Kompetanseplan 2014-2020.pdf

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING
Harøy barnehage, 2014-2020
«En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes
kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives og utvikle seg i barnehagen.
Et kompetent personale vil kunne se, anerkjenne og følge opp barna i deres utvikling. Å
investere i de ansattes kompetanse er derfor å investere i barna.»
(Kunnskapsdepartementet, 2013)
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
2
Denne planen viser korleis Sandøy kommune som barnehageeigar vil arbeide langsiktig og
systematisk med kompetanseheving for alle barnehagetilsette i kommunen, i tråd med
Kunnskapsdepartementet sin strategi ”Kompetanse for framtidens barnehage 2014-2020”:
”Barnehageeier har det primære ansvaret for kompetanseutvikling for sine ansatte.
Det forutsettes at barnehageeier tilrettelegger for at personalet kan delta i
kompetanseutviklingstiltakene. Barnehageeier skal kartlegge kompetansebehovet,
sette av egne midler til kompetanseheving og ha en langsiktig plan for hvilke
kompetansetiltak som skal gjennomføres.”
1.
OVERORDNA SENTRALE MÅL OG FØRINGAR
Barnehagen sitt samfunnsmandat er nedfelt i Lov 5. mai 1995 nr. 19 «Lov om barnehager
med forskrifter», «Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen» (KD, 2011) og
Stortingsmelding nr. 24 (2012-2013) «Framtidens barnehage».
Barnehagen har som overordna mål å ta vare på barna sitt behov for omsorg og leik, og
fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
2.
FORANKRING OG AMBISJONAR PÅ LOKALT NIVÅ
BAKGRUNN:
Sandøy kommune har all barnehagedrift samla i ein kommunal barnehage, Harøy barnehage.
Kommunen har tilnærma full barnehagedekning, og pr. 01.01.2014 er 6 avdelingar i drift
fordelt i to bygg, eit storbarnsbygg og eit nytt småbarnsbygg, med 74 barn i alderen 1-5 år og
23 tilsette fordelt på 18.80 årsverk. Kommunen har eit stabilt barnehagepersonale der mange
har lang erfaring, men har ikkje utdanna førskulelærarar i alle pedagogiske stillingar. Der er
oppretta ei kompetansegruppe med særleg ansvar for arbeidet med kompetanseheving.
Kommunen er medlem i det interkommunale selskapet Sunnmøre Regionråd, og eininga vil
delta på aktuelle kurs og møter for barnehagesektoren i regi av rådet.
FORANKRING:
For å finne område ein er gode på og område ein ynskjer å heve den barnehagefaglege
kompetansen på, er det gjennomført kartleggingar blant alle tilsette. Leiing har saman med
pedagogisk personale drøfta eininga sine sterke og svake sider, knytt til
Kunnskapsdepartementet sin strategi «Kompetanse for framtidens barnehage, 2014-2020».
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
3
Det har mellom anna vore arbeidd med relasjonskompetanse gjennom ICDP (International
Child Development Programme), noko som har danna eit godt grunnlag for å kunne arbeide
med tema tilsette ynskjer å legge vekt på i framtida: språkutvikling og språkvanskar, sosialt
samspel og leik, skapande aktivitetar, det fysiske rommet og barn med særlege behov.
MÅL FOR ARBEIDET:
Arbeidet med kompetanseheving skal føre til nyskaping og vere med på å sikre kvaliteten i
barnehagetenesta, til det beste for barnet. Barnehagen skal også vere ein del av barna sitt
livslange læringsløp i Sandøy kommune, der ein vil utvikle relasjonskompetanse, legge til
rette for utforskartrang, undring og skaparglede, utvikle kunnskap, og legge til rette for
meining- og meistringsopplevingar som styrker læring og danning.
Lokale mål og tiltak er tilpassa sentrale mål og føringar. For å styrke den pedagogiske leiinga
og barnehagen som ein lærande organisasjon, har eininga ein gjennomgåande strategi i dei
ulike læringsarenaene, som igjen legg grunnlag for arbeidet med tematiske satsingsområde.
3.
GJENNOMGÅANDE STRATEGI
Pedagogisk leiing – barnehagen som lærande organisasjon
MÅL: - for å skape samanheng mellom plan og praksis, og styrke tilsette som fagpersonar og
den enkelte pedagogen si rolle som fagperson og leiar.
Ein av føresetnadane for å auke kompetansen i barnehagen er at alle tilsette får kjennskap til
aktuelle tema og nyare faglitteratur, samt får anledning til å drøfte dette i ulike fora. Gjennom
drøftingar får ein ny kunnskap, og ein kjem nærare ei felles forståing som gjer at ein lettare
kan støtte kvarandre i det daglege arbeidet til det beste for barna si læring og utvikling. Å
drøfte tema og litteratur som høver til utfordringar og gjeremål i barnehagekvardagen vil vere
avgjerande for dei tilsette sitt læringsutbytte.
Eininga ynskjer å ivareta barn i ulike aldrar sine behov (herunder også dei yngste) gjennom å
delvis organisere utiklingsarbeidet for to personalgrupper: eit arbeid tilpassa for tilsette i
småbarnsbygget og eit arbeid tilpassa for tilsette i storbarnsbygget.
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
4
Arbeid med kompetanseheving i barnehagen vil vere eit kontinuerleg utviklingsarbeid som
går gjennom ulike fasar, frå oppstart og forankring, til etablering av felles forståing,
gjennomføring og implementering. For å synleggjere arbeidet for tilsette, føresette og eigar,
vert nye metodar og vektlegging i arbeidet nedfelt i komande årsplanar.
Utifrå kompetanseplanen vert det utarbeidd ein møteplan med innhald kvart halvår.
Læringsarenaer
Ansvarleg
Avdelingsmøte:


Planlegge innhald og aktivitetar på kvar avdeling i tråd med rammeplan og
Ped.leiar på
barnehagen sin årsplan
kvar avd.
Drøfte faglege tema som høver til barna sin alder, særtrekk og utvikling på
kvar avdeling.

Gjere seg kjent med og arbeide i tråd med revidert rammeplan som kjem
01.01.2015.
Ped.leiarmøte:

Verte kjent med og drøfte tema i forkant av fagleg arbeid i personalgruppa
Kompetanse-

Drøfte tema som høver barna sin alder, særtrekk og utvikling på kvar
gruppa
avdeling

Arbeide for felles forståing av innhaldet i ny revidert rammeplan

Gjennomgang og drøfting barnehagen sin dokumentasjon og evaluering: kva
skal/skal ikkje dokumentarast og evaluerast? (Årsplan, arbeidet på kvar
avdeling, foreldresamtalar m.m.)
Studie-/planleggingsdagar og personalmøte:

Sette seg inn i, drøfte og einast om faglege tema knytt til Rammeplan,
Kompetanse-
Kompetanseplan og gjeldande satsingsområde
gruppa
Rettleiingsmøte:

Avdelingane og tilsette får rettleiing i høve satsingsområde
Kompetanse-

Avdelingane og tilsette får rettleiing som høver til dei enkelte avdelingane
gruppa
sine behov
Eksterne kurs og konferansar:

Den/dei tilsette som deltek på eksterne kurs og konferansar, deler den nye
Den enkelte
kunnskapen med andre tilsette i barnehagen gjennom studiedagar og/eller
tilsette
møter.
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
5
4.
TEMATISKE SATSINGSOMRÅDE
Danning og kulturelt mangfald
MÅL: - for at barna skal forstå sin eigen identitet og kunne ta del i eit fellesskap
Tema på læringsarenaer:

ICDP som grunnlag for barn si danning og utvikling i ulike aldrar

Dei yngste barna sine vilkår for danning i barnehagen

Leiken som danningsarena

Skapande aktivitetar og barnet som medskapar i eigen danningsprosess

Den fleirkulturelle barnehagen, mangfald som ressurs i danningsprosessar
Eit godt språkmiljø for alle barn
MÅL: - for at alle barn skal kunne kommunisere, tenke, reflektere, lære og utvikle seg.
Tema på læringsarenaer:

Generell språkutvikling, språkstimulering etter alder og kjenneteikn på språkvanskar

Språkutvikling i kvardagen: ICDP og kvardagssituasjonar, formelle og uformelle
læringssituasjonar

Den første lese- og skriveopplæringa; barnehagen si rolle i eit livslang læringsløp

Fleirspråklege barn si språkutvikling

Språket si rolle for barn sitt vennskap, sosiale relasjonar, leik og læring i ulike aldrar

Barnehagen sitt fysiske rom og den estetiske utforminga si rolle for kommunikasjon
og språkleg aktivitet

Dei vaksne sitt ansvar for å legge til rett for barn si språkutvikling i ulike aldrar

Ulike kartleggingsmateriell; velje verktøy som vi kan bruke i
kartlegging/observasjon/registrering av språk
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
6
Barn med særlege behov
MÅL: - for å kunne førebyggje vanskar og gjere ein tidleg innsats i barn sitt liv
Tema på læringsarenaer:

Risiko- og beskyttande faktorar for barn si utvikling, legge til rette for tidleg innsats

Ped.leiarane vert kjent med ulike kartleggingsmateriell, og finn verktøy som ein vil
bruke til kartlegging/observasjon/registrering

«Mission Possible», delta i det tverretatleg samarbeidet for å legge til rette for tidleg
innsats og førebyggjande arbeid

«Den vanskelege samtalen»

«Barnehagen som barnevernstiltak»
IKT
MÅL: - for å få kunnskap og ferdigheiter i kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy i
barnehagen
Tema for læringsarenaer:

Kunne nytte kommunen si plattform ope nett og IKKS som informasjonskjelde, bidra
til auka og betre informasjonsflyt ved bruk av epost, samt kunne melde avvik
elektronisk via IKKS

Kunne nytte kommunen sine plattformer ope nett og lukka nett til oppgåver ein har
som pedagogisk leiar på ein sikker og hensiktsmessig måte

Kunne bruke barnehagen sine digitale verktøy saman med barna i tråd med
Rammeplan for barnehagen og tematiske satsingsområde i barnehagen
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
7
5.
EVALUERING OG OPPFØLGING AV PLANEN
Barnehageleiinga og kompetansegruppa har ansvar for kontinuerleg å sette i verk, følgje opp
og evaluere tiltak i denne planen.
Pedagogiske leiarar har ansvar for å gjennomføre tiltak retta mot kvar avdeling.
Planen har eit vedlegg med aktuelle tema som vil vere i endring i takt med utviklingsarbeidet.
Planen må tilpassas ny Rammeplan for barnehagar som vert revidert og fastsett 01.01.2015.
Harøy, 19.12.13
v/Kompetansegruppa
Karin A. B. Grytten
Ingrid Huse
Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
Kristin Huse
8
Vedlegg:
AKTUELLE TEMA pr. 01.01.2014
Haust 2013
 Oppstart nytt barnehagebygg
 Barns psykososiale miljø;
førebyggjande arbeid mot mobbing i
barnehagen (ICDP)

Haust 2014
 Språk i barnehagen, mykje meir enn
berre prat (språk og leik)
 Barnehagen som barnevernstiltak
(SR)
 Tal, rom og form (SR)

Vår 2014
 Bhg som lærande organisasjon
 Språk i barnehagen, mykje meir enn
berre prat (språkutvikling og ICDP)
 App`legøyer; om bruk av Apps som
pedagogisk verktøy (SR)

Vår 2015
 Pedagogar gjer seg kjent med ny
rammeplan
 Arbeid med dei fleirspråklege barna,
språk og mangfald (SR)

Haust 2015
 Alle tilsette vert kjent med ny
rammeplan
 Naturfagsenteret ? (SR)
 Rammeplan ? (SR)

Vår 2016
 Dei yngste i barnehagen (SR)


Haust 2016
 Kunstsenteret ? (SR)


Vår 2017



Haust 2017



Vår 2018



Haust 2018



Vår 2019



Haust 2019



Vår 2020



Harøy barnehage – kompetanseplan 2014-2020
9