Spør deg sjølv kvifor du berre har ein munn, men to øyre

Spør deg
sjølv kvifor du
berre har ein munn,
men to øyre
014
2
/2
013
unge røyster skal koma tydelegare fram,
at elevar på alle trinn skal få meina noko
om det dei kan få eller har sett. Det vert ei
utfordring i tida som kjem å leggja til rette
for ulike former for ung medverking.
UNGE RØYSTER
Den kulturelle skulesekken har som eitt
av måla sine å leggja til rette for at elevar
i skulen lettare skal få tilgang til, gjera seg
kjende med og utvikla forståing for kunst
og kulturuttrykk av alle slag.
Leiaren av sekretariatet i DKS, Vera Micaelsen,
har som kjepphest at «alle må smaka,
ingen må lika». Så kan dei seinare gjera eigne
val, akkurat slik som vi er vande med ved
matbordet.
Det står ingen plass at dei skal lika alt!
Det som er verre, er når ein ikkje treff
målgruppa – at produksjonen ikkje er relevant
i tema og form, ikkje treff noko hos målgruppa i det heile. Det opplever vi heldigvis
sjeldan, sjølv om det kan vera store skilnader
innan ei og same aldersgruppe.
Det er ei oppfatning mellom mange at
kunst og kultur skal vera kjekt, og er det
ikkje kjekt – ja så er det heller ikkje bra.
Men det er slett ikkje alle produksjonane
som kjem til skulane som er kjekke
– i den forstand at ein kan le av dei.
Den kulturelle skulesekken er oppteken av at
Norsk Scenekunstbruk har sett i gang
noko dei kallar «Scenekunstbrukets unge
stemme». Ei gruppe ungdomar melde seg
til teneste, og nokre av desse vart plukka
ut og inviterte til å sjå scenekunstbrukets
produksjonar under visingsarenaen deira
Showbox. Frå desse laga dei refleksjonsnotat
– som dei fekk godkjent som norsktentamen – og melde stykka på scenekunstbrukets nettside. I staden for terningkast
delte dei ut «bamsekast».
Korleis meldingane og bamsekasta vert
brukte av kjøparane av desse sceneproduksjonane, veit vi ikkje, men vi vil tru at dei
vert lese med stor interesse. Vi trur heller
ikkje at barn og ungdom vil at alt skal vera
bare kjekt, vi har fått mange tilbakemeldingar
på ting dei har opplevd som har fått andre
merkelappar.
I skuleåret 2013/2014 får nokre smaka
tanzaniansk musikk eller karibisk dans,
medan andre får møta ein stygg liten
andunge, ein liten gut som har vore på
flukt frå krig og som norske styresmakter
vil senda tilbake, eller to søsken som har
mista mor si. Andre igjen får møta romanifolket gjennom musikk og forteljingar,
og nokre får innblikk i korleis ein tenkjer
når ein skal byggja byar, kyrkjer og bruer.

Vi legg optimistisk fram programmet for
skuleåret 2013/2014 og håpar at mottakarane får det kjekt, at dei vert rørte,
at dei vert sinte og at dei får noko å
tenkja på – og at dei seier meininga si.
John Gunnar Johnsen
kultursjef
Kirsti Sandved
fagkoordinator allmennkultur
INNHALD
RIKSKONSERTAR
6-25
MUSIKK 26-33
SCENEKUNST 34-43
LITTERATUR 44-51
FILM 52-55
VISUELL KUNST 56 - 67
KULTURARV 68-71
BARNEHAGE 72-75
VIDAREGÅANDE
76 -107
ANDRE ARRANGEMENT 108 -111
BESTILLINGSTILBOD 112 -129
KONTAKTINFORMASJON
131
Turnéar og tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Rogaland
skuleåret 2013/2014. Vil du sjå kva for program som kjem til
skulen og når? Gå inn på www.skolesekken-rogaland.no og klikk
på ”Velg skole/barnehage” i fana øvst på sida. Finn din skule.
Alle produksjonar har lærarrettleiing eller konsertinformasjon.
Desse finn du ved å klikka på tittelen på den enkelte produksjonen.
Foto side 5: Morten Berentsen | Design og layout: playdesign.no
Vil du ut av
uniformen,
skal du høyra
på nye tonar
R
TA
R
E
NS
O
SK
RIK
Alle barn i grunnskulen får to konsertar kvar i året, der den eine er produsert
i Rogaland. Artistar frå heile verda møter elevane med musikk av alle slag
– frå folkeviser til opera, frå hiphop til barokkmusikk.
Målgruppe:
Målgruppe:
1. – 7. trinn
1. – 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Celio de Carvalho,
Kristoffer Kompen,
André Bongard
Jorge Cordero, Mick Cordero,
Yannik Hartig
Produsent: Rikskonsertane
Produsent: Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Sauda, Strand, Suldal,
Haugesund, Utsira
Varer: Område:
Foto: www.cordero.dk
Område:
Haust 2013
Fotograf: Eirik Halvorsen
Haust 2013 – Vår 2014
Eigersund, Gjesdal, Hå,
Lund, Sokndal
Varer: 45 minutt
45 minutt
FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO
JORGE CORDERO & SON CLASSICO
Eventyr, tango og samba frå Argentina til Brasil framført av ein brasilianar og to norske
musikarar. Veteranen Celio de Carvalho er perkusjonist frå Rio de Janeiro, der choroog bossanovamusikken vart fødd. Denne gongen har han med seg to “young bloods”
på laget: Pianisten André Bongard, som er ekspert på klassisk argentinsk tangomusikk,
og jazzmusikaren Kristoffer Kompen, som er ei ny stjerne på trombone i Norge.
Velkomen til eit glimt inn i Cubas spennande musikkhistorie! Repertoaret spenner frå
chachacha og mambo til rumba og rap. Kanskje får vi også høyra ein nyare latino-hit.
Dei cubanske salsarytmane er slik at du får lyst til å røra på deg, så i denne musikken
er det ein fordel at publikum ikkje sit på stolar, men er aktive deltakarar i konserten
– med dans, song og klapping! Musikarane fortel òg litt om korleis det er å koma frå
den særeigne øya Cuba, og korleis landet er påverka av ulike kulturar, mellom anna
frå Spania og Afrika. Musikken til Jorge Cordero er karakterisert som ei blanding av
salsa frå Cuba, Puerto Rico og New York. Den store salsagruppa hans, der også
Yannik og Mick spelar, har base i Danmark.
Publikum får mellom anna høyra lidenskapeleg tango og dansa til energiske sambarytmar
med allsong. Alt formidla med ekte søramerikansk speleglede!
8
9
Medverkande: Erik Harstad, Henrik Maarud,
Eirik Bergene
foto: Illustrasjonsfoto
1. – 7. trinn
Illustrasjon: Espen Liland
Målgruppe:
Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Halvdan Nedrejord,
Terje Tretnes
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Haust 2013 – Vår 2014
Haust 2013
Område:
Område:
Stavanger 1, Bjerkreim, Klepp,
Kvitsøy, Randaberg, Rennesøy
Sandnes 1
Varer: 45 minutt
Varer: 45 minutt
10
BLUES for barna
JOIK HAR STØRRE KRAFT ENN KRUTT
– Dette er en sang om sånne dager da du aldri skulle ha stått opp. Da allting går på tverke og de andre
bare gliser rått… Slik begynner Lillebjørn Nilsen Blues når du var 15. Bluessongar er ofte små
historier om heilt kvardagslege ting. Blue er det same som blå, og når du seier at du er
blue på engelsk, vil det seia at du er trist. Men blues er ikkje berre trist, songane kan vera
både triste, glade, sinte, tullete eller noko midt i mellom. Blues høyrest enkelt ut, men det
er vanskeleg, og ein må øva mykje for at det skal låta bra. Henrik Maarud, Erik Harstad
og Eirik Bergene er mellom dei beste i Noreg til å spela blues, og dei har stått på scenen
saman med andre kjente bluesmusikarar som Knut Reiersrud, Steinar Albrigtsen og
Sven Zetterberg.
I 1980 var det songen Sámiid ædnan (samisk jord) som vann den norske MGP-finalen.
Der syng dei om at ”joik har større kraft enn krutt” og at ”en joik tar aldri slutt”.
På denne tida var det stort fokus på rettane til samefolket i Noreg, og heile landet
gjekk rundt og song på joiken frå songen; ejå-li-lålja-låle-lå-lå-le-låa.
Men joiken har lengre tradisjonar enn attende til 1980 – han er rekna som ei av dei
eldste nolevande musikkformene i Europa. Mange har nok høyrd ein joik tidligare,
og høyrer du etter vil du innimellom ukjende ord plukka opp ord som mobiltelefon
og internett. Då skjøner du at joiken kan ha både alvor og spøk i seg og at denne
særeigne vokaltradisjonen er i stadig utvikling. Av og til har det hendt at joikarane
har laga nye joikar der og då. Er du heldig, får kanskje du òg din personlege joik
i løpet av konserten.
11
Målgruppe:
Målgruppe:
1. – 7. trinn
1. – 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Thomas Dahl, Per Jørgensen,
Frank Jakobsen
Laara Stinnerbom,
Ola Stinnerbom,
Tanja Kortelainen
Produsent: Rikskonsertane
Produsent: Periode:
Rikskonsertane
Haust 2013 – Vår 2014
Periode:
Område:
Vår 2014
Sandnes 2, Stavanger 2
Område:
Varer: Stavanger 3
Varer: 45 minutt
45 minutt
12
TOMLANE OPP!
MJANDASJ
Tomlane opp! er både leiken og musikalsk alvorleg. Musikarane skapar musikken
i augneblinken, men dei spelar også musikk dei har komponert tidlegare. Med hjelp
av elevane får ord og tonar ny drakt. Dei tre musikarane som kjem på besøk,
er alle prislønna improvisatørar og kjende som nokon av dei fremste i norsk jazzliv.
Tomlane opp for kreativitet på ståande fot!
Var du ein av dei mange som følgde med på spenningsserien Hjerterått på NRK Super?
På skuterjakt på vidda og reinsdyrløp med slalåmski? Og song du med på refrenget til
tittellåta til serien?
I Hjerterått rappar dei på samisk og joikar til elektronisk musikk. Joik er det same som
song på samisk og er ein viktig del av folkemusikken til samane. Visste du at du kan
joika bestemora di? Nærmast synga-fortelja ei historie om kven ho er og kva du
kjenner for henne? I denne konserten blir det ikkje rapping og elektronika, men berre
reinspikka joik. Det er rått, det!
13
Målgruppe:
1. – 7. trinn
1. – 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Erlend Viken, Juhani Silvola,
Jonas Bleckman
Edgar Albitres,
Hector Meriles
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Vår 2014
Område:
Karmøy
Varer: 45 minutt
Foto: Lars Opstad/Rikskonsertane
Foto: Stian Andersen/Rikskonsertane
14
Målgruppe:
Haust 2013 – Vår 1014
Område:
Sola, Time, Bokn,
Tysvær og Vindafjord
Varer: 45 minutt
VIKINJ TRIO
RADIO MUSICAL
Visste du at det var norske folkedansarar som fann opp trikset der breakarane snurrar
rundt på hovudet – headspin – for over 100 år sidan? Visste du at det har vore strengt
forbode å spela fele i norske kyrkjer? Visste du at rock stammar frå blues, som igjen
stammar frå folkemusikk?
Radio Musical fortel historia om Fernando, ein ti år gammal gut frå Bolivia. Ein dag
han er på tur, finn han ein skadd skiløpar i ein fjellskrent. Guten reddar mannen,
som viser seg å vera frå Noreg. Mannen gjev Fernando ein radio som takk, og ei ny
verd opnar seg for guten.
Vikinj Trio spelar ei blanding av folkemusikk, blues og rock. Nokre gonger høyrest det
fint ut, andre gonger ganske stygt eller skummelt. Ofte skriv dei om uflaks dei sjølv eller
andre har hatt, om ting som ikkje går som planlagt, men som likevel kan vera morosamt
å tenka tilbake på – alt frå desperat leiting etter instrument som er gløymde igjen på
kebabsjapper til vill jakt på sommarfuglar i den djupaste jungelen.
Radioen vert ein skatt som tek han med på heilt spesielle opplevingar. Når Fernando
vert vaksen, bestemmer han seg for å reisa til Noreg for å finna og takka mannen som
gav han radioen.
15
1. – 7. trinn
Medverkande: Petter Frost Fadnes,
Chris Sharkey, Ståle Birkeland
Kred: Morten Berntsen
Målgruppe:
Produsent: Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Hans Martin Austestad,
Mattis Myrland,
Nils Christian Fossdal DKS Rogaland
Produsent: Periode:
Lucky 3/DKS Rogaland
Periode:
Område:
Haust 2013 – Vår 2014
Lund, Gjesdal, Hå,
Sokndal, Eigersund
Varer: 45 minutt
Foto: Morten Berntsen
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Stavanger 2, Finnøy, Forsand,
Hjelmeland, Sauda, Strand,
Suldal
Varer: Stunt á 10 minutt
BRÅKEBØTTA
LUCKY 3 RURAL HARMONY FLASH
…noises are as useful to new music as so-called musical tones, for the simple reason that they
are sounds. John Cage.
Trioen Lucky 3, som er sett saman av habile songarar innan eit utal av sjangrar,
har lagt sin elsk på rural, amerikansk harmonisong: Bluegrass, Old-Time, Southern
gospel og Jubilee song. Dei akkompagnerer seg sjølv med gitar og banjo og syng
imøtekomande songar om kjærleik og tap. Stemmene spenner frå det buldrande
bassregisteret til lysare lengsler.
Med utgangspunkt i lyd, røyster og “bråk” (?) set trioen The Geordie Approach kursen mot
rytme, melodi og kanskje meir velkjende musikalske element. Ved hjelp av improvisasjon
vert det skapt musikalske strukturar – og publikum får sjølvsagt vera med.
16
17
1. – 7. trinn
Medverkande: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld,
Leif Arild Steen
Produsent: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld,
Leif Arild Steen/DKS Rogaland
Foto: Lars Opstad/Rikskonsertane
Målgruppe:
Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Britt-Synnøve Johansen, Johan
Egdetveit, John Lilja Produsent: Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Haust 2013
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Område:
Karmøy
Stavanger 3, Sandnes
Varer: Varer: 45 minutt
45 minutt
MUSIKKMAT
SKAKKE SANGER
Utan mat og drykk…? Tre matglade vener serverer ei melodisk gryte av musikk, sketsjar
og forteljingar for barn. Vi får høyra kjende songar, men kokkane vil også koka saman
nye songar i lag med publikum – der og då.
Tre av dei mest etterspurde musikarane i Stavanger har funne songar om lunefulle
dyr og andre småskumle skapningar. Og dei songane dei ikkje fann, skreiv dei sjølv.
Og dei vart nok dei aller skumlaste! Den allsidige sceneartisten Britt-Synnøve Johansen
inviterer publikum inn i ei litt rar verd, med morbid humor, vampyrar og roller som
blir snudd på hovudet. Litt morosamt, litt alvorleg, litt stille, litt uhyggeleg. Fleire av
melodiane opnar for at publikum syng med.
Musikkmatkokkane Kjell Inge Torgersen, Leif Arild Steen og Aril Schøld spelar og syng
og tøysar seg gjennom et bredt utval av musikk og tekst, frå Queen via André Bjerke til
Mozart!
18
19
Fotograf: Andy Bell
THE BEATLES
Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Erik, Mark & Scott Bjorvand,
Per Finnstad
Produsent: The Bjorvands/DKS Rogaland
Periode:
The Beatles var eit engelsk rockeband frå Liverpool, danna i
1959/1960, og var ei av dei fremste populærmusikkgruppene
heilt fram til ho vart offisielt oppløyst i 1970. Bandet var
samansett av Paul McCartney, John Lennon, George Harrison
og Ringo Starr. Dei debuterte i 1962 med singelen Love Me Do,
men gjennombrotet kom i 1963 med Please Please Me,
som gjekk til topps på dei engelske hitlistene.
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Bokn, Haugesund, Tysvær,
Utsira, Vindafjord, Sola, Time
Varer: 40 minutt
20
The Bjorvands er ikkje som andre coverband, som prøver å likna
på utsjånaden til førebileta sine. I staden prøver dei å ta tak
i essensen av musikken til The Beatles.
No er The Bjorvands klar for skulekonsertar i Rogaland. Erik,
Mark, Scott og Per skal igjen få oss tilbake til 60-talet og den
fantastiske musikken som vart skapt. Det er berre å gle seg til eit
rocka og underhaldande Beatles-show som aldri går av mote.
Målgruppe:
Målgruppe:
8. – 10. trinn
8. – 10. trinn
Medverkande: Medverkande: Eyolf Dale, André Roligheten,
Andreas Paleologos
Tale Marie G. Mydske,
Solveig Lagos Andersen,
Hild Marie Torgauten
Produsent: Rikskonsertane
Produsent: Periode:
Rikskonsertane
Periode:
Område:
Haust 2013 - Vår 2014
Varer: 45 minutt
Kred. Andreas Paleologos
Stavanger, Haugesund, Tysvær,
Bokn, Karmøy, Vindafjord,
Utsira, Strand, Finnøy, Forsand,
Hjelmeland, Sauda, Suldal
Kred. Sølve Huse-Amundsen
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Sandnes, Sola, Time, Lund,
Gjesdal, Hå, Sokndal, Eigersund,
Rennesøy, Klepp, Randaberg,
Bjerkreim, Kvitsøy
Varer: 45 minutt
ALBATROSH & ANDREAS
LYKKEHJULET
Denne produksjonen handlar om improvisasjonskunst. Når ein skal improvisera, er det
viktig å vera open, kreativ og leikande. Både innan musikk og visuell kunst er det mange
ulike måtar å improvisera på: Frå enkle variasjonar over eit tema til kreativ utøving der
svært lite er avtalt på førehand. Albatrosh & Andreas kombinerer musikk og teikning ved
at kunstnaren Andreas Paleologos illustrerer musikken undervegs. Eyolf Dale og André
Roligheten er i dag mellom landets beste jazzmusikarar og har vunne ei rekkje prisar.
Ei kvinne trør fram i rampelyset. Ho er sjølvsikker, scenevant – og ho kjenner showbizbransjen til fingerspissane. Ho kan fortelja deg nokre sanningar – om korleis ein bør
leva livet – og ho går ikkje av vegen for å gjera det. Kvinna er bingovertinna, dronninga
i showet i kveld, og hjulet ho snurrar, er livets lykkehjul.
I Lykkehjulet møter vi samtidsmusikk og teater. Musikken er av Kurt Weill, Hanns Eisler,
Luciano Berio og John Cage. Tekstane er skrivne av Bertolt Brecht.
Alle improvisasjonskunstnarar har bak seg fleire år med øving og erfaring som dei kan
ausa av, sjølv om situasjonen er ny og resultatet blir forskjellig kvar gong.
22
23
Medverkande: Ingrid Kjosavik, Knut Aabø,
Svein Olav Hyttebakk
Produsent: DKS Rogaland
24
Målgruppe:
Fotograf: Lars Opstad
8. – 10. trinn
Fotograf: Christine Marie Mæland
Målgruppe:
8. – 10. trinn
Medverkande: Nils-Olav Johansen,
ein teknikar
Produsent: Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Haust 2013 – Vår 2014
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Område:
Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal,
Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund,
Randaberg, Rennesøy, Sokndal,
Sandnes, Sola, Time
Bokn, Finnøy, Forsand, Haugesund,
Hjelmeland, Karmøy, Suldal,
Strand, Sauda, Tysvær, Utsira,
Vindafjord, Stavanger
Varer: Varer: 45 minutt
40 minutt
SONGBIRD
NILS-OLAV JOHANSEN
Eva Cassidy er den amerikanske songfuglen med den klokkeklåre røysta. Ho slo gjennom
som artist først etter at ho døydde i 1996, berre 33 år gammal. Eigenarta tolkingar
av kjende låtar var det som var hennar store styrke. I dag er det kanskje først og fremst
hennar versjon av Over the Rainbow som er kjend, ikkje originalen med Judy Garland.
I denne konserten gjev songaren Ingrid Kjosavik liv til Eva Cassidy sine musikalske
tolkingar av eit knippe kjende låtar, akkompagnert av musikarane Svein Olav Hyttebakk
og Knut Aabø.
Med inspirasjon frå verdsmusikk, vestleg improvisasjonsmusikk og industrielle rytmar
skaper Nils-Olav sitt eige lydunivers. Han er fascinert av elektronikk, virtuositet og
original bruk av røysta, og dette dannar fundamentet for musikken hans. I denne
konserten bruker han mellom anna iPad og laptop som instrument, og diverse appar
han har funne på nettet er utgangspunkt for improvisasjon.
Nils-Olav søker å utfordra både seg sjølv og teknologien, slik at kvar einaste konsert
vert unik. Aleine på scenen, med gitar og røyst i møte med eit utal elektroniske
duppedingsar. Det er duka for ei leiken konsertoppleving med ein av Noregs mest
markante gitaristar.
25
Viss det du opplever
får deg til å rista på
hovudet, har du i alle
fall fått litt mosjon
K
IK
US
M
Nokre av musikktilboda er ikkje del av Rikskonsertane.
Desse kan vera friare i forma, t.d. som verkstad eller
i kombinasjon med andre sjangrar.
DEI REISANDE
Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan
1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei
med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk
folkemusikk har vore av dei reisande. På same tid vart
romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep
frå storsamfunnet.
Målgruppe:
5. – 7. trinn
Medverkande: Veronica Akselsen med band
Produsent: DKS Rogaland/
Haugalandmuseene
Periode:
Foto: Haugalandmuseene
Vår 2014
28
I samarbeid med Haugalandmuseene presenterer
DKS Rogaland noko av den lokale historia og kulturen
deira. Veronica Akselsen vil saman med sitt band
framføra songar frå det norske romanifolkets rike
musikktradisjon.
Område:
Bokn, Tysvær,
Vindafjord, Utsira
Varer: 60 minutt /tre timar
Sjuande trinn vil få eit utvida tilbod i samsvar med
læreplanen. Mange av dei reisande livnærte seg som
dyktige handverkarar, og sjuande klasse får òg prøva
seg på romanifolkets handverkstradisjonar.
29
KLASSISK MUSIKK
OG SAMTIDSMUSIKK
Målgruppe:
5. – 7. trinn
Medverkande: Stavanger Symfoniorkester
/under planlegging
Produsent: Stavanger Symfoniorkester
/under planlegging
Periode:
Våren 2014
Område:
Sola, Time
Stavanger Symfoniorkester inviterer tradisjonen tru elevar
frå mellomsteget til konsert i Stavanger konserthus.
Årets konsert er ein samproduksjon med Gøteborg
Symfonikerne og handlar om livets avslutning gjennom
historia om undulaten Fanny som skal gravleggjast.
Til konserten vert det utarbeidd ei lærarrettleiing med
oppgåver som kan gjerast i klassen på førehand, slik at
elevane vert førebudde. Dei skal få reflektera kring det
som skjer når vi dør og kring gravferdsritual i ulike
kulturar. Elevane i Sola får dette tilbodet.
Elevane i Time vil få eit tilsvarande tilbod innan klassisk
musikk/samtidsmusikk, spesielt lagt til rette for barn og
unge. Dette programmet er under utarbeiding.
30
31
Medverkande: Kjell Inge Torgersen,
Aril Schøld,
Karl-Dag Kjosavik
Produsent: DKS Rogaland
Målgruppe:
Foto: Alliance Française Dar es Salaam
8. – 10. trinn
Foto: Eirik Folkedal
Målgruppe:
8. – 10. trinn
Medverkande: Stein Inge Brækhus, Jørn Øien,
John Mponda, Anania Ngolija,
Tor Yttredal
Produsent: DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2013
Veke 46 og 47, 2013
Område:
Område:
Gjesdal, Hå, Klepp, Time
Sandnes
Stad: Varer: Ei kyrkje nær skulen
45 minutt
Varer: 45 minutt
KJERKÅ
TAZANO
– ein musikalsk arkitek-tur
Tazano er eit band med fem tanzanianske og norske musikarar. Med drivande rytmar
og fengande melodiar tek bandet publikum med til ei spennande musikalsk verd.
Tanzania er eit land fattig på pengar, men rikt på kultur, og det vert prova til fulle
under denne konserten.
Når var du sist i kyrkja? Var det på konsert? I bryllaup? I klubben? I konfirmasjon?
Eller kanskje var du i gravferd? Nokre bur til og med i kyrkjer – i kyrkjeasyl. Kanskje du
aldri har vore i ei kyrkje?
Kyrkja er ein arena for kunst og kultur, for musikk og arkitektur. Musikarane Kjell Inge
Torgersen, Aril Schøld og Karl-Dag Kjosavik inviterer publikum til å oppleva vakre tonar
i byggverk med sterk symbolikk. Gjennom ny og gammal musikk, akustikk, arkitektur,
liv og død – ser me på kva for plass kyrkja har i liva våre. For nokre er kyrkja ein
tilfluktsstad i krisetid og for markering av overgangar i livet, for andre ein stad å gå
i kvardag og fest – eller berre noko heilt framand. Og ho står no der. Kjerkå.
32
Musikarane er Stein Inge Brækhus (perkusjon), John Mponda (song, tanzanianske
trommer og norsk seljefløyte), Anania Ngolija (tommelpiano og song), Tor Yttredal
(saksofonar) og Jørn Øien (tangentar). Desse har spelt saman over fleire år, og gitt
konsertar både i Tanzania og Noreg, inkludert den kritikarroste opningskonserten
på MaiJazz i 2010.
33
ST
Dans,
er det rytme
eller forteljing?
E
N
CE
S
N
KU
Tradisjonelt er scenekunst ei fellesnemning for teater, dans, musikkog figurteater. I DKS-programmet er scenekunstproduksjonane varierte
i form og innhald. I grunnen er alle produksjonane meir eller mindre
grenseoverskridande i sjanger.
Medverkande: Nils Christian Fossdal,
Maria Hannevold
Produsent:
Målgruppe: Fotograf: Steinar Engelsen
1. – 4. trinn
Fotograf: Morten Berntsen
Målgruppe: 5. – 7. trinn
Medverkande: Alain Morales, Geldys Morales
Feito/Reidun Svabø
Produsent:
dybwikdans
DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2013
Haust 2013
Område:
Område:
Klepp, Gjesdal
Bjerkreim, Eigersund,
Lund, Sokndal
Varer: Varer: 30 minutt
Tre og ein halv time
DEN STYGGE ANDUNGEN
RITMOS DEL CARIBE
Eventyret av H.C. Andersen er ei fantastisk historie som dei fleste kjenner. Dette er den
klassiske historia om svaneungen som veks opp i ein andegard. Han blir misforstått og
håna fordi han er annleis enn dei andre, og til slutt rømmer han. Han går gjennom mykje
vondt før han til slutt blir forvandla til ei vakker svane som alle beundrar. Ei historie om
motgang, om det å vera annleis og også om siger og glede.
Det kubanske søskenparet Geldys og Alain Morales kjem til skulen med karibisk
livsglede og dans. Ritmos del Caribe er ein danseverkstad der elevane får læra
grunntrinna i merengue, cha cha cha, salsa, conga og mambo. Elevane blir delte
i to grupper for å læra dansestega, og så vert det felles dansefinale for alle.
I dybwikdans sin versjon møter barna ein dansar og ein forteljar/musikar, og framsyninga
inviterer til et nært samspel mellom utøvarar og publikum.
36
I løpet av dagen får elevane også innblikk i karibisk historie og samfunn, geografi,
kultur og språk – som er spansk. Uno, dos, tres…..
37
I WISH HER WELL
Målgruppe: 8. – 10. trinn
Medverkande: Panta Rei Danseteater
Produsent:
Panta Rei Danseteater
Periode:
Haust 2013
Område:
Bjerkreim, Eigersund,
Lund, Sokndal
Varer: 3 – 6 dagar per skule
Det er dei små, kvardagslege og tilsynelatande usynlege
historiene som vert viktige når ein skriv den store historia.
Forteljingane er personlege historier frå kvinner i familie med,
eller med nære band til, utøvarane i framsyninga. I wish her well
er ei intrikat framsyning med akrobatiske element,
mykje kontaktarbeid og høgt tempo – ei framsyning som
rører og engasjerer.
Ei utvida framsyning
DEL1: Smak av dans (45min) er korte verkstader som vert
gjennomført klassevis. Her får elevane bruka sin eigen
kreativitet. Det vert leik, spenstige løft og akrobatiske rørsler.
Dette er likevel noko alle kan vera med på utan forkunnskapar
eller erfaringar.
DEL 2: Laga framsyning (5 timar). Ei eller to grupper på
20 elevar på kvar skule får høve til å delta på ein grundigare
verkstad i kreativ dans. Her er elevane medskapande
koreografar og lagar ei framsyning.
DEL 3: Framsyning (60 min). Elevane viser koreografien
sin for resten av trinnet saman med den profesjonelle
koreografien i I wish her well.
38
8. – 10. trinn
Medverkande: Tomas Eriksson
Produsent:
Fotograf: Tomas Eriksson
Målgruppe: Målgruppe: 1. – 10. trinn
Medverkande: Studentar ved UiS,
Institutt for musikk og dans
Tomas Eriksson
Produsent:
Periode:
UiS/DKS Rogaland
Haust 2013
Periode:
Stad:
Haust 2013
På skulen, helst auditorium,
evt klasserom.
Stad:
Område:
Område:
Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Strand, Suldal, Sauda
Utvalde kommunar
Varer: 45 minutt
På skulen
Varer: 60 minutt
THE POWER OF GLESBYGD
Tomas Eriksson er kunstnar med bakgrunn frå kunstakademiet i Trondheim og primus
motor bak HÅKKI-serien saman med Mats Stenslet og Bjørn Kowalski. For nokre år sidan
arbeidde han med å samla inn ”skrönor, bullshit och sanna historier” i eit prosjekt kalla
”Berättarboden”. Dette er eitt av resultata.
Med The Power of Glesbygd (Bygdas kraft) gir Tomas Eriksson oss fleire usensurerte historier
og tankar frå bygde-Sverige. Historiene vert serverte i form av god gammaldags munnleg
formidling, ein slags bygde-standup, krydra med litt film og lyd.
UNGE NYE
Unge nye er fellesnamnet på framsyningar som vert produserte ved Universitetet
i Stavanger, Institutt for musikk og dans, i samarbeid med DKS Rogaland. Tre grupper,
sett saman av tredjeårsstudentar på musikk og dans, jobbar tverrfagleg for å laga kvar
si framsyning som dei får turnera med i Rogaland. Desse turnéane kjem i tillegg til det
ordinære programmet og etter avtale med dei utvalde skulane.
Vi oppdagar at vi lett identifiserer oss med historiene. Det spelar ikkje stor rolle om ein
er frå Stavanger, Hjelmeland eller Nesflaten. Det er ein rånar i dei fleste av oss.
40
41
KVINNEKUPPET
I 1925 fekk Noregs minste kommune Europas første
kvinnelege ordførar: Aasa Helgesen. Berre tolv år etter at
røysterett for kvinner vart innført, stakk kvinnene på Utsira
av med elleve av tolv plassar i kommunestyret, og dei fekk
alle dei sentrale verva. Kvinnene styrte kommunen betre
enn nokon gong før, men likevel vart ikkje ei einaste av dei
elleve kvinnene gjenvalde.
Målgruppe: 8. – 10. trinn
Medverkande: Britt-Synnøve Johansen
Produsent:
DKS Rogaland /
Haugesund teater
Periode:
Haust 2013
Framsyninga utspelar seg frå 1925 og heilt fram til i dag.
Vi ser på kva som eigentleg hende den gongen. Var det
ein spøk, ein hemnaksjon, eit kvinnepolitisk eksperiment?
Vi ser på omgrep som ære og skam, status og trivsel,
fordommar og fritenking, likestilling og likeverd. Og får vi
nokon gong vita sanninga om det som skjedde
på Utsira i 1925 og åra som følgde?
Område:
Haugesund, Utsira, Tysvær,
Bokn, Vindafjord
Varer: 45 minutt
Kvinnekuppet er ei blanding av teater, film, musikk, dans
og installasjonskunst. Manus: Birgit Amalie Nilssen,
musikk: Ketil Bjørnstad, regi: Linn Meyer Kongshavn.
42
43
Ofte tek litteraturproduksjonane i DKS utgangspunkt i ei spesiell bok,
men dei kan også handla om ein forfattar. Dette året handlar ein av
dei om ein eventyrsamlar.
Når du les,
er det du som er
biletregissøren
R
LIT
TE
TU
RA
Medverkande:
Grethe Bekkevold
Produsent:
5. – 7. trinn
Medverkande:
Ingeborg Kringeland Hald
Produsent:
DKS Rogaland
DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2013 – Vår 2014
Haust 2013
Område:
Område:
Haugesund
Haugesund
Varer:
Varer:
90 minutt
45 minutt
VIL DU VÆRE KJÆRESTEN MIN?
ALBIN PREK
Då Kongen sovna den kvelden, var han heilt utmatta. Han hadde teikna hundrevis av dronningar.
Store dronningar og små. Snille, strenge og hissige dronningar. Tunge og spretne.
11 år gamle Albin er på flukt. Norske styresmakter har gitt avslag på familien sin
søknad om opphaldsløyve, og politiet er komne for å henta dei og senda dei ut av
landet. Dersom Albin er borte, kan vel ikkje styresmaktene senda familien hans tilbake,
kan dei vel?
Vil du være kjæresten min? utforskar ulike måtar å formidla ei bok på for å gje barna eit
leikent og lærerikt forhold til ein tekst. Boka er skriven av den fabulerande og fantasifulle
forfattaren Iben Sandemose, som verkeleg tek nyfikne barn på alvor.
Kor i all verda finn me kjærastar – og spesielt med krone på? Korleis i alle dagar skal ein litt
klønete og einsam konge klara å finna seg ei dronning? Kanskje han bør byrja på jazzballett,
gå på diskotek og dansa – eller melda seg på eit skrivekurs?
46
Målgruppe:
Foto: Albin Prek
1. – 4. trinn
Foto: Iben Sandemose
Målgruppe:
Albins flukt i Noreg vekslar med minna om flukta frå krigen i Bosnia. Dette er ei
sterk, varm og tankevekkjande historie om krig og flukt sett gjennom barneauge.
Forfattaren, Ingeborg Kringeland Hald, fortel først om korleis historia blei til,
deretter les ho eit kapittel frå boka. Siste del av timen blir ein dialog mellom
forfattaren og elevane.
47
GIKK MOE PÅ DO TRO?
Gikk Moe på do tro? handlar om Jørgen Moe og eventyra han
samla inn. Her får elevane ei annleis oppleving i klasserommet.
Målgruppe:
Kristine Haugland og Ingvild Græsvold tek elevane med til
Moe gard og vil med forteljing og musikk blåsa støv av bøkene
og liv i eventyra. Saman vil dei fabulera om tida Moe levde i,
om garden han budde på, og korleis eventyra har reist frå
munn til øyre til munn – kanskje byrja dei på do? Mindre kjent
er det at Jørgen Moe samla gåter, dyrenamn, leikar og ikkje
minst folkemusikk. Ingvild fortel om Fanitullen og speler så
det rykkjer i dansefoten. Nokre av elevane får prøva seg på
å dansa gangar medan dei andre held takta. Så får dei prøva
seg på eit skikkeleg hallingkast. I tillegg til å improvisera fram
lydar og klangar som passar til eventyra, speler Ingvild både
bruremarsj, musikk av J.S. Bach, Tom Waits, Robert Schumann
og Johannes Brahms.
Kristine Haugland,
Ingvild Græsvold
1. – 4. trinn
Medverkande:
Produsent:
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2013
Område:
Tysvær, Bokn,
Vindafjord, Utsira
Varer:
50 minutt
49
DU KAN VASKE DO!
Målgruppe:
5. – 7. trinn
Medverkande:
Anne Lise Kolnes Hope
Produsent:
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2013
Område:
Finnøy, Forsand,
Hjelmeland, Strand,
Suldal, Sauda
Varer:
45 minutt
Drømmende ser jeg storebroren min som holder fingrene sine over
den store nesen mens han motvillig fører dobørsten ned i doskålen.
«Og, Jonas…,» jeg sender broren min nok en gang det kule blikket før
jeg forlater rommet «… det er jeg som skal knuse deg!»
Det er to veker igjen av sommarferien, og pappa utfordrar
dei to smarte ungane sine til å finna på noko saman.
Kanskje ikkje så lurt? Dei veddar om kven som kan finna
ein kjærast til pappa – og taparen må gjera alt det keisame
husarbeidet, mellom anna vaska do…
Når Anne Lise Kolnes Hope kjem på skulebesøk, snakkar ho
om korleis det er å gje ut si fyrste bok. Vi får mellom anna vita
korleis tittelen vart til og kvifor omslaget ser ut slik det gjer.
Anne Lise oppfordrar elevane til å koma med spørsmål dei
ønskjer svar på.
Ho vil også gje elevane skrivetips som ho sjølv har plukka
opp på vegen, og gje dei døme på desse ved å lesa frå boka
Du kan vaske do!
51
Korleis kan me vita
om det er sant
om me ikkje ser det?
M
FIL
Filmproduksjonane tar som oftast utgangspunkt i ein film,
men kan også vera opplæring i å laga film sjølv eller handla
om filmens språk og verkemiddel.
Målgruppe:
Målgruppe:
1. – 4. trinn
5. – 7. trinn
Medverkande:
Medverkande:
Grethe Bekkevold
Rønnaug Bakke/Ådne Sæverud
Produsent:
Produsent:
DKS Rogaland /
KINOKINO – senter for
kunst og film, Sandnes
DKS Rogaland
Periode:
Område:
Haust 2013
Område:
Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Strand, Suldal, Sauda
Periode:
Haust 2013
Sandnes
Varer:
90 minutt
Varer:
90 minutt
Den røde ballongen
FRANZ OG JAKTEN PÅ MUNNSTYKKET
Den røde ballongen er ein barnefilmklassikar om vennskapen mellom ein liten gut og ein
magisk ballong. Filmen, laga av Albert Lamorisse, har vunne Gullpalmen i Cannes og vert
rekna som ein av dei store klassikarane i filmhistoria. Han vart ein stor publikumssuksess
då han kom ut.
Det er sommarferie og korpsleir. Kvar morgon kryp musikantane ut av telta sine for
dagens repetisjonar. Franz er son til dirigenten og får ikkje vera med og spela enno,
fyrst må han mista alle mjølketennene sine.
Handlinga går føre seg i Paris på 50-talet og startar med at guten løyser ein ballong som
har festa seg til ein lyktestolpe. Ballongen følgjer guten gjennom gatene i Paris og viser
utsøkte bilete frå gatelivet i byen.
Filmen blir vist i klasserom/auditorium og blir presentert med aktivitetar og samtale
kring tema i filmen. Elevane får saman med formidlaren lesa utvalde delar av boka basert
på filmen og sjå på illustrasjonane. Dei skal få leika seg med hattar og rekvisittar og
dramatisera situasjonar frå filmen med raude ballongar.
54
Hornspelaren har mista det beste munnstykket sitt og ingen utanom Franz vil hjelpa
han å leita. Dirigenten viftar stadig med taktpinnen, men livet lar seg visst ikkje styrast
av han. Med ein unik animasjonsteknikk og spesialkomponert musikk tar filmen oss
med på ei spennande reise mellom valthorn og tistlar.
Rønnaug Bakke alternerer med Ådne Sæverud om å ta elevane inn i animasjonsfilmens
verd. Etter visninga blir elevane delte opp i tre røyster for å laga godlyd samen.
55
God kunst
kan gjera deg
rasande
eller få deg
til å le høgt
ST
LL
E
ISU
N
KU
V
Visuell kunst er biletkunst, kunsthandverk, formgjeving
og arkitektur. Ofte har dei visuelle kunstverka utgangspunkt
i andre sjangrar, som litteratur eller kulturarv, og speglar
ulike sider ved samfunnet.
Fotograf: Jiri Jelinek
EVENTYRSKATTEN
Eventyrskatten er ei utstilling der elevane møter
høgdepunkt innan norsk eventyrillustrasjon. Her er teikningar
av troll og Oskeladden, prinsesser og eventyrlege dyr.
Dette er teikningar som i stor grad har prega oppfatninga
vår av korleis figurane og karakterane i dei norske folkeeventyra ser ut.
Utstillinga vert vist på skulane ved hjelp av digital projisering på fire lerret saman med spesialkomponert musikk av
Martin Horntveth. Formidlinga er sett saman av munnleg
forteljing, dialog med elevane og opning av skattekista
som følgjer utstillinga.
Målgruppe:
1. – 4. trinn
Medverkande:
Ein formidlar
Produsent:
Nasjonalmuséet for kunst,
arkitektur og design
Periode:
Vår 2014
Område:
Lund, Sokndal,
Eigersund, Bjerkreim
Varer:
45 minutt
Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet for kunst,
arkitektur og design i samband med 200-årsjubileet for
eventyrsamlarane Peter Christen Asbjørnsen (1812–1885)
og Jørgen Moe (1813–1882).
59
1. – 4. trinn
Medverkande:
Formidlar frå
Stavanger kunstmuseum
Målgruppe:
Fotograf: WenYing Liao
Målgruppe:
1. – 4. trinn
Medverkande:
Anita Jakobsen
Produsent:
Produsent:
DKS Rogaland
Stavanger kunstmuseum
Periode:
Periode:
Haust 2012 – Vår 2013
Vår 2014
Område:
Område:
Sandnes (minus Sviland,
Sørbø, Trones)
Rennesøy, Randaberg,
Kvitsøy, Sola
Varer:
Stad:
60 minutt
+ verkstad 90 minutt
Stavanger kunstmuseum
Varer:
120 minutt
FARGELABORATORIUM
WINSOR BLUE
Kva er farge og kva skjer når vi ser på fargar? I kunsten brukar vi fargar for å skapa
kjensler, effektar og meining. Vi skal gå på oppdagingsferd i muséet, på jakt etter fargar
i kunstverka. Kunstnaren Josef Albers forska på fargar heile livet, og i hovudverket hans
Fargenes samspill kan vi sjå korleis fargane både forfører og bedrar. For fargar vert
påverka både av kvarandre og av tilskodaren.
I Winsor blue har biletkunstnaren Anita Jakobsen med seg forteljingar frå eiga oppvekst
i Finnmark og ei måleriutstilling med eigne verk. Korleis har Anita måla bileta? Kven er
den blå katten Anton? Kvifor har ho måla akkurat dette biletet?
I verkstaden vert fargane utforska gjennom eksperiment med lys, mørke, pigment og
digitale verktøy. Saman prøver vi å finna ut kvifor det eigentleg heiter blåmåndag
og kvifor kirurgar er kledde i grønt. Og er sola eigentleg gul?
60
Elevane vert inviterte til å delta aktivt i dialogen om målarstykka. I målarverkstaden får
dei ei innføring i enkel material- og fargelære før dei inspirert av musikk målar kvart sitt
bilete med akrylmåling.
61
Medverkande:
Ein formidlar
Produsent:
Nasjonalmuséet for kunst,
arkitektur og design
Periode:
Vår 2014
Område:
PERFORMANCE ARTIST. Marie Cool
detail Take Care of Yourself, Sophie Calle, 2007
© ADAGP Courtesy Galerie Emmanuel Perrotin
1. – 4. trinn
Foto: Tro, håp og revolusjon
Målgruppe:
Målgruppe:
8. – 10. trinn
Medverkande:
Formidlar frå
Stavanger kunstmuseum
Produsent:
Stavanger kunstmuseum
Periode:
Haust 2013
Område:
Hå, Time, Sandnes
(Sviland, Sørbø, Trones)
Rennesøy, Randaberg,
Kvitsøy, Sola
Varer:
Stad:
45 minutt
Stavanger kunstmuseum
Varer:
120 minutt
BROER
NÅR LIVET BLIR KUNST
Broer er forteljinga om kvardagsliv, kunnskap, verdiar og visjonar. Bruene hjelper
oss å nå kvarandre og gjer det mogleg å kryssa elver, sjøar, djupe dalar og trafikkerte
område. Bruene som i dag vert bygde som ein del av vegnettet, er teknisk avanserte
og ofte ein kombinasjon av ulike råstoff og beresystem. Likevel ser vi at konstruksjonsprinsippa mellom bruene i notida og fortida har mykje til felles.
Ta vare på deg sjølv. Slik vart avskilsbrevet som kunstnaren Sophie Calle fekk frå
kjærasten sin avslutta. For å gjennomarbeida brotet, lot Sophie Calle 107 kvinner
tolka brevet for henne på grunnlag av yrkesbakgrunnen deira. Resultatet er utstillinga
Take Care of Yourself, eit mangfald av røyster og ulike tolkingar av brevet.
Nasjonalmuséet for kunst, arkitektur og design ønskjer å gje elevane ei oppleving av
temaet arkitektur gjennom ein presentasjon av brua som berande konstruksjon og som
ein del av omgivnadene våre. Utstillinga viser grunnleggjande strukturar som er mykje
brukte som beresystem, nemleg bjelken, bogen og trekanten. Det handlar om kvifor
bruer held seg oppe.
62
Sophie Calle er kjend for konseptuelle kunstverk som tar utgangspunkt i hennar eige
liv. Etter omvising i utstillinga får elevane prøva konseptkunstens forteljarmåte i bilete
og tekst, og dei får laga eigne tolkingar av avskilsbrevet. Vi menneske lagar forteljingar
for å forstå den verda vi er ein del av. Men kva er verkeleg og kva er fiksjon når sjølve
livet blir kunst?
63
Foto: Tro, håp og revolusjon
Målgruppe:
5. – 7. trinn
Medverkande:
Solveig Landa, Anita Tjemsland
Produsent:
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2013 - vår 2014
Område:
Rennesøy, Randaberg, Kvitsøy
Stad:
Grafisk Verksted,
Stavanger og på skulane
Varer:
Fire timar
RISS – GRAFIKKVERKSTAD
Grafikk er ei morosam og engasjerande uttrykksform som historisk sett går langt
tilbake i tida. I grafikkverkstaden får elevane ei innføring i den spennande kunstnariske
prosessen om korleis eit grafisk trykk blir laga, og dei får vera med heile vegen frå idé
til ferdig bilete.
Grafikarane Anita Tjemsland og Solveig Landa har arbeidsplassen sin på Grafisk Verksted i Stavanger. Begge har lang erfaring med ulike grafiske teknikkar.
Elevane vil få i oppgåve å rissa inn motiv på pleksiglassplater for så å laga eit trykk
i ei djuptrykkpresse. Dei opplever heile prosessen til dei løftar av papiret og ser sitt
eige ferdige trykk.
65
BYPLANSJEFANE
Målgruppe:
5. – 7. trinn
Medverkande:
Ein formidlar
Produsent:
Nasjonalmuséet for kunst,
arkitektur og design
Periode:
Vår 2014
Område:
I utstillinga Byplansjefane får elevane leika med eit enkelt
og pedagogisk byggesett som får dei til å reflektera rundt
dei bygde omgjevnadene våre. Kva er ein god by?
Kvifor ser byane ut slik dei gjer? Korleis burde dei ha vore?
Utstillinga er eit spennande og interessant hjelpemiddel
på vegen mot måla for forståing av arkitektur i læreplanen.
Gjennom prosjektering og utprøving får elevane ei djupare
forståing for byplan og arkitektur, der dei sjølv tek rolla
som byplansjefar.
Hå
Varer:
90 – 120 minutt
66
Elevane vil kunna tileigna seg kunnskapar om byar, gater,
plassar og bygningar med ulike funksjonar. Slik vil dei òg
forstå viktige diskusjonar som går føre seg og som vedgår
det samfunnet dei sjølv er ein del av.
Du har arva
kulturen din
– vil du ha
større arv?
Kulturarv handlar om noko frå nær eller fjern fortid og er på den måten
representert i nær sagt alle produksjonane i DKS. Vi presenterer her dei
produksjonane som har overvekt av kulturarv i seg.
RV
KU
LT
A
UR
HUS MÅ ME HA…
Målgruppe: 5. – 7. trinn
Medverkande: Formidlar
Produsent:
Vitengarden,
Jærmuséet/DKS Rogaland
Periode:
Haust 2013 – Vår 2014
Område:
Klepp, Gjesdal
Varer: Ein halv dag
70
Kva er eigentleg arkitektur? Kva er husa brukte til og kvifor er
dei bygde akkurat slik?
Elevane skal ut på tur for å sjå på hus i eige nærmiljø. Her ser
dei etter spor som kan fortelja noko om husa, t.d materialval
og utforming av dører og vindauge. Kanskje får elevane eit
nytt blikk for lokalmiljøet sitt? Vi skal ikkje sjå bort frå at dei
vert stolte av det også.
Byggeteknikk er ein viktig del av opplegget. Vi har med eit
byggesett og lar elevane få byggja sitt eige hus. Det ligg mykje
nedarva kunnskap i å byggja, og sanneleg trengst det ein god
porsjon samarbeidsevne for å få det til!
Rikskonsertane/DKS Rogaland tilbyr kvart år ein konsert til ein del
av barnehagane i fylket. Konsertane vert fordelte etter ei geografisk
turnusordning og barnehagane vel sjølv om dei vil melda seg på.
Må songar alltid
vera på rim?
E
R
BA
NE
G
HA
Målgruppe: Målgruppe: 3–6 år
3–6 år
Medverkande: Medverkande: Johan Egdetveit, Dag Sindre Vagle
Ann Kristin Andersson,
Ane Berg Vighals
Produsent:
DKS Rogaland
Produsent:
Periode:
Musikk i Nord-Trøndelag
Haust 2013
Periode:
Område:
Vår 2014
Vindafjord, Tysvær, Haugesund,
Karmøy, Utsira, Bokn, Randaberg
Område:
Stavanger, Rennesøy
Stad: Stad: Barnehagen
Barnehagen
Publikum per konsert:
Publikum per konsert:
Maks 50
Maks 45
Varer: Varer: 30 minutt
45 minutt
I DET VILLE VESTEN
HUSENE PÅ BRONSELURBERGET
Songar og historier kring leirbålet. Johan Egdetveit og Dag Sindre Vagle er moderne
kåbboiar som reiser rundt i barnehagane i Rogaland og fortel om kåbboiar og
indianarar. Johan og Dag Sindre har på seg kåbboihattane sine og lurer på om det
finst nokre kåbboiar eller indianarar i barnehagane òg...?
I historia om husa på Bronselurberget møter vi det raude og det grøne huset.
Begge står på Bronselurberget. Det raude huset har funne si historie og sin tonesong
som seier ”Gløym ikkje kjærleiken”. Denne historia var teikna ned som helleristningar
på berget under huset. Hagen rommar dei vakraste blomar og tonesongen kling
ut frå huset over bygd og by som ringar i vatn.
Då dei var ungar og gjekk i barnehage, leikte dei ofte kåbboi og indianar. Men dei er
ikkje heilt sikre på om ungane i dag veit kva det er. Johan og Dag Sindre kan mange
tøffe kåbboisongar, og dei kan spela kjempefort på trekkspel og gitar. Kanskje kjem
det til og med ein og annan indianarsong innimellom kåbboiskrønene?
74
Det grøne huset ynskjer å bli like glad som det raude huset, men skal det leita etter si
eiga historie? For tenk om historia er litt rar? Vi kan røpa at husa har ein løyndom som
berre dei to veit om i heile, heile verda. Bli med inn i den musikalske hagen til det
raude og grøne huset og lytt til musikkens vakre klangar.
75
Ikkje høyr på
far din, opplev
det sjølv!
DE
EG
N
ÅA
R
IDA
V
Dei vidaregåande skulane får presentert ein
kulturmeny der dei sjølv vel kva dei vil vera
med på. Menyen vert sendt ut i slutten av april,
og frist for påmelding var 17. mai.
DKS Rogaland
Tidspunkt:
Veke 47 og 48, 2013
Stad: Medverkande:
Fotograf: Ingrid Kjosavik
Produsent:
Fotograf: Alliance Française Dar es Salaam
Medverkande: Stein Inge Brækhus John,
Mponda, Anania Ngolija,
Tor Yttredal, Jørn Øien
Ingrid Kjosavik, Svein Olav
Hyttebakk, Knut Aabø
Produsent:
DKS Rogaland
Tidspunkt:
Haust 2013 – Vår 2014
Stad:
På skulane (gymsal/aula)
På skulane (gymsal/aula)
Publikum per konsert:
Publikum per konsert:
120
Avhengig av lokalet
Konsertar per dag:
Konsertar per dag:
To
Tre
Varer:
Varer: 45 minutt
45 minutt
TAZANO
Songbird
Tazano er eit band med fem tanzanianske og norske musikarar. Med drivande rytmar
og fengande melodiar tek bandet publikum med til ei spennande musikalsk verd.
Tanzania er eit land fattig på pengar, men rikt på kultur, og det vert prova til fulle
under denne konserten.
Eva Cassidy er den amerikanske songfuglen med den klokkeklåre røysta. Ho slo gjennom
som artist først etter at ho døydde i 1996, berre 33 år gammal. Eigenarta tolkingar av
kjende låtar var det som var hennar store styrke. I dag er det kanskje først og fremst
hennar versjon av Over the Rainbow som er kjend, ikkje originalen med Judy Garland.
I denne konserten gjev songaren Ingrid Kjosavik liv til Eva Cassidy sine musikalske tolkingar
av eit knippe kjende låtar, akkompagnert av musikarane Svein Olav Hyttebakk
og Knut Aabø.
Musikarane er Stein Inge Brækhus (perkusjon), John Mponda (song, tanzanianske
trommer og norsk seljefløyte), Anania Ngolija (tommelpiano og song), Tor Yttredal
(saksofonar) og Jørn Øien (tangentar). Desse har spelt saman over fleire år, og gitt
konsertar både i Tanzania og Noreg, inkludert den kritikarroste opningskonserten
på MaiJazz i 2010.
78
79
Fotograf: Andy Bell
SPEIL
Speil er ei framsyning elevane er med på å skapa, samansett
av levande musikk og videokunst. Eit par veker før konserten
kan elevane lasta opp korte videofiler frå skulen sin på ei eiga
nettside. Mattetime, skuleteater, fotballtrening, eller samtalar
og små kvardagssituasjonar - alt som kan vera med på å skapa
eit bilete av livet på skulen.
Medverkande: Petter Frost Fadnes,
Ståle Birkeland,
Chris Sharkey,
Dag Egil Njaa,
Eirik Bekkeheien (lyd)
Produsent:
DKS Rogaland
Opptaka kan gjerast med utstyr som elevane har tilgjengeleg,
som smarttelefon, nettbrett eller videokamera. På førehand
vil ein av utøvarane vitja nokre klassar på kvar skule for
å introdusera prosjektet, visa korleis opptaka skal brukast
og korleis dei lett kan lastast opp på nettsida.
Dag Egil Njaa vil skapa opptaka om til videokunst under
framsyninga, medan musikarane i trioen The Geordie Approach
skapar eit lydbilete med element frå mellom anna housemusikk, rock, jazz og samtidsmusikk. Noko av musikken er
komponert på førehand, og noko vert improvisert der og då.
Framsyninga vert dermed unik for kvar skule.
Tidspunkt: Veke 6 og 7, 2014
Stad:
På skulane
Publikum per framsyning: Avhengig av lokalet
Framsyningar per dag:
To
Varer:
40 minutt
81
METROPOLIS
Medverkande: Metropolis er ein science-fiction film som vart laga i Tyskland
Didrik Ingvaldsen, Anders
Gjerde, Dag Magnus
Narvesen
Tidspunkt:
DKS Rogaland
Tidspunkt:
Haust 2013 – Vår 2014
Stad:
På skulane (blenda aula)
eller på næraste kino
Publikum per framsyning: Avhengig av lokalet
Framsyningar per dag: To
Varer:
80 minutt
82
i 1925 av Fritz Lang. Handlinga i filmen er lagt til den oppdikta
byen Metropolis i 2026.
Metropolis har gjennom dei siste tiåra inspirert filmskaparar
og kunstnarar, noko som kan sjåast i musikkvideoar som
Madonnas Express Yourself og Queens Radio Ga Ga.
Korleis såg ein filmskapar i mellomkrigstidas Tyskland for seg
framtida? Filmen er spekka med spesialeffektar som framleis
kan ta pusten frå oss. Men Fritz Lang sin framtids-visjon er
òg full av peikarar mot han som skulle bli Tysklands sterke
mann og starta andre verdskrig.
Metropolis er ein stumfilm, og DKS Rogaland har fått komponert
ny musikk som speglar filmens science fictionsjanger i vår
eiga tid. Musikken vert framført live av ein trio under leiing
av Didrik Ingvaldsen.
Fotograf: Elisabeth Krey Jenssen, SSO
MANYWORLDS – 3D-FILM
Medverkande: Stavanger Symfoniorkester,
Boya Bøckman
Produsent:
Stavanger Symfoniorkester
Tidspunkt:
25. og 26. september 2013
Stad: Stavanger Konserthus, Zetlitz
Publikum per konsert:
Vi kan observera fire dimensjonar: Høgd, breidd og lengd
— i tillegg til tid. Sjølv om vi ser verda rundt oss, er det også
mange ting vi ikkje kan oppdaga.
Den norske komponisten Rolf Wallin har gått saman med
videokunstnaren Boya Bøckman om å laga eit musikalsk
og visuelt univers basert på kvantefysikk og matematiske
formlar. Videokunsten er laga i 3D-film og viser oss ei verd
som vi elles ikkje kan sjå.
600
Konsertar per dag:
To
Varer: 40 minutt
Wallin og Bøckman har tatt utgangspunkt i det som
i teoretisk fysikk blir referert til som ”string and membrane
theories”. Teorien legg til grunn at ”strenger” vibrerer i ulike
dimensjonar, og at dei avhengig av korleis dei vibrerer,
kan bli observert i tredimensjonalt rom som materie,
lys og gravitasjon. Feltet er under stadig utvikling med
vitskapsmenn som Stephen Hawking i spissen, og er av
enkelte kalla Theory of Everything.
85
Fotograf: Knut Bry
GRENSEN
Medverkande: Jørn Bjørn Fuller-Gee,
Ida Holten Worsøe
Produsent:
Jo Strømgren Kompani/
Hålogaland Teater
Tidspunkt: Ein mann og ei kvinne deler ein arbeidsplass. Dei har gjensidig
respekt for kvarandre, men under overflata utspelar seg
ein kamp om territorium. Mannen og kvinna kjempar også
ein kamp mot kjenslemessig avhengighet, både overfor
kvarandre, spelet og den farlege blandinga av desse, noko
som ofte oppstår mellom to personar av motsett kjønn.
Veke 44, 2013
Stad: Kulturhus (eks: Festiviteten,
Suldal og Sandnes Kulturhus)
Publikum per framsyning: Avhengig av lokalet
Framsyningar per dag: To
Varer: 60 minutt
Verkstad varer: Tre timar
Gjennom tekst og rørsle, dans og teater, humor og sensualitet
utviklar seg ei fascinerande framsyning som stadig tek nye
vendingar. Med litt fantasi kan ein også sjå ei anna tolking:
Kan vanskane til dette paret også vera eit bilete på ein
klassisk grensekonflikt mellom to land?
Danseverkstad
I tillegg til framsyninga får elevane tilbod om ein verkstad,
der dei kan få eit nærare innblikk i Jo Strømgren Kompanis
metode og form. Mange skodespelarar legg større vekt på
røysta enn kroppen. Jo Strømgren Kompani vil med denne
verkstaden visa korleis ein kan utvikla eit personleg kroppsspråk.
Passar særleg for elevar ved MDD, men også for andre som
er opne for å kasta seg utpå!
87
Fotograf: Jiri Jelinek
MINNENES MUSEUM
Vi kan ikkje heilt stola på minna våre, og likevel eksisterer
det ingen annan røyndom enn det vi hugsar. Kvar augneblink
vi lever får meining gjennom fortida. Notid og framtid
ville missa all meining viss fortida var viska ut av minnet
vårt. Mellom oss sjølv og ingenting står evna til å hugsa.
Inne i eit rom fylt av minne rekonstruerer fem menneske eit
liv som er slutt. To brør, ein nabo, ein lærar og ein kjærast.
Med varme, musikk og humor fortel dei historier om ein
dei har mist.
Etter framsyninga opnar skuffene i arkivet seg og blir til eit
lite museum, eit refleksjonsrom med ulike sanseopplevingar
som kan vekka assosiasjonar til eige liv og eigne minne.
NiE vann Gullsekken for beste produksjon i 2011.
Stykket vert spelt på norsk og engelsk.
Medverkande: Helder Deploige, Iva Moberg,
Kieran Edwards, Guri Glans,
Dagfinn Tutturen
Produsent: NiE teater
Tidspunkt: Haust 2013 – Vår 2014
Stad: På skulen (gymsal, blackbox
eller stort klasserom).
Publikum per framsyning: 60
Framsyningar per dag: To (Tre viss same skule fleire
dagar på rad)
Varer: 60 minutt, inkludert 10 minutt
i utstillinga
89
Amund Sjølie Sveen
Tidspunkt:
Haust 2013 – Vår 2014
Medverkande: Tomas Eriksson
Produsent: Tomas Eriksson
Tidspunkt: Haust 2013
Stad: Stad: Skulen, auditorium eller
scene (ikkje gymsal)
Helst auditorium,
evt klasserom.
Publikum per framsyning:
Publikum per framsyning: 200
60–90
Framsyningar per dag:
Framsyningar per dag:
To
To
Varer: Varer: 60 minutt (inkl samtale
etter framsyninga).
60 minutt
SOUND OF FREEDOM
THE POWER OF GLESBYGD
Eit performance-foredrag om lydens fysikk, norsk våpeneksport og krigens evne til
å skapa meining. Slagverkar og komponist Amund Sjølie Sveen dissekerer det norske
sjølvbiletet og eigen kunstnarleg verksemd. Med lyd, musikk, bilete og ord vert publikum
tekne inn i ei av Noregs største noverande kontroversar: Fredsnasjonane som tener store
pengar på våpeneksport.
Tomas Eriksson er kunstnar med bakgrunn frå kunstakademiet i Trondheim og primus
motor bak HÅKKI-serien saman med Mats Stenslet og Bjørn Kowalski. For nokre år
sidan arbeidde han med å samla inn ”skrönor, bullshit och sanna historier” i eit prosjekt
kalla Berättarboden. Dette er eitt av resultata.
Dette er musikk på liv og død! Som major Hilding Runar seier det: ”Musikk kan endra
folks liv.” Eller som sersjant Mark Hadsell seier det: ”Om vi spelar heavy rock for deg
24 timar i strekk, byrjar hjerne- og kroppsfunksjonane dine å svikta, tankerekkene går
saktare, og viljen din blir broten ned.”
Sound of freedom vert formidla på engelsk.
90
Fotograf: Tomas Eriksson
Produsent:
Fotograf: Elisabeth Høiberg
Medverkande: Amund Sjølie Sveen
Med The Power of Glesbygd (Bygdas kraft) gir Tomas Eriksson oss fleire usensurerte
historier og tankar frå bygde-Sverige. Historiene vert serverte i form av god gammaldags
munnleg formidling, ein slags bygde-stand-up, krydra med litt film og lyd.
Vi oppdagar at vi lett identifiserer oss med historiene. Det spelar ikkje stor rolle om ein
er frå Stavanger, Hjelmeland eller Nesflaten. Det er ein rånar i dei fleste av oss!
91
Produsent:
DKS Rogaland
Tidspunkt: September 2013
Medverkande:
Sigri Sandberg Meløy
Produsent:
DKS Rogaland
Foto: Polarheltinner
Tove Skagestad
Foto: Tro, håp og revolusjon
Medverkande: Tidspunkt:
Haust 2013
Stad:
Stad:
På skulane
På skulane
Publikum per formidling: Publikum per formidling: Etter avtale med skulen
120
Varer:
Formidlingar per dag:
60 minutt
To – tre
Varer:
Ein eller to timar
TRO, HÅP OG REVOLUSJON
Sedegheh vaks opp i Teheran medan Beatles og miniskjørt var på moten. Som radikal
student full av framtidsdraumar stod ho på barrikadane for å styrta den USA-venlege
sjahen i 1979. Venstreradikale og religiøse kjempa side om side, men i demokratiets
namn og med islam som våpen vann mullaene maktkampen etter revolusjonen,
og tidlegare støttespelarar vart forfølgde, torturerte og drepne. Sedegheh måtte leva
vidare under ei streng og bokstavtru tolking av sharialovene frå 600-talet.
Sedeghehs historie er om å leva eit dobbeltliv under eit fundamentalistisk prestestyre,
om flukt, sakn, lengsel og håp, og om å skapa seg eit nytt liv i eit nytt land. Med ein
traumatisert mann og to små søner klarte ho å arbeida seg opp frå å vera vaskehjelp
til å ta doktorgraden her i Noreg. Men kroppen gløymer aldri fortida.
Boka tar opp mange tema som går rett inn i dagens samfunnsdebatt, og ikkje minst
gjev den eit historisk bakteppe til det som no skjer i Midtausten, som ser ut til å bli ein
blåkopi av det som hende i Iran for meir enn 30 år sidan.
92
POLARHELTINNER
«Wanny skaut ein isbjørn, Ellen fødde aleine i ei fangsthytte, Cecilie kryssa heile
Antarktis med rein muskelkraft.» Forfattaren av boka Polarheltinner, Sigri Sandberg Meløy,
som sjølv er busett på Svalbard, fortel frå boka om kvinnelagnader i Arktis. I etterkant
kan ein diskutera omgrepet helt. For kva er eigentleg ei heltinne? Og kva er ei bragd?
Boka fortel om sju kvinner som dei siste hundre åra har erobra plass i ei maskulin verd,
og prøver å gje innsikt i dragninga mot strabasar, kulde, ro og einsemd – og kjærleiken
til ein sårbar natur.
Etter formidlinga kan ein velja eit innføringskurs i journalistikk, med utgangspunkt
i historiene til desse kvinnene. Elevane får innføring i bruk av kjelder og intervjuteknikk.
93
Medverkande:
Medverkande:
Lars Tønnessen (Atlars),
Ørjan Johansen, Roar Skjelbred
Lene Ask, Bjørn Arild Ersland
Produsent:
DKS Rogaland
Produsent:
DKS Rogaland
Tidspunkt:
Tidspunkt:
Haust 2013
Haust 2013
Stad: Stad:
På skulane
På skulane
Publikum per formidling: Publikum per formidling:
Avhengig av lokalet
Avhengig av lokalet
Formidlingar per dag: Formidlingar per dag:
To
To
Varer:
Varer: 45 minutt
45 minutt
HElE ROGALAND LESer
Med utgangspunkt i ein fersk antologi med tema makt, avmakt og likegyldigheit, presenterer
DKS to ulike formidlingar knytt opp mot denne boka. Kjende og meir ukjende forfattarar
knytt til Rogaland, uttaler seg om kven som eigentleg sit på makta i regionen vår. Kven har
makt, kven har ikkje, og kvifor er det så mange som ikkje bryr seg?
Hipp hopp og Garborg
Rapparen Atlars, musikaren Roar Skjelbred og Ørjan Johansen frå Garborgsenteret
skal ut på vegen for å få skuleungdom nyfikne på politikk ved hjelp av rytme, skråblikk
og språkleik. Dei vil dra ei line frå samfunnskritikaren Garborgs tid til Atlars’ rap. Er Rogaland
det tiljubla oljesamfunnet me vil ha? Kor lenge kan det vara? Er det rett å nyta billige varer
laga av barn og andre under kummerlege vilkår i andre delar av verda? Korleis står det til
med ytringsfridomen? Religionsfridomen? Demokratiet? Likestillinga? Og går eigentleg
verda framover?
94
Makt, avmakt og idiotar
Teikneserieforfattaren og illustratøren Lene Ask og forfattaren Bjørn Arild Ersland
skal for fyrste gong jobba saman. Det som bind produksjonen saman er tre ord:
Makt, avmakt og likesæle.
Lene og Bjørn Arild har det til felles at dei trass i eit lågmælt uttrykk ofte kjem med
skarpe samfunnskommentarar. Med foto, tekst, teikneseriar og biletbøker har dei kvar
på sin kant vore med på å tøya rammene for dei tradisjonelle sjangrane.
I møte med elevane har dei med seg ein ubrukt teikneblokk og ein god porsjon undring.
Slik vil dei nærma seg orda frå ulike kantar. Dette blir ein visuell og humoristisk
formidling som skal visa elevane kva politikk er og kan vera.
95
Foto: Til Ungdommen
TIL UNGDOMMEN
Medverkande: Til Ungdommen er forteljinga om fire ungdommar som er
Tone Grøttjord (produsent)
Kari Anne Moe (regissør)
Produsent:
DKS Rogaland i samarbeid
med Sant & Usant
Tidspunkt:
Haust 2013 – Vår 2014
Stad:
På kino i Haugesund,
Stavanger, Sandnes,
Egersund eller Strand
Publikum per formidling:
Etter avtale med skulen
Formidlingar per dag:
To
Varer:
113 minutt + diskusjon
i etterkant
politisk aktive når terroren rammar Noreg. Sana, Henrik,
Haakon og Johanne er med i ulike ungdomsparti. Vi følgjer
desse fire fram mot og gjennom valkampen i 2011.
Når filmen startar, er ungdommane i ferd med å førebu
seg til haustens valkamp. Sana (16) øver seg på å ta ordet
framfor eit publikum, Henrik (19) er lei av å forsvara seg
mot radikale ungdommar som seier partiet hans er rasistisk.
Haakon (19) har ambisjonar om å bli vald inn i kommunestyret, og Johanne (18) er i ferd med å trekka seg som
debattant i skulevalet fordi ho ikkje taklar presset.
Men så hender det noko som endrar alt. Oslo vert ramma
av terror. Regjeringskvartalet vert bomba og ein høgreekstrem
massemordar gjennomfører ein massakre under AUF sin
sommarleir på Utøya.
Etter filmen kjem regissør eller produsent til å vera til
stades for diskusjon.
97
Foto: Språk og strid- Per
A.D.Jynge
Medverkande:
Medverkande:
Arild Østin Ommundsen/
andre medverkande
To formidlarar/filmskaparar
Produsent:
DKS Rogaland
DKS Rogaland i samarbeid
med KINOKINO
Tidspunkt:
Tidspunkt:
Haust 2013
12. og 14. november 2013
Stad: Stad: På skulane eller næraste kino
KINOKINO – senter for
kunst og film, Sandnes
Publikum per framsyning:
Produsent:
Avhengig av lokalet
Publikum per framsyning: Framsyningar per dag:
175
To
Framsyningar per dag:
Varer: To
Tre timar
Varer: 145 minutt
98
Eventyrland
KORT på KINOKINO – filmfestival
Ved eit uhell blir den småkriminelle Jenny innblanda i eit drap. Ho må sona fleire
år i fengsel. Vel ute etter soninga ventar det ho har gledd seg mest til: Å få vera
saman med den sju år gamle dottera. Men ute i livet finst også menneske frå livets
skuggeside – og frå fortida til Jenny – som ikkje har tenkt å la henne heilt utan vidare
starta eit nytt og betre liv.
KORT viser det beste og mest nyskapande innan norsk og nordisk kortfilm.
Festivalen er ein møtestad for profesjonelle og ferske filmskaparar, ein kreativ og
pulserande arena for alle som arbeider med film og video. KORT på KINOKINO tilbyr
spennande føredrag av internasjonale utøvarar innan filmbransjen, aktuelle debattar,
verkstader m.m.
Etter filmen får elevane møta regissøren Arild Østin Ommundsen, også kjend for
Mongoland, Monstertorsdag og Rottenetter. Han vil fortelja om den uvanlege
produksjonsmetoden han valde, der han sjølv har stått for både manus, foto
og klipp. Innspelinga av filmen har vore spreidd over eitt og eit halvt år med eit
minimalt budsjett. Dette har gjeve Arild eit heilt anna handlingsrom enn kva som
er vanleg i tradisjonell norsk filmproduksjon.
Tema for festivalen 2013 er LYD. Festivalen går føre seg 14. – 17. november.
KINOKINO – senter for kunst og film — tilbyr vidaregåande elevar smakebitar frå festivalen.
Elevane vert inviterte til VORSPIEL KORT – på dagtid før sjølve opningskvelden. Eitt av
kortfilmprogramma blir vist som eit VORSPIEL. Elevane vert inviterte til samtale om
kva som kjenneteiknar ein god kortfilm.
99
Medverkande:
Medverkande:
Kenneth Varpe, Vegar Hoel
Formidlarar frå Nuart
Produsent:
Produsent:
DKS Rogaland i samarbeid
med Screen City
Nuart
Tidspunkt:
September/oktober 2013
15. september
– 17. oktober 2013
Stad: Stad:
På skulane
Tou Scene
Publikum per formidling: Publikum per formidling:
30 elevar
30
Formidlingar per dag:
Formidlingar per dag:
To
Tre
Varer: Varer:
90 minutt + 60 minutt
oppfølging
90 minutt
STREETS AHEAD
Film din by på eitt minutt
Nuart er igjen klar til å ta over gater og galleri med urban art, ei av verdas nyaste
og mest dynamiske kunstformer. Årets utstillingsprogram er sett saman av ei utstilling
på Tou Scene og fleire verk utandørs, sosiale mediekanalar og ei tilrettelagt Tumblr,
der elevane kan lasta opp eigne arbeid. Elevane får ein presentasjon av kunstverka og
kan delta aktivt i å produsera sitt eige innhald.
Kenneth og Vegar vil sjå på korleis vi kan bruka levande bilete utanfor den tradisjonelle
filmen. Fokus ligg på kunstfeltet og det offentlige rom. Elevane lærer å skriva, produsera
og ferdigstilla ein film på sine eigne mobiltelefonar.
Elevane skal ta utgangspunkt i byen og bruka han som lerret til historieforteljing. Dei vil
også få delta i ein konkurranse der vinnarane får vist verka sine under Screen City Festivalen
i Stavanger i oktober/november 2013. Deltakarane vil òg kunna få tilbakemelding av
Vegar og Kenneth før innlevering.
For meir informasjon sjå www.screencity.no.
Foto: Streets Ahead
SCREEN CITY: BYEN SOM LERRET
Skodespelar og filmskapar Vegar Hoel og biletkunstnar Kenneth Varpe vil gje elevane
ein introduksjon til film- og videomediets historiske og teknologiske utvikling.
100
Tidspunkt:
Elevane vert inviterte til å dokumentera street art for vår Nuart biletblogg. Dei kan
mellom anna nytta smarttelefonar, lesebrett, Instagram, Tumblr, Facebook, Twitter
og bloggar for å dokumentera og distribuera kreativt.
101
Produsent:
Medverkande:
i/o-lab
Lise-Marte Vikse Kallåk
Tidspunkt:
Produsent:
Haust 2013 – Vår 2014
Haugesund Billedgalleri
Stad:
Tidspunkt:
På skulane
Oktober 2013
Stad:
Haugesund Billedgalleri
Publikum per formidling:
30 (2 x 15)
Formidlingar per dag:
To
Varer:
120 minutt
Public Art Screens
LESS IS MORE
Public Art Screens er ein ny og unik formidlingskanal for samtidskunst til skulane.
Aktuell videokunst, animasjon og foto, laga av profesjonelle nasjonale og internasjonale
kunstnarar, vert formidla på kunstskjermar.
Less is more er ei utstilling av haugesundskunstnaren Trygve Goa (1925-2013), der
linoleumssnittet er reindyrka. Bileta er kjenneteikna av eit eineståande samsvar mellom
form, innhald og teknikk. Alt som ikkje er naudsynt, er skore bort. Tilbake står reine,
svarte flater og liner mot kvitt papir. Goa er omtalt som meister i forenkling.
Ved hjelp av dei touchbaserte kunstskjermane vil elevane kunna gjera seg kjende med
samtidskunst heile døgnet, alle dagar. Kunstskjermane kan koplast til lyd, og ein kan
nytta hovudtelefonar om ein ønskjer ei meir diskret oppleving. Det er behov for tilgang
til straum og internett. Skjermane vert leverte og monterte på skulen, og dei kan vera
på skulen etter avtale. Det vert utarbeidd eit hefte som omhandlar dei aktuelle
kunstverka til bruk for lærarane.
102
Goa var oppteken av maktmisbruk og avmakt, einsemd, liding og naud. Tema for
denne produksjonen er «Det ondes problem».
Gjennom formidling, samtale og verkstad vil elevane bli kjende med kunstnaren
og teknikken han nytta.
103
Produsent:
Medverkande: Formidlar ved
Garborgsenteret
Haugesund Billedgalleri
Produsent:
Tidspunkt:
MediaFarm/DKS Rogaland/
Garborgsenteret
16. januar – 2. mars 2014
Stad: Tidspunkt:
Haugesund Billedgalleri
Haust 2012 – Vår 2013
Publikum per formidling:
Stad: 30
Garborgsenteret
Formidlingar per dag:
Publikum per formidling:
To
12-20
Varer: Formidlingar per dag:
90 minutt
To
Varer: 90 minutt
EVENTYRLIG. GAMLE FORTELLINGER
I NY DRAKT
I samband med 200-årsjubiléet for eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe, har
Nasjonalmuséet for kunst, arkitektur og design utvikla ei utstilling inspirert av muséets
eiga samling av eventyrteikningar. Illustrasjonane til dei norske eventyra er ein viktig
del av vår felles kulturarv og eit høgdepunkt i norsk illustrasjonskunsts historie.
Gjennom formidling og verkstad vert elevane kjende med mellom andre
Theodor Kittelsen og Erik Werenskiold sine illustrasjonar til folkeeventyra.
104
Fotograf: Per A.D.Jynge
Medverkande: Lise-Marte Vikse Kallåk
SPRÅK OG STRID
Strid er eit interaktivt rollespel der elevane blir presenterte for Heimland. Her skal det
vera ei folkeavrøysting om engelsk som nytt offisielt språk. Deltakarane jobbar gruppevis
for å vinna folkeavrøystinga, dei svarer på e-post og telefonar, gjer oppgåver, samlar
argument og førebur debatt. Undervegs møter dei dramatiske nyhende og får gjennom
meiningsmålingar sjå korleis dei ligg an. Heilt til slutt er det debatt og folkeavrøysting.
Rollespelet Strid vekker konkurranseinstinktet, og medan klokka tikkar ned, forstår
elevane at språk er meir enn berre ord. Både identitet, likestilling, demokrati, rettferd
og kultur blir viktige moment i spelet, som i det verkelege livet.
105
Foto: MineSpråk
MINE SPRÅK
Haldning til språk og leik med språk står sentralt i produksjonen
Mine språk, som er inspirert av stand-up-sjangerens form
og verkemiddel.
Framsyninga har form som ein humoristisk undervisningsdialog mellom ein språkekspert og assistenten hans. Her får
elevane servert kuriøse fakta om nynorsk, overraskande
tankerekkjer om ulike språk i verda og leikande formidling om
korleis vi brukar språket til å uttrykkja oss.
Medverkande:
Terje Torkildsen,
Fredrik Brimsø,
Lars Tønnessen (Atlars)
Produsent: Nynorsk kultursentrum
Tidspunkt:
Haust 2013 – Vår 2014
Stad:
På skulane
Publikum per formidling: Etter framsyninga får elevane god rettleiing i å laga sketsjar
som viser aktiv språkbruk i praksis. Timane blir avslutta med
framsyning av sketsjane til kommentarar frå formidlarane.
30
Formidlingar per dag:
To
Varer:
90 minutt
107
Ser du det
frå den andre sida,
vil du oppdaga
mange nye sider
T
N
ME
GE
E
DR
N
RA
AR
AN
Arrangement av interesse for barn,
unge og lærarar, men ikkje direkte del
av Den kulturelle skulesekken.
Kommunemønstringar:
Januar/februar
Fylkesmønstring:
21. – 23. mars 2014 i Tysvær
Landsmønstring:
25. – 30. juni 2014 i Trondheim
Påmelding/info:
www.ukm.no
KORLEIS BRUKAR DU RØYSTA DI?
UKM - UNGDOMMENS
KULTURMØNSTRING
Regjeringa har peika ut UKM, DKS og kulturskulane som dei viktigaste satsingane på
barne- og ungdomskultur. Gjennom lokale mønstringar får dei unge vist fram ulike
kunstuttrykk til eit publikum og ein jury, dei får faglege tilbakemeldingar og dei får møta
likesinna. UKM omfattar eit breitt spekter av tenkelege – og utenkelege – kunstformer.
Fylkesmønstringa og landsmønstringa vert begge organiserte som festivalar,
der deltakarane er samla – i fylkesmønstringa frå fredag til sundag og i landsmønstringa
frå fredag til måndag. Dei får delta i kunstverkstader og sosiale arrangement i tillegg
til sjølve mønstringa.
Påmelding til kommunemønstringane opnar rundt 1. desember.
110
I 2013 feirar vi hundreårsjubileum for allmenn røysterett i Noreg. Det å bruka røysta
si er ein demokratisk rett, kanskje også eit ansvar. Vi tel opp røyster ved kvart val,
men kva for røyster er det som tel i samfunnsdebatten? Kven har makt? Kven vert
ofra for makta? Og kven synest det er vanskeleg eller unyttig å engasjera seg?
Årets bok i Hele Rogaland leser er ein antologi der det gjennom dikt, essay, reportasjar
og skjønnlitteratur vert teikna eit bilete av maktforholda i dagens Rogaland. Tittelen er
i seg sjølv provoserande: Makt, ofre og idioter i Rogaland. Boka blir delt ut i alle biblioteka
i fylket frå og med laurdag 31. august, ei drøy veke før stortingsvalet.
DKS tilbyr to formidlingsturnéar knytt til antologien, presentert under tilbod for
vidaregåande skular. Det er utarbeidd eit pedagogisk opplegg for bruk av boka
i undervisning. Dette finst på nettsidene til DKS Rogaland og It’s learning.
Hele Rogaland leser er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune, LO Rogaland,
Næringsforeninga i Stavangerregionen og Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus.
Årets bok er den sjette i rekka og den første som er nyskriven.
111
Sanninga
ligg langt utanfor
skulesekken,
gjengen
og Facebook
OD
B
TIL
S
G
LIN
TIL
S
BE
Dette er tilbod som skulane kan bestilla
i tillegg til dei oppsette turnéane.
Her må skulane sjølv ta kontakt og betala
transport og eventuelle andre kostnader.
Jærmuséet
Jærmuséet er eit regionalt vitensenter for Sørvestlandet og regionmuseum for
kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.
Heimeside:
www.jaermuseet.no
Kontakt:
post@jaermuseet.no
Alle tilboda er gratis dersom ikkje anna er oppgitt. Besøk anlegga våre, og bli kjend
med jærsk historie, kultur og næringsliv i fortid og samtid.
Telefon:
51 79 94 20
Vitengarden på Nærbø
Vitensenter og museum med vekt på aktivitetar og opplevingar, interaktive læringsmetodar
og tverrfaglege perspektiv som integrerer kulturhistorie, naturvitskap og teknologi.
Vitenfabrikken på Sandnes
Vitensenter og museum med vekt på aktivitetar og opplevingar, interaktive læringsmetodar
og tverrfaglege perspektiv som integrerer kulturhistorie, naturvitskap og teknologi.
Undervisningsopplegg knytt til fyr og elektrisitet, livet i fjøra, navigasjon og geofag.
Science Circus
Undervisningsopplegg med aktivitetar med utgangspunkt i jærsk byggeskikk og levesett
kring 1850 - 1900-talet, kystkultur og kulturlandskap.
Omreisande vitensenter. Elevane kan prøva interaktive eksperiment innan naturfag,
matematikk, kvardagskjemi og energi. Dagen sluttar med eit lærarkurs med tips og idéar
til realfagsundervisning. Pris: Avhengig av opplegg og omfang.
Vistnestunet
Undervisningsopplegg med aktivitetar som er knytt til gardsdrift, byggeskikk på Jæren
og det maritime.
114
Tungenes Fyr
Grødaland i Hå
Flyhistorisk Museum Sola
I mai gjennomfører flymuseet undervisningsopplegget Leik med luft. Gjennom ei rekke
praktiske eksperiment får elevane innsyn i luftas magiske verd. Kva er luft, korleis kan
eit fly letta, og kva er det som gjer at det held seg i lufta? Leik med luft er primært retta
mot 3.-5. klasse.
115
Nordvegen Historiesenter
Avaldsnes, tusenårsstaden i Rogaland, har vore
sete for kongar og fyrstar gjennom fleire tusen
år. Senteret tilbyr ulike formidlingsopplegg knytt
til over 10.000 år med historie. I det interaktive
rollespelet Maktspillet får elevane vera Tinget,
og må døma i vanskelege saker. I den nye
utstillinga Forskarrommet kan du læra om
korleis ein finn ut ting om fortida. Kanskje vil
du prøva deg som forskar sjølv?
Pris: Gratis
Målgruppe: Har tilbod til alle trinn
Heimeside: www.avaldsnes.info
Lenke: www.facebook.com/avaldsnes
E-post: historieformidler@karmoy.net
Telefon: 52 81 24 02
Karmsund folkemuseum
HAUGALANDMUSEENE
Haugalandmuseene er Karmsund folkemuseum, Haugesund Billedgalleri, Nordvegen
Historiesenter, Bokn bygdemuseum, Nedstrand bygdemuseum, Vikedal bygdemuseum,
Arquebus krigshistoriske museum, Hiltahuset på Røvær og Stiftelsen Haugesjøen.
Muséa er ulike i både innhald og storleik. Det er utarbeidd eit eige ressurshefte/
formidlingsplan til bruk i muséa.
Heimeside: www.haugalandmuseene.no
E-post: postmottak@haugalandmuseene.no
116
Karmsund folkemuseum har utstillingar, magasin,
foto, film og fagfolk til disposisjon for skulebesøk
heile året. Museet kan skreddarsy undervisning
som passar tematisk. Faste utstillingar:
Haugesunds historie, Landbruk og mattradisjon på
Haugalandet, Sjøfart og fiske, Heim og nærmiljø.
Skiftande utstillingar. Nettutstillinga Byggeskikk og
arkitektur i Nord-Rogaland sjå: www.banr.no
Pris: Gratis
Adresse: Skåregt. 142, 5527 Haugesund
Heimeside: www.karmsundfolkemuseum.no
Epost: postmottak@haugalandmuseene.no
Telefon: 52 70 93 60
Haugesund Billedgalleri
Haugesund Billedgalleri er Nord-Rogalands kunstmuseum og galleri for Haugesund Kunstforening.
Kunstmuseet har ei samling på nærare 2000 verk
frå 1800-talet og fram til i dag.
Haugesund Kunstforening arrangerer salsutstillingar heile året. Museet samarbeider med DKS
regionalt og lokalt om ulike formidlingstilbod.
Opplegget kan tilpassast ulike alderstrinn.
Heimeside: www.haugesund-billedgalleri.net
E-post: grethe.lunde.ovrebo@haugesund.kommune.no
Telefon: 52 74 41 80
117
Foto: Emile Ashley
MUSEUM STAVANGER - MUST
Museum Stavanger – MUST tilbyr varierte formidlingsopplegg på ti anlegg:
Stavanger museum, Stavanger kunstmuseum, Stavanger maritime museum,
Stavanger skolemuseum, Norsk hermetikkmuseum, Norsk barnemuseum,
Norsk grafisk museum, Ledaal, Breidablikk og Utstein kloster. Sjå nettsidene
eller ta kontakt for oversikt over undervisningstilbod.
Pris: Gratis for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
Heimeside: www.museumstavanger.no
Lenke: www.facebook.com/museumstavanger
E-post: post@museumstavanger.no
Telefon: 51 84 27 00
Stavanger kunstmuseum
Unike opplevingar og kunnskap i kontekst! Stavanger kunstmuseum tilbyr dialogbaserte
omvisingar i eigne samlingar og temporære utstillingar. Formidlingstilbodet inkluderer
grunnskule og vidaregåande skule og vert tilrettelagt etter Kunnskapsløftet og aktuell
målgruppe. I starten av kvart semester vert det arrangert lærarseminar som skal gi fagleg
påfyll og fremje dialog og samarbeid mellom skulane og museet. Meir informasjon,
lærarrettleiingar og oppgåver finn du på heimesidene.
Heimeside: www.museumstavanger.no/museene/stavanger-kunstmuseum
E-post: formidling.kunst@museumstavanger.no
Telefon: 455 07 311 / 932 11 046
Utstein kloster
Utstein kloster er Noregs einaste bevarte mellomalderkloster. Besøk på Utstein kloster
passar best for 6. trinn i grunnskulen, som har mellomalderen som tema
i historieundervisninga.
Kontakt: Stiftelsen Utstein kloster, 4156 Mosterøy
Heimeside: www.utstein-kloster.no
Epost: booking@utstein-kloster.no
Telefon: 51 72 00 50
119
Pris:
www.dalanefolke.museum.no
Gratis
E-post:
Målgruppe:
post@dalanefolke.museum.no
Alle klassetrinn
Telefon:
Heimeside:
51 46 14 10
Foto: Polarheltinner
Heimeside:
www.arkeologiskmuseum.no
E-post:
skoletjenesten@uis.no
Telefon:
51 83 26 25
ARKEOLOGISK MUSEUM, UIS
DALANE FOLKEMUSEUM
Hovudanlegget på Slettebø
Tre kulturhistoriske bygningar på Slettebø huser interiør og museets rikhaldige samling av
gjenstandar. Barn og unge kjem nærare historia gjennom ulike formidlingsopplegg knytt
til historiske tema – alt frå seglskutetida til andre verdskrigen. Besøk våre nettsider eller ta
kontakt med oss for nærare informasjon.
Egersund Fayancemuseum
Egersund Fayancemuseum tilbyr opplegg innan kulturhistorie og design. Omvisingar kan
kombinerast med demonstrasjon av ulike pottemakarteknikkar eller aktivitetar med leire.
120
Grunnskulen: Vi tilbyr spennande undervisningsopplegg om steinalderen, bronsealderen,
den eldre jernalderen, den yngre jernalderen og mellomalderen. Kvart opplegg varer
ca. 1,5 time og vert tilpassa klassetrinn.
Museet har ein ny, spennande utstilling om vikingtid.
Vidaregåande skule: Generell forhistorie, Historie og filosofi, Gravskikk i Rogaland, og Død og
gravlegging frå steinalder til mellomalder. Kvart av opplegga varer ca. ein time. Teknologi og
design: Ly og varme og Forhistorisk byggeskikk i Rogaland. Begge varer ca. ein time.
Besøk på utgravingsfelt: I samband med større utgravingar er det høve for skuleklassar
frå nærområdet å komma på besøk i utgravingsfeltet. Ta kontakt for meir informasjon.
121
Pris:
Heimeside:
Gratis
www.hagamleprestegard.no
Heimeside:
Kontakt:
www.norskolje.museum.no
kultur@ha.kommune.no
E-post:
Telefon:
paul@norskolje.museum.no
51 79 16 60
Telefon:
51 93 93 00
122
Norsk Oljemuseum
HÅ GAMLE PRESTEGARD
Norsk Oljemuseum tilbyr spennande og aktiviserande utstillingar for barn og
ungdom på alle klassetrinn. Alle undervisningstilboda våre er utvikla i samsvar med
gjeldande læreplanar.
Ute i havkanten ligg Hå gamle prestegard, ein kunst- og kulturinstitusjon i eit
tradisjonsrikt og verna anlegg. Dei skiftande utstillingane femnar om norsk og nordisk
samtidskunst, både biletkunst, installasjon/skulptur og kunsthandverk.
Vi har eit undervisningsopplegg i samfunnsøkonomi som vi har kalla Sort Gull.
Opplegget er eit rollespel, der elevane er deltakarar i ein pressekonferanse.
Sort Gull er eit tilbod til ungdomsskulen og til den vidaregåande skulen.
Plasseringa av prestegarden, midt i Jærstrendenes landskapsvernområde, gjer dette
til eit unikt utgangspunkt for turar med vekt på geologi, botanikk eller kulturhistorie.
På staden finst det spor og funn både frå steinalderen og folkevandringstida.
For mellomtrinnet har vi laga eit pedagogisk kjemishow. Opplegget er laga for å fascinera
og engasjera, men også for å skapa forståing for partikkelmodellen og enkel kjemi.
Hå gamle prestegard tilbyr opplegg som kan tilpassast ulike tema og til alle klassetrinn.
Ta kontakt for meir informasjon om komande utstillingar, aktuelle opplegg og prisar.
123
Heimeside:
Heimeside:
www.kunsthallstavanger.no
www.publicartscreens.no
E-post:
E-post:
info@kunsthallstavanger.no
hege@iolab.no
Telefon:
Kontakt:
Dagleg leiar Hege Tapio
51 56 41 20
Telefon:
Foto: Lina Viste Grønli, 2013
976 01 087
KUNSTHALL STAVANGER
i/o/lab
Kunsthall Stavanger tilbyr skiftande utstillingar som er gratis for alle under 18 år.
i/o/lab Senter for Framtidskunst tilbyr prosjektet Public Art Screens:
Public Art Screens – ein ny unik formidlingskanal for samtidskunst til skulane.
Public Art Screens kunstskjermar formidlar aktuell videokunst, animasjon og foto
med verk av profesjonelle nasjonale og internasjonale kunstnarar.
Programmet til hausten 2013 inkluderer soloutstillingar med Lina Viste Grønli,
Frances Stark og Marthe Elise Stramrud. I tillegg har vi kunstnariske prosjekt på vår
heimeside, og bibliotek med kunstbøker som er opent for alle.
Vi avtaler gjerne gratis omvising i opningstidene dersom det er ledig kapasitet.
124
Våre touchbaserte kunstskjermar vil garantert vekkja ungdommar si interesse
og gjere dei betre kjende med samtidskunst.
125
Heimeside:
Heimeside:
www.rogaland-teater.no
www.haugesund-teater.no
Kontakt:
Facebook:
Salsavdelinga
www.facebook.com/
#!/haugesundteater
E-post:
salg@rogaland-teater.no
Telefon:
Telefon:
52 74 37 20
51 91 90 98 /
51 91 90 97
ROGALAND TEATER
HAUGESUND TEATER
Rogaland Teater tilbyr alle elevar i Rogaland billett til 100 kroner per elev ved gruppebestilling på minimum ti billettar. Lærarar som følgjer elevane får fribillettar dersom
dei sit mellom elevane i salen. I forkant av enkelte framsyningar inviterer teateret til
lærarkurs som er direkte knytt til stykket. Følg med på DKS Rogaland si nettside.
Haugesund Teater er regionteateret for Haugesunds-regionen. Teateret har tilbod til
skuleelevar på alle framsyningar og kan setja opp ekstra framsyningar på dagtid etter
avtale. Elevane får tilbod om billettar heilt ned til 20 kroner på utvalde framsyningar.
Via Facebook kan lærarar og elevar koma med innspel og vera med og forma teateret.
Det er òg mogleg å avtala omvising på teateret og eit møte med skodespelarane
dersom det er kapasitet til dette.
126
127
Pris:
Heimeside:
5000,- pr. dag
www.lesesenteret.uis.no/
lesegledere
Kontakt:
Husflidskonsulent
Anna Halsne
E-post:
rogaland@husflid.no
Telefon:
51 89 13 40 / 950 73 710
HUSFLID I SKOLEN
Barn og unge skal få kjennskap til lokal kultur og tradisjon og møta handlingsbåren
kunnskap. Dei får gjera eigne erfaringar med naturmateriale, læra ulike teknikkar og
møta skaparglede. Nye generasjonar får opplæring i å ta vare på vår felles kulturarv!
To formidlarar fortel om ulike materiale og teknikkar, og elevane får laga ein liten ting.
Ein kan velja mellom: Ull (toving), tre (spikking), snorer og band, fritt broderi og lin.
Opplegget varer tre skuletimar og tek 30 elevar om gongen og opp til to grupper
per dag.
128
DET FINST EI BOK FOR ALLE!
LESEGLEDARAR PÅ VEG!
Med glede og engasjement presenterer lesegledarane spennande, aktuell og ny
barne- og ungdomslitteratur. Dei får ein bokmiks med action, spenning, fakta,
humor, forelsking og kjærleik – rett og slett ei bok for ein kvar smak!
Målet med lesegledarbesøket er å gjera elevane nyfikne på ny litteratur. Vi vil vekkja
leselyst og leseglede! Lesegledarane er lærarar og førskulelærarar med spesialisering
på leseutvikling og lesestimulering, og som har stor interesse for ny og aktuell barneog ungdomslitteratur. Bestill ein lesegledar til presentasjonar for elevar i klasseromet,
for foreldre på eit foreldremøte eller for skulens tilsette på eit personalmøte.
129
KONTAKTINFORMASJON
Sølvi Katrine Andersen
Kurt Lisø
Produsent scenekunst
e: solvi.katrine.andersen@rogfk.no
t: 51 51 67 34
Produsent musikk
e: kurt.liso@rogfk.no
t: 51 51 68 61
Gudrun Karina Arntsen
Egil Ovesen
Produsent film, litteratur
e: gudrun.karina.arntsen@rogfk.no
t: 51 51 68 52
Gine Heien
Produsent musikk
e: gine.heien@rogfk.no
t: 51 51 68 70
Elin Hetland
Turnékonsulent, produsent kulturarv
e: elin.hetland@rogfk.no
t: 51 51 68 79
Produsent musikk
e: egil.ovesen@rogfk.no
t: 51 51 68 86
Johs Ringaas
Kontakt vidaregåande skular
e: johannes.ringaas@rogfk.no
t: 51 51 66 70
Kirsti Sandved
Fagkoordinator
e: kirsti.sandved@rogfk.no
t: 51 51 68 27
Anne Kristin Høiland
Turnékonsulent, produsent visuell kunst
e: anne.kristin.hoiland@rogfk.no
t: 51 51 68 64
Den kulturelle skulesekken
Rogaland fylkeskommune, kulturavdelinga
Postboks 130, 4001 Stavanger
t: 51 51 68 70
w: skolesekken-rogaland.no
131
Den kulturelle skulesekken
Rogaland fylkeskommune, kulturavdelinga
Postboks 130, 4001 Stavanger
t: 51 51 68 70
w: skolesekken-rogaland.no