Kyrkjelydsbladet for Balestrand Nr 2 – 2012 Sommaren 2012 Årgang 42 DEN NORSKE KYRKJA INNHALD Andakt av Marius Theis Moe Stat-kyrkje – kva no? Vekst på Sygna Mathias Orheim-framsyning Drift av kyrkjegardane i Balestrand Oppstart av arbeid på Kvamsøy Nytt frå kyrkjetårnet Bøneemne Glimt frå arbeidet Trusopplæring Jesus – Guds svar på våre bøner Dikt: Tankar over ei middagsgryte Diakonens hjørne Borna si side Konfirmantsider Bryllaupsdagar I glede og sorg Støtteannonser Gudstenesteplan Balestrand sokneråd s. 3 s. 4 s. 5 s. 6 s. 8 s. 9 s. 10 s. 13 s. 14 s. 15 s. 16 s. 16 s. 17 s. 18 s. 19 s. 22 s. 23 s .23 s. 24 KONTAKTINFORMASJON Balestrand kyrkjekontor Kjerneopningstid: kl. 10 - 14 Tysdag-fredag Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND Telefon: 57 69 15 48 Telefaks: Har ikkje lenger E-post: kontor@balestrand.kyrkja.no Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no Sokneprest Audun Systad Kontortid: Tysdag kl. 10-14 (elles etter avtale) Telefon: 57 69 16 80 Telefon privat: 57 69 11 55 Mobiltelefon: 971 55 237 E-post: sokneprest@balestrand.kyrkja.no Kyrkjeverje/dagleg leiar Jostein Risa Telefon kontor: 57 69 15 48 Mobiltelefon: 920 60 832 E-post: kyrkjeverje@balestrand.kyrkja.no Kyrkjelydsbladet for Balestrand Utgjeve av Balestrand sokneråd Nr. 2 - 2012, 42.årgang Organist Jan Herland Telefon privat: 57 69 11 64 Mobiltelefon: 975 82 011 E-post: organist@balestrand.kyrkja.no Redaksjonsutvalet Solbjørg Angelskår, Rune Haugen, Audun Systad (sokneprest) og Jostein Risa (kyrkjeverje) Prostidiakon Kjersti Brudvik Mobiltelefon: 402 47 691 E-post: diakon@balestrand.kyrkja.no Abonnement 3 utgjevingar i året (vår, sommar, jul) Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring 75 utanbygds abonnentar. Bladpengar: kr.150,- per år (friviljug) til konto: 3805.10.32583. Sats auka frå 1.1.2012. Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik Mobiltelefon: 930 82 948 E-post: klped@balestrand.kyrkja.no Leiar i Balestrand sokneråd Helge Eilifsen Telefon privat: 57 69 16 77 Mobiltelefon: 975 42 481 E-post: helge.eilifsen@enivest.net Trykk / oppsett Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger Vakttelefon Ytre Sogn: 954 83 831 Kvardagar: 17.00-08.00 Helg/høgtid: Frå 08.00 I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i kritiske situasjonar.) Annonser Små annonser kr.400, store annonser kr.750. Heilside etter avtale. Framsidefoto: Kvamsøy kyrkje. Biletet er teke før gudstenesta på Kvamsøy 10.juni 2012. Om du ikkje fekk med deg denne gudstenesta, får du eit nytt høve til å sjå Kvamsøy kyrkje - med oppussa murveggar ved Olsokgudstenesta søndag 29. juli. Foto: Solbjørg Angelskår. Heimeside: balestrand.kyrkja.no Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon, konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner. Vidare kan du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, laste ned årsrapporten og dette bladet i pdf-format osb. 2 Andakt Marius Theis Moe vart i mai tilsett som styrmann hjå Fjord1 i ferjeambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik. Han har tidlegare gjort teneste på eit internasjonalt legeskip knytt til organisasjonen Mercy Ships og har sidan jobba som matros/kadett på forsyningsfarty i Nordsjøen. Marius bur på Dragsvik og vil gjerne verte kjend med folk i Balestrand, men med kjærast og vener i Bergen går turen gjerne dit når han har frihelger. Kyrkjelydsbladet spurde han om han kunne tenkje seg å skrive ein sommarandakt til Balestrand "sett frå fjorden", noko han gjerne ville. Jeg er en seiler på livets hav Uten den himmelske losen om bord Tumlet min livsbåt omkring uten ror. Tårnhøye bølger om båten min slo, Omgitt av mørke, alene jeg sto Gud har en plan med oss mennesker. Han elsker oss og ønsker å ha kontakt med oss. Det er helt fantastisk. Og det er gjennom Jesus at det er mulig å ha kontakt med Gud. Takk Jesus for at du lever og ønsker å være en aktiv del av våre liv. Slik er det første verset på en av mine favorittsanger, ”Himmellosen”. Første gang jeg hørte den var på skoleskipet Gann, og den har fulgt meg siden. Jeg har vokst opp i et kristent hjem, og hatt en god oppvekst. Men i ungdomsalderen var det ikke ”tøft” å følge Jesus og det gjorde at jeg b.l.a. hadde lite venner. Jesus min frelser, jeg lovpriser deg, Takk at du frelste en synder som meg. Stormen har stilnet, mitt hjerte har fred, Losen fra himlen i båten er med. Til slutt har jeg lyst til å avslutte med noe jeg skrev på Facebook 1. november 2011: For meg er livet som en seilas på havet. Det kan storme, riste og skremme en. Men det kan også være nydelig, solen som skinner på et stille hav. Eller så er det sånn passe vær, og livet på havet går sin vante gang. Men uansett er livet en gave som er verdt å åpne og prøve å leve ut. Takk Gud for at du gav oss livet og ønsker å være med oss hver dag, uansett om det stormer eller er stille ☺ Eller en vakker dag på bøljan blå! Håpet om redning var sunket i grus. Da kommer Jesus, den himmelske los, entret min livsbåt, forandret min kurs. Det var akkurat dette som skjedde. Jeg skulle være med på en familieleir sommeren 2004, sammen med en kamerat. Der møtte Gud meg, og jeg opplevde at han kalte på meg. Jeg tok imot han og valgte å følge han. Det har jeg ikke angret på! Himmelosen har vært med og ledet og vist veien eller leden om man skal holde seg til sjøspråket ☺. Men Gud har vært trofast mot meg, og ikke sviktet eller forlatt meg. Han står ved min side og styrer livskursen min med stødig hånd. Ønsker deg en riktig god sommer! Marius Theis Moe I Paulus brev til Filipperne 1:6 står det: ”Og jeg er trygg på at han som begynte sin gode gjerning i dere, skal fullføre den – helt til Jesu Kristi dag.” 3 Stat-kyrkje – kva no? Mange har fått med seg at Grunnlova vart endra 21. mai. Men ikkje alle veit at kyrkja har vore og er ein viktig pådrivar i prosessen. Nokre trur at å miste privilegia som statskyrkje er uynskt, men leiinga i Den norske kyrkja har jobba i mange år for lausare band mellom stat og kyrkje. Og no er stat og kyrkje på rett veg – kvar sin veg. eigen kyrkjelyd, slik ein i større grad gjer i andre trus- og livssynssamfunn. Er eigentleg forandringa så stor? Dette er ikkje noko definitivt skilje mellom stat og kyrkje. Prestar, prostar, biskopar, tilsette sentralt og på bispedømmekontora vil framleis være løna av staten, og Den norske kyrkja skal framleis vere folkekyrkje i landet. Men kyrkja sine egne organ skal altså få utnemne prostar og biskopar. Endringa tydeleggjer Den norske kyrkja som trussamfunn og dette er prinsipielt viktig. Lovteksten tydeleggjer at også Den norske kyrkja må handsamast av staten ut frå prinsippet om trus- og livssynsfridom, i likskap med andre trus- og livssynssamfunn. Så lovendringa har utvilsamt mest å seie for staten, og ikkje for kyrkja, som i all hovudsak er den same. Likandes likebehandling Med ny tekst i Grunnlova sine §§ 2 og 16 er ikkje lenger den evangelisk-lutherske religion statens offentlige religion, og trus- og livssynssamfunn skal behandlast likt. Lova slår no fast at Den norske kyrkja ikkje lenger er ei statskyrkje, men ei folkekyrkje og at verdigrunnlaget skal være vår kristne og humanistiske arv. I juni sender Kyrkjerådet ut "Kyrkjeordning etter 2013", eit refleksjonsdokument frå Kyrkjerådet til alle sokneråd. Dette dokumentet gir innføring i problemstillingar rundt kyrkja i framtida, og bør handsamast av sokneråd og soknemøte. Svein Arne Lindø er den valde leiaren i Kyrkjerådet. Han svarar under på spørsmål om kva grunnlovsendringa inneber for kyrkja og staten. Kvifor er kyrkja si leiing tilhengarar endringa? Samfunnet består av ulike menneske, som i stadig større grad har ulik religiøs ståstad. Det er ikkje naturleg at staten skal favorisere ei tru. Ein stat kan dessutan ikkje være truande, men det kan og skal ei kyrkje, og det er kyrkja som skal stå folket nær i trua. Kyrkja får med endringa utnemne eigne prostar og biskopar, og det er på høg tid at eit trussamfunn får velje sine eigne, religiøse leiarar. Så Den norske kyrkja ønskjer endringane velkomne, og er glad for at alle partia på Stortinget har kunna stille seg bak. Vil kyrkjelydane oppleve at kyrkja er annleis? Vi trur at kyrkjelydane vil bli meir engasjerte i ei kyrkje som i større grad styrer seg sjølv. Jo meir aktiv ein er i kyrkja, jo meir får kan ein være med og prege henne. Den nye folkekyrkja vil kome nærare folket, men fjernare frå staten, men dette engasjementet kan nok merkast vel så godt gjennom involvering i ny gudstenesteordning. Nokre er redde for at dei nye lovtekstane betyr ei avkristning av Noreg? Endringane i Grunnlova påverkar relasjonen mellom kyrkje og stat, men desse endringane har ikkje noko med ei eventuell «avkristning» av Noreg å gjere. Den nye § 16 viser ein stat som vil handsame den tidlegare statskyrkja som det trussamfunnet ho alltid har vore. Slik eg ser det, er Noregs kristne forankring minst like sterk med den nye formuleringa av § 2 i Grunnloven, som med den tidlegare formuleringa. Det er andre tilhøve som avgjer kristendommens framtid i Noreg. Eg trur til dømes at søndagsskule og gode konfirmantlærarar betyr meir for kristendommen sin posisjon og påverknadskraft i det norske samfunnet enn lovformuleringar og reglar. Kva skjer med finansieringa av Den norske kyrkja? Både politikarar og kyrkjeleiing er interessert i å halde fram med dagens ordning, der Den norske kyrkja er finansiert over statsbudsjettet og den enkelte kommune. Det er altså ikkje aktuelt å innføre kyrkjeskatt slik dei har i Sverige. Eg trur likevel at vi må være klar over at vi i framtidas kyrkje nok må ta eit større privat ansvar for å dekke utgifter til det lokale kyrkjelydsarbeidet. I dag er dette noko mange allereie gjer når det gjeld misjon og enkelte tilsetjingar, men eg trur altså at dette blir viktig også på andre felt. Sjølv om stat og kommune framleis skal finansiere mesteparten av drifta, må vi nok ta meir økonomisk ansvar for Kjelde: www.kyrkja.no 4 Vekst på Sygna I fjor feira Sygna vidaregåande skule 30 år. Ei fin bursdagsgåve er at stadig fleire elevar søker seg til den vesle skulen i Balestrand. Fulle internat Elevtala har stige jamnt på skulen dei siste åra. Til hausten er det per i dag 186 søkarar som har takka ja til plassen på Sygna. Det høgaste elevtalet sidan 1999. Dette er gode nyhende for mellom andre rektor Joakim Hector, som tek seg tid til å reflektere over elevauka midt i ein travel eksamensperiode. -Til hausten får vi for første gong på lenge heilt fulle internat. Vi kan faktisk ikkje ta inn fleire der sjølv om det er ledige plassar på skulen seier Hector. Skulen må no utvide internatkapasiteten og vil frå hausten også ta i bruk ein av personalbustadene til internat. Han fortel vidare at Sygna på sikt ser for seg å bygge både nytt internat og nytt skulebygg dersom økonomien tilseier det. Hector presenterer litt av det skulen vil satse på framover. Eitt av tiltaka han presenterer er satsinga ”Vurdering for læring” som skal fremje læringa og gi både lærarar og elevar ei betre forståing for faget. –Vi vil også meir aktivt følge opp utfordringar med fråvere ved tettare og tidleg kontakt til elev og føresette. Eit tredje satsingsområde Joakim presenterer er utvikling av det kristne arbeidet på skulen. -Dette er ein svært viktig del av arbeidet vårt på Sygna og vi må stadig arbeide for å nå fleire elevar og få dei med på dei kristne arrangementa. Trivsel viktig -Ein av hovudgrunnane til at fleire vél å gå på Sygna er at våre noveande elevar trivst godt og spreier det til vener og søsken, seier Hector. Han trekker fram kombinasjonen av godt miljø blant elevane og flinke tilsette som årsak til dette. Ein annan rekrutteringsfaktor er oppstarten av idrettslinja på skulen. I tillegg starta skulen eit meir bevisst arbeid for å auke elevtalet ved å opprette ei rekrutteringsstilling for nokre år sidan. Elevtalet på dei ulike linjene på Sygna varierer frå år til år. -Vi opplever ingen merkbare trendar i linjevalet med unntak av den gradvise oppgangen på idrerttslinja, reflekterer rektoren. -Hovudinntrykket er heller at ungdommane vél Sygna fordi dei vil gå på nettopp Sygna. Linjevalet kjem ofte i andre rekke. Rektor Joakim Hector oppsummerer med å presentere kvifor Sygna er viktig for elevane: Ein bra skule, eit godt miljø og det at skulen har ein kristen profil. –Dette er ein unik kombinasjon, avsluttar han. Så må Hector vidare. Det er endå mykje som skal gjerast sjølv om skuleferien berre er to veker unna. Så kan Sygna ta ein velfortjent sommarferie før storinnrykket til hausten. Tekst og foto: Solbjørg Angelskår Tettare oppfølging på fleire område Det er mykje å ta tak i på ein vidaregåande skule og Joakim 5 Orheim-kveld i Tjugum kyrkje Ei flott framsyning vekkjer minne om Orheim ”Tusenvis strøymde til Orheimteater”. Ja, det kunne ein lese våren 2010, då teaterstykket om Mathias Orheim først vart sett opp av Sogn og Fjordane Teater. På grunn av sjukdom i ensemblet vart det inga framsyning i Tjugum kyrkje då. Nokon av oss reiste derimot til Høyanger. Ein fin maikveld i vår, onsdag 2.mai, vart stykket sett opp att i Tjugum. Sjølv om ikkje tilstrøyminga var like stor som dagen før med Esefjorden Rundt, så var det ein fin flokk som samlast i kyrkja denne kvelden. Det var mange lovord etterpå om ei flott framføring. Mange stod att utanfor kyrkja i den milde maivinden og delte det gode dei hadde opplevd. Naturleg nok var det flest av dei som no var komne over dei 50, og kanskje også over dei 60 som samlast i kyrkja. Fleire av dei som var til stades hadde sjølv minne om Orheim. Glasmusikant Randi-Merete Roset i samtale med Randi Skarstein Ese og Bjørg Frøisok Bjøberg. Foto: A. Systad Frå Flå Bjørg Frøisok Bjøberg som vaks opp litt lenger austpå, har gode minne om Orheim frå Flå kyrkje frå midten av 50-åra. Ho seier at dette med glasmusikken gjorde sterkt inntrykk på henne. Det var noko nytt, som dei aldri hadde høyrt før. Det var fulle hus, og fantastiske opplevingar, slik ho hugsar det. Frå Olden Ute på kyrkjebakken etterpå møter me Randi Skarstein Ese, sjølv nordfjording; frå Olden. Ho seier det var flott å få med seg dette stykket no, og ho synest at skodespelaren Frode Rasmussen, minte henne ikkje så lite om Orheim sjølv. Ho har mange minne om Orheim, både Mathias og Marie, kona hans. Det var frå store møter og stemner i Olden kyrkje, både før og etter krigen. Det var stemner for indremisjonen. Det var alltid mykje folk, ja stor trengsel. Båtane kom både frå fjorden utanfor og innanfrå bygdene. Ho synst at Orheim hadde ei spesiell utstråling, ja karisma er vel det det heiter no. Han tok liksom heile forsamlinga, og det var heilt stilt då han gjekk fram og talte, eller når han spela på fele og på glas. Ho hugsar også at kona Marie fortalde om då dottera deira døydde ung i sjukdom. Det gjorde inntrykk på forsamlinga. Eit sterkt minne er òg då båten med Orheim fòr utover fjorden og den store folkemengda stemde i: ”Navnet Jesus blekner aldri”. Frå Nessane I bygdene her i prestegjeldet er det òg mange som har minne om Orheim. Elsa Nesse fortel at Mathias Orheim var på Nessane fleire gonger, og at han då budde hos foreldra til Elsa. Han sov på sofaen i stova. Den blinde Mathias Orheim trengde naturleg nok menneske rundt seg til å vise han vegen reint fysisk. Ei av oppgåvene ho og dei andre søstrene hadde var å følgje han til utedoen på låven. Når han hadde utført ærendet sitt, vart han geleida attende til huset. Når han skulle halde møte i bedehuset, var det mor til Elsa si oppgåve å passe på at han såg bra ut, at t.d. slipset var slik det skulle vere. 6 Kvardagskristen vil eg vera Kvardagskristen vil eg vera, syn for segn det krev Guds ord. Samklang mellom liv og læra, det er himmelsong på jord. Som den djupe fjord kan greia spegla himlen høg og blå, skal ein kvardagskristen spreia festglans kring det kvardagsgrå. Kvardagskristen, døypt til yrke, fødd til kjærleik, skapt av Gud, vigslar heim og hall til kyrkje, kjøkenkrå og handelsbu. Mynt og vara får Guds stempel, fals og fusk på døri må. Altarljoset i Guds tempel festglans gjev det kvardagsgrå. Frode Rasmussen og Linda Øvrebø i rollene som Matias og Marie Orheim. Foto: Olav Reiakvam Sjå, der kjem ein sjuk og fatig, der kjem ein som spør om råd, der ein sviken, der ein hatig, her er nok for offerdåd. Lokka smilen gjennom tåra, så me himmelsk glans får sjå! Trengsla kring oss får forklåra festglans i det kvardagsgrå. Men det som sit best att i minnet er spelinga hans på glas. Den imponerte og fasinerte dei. Glasa hadde han i ein spesiallaga koffert eller kasse. Elsa og søstrene hennar prøvde sjølve å spele på glas, men då var det på vanlege glas frå kjøkkenet… I Fjærland og Vetlefjorden Både Kjell Øystein Rutle og Kjersti Brudvik, fortel også om at dei som heilt små hugsar Orheim frå besøk i bygdene der dei vaks opp. *Ljoset det friviljug ljoser, det er ljoset sin natur. Eld må varma den som fryser, soleis og med den som trur. Gud hev djupt i hjarta gjeve lov som råder innanfrå. Dådsglad kjærleik, han gjev livet festglans kring det kvardagsgrå. Stor arv frå Orheim I det heile er det mange minne om Orheim, og det som hans liv og forkynning førte til for mange menneske. Michael Wohlenberg, tidlegare prest i Selje skriv: ”For å nå ut til folk ville han heller ha møta på ungdomshus enn på bedehus, og han spelte fele og glasmusikk. Slik utvida han grensene for den tradisjonelle kristne forkynninga. Han skreiv om lag 1000 songar, og han sette tonar til fleire av songane sine. I salmane ”Kvardagskristen vil eg vera” og ”Eg har ei tenesta stor for Gud” ser han kvardagslivet som ei gudsteneste.. På gravstøtta til Marie og Matias Orheim på Stårheim kyrkjegard står den siste linja frå salmen ”Kor mykje stort” (Sangboken 203) som Mathias Orheim gav ut i si første diktsamling ”Heimlokk” i 1903: ”Det venaste syn som eg får sjå, er unge på kne for Gud.” A. S. Kvardagskristen vil eg vera, syn for segn det krev Guds ord. Samklang mellom liv og læra, det er himmelsong på jord. Og når så min kvardags-bunad skal for himlen skiftast om, strålar bjart kring livsens kruna festglans i Guds herlegdom. Matias Orheim * Fire av desse versa (dei tre fyrste og det siste) står på nummer 751 i Norsk Salmebok. Det nest siste verset som er merka er henta frå det trykte programmet til framsyninga frå Sogn og Fjordane Teater. 7 Kyrkjeverja informerer: Drift av kyrkjegardane i Balestrand Balestrand sokneråd har som fellesråd mange ulike oppgåver. Ei av desse rollene er rolla som kyrkjegardsstyresmakt - eit offentleg ansvar som gjeld alle innbyggarane i kommunen uavhengig av tru eller livssyn og som er regulert av gravferdslova med forskrift. Mange av desse oppgåvene er delegert vidare frå fellesrådet til kyrkjeverja. Kyrkjegardane i Balestrand ligg alle flott til ved Sognefjorden. Foto: J.Risa Opne for respons Om du har tilbakemeldingar som gjeld kyrkjegardane kan du kontakte kyrkjeverje Jostein Risa på telefon 57 69 15 48. Lidal Vedlikehold og Service er også opne for direkte respons på kyrkjegardsvedlikehaldet. Ny kontrakt for kyrkjegardsarbeid frå 1.6.12 Lidal Vedlikehold og Service har etter anbodskonkurranse fått kontrakt for kyrkjegardsarbeid i Balestrand i eitt år frå 1.6.2012 med opsjon på ytterleg-are eitt år. Totalt tre tilbydarar har vore involverte i konkurransane. Kontrakten omfattar a) drift og vedlikehald av dei to største gravplassane: Sæle kyrkjegard og Tjugum kyrkjegard samt b) graving av graver på alle tre gravplassane (Kvamsøy inkludert). Dei har hatt dette arbeidet også tidlegare, og soknerådet ser fram til vidare samarbeid. Kvamsøy Til orientering vert plenslått på Kvamsøy kyrkjegard framleis utført av Bjarne Hjartholm på timebasis. Det at han er næraste nabo til kyrkja på øya lettar dei praktiske sidene ved dette og soknerådet er svært glade for at han har villa halde fram med denne jobben. Klagar på kyrkjegardane i vår Kyrkjeverja har denne våren motteke fleire klager på mykje gras i plantefelta etter kantslått på Sæle og Tjugum. Av di ny kontrakt for kyrkjegardsarbeidet ikkje kom på plass før frå 1.6 vart kyrkjegardsarbeidet i vår utført på timebasis etter førespurnad frå gong til gong. Av ulike grunnar (t.d. ein nedbørsperiode) kom vi diverre for seint i gang med fyrste slått i år. Dermed var graset lenger enn vanleg ved fyrste slått og den fyrste kantklippen vart i år ikkje utført før etter at mange hadde planta på gravene (17.mai /pinse). Vi er leie oss for at sein kantklipp som medførte ekstra mykje gras i plantefelta har skapt frustrasjon for fleire brukarar. På nokre kyrkjegardar er kantklipp rundt gravminna dei pårørande sitt eige ansvar, men i Balestrand har vi til no tilbydd dette - noko som bidreg til at kyrkjegardane ser velstelte ut. Det ligg imidlertid ikkje inne i kontrakten med tilbydar å fjerne gras frå gravminne og plantefelt etter kantklipp: Med så mange gravminne bed vi om forståing for at dette ville gjeve ein uforholdsmessig stor kostnad. Vi vonar problemet vert noko redusert når vi no kjem i gang med den faste avtalen. Bakgrunn Balestrand sokneråd må som alle offentlege organ halde seg til "Lov om offentlege innkjøp" ved kjøp av varer og tenester. Dette gjeld no også kyrkjegardsarbeidet som har vore utført ved tenestekjøp dei siste åra. Ein toårig avtale med Lidal Vedlikehold og Service gjekk ut 1.desember 2011, men anbodskonkurransen på slutten av 2011 måtte avlysast av di dei innkomne tilboda låg vesentleg over det soknerådet hadde dekning for gjennom kommunale løyvingar. For å kunne forhandle med tilbydarane måtte arbeidet lysast ut med konkurranseforma "Konkurranse med forhandling". Dette vart gjort våren 2012 og i forhandlingane måtte soknerådet mellom anna gå noko ned på krava til tal klipp og kantklipp for å redusere kostnadene. Det går ein del timar til å klippe rundt totalt ca 750 gravsteinar på dei to største kyrkjegardane… Redusert frekvens kan føre til at brukarane nokre gonger vil kunne observere litt lenger gras enn tidlegare, men soknerådet vonar at kyrkjegardane våre framleis kan opplevast som velstelte. 8 Kvamsøy kyrkje – arbeid pågår Øyvind Lauvnes sine fyrste strøk med kalkvatn som bindemiddel 5.juni. I bakgrunnen ser vi konservator og fjorårets prosjektleiar Hilde Berntsen frå NIKU som var med dei fyrste dagane som konsulent. Ho jobbar her med avdekking av noko meir av veggmåleria som ein oppdaga gjekk ned i brystningsfeltet. Foto: J.Risa Innvendig murarbeid i gang Tysdag 5.juni starta murarmeister Øyvind Lauvnes på arbeidet på dei innvendige murveggane i Kvamsøy kyrkje. Med si erfaring og sin kompetanse på eldre kyrkjebygg var han hyra inn av Norsk Institutt for kulturminneforsking (NIKU) sommaren 2011 for vurdere murane og gje eit prisoverslag. NIKU sine konservatorar jobba i fjor sommar med kalkmåleria på øvste del av veggene. No held arbeidet på veggene innvendig fram - framleis med finansiering frå Riksantikvaren (RA) - og Lauvnes vil til godt ut i juli jobbe med brystningsfelta i kyrkjeskipet og med murveggane i våpenhuset. Veggene har mykje laus leirpuss, og det er bom og omfattande skadar som må sikrast og reparerast med kalkmørtel før ny kalking. Det dryssar i dag frå overflatene som ikkje har bindemiddel att og etter å ha fjerna det som er lausast startar prosessen med å pensle kalkvatn på veggene for å tilføre bindemiddel. Veggane er salthaldige og dette gjer arbeidet vanskelegare og aukar behovet for jamnleg vedlikehald. Etter naudsynte pussreparasjonar vil brystningen inne i kyrkja få att den gule limfargen som vi no berre ser restane av. Murarmeister Lauvnes som kjem frå Kristiansand, har meir enn 15 års erfaring med slike jobbar på gamle og verneverdige bygg – oftast i samarbeid med RA og NIKU. Han held fram at det ikkje er så mange murarar att i Noreg som kjenner materiala og praktiserer dei gamle teknikkane. Han har jobba mest med kyrkjer, men har også hatt oppdrag med gamle bygardar i Oslo og andre murbygninar. Utvendig arbeid I førre utgåve av kyrkjelydsbladet skreiv vi at m.a. KA jobba for at den statlege, rentefrie låneordninga for istandsetting av kyrkjebygg skulle gjenopprettast i revidert nasjonalbudsjett. Dette skjedde heldigvis og i tråd med budsjettvedtak har kommunen i samråd med soknerådet sendt søknad om rentekompensasjon for eit prosjekt med utvendig arbeid på Kvamsøy kyrkje. Arbeidet vil ta til så snart søknaden eventuelt er innvilga. Arbeidet har vore lyst ut på anbod og Lidal Vedlikehold og Service fekk tilslaget på utvendig kalking ved sin murar (med atterhald om innvilga rentekompensasjonsøknad). Dette arbeidet må utførast etter Riksantikvaren sine retningslinjer og det er på høg tid dette vert gjort – det er over 20 år sidan sist. Det er også von om å få gjort noko med tretårnet som har stått ubehandla i fleire tiår. Støttepillarane som bidreg til å halde kyrkja oppreist har sprekker frå frostsprenging som skuldast bruk av sementreparasjonar i staden for kalkmørtel og reparasjon av desse står også på lista dersom det skulle vere midlar att. JR Om du vil sjå resultatet av dei pågåande arbeida kan vi tilrå gudstenesta i Kvamsøy kyrkje Olsokdagen søndag 29.juli kl.12.00. Då kjem soknepresten i Vik, Ragnhild Fasseland til Kvamsøy (som jo tidlegare høyrde til Vik prestegjeld). Foto: Solbjørg Angelskår, 10.juni 2012 9 Nytt frå kyrkjetårnet samband med gudstenesta 7.oktober, fyrste helga i haustferien. Sokneprest og sokneråd er glade for initiativet og vil gjerne legge til rette for dette. Ei kyrkjegardsvandring inneber at ein stoggar ved fleire av gravminna på kyrkjegarden og får høyre litt om bakgrunnen og historia til personar som er gravlagde der. Pensjonistlaget er allereie invitert, men dette skulle vere av interesse også for yngre generasjonar og skuleelevar som ikkje har reist på haustferie enno. Konfirmantane vil også få ein særskilt invitasjon og fleire har nemnt at det vil vere naturleg å få til ei tilsvarande vandringar på Tjugum kyrkjegard i jubileumsåret 2013 og på andre kyrkjegardar. Ferieavvikling sommaren 2012 Dei kyrkjeleg tilsette i Balestrand vil ta ut slik ferie: * Sokneprest Audun Systad: 16.juli-12.aug Ragnhild Fasseland frå Vik vert vikar. * Kyrkjeverje Jostein Risa: 25. juni-15. juli og 6.-12. aug * Organist Jan Herland: 25. juni-1. juli og 16. juli-5. aug * Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik OG * Diakon Kjersti Brudvik: 2.-29. juli Dåp i Nessadalen 5. august Etter at det kom ein førespurnad om dåp ved friluftsgudstenesta i Nessadalen reglane for dette vorte sjekka. Det er opna for dåp ved friluftsgudstenester og Ragnhild Fasseland, soknepresten i Vik vil ha denne gudstenesta som er i Audun Systad sin ferie. I dåpen vert barnet medlem i kyrkja og "teken inn kyrkjelyden". Med bakgrunn i dette har den kyrkjelege leiinga lagt vekt på at dåp bør haldast i ordinære gudstenester for heile kyrkjelyden. Om ei slik gudsteneste vert halde i friluft er det dermed greitt. Vi kan i denne samanheng orientere om at når det gjeld vigsler er det strengare praksis: Her skal vigsla skje i kyrkja eller på godkjend vigselsstad. Helgemessesundag i Tjugum Etter mange år med gudsteneste i Sæle kyrkje helgemessesundag er dette i år bytta om slik at gudstenesta helgemessesundag 4.november vert i Tjugum. Det vert også denne gudstenesta det vert ei minnemarkering for dei som har gått bort det siste året som høyre til Tjugum kyrkje. Tilsvarande minnemarkering i Sæle kyrkje vert då ved gudstenesta der nyårsaftan. Dette er også ei ombytting i høve dei siste åra. Keltisk-inspirert gudsteneste i august Fredag 24.august kl.20.00 vert det ei keltiskinspirert kveldsgudsteneste i St.Olafs kyrkje. Gudstenesta vert eit samarbeid mellom sokneprest Audun Systad og Reverend Canon Janet Heil som er ansvarleg for den anglikanske kyrkja i Noreg og vanlegvis er stasjonert i Oslo. I fjor hadde ho ei tilsvarande gudsteneste åleine –hennar fyrste gudsteneste på norsk. Den keltiske tradisjonen har inspirert mange og vi let oss gjerne inspirere igjen! Prosesjonskross Den nye krossen som no har blitt brukt ved fleire høve, er veldig fin. Han vart laga av ein innsett ved Vik fengsel, formidla gjennom fengselspresten Olav Martin Hove. Jubileumsbok for Tjugum kyrkje - 150 år Skriftnemnda er godt i gang med arbeidet, men er framleis interessert i å få inn biletstoff, historiar og anna som omhandlar "Livet i og omkring Tjugum kyrkje gjennom 150 år". Gjeld dermed også foreiningsverksemd i kyrkjelyden. Kyrkjegardsvandring på Tjugum kyrkjegard 7.oktober Johs B. Thue har tilbydd seg å ha kyrkjegardsvandring på Tjugum kyrkjegard og dette er no sett opp i 10 Status for kyrkjestove ved Tjugum kyrkje Soknerådsleiar, nestleiar og kyrkjeverje hadde 11.4.2012 eit møte med ordførar og rådmann om kyrkjestove på Tjugum. Formannskapet har tidlegare gjennom vedtak vore positive til planane om kyrkjestove, men fann ikkje rom til løyvingar i budsjett eller revidert budsjett i 2011. Etter eit ryddig og godt møte vart det no konkludert med at det bør gjerast eit politisk vedtak for å få ei endeleg avklaring. Soknerådet har gjennom eit formelt brev dagsett 2.mai bede kommunen om ei løyving på totalt 600.000 (finansiert ved lån til investering knytt til kyrkjebygg) og ein auke i årleg løyving nok til å dekke årlege avdrag på soknerådet sitt planlagde lån på 1 million. Rentene til lånet soknerådet planlegg å ta opp er tenkt dekka av inntekter frå det nye Thorbjørnsens legat. Det er lagt opp til politisk handsaming i kommunestyret 21.juni 2012, men vi fekk ikkje med resultatet av handsaminga før bladet gjekk i trykken. Ynske om tilbod for borna under gudstenestene Fleire småbarnsforeldre har i ulike fora halde fram behovet for eit tilrettelagt tilbod til born under dei ordinære gudstenestene og då særleg i Tjugum kyrkje. Dette har i vår vore formalisert gjennom brev til kyrkjelydspedagogen og soknerådet. Dette har vore eit tilbakevendande tema i fleire tiår og det er nett dette behovet soknerådet har ynskt å ta tak i med planane om ei kyrkjestove på Tjugum. Mange opplever det som problematisk å ha med små born til vanlege gudstenester og held seg då heller heime. Vernestatus og praktiske omsyn set grenser for endringar i sjølve kyrkjebygget og vi vert endå ein gong minna om hovudargumentet for jobbe vidare mot ei kyrkjestove. Saka no har vore eit ynskje om å få i gang eit tilbod til borna no - medan vi ventar på kyrkjestova. Både arbeidsutvalet (AU) og soknerådet var positive til å få til noko allereie frå i vår. Fleire foreldre er positive til å dele på ansvaret ved ei slik ordning. Ved fint vêr kan ein sommarstid ha enkle samlingar utandørs under preika og dette har allereie vore prøvd ut på kyrkjetrappa til Tjugum kyrkje pinsedag og utanfor Kvamsøy kyrkje i juni. Ved nedbør og kaldare vêr er det færre alternativ. Barneopplegg på bårerommet? Bruk av bårerommet ved Tjugum kyrkje har vore lufta: Når ein ikkje har andre alternativ og dette rommet står ledig store delar av året var mange opne for ei slik løysing. Nokon har sett på dette meir som eit lite kapell. AU og soknerådet har likevel førebels lagt løysinga på is ut frå at kyrkjegardsvedtektene avgrensar bruk av bårerom til Ved gudstenesta på Fjordtun 1.4.2012 hadde Gjertrud T. Feten søndagsskule for dei mange små under preika. Foto:JR andre føremål og at dette truleg ville skape reaksjonar hjå nokre. I Sæle kyrkje kan ein få til mindre samlingar i dåpssakristiet. I Tjugum er sakristia for små og for nære altar/lesepult (jf lyd). Eit framlegg har vore å prøve med oppvarming i våpenhuset… Ved handsaming av denne saka har det vore understreka at eit sentralt aspekt i både gudstenestereforma og trusopplæringsreforma er involvering av born i gudstenestene. Soknerådet ynskjer difor at borna deltek i og vert kjende med gudstenesta samstundes som dei kan ha eit tilpassa opplegg t.d. under ei preik som har eldre born og vaksne som målgruppe. Og til folk i kyrkjelyden og politikarane våre: Borna treng verkeleg ei kyrkjestove på Tjugum! 11 Innkomne offer pr juni 2012 Alværa feira 30-årsjubileum Oversyn over innkomne offer i Balestrand frå 1.s. i advent. Den 03.06.2012 feira Norsk Misjonsselskap (NMS) 30 års jubileum for leirstaden Alværa ved Lavik. Godt over 100 personar var samla til stemne denne dagen. Ein god gjeng frå Balestrand var med på feiringa og det blei ein hyggeleg dag med gudsteneste, god middag, uteaktivitetar, helsingar og ettermiddagssamling kring kaffien. Dato Kyrkje Takkoffer til Innkome 4.des 11.des 18.des 24.des 24.des 25.des 31.des 8.jan 15.jan 29.jan 5.feb 12.feb 4.mar 11.mar 18.mar 1.apr 8.apr 15.apr 22.apr 6.mai 13.mai 17.mai 27.mai 3.jun 8.jun 10.jun Tjugum Tjugum Fjordtun Sæle Tjugum Tjugum Tjugum Tjugum Nesse sbh Tjugum Sæle Tjugum Sæle Tjugum Bedeh.B Fjordtun o Tjugum Tjugum Sæle Tjugum Sæle Tjugum Tjugum Tjugum St.Olafs Kvamsøy Lyngmo ungdomssenter 2 Lokalt kyrkjelydsarbeid 12 Misjonsprosjekt Romania 4 Det Norske Misjonsselskap 2 Kirkens Nødhjelp Norsk Luthersk Misjonssamb 2 Lokalt kyrkjelydsarbeid 13 Bibelselskapet Frelsesarmeen i Vik Misjonsprosjekt Romania 1 Lyngmo ungdomssenter 1 Lokalt kyrkjelydsarbeid 01 Familie og Medier Det Norske Misjonsselskap 1 Lokalt kyrkjelydsarbeid 02 Lokalt kyrkjelydsarbeid 03 Åpne dører Misjonsprosjekt Romania 2 Sygnarussens misj.prosj Bolivia Lokalt kyrkjelydsarbeid 04 Lokalt kyrkjelydsarbeid 05 Søndagsskulen 1 Normisjon 1 Lokalt kyrkjelydsarbeid 06 KRIK Balestrand Norsk Luthersk Misjonssamb 1 2 096,00 3 735,50 2 360,00 3 198,50 4 830,00 4 671,00 3 077,00 1 907,00 3 495,00 2 130,00 1 402,00 2 140,00 1 299,00 2 694,50 1 835,50 3 260,00 2 600,00 6 919,00 2 431,00 5 195,00 2 394,00 3 777,00 1 394,00 2 450,00 620,00 2 201,00 Det skjer på JULI 2012 1. – 10. Bibelsommer i Vest Det skjer på AUGUST 2012 5.-11. Ungdom i Oppdrag - Familieleir 11.- 16. NY leir 5.-7.klasse. «PANGSTART» 25.-26. Bibelhelg JUNI 2012 25.-27.juni Sommarleir 2 – 5 kl. SEPTEMBER 2012 7.-9. Leir for 2.-4. klasse SEPTEMBER 2012 4.– 7.sept Bibel / Misjonsdager 7.– 8.sept Inspirasjonssamling Familiefokus på Lyngmo Kvar sommar deltek rundt 300 familiar på en av Familiefokus (Ungdom i Oppdrag) sine familieleirar. Kvifor? Ein får fem dagar med god, praktisk og jordnær undervisning om det å leve saman som ektepar og familie. Samstundes har borna aktivitetar og undervisning tilpassa alder og interesse. På ettermiddagane er det fritid til felles familieaktivitetar. Det er framleis nokre få rom ledige på Lyngmo 5.-11.august. (Snakk gjerne med Jostein og Magni Risa). Påmelding på familiefokus.no. OKTOBER 2012 5.– 7.okt Aktivitetsleir 5 – 7 kl. 8.-10.okt Haustleir 2 – 5 kl. NOVEMBER 2012 2.- 4.nov SMS-leir 8 kl. og oppover DESEMBER 2012 7.des Alværafest kl.19 m/ julemiddag og dessertbord. Hugs påmelding! 8.des Alværamessa kl.12 m sal av kaker, handarbeid. Kafeteria. Åresal, lynlotteri. Familiemøte. 12 Bli med på kyrkjelydstur til Lyngmo ! 31.august-2.september 2012 Balestrand sokneråd inviterer alle i kyrkjelyden til å vere med på helgetur til Lyngmo ungdomssenter (Hafslo) fyrste helga i september. Dette vil verte ei helg med høve til avkopling frå kvardagslivet og til å bli betre kjende med kvarandre og Skaparen vår. Vi har no innarbeidd tur annakvart år og ynskjer å samle alle aldersgrupper til fellesskap. Det vil verte tilpassa opplegg for borna. Vi er glade for å ha fått med oss Johannes Kleppa som talar. Han er kjend som tidlegare redaktør i avisa Dagen og er no bibelskulelærar, debattant, forkynnar og forfattar. Då han var i Balestrand i vår møtte vi ein engasjert og kunnskapsrik forkynnar. Har vore omtala som "teologisk konservativ, men samtidig radikal i livet". Sokneprest Audun Systad vert ansvarleg for familiegudsteneste sundag. Endeleg program kjem seinare. Lyngmo ligg i Hafslo i Luster kommune og laurdag ettermiddag kan du velje mellom fleire tilbod: Det er mogeleg å ta turen til den flotte og særmerkte Urnes stavkyrkje. Tek då ferje frå Solvorn som også er verd eit besøk i seg sjølv. Om ein vil kombinere naturopplevingar og trim byr t.d fjellet Molden på fleire alternativ. Lyngmo har elles eit flott uteområde med sandvolleyballbane, badestrand, høve til å padle kano på Hafslovatnet og leikeplass med stor sandkasse. Inne kan ein t.d. spele bordtennis og biljard. Prisar for heile opphaldet: Vaksen 1.090, Born: 14-16 år kr 690, 4-13 år kr 550, 0-3 år gratis. Familierabatt: Makspris 2.990 per familie. Prisane er med medbrakt sengety, men sengety / oppreidd seng kan leigast. Tillegg for enkeltrom kr 350. Alle romma har dusj og toalett og ligg i det nye internatet frå 2004. Påmelding: Ein kan melde seg på til kyrkjekontoret på 57 69 15 48 eller via SMS til kyrkjeverje / dagleg leiar Jostein Risa på mob. 920 60 832. SAMAN I BØN FOR: • • • • • • • • • Arbeidet med lokal gudstenesteplan Kyrkjelydsturen til hausten. Arbeidet med jubileumsboka for Tjugum krk. Barnearbeid: Tysdagsskulen i Vetlefjorden, Søndagsskulen i Holmen. Addis, Spiren, Nestenåring, Baluba og Joy. Leiarar til å starte opp att på NessaneKonfirmantane og familiane deira. Ungdomsarbeid i kyrkjelyden: KRIK, Immanuel, Ung Messe. Visdom til ev. nye tiltak. Bibelgrupper og misjonsforeiningar Familiane i bygda vår. Om vern og forsoning. 13 • • • • Dei som slit med sorg eller alvorlege sjukdommar Dei tilsette i kyrkjelyden: Sokneprest, prostidiakon, organist, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje/dagleg leiar. Soknerådet og utvala i kyrkjelyden. Alle uløna medarbeidarar i kyrkjelyden. Om visdom til å bruke nådegåver og evner rett. Balestrand kommune. Folkevalde, adm. leiing og tilsette. Næringslivet i Balestrand. Leiing og tilsette. Kyrkjelyden vi støttar i Romania. Pastor Florin m/familie. Glimt frå arbeidet Fokus på medarbeidarane 18.mars Ved gudstenesta i Bedehuset Betel 18.mars var dei uløna medarbeidarane særskilt inviterte, men samlinga open for alle. Jostein Risa var lek gudstenesteleiar i ei forenkla gudsteneste. Kjell Helland tala over temaet medarbeidarskap og bidrog også med song og gitarspel. Det var dekka bord og til kyrkjekaffien vart det m.a. servert marsipankake. Borna hadde tilpassa opplegg på loftet – noko det ligg godt til rette for ved samlingar på bedehuset. Dåp på Fjordtun palmesøndag Etter det me veit er dette den andre dåpen på Fjordtun oppvekstsenter. Vesle Mateo Ohma vart døypt, og over 90 menneske fann vegen til Fjordtun 1.4 der lokale krefter sytte for god servering med kaffi og kaker etterpå. Foto: K.Systad Årsmøte for Israelsmisjonen Årsmøtet til Sogn og Fjordane krins av Israelsmisjonen på Sygna 13-15.april vart ei fin helg for dei frammøte. Det var også fin opplsutning frå bygda ved fleire av arrangementa. På festkvelden laurdagen var det fullsett sal i møterommet på Sygna og Frelsesarmeen frå Vik deltok med song. Talar Elbjørg Therkelsen fekk formidla mykje godt om å følgje Jesus, og å vere eit vitne for det jødiske folk i dag. Ho skildra også det å vandre langs Genesaretsjøen, og vere på stadane Jesus gjekk, at dette betyr noko for trua. Foto: AS Familiemesse 15.april Elbjørg Therkelsen var med oss vidare som talar på familiemesse (dvs. familiegudsteneste med nattverd) søndagen i årsmøtehelga. Her fekk me også besøk av koret Hatikva (hebr. for Håp) frå Nordhordland som hadde hatt øvingshelg på Lyngmo. Baluba song også og gudstenesta vart avslutta med eit flott fellesnummer med dei to kora (sjå biletet). Ei litt spesiell gudsteneste med nær 150 til stades. Foto: JR Konsert med koret Cantus Det vart ein innhaldsrik konsert i St.Olafs søndag 20.mai, der om lag 70 var til stades i kyrkja og fekk ei flott framføring av koret Cantus frå Dale i Sunnfjord. Dirigent og pianist Mark Taylor leia det heile med trygg hand. Leif Gunnar Igelkjøn framførte songar av Elvis, dei som var spesielt inspirert av gospelmusikken. Stemma hans likna ikkje lite på Elvis si! Innimellom innslaga fortalde prest Sigurd Sande innhaldsrikt om bakgrunnen for sangane, som til dømes ”In the Ghetto”, ”Reach out to Jesus”. Han fortalde også litt om Jakob Sande og hans dikting. At me som tilhøyrarar fekk vere med å synge sjølve var òg kjekt. Det har blitt sagt at den engelske kyrkja høver godt for konsertar. Det var denne kvelden eit fint bevis på. Overskotet gjekk til vedlikehald av engelskkyrkja ved veneforeininga. Foto: A.Systad. 14 Trusopplæring Lokal trusopplæringsplan vedteken Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik sitt framlegg til trusopplæringsplan for Balestrand sokn vart vedteke i Balestrand sokneråd 13.juni og sendt inn innan fristen 15.juni. Brudvik har jobba i lag med Trusopplæringsutvalet i Balestrand (TRU) om planen og inviterte 23.mai leiarar frå ulike kor og barnelag til det som vart ein positiv samtale om høve til samarbeid om trusopplæringa i Balestrand (sjå biletet). Bispedømet har sett opp denne framdriftsplanen for godkjenning av lokale trusopplæringsplanar: 15. juni – frist for innlevering av utkast til plan. Innan 1. oktober – utsending av tilbakemelding til kyrkjelydane frå bispedømerådet. 27. november – frist for kyrkjelydane for innsending av ev utbetringar Innan utgongen av 2012: Endeleg godkjenning av planane ved biskopen. Frå 2013 vil ein godkjend lokal plan vere eit vilkår for å få utbetalt trusopplæringsmidlar. Avslutning av MINIkonfirmantåret Ved familiemessa 15. april var det også markering av avslutning av MINI-konfirmantopplegget med utdeling av diplom. Minikonfirmantar deltok også i gudstenesta. 6-årsbok Familiegudstenester med utdeling av fasebøker er eit av tiltaka i trusopplæringsplanen. Den viktigaste trusopplæringa etter dåpen skjer på heimebane og desse bøkene er meint som ei hjelp til dette. 3.juni var det 6-åringane sin tur til å få bok i Tjugum kyrkje med nesten full oppslutning. I år var boka "Forteljingar om Jesus" 6-årsbok. Foto: Gunn Berit Bøthun Ung messe i engelskkyrkja 8.juni Nokre ungdommar på Sygna hadde teke intitativ til dette tiltaket denne varme junikvelden. Det var omlag 60 frammøte, og ungdomane hadde delteke aktivt i planleggingsarbeidet med ansvar for lovsong, vitnemål og bønevandring. Aslaug Bale frå 9.kl song song solo og sokneprest Audun Systad var liturg og hadde andakt. Kanskje dette kan bli ei gudstensteform som kan brukast meir? Foto: J.Risa (tre bilete) Jesus - Guds svar på alle bønene våre Tankar over ei middagsgryte av Sigrun Ytrefjord Det finst mange slags dagar ikkje berre dei lyse og mørke, men alle dei midt i mellom. Dei heiter: Den grå kvardag. Dagar då du føler glede, mismot, håp, avmakt, optimisme, skepsis, alt blanda saman, vekslande frå time til time. Ein ven stikk innom - eit menneske som vil deg vel, eit menneske som gir deg mot, sjølvtillit, trua på det gode i deg sjølv og dine medmenneske. I samband med ei preike eg heldt nyleg om "Livets brød", siterte eg biskop Ambrosius av Milano (334397), som har skrive dette om Jesus, Han som er Guds eitt og alt: Det finst òg menneske som stikk innom, som du møter på vegen, som på ein augneblink riv ned det som du gjennom dagar og timar møysomt har bygt opp til ditt forsvar. Hvis du vil lege såra dine, er Han legen. Hvis du brenn av feber, er Han lindringa. Hvis du treng hjelp, er Han krafta. Hvis du fryktar døden, er Han livet. Hvis du flyktar frå mørkret, er Han lyset. Hvis du svelt, er Han føda. Dei kler deg naken med ord, eit blikk. Verjelaus står du avkledd under Guds Himmel. Det finst dagar då det skrik i deg etter samkjensle, etter eit menneske som fullt ut forstår deg, som kan dela tankar utan å seia noko. Vi treng alle ei openberring av Jesus, for Jesus er Guds svar på alt. Gud svarar ikkje på bønene dine med å gje deg mange ting, Han svarar med å gje deg Jesus. Om Han skriv Paulus dette til dei heilage i byen Kolossai: Det finst dagar då ein ikkje skjønar kvifor ein er til, kva nytte ein kan gjera i ei verd der alle tykkjest kunna alt så mykje betre enn deg sjølv. Men det finst også dagar då ein vonfullt trur at verdi hadde vore fattigare utan deg. Alt skiftar frå time til time, frå dag til dag. Midt over ei dampande middagsgryte kjem du i hug gamlelæraren din som sa at du hadde gode evner - at du ville nå langt i livet. Velsigna gamlelæraren! Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte. For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter – ved han og til han er alt skapt. Han er før alt, og i han blir alt halde saman. Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja. Han er opphavet, den førstefødde frå dei døde, så han i eitt og alt skal vera den fremste. For i han ville Gud la heile sin fylde bu, Det luktar kålrot og løk, og dampen renn ned etter kjøkkenvindauga. Telefonen ringjer; ei venleg røyst seier nokre ord, takkar deg for noko du har gjort. Du turkar dogga av glasruta og undrande ser du at himmelen er vorten blå. (Kol.1,15-19) Bjørn Olav Hansen Frå bloggen http:// ww.bjornolav.blogspot.com som er skriven av pastor og bibellærar Bjørn Olav Hansen. Attgjeven med løyve. Omsett til nynorsk av redaksjonen. 16 Diakonens hjørne Diakonale samlingar på Balestrand helsetun Kyrkja har hatt faste samlingar på Balestrand Helsetun med andaktstund eller besøksdagar som soknepresten, organisten eller diakonen har stått for. Ein såg at at bebuarane likte at vi slo av prat med dei når vi kom, og ein hadde lyst å utvide tilbodet med opplesing og song av kjende stykke og songar. Gjennom året har det vore diakonale samlingar på Balestrand Helsetun. Det har vore den første torsdagen i kvar månad frå kl 17.00 -18.00. Margot Ryssdal, Jan Herland, Astrid Høivik og eg har delteke. Det har vore andakt ,musikk og opplesing av kjende dikt og forteljingar. Vi har sunge norske songar, viser og salmar. Ofte har ein samtala litt om tema eller årstid. Bebuarane har tydelegvis likt desse samlingane. Dei takkar og smiler, og det ser ut til at stunda kvikkar dei opp. Ofte har dei «lese med» når kjende stykke frå t.d. Nordal Rolfsen’s eller Austlid’s lesebok har vorte henta fram. Det er heller ikkje alltid dei treng songbok når vi tek fram kjende songar eller salmar. Den 3. mai hadde vi ei slik samling. Då hadde vi invitert Balestrand Songlag. Det var svært populært, for fleire av bebuarane har vore songarar. Det var smil og gjenkjenning når songane tona ut. Det blei òg høve til å helse på gamle kjende frå bygda. Vi treng fleire medarbeidarar Har du lyst å bidra i desse samlingane? Det kan vere med song eller opplesing, eller berre vere med å syngje på allsongane eller å slå av ein prat. Du hjarteleg velkommen. Vi som er med, kjenner at vi får mykje glede ved å gje av oss sjølve. Kjersti Brudvik, diakon Vil du snakke med nokon? • • • • Dersom du er under 18 år kan du ringe Røde Kors-telefonen for barn og ungdom som er open alle kvardagar mellom kl. 14.00-20.00.Telefon 800 333 21 Kirkens SOS sin hjelpetelefon har døgnåpent. Telefon: 815 33 300 Mental Helse sin hjelpetelefon er også døgnåpen. Telefon: 116 123 Er du etterlatt? Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE) er tilgjengelege kvardagar mellom 09.00-16.00 på telefon 22 36 17 00. 17 Avslutning av konfirmantåret Konfirmantåret 2011-2012 vart avslutta med samtalegudsteneste i Sæle 22.april med påfylgjande konfirmantfest før sjølve konfirmasjonane 6. og 13.mai. På samtalegudstenesta deltok konfirmantane med forskjellige innslag gjennom heile gudstenesta . Vi fekk til dømes høyre frå konfirmanttida: "I timane på bedehuset har me brukt boka ”Følg meg” og Bibelen, og har ofte hatt gruppearbeid. I timane har me og teke til med å teikna krossmerket, og sagt fram truvedkjenning og Fadervår. I tillegg har me har vore kyrkjevertar og delteke på forskjellige aktivitetar." Konfirmantane bidrog også med songinnslag og dramatisering av ein bibeltekst. Vi fekk også høyre nokre av svara konfirmantane har gjeve på spørsmål i konfirmanttida, til dømes om kva dei synest er det finaste i kristendommen? - Å få tru på Gud, og vite at syndene våre er tilgjevne. – Å føle seg som ein del av fellesskapet og å tru på noko. Også på konfirmasjonsdagen fekk vi glimt frå konfirmantåret: – I konfirmasjonstida har me blitt minna på kva det er å følgje Jesus i dag. Me kan få be til han og tru på han og finne tryggleik i det. – Håpet om himmelen er også noko veldig fint i trua. Det kan gjere oss trygge. – Eit vers eg synst er fint er den gylne regelen: Alt det de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal de og gjere mot dei. Det er eit viktig vers me har lært. Det står i Matt.7,12. – Rett før påske var me med og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp der det kom inn over 21.500 kr. Konfirmantfest på Kviknes hotel Etter samtalegudstenesta 22.april inviterte soknerådet konfirmantar og familie til ei markering av avslutninga av konfirmantåret. Dette vart ei fin tilstelling, trygt leia av Erland Fagermoen. Det var stilig opplagt med god middag, kjekke konkurransar og fin song ved Aslaug Bale. På vegne av konfirmantforeldra overrekte Heidi Torset blomst til Audun Systad som takk for konfirmantåret, med eit inntrykk av at dette hadde vore eit fint år. Audun kvitterte med å takke tilbake for det, og framheva styrken det har vore å ha Oda og Gina med som ungdommelege hjelparar i eit konfirmantteam gjennom året (sjå bilete neste side). Han takka dei som no sluttar på Sygna vgs og ynskte dei alt godt vidare. Han vona konfirmantane ville ha gode minne og minna om at det alltid er ei opa dør inn til forsamlinga i kyrkjelyden. 19 Konfirmantar 2012 Tilpassa konfirmasjonsopplegg og eiga konfirmasjonsgudsteneste i Tjugum kyrkje Stig Morten Bakken (t.v.) og Hans Andreas Bakken vart konfirmerte i ei eiga konfirmasjonsgudsteneste i Tjugum kyrkje. Tvillingparet har hatt tilpassa konfirmantundervisning i Tjugum kyrkje og soknepresten har hatt eit godt samarbeid med foreldra og rådgjevar Leif Arne Økland frå bispedømekontoret. Foto: Kjell André Bakken I konfirmasjonsgudstenesta er det forbøn for kvar enkelt konfirmant og i år vart det samstundes tent eit lys i lysbåten av ein medkonfirmant. (Foto: J. Risa) Gina Sæle Jørgensen frå Øygarden (t.v.) og Oda Løken Andsjøn frå Hemsedal har dei to siste skuleåra vore med i eit konfirmantteam i lag med soknepresten. Her er dei utanfor Tjugum kyrkje konfirmasjonsdagen 6.mai og vi kan skimte mai-snøen i bakgrunnen. (Foto: J. Risa) 20 Konfirmantar 2012 Tjugum kyrkje, sundag 6.mai Framme frå v: Silje Sande Grønsberg (konfirmert i Sæle 13.5), Aslaug Abigail Magdalena Son Bale, sokneprest Audun Systad 2.rad frå v: Kamilla Dale, Ulrik Stucki Kvikne, Caroline Herland Nokken, Andrea Sjøthun 3.rad frå v: Ole-Johan Feidje Nordeide, Thea Margrethe Stucki Kvikne, Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse Bakarst frå v: Andreas Torset Midtbø, Jon Ivar Buene Foto: Thomas Morel (TMstudios) Dei siste åra har fotograf Thomas Morel teke konfirmantbilete i Balestrand. Han er opphavleg frå Nederland, men har budd i Feios sidan 2004 og har drive som profesjonell fotograf sidan 2006. Morel er kanskje mest kjend for bileta av "folk i svevet". Du kan sjå fleire av bileta hans på heimesida http://www.thomasmorelphotography.com/. Sæle kyrkje, sundag 13.mai Frå venstre: Lise-May Sæle, Silje Sande Grønsberg, Ola Nyland Høyvik, Markus Tennefoss Vefring, sokneprest Audun Systad. Foto: Jostein Risa 21 Kva for ein bryllaupsdag er det i år? Feiring av bryllaupsdagar er ein gamal skikk. Namnet til bryllaupsdagen symboliserer gåvene ein kunne forvente å få. Som du forstår, held det ikkje med den vante buketten raude roser... Frå gamalt av viser den aktuelle bryllaupsdagen til kva som var høvelege gåver ektefellane kunne gje kvarandre. Alternativt kva gjestane skulle gje, eller kva som var tema for dekorasjonen til festen på bryllaupsdagen. Tysk tradisjon Omgrepa sølvbryllaup og gullbryllaup, er noko alle kjenner til. Men det er få som kjenner bakgrunnen til desse namna. Bryllaupsdagar: 1 år: Papirbryllaup 2 år: Bomullsbryllaup 3 år: Lærbryllaup 4 år: Blome-/Linbryllaup 5 år: Trebryllaup 6 år: Sukkerbryllaup 7 år: Ullbryllaup 8 år: Bronsebryllaup 9 år: Pil/Keramikkbryllaup 10 år: Tinnbryllaup 11 år: Stålbryllaup 12 år: Silkebryllaup 12 ½ år: Koparbryllaup 13 år: Blonde-/Kniplingbryllaup 14 år: Elfenbeinsbryllaup 15 år: Krystallbryllaup 20 år: Porselensbryllaup 25 år: Sølvbryllaup 30 år: Perlebryllaup 35 år: Korallbryllaup 40 år: Rubinbryllaup 45 år: Safirbryllaup 50 år: Gullbryllaup 55 år: Smaragdbryllaup 60 år: Diamantbryllaup 65 år: Kronjuvelbryllaup 70 år: Jernbryllaup 75 år: Atombryllaup 80 år: Platinabryllaup 90 år: Granittbryllaup Røtene til bryllaupsdagane seiest å liggje i Tyskland i mellomalderen. Når eit ektepar opplevde å kunne feire sin 25. bryllaupsdag, fekk kona ein sølvkrans frå vener og naboar for å feire lukka som hadde halde ekteparet i live så lenge. På 50 års bryllaupsdagen, fekk ho ein gullkrans. Den tyske tradisjonen spreidde seg. Og talet bryllaupsdagar auka. Symbola varierer frå land til land, men nokre er felles for dei fleste. Det gjeld bryllaupsdagane: tre, tinn, krystall, porselen, sølv, perle, rubin, gull og diamant. Endra med Victoria Symbola har endra seg med tida. Eit døme på det, finn vi i Storbritannia. Frå starten av vart diamantbryllaup feira når ein hadde vore gifte i 75 år. Då dronning Victoria feira sine 60 år på trona, blei dette kjend som "Diamantjubileet". Etter det, vart diamantbryllaup endra slik at det nå stod for 60-årsbryllaupsdagen. Konklusjon blir: Den som vil følgje den opphavlege intensjonen med gåver til sin kjære på bryllaupsdagen, må bruke fantasien (for finst det eigentleg høvelege gåver til eit atombryllaup?). Men med alternativa som sukker, silke og blonder, er det nok nokon som følgjer den gamle gåvetradisjonen uansett. Sannsynlegvis utan å vite det sjølv. Tekst: Kjetil S. Grønnestad (Frilansbyrået Svart på kvitt) Marte Fjærestad og Almar Gåsland gifta seg i Balestrand i mars. Til neste år kan dei feire papirbryllaup. Foto: Arve Ullebø. Kjelde: Wikipedia 22 I GLEDE OG SORG DØYPTE VIGDE Jonas André Knudsen Oddekalv 13.04.2012 i Sæle kyrkje Marte Fjærestad og Almar Gåsland* 31.03.2012 i Tjugum kyrkje * Denne vigsla var kunngjort i førre utgåve av kyrkjelyds-bladet, men då stod det diverre feil førenamn på brudgommen, noko vi bed om orsaking for. Red. Ovidia Joy Saksvikrønning Gittins 03.06.2012 i St.Olafs kyrkje (anglikansk gudst.) Sandra Sigurdsdottir Kvikne og Stian Thorbjørnsen Rørvik 21.04.2012 i Tjugum kyrkje Margrethe Kyrvestad 10.06.2012 i Kvamsøy kyrkje DØDE 05.11.2011 Magne P. Bale f.1930. Bisett frå Ski sykehuskapell 11.11.2011. Urna sett ned på Tjugum kyrkjegard 08.06.2012. 27.03.2012 Gjertrud Høyvik f.1918. Gravferd frå Tjugum kyrkje 12.04.2012. Margrethe vert døypt i Kvamsøy 10.6 11.05.2012 Gunvor Thorsnes Haugen f.1924. Gravferd frå Tjugum kyrkje 18.05.2012. Annonser TAXI mob. 959 86 000 Kjell Grønli Anna Helen Hamre Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal Turbussar Vi tilbyr også 10- og 17-setars bussar med plass til rullestol samt store turbussar med 49 seter. Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Hjelp til alle tenester ved dødsfall GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING Døgnvakt telefon: 577 14 700 / 959 86 000 Pb.14, 6898 BALESTRAND Frode Buene Tlf. 57 69 29 06 Mob. 907 53 579 23 NB! Nytt telefonnummer 57 69 42 40 INFORMASJON Utgjevar/Avsendar: Balestrand sokneråd Sjøtunsvegen6 6899 BALESTRAND Velkomen til gudsteneste 24.jun, St. Hans STØLSBERG, Vetlefjorden kl.12:00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Ta gjerne med noko å sitje på og kaffi/litt å bite i til felles kyrkjekaffi. (NB! Ved dårleg vêr vert gudst. flytt til Fjordtun). 8.jul, 6 s i treein TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Nattverd. 22.jul, 8 s i treein TJUGUM kl.16.00. Gudsteneste ved Ragnhild Fasseland. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. 29.jul, 9 s i treein KVAMSØY kl.12.00. Olsokgudsteneste ved Ragnhild Fasseland. Dåp. Takkoffer til Alværa misjonssenter.Vi deler medbrakt kyrkjekaffi. Båtskyss frå kl.11.00 (kr.30 t/r). 5.aug, 10 s i treein NESSADALEN kl.12.00. Friluftsgudsteneste. ved Ragnhild Fasseland. Dåp. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet.Ta gjerne med noko å sitje på og kaffi/litt å bite i til felles kyrkjekaffi. (NB! Ved dårleg vêr vert gudst. flytt til Sæle kyrkje) 19.aug, 12 s i treein HOLMEN kl.11.00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. 24.aug, fredag ST.OLAFS kl.20:00. Keltiskinspirert kveldsgudsteneste ved Audun Systad og Janet Heil. Takkoffer til Vener av St.Olafs kyrkje. 26.aug, BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Opningsfest med tale av Trond Kråvik.. 2.sep, 14 s i treein LYNGMO, Hafslo kl.11:00. Gudsteneste i samband med kyrkjelydstur. Takkoffer til Lyngmo ungdomssenter. 16.sep, 16 s i treein TJUGUM kl.17.00. Gudsteneste med konfirmantpresentasjon ved Audun Systad. Takkoffer til Sygna vgs. 23.sep, BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling. 30.sep, 18 s i treein SÆLE kl.11.00. Familiegudsteneste ved Audun Systad. Hausttakkefest med prosesjon. Utdeling av 4-årsbok. Takkoffer til Søndagsskulen. Kyrkjekaffi. 7.okt, 19 s i treein TJUGUM kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. NB! Kyrkjegardsvandring med Johs. B. Thue etter gudstenesta. 21.okt, 21 s i treein TJUGUM kl.11.00. Familiegudsteneste ved Audun Systad. Hausttakkefest med prosesjon. Utdeling av 4-årsbok. Takkoffer til Alværa misjonssenter. 28.okt, Bots- og bøned. SÆLE kl.11.00. Gudsteneste. Takkoffer til misjonsprosjektet i Romania. Nattverd. BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling med tale av Marta Lomheim. 4.nov, Helgemesse TJUGUM kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad. Vi minnast dei som har gått bort siste året som høyrde til Tjugum. Takkoffer til Stefanusall. (tidl Norsk misjon i Øst). 18.nov, 24 s i treein SÆLE kl.11.00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarb. Nattverd. 25.nov, BEDEHUSET BETEL kl.16.00 Søndagssamling. Atterhald om endringar. Oppdatert gudstenesteplan finn du alltid på www.balestrand.kyrkja.no
© Copyright 2024