyere modelleringer viser at det selv etter 50 års deponering vil være mer enn 100 meter med partikkelfrie vannmasser mellom de vannlag der laksen vandrer og de vannlag der partikler fra deponiet kan forekomme. HEGGEMS OG Rieber-Mohns debattinnlegg siterer vakker poesi om laksen. Planlegging og evaluering av nye gruveprosjekter må imidlertid forholde seg til realiteter og kunnskap. Vi opplever dessverre at mye av motstanden mot sjødeponi er basert på feiltolkninger og mer eller mindre bevisst faktafordreiing. Det er derfor behov for noen presiseringer om det planlagte sjødeponiet i Førdefjorden: «Mye av motstanden mot sjødeponi er basert på feiltolkninger» Eklogitt-mineralene fra Engebø er stabile mineraler som er vanlige i naturen rundt oss, ikke ulikt de mange kubikkkilometerne med masse som ligger på bunnen av fjorden i dag. Det er ingen tungmetallproblematikk knyttet til slike masser, eller fra restmineralene fra Engebø. For eksempel er konsentrasjonen av kvikksølv lavere enn det som finnes i foret som gis til oppdrettslaksen. Restmineralene inneholder heller ingen stoffer som kan gi noen form for miljøpåvirkning i fjorden da det er snakk som svært lave konsentrasjoner av nedbrytbare og ikke-akkumulerbare tilsetningsstoffer. DEPONERING AV restmineraler på havbunnen har ikke noe til felles med dumping av avfall, som er forbudt i Norge. Lovlig deponering foregår basert på en utslippstillatelse fra miljømyndighetene med tilhørende krav om løpende miljøovervåkning. Restmineralene fra Engebø tilfredsstiller myndighetenes SYNSPUNKT HØGSKULEDEBATTEN Velkommen til trivselsfylket, statssekretær Haugstad for Høgskulen i Oslo og Akershus forklarar statssekretær Haugstad den gode skåren slik: – Sogn og Fjordane gjør det stort sett bra på mange såkalte verdimålinger, og befolkningen i fylket er gjennomgående mer fornøyde enn i resten av landet, så sånn sett er det ikke merkelig at de ligger høyt på studenttilfredshet heller. TYSDAG BLEI studiebarometeret for 2014 offentleggjort. Som førre år skårar Høgskulen i Sogn og Fjordane godt på studiekvalitet. At det er noko som går godt ved høgskulen irriterer tydelegvis den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet. Dei liker jo helst å fortelje om kva som vi ikkje er så gode på. IFØLGJE HAUGSTAD er altså trivselen så høg i dette fylket at uansett kva høgskulen gjer vil studentane vere nøgde. Godt er det òg at studentar frå andre fylke har fått betre verdiar etter at dei flytta til Sogn og Fjordane. Dei utgjer 60 prosent av studentane ved høgskulen. Kanskje statssekretær Haugstad vil flytte hit? Vonleg kan det vere bra for han. I EIN kommentar til nettavisa PER JARLE SÆTRE VERDAS KREFTDAG Er kreft til å leve med? 4. FEBRUAR var verdas kreftdag. Meir enn 225.000 nordmenn har hatt eller lever med kreft. Mange har fått den meldinga dei håpte å få: «Prøvene er fine, du er frisk.» Behandlinga vert heile tida meir effektiv, og talet på menneske som overlever kreft, aukar heldigvis for kvart år. To av tre overlever kreft. Men mange må også leve med kreft. DEI HAR fått meldinga som inneheld orda ingen kreftpasientar ønsker å høyra: «Spreiing og tilbakefall.» Kreften kan bremsast, nokre gongar settast på pause. Men den kan ikkje FIRDA SKRIV KORT Innlegg kan bli korta ned. Debattinnlegg: maks 3800 teikn inkl. mellomrom. Kronikk: maks 5600 teikn inkl. mellomrom. FULLT NAMN Alle innlegg må skrivast under med fullt namn. Skriv også kva kommune/stad du kjem frå, og om du skriv som representant for ein organisasjon. Laurdag 7. februar 2015 Grunnlagt 1917. Partipolitisk og økonomisk uavhengig avis. MEININGAR Firda ønskjer å rette seg etter reglar for god presseskikk slik desse er nedfelt i Vær Varsom-plakaten. Den som meiner seg ramma av urettmessig avisomtale vert oppfordra til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også høve til å reise klage for Pressens Faglige Utvalg, Rådhusgt. 17, 3. et., postboks 46 Sentrum, 0101 Oslo, tlf. 22 40 50 40. E-postadresse: pfu@presse.no 9 ■ AVSTEMMING KLAR MELDING PÅ FIRDA.NO Bør det opprettast eigne krisesenter for menn? Dette svarte 788 lesarar: Ja Nei 68% 32% Ny avstemming: Har du opplevd at nokon har bulka bilen din, og stukke av? Kvar dag kl. 12 legg vi ut ei avstemming på firda.no Resultatet ser du i Firda dagen etter. Forslag til spørsmål: E-post til: redaksjon@firda.no t og villaks krav til bruk som tildekningsmasse og kan derfor benyttes til tildekking av forurensede bunnsedimenter i havne- og industriområder. Dette er en viktig egenskap, og vil bety at store deler av restmassene vil kunne selges til andre formål både i Norge og utlandet. Behov for fyllmasse og mineraler er økende i Europa. DEPONIET ER planlagt i ytre Førdefjord, utenfor den nasjonale laksefjorden. Det omfattende utredningsmaterialet i prosjektet har vært publisert og gjort tilgjengelig på nett fra plansaken startet. Utredningsarbeidet er gjennomført av de fremste kunnskapsinstitusjonene i landet. Basert på årelang sameksistens mellom villaks og mineralindustri, samt prosjektets konsekvensutredninger er det ingen grunn til å frykte konsekvenser for villaksen i Førdefjorden som følge av deponiet. En annen bransje, som Heggem selv bør være godt kjent med, har derimot store påviselige konsekvenser for både villaks og ørret. Det kan være interessant å høre hva Heggem og Rieber-Mohn mener om disse forholdene. INGEN DOKUMENTASJON: Det er ingen forhold som tyder på, og ingen dokumentasjon som viser at, sjødeponier har påført villaksen ILLUSTRASJON: ASPLAN VIAK negative konsekvensar, skriv Ivar S. Fossum. stoggast. Kreften er blitt ulækjeleg. Dei veit at de skal leva med sjukdomen – kanskje veldig kort, kanskje i mange år – og til slutt døy av den. «Dessverre har vi inga behandling som kan gjere deg frisk». Vi er mange som har lurt på korleis vi ville reagera dersom vi fekk ein slik beskjed. Kathrine Dahle Wavold har skildra det slik på Kreftforeningen sin blogg: «Å være 33 år og vite at kreftsykdom kommer til å ta livet av en … Det føles faktisk som at man ikke lever lenger enn morgendagen». DET KJEM ein morgondag, men livet vert for mange eit liv i konstant beredskap. For nokre kan dei fysiske plagene frå sjukdommen og behandlinga ikkje vere til å halde ut, men likevel fortel dei at den psykiske påkjenninga kanskje er enno større. Spørsmåla tvingar seg fram: «Rekk eg konfirmasjonen til sonen min? Har eg hatt min siste tur på fjorden? Har ikkje den ryggsmerta vorte verre i dag? Blir eg aldri bestemor? Å nei, er det ei forkjøling eg kjenner …?» EI JENTE fortalde om då pappa fekk kreft, og beskjed om at han ikkje kom til å bli frisk. «Det var som å putte heile familien i ein boks, riste på den og sette den ned att med beskjed om at no kan de leve vidare.» Dei som får desse meldingane må skifte fokus, kanskje for resten av livet. Å leve med eit timeglas inni seg utan å vita kor mykje sand det rommar, er ei enorm påkjenning, både for den einskilde og for dei som står kring dei. ER DET mogleg for oss som står «Å leve med eit timeglas inni seg, utan å vite kor mykje sand det rommar, er ei enorm påkjenning, både for den einskilde og for dei som står kring dei» på sidelinja å gjere byrda lettare? Som gode medmenneske pliktar vi å freiste – ved å lytte, vere til stades og bry oss. Som samfunn skuldar vi å oppdatere forståinga vår av kva kreft er. Det kanskje viktigaste av alt er at vi byrjar å ta innover oss variasjonen som dette eine ordet rommar. Kreft er ikkje éin sjukdom som alle erfarer likt og som har same utfall. Ja, kreft kan tyde død, men er også faktisk til å leve med. På Verdas kreftdag er dette bodskapen: Det går an å leve – godt og lenge – med kreft. Og det går an å forhalde seg til kreft som noko som ikkje berre rommar døden, men også livet. TILSYNELATANDE ER det to måtar å måle framsteg på: At færre får kreft og at fleire overlever. Men eit tredje mål er vel så viktig: At fleire kan leve lenger med kreft, med så få fysiske og psykiske biverknadar som råd etter behandlinga. Vona får næring frå stadig nye forskingsresultat. Resultat som dannar grunnlag for meir effektiv behandling – behandling som ikkje berre omfattar dei som har ei velbegrunna von om å bli heilt friske, men som òg rettar seg mot dei som lever med ulækjeleg kreft. Behandling som kan gje eitt år til, fem år til, som har til hensikt å forsinka og redusera. Behandling som kan gje eit betre liv. KAN VERDAS kreftdag gjere oss flinkare til å snakke om det å leve med ulækjeleg kreft? Lat oss håpe det. Då kan denne gruppa kjenne seg sett, men samstundes leve ein så tilnærma vanleg kvardag som råd. Det skuldar vi dei som har ein «kreftdag» kvar einaste dag, heile året. GEIR VANGSNES distriktssjef Vestlandet ANNE LISE RYEL generalsekretær Kreftforeningen
© Copyright 2025